Forbanning, trældom, krig og spetakkel.

Den åndelege nedtrakkinga.

Daniel profeterte om at heidningane skulle trakke ned heilagdomen deira og setje opp den øydande styggedomen. Dette skjedde under Antiokus 4. Epifanes. Men Jesus profeterte også om det og det viser at det er eit meir langdrygt og vanskeleg problem. Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt og då blir lekamen eit tempel for den Heilage Ande, der skal Andens loge brenne, det er kjærleikens eld. Paulus lærde oss at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam.

Men den åndelege nedtrakkinga verkar då tvert om slik at mennekset med sin fysiske natur prøver å overvinne Anden, det verkar drepande på det åndelege livet i samfunnet med Gud som er ånd. Dette er eit motsetnadforhold vi ikkje kjem forbi, men korleis går det, held vi Andens loge ved like, har vi Guds kjærleik ved den Heilage Ande i vårt hjerte, så vi er i stand til å bringe det vidare, eller sloknar elden ut?

Dersom den sloknar ut, kan det gå så langt at den øydande styggedomen vert sett opp i staden, dei vert trælar for avgudar, dei vert overtruiske i staden for å tru på den sanne Gud og det verkar drepande for deira intelektuelle aktivitet.

Velsigning eller forbanning.

Gud skapte menneska og velsigna dei.

1MO 1,28 – 1MO 1,31 Og Gud velsigna dei og sa til dei: “De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!” 29 Og Gud sa: “Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. 30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.” Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

1MO 2,1 – 1MO 2,2   Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. 2 Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette. Velsigninga betydde at det skulle gå dei godt. Korleis då? Det ligg i kva som vart sagt i velsigninga:” De skal veksa og aukast …. De skal råde…”. Men det betyr også å leve i samfunn med Gud, slik vi ser i 1.Mos.2, så dei fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med dei, han hadde skapt alle ting ved sitt Ord og dei fekk oppleve at han gjorde sitt verk i deira liv, ved sitt Ord og sin Ande.

Men så talte ormen til kvinna og forvrenga Guds Ord, så ho vart forførd. Dei vende seg bort ifrå Gud og braut med han og det førde til forbanning i staden:

1MO 3,7 – 1MO 3,24 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet. 8   Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. [Adam: -> 2, 7.] 9 Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: “Kvar er du?” 10 Han svara: “Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.” 11 Då sa han: “Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?” 12 Adam svara: “Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.” 13 Herren Gud sa til kvinna: “Kva er det du har gjort?” Kvinna svara: “Ormen lokka meg, og eg åt.” 14   Då sa Herren Gud til ormen:  “Fordi du gjorde dette,  skal du vera forbanna  framfor alt fe og alle villdyr.  På buken skal du krypa,  og mold skal du eta alle dine dagar. 15   Fiendskap vil eg setja  mellom deg og kvinna,  mellom ditt avkom og hennar ætt.  Dei skal krasa ditt hovud,  og du skal hogga dei i hælen.”  16   Til kvinna sa han:  “Stor vil eg gjera di møde  så tidt du er med barn;  med verk og vande skal du føda.  Etter mannen din skal du stunda,  og han skal råda over deg.”  17   Og til Adam sa han:  “Fordi du høyrde på kona di  og åt av treet  som eg forbaud deg å eta av,  skal jorda vera forbanna for di skuld.  Med møde skal du næra deg av henne  alle dine levedagar. 18   Torn og tistel skal ho bera,  og du skal eta av vokstrane på marka. 19   Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,  til dess du fer i jorda att;  for av henne er du teken.  Jord er du,  og til jord skal du atter verta.”  20   Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever. [Eva: Namnet likjest det hebr. ordet for liv.] 21 Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med. 22   Og Herren Gud sa: “No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!” 23 Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av. 24 Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Det vart fiendskap mellom Gud og menneske og seinare i Bibelen ser vi korleis det utarta seg. Gud sette fiendskap mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og det også kan vi lese meir om seinare i Bibelen. Jorda skulle bere torn og tistel og det er symbol på fiendskap og strid mellom menneske.

JES 27,2 – JES 27,5 {HERREN VAKTAR VINGARDEN SIN}  Den dagen skal dei seia:  Syng om den herlege vingarden! 3   Det er eg, Herren, som vaktar han  og vatnar han til kvar tid.  Eg vaktar han dag og natt,  så ingen skal skada han. 4   Eg er ikkje lenger harm.  Men finn eg torn og tistel,  då går eg til strid imot dei  og brenner opp alt i hop, 5   – om dei då ikkje søkjer vern hjå meg,  og gjer fred,  ja, gjer fred med meg.

HEB 6,8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.

Torn og tistel er symbol på fiendskap, det er ikkje til gagn for menneska, men dei stikk seg på det. Har dei fiendskap og driv med krig i staden for å dyrke jorda, blir det lett til at torn og tistel veks opp og tek over der det er tørt, sidan der ikkje vert vatna.

Utan tru er det umogleg å vere til hugnad for Gud.

Rettferd ved tru.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så Gud velsigna han og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Den lovnaden får vi oppfylt ved trua på Kristus.

HEB 11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

JOH 3,16 – JOH 3,21 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”

Moses og vandringa mot det lova landet.

Gud leia folket sitt ut ifrå Egypt mot det lova landet. Dei såg hans gjerningar, men når dei kom til Meriba-kjelda, vist det seg at dei ikkje trudde på han likevel. Så han svor, i sin vreide, at dei skulle aldri få komme inn til hans kvile. Dei fall ifrå han og laga seg ein gullkalv som dei tilbad. Etter førti år, når desse som ikkje trudde på han var døde, ville han la engelen sin gå føre dei inn i det landet som han hadde lova dei. Sjølv ville han ikkje gå med dei. Men så bad Moses han om nåde og velvilje og då ville han likevel gå med dei.

2MO 32,33 – 2MO 32,35 Då svara Herren: “Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi. 34 Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.” 35 Såleis straffa Herren folket fordi dei tilbad den kalven som Aron hadde laga.

2MO 33,1 – 2MO 33,6   Sidan sa Herren til Moses: “Ta ut herifrå, både du og det folket du har ført opp frå Egypt, og far til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gje det. 2 Eg sender ein engel framføre deg og driv ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 3 Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.” 4   Då folket høyrde denne harde talen, syrgde dei, og ingen tok på seg prydnadstinga sine. 5 Men Herren sa til Moses: “Sei til israelittane: De er eit stridlyndt folk. Om eg berre ein augneblink fylgdest med deg, laut eg gjera ende på deg. Men legg no bort prydnaden din, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!” 6 Då la israelittane bort prydnaden sin, frå den tid dei stod innmed Horeb-fjellet.

2MO 33,12 – 2MO 33,23 {HERREN LOVAR Å GÅ MED}  Moses sa til Herren: “Du seier at eg skal føra dette folket opp. Men eg får ikkje vita kven du vil senda med meg, endå du har sagt at du kjenner meg vel og har godvilje for meg. 13 Er det så at du har godvilje for meg, så syn meg vegane dine, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hjå deg. Kom i hug at dette er ditt eige folk!” 14 Då sa Herren: “Sjølv skal eg gå med, og eg skal føra deg til ro.” [Eg sjølv: ordrett “andletet mitt”, eit ordlag som fortel at Gud er nær.] 15 Moses svara: “Går ikkje du med, så lat oss sleppa å fara herifrå! 16 Korleis kan eg vita at du har godvilje for meg og folket ditt utan at du går med oss, så eg og folket ditt får ære framfor alle folkeslag på jorda?” 17 Då sa Herren til Moses: “Det du bed om, vil eg gjera; for eg har godvilje for deg og kjenner deg vel.” 18 “Så lat meg få sjå herlegdomen din!” sa Moses. 19 Han svara: “Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar. 20 Du kan ikkje få sjå andletet mitt,” sa han; “for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.” 21 Sidan sa Herren: “Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget! 22 Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom. 23 Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.”  i.

Lova, fråfallet og omvendinga.

 

Gud gav dei lova ved Moses, dersom dei heldt lova, skulle dei verte velsigna, dersom dei ikkje heldt den, skulle dei verte forbanna. Han la fram for dei vegen til livet og vegen til døden og sa til dei: vel då livet, så skal du leve. Men med tida viste det seg at dei valde døden i staden. Så dei tapte i krigen, landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Assyria og Babylonia.

Gud lova dei at dei skulle få komme heim att til landet sitt og då ville han sjølv gå føre dei og når dei kom inn i landet var det viktig å byrje å bygge opp tempelet igjen og komme i gang igjen med prestetenesta (Sak.3) og det er ein profeti som peikar framover mot den nye pakta. Den levittiske prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta, Jesus er vegen, sanninga og livet og det er viktig for oss å velje, den vegen, velje livet, så skal vi leve, ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Det er ved at vi trur på han (Joh.6,29).

Utan tru er det umogleg å vere Gud til hugnad, utan tru er det umogleg å oppfylle lova. Første bod er at du skal ikkje ha andre gudar enn Israels Gud, korleis kan nokon leve etter det bodet utan å tru på han? Å ha han som sin Gud utan å tru på han, må då vere ei sjølvmotseiing. Men Jesus var komen for å oppfylle lova og profetane og det var ved tru. Israels Gud var med han og gjorde sitt verk med han og gjennom han. Og det viktige poenget med å søke Gud i tru (Heb.11,6), er å få oppleve å verte velsigna ved å tru, liksom Abraham, så vi får oppleve at det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Den kristne trua. 

Davids tru. Ferdast audmjukt med sin Gud.

David trudde på Herren og vart salva til konge lenge før han vart konge. Han levde i eit personleg forhold til Herren, han gjekk gjennom mange vanskar måtte stole på Herren og hengje seg til han og fekk oppelve at Herren var med han, berga han og fria han ut. Så skreiv han om det einskilde mennesket, tydelegvis med seg sjølv som eit godt eksempel, som med si trua på Gud var rettferdig og gudleg som som måtte hengje seg sjølv til han som sin frelsar. Dei gudlause prøvde å sette snarer for han, fange han i fallgraver for å rane han og drepe han. Men han måtte hengje seg til Gud for å finne vern. Dei gudlause, det var dei som dyrka avgudane, men Gud hadde då fria folket sitt frå trældomen uneder avgudane og ført dei til sitt eige land, der dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud. det var då dette som var hovudpoenget. Dei fekk ro, likevel var dei ikkje komne inn til Gud kvile, for David sa: I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjerte, slik som ved Meriba-kjelda. Det viser at det framleis gjensår ein framtidig kviledag for Guds folk (Heb.3-4). Meriba-kjelda står som symbol på kjelda med det levande vatnet, den Heilage Ande. Liksom David, må vi audmjuke oss for Herren og søke han og ta imot den Heilage Ande, lytte til kva Anden talar til oss, den openberrar Gud Ord for oss.

Evangelisk kristendom, kjenne Israels Gud.

For den kristen kyrkja er det så viktig at Gud frelser oss i Kristus, så ved trua på han får vi den velsigninga som Gud lova oss gjennom Abraham, så vi får oppleve at han er vår Gud. Ved trua på Kristus er vi fri ifrå lova. Men er han vår Gud, så må vi la han lære oss opp ved sitt Ord og sin Ande, så vi lærer å dømme rett. Kva så med grunnleggande demokratiske rettar og fridom? Å bryte Moselova kan verte framstilt som fridom, utan å vere det. Å trælke under Moselova kan verte framstilt som rett, utan å vere det.

Gud sa til Moses at dei skulle kalle han Abraham, Isak og Jakob sin Gud, dei skulle kalle han «Eg er» (Jahve), for han var den han var. så dei skulle seie at han var den han var, dei skulle ikkje seie at han var ein annan enn den han var. Så dette vert eit spørsmål om Abrahams Gud har fått lære oss opp med sitt Ord, til å dømme rette. Det vert eit spørsmål om å kjenne. Sjølv om dei hadde Moselova, så kjende dei han ikkje. Men det vart profetert om at i den nye pakta skulle dei alle kjenne han. Jesus kom til vår jord for å gjere han kjend, Faderen var med han og gjorde sitt verk gjennom han. Likevel var ikkje jødane i stand til å erkjenne at han var den han var, men dei sa at han var ein annan enn den han var. Men det som framleis er så viktig for oss, er at Jesus får gjere han kjend for oss, slik at vi seier at han er den han er. Ved at vi kjenner Sonen, kjenner vi Faderen, så ved at vi kjennest ved Sonen, seier vi at Abraham, Isak og Jakobs Gud er den han er. Apostelen Johannes sa den som fornektar Faderen og Sonen, det er Antikrist, og Antikrists ånd er ikkje av Gud.

Det som trengs og som gjer skilnaden, det er å ha tru, å tru på Israels Gud og audmjuke seg for han, for han har sagt at han bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda, det er det som gjer skilnaden.

MIK 6,8   Herren har då sagt deg, menneske,  kva godt er, og kva han krev av deg:  At du skal gjera rett,  visa trufast kjærleik  og ferdast audmjukt med din Gud.

JES 57,15   Så seier han som er høgt opphøgd,  han som tronar evig og heiter Den Heilage:  I det høge og heilage bur eg  og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.  Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde  og hjarta til liv hjå dei knuste.

Då blir vår lekam eit tempel for den Heilage Ande. I eit tempel er der eit altar og der skel der vere ein eld. Det er Anden loge, kjærleikens eld.

RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

1KO 13,13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Paulus lærde oss at v i skulle la Anden råde i vår døyelege lekam.

RMR 8,8 – RMR 8,17 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Den åndelege nedtrakkinga.

Den åndelege nedtrakkinga og den øydande styggedomen.

Daniel profeterte om den åndelege nedtrakkinga og den øydande styggedomen og det gjorde Jesus også.

DNL 8,8 – DNL 8,14   Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane. 9 Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet. [det fagre landet: Israels land. Sml. 11, 16; Jer 3, 19.] 10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei. [stjernene: bilete på Guds folk.] 11 Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. [hovdingen over hæren: Gud sjølv.] 12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre. [reiste seg mot Gud: -> 7, 25.] 13   Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: “Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?” [ein av dei heilage: -> 4, 17.] 14 Han sa til meg: “Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.”

DNL 11,31 Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen. [den faste borga: templet.]

DNL 12,11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1.290 dagar.

MTT 24,15 {DEN STORE TRENGSLA}  Når de då ser at “den øydande styggedomen”, som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  [“den øydande styggedomen”: Ordlaget er henta frå Dan 11, 31; 12, 11. Syrarkongen fekk i 167 f. Kr. reist eit heidensk altar framfor templet i Jerusalem. Dette gjorde templet ureint, og all gudsteneste laut stogga. På tilsvarande måte skal templet krenkjast, og det skal verta øydelagt.]

MRK 13,14 {DEN STORE TRENGSLA}  Men når de ser “den øydande styggedomen” stå der han ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, røma til fjells;

ÅPE 11,1 – ÅPE 11,2 {TEMPLET OG DEI TO VITNA}  Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: “Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.

Den sunne lære var at vi skulle audmjuke oss for Gud og ta imot den nåden han gjev oss i Kristus, tru på han og ta imot den velsigninga han gjev oss i trua på han, la han råde i vår døyelege lekam ved sitt Ord og sin Ande. Men stolte menneske vil ikkje audmjuke seg slik, dei vert dåra og forførde slik som ved syndefallet, dei prøver å forgude seg sjølve med sin eingen kunnskap. Dei skapar seg avgudar og er stolte avgudane sine, så dei ser opp til avgudane sine i staden for å audmjuke seg for den sanne Gud. Då vert det i staden slik at dei med sin eigen fysiske lekam prøver å overvinne Anden. Det verkar slik at dei sløkker ut Andens loge som skulle brenne på altaret i lekamens tempel, det verkar slik at dei slokker kjærleikens brand. I eit slikt miljø, i ei slik verd, må vi dess meir kretse om Herrens altar, slik som David og passe på at vi held flammen på alteret ved like. Ta vare på hjertet ditt framfor alt det du vaktar, for livet går ut ifrå det.

Synda verkar som slik åndeleg nedtrakking, den verkar drepande på det åndelege  livet i Gud, og når lova fortrenger trua, verkar den også slik. Då er det berre einting å gjere og det er å vende seg til Kristus på nytt igjen, knele for hans korsk og erkjenne si synd for han, verte reinsa i hans blod og verte fyllt med den Heilage Ande  på nytt.

Men så kan der vere menneske som ikkje vender om til Kristus slik. Dei meinar i staden at dei har rett til å gjere urett. Korleis då? I staden for å sjå på det Guds Lam som bar verda si synd, ser dei på andre og skuldar på dei og brukar det som argument for at dei har rett til å gjere urett. Slik argumenterer dei for at målet helgar middelet, jfr. platonismen. Og eg går ut ifrå at det var slik Dyret i Op.13 fekk ulivssåret sitt lækt. Eg tenker meg at det er slik den øydande styggedomen vert sett opp på heilag grunn.

Vi vil nok alle oppleve at livet går opp og ned og slik også med det åndelege livet med Gud, vi kan oppleve at Andens loge, kjærleikens brand og Guds kraft i oss minkar og eg hevdar det treng ikkje nødvendigvis vere synd som er årsak til det. Når vi har ein travel arbeidsdag og er opptekne av det vi held på med, så kan vi føle at vi vert tappa for krefter og slik kan også også opppleve at Guds kraft i oss minkar. Men det er vel nettopp derfor det er så viktig for oss å ærnære oss med Guds Ord, søke Gud i løynkammerbøna og i kyrkjelyden, så vi frå den fornyinga vi treng og kler oss i Guds fulle rustning.

Infiltrasjon av trua på Zevs.

Etter antikk mytologi sprang gudane ut av kaos og regjerte på kvar sine område. Men som reaksjon mot demokratiet i Aten postulerte krigaren og diktaren Aiskhylos at der måtte vere ein universell moral, så Zevs rådde for alt som skjedde. Men ei slik diktatorisk makt strir med det kaos (tilfeldigheiter) som desse gudane sprang utifrå, så soleis er det ei sjølvmotseiing. Men dette vart grekarane sitt svar på Israels Gud. Og den hardaste reaksjonen mot demokratiet i Aten kom i den Gresk-Syriske tida, når Antiokus 4. Epifanes bestemte at alle i riket hans skulle dyrke Zevs, all anna guds-dyrking skulle vere forbode. Den antikke naturfilosofien var eit saga blott, no var det dette folket skulle opplærast i, som om dette var visdomen og det intellektuelle framsteget, men eigentleg var fornyinga ei forsterking av diktaturet. Antiokus sine metoder var svik og korrupsjon og i 1.Maccabearbok ser det ut til at den metoden gjennomsyrde samfunnet og politikken. Slik lokka han jødane til synd og fråfall og kravde at dei skulle dyrke Zevs i staden for å dyrke Israels Gud. Den jødiske øvstepresten vart drepen og Antiokus innsette sin øvsteprest i staden. Det vart sett vaktmenn i Jerusalem som skulle passe på at ingen skulle få dyrke Israels Gud lenger, om dei det gjorde, så vart dei drepne. Nokre rømde ut i øydemarka, men soldatar kom etter dei og massakrerte nærmare tusen jødar medan dei ville halde sabbat. Då var det ein prest som motiverte sønene sine, ”maccabear-brørne”, utifrå trua på deira fedrars Gud og deira heilage skrifter, til å få med seg jødane i ein væpna motstandskamp. Dei vann fleire store sigrar og klarde etter kvart å jage fienden ut av landet og frigjere Jerusalem og dei andre byane. Heidningar, som dyrka Zevs, og fråfallne jødar vart drepne eller jaga frå landet (1.Macc.2,42-48 1.Macc.3,1-9). Det var nok hardt for jødar å vere jaga frå landet utan nåde, men dette var ein krigssituasjon og dessutan var dei opplærde til å vere så gjennomført svikeriske at ein kunne ikkje vere trygge for kva dei fann på. Så det var jødane som med si tru på sine fedrars Gud som klarde å gjere slutt på dette diktaturet, slik knuste dei den hardaste reaksjonen mot demokratiet i Athen.

Ein av Maccabearbrørne, Simeon, overlevde og vart både konge og øvsteprest og ein av etterkomarane hans skulle vere både konge og øvsteprest inntil der stod fram ein profet. Men dette var ikkje i samsvar med moselova, for etter den skulle øvsteprest og konge vere to ulike personar med to ulike tenester. Dette fungerte ikkje rett. Det verka slik at dei drog med seg korrupsjonen og sviket frå Antiokus 4. Epifanes si tid, slik det viste seg ved at dei sveik Kristus og dei som trudde på han. Dei vart utstøtte. Altså, den som trudde vart utstøytt. Slik skrella dei vekk trua, Abrahams tru og sat igjen med ei redusert Moselov. Det var korrupt.

Det kan samanliknast med keisardyrkinga. Under keisar Augustus, vart dei som levde umoralsk jaga frå Italia. Seinare kom kristendomsforfølginga i Israel og sidan i resten av Romarriket. Slik vart eigentleg jødane si gudsdyrking infiltrert av trua på Zevs. Keisardyrkinga hang saman med den gamle religionen og slik var politikken infiltrert av trua på Zevs. Dei kristne kunne ikkje vere med på dette og derfor vart dei forfølgde.

Likevel vaks kyrkja og samhaldet i den vart grunnleggande for samfunnet. No ville keisaren heller grunnlegge makta si på den, men då kom gresk filosofi inn i kyrkja og slik vart også den infiltrert. Då er det ikkje så rart om Islam også vert infiltrert. Gjennom Islam hevdar arabarane at Abraham Gud er deira Gud også, dei gjer eit poeng ut av at dei ættar frå Ismael og frå Esau. Men andre folk kan også hevde at han er deira Gud, det som betyr noko er om vi har Abrahams tru. Eigentleg er han den sanne og rettmessige Gud  for alle.

Men korleis unngå infiltrasjonen av trua på  Zevs? Det er ved at vi har Abrahams tru og det blir eit spørsmål om å kjenne Israels Gud, så ein kjenner skilnad på han og på Zevs.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s