ANTIKRIST, DYRET OG DEN FALSKE PROFET.

 

Vranglære om Antikrist og Dyret.

Mange kristne hevdar at Dyret i Op.17-18 er Antikrist, men det er vranglære, det beror på ei feiltolking av Daniels bok og resonnementet er ytst tvilsamt. Antikrist er omtala berre i Johannes sine brev, namnet er ikkje brukt i Johannes Openberring. Antikrists ånd fornektar Faderen og Sonen, den ånda er ikkje av Gud, den er av Djevelen. Lammet og dei som er kalla, utvalde og trufaste, skal sigre over dette dyret og dei ti horna. Dyret og dei ti horna skal fullføra Guds plan til dess Guds Ord er fullført og resultatet er gledeleg for Guds profetar og hans heilage. Det kjem sjølvsagt ikkje fordi Djevelen og Antikrists ånd har vore på ferde for det verket dei gjer vil vi aldrig kunne glede oss over om vi heilhjerta held oss til Kristus, ordet Antikrist betyr då det motsette av Kristus. Men når Dyret og desse ti horna fullfører Gud plan er det fordi Gud har gjort sitt verk med sitt Ord og sin Ande, det kjem som resultat av at Jesus sende den Heilage Ande for at den skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom. Derfor kan vi glede oss over det. Dersom vi tilhøyrer Kristus og held oss trufast til han, så vi er mellom dei som han har valt ut, som han reinsar og helgar, så skal vi sigre over dei og då kan vi i tru glede oss over dette kommande resultatet.

 

Jødane sin frigjerings-kamp i maccabear-tida.

 

 

Johannes Openberring kjem som ei fortsetjing av Daniels bok. I Daniels bok er det fortalt om Antiokus 4. Epifanes. Han vart eit stort problem for jødane og jødedomen og det vert det profetert om Sak.11 også, om den Duglause Hyrdingen. Den hardaste reaksjonen mot demokratiet i Aten kom i den Gresk-Syriske tida, når Antiokus 4. Epifanes bestemte at alle i riket hans skulle dyrke Zevs, all anna guds-dyrking skulle vere forbode. Den antikke naturfilosofien var eit saga blott, no var det dette folket skulle opplærast i, som om dette var visdomen og det intellektuelle framsteget, men eigentleg var fornyinga ei forsterking av diktaturet. Antiokus sine metode var svik og korrupsjon og i 1.Maccabearbok ser det ut til at den metoden gjennomsyrde samfunnet og politikken. Slik lokka han jødane til synd og fråfall og kravde at dei skulle dyrke Zevs i staden for å dyrke Israels Gud. Den jødiske øvstepresten vart drepen og Antiokus innsette sin øvsteprest i staden. Det vart sett vaktmenn i Jerusalem som skulle passe på at ingen skulle få dyrke Israels Gud lenger, om dei det gjorde, så vart dei drepne. Nokre rømde ut i øydemarka, men soldatar kom etter dei og massakrerte nærmare tusen jødar medan dei ville halde sabbat. Då var det ein prest som motiverte sønene sine, ”maccabear-brørne”, utifrå trua på deira fedrars Gud og deira heilage skrifter, til å få med seg jødane i ein væpna motstandskamp. Dei vann fleire store sigrar og klarde etter kvart å jage fienden ut av landet og frigjere Jerusalem og dei andre byane. Heidningar, som dyrka Zevs, og fråfallne jødar vart drepne eller jaga frå landet (1.Macc.2,42-48 1.Macc.3,1-9). Det var nok hardt for jødar å vere jaga frå landet utan nåde, men dette var ein krigssituasjon og dessutan var dei opplærde til å vere så gjennomført svikeriske at ein kunne ikkje vere trygge for kva dei fann på. Så det var jødane som med si tru på sine fedrars Gud som klarde å gjere slutt på dette diktaturet, slik knuste dei den hardaste reaksjonen mot demokratiet i Athen. Ein av makkabearbrørne, ”Simeon”, overlevde og han vart både konge og øvsteprest. Men også han vart sviken og myrda. Men no hadde jødane vorte samde om at framtidige øvsteprestar skulle komme frå hans ætt og dei skulle vere kongar også, inntil det stod fram ein profet. Men dette var ikkje i samsvar med Moselova, for etter den skulle øvsteprest og konge vere to personar med klart ulike oppgåver, så no fungerte øvstepresten likevel ikkje slik som han eigentleg skulle. Han vart som ”den Duglause Hyrdingen” (Sak.11).

 

 

Jødane gjorde vennskaps-avtale med Romarane, men korleis gjekk det? Dette kan vi sjå utifrå profetiane i Daniels bok og Johannes Openberring.

 

Under frigjeringskampen hadde dei høyrt om framgangen til romarane og gjorde vennskapsavtale med dei. Det fekk fiendane deira høyr om og det gjorde sitt til at dei prøvde å fine seg inn, men kva verdi hadde det, når metoden deira var svik? Denne tida var det profetert om både i Daniels bok og i Sakraja.11. I Daniels bok er det spesielt nøye profetert om Antiokus 4. Epifanes, det er som om historia er skriven på førehand. Daniel profeterte også om Mikael, den store kongen, som vernar folket ditt (Daniel.10,13&12,1) og når dei gjorde vennskapspakt med romarane, såg det nok ut til at dei kunne vente seg at den kongen skulle framstå i Romarriket. Og klassekampen var noko nytt som særmerkte Romarriket heilt frå byrjinga av. For kring 600 f.Kr kom romarane under herredømet til etruskar-kongar, men i 509 klarde dei å jage dei framande ut av landet. I striden mot ytre fiendar var overklassa avhengig av støtte frå underklassa og gjennom klassekampen klarde underklassa å kjempe til seg stadig større demokratiske og sosiale rettar. Slik må klassekampen ha verka som ei konstruktiv indre drivkraft som vart sentral i framveksten av Romarriket. Krigane resulterte i auka rikdom i byane, medan bøndene i sør-Italia vart utarma, så det vart ei nytt klasseskilje, men hæravdelingane var framleis avhengige av stønad frå underklassa, så no vart det borgarkrig. General Julius Cæsar tok parti med underklassa i deira klassekamp og vann over dei andre hæravdelingane og vart eineherskar. Sidan viste det seg at han trådde etter kongsmakt og då vart han myrda. Det vart hemna og hemnen gjekk ut over hans politiske rivalar. Sidan vart keisar Augustus eineherskar, han prøvde å blåse liv i dei gamle institusjonane med den gamle religionen og med ”romarmoralen” vart dei som levde lettlyndt og umoralske jaga frå landet. Han førde ein forsonande politikk overfor overklassa, som keisar skulle han vere øvste leiar for religionen og han skulle dyrkast som ein gud, slik vart det keisardyrking i Romarriket. Så dette kan samanliknast med jødane sin frigjeringskamp, når dei jaga dei som levde umoralsk ut av landet, men motivet var likevel fundamentalt forskjellig, for jødane kriga mot dei som dyrka Zevs og alle andre gudar enn deira fedrars Gud, men i Romarriket var Zevs framleis guden over alle dei andre gudane og no kom keisardyrkinga i tillegg. Så Zevs er draken og keisaren er dyret i Johannes Openberring kap.13.

 

 

To ulike tolkingar av Daniel.2&7.

 

I bibel-leksikonet ”Biblex” vert det fortalt at der er to ulike tolkingar av profetiane i Daniel.2&7 og dei fire verdsrika. I den eine tolkinga er 4. riket det Gresk-Syriske riket, riket til Aleksander den Store. I den andre tolkinga er det Romarriket, her vert det argumentert med at det er på den tid då Guds rike kjem og det var først når Jesus kom til vår jord. Så hevdar dei at det store ellevte hornet på det fjerde dyret i Daniel.7 er Dyret i Op.17 og at det er Antikrist. Og dette har vorte gjenteke for dei kristne så lenge at det har vorte ei dogme. Men det er ikkje sant at dette er Antikrist, den konklusjonen beror på ei feiltolking av Daniels bok og resonnementet er ytst tvilsamt. Antikrist er omtala berre i Johannes sine brev, namnet er ikkje brukt i Johannes Openberring. Antikrists ånd fornektar Faderen og Sonen, den ånda er ikkje av Gud, den er av Djevelen. Lammet og dei som er kalla, utvalde og trufaste, skal sigre over dette dyret og dei ti horna. Dyret og dei ti horna skal fullføra Guds plan til dess Guds Ord er fullført og resultatet er gledeleg for Guds profetar og hans heilage. Det kjem sjølvsagt ikkje fordi Djevelen og Antikrists ånd har vore på ferde for det verket dei gjer vil vi aldrig kunne glede oss over om vi heilhjerta held oss til Kristus, ordet Antikrist betyr då det motsette av Kristus. Men når Dyret og desse ti horna fullfører Gud plan er det fordi Gud har gjort sitt verk med sitt Ord og sin Ande, det kjem som resultat av at Jesus sende den Heilage Ande for at den skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom. Derfor kan vi glede oss over det. Dersom vi tilhøyrer Kristus og held oss trufast til han, så vi er mellom dei som han har valt ut, som han reinsar og helgar, så skal vi sigre over dei og då kan vi i tru glede oss over dette kommande resultatet.

Dersom vi brukar Bibelens eiga teljing, så er det Babylonske riket det første riket, det Mediske er det andre, det persiske er det tredje og det gresk-syriske er det fjerde. Dei utgjer fire etasjar i biletstøtta i Daniel.2, den øvste er av gull og det er Babylonarriket. Den nedste var laga av jern og leire, og det svarar til dei to folka i det gresk-syriske riket, det var vanskeleg for Aleksander den store å sameine det til eitt rike, for dei to folka var så ulike. Dette var svakheita ved heile biletstøtta, det var nok at ein stein traff fotstykket og knasa det, så ramla heile biletstøtta og vart knust. Den vesle steinen var Guds rike og det vaks seg stort, så det fylte heile jorda. Her er det tale om heile biletstøtta som ei eining, så det er alle dei fire rika samla i ei eining og det er Romarriket. Det samsvarar med beskrivinga av Dyret i Op.13,2, for det liknar alle dei fire dyra i Daniel.7. Det fjerde Dyret hadde ti horn og det svarar til dei ti generalane i det gamle Hellas og denne militære maktfordelinga var vesentleg for demokratiet, for dei måtte verte samde ved at folkets vilje skulle høyrast gjennom demokratiet. Men så skaut der opp eit lite horn til, som vaks seg så stort at tre horn måtte vike. Og det var den politiske makta til Filip av Makedonia og sidan son hans, Aleksander den Store. Noko slikt ellevte horn er der ikkje tale om i Johannes Openberring, men dette dyret har sju hovud og i Op.13 er det tale om eitt av hovuda:

ÅPE 13,1 – ÅPE 13,4 {DRAKEN OG DEI TO DYRA} Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: “Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?”

 

 

 

Dyret i Op.13 og Dyret i Op17-18.

Det kan tenkast at klassekampen gav Dyret i Op.13 banesår, men det vart lækt, slik at keisardyrkinga kom i stand igjen. Det kan også tenkast at det fekk banesår ved at dei kristne nekta å tilbe keisaren som gud og så vart Nero misstenkt for å ha gitt ordre om å sette fyr på Roma, fordi han ville bygge opp att noko nytt, men så klarde han å skulde det på dei kristne, så dei vart straffa for det i staden og slik fekk dyret banesåret sitt lækt. Og eg vil hevde at dette viser ei politisk metode som vi skal vakte på i vår tid. Legg merke til kor viktig det er å kunne skulde på dei kristne for å samle folk om ein politikk, for å få makt. Både i det stille og etter terrorhandlingar. Det er som om der trengst eit syndeoffer. Då må vi vite å nytte oss av at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

Så sjølv om det er tale om 7 kongar/keisarar i det gamle Romarriket, taler det om politisk retning heilt opp til vår tid og slik er det med dyret i Op.17-18 også, men dette likna berre på det fjerde dyret, med ti horn og så hadde det sju hovud, som var romerske keisarar, så no var Romarriket redusert. Det er tale om eitt av dei 7 hovuda, som også var sjølve Dyret og det vart den 8. keisaren. Så det fortel om politikken til ein av dei sju keisarane. Ordet keisar kjem av Cæsar, så då kan vi rekne han for den første. Etter han vart riket delt mellom Oktavian og Antonius. Men Oktavian tok makta i heile riket og vart keisar Augustus. Om vi reknar han som den tredje, så kom Tiberius, Nero, Vespasian, Titus og då vert Trajan den åttande, den første av ”dei gode keisarane”. No kom ein politikk som betre ivaretok interessene til underklassa i tråd med den tidlegare klassekampen som særmerkte Romarriket, så då er tydelegvis Julius Cæsar det hovudet som også er dyret som er den åttande keisaren, då er det tydelegvis denne politikken som er poenget. I Op.17 er det ikkje tale om at dette Dyret vert tilbede slik som Dyret i Op.13, men den Store Skjøkje som sit på Dyret, står for avgudsdyrkinga, ho dreiv hor med kongane på jorda og det betyr at ho dyrka dei som gudar. Dei ti horna viser tilbake på dei ti strategane i det gamle Hellas, så eg meinar dette fortel om renessansen, så det vart folkeopplysing, demokratisering, nasjonal frigjering og sjølvstende. Slike kongar gjev makt til Dyret, så det med sin politikk, klassekampen, gjer revolusjon mot den Store Skjøkje. Då er det tydelegvis dette som er den store kongen som er omtala i Daniels bok, kong Mikael, det var Julius Cæsar med klassekamp-politikken i Romarriket, det er Dyret i Op.17-18.

At det her er tale om akkurat ti horn, har seg slik at det var akkurat ti strategar i det gamle Hellas, liksom det er tale om keisarar i det gamle Romarriket, men ved den politiske ideologien er det likevel profeti for framtida. Det er tale om ti kongar som enno ikkje har fått rike, så det kan tyde på at det blir også akkurat ti kongar i ein framtidig krig, men det kan like gjerne verte eit utval av EU-land, Nato-land i EU. Men skal vi rekne med at det her er tale om akkurat ti kongar, så har eg størst tru på at det er nettopp i dei ti strategane/delstatane i Hellas.

 

 

Det andre Dyret i Op.13.

 

I Op.13 er det tale om eit dyr til og kva er det?

ÅPE 13,11 – ÅPE 13,18   Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

ÅPE 19,19 – ÅPE 19,21   Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Då er dyret som er omtala i Op.19 fyrste dyret i Op.13 (Dyr1). Det andre dyret i Op.13 (Dyr2) hadde to horn, det kan vere to som herska samtidig, til samanlikning med veren med to horn i Daniel.8,20, dei to horna var kongane i Media og Persia. Det såg ut som eit lam, men tala som ein drake. Så det likna på Guds lam, det likna på kristendomen, men det tala som ein drake, det forførde menneska som draken. Så eg tenker meg at det var dei to biskopane i Roma og i Konstantinopel. Då ser det ut til at den falske profet er det andre dyret i Op.13, men det hadde to horn, som svarar til to personar, medan den falske profet står i eintal. Men eg tenker meir på den falske profet utifrå funksjonen han har. At han står i eintal, kan vere meir slik som Johannes sa om Antikrist, at ettersom Antikrist er komen, er mange antikristar komne. Med ”Anti-” tenker eg meg at der er ei negering, for så å setje seg i staden for Kristus ( jfr. den Lovlause i 2.Tess.2). Keisaren vart dyrka som gud, så det er ormen (draken) som forfører mennesket slik som ved syndefalle, lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Dyr2 fekk eld til å falle ned frå himmelen, rett framfor føtene på folk. Det minner om profeten Elias med ofring på Karmel, dei fekk ikkje eld til å falle ned frå himmelen på deira offer, men det gjorde han. Og når sendemenn kom for å få han med seg til kongen, forsvarte han seg med eld frå himmelen. Slik sette han seg i respekt med autoritet frå Gud i sin strid mot dei som dyrka Baal-gudane. Men denne elden frå himmelen er i den nye pakt symbol på den Heilage Ande som vi får ifrå himmelen av berre nåde, så eg trur det er det som er omtala her. No skal vi nytte oss av at Jesus har med eitt offer teke bort synda ein gong for alle, på det grunnlaget skal vi bere fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, det er vår åndelege Guds-teneste. Og bere fram lovprisingsoffer. Så det er vår presteteneste i den nye pakta og dette er vårt daglege offer. Så på grunnlag av nåden i Kristus ventar vi oss då at den Heilage Andes eld skal falle på vårt offer. Men Dyr2 fekk eld til å falle ned frå himmelen rett framfor føtene på folk, tydelegvis for å demonstrere den guddommelege makta til Dyr1, for å få menneska til å tilbe det. Men då manglar offeret, så ”det dagelege offeret” er teke bort. Og vi veit frå Daniels bok at hendsikta med det var å setje opp ”den øydande styggedomen”, jfr. politikken til Antiokus 4. Epifanes.

MTT 24,15 – MTT 24,22 {DEN STORE TRENGSLA} Når de då ser at “den øydande styggedomen”, som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – [«den øydande styggedomen”: Ordlaget er henta frå Dan 11, 31; 12, 11. Syrarkongen fekk i 167 f. Kr. reist eit heidensk altar framfor templet i Jerusalem. Dette gjorde templet ureint, og all gudsteneste laut stogga. På tilsvarande måte skal templet krenkjast, og det skal verta øydelagt.] 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; [taket: Taket var flatt og tente til opphaldsstad. Sjå Apg 10, 9. På utsida førte ei tropp opp til taket.] 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

 

 

 

 

 

Korleis vert det daglege offeret teke bort og kva er hendsikta med det?

Korleis vart dette offeret teke bort? Rimelegvis ved at dei vart forførde slik som ved syndefallet, så dei gøymde kroppane sine for Gud, når dei høyrde at han gjekk i hagen. Vi kan forstå det slik at når dei prøvde å gjere seg sjølve liksom Gud, vart deira kjønnslyst så dominerande, som motiv og meining med livet at dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit, slik vart deira røyndomsforståing innsnevra. Det viser seg i kvinnerørsla sin protest mot at Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp for han, det vert protestert som om mannens kjønnslyst er heile motivet. Men den protesten strir både mot den naturfaglege tenking og evangelisk kristendom. Rett nok er det kjønnlege samlivet sentralt, men når det vert sagt at Gud skapte mannen av mold frå marka, så viser det at det er tale om det same som naturfaga talar om og når det vert sagt at Gud bles livsens ande i nasa hans, så viser det at det også er tale om det åndelege livet i samfunn med Gud som er ånd. Og når det vert sagt at Gud skapte kvinna av sidebeinet hans, så dei skulle vere eitt kjøt, ein lekam, så viser det at det framleis er tale om det som er skapt av mold frå marka, den fysiske kroppen. Det kjønnlege samlivet er nok det sentrale poenget med at dei skulle vere ein lekam, men det er også eit viktig poeng at den skulle vere eitt tempel for den Heilage Ande. Men etter det som er sagt i 1.Mos.2, var poenget med det at ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Hjelp med kva? Den oppgåva som Gud hadde gjeve han, å dyrke og verne hagen. Så det var motivet. Men etter syndefallet forstod dei seg ikkje på det lenger.

Vi kjenner vel igjen denne problemstillinga i utviklinga av den nye naturvitskapen? Det nye var at den gjorde langt større bruk av erfaring i det fysiske miljø og med slik ”empiri” vart mykje av dei etablerte dogme avsanna. Men dei gjorde framleis bruk av rasjonalitet, både til å konstruere eksperimentet som skulle gje dei empiri, til å tolke resultata og etablere hypotese og teoriar. Men andre forstod empirismen og liberalismen som hedonistisk nyting, sanselege lyster (1.Pet.2,11 1.Pet.4,3 2.Pet.2,10 2.Pet.2,18 Jud.1,23) og slik vart det tydelegvis ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, når han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst. Så han prøvde å etablere ein moralfilosofi på ein nye måte, men det var framleis med kopling til matematikken. Så den filosofiske retninga Kant, Hegel, Marx vart som syndefallet på nytt. Samanlikna med dette vart naturvitarane meir som Adam og Eva før syndefallet, så dei såg meir meining med det fysiske samværet med dei fysiske erfaringane seg i mellom. Med rasjonaliteten i matematikken brukte dei sansane til å skaffe seg empirisk grunnlag for forskinga. Og Gud gav dei meining med livet med sitt Ord.

Gud og einskildmenneske hadde lite og ingen betyding i Hegels dialektikk. Slik mangla både den uforanderlege rasjonaliteten og den systematiske empirien. Det var ein gjensidig danningsprosess mellom herre og knekt og eg tenker meg at det har å gjere med korleis dette gudebiletet vert laga. Dyr2 fekk makt til å blåse liv i biletet av Dyr1, så det jamvel kunne tale. Då tenker eg på filmlærret, TV-skjerm og PC-skjerm. Dyret kan få stor makt ved å bruke det i sin propaganda. For sidan både rasjonaliteten og empirien manglar som grunnlag for kva som vert sagt, er det så mykje som kan verte påstått og framstilt som sant og rett utan at der er dekning for det, framstilt som den rette lære og vitskap utan å vere det.

 

Bileams villfaring.

 

Eg meiner dette kan forklarast som Bileams villfaring. Når jødane var på veg til det lova landet, var der ein profet som ikkje var av israelsfolket, han heitte Bileam Beorson. Moab-kongen Balak såg på dei som konkurrentar og ein trussel og sende bod på han og ville betale han for å forbanne israelsfolket. Han kom i ein konfliktsituasjon, for som Guds profet måtte han berre seie den bodskapen som Gud. Balak ofra til Gud, men den bodskapen Gud gav gjennom profeten Bileam var velsigning av israelsfolket. Balak vart forferda og irritert, han prøvde tre gongar, men bodskapen som kom kvar gong var velsigning (4.Mos.23-24). Dette viser at Bileam langt på veg let seg bestikke, ved at han var villig til å be slik som Balak ville, for betaling. Men han var klar over at han kunne ikkje komme med nokon annan bodskap enn den som Gud gav han. Så Bileams villfaring var at han var korrupt, så hans bønn og hans interesse var i strid med det svaret Gud gav han. Likevel måtte han seie den bodskapen som Gud gav han, men sidan retta han seg ikkje etter det svaret som Gud gav han og vende ikkje om frå si villfaring, men tvert om vart han med i krigen mot israelsfolket og fall i krigen (4.Mos.31,8 5.Mos.23,4-5 Jos.13,22 Mik.6,5 2.Pet.2,15 Jud.1,11).

Det andre dyret i Op.11 fekk eld til å falle ned frå himmelen, tidlegare har eg tenkt at det måtte vere juks og bedrag, men i det siste har eg tenkt meg at det kunne vel vere rett karismatisk vekking også, med bodskap frå Gud, liksom Bileam Beorson fekk ekte bodskap frå Gud. Men der er ei politisk maktinteresse som likevel strir imot det og dei spelar på lag med den politiske makta og ”det kristelege samfunnet” vert så gjennomsyra av korrupsjon, baktale, lygn og svik at endåtil dei som kom med bodskap gjennom tungetale og tyding, sidan reiser seg i motstand og strid mot det som dei sjølve sa som ein bodskap frå Gud.

Gud har velsigna meg i Kristus.

 

 

Eg har fått oppleve at Gud har velsigna meg i Kristus, han har talt til meg gjennom tyding av tungetale og det har vore ei velsigning. Eg har bedt han frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Så han sende meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. For på evangeliets grunnvoll, vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet. Men no er Jesus den siste Adam som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med skapingssoga 1.Mos.2.

Eg gjekk i den Frie Evangeliske Forsamling som tidlegare og vitna om det der. Men dette ville dei ikkje høyre på eller vite noko meir av. Ein stor del av dei ville legge ned menigheta. Det klarde dei ikkje, men for sin veg. Så dette viste at der er ei verdsleg makt som til samanlikning med Balak prøver å få med seg dei kristne med korrupsjon, baktale, lygn og svik, så endåtil dei som kjem med tungetale og tyding, sidan reiser seg til strid mot det som dei sjølve sa i den bodskapen Gud talte gjennom dei. Det var mørkets rike som streid imot Guds rike. Eg forstår det slik at det er dyrkinga av Draken (Djevelen, Zevs) og Dyret (keisaren) (Op.13,1-3) som er komen inn i kyrkja, som forfører menneska slik som ved syndefallet, så det fører til forbanning i staden for velsigninga i Kristus. Det gjev den falske profet høve til å seie sin profeti som ei forbanning i staden for velsigninga i Kristus. Slik prøver Antikrist å erstatte Kristus.

Men eg skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg. Så eg ber Gud frelse menneska som fyrsteprioritet og så gje meg ei frelst kvinne til kone som andreprioritet. Jesus sa eg skulle søke han i bønn i mitt løynkammer og verte fylt av den Heilage Ande. Så skulle eg gå ut og vitne om han og han ville vere med meg ved sin Ande og bruke det eg sa, så det ville få stor verknad, sjølv om eg ikkje fekk sagt så mykje. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.

Så sa Gud til meg at han har valt meg ut i sin elska Son, Kristus, frå før verda sin grunnvoll var lagd, for at eg skal stå heilag og ulastande for hans åsyn, nettopp i denne tida (21.2.2016). Det skjer einast ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Så dette talar om noko anna enn det som den fysiske verda er laga av, for den fyrst Adam var laga av mold frå marka, men den siste Adam er frå himmelen og har for oss vorte ei livgjevande ånd, han gjev oss ånd og liv frå himmelen. Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus. Den velsigninga er Guds gode vilje med våre liv, hans kall og hans leiarskap, hans kjærleik og omsorg for sine born. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

 

SKR 4,1 – SKR 4,6 {LJOSESTAKEN OG VINTREA} Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: “Kva ser du?” Eg svara: “Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.” [to oliventre: bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Sml. v. 14.] 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: “Kva tyder dette, herre?” 5 Engelen som tala med meg, sa: “Veit du ikkje kva dette tyder?” Eg svara: “Nei, herre.” 6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud.

SKR 4,11 – SKR 4,14   Då tok eg til ords og spurde han: “Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?” 12 Atter tok eg til ords og spurde: “Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?” 13 Han sa til meg: “Veit du ikkje kva dei tyder?” “Nei, herre,” svara eg. 14 Då sa han: “Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.” [dei to: -> v. 3.]

 

16.5.16 sa Jesus til meg :

Eg vil at mine barn, at deira liv skal vere som ei open kjelde, som er fylt til stadigheit av min Heilage Ande. Slik at det til ei kvar tid kan byrje å flyte over. Derfor må du påsjå, at du stiller deg under min nåde, under mine lovnads ord, innfor mitt åsyn. Og du står der som ei open kjelde og let min Heilage Ande få lov til å fylle, så det flyt over. Då skal det komme til syne, som du lengtar etter. Då skal du kjenne det som du tørstar etter. Då skal fruktene og mine nådegåver byrje i ditt liv å fungere. Ikkje av deg sjølv, men det er min Ande som skal gjere det. Derfor, vert fylt av min Ande, så skal alt det du stundar etter, det skal skje med deg.”

 

Han sa han elska meg med ein evig kjærleik, derfor ville han eg skulle lytte til hans Ord og komme fram for han og be. Eg skulle få sjå at han gjorde store ting i mitt liv. Eg skulle forvente at han gjer noko for meg og få erfare at han gjer det han har sagt (12.6.16). Eg skal tru og forvente at han gjev meg ei kone i samsvar med sitt Ord, i samsvar med 1.Mos.2. Og det er ved hans Ande, av berre nåde. Så det er ved gjenfødinga, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Det er ved at vi vert fylte av den Heilage Ande.”

 

(2016.05.16. Maranatha. Verte fylt av Guds Ande, av berre nåde. https://wordpress.com/pages/tsivert.com).

 

 

 

 

Mi sak og mi Guds-teneste.

Eg har bedt Jesus frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Den jenta som eg soleis bad for og som eg fortalde det til, når eg byrja å studere, fekk eg ikkje møte igjen og prate noko meir med eller ha noko meir med å gjere. Eg forklarar det med at ho vart forførd slik og at der har lege slik maktinteresse i det. Med slik maktinteresse vart det protestert mot at kvinna skulle vere kone, slik det er sagt i 1.Mos.2. Ho skulle i staden prøve å forgude seg sjølv med sin ”kunnskap”. Men slik ”kunnskap” er dårskap i fylgje Bibelen. Og det viser seg at både metode og kunnskapen strir mot realfaga med sine metode.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og han har for oss vorte ei livgjevande ånd. Han sa eg skulle søke han i bønn i mitt løynkammer og verte fylt av den Heilage Ande og så skulle eg gå ut og vitne om han for dei eg møtte i min kvardag. Han ville vere med meg, så sjølv om eg ikkje fekk sagt så mykje, ei lita helsing frå han ville vere nok, for den Heilage Ande ville bruke det som eg sa. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom, men han sende den Heilage Ande til verda, for at den skulle gjere det (Joh.16,8-9). Så eg ser det viktige poenget i det fysiske møte med andre menneske i kvardagen med den ærlege dialogen med dei, der vi talar Guds Ord og den Heilage Ande openberrar det for oss. For då vert dei forføreriske metodene sett ut av spel.

 

 

 

One thought on “ANTIKRIST, DYRET OG DEN FALSKE PROFET.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s