JERUSALEM, GUDS KONE?

 

Jerusalem var Guds kone, han talte til henne og venta at ho skulle svare han, men ho byrja å svare andre i staden.

 

Jerusalem var Guds kone, så hennar born skulle vere Guds born. Han gav henne gode gåver, pynta henne gjorde henne fager, men ho kjende seg trygg på sin venleik og dreiv hor med gudane til nabofolka, det vil seie at ho dyrka dei som gudar, så ho endåtil drap Guds born. Men Gud ville dømme henne og straffa henne for det og det var ved at han overgav henne til «elskarane» hennar, han samla ei folkemengde til å gå til åtak på henne. Slik profeterte Esekiel om at babylonarane skulle hærta Jerusalem (Esekiel 16). Slik forklarte også profeten Hoseas Israels fråfall. «Mor Israel» var Guds kone. Han talte til henne i kjærleik og i trulovingstida hadde ho svart han som hans brud, svart på hans kjærleik med kjærleik. Men når han sidan kalla på dei, svarde dei avgudane i staden, dess meir han ropa på folket, dess meir ofra dei til Baál. Til tross for at han lærde dei opp, tok omsorg for dei, drog dei med milde band, med kjærleiks taumar og lyfte åket av nakken deira (Hoseas.11,1-4). Ho forstod ikkje lenger at det var han som hadde gitt henne dei gode gåvene, ho trudde det var avgudane og for etter desse «elskarane» sine. Men Gud ville stenge vegen for henne og det gjekk henne ikkje vel. Då ville ho komme til å vende om til sin første mann, Herren (Hoseas.2,5-8). Då ville han miskunne seg over dei og då skulle ho svare han som i ungdomsdagane, då skulle ho ikkje lenger kalle han for sin Baál, men ho skulle kalle han for sin mann (Hoseas.2,14-16).

Profeten Esekiel sa at ho brann av lyst (v. 30) og der er fleire bibelvers som tydeleg viser at det har å gjere med det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne (Jer.2,23-28, Hoseas.1, Esekiel.23). Og der er nok ein slik samanheng. For Gud hadde sagt at dei ikkje skulle gifte seg med nabofolka, for då kom dei til å falle frå han og dyrke gudane deira. Men det var nettopp det dei gjorde, slik fall dei ifrå Herren og dyrka avgudane i staden.

Dette kan samanliknast med Freuds psykoanalyse, han påstod at religiøsitet var avspora seksualitet og det stemmer med korleis avgudsdyrkinga vert omtala her, folket dyrka avgudar laga av stokk og stein og det vert skildra som ei kvinne som dreiv hor (Rom.1,18-32 Op.17,4-5). Freud sa at menneska vert motiverte av seksualitet og aggresjon, men det er ikkje vanskeleg å forklare utifrå ein vanleg naturfagleg tankegang. Hanndyret vil ha seg ei hoe, som det vil ha for seg sjølv, motivert av seksualiteten og vil forsvare sitt revir mot konkurrentar, både for å behalde sitt nærinsgrunnlag og for å få behalde hodyret for seg sjølv. Og hodyret opplever konkurransen på sin måte. Slik er det for menneska også, men vi har vel ei høgare form for tenking i tillegg til dette, men korleis er det med den tenkinga? Heng det saman, får vi eit harmonisk liv, der vi får hovud og kropp til å henge saman?

Israel fall ifrå Gud og dyrka avgudane, men det var religion som var avspora seksualitet.

 

På grunnlag av si psykoanalyse påstod Freud at religiøsitet var avspora seksualitet og det stemmer med korleis avgudsdyrkinga vert omtala i Bibelen (td. Hoseas, Rom.1,18-32 Op.17,4-5). Han påstod vidare at menneska vert motiverte av seksualitet og aggresjon, men det er ikkje vanskeleg å forklare utifrå ein vanleg naturfagleg tankegang. Hanndyret vil ha seg ei hoe, som det vil ha for seg sjølv, motivert av seksualiteten og vil forsvare sitt revir mot konkurrentar, både for å behalde sitt nærinsgrunnlag og for å få behalde hodyret for seg sjølv. Og hodyret opplever konkurransen på sin måte. Slik er det for menneska også, men vi har vel ei høgare form for tenking i tillegg til dette, men korleis er det med den tenkinga? Heng det saman, får vi eit harmonisk liv, der vi får hovud og kropp til å henge saman?

Jerusalem var Guds kone, så hennar born skulle vere Guds born. Han gav henne gode gåver, pynta henne gjorde henne fager, men ho kjende seg trygg på sin venleik og dreiv hor med gudane til nabofolka, det vil seie at ho dyrka dei som gudar, så ho endåtil drap Guds born. Men Gud ville dømme henne og straffa henne for det og det var ved at han overgav henne til «elskarane» hennar, han samla ei folkemengde til å gå til åtak på henne. Slik profeterte Esekiel om at babylonarane skulle hærta Jerusalem (Esekiel 16). Slik forklarte også profeten Hoseas Israels fråfall. «Mor Israel» var Guds kone. Han talte til henne i kjærleik og i trulovingstida hadde ho svart han som hans brud, svart på hans kjærleik med kjærleik. Men når han sidan kalla på dei, svarde dei avgudane i staden, dess meir han ropa på folket, dess meir ofra dei til Baál. Til tross for at han lærde dei opp, tok omsorg for dei, drog dei med milde band, med kjærleiks taumar og lyfte åket av nakken deira (Hoseas.11,1-4). Ho forstod ikkje lenger at det var han som hadde gitt henne dei gode gåvene, ho trudde det var avgudane og for etter desse «elskarane» sine. Men Gud ville stenge vegen for henne og det gjekk henne ikkje vel. Då ville ho komme til å vende om til sin første mann, Herren (Hoseas.2,5-8). Då ville han miskunne seg over dei og då skulle ho svare han som i ungdomsdagane, då skulle ho ikkje lenger kalle han for sin Baál, men ho skulle kalle han for sin mann (Hoseas.2,14-16).

Profeten Esekiel sa at ho brann av lyst (v. 30) og der er fleire bibelvers som tydeleg viser at det har å gjere med det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne (Jer.2,23-28, Hoseas.1, Esekiel.23). Og der er nok ein slik samanheng. For Gud hadde sagt at dei ikkje skulle gifte seg med nabofolka, for då kom dei til å falle frå han og dyrke gudane deira. Men det var nettopp det dei gjorde, slik fall dei ifrå Herren og dyrka avgudane i staden.

 

 

Sokrates meinte at sanninga vart integrert gjennom logikken i dialogen, men fungerer det for oss?

 

Sokrates meinte at sanninga vart integrert i han og den gjorde han lykkeleg. Han hadde ei oppfatning av at der var noko som var rett og sant og søkte det gjennom dialog med andre menneske og meinte han kom fram til det og det gav han ei glede i sitt indre menneske. Han prøvde å tenke ut i frå det og då måtte han tenke rett. Men den tradisjonelt lærde overklassa oppvigla folket til opprør mot han. Då prøvde dei nok å gjere bruk av noko han hadde sagt, eller kanskje endå til noko anna enn det han hadde sagt og så resonnere annleis og komme fram til eit heilt anna resultat, som dei skulda han for. Så det kunne vere lygnarisk både ved å forandre på utgangspunktet og ved å endre på det logiske resonnementet. Og slik verkar det når den tradisjonelt lærde overklassa krev å få tenke og tale i staden for oss. Påstanden er at vi er for dumme og for vonde til å vere rett-truande, lære rett og tenke rett og tale rett. Derfor skal dei tenke og tale i staden for oss. Men nettopp ved at dei tek seg til rette på den måten og tenker og talar i staden for oss, framstiller dei det slik. Vi risiker at dei presentere eit anna utgangspunkt, dei bryt og avsluttar vårt logiske resonnement og erstattar det med noko anna. Og så uttalar dei seg likevel på våre vegne og krev oss til rette for det.

 

Kravet om keisardyrking er religiøsitet som fører til avspora seksualitet.

 

Platon førde klagemål mot menneskets fysiske natur og brukte det som argument for at ei lærd elite skulle styre med diktatorisk makt og det vart brukt som argument for makta til eit overnasjonalt storrike. Den argumentasjonen saman med forteljinga om syndefallet og det Paulus sa om den gamle vonde naturen, med kjøtets lyst som opponerte mot Anden, brukar prestane som argument for at dei skal ha makta i kyrkja, berre dei skal få tale Guds Ord i kyrkja og mest mogleg elles i samfunnet også, tradisjonen tru. Det er for å få autoritet og det som representantar for styresmakta. Slik har det vorte argumentert og protestert mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna og dermed mot at Kristus soleis skulle vere hovudet for si kyrkje. Det høyrest ut som dei argumenterer slik som Paulus, men det logisk resonnementet er annleis og fører til ein annan konklusjon, meir slik som han tenkte før han kom til tru på Jesus. Det resulterer i å dyrke styresmaktene som gudar, det er avgudsdyrking og den fører til avspora seksualitet. Det er økonomiske og maktpolitiske interesser som ligg bak, så det er korrupt og med dei maktinteressene vert kyrkjelege organ, kyrkjekontor og kyrkjemøte, … til perverteringsorgan. Men Paulus sa at Jesus kyrkje er hans lekam, han er hovudet og vi er lemane. Men der er ikkje noko slike organ i kroppen. Han sa at kvinna var skapt av mannens sidebein, så dei skulle vere ein lekam, så dei skulle vere eitt tempel for den Heilage Ande. Men heller ikkje i den kroppen er der noko slikt ekstra organ. Om vi studerer biologi, finn vi ikkje noko slikt «perverteringsorgan» i kroppen. Så det stemmer ikkje verken med kristendomen eller med biologien. Det er religiøs overtru.

 

Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

 

Kristus er Guds Ord, mannen skal tru på det og tenke logisk utifrå det, slik er Kristus hans frelsar og Herre, han er hovudet for han. Han vert verande i Jesu ord og får kjenne sanninga og den set han fri. Så kan han til samanlikning med Sokrates seie at sanninga vart integrert i han. Slik også når han vil ha seg ei kone, han skal vinne seg ei kone i helging. Om det skal verte noko av, må der vere dialog mellom dei og Kristus og dei i mellom, i samsvar med 1.Mos.2. Når Gud talte sitt Ord til dei vart det til liv for dei. Dersom då ein mann vil snakke med ei kvinne om forholdet dei i mellom og kanskje endåtil opplever at Kristus kallar på både han og henne, skal ho då spørje ein kvan annan i staden, så han eller ho skal svare i staden for både mannen og for Kristus. Dersom nokon soleis skal tenke og tale i staden for Kristus og i staden for mannen, kva er då det for slags interesse? Kva utgangspunkt vert det tenkt utifrå og kva er logikken? Dette er ikkje å søke sanning og rettferd, metoda er tvert om gjennomført lygnerisk. Det minner om korleis ormen talte til kvinna og forvrengde Guds Ord for henne, så det vart til død. Slik er det mange prestar forkynner Guds Ord, dei les om syndefallet og lærer som om menneska framleis skal verte dåra og forførde slik og dermed prøver dei på det også, for det er på den måten dei får makt over kyrkja og folket. Det er å dåre og forføre folket, det er farlege folk som kan gjere folk farleg dumme. Platon talte til Sokrates sitt forsvar, sjølv etter at han var hendretta, men slik som prestane brukar platonismen, prøvar dei tvert om å oppvigle til opprør mot den mannen som vedkjenner Jesu namn og som til samanlikning med Sokrates kan seie at Sanninga vert integrert i han.

For oss som trur på Israels Gud, kjem han med sitt Ord og sin Ande i tillegg til det vi elles kan vite om denne verda, så hans mål og hendsikt med oss vert overordna. Vert vi verande i Jesu ord, får vi kjenne sanninga og den set oss fri. Ved at vi ser opp til han, får vi sjå det kall, det mål og den hendsikt han har med våre liv. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt, så vi får oppleve å verte motiverte av Guds kjærleik og drivne av hans Ande. Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er det fridom (2.Kor.3,17).

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og han har vore med meg og gjennom tyding av tungetale i si forsamling har han kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er hennar brudgom og ektemann. Men kvar vert det av den responsen? Svarar ho på hans kjærleik med kjærleik, som hans brud? Eller svarar ho ved å rope på politikarane i staden, som om dei skal vere messiasar og gudar for henne? Blir det framleis som med «Mor Israel», som svarde han ved å vende seg til avgudane i staden, dess meir han ropte på folket, dess meir ofra dei til Baál? Med mi tru på Jesus har eg uansett håp om noko betre.

Paulus sa at ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde (Gal.3,2). Har vi teke imot i tru, så vi har Jesu Ande, så tilhøyrer vi han (Rom.8,9-11). Han gjev oss ånd og liv og det livet han gjev oss, lever vi for han og får oppleve at han er med oss. Med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam (1.Kor.12,13), det er Jesu kyrkje, Jesu brud. Han er hovudet for henne og vi er dei andre lemene. Ho er kona hans og det er Guds verk. Men kva så med oss andre menn, korleis blir det når ein vanleg mann vil ha seg ei kone, er der plass for han? Jau, for Paulus sa også at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere ein lekam og lekamen er eit tempel for den Heilage Ande. Den første Adam var laga av mold frå marka og det er vi også. Det kan granskast med naturvitskaplege metode. Gud bles livsens Ande i nasa hans og vekte han opp til liv i samfunn med seg. Gud er ånd og bles livsens ande i nasa hans, så det kom i tillegge til den fysiske naturen, og det var med det livet han levde i samfunn med Gud. Men han braut pakta og vart dømd til døden. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjenvande ånd, så han bles liv i oss igjen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det må vi ære og takke han for.

 

2 thoughts on “JERUSALEM, GUDS KONE?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s