Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne Sanninga.

Gud vil at alle skal verte frelst og komme til erkjenning av Sanninga! Den avslører lygna. Denne verda held seg til bedrag og let seg bedra, den går sin undergang i møte. Men vi ventar etter hans lovnad ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

Innleiing: Mi oppleving av dåpen med den Heilage Ande.

Eg gjekk til forbønn i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, eg trur helst det var hausten 1989. Eg oppdaga henne ”Miss Oslo 1990” og syntest ho var så vakker at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, eg kjende henne ikkje, eg hadde berre sett henne, men eg vedkjende i mitt stille sinn, for Gud at eg syntest ho var så vakker at eg trengde ikkje vite meir, om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Det var nok som ein himmelsk utopi for meg at eg skulle få ei så vakker jente til kone, men så er det også første prioritet for meg å be Gud frelse menneske for æva.

Når eg sat på Store Lesesalen i Vilhelm Bjerknes hus opplevde eg at den Heilage Ande dreiv meg til å gå ut og eg forstod at det ha, hadde med henne å gjere, så eg gjekk ut og ned trappene til toalettet i kjellaren, når eg kom ned trappa til 1.etg, dreiv Anden meg til å gå litt seinare, der var ein vegg på høgre sida og når eg kom ned siste trinna, kom ho inn frå høgre, så eg kom ned rett bak henne. Då sa eg i mitt stille sinn, gledeleg overraska: ”der er ho”. Då opplevde eg ei åndeleg openberring. Det var som om himmelen opna seg, som om det var taket over oss, og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same som eg samtidig:” Der er ho”. Og eg er viss på at ho opplevde det også, det var vi som opplevde dåpen med den Heilage Ande saman.

I 1990 kalla Jesus meg til å innvie meg til å tene han, eg skulle ikkje tene denne verda, men eg skulle tene himmelen. Han er den som døyper med den Heilage Ande, han ville sjølv komme og ta bustad hos meg. Eg skulle betene han og eg skulle betene eit medmenneske. Eg forstod eg skulle betene henne som han gjev meg til kone, på den måten at eg tente han og då var det henne ”Miss Oslo 1990” eg tenkte på. Eg har tent han og eg er viss på at eg har tent henne med det, så når han gjev meg ei kone har eg tent henne også med det. Han er framleis den som fører mi sak. Han har gjort sitt verk i meg ved sitt Ord, det er ikkje grunnlagt på noko i meg sjølv, men på hans Ord. Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru. Men når eg framheld hans namn og vedkjenner det for mine medmenneske, har det den eigenskapen at det skaper tru der inne. Eg skal ikkje vere hale men hovud.

På biletet  ser vi trappa ned til 1.etg. i Vilhelm Bjerknes hus/Realfagsbiblioteket. I 1998 var der eit rom i midten av denne vestibyla, heile vegen til motsatt vegg. Det har vorte rydja vekk, no er der bardisk forma som ein hestsko til venstre. Til høgre er prosjektor med skjerm. Her brukar dei å halde foredrag om naturvitskapleg forsking. Lokalet vert også brukt til meir festelge tilstellingar. Den store lesesalen i 3.etg. er no innredt til realfags-bibliotek, PC-stove, nokre lesesalsplassar og grupperom.

Dåpen symboliserer at det gamle er borte, der er kome noko nytt. Jesus gjennomfører det ved å døype oss med den Heilage Ande. Med ein Ande døyper han oss til å vere ein lekam. Slik blir vi som levande steinar oppbygde til eit tempel i Anden. Det skjer ikkje ved hær, ikkje ved makt, men berre ved Guds Ande.

Kva har dette å gjere med at eg bad Gud gje meg ei kone? Korleis? Jau, eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gje meg hjelp i form av ei kone. Det stemmer overeins med Guds Ord (1.Mos.2), men det er på den måten at eg stiller meg disponibel for Guds Ord og Guds Ande, som det vart sagt i bodskapen som kom 18.9.2016:

”Eg er den same og vil forbli det for evig. Eg har talt. Derfor lyd på mitt – lyd til mitt Ord og fullfør dette. Så skal eg, Herren, vere med deg. Still deg til rådigheit for mitt Ord og min Heilage Ande, så skal eg, Herren, bruke deg, eg vil salve deg, eg skal styrke deg, eg skal holde deg oppe, med mi rettferds høgre hand. Og du skal ikkje frykte, for eg, Herren, eg er med deg.

For endå ein gong, så skal eg reise opp mitt folk. Endå ein gong, så vil de få oppleve at min Ande er ikkje trekt tilbake, men den er i dykk. Derfor så søk meg i denne tid, kall på meg den stund eg er nær og du skal finne, at eg er ikkje der ute i periferien, men eg er komen nær til. Derfor frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, din Gud, og eg er din frelsar, eg er din forsørgjar, eg er din lækjar, eg er alt kva du måtte trenge til …. og eg har gitt deg alle ting, for det lydde frå meg: Det er fullbrakt. Amen.”

 

Denne verda går sin undergang i møte.

Frå eg var ein liten gutunge, var eg opplærd til å påkalle Jesus som vår frelsar og Herre og be om frelse for våre næraste, folket i bygda og be for folket og landet. Eg forstod at det var det motsette av å verte forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be slik for kvinna og be Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone. Så eg hadde ei prioritetsordning, fyrst og fremst be han frelse både menn og kvinner og dernest be han gje eg ei frelst kvinne til kone. Det stemmer over eins med Jesu ord om å søke fyrst Guds rike, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det.

På gymnaset vart eg kjend med dei kristen jente (”Virtuella”) og merka at eg byrja å verte forelska i henne, så eg bad over det og opplevde eg fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Og eg er viss på at det gjaldt henne også, ho var fødd av Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Eg fortalde henne at eg var forelska i henne og hadde bedt Gud om å få møte henne igjen, men sidan har det ikkje vore råd å få komme i kontakt med henne, møte henne igjen og snakke med henne. Det viser seg at det endåtil er prestar og kristne leiarar som er interessert i nettopp det, så dei står meg og mi sak imot og seier meg imot, endåtil når eg ber til Jesus og han svarar meg, så seier dei imot. For det fyrste krev dei at ho ikkje skal verte kona mi og dernest krev dei at ho skal gå fortapt. Og ein liknande motstand må eg vel rekne med å få om eg ber Gud gje meg ei anna kvinne til kone i staden.

Den som har Kristi Ande tilhøyrer han og er frelst. Gud er ånd og det som er født av Anden er ånd. Ved nåden i Kristus får vi Anden av berre nåde og i den Anden får vi oppleve samfunnet med Gud. Men dei held dette for å vere ein sjukdom, galskap. Men Jesus frelsesverk er fullbrakt og fullkome, det gjev lækjedom, sunnheit og helse. Problemet er at dei ikkje trur og ikkje er kjenner det og det er vantrua og fornektinga som er årsak til problema og sjukdomen. Og det er gått så langt at dei seier ikkje at han er den han er, men dei seier at han er ein annan enn den han er. Dei erkjenner ikkje Sanninga og alternativet er å tale lygn. Strategien er å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet og så bruke henne til å lokke mannen med. Og klarar dei det ikkje, risikerer vi at dei brukar makt.

Dei skammar seg ved Kristus i staden for å kjennast ved han. Derfor strir dei soleis imot Guds Ande. Men då representerer dei den gamle, vonde naturen, så i staden for gravlegge den, gravlegg dei Sanninga, slik gøymer dei han vekk, for dei skammar seg ved han. Slik er slike maktinteresser som stod bak krossfestinga av Kristus verksame enno. Det vart tydeleg i nokre bodskapar som kom i 1982:

Tabernaklet i Bergen. 8.12.82. (Ikkje ordrett):

Det som gjer dette møtet i kveld til eit høgtidsmøte, er at eg er her, for der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom, og eg er alle stader nærverande, der menneske er samla i mitt namn. Det er ikkje eit tilfeldig møte mellom menneske som skaper høgtid, men at dei er samla i mitt namn. Det er dette møtet med meg som under forkynning av Ordet kan skape ei radikal forandring i ditt liv. Då eg gjekk her på jorda, så var der menneske som ville gøyme meg vekk, ved at dei først hengde meg på eit kors, dernest la dei meg i ei grav som var uthoggen i berget, velta ein stor stein attfor gravopninga og sette segl på, for å gøyme meg vekk. Men etter at eg stod opp, på den første dagen i veka, så er eg til stades der to eller tre er samla i mitt namn og alle stader nærverande der folk er samla i mitt namn, ikkje ei tilfeldig forsamling av menneske, men at dei er samla i mitt namn. Det er dette mitt nærvær som også kan lede til ei radikal forandring i ditt liv.

Søndag. 11.12.82. Tabernaklet i Bergen (Ikkje ordrett):

Du har lenge nok vore oppteken av fornærmingane mot deg (og di slekt) og din kyrkjelyd, og av fordømmingane av meg. Ver oppteken av meg og den teneste eg har gitt deg, og det skal verte slutt på fornærmingane mot deg (og di slekt) og din kyrkjelyd og fordømmingane av meg. Du har vore oppteken av slikt som sikkert er fint og flott, det er det andre som kan ta seg av, i si teneste, men ver du oppteken av meg og den tenesta eg har gitt deg. Eg har allereie gitt deg den, men det er du som må oppdage den, eg har allereie gitt deg den hjelpa som du treng, det du treng for å utføre den, eg har sett den inn på din himmelske konto, men det er du som må oppdage den og ta den ut og bruke den.

Eg har sett framfor deg ei opna dør, og venter på at du skal gå inn der. Om du synest kjeraldet ditt er skrøpeleg, så kan eg bruke det likevel. Eg har allereie gitt deg det du treng for å utføre tenesta di.

Skapt i Guds bilde. Avspegle min skikkelse, mitt ansikt, min Guddom.

Ja, det vert vanskelegare tider, men…. for dei rettferdige skal rettferds-sola stige opp, med lækjedom under sine venger, og løna har den med seg. Løna følgjer etter den. Då skal du få igjen for det du har lide og det du lider og det du framleis skal lide.

På den tida sa han til meg (ikkje nødvendigvis ordrett): ”denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk at dersom du ikkje kjem no, så vert du reven bort ifrå meg.” Derfor byrja eg å snakke med eldsterådet i Tabernaklet om denne saka mi. Eg skreiv eit brev til henne Virtuella og inviterte henne til å besøke meg, men eg budde i Bergen og ho budde i Oslo. Eg knelte ved ein stol og bad over det, då merka eg i mi ånd at ho var djupt der nede, (eg talar om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd). Då merka eg at Herren steig ned over henne og kalla henne til det, men ho sa nei, eg vil at han skal komme hit, og så gret ho. Det var vel ikkje så greitt og ho var ikkje særleg glad for å seie nei til han. Eg opplevde det som at det var noko eg erkjente eller sa i mitt stille sinn, i tru på han og at han sa det same samtidig. I ein bodskap, sikkert i Tabernaklet, sa Herren til meg noko om denne verda, det var kanskje det eg nettopp har sitert. Så sa han:” Så legg henne under deg”. Eg forstod at ved å tru på han og kjennest ved han, slik som eg no hadde gjort, skulle eg få meg ei kone, legge henne under meg, som kona mi og slik skulle eg legge verda under meg. Ved at eg trur på han og lyder han, skal eg få henne til å lyde meg og han og slik skal eg legge verda under meg. Denne lydnaden er verdifull både for meg og for henne. Seinare sa han til meg noko om at eg hadde lenge nok vore innimellom desse tronge fjella. Eg forstod det som Bergen og eg forstod det som trongsyn. Han sa sikkert også noko om at han ville leie meg vidare, så det vart til at eg for til Oslo. Eg var eit år på kibbuz i Israel og så byrja eg å studere realfag i Oslo i 1984.

I 2009 kom eg tilbake til Oslo og tok praktisk pedagogisk undervisning. Sidan søkte eg på lærar-jobbar, utan å få noko. Men Jesus har vore med meg og leia meg vidare og talt til meg gjennom tyding av tungetale og 14.10.2012 sa han at det som skjer av uro i verda no er oppfylling av profetiane, vi skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda går sin undergang i møte, men vi skal sjå opp til han og vente at han kjem og hentar oss heim til staden med dei faste grunnvollane, det er det nye Jerusalem, bodskapen 14.10.2012:

Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.

Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.

 

 

Jesus kalla meg inn på vegen til det Nye Jerusalem og det er på den nye jorda. Han er kongen, ho er hans brud. Han vil regjere utifrå mitt hjertes trone.

 

Eg hevdar eg opplevde dåpen med den Heilage Ande når eg knelte ved senga og bad for henne Virtuella når eg kjekk på gymnaset og når eg bad for henne på hybelen i Bergen og eg hevdar ho også opplevde det. Eg gjekk til forbønn i den Frie Evangeliske Forsamling i Oslo og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, eg trur helst det var hausten 1989. Eg oppdaga henne ”Miss Oslo 1990” og syntest ho var så vakker at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, eg kjende henne ikkje, eg hadde berre sett henne, men eg vedkjende i mitt stille sinn, for Gud at eg syntest ho var så vakker at eg trengde ikkje vite meir, om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Det var nok som ein himmelsk utopi for meg at eg skulle få ei så vakker jente til kone, men så er det også første prioritet for meg å be Gud frelse menneske for æva.

Når eg sat på Store Lesesalen i Vilhelm Bjerknes hus opplevde eg at den Heilage Ande dreiv meg til å gå ut og eg forstod at det ha, hadde med henne å gjere, så eg gjekk ut og ned trappene til toalettet i kjellaren, når eg kom ned trappa til 1.etg, dreiv Anden meg til å gå litt seinare, der var ein vegg på høgre sida og når eg kom ned siste trinna, kom ho inn frå høgre, så eg kom ned rett bak henne. Då sa eg i mitt stille sinn, gledeleg overraska: ”der er ho”. Då opplevde eg ei åndeleg openberring. Det var som om himmelen opna seg, som om det var taket over oss, og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same som eg samtidig:” Der er ho”. Og eg er viss på at ho opplevde det også, det var vi som opplevde dåpen med den Heilage Ande saman.

Fig. 1. Trappa ned til 1.etg. i Vilhelm Bjerknes hus/Realfagsbiblioteket. I 1998 var der eit rom i midten av denne vestibyla, heile vegen til motsatt vegg. Det har vorte rydja vekk, no er der bardisk forma som ein hestsko til venstre. Til høgre er prosjektor med skjerm. Her brukar dei å halde foredrag om naturvitskapleg forsking. Lokalet vert også brukt til meir festelge tilstellingar. Den store lesesalen i 3.etg. er no innredt til realfags-bibliotek, PC-stove, nokre lesesalsplassar og grupperom.

I 1990 kalla Jesus meg til å innvie meg til å tene han, eg skulle ikkje tene denne verda, men eg skulle tene himmelen. Han er den som døyper med den Heilage Ande, han ville sjølv komme og ta bustad hos meg. Eg skulle betene han og eg skulle betene eit medmenneske. Eg forstod eg skulle betene henne som han gjev meg til kone, på den måten at eg tente han og då var det henne ”Miss Oslo 1990” eg tenkte på. Eg har tent han og eg er viss på at eg har tent henne med det, så når han gjev meg ei kone har eg tent henne også med det. Han er framleis den som fører mi sak. Han har gjort sitt verk i meg ved sitt Ord, det er ikkje grunnlagt på noko i meg sjølv, men på hans Ord. Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru. Men når eg framheld hans namn og vedkjenner det for mine medmenneske, har det den eigenskapen at det skaper tru der inne. Eg skal ikkje vere halde men hovud. Eg siterer, men det er nok ikkje heilt ordrett:

Søndag 2.12.90. UTVALD TIL TENESTE.

I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.

Søndag 9.12.90. TENESTA.

Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.

Søndag 23.12.90.

Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.

Tirsdag.25.12.90.

Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.

Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.

Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.

Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.

Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.

På eit pinsemøte i 1991 sa han at han talte for å vekke min lengsel på nytt, å gå vegen til eit djupare liv, at han får den plassen han ynskjer i mitt liv. Han har skapt lengselen og vil fylle den. Han ville eg skulle gjenopplive nådegåva som var i meg. Det var ikkje eg som skulle gjere mitt verk, men det var han som gjorde sitt verk i meg. Bodskapen 19.05.1991,

Sjå, seier Herren, eg talar for å vekke din lengsel på nytt, at dette er vegen til å søke et djupare liv, at eg får lov til å få den plassen eg ynskjer i ditt liv, og sjå, eg er den som ynskjer at du skal kaste fortøyingane, du liker deg så godt der inne ved strandbreidda, men eg vil føre deg vidare fram, du er komen til den staden der, og det punktet der du ynskjer å fare utover det i dette nådens hav, og legge deg på sym, du skal få sjå det løfter, det  ber deg, og du skal få kjenne understraumen  i frå meg, der du erfarer det lyfter, det er berande, det er ikkje du som skal klare dette, men det er eg som gjer verket i deg.

Du får oppleve og du får erfare, det er eg som har byrja, og fordi det er eg som har byrja den gode gjerning i ditt liv, så er det eg som skal fullføre.

 

Ikkje kassettband-opptak, (batteria var utladda):

Tida heretter er ikkje berre kort, men den er såre kort. Søk meg i dag, for i dag er eg å finne. I morgon er det for seint. Men eg er her for å møte deg i denne kveldsstund. Når eg har skapt lengselen, så fyller eg den. Du som ein gong var brennande i ånda, eg vil du skal gjenopplive den nådegåve som er i deg. Det var ikkje tilfeldigheit som gjorde at då skuggen av Peter fall på den sjuke (den lame), så vart han lækt. Det er ikkje du som skal gjere ditt verk, med dine prestasjonar, men det er eg som gjer mitt verk i deg. Vinden bles dit den vil. Igjen vil eg minne deg om at vinden bles dit den vil. Eg tek sterke, (ja, kongar), i mi eige. Sjå, du som sår med tårer, du skal få hauste med glede. Du skal få vende tilbake med fulle kornband. Den som eg vil gjere sterk, han vil eg først gjere svak. Sjå, eg har førebua meg eit ringe og audmjukt folk. …., som kan svinge Andens kvasse sverd.

Ti dagar seinare sa Faderen at han salva son sin med gledesoljen og han salva sin kyrkjelyd med den same gledesoljen og han salva meg med den, så eg skal kunne lovprise han midt i forsamlinga. Han vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne Sanninga. dersom det står like fast for meg at eg vil leve heilt for han og innvie meg til å tene han, så skal eg få oppleve at han fyller alle mine behov, når han har skapt behovet, så fyller han det. Eg forstår dette som svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, frelseskjelda er kjelda med det levande vatnet, det er den Heilage Ande, så han vil fylle dette behovet ved fylden av den Heilage Ande.

 

Bodskapen onsdag. 29.05.91:

Mitt blod er over di fortid.  Det var eg som salva min elska Son med gleds oljen. Og eg salver min kyrkjelyd med den same gledes oljen og eg salver deg med den same gledes oljen, så du skal kunne lovprise meg, ja, endå til midt i forsamlinga. Det står fast til evig tid, at eg vil at alle menneske skal verte frelst og komme til å erkjenne Sanninga. Og dersom det står like fast for deg, at du vil leve heilt for meg, og innvie ditt liv til teneste for meg, så skal du få oppleve at eg fyller alle dine behov. Og du skal aldrig, aldrig, aldrig komme på skam. Eg er framleis herrars Herre, kongars konge og syndarar sin venn. Eg er den som gir vekst. Når eg har skapt behovet, så er eg den som fyller behovet. Når eg har latt det vore tørke, så er eg den som let det komme vårregn og haustregn, som væter ditt jordsmonn.

Jesu natur vart planta i meg, han er kongen som vil komme til syne i meg, så eg byrjar å vandre kongeleg. Hans natur er kongens natur og den er regjerande, bodskapen 16.2.1997:

Ja, sier Herren, da du kom til meg, da ble du et Guds barn, ved syndenes forlatelse. Gjennom syndenes forlatelse brøt det nye lyset fram i ditt indre. Se, sier Herren, min frelse er mer enn dette. Og du skal se det som er større enn dette. For – ved det nye lyset som brøt fram, ble også min natur, meg selv, ble plantet i deg. Og dette frø, sier Herren, det rommer alle mine muligheter. Det rommer alle mine dufter, alle mine farver skal komme til syne i min menighet. Derfor, sier Herren, vær ikke for smalsporet, vær ikke for trangsynt, men utvid deres hjerter. For det liv jeg har plantet i dere har ingen grenser. For det er jeg, den grenseløse, bor i mitt folk. Utfra mitt folk, utfra min bolig, vil jeg bringe min herlighet. Ja, sier Herren, i Jerusalem, Samaria, Judea, men like til jordens ender. Se, det er ingen grense på det du har. Derfor la dette strømmer ut gjennom deg. Det skal frelse deg fra din eget mørke og din egen ørken, men det har også kraft i seg til å forvandle dine omgivelser. Slik at du ikke bare ser meg som en som tilgir deg, men kongen selv kommer til syne i deg, så du begynner å vandre kongelig, du begynner å vandre på et kongelig plan, sier Herren. Fordi min natur er også kongens natur. Min natur er regjerende, slik at det du før ble dominert av, det beseirer du i kraft av det nye livets vesen, sier Herren. Derfor – ta deg ikke sammen i din egen kraft, men opplat ditt hjerte, vidt opp, og din munn vidt opp, og jeg skal fylle deg, så det flyter over, sier Herren. Min kraft fullendes på tross av din skrøpelighet – og i din skrøpelighet.

Og når dette nye livets vesen bryter fram fra ditt indre, da beseirer det din nedtrykkthet, ja, det mørket som har holdt deg nede, det brytes, sier Herren. Ja, sier Herren, når jeg tenner igjen den gave som jeg har lagt ned i ditt indre, så blir det en avgjorthet. Passiviteten, oppgittheten, mørket, alt dette her som vil paralysere deg, må vike, for det nye livets vesen. For det er min oppstandelseskraft jeg har plantet i deg. Derfor gi meg rom, sier Herren, la ikke mørket dominere deg, men la meg få rom, la meg få plass i ditt liv. Og utfra ditt indre, ikke ifra et spesiellt sted, geografiske, men fra ditt indre, skal det som skriften har sagt, renne strømmer, fra ditt liv, sier Herren, skal det renne strømmer av levende vann. Det har jeg talt om den Ånd og det liv som jeg har plantet i deg.

Jesus vil regjere utifrå mitt hjertes trone. Han er kjærleikens konge og dreg omsorg for sitt folk og veit kva eg treng. Han vil bruke meg som sitt reiskap, som kanal for si velsigning, dess meir han får råderetten på mitt hjertes trone, dess rikare får hans velsigning flyte gjennom mitt liv og eg får lov til å komme inn i den beste planen med mitt liv. Bodskapen 28.11.2001:

Ja, eg vil regjera utifrå ditt hjertes trone, sier Herren, og eg ønska at du selv skal få stiga ned, gi meg den retten som tilkommer meg, for eg er ikkje ute for å ødeleggja livet ditt. Eg er ute for at du skal få oppleva at eg tar styringa, eg tar kontrollen, ikkje som ein ond despot, men som en kjærlighetens konge, som drar omsorg for mitt folk, som vet kva du trenger til, og eg vil losa deg igjennom, eg vil føra deg igjennom, ja, eg går selv frem foran deg og min herlighet skal også slutta toget ditt. Og du skal vita det er berre iden grad at eg får lov til å få råderetten i ditt liv, du skal også få kjenna at du trivest, du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til, for du skal få kjenna min kraft, min nærhet, og eg vil – eg vil også bruka deg som mitt redskap, som min kanal for mine velsignelser. Og dessto meir eg får råderetten på ditt hjertes trone, dessto rikare får min velsignelse flyta gjennom livet ditt, og du får lov til å ikkje berre koma inn i den tredje beste, den nest beste, men den beste planen med ditt liv, ikkje nøy deg med noko mindre, eg ønsker å vera din Herre, eg ønsker å leda deg og ta hånden om livet ditt, sier Herren, og du skal få oppleva når du gir meg råderett, skal du også oppleva at min makt openbares, min makt openbares. Eg tvingar meg ikkje inn på denne rett, i livet ditt, men eg viser deg min nåde og eg viser deg kor høyt eg elsker deg. Og så ønsker eg også du skal få levera nøklane til meg til alle dine rom, også dine aller hemmelegaste rom skal du få levera nøklane og seia Jesus, velkommen inn, velkommen inn med ditt lys, velkommen inn med ditt ords tilrettevisning, eg bøyer meg for deg. Så skal du få oppleva at der blir trivsel i huset og du skal få merka eg er ikkje komen for å ødelegga, eg er komen for at du skal få del i liv og liv i overflod, sier Herren.

Halleluja, vi lovar deg.

Når han talar om mitt hjertes trone, så tenker eg på hjerteomskjeringa i Anden. Omskjeringa vart gjort på mannens kjønnslem, det er symbol og førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, så poenget var vel at han skulle la Gud råde over kjønnslysta og over kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, ved sitt Ord og sin Ande. Eg skal gi han den råderetten i mitt liv og han vil regjere utifrå mitt hjertes trone som ein kjærleikens konge.

 

 

NO ER STORDOMSTIDA TIL JESU KYRKJE. Møte i Maranata 2.pinsedag, måndag 13.6.11.

 

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

 

A.Del1:

Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar  på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp, så du får sjå det. Du må få ditt øyre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høre …. At du er ikkje åleine.

 

A.Del2:

Aldri har mi menigheit talt så mange, aldri har den vært så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi menighet …. i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi menigheit flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.

 

Tore Kristiansen talte. Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi menigheit som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg. Men vi merkar den Lovlause allereie no. For det står då skrive at fråfallet, då den Lovlause set seg i Guds tempel, må komme før Jesu gjenkomme. (Op.13). Denne bodskapen stadfester at menigheita har helde igjen, den har bremsa og det vil merkast når den vert teken bort. (Op.14).  Då skal verda gå gjennom den eine trengselen etter den andre. (Op.15-19).

 

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

 

B.Del1:

Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri.  Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent i fra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.

B.Del 2:

Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?).  … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til.  Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.

Profetisk bodskap ved ei kvinne:

…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte.  … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.

 

AKTUELLE BIBELVERS.

 

1KG 19,1 – 1KG 19,18 {ELIA PÅ HOREB}  Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. 2 Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: “Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.” 3 Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att, 4 og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. “No er det nok,” sa han, “ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.” [gyvelbusk: busk som veks i øydemarka, og gjev ring skugge av di han er bladlaus. Beduinane lagar kol av han (Sal 120, 4) og et røtene (Job 30, 4).] 5   Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: “Stå opp og et!” 6 Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. 7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: “Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.” 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. 9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.  Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: “Kva vil du her, Elia?” 10 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 11 Då sa Herren: “Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!” Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.  Då bar det imot han ei røyst som sa: “Kva vil du her, Elia?” 14 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 15 Då sa Herren til han: “Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. [Abel-Mehola: -> Dom 7, 22.] 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.”

 

Kommentar:

Eg forstår det slik at bodskap A var fyrst og fremst til meg og så til andre i forsamlinga. Eg er forundra over kor mange kristne som er frustrerte over styresmaktene og talar som om alt går feil veg i vår tid, som om det går attende med kristendomen. Det har seg nok slik at dei ser på denne verda og er så altfor opptekne av politikk. Men etter det som vert sagt i denne bodskapen er dagens situasjon ein heilt annan, det er sjølvaste stordomstida til Jesu kyrkje.

Bodskap B byrja slik: ” Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?).  … …. forlating.” Det høyrest ut som det er mange som etterlyser den evangeliske forkynninga med den velsigninga som den gjev dei, det ville bety førebestemming til noko godt, ein god og glad tanke som gav dei noko godt, eit godt liv og som soleis gleda dei. Eg forstår det slik at bodskap B var fyrst og fremst til henne Virtuella. Ho fall ifrå trua, ho svarde ikkje på velsigninga med å velsigne, men i vantru svarde ho med å forbanne og vart til ei forbanning. Så vekkinga stoppa opp og velsigninga nådde ikkje fram til folk. Eg hevdar han har kalla på henne på mange gongar seinare også. Så korleis går det?

 

Lyde Herren eller danse rundt gullkalven?

 

Gå den vegen som Jesus stakar ut for meg, han går føre meg og banar vegen for meg. Møte i Maranata 4.5.2014.

 

Innleiing ved John Miland:

 

1KG 12,28 – 1KG 12,32 Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: “No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.” 29 Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan. [Betel og Dan: heilagdomar lengst sør og lengst nord i Nordriket.] 30 Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der. 31 Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.  32 {DOMSORD MOT ALTARET I BETEL}  Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ei høgtid liksom den store høgtida i Juda, og han bar fram offer på altaret. I Betel gjorde han det så: Han ofra til kalvane han hadde laga, og lét prestar frå offerhaugane som han hadde skipa til, gjera teneste i Betel. [ei høgtid: svarar til lauvhyttehelga i Juda. Men Jeroboam valde den åttande månaden i staden for den sjuande, v. 33. Sml. 3 Mos 23, 39; 1 Kong 8, 2. 65.]

I vår tid er det mange som på liknande vis vender seg bort frå Herren.

Tale ved John Langerud:

Han sa noko om gjenfødinga og om at Jesus kallar til seg alle som streva og har tungt å bere, hos han skal dei få kvile. Han las noko frå Hebrearbrevet om å tre fram for Gud.

Tyding av tungetale ved John Miland:

Ja, seier Herren, dersom du er villig til å høyre på mi røyst og gjere kva eg seier til deg, da skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Og du skal vite det, seier Herren, at eg har berre det som er godt for deg. Eg vil ditt eige beste. Men føresetnaden for det, det er at lyder meg og går den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. Sjølv om det kan sjå vanskeleg ut, det kan sjå umogleg ut, då skal du vite det, seier Herren, at ingen ting er umogleg for meg. For eg har sagt i mitt ord at eg vil gå fram føre deg. Bommar av jern vil eg hogge sund og haugar vil eg slette, sånn at du skal gå på ein bana og rydda veg. Derfor gå i tru, seier Herren, og du skal få oppleve at du kjem ikkje på skam.

Du skal vite at eg er rik nok for alle som påkallar meg, sjå, den som opnar seg for meg og vil ta imot det eg har å gje, han skal få oppleve at han får eit godt og stappa, rista måltid i fanget, seier Herren. For sjå, eg er ingen karrig Gud, men eg ynskjer å velsigne deg og du skal vere til velsigning, mitt barn. Derfor ver frimodig, ver ikkje beskjeden, men gå fram på dei lovnadane som eg har gitt deg, seier Herren. For eg står bak mitt ord og eg har då sagt i mitt ord at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

Ja, eg prisar deg og lovsyng deg, min frelsar og Herre, fordi du har gjenløyst meg, du har fylt meg med glede og fred i hjertet. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg midt i kyrkjelyden. Og eg takkar deg fordi eg kjenner at du leier meg kvar ein dag. Og eg har no sagt at eg vil tene deg og gjere din vilje. Då skal du hjelpe meg og du skal gje meg råd med ditt auge. Og snart så kjem du for å hente meg heim til herlegdomen. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, min frelsar og Herre. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

Ete det gode i landet.

 

5MO 6,10 – 5MO 6,18   No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg. Der er det store, fine byar som du ikkje har bygt, 11 hus fulle av alle gode ting som du ikkje har samla, utgravne brunnar som du ikkje har grave, vingardar og oliventre som du ikkje har planta. Når du kjem dit og får eta deg mett, 12 ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.  13 {HERREN DIN GUD SKAL DU OTTAST OG TENA}  Herren din Gud skal du ottast, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja. 14 Hald dykk ikkje til andre gudar, som grannefolka dykkar dyrkar. 15 For Herren din Gud, som er midt imellom dykk, han er ein brennhuga Gud. Han kunne harmast på deg og rydja deg ut frå jorda. 16   De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, så som de gjorde ved Massa. 17 Legg vinn på å halda dei lover, bod og føresegner som Herren dykkar Gud har gjeve deg, 18 og gjer det som er rett og godt i hans augo. Då skal det gå deg vel, og du skal få koma inn i det gode landet som Herren svor at han ville gje fedrane dine, og ta det i eige.

5MO 8,1 – 5MO 8,20 {DET GODE LANDET}  Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda. Då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, og ta det i eige. 2   Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. 3 Han audmykte deg og lét deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn. 4 Kleda dine vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra. 5 Så må du då skjøna at Herren din Gud vil oppseda deg liksom ein mann oppsedar son sin. 6 Hald boda åt Herren din Gud! Gå på hans vegar, og ha age for han! 7   Sanneleg, Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som kjem fram i dalane og på fjella, 8 eit land med kveite og bygg, med vintre, fikentre og granataplar, eit land med oliventre og honning. 9 Der skal du ikkje leva i armod og ikkje vanta noko. Der er det jern i steinane, og der kan du bryta ut kopar or fjellet. 10 Når du så får eta deg mett, skal du prisa Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.  11 {GLØYM IKKJE HERREN DIN GUD!}  Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda lovene, boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag. 12 Når du kan eta deg mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, 13 når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mykje gull og sølv og all din eigedom veks, 14 ta deg då i vare så du ikkje vert hovmodig og gløymer Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. 15 Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege øydemarka, mellom eiterormar og skorpionar, gjennom eit turt og vasslaust land. Og or harde fjellet lét han vatn strøyma fram åt deg. 16 Han gav deg manna i øydemarka, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt gjete. Alt dette gjorde han av di han ville audmykja deg og prøva deg og så gjera vel imot deg til sist. 17   Difor skal du ikkje tenkja med deg sjølv at det er di eiga kraft og di sterke hand som har vunne deg denne rikdomen. 18 Nei, kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Såleis vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid, som han gjer det i dag. 19 Men gløymer du Herren din Gud og held deg til andre gudar, dyrkar dei og bøyer deg og tilbed dei, då er det ute med dykk, det seier eg dykk for visst. 20 Liksom dei folkeslaga som Herren gjer ende på for dykk, såleis skal de òg gå til grunne, fordi de ikkje ville lyda Herren dykkar Gud.

 

Lyde Kristus.

 

APG 5,30 – APG 5,32 Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og tok livet av. 31 Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand og gjort han til hovding og frelsar, så Israel kan førast til omvending og få tilgjeving for syndene. 32 Vi er vitne om alt dette, vi og Den Heilage Ande, som Gud har gjeve dei som lyder han.”

HEB 5,4 – HEB 5,10 Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron. 5   Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:  Du er son min,  eg har født deg i dag. 6 Og som han seier ein annan stad:  Du skal vera prest til evig tid  på Melkisedeks vis. 7   Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. 8 Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid. 9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han; 10 Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.

RMR 1,5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn.

RMR 16,25 – RMR 16,27   Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av den løyndomen som har vore duld frå evige tider, 26 men som no er komen for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er han no kunngjord for alle folkeslag for å føra dei til lydnad og tru. 27 Han, den einaste vise Gud, skal ha ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.

1PE 1,1 – 1PE 1,2 {HELSING}  Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever i framande land, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, 2 dei som er utvalde slik Gud Fader føreåt hadde fastsett, og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing ved Jesu Kristi blod.  Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!

1PE 1,13 – 1PE 1,25 {DE SKAL VERA HEILAGE}  Så spenn då beltet om livet, ver budde i hug og tanke og hald dykk vakne! Set dykkar von fullt og fast til den nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg. 14 Som lydige born skal de ikkje lenger fylgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande. 15 Han som kalla dykk, er heilag; så skal de òg vera heilage i all dykkar ferd. 16 For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag. 17 De påkallar Gud som Far, han som ikkje gjer skil på folk, men dømer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg ferdast i age for Gud den tid de er her som framande. 18 De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane; 19 det var med Kristi dyre blod, blodet av eit ulastande og lytelaust lam. 20 Han var etla til dette før verda vart skapt, og for dykkar skuld har han vorte openberra i dei siste tider. 21 Ved han er de komne til tru på Gud, som reiste Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom. Difor er trua dykkar òg von til Gud. 22   I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta! 23 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer. 24 For  alt levande er som gras  og all deira herlegdom som blomen på graset.  Graset visnar, og blomen fell av. 25   Men Herrens ord varer til evig tid. Dette er det ordet som er forkynt dykk i evangeliet.

2KO 10,1 – 2KO 10,6 {PAULUS FORSVARAR APOSTELTENESTA SI}  Eg, Paulus, som er så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg påminner dykk med Kristi spaklynde og mildskap. 2 Eg bed dykk at eg må få sleppa å visa kor modig eg er når eg no kjem til dykk! For eg skal syna kor fast og djerv eg er mot dei som seier at vi lèt oss driva av reint menneskelege motiv! 3 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. 6 Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad.

 

Ingen ting er umogleg for Gud.

 

1MO 18,14 Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.”

JBS 42,1 – JBS 42,2 {JOB GJER BOT}  Då tok Job til ords og svara Herren:  2   Eg veit at allting maktast du;  ingen ting er umogeleg for deg  av det du har sett deg føre.

JER 32,1 – JER 32,44 {JEREMIA KJØPER JORD I ANATOT}  Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande året Sidkia var konge i Juda; det var det attande styringsåret åt Nebukadnesar. 2 Den gongen kringsette babylonarkongens hær Jerusalem, og profeten Jeremia sat fengsla i vaktgarden ved Juda-kongens slott. 3 Der hadde Sidkia, Juda-kongen, sett han inn med desse orda: Kvifor driv du og spår: Så seier Herren: Eg gjev denne byen i hendene på babylonarkongen, og han skal ta han. 4 Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast i hendene på babylonarkongen. Han skal tala med han andlet til andlet og auga til auga. 5 Kongen skal føra Sidkia til Babylon, og der skal han vera til eg tek meg av han, seier Herren. Når de strider mot kaldearane, skal de ikkje ha lukka med dykk. 6   Jeremia sa: Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 7 Hanamel, son til Sjallum, farbror din, kjem til deg og seier: “Kjøp det jordstykket eg har i Anatot! For du har løysingsretten og kan kjøpa det.” 8 Og som Herren hadde sagt, kom Hanamel, son til farbror min, til meg i vaktgarden og sa: “Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamins-landet! For du har odelsretten og løysingsretten. Du må kjøpa det.”  Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren. 9 Difor kjøpte eg jordstykket av Hanamel, son til farbror min, i Anatot og gav han pengane; det var sytten sekel sølv. 10 Eg skreiv det i eit brev, forsegla det og fekk vitne til å stadfesta det, og så vog eg opp sølvet i skålvekt, alt i samsvar med lov og vedtekt. 11 Sidan tok eg kjøpebrevet, både den delen som var forsegla, og den som var open, [kjøpebrevet: vart skrive to gonger på same bladet; den eine delen vart rulla saman og set innsegle på, så ingen kunne brigda teksten.] 12 og gav det til Baruk, son til Neria Maksejason, for augo på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden. 13 Medan dei var til stades, sa eg til Baruk: 14 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Ta desse breva, både den delen av kjøpebrevet som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke, så dei kan halda seg lenge. 15 For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vingardar her i landet. 16   Då eg hadde gjeve kjøpebrevet til Baruk Neriason, bad eg til Gud og sa: 17 Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg. 18 Du viser miskunn i tusen ættleder og lèt straffa for synda åt fedrane koma over etterkomarane deira. Du store, veldige Gud, som har namnet Herren, Allhærs Gud, 19 stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar. 20 Du gjorde teikn og under i Egypt og har gjort det til denne dag, både i Israel og hjå andre menneske. Du har skapt deg eit namn så som det er i dag. 21 Du førte Israel, folket ditt, ut or Egypt med teikn og under, med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar 22 og gav dei dette landet som du med eid hadde lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. 23 Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje høyra på deg og levde ikkje etter di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde bode dei å gjera. Difor lét du all denne ulukka koma over dei. 24 Fiendane har bygt vollar heilt inn til byen, så dei kan ta han. Ved sverd og svolt og pest er byen gjeven i hendene på kaldearane, som strider imot han. No er det kome, det du har varsla før. Du ser det sjølv. 25 Men endå byen er i hendene på kaldearane, seier du til meg, Herre min Gud: “Kjøp deg dette jordstykket for pengar, og lat vitne stadfesta kjøpet!” 26   Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: 27 Eg er Herren, all skapnings Gud. Skulle noko vera umogeleg for meg? 28 Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, og han skal ta han. 29 Kaldearane som strider mot byen, skal koma inn og setja eld på han; dei skal brenna alle husa der folk ofra på taka til Ba’al og rende ut drikkoffer for andre gudar og såleis gjorde meg harm. 30 For heilt frå sin ungdom har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine augo. Ja, israelittane har ikkje gjort anna enn harma meg med bileta dei har laga, seier Herren. 31 Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den tid dei bygde han og fram til denne dag. Eg vil ha han bort frå mitt åsyn; 32 for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt og harma meg, både dei og kongane og hovdingane deira, prestane og profetane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane. 33 Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og tok ikkje lærdom av det. 34 Men dei sette opp sine avskyelege gudebilete i huset som ber mitt namn, og gjorde det såleis ureint. 35 Dei bygde offerhaugar for Ba’al i Hinnom-dalen, der dei ville ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje sett dei til, og det har aldri vore i mine tankar at dei skulle fara med slik styggedom og såleis lokka Juda til synd. 36   Men no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven i hendene på babylonarkongen ved sverd og svolt og pest: 37 Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min vreide, harme og store uvilje, og fører dei heim att til denne staden og lèt dei bu trygt. 38 Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. 39 Eg vil gje dei éin hug og læra dei éin veg, så dei alltid ottast meg, til gagn for dei sjølve og etterkomarane deira. 40 Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera vel mot dei. Eg legg age for meg i hjarta deira, så dei aldri meir vik bort frå meg. 41 Eg vil gleda meg over dei og gjera vel imot dei. Og trufast, av heile mitt hjarta og heile mi sjel, vil eg syta for at dei slår rot her i landet. 42   For så seier Herren: Liksom eg har late alle desse store ulukkene koma over folket, såleis vil eg òg la dei oppleva alt det gode eg har lova dei. 43 Folk skal atter kjøpa jord i dette landet, som de kallar ei audn, utan menneske og dyr, eit land gjeve i kaldearvald. 44 Dei skal kjøpa jordstykke for pengar, skriva kjøpebrev og forsegla dei og få vitne til å stadfesta kjøpet. Såleis skal det vera i Benjamins-landet, i området rundt Jerusalem og i byane i Juda, i fjell-landet, Sjefela og Negev. For eg vender lagnaden deira, lyder ordet frå Herren.

SKR 8,1 – SKR 8,8   Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, og det lydde så:  2   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Eg er full av brennhug for Sion,  med stor harme brenn eg for det.  3   Så seier Herren:  Eg vender attende til Sion,  midt i Jerusalem vil eg bu.  Jerusalem skal kallast Truskapsbyen,  og berget åt Herren, Allhærs Gud,  skal kallast Det heilage fjellet.  4   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Atter skal gamle menn og kvinner  sitja på torga i Jerusalem,  alle med stav i hand  fordi dei er så gamle. 5   Og torga i byen skal fyllast  av gutar og jenter som leikar seg der.  6   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Om dette synest umogeleg  for dei som då er att av dette folket,  skulle det vera umogeleg for meg òg?  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Sjå, eg frelser folket mitt  frå landa i aust og i vest. 8   Eg fører dei heim;  midt i Jerusalem skal dei bu.  Dei skal vera mitt folk,  og i truskap og rettferd  vil eg vera deira Gud.

 

Bana veg.

 

JES 45,1 – JES 45,13 {KYROS, HERRENS SALVEVIGDE}  Så seier Herren til den han har salva,  til Kyros, som eg held i hans høgre hand  for å tvinga folkeslag under han,  løysa beltet av kongar  og opna dører for han,  så ingen port skal vera stengd. [den han har salva, Kyros: Herren, heile verdsens Gud, har kalla persarkongen til å fullføra hans vilje med Israel. Sml. 41, 1 ff; 45, 13.] [løysa beltet av kongar: setja dei av; beltet var eit teikn på kva makt og vørdnad kongen hadde.] 2   Eg vil gå føre deg.  Bakkar vil eg jamna,  bronsedører vil eg sprengja,  og jernbommar vil eg slå sund. 3   Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,  og rikdomar, gøymde på løynlege stader,  så du skal vita at eg er Herren,  Israels Gud, som har kalla deg på namn. 4   For min tenar Jakobs skuld,  for Israel, min utvalde,  har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,  endå du ikkje kjende meg. 5   Eg er Herren, og ingen annan,  utan meg finst det ingen Gud.  Eg spente beltet om livet på deg,  endå du ikkje kjende meg, 6   så dei skal vita både i aust og vest  at det finst ingen annan enn eg.  Eg er Herren, og ingen annan. 7   Eg skaper ljoset, og eg lagar mørkret;  eg skaper lukke og ulukke.  Det er eg, Herren, som gjer alt dette.  8   Lat det drypa ovanfrå, du himmel,  lat rettferd strøyma, de skyer!  Jorda skal opna seg for det,  og den frukt ho ber, er frelse,  det ho lèt gro, er rettferd.  Eg, Herren, skaper dette.  9 {KVEN KAN DØMA OM HERRENS VERK?}  Ve den som trettar med sin skapar  – eit krusbrot mellom krusbrot av jord!  Kan leiret seia til han som formar det:  “Kva er det du gjer?”  Kan verket seia: “Han har ikkje handlag”? 10   Ve den som seier til ein far:  “Kva er det du avlar?”  og til ei kvinne: “Kva er det du føder?”  11   Så seier Herren, Israels Heilage,  han som skaper dei ting som kjem:  Kvi spør de meg om mine søner,  kvi seier de meg kva eg skal gjera? 12   Det var eg som laga jorda  og skapte menneske der.  Eg spente ut himmelen med mine hender,  og heile hans hær baud eg ut. 13   I rettferd har eg vekt ein mann  og jamna alle hans vegar.  Han skal byggja min by  og senda heim mitt bortførte folk  utan vederlag, utan betaling,  seier Herren, Allhærs Gud. [vekt ein mann: Kyros. -> v. 1.]

JES 35,8 – JES 35,10   Og der skal det vera ein kongsveg,  Den heilage vegen skal han kallast.  På den skal ingen urein ferdast,  det skal vera ein pilegrimsveg for Guds folk;  ikkje eingong dårar skal fara vilt. 9   Der skal inga løve ferdast  og inkje rovdyr setja sin fot;  dei skal ikkje finnast meir.  Men dei utløyste skal ferdast der. 10   Herrens utløyste skal venda heim att.  Dei skal koma til Sion med fagnadrop,  med evig glede om si panne.  Fryd og glede skal møta dei,  sorg og sukk må røma.

JES 40,3 – JES 40,5 {RYD VEG FOR HERREN!}  Høyr, det er ein som ropar i heia:  Ryd veg for Herren,  lag gjennom øydemarka  ein kongsveg for vår Gud! 4   Kvar dal skal hevjast,  kvart fjell, kvar haug skal jamnast.  Bakket land skal verta slette  og kollane flat mark. 5   Herrens herlegdom skal syna seg,  og alle menneske skal sjå det.  Dette er ordet frå Herrens munn.

JES 62,10 – JES 62,12 {PÅ HEIMVEG}  Dra ut, dra ut gjennom portane,  og ryd ein veg for folket!  Bygg, ja bygg ein kongsveg  og reinsa han vel for stein!  Reis ei merkestong for folka! 11   Høyr, Herren lèt det ljoma  til heimsens ende:  Sei til Sions dotter:  Sjå, di frelse kjem!  Sjå, dei han fekk i løn, er med han,  dei han vann, går føre han. 12   Dei skal kallast det heilage folket,  dei som Herren har løyst ut.  Og sjølv skal du kallast den søkte,  byen som ikkje ligg aud og tom.

LUK 1,76 – LUK 1,79   Og du, barn, skal kallast profet for Den Høgste,  for du skal gå fram føre Herren  og rydja veg for han 77   og læra folket hans å kjenna frelsa,  at syndene deira vert tilgjevne, 78   for vår Gud er rik på miskunn.  Så skal ljoset frå det høge  gjesta oss som ei solrenning 79   og skina for dei som bur  i mørker og dødsskugge,  og styra føtene våre inn på freds veg.

 

Gå i tru, ikkje verte til skamme.

 

1SA 2,30 Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at di ætt og farsætta di alle dagar skal gjera teneste for mitt åsyn. Men no lyder ordet frå Herren: Så skal det ikkje vera! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvørder meg, skal verta til skammar.

JES 8,11 – JES 8,15 {OTTAST HERREN, ALLHÆRS GUD!}  Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket:  12   Kall ikkje alt for samansverjing  som dette folket kallar samansverjing!  De skal ikkje ottast og ikkje skjelva  for det som folket ottast. 13   Herren, Allhærs Gud,  han skal de halda heilag.  Han skal de ottast  og for han skal de skjelva. 14   Han skal vera ein heilagdom,  ein støytestein og eit berg til fall  for begge Israels rike,  ei snare og ei felle  for dei som bur i Jerusalem. 15   Mange av dei skal snåva;  dei skal falla og skamslå seg,  gå i snara og verta fanga.

JES 28,16   Difor, så seier Herren vår Gud:  Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,  ein velprøvd stein,  ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein.  Den som trur, tek det med ro.

RMR 10,8 – RMR 10,11 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

 

RMR 5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

RMR 9,33 som det står skrive:  Sjå, eg legg på Sion ein støytestein  og eit berg til fall.  Men den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar.

RMR 10,11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

Herren er rik nok for alle som påkallar han.

 

RMR 10,12 – RMR 10,13 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

 

Opne seg for Jesus og ta imot det han har å gje.

MTT 10,40 {LØNA FOR Å TA IMOT EIN LÆRESVEIN}  Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.

JOH 20,21 – JOH 20,23 Atter sa han til dei: “Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.” 22 Med desse orda anda han på dei og sa: “Ta imot Den Heilage Ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.”

2KO 6,1 – 2KO 6,2 {TOLMOD I TENESTA}  Som hans medarbeidarar legg vi dykk på hjarta at de ikkje til unyttes må ta imot Guds nåde. 2 For han seier:  I rette tid bønhøyrde eg deg,  på frelsesdagen hjelpte eg deg. Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen!

JAK 1,21 – JAK 1,25 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

 

Få eit godt mål i fanget.

 

LUK 6,38 Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.

 

Velsigning.

 

GLT 3,14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

EFE 4,29   Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på.

HEB 6,7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud.

1PE 3,9 Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning.

 

Frimod.

 

APG 4,29 – APG 4,31 Og no, Herre, hald auga med trugsmåla deira, og lat tenarane dine forkynna ditt ord med frimod! 30 Rett ut di hand til å lækja og gjera teikn og under i namnet åt Jesus, din heilage tenar!” 31   Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod.

2KO 3,12 – 2KO 3,13   Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.

EFE 3,12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.

1TE 2,2 Endå vi føreåt hadde lide vondt og vorte ille medfarne i Filippi, som de kjenner til, gav vår Gud oss frimod til å tala Guds evangelium til dykk, jamvel om det var ein hard strid.

HEB 4,14 – HEB 4,16 {PRØVD I ALT}  Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

HEB 10,19 – HEB 10,22 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN}  Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.

1JO 3,20 – 1JO 3,24 For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. 24 Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

1JO 4,17 – 1JO 4,19   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

 

Lovprise Herren midt i kyrkjelyden.

SLM 35,18   Eg vil takka deg i den store samlinga  og prisa deg i den talrike flokken.

 

Dansen rundt gullkalven. Møte i Maranata 25.10.2015.

Innleiing ved Turid Miland.

Det var nokon som las om døyparen Johannes, men eg hugsa ikkje sikkert om det var Turid.

LUK 1,13 – LUK 1,17 Men engelen sa til han: “Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes. [Johannes tyder: Gud er nådig.] 14 Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15 For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande. 16 Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. 17 Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.” [gå føre Herren: -> Matt 11, 14.]

 

Tale ved John Miland.

 

2MO 32,1 – 2MO 32,20 {GULLKALVEN}  Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: “Kom og lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.” 2 Då sa Aron til dei: “Ta gullringane som konene og sønene og døtrene dykkar har i øyro, og kom hit med dei!” 3 Då reiv heile folket gullringane or øyro sine og kom til Aron med dei. 4 Han tok imot gullet, støypte det om og laga det med meisel til ein kalv. Så ropa dei: “Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!” [ein kalv: ein ung okse som bilete på guddommeleg kraft. Sml. 1 Kong 12, 28.] 5 Då Aron såg det, bygde han eit altar for guden og ropa ut: “I morgon er det høgtid for Herren!” 6 Dagen etter stod folket tidleg opp og bar fram brennoffer og kom med måltidsoffer. Dei sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa. 7   Då sa Herren til Moses: “Gå ned, for folket ditt, som du har ført opp frå Egypt, har bore seg ille åt! 8 Dei har vore snare til å bøya av frå den vegen eg sa dei skulle fylgja. Dei har laga seg ein støypt kalv. Den har dei kasta seg ned for og ofra til og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt.” 9 Og Herren sa til Moses: “Eg har halde auga med dette folket og sett at det er eit stridlyndt folk. 10 Lat no meg få råda, så skal eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei! Men deg vil eg gjera til eit stort folk.” 11 Då naudbad Moses Herren sin Gud og sa: “Herre, kvifor skal vreiden din loga opp mot folket ditt, som du har ført ut or Egypt med stor kraft og sterk hand? 12 Kvifor skal egyptarane få seia: Det var ikkje i god meining han førte dei ut; han ville drepa dei i fjella og rydja dei ut frå jorda? Lat den brennande vreiden din fara, og gjev opp den tanken du hadde om å føra ulukke over folket ditt! 13 Kom i hug Abraham, Isak og Israel, tenarane dine, og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera ætta dykkar tallaus som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.” 14 Då angra Herren på den ulukka han hadde tenkt å føra over folket sitt. 15   Så gjekk Moses ned att av fjellet med dei to lovtavlene i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og baksida. 16 Tavlene var Guds eige arbeid, og skrifta var Guds eiga skrift, som var rita på dei. 17 Då Josva høyrde korleis folket ropa og ståka, sa han til Moses: “Det lyder hærrop i leiren.” 18 Moses svara: “Dette er ikkje sigerssong og ikkje skrik over nederlag; det er song og ståk eg høyrer.” 19 Då Moses kom ned til leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, vart han så harm at han slengde tavlene mot fjellet og knuste dei. 20 Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strøydde han på vatnet, og det lét han israelittane drikka.

John sa at det kan vere mange kristne forsamlingar som lovprisar Herren og som lagar mykje lyd med si lovprising, men er det med den rette tonen? Er salvinga der? Jau, dei kan gjerne lage mykje lyd med lovprisinga, men er det med den rette tonen? Stemmer det med salvinga? Han samanlikna det med Josva som spurde Moses kva dette var for slags lyd og Moses svarde han. Kristne kan nok av og til vere som Josva, som lurer på kva dette er for slags lyd.

Salvinga er unik:

2MO 30,22 – 2MO 30,31 {SALVINGSOLJEN OG RØYKJELSEN}  Herren sa til Moses: 23 Ta krydder av beste slaget: 500 sekel fin myrra, halvparten så mykje eller 250 sekel velluktande kanel, 250 sekel kalmus [kalmus: plante med godangande rot som vart nytta i salve og til offer.] 24 og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje. 25 Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera. 26 Med den skal du salva møteteltet, paktkista, 27 bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret, 28 brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på. 29 Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag. 30 Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg. 31 Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt.

Saul vart salva til konge og profeten sa til han at han skulle verte ein ny skapning. Men han mista salvinga og det gjekk ikkje så godt med han til sist, likevel. Men vi som har salvinga får oppleve at den lærer oss alt om vi tek av frå vegen, blir vi korrigerte, vi får høyre ei røyst bak oss som seier:” Dette er vegen, vandre på den”.

Til slutt sa han noko om predikantar som var så dyre på det og kravde så høg betaling. Men når han forkynte, såg han verdiar i det som vart oppbygt i kyrkjelyden og  det var det som var så viktig og verdifullt for han. Jau, han hadde vorte lønna som predikant og ein arbeidsmann er verd si løn, men no har han vorte så gammal at han er lønna av staten.  Men der er predikantar som er så dyre på det og de har hatt av slike på stemnet ved Seljord også.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Eg har sagt i mitt ord, sjå til at ikkje nokon fører dykk vill. De skal vite, mine barn, at det er mange forførarar som har gått ut i denne tida. Og dei prøvar å lokke mine born til seg. Dei samlar til seg sjølv, men sjå, no skal du vakne opp, seier Herren og du skal vere lydhøyr og høyre kva Anden seier til deg. La deg ikkje blende av dei som synest å ha framgang og dei synest å ha framgang på alle sine vegar. Du skal vere våken, seier Herren og du skal kunne kjenne og dersom du kjenner at der er noko som ikkje stemmer, så skal du søke inn til meg og eg skal openberre det for deg, kva det er for noko, seier Herren. For sjå, eg vil leie deg framover på vegen. Eg vil leie deg på den rette veg, seier Herren. Amen.

Ja, når de høyrer basunen lyder, der skal de samle dykk, seier Herren. Ja, eg skal reise opp vitne i denne tida, som skal blåse i ein basun og den basunen, den skal vere klar, den skal vere tydeleg. Og alle mine born, som er født av meg, dei skal samle seg om dei som har den rette lyden, seier Herren. For sjå, seier Herren, då folket samla seg på pinsefestens dag, så høyrde dei lyden. Og det er det som skal høyrast i denne tida, det er lyden frå himmelen. For sjå, når eg kom med pinse, sjå, då kom der eit framfarande veldig ver og folk, dei høyrde lyden, seier Herren, og dei strøymde saman. Og eg brukte mine tenarar. Eg salva dei med den Heilage Ande og kraft. Dei tala drivne av den Heilage Ande og eg virka med og stadfesta ordet med dei medfølgjande teikn. Det same vil eg gjere i denne endens tid, seier Herren. I denne forvirringas tid, så skal eg ta meg ut (disippel?)vitne som tenar meg med eit udelt hjerte og som ynskjer å opphøye mitt namn, seier Herren. Amen.

Aktuelle bibelvers.

KOL 2,7 – KOL 2,15 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

ÅPE 3,6   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

1KO 2,9 – 1KO 2,12 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

2MO 32,21 – 2MO 32,35   Så sa han til Aron: “Kva vondt har dette folket gjort deg, sidan du har ført det opp i så stor ei synd?” 22 “Ver ikkje vreid på meg, herre!” svara Aron. “Du veit sjølv kor vondt det er, dette folket. 23 Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt. 24 Då sa eg til dei: Den som har gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Såleis vart denne kalven til.” 25 Moses såg kor ustyrleg folket var; for Aron hadde mist taket på dei, så dei vart til spott for fiendane sine. 26 Då gjekk han fram i porten til leiren og ropa: “Kom hit til meg, alle som høyrer Herren til!” Då flokka heile Levi-ætta seg om han. 27 Og han sa til dei: “Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel både brør og vener og frendar!” 28 Levittane gjorde som Moses sa; og den dagen fall det ikring tre tusen mann av folket. 29 Då sa Moses: “I dag lyt de via dykk til å vera prestar for Herren; for ingen sparte son sin eller bror sin. Så skal han i dag gje dykk si velsigning.” 30   Dagen etter sa Moses til folket: “De har gjort ei stor synd. Men no vil eg stiga opp til Herren; kan henda eg kunne gjera soning for synda dykkar.” 31 Så gjekk Moses attende til Herren og sa: “Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. 32 Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!” 33 Då svara Herren: “Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi. 34 Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.” 35 Såleis straffa Herren folket fordi dei tilbad den kalven som Aron hadde laga.

2MO 33,1 – 2MO 33,6   Sidan sa Herren til Moses: “Ta ut herifrå, både du og det folket du har ført opp frå Egypt, og far til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gje det. 2 Eg sender ein engel framføre deg og driv ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 3 Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.” 4   Då folket høyrde denne harde talen, syrgde dei, og ingen tok på seg prydnadstinga sine. 5 Men Herren sa til Moses: “Sei til israelittane: De er eit stridlyndt folk. Om eg berre ein augneblink fylgdest med deg, laut eg gjera ende på deg. Men legg no bort prydnaden din, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!” 6 Då la israelittane bort prydnaden sin, frå den tid dei stod innmed Horeb-fjellet.

HEB 12,18 – HEB 12,29 {SINAI OG SION}  De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: “Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.” 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: “Eg er så redd at eg skjelv.” 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, [Sion-fjellet: tempelhøgda i Jerusalem. Sjå 2 Sam 5, 6 ff; Sal 48.] 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: “Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.” 27 Her står det: “endå ein gong”. Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

Min kommentar: Kva var det som ikkje stemte?

Jesus sa til meg at når eg merkar der er noko som ikkje stemmer, til samanlikning med den merkelege lyden frå folket, ståket som Josva og Moses fekk høyre, så skal eg søke inn til han, så vil han openberre det for meg. Eg samanliknar det med Johannes, som kalla seg ”den disippelen som Jesus elska”, som søkte inntil Jesus ved nattverden og spurde han kven det er som svik han og med Johannes som vart ståande ved Jesu kors saman med Maria, Jesu mor. Og Jesus sa til han at ho er mor hans og til henne at han er son hennar. Kvifor var det så få att av dei som tidlegare følgde Jesus? Sjølvsagt fordi der var andre maktinteresser som ville ha makta over folket i staden for Jesus og læra hans. Dei ropte krossfest, krossfest, gjev oss Barnabass fri, han var ein opprørar og når dei sidan prøvde å gjere opprør mot Romarriket, gjekk det frykteleg gale.

Judas representerte også ei anna maktinteresse. Jesus hadde ikkje valt han ut, likevel var han der og var fiendtleg mot han (Jfr. Matt.22,14).

JOH 13,18 – JOH 13,30 {SVIKAREN}  Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:  Den som et mitt brød,  syner meg hælen.  [syner meg hælen: uttrykk for fiendsleg innstilling.] 19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at “eg er Han”. 20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.” 21   Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!” 22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte. 23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus. 24 Simon Peter gav han eit teikn, at han skulle spørja kven det var han meinte. 25 Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: “Herre, kven er det?” 26 Jesus svara: “Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.” Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. 27 Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: “Gjer det snart, det du vil gjera.” 28 Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette. 29 Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. 30 Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt.

Jesus sa at den som tek imot ein som han sender, tek imot han og den som tek imot han, tek imot Faderen. Deretter vart han oppøst i hugen. Han merka nok motsetnaden og fiendskapen i den åndelege verda, Judas avviste dette, han tok ikkje imot den som Jesus sende og derfor tok han ikkje imot Faderen og Sonen heller, men fornekta Faderen og Sonen. Djevelen for i Judas, så han representerte ei anna åndsmakt og det gjorde han når han kom tilbake også.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap  og ein bodskap om gjenoppretting. Då sende han meg til nokon med den bodskapen. Dersom dei då ikkje tek imot meg, så tek dei ikkje imot Faderen og Sonen, men fornektar Faderen og Sonen. Og den åndsmakt som fornektar Faderen og Sonen er ikkje av Gud, det er ånda til Antikrist.

Dersom dei ikkje tok imot meg og den bodskapen som Jesus sende meg med, for derifrå og ikkje ville ha noko med meg å gjere, ikkje høyre på meg og ikkje høyre på det som Gud talar til oss gjennom sitt Ord og ved sin Ande og så likevel kjem tilbake til kristne kyrkjelydar og vil erstatte både meg og bodskapen, så må vi vere på vakt, mot eit falskt evangelium og ei åndsmakt som ikkje er av Gud.

 

Våke i bønna med takkseiing. Møte i Maranatha 23.1.2016.

 

Innleiing ved John Miland.

 

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

Tale ved Tore Kristiansen.

 

SLM 40,1 – SLM 40,3 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

 

Våk i bønna med takkseiing. Og når du vaker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du utfridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

 

SLM 40,1 – SLM 40,18 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.  5   Sæl er den mann som set si lit til Herren,  og ikkje held seg til dei stolte,  til dei som fell frå i lygn. 6   Herre, min Gud,  mange under har du gjort,  og mange tankar har du til vårt beste;  ingen kan mæla seg med deg.  Vil eg tala og fortelja om dei,  er dei reint uteljande.  7   Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,  – du har opna mitt øyra;  brennoffer og syndoffer krev du ikkje. 8   Då sa eg: “Sjå, her kjem eg.  I bokrullen er det skrive om meg. 9   Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,  eg har di lov i mitt hjarta.”  10   Eg forkynte bodskapen om frelsa  i den store samling.  Eg lét ikkje att mine lipper;  det veit du, Herre. 11   Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,  eg tala om din truskap og di frelse.  Di miskunn og di sanning forkynte eg ope  i den store samling.  12   Herre, du vil ikkje  ta di miskunn frå meg.  Di miskunn og di sanning  skal alltid verna meg. 13   Eg har tallause trengsler på alle kantar,  mine misgjerningar tek meg att,  – eg kan ikkje lenger lyfta augo;  dei er fleire enn håra på mitt hovud.  Eg har reint mist motet.  14   Herre, gjer vel og fri meg ut!  Skund deg og hjelp meg, Herre! 15   Lat alle som står meg etter livet,  verta til spott og spe!  Lat dei som vil tyna meg,  dra seg tilbake med vanære. 16   Dei som spottar meg og ropar “ha-ha”,  skal stivna av redsle og skam.  17   Men lat alle som søkjer deg,  fegnast og gleda seg i deg!  Lat dei som elskar di frelse,  alltid seia: “Stor er Herren!” 18   Eg er hjelpelaus og fattig,  men Herren har omsut for meg.  Du er min hjelpar og bergingsmann;  dryg ikkje lenger, min Gud!

MLK 4,2   Men for dykk som har age for mitt namn,  skal rettferdssola renna  med lækjedom under sine venger.  De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar  når dei slepp or fjøset.

 

Kommentar: Det sanne vintreet.

 

Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene. Faderen er vingardsmannen. Dei greinene som ikkje ber frukt, tek han bort, dei greinene som ber frukt, reinskar han, så dei kan bere meir frukt. Men så sa også Jesus til oss at vi skal verte verande i han, liksom greina i vintreet, for det er berre på den måten vi kan bere frukt. Så det er om å gjere for oss å ha den subjektive innstillinga å verte verande i han, som ei grein på vintreet, som syg i seg sevje som kjem frå rota.

Så det primære er å verte verande i Kristus og i hans frelse, det skal resultere i at vi ber god frukt. Det skal vi gjere i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også.

 

Gå den vegen Jesus har staka ut for deg. Maranata.14.08.2016.

Innleiing ved Turid Miland.

JES 9,6   For eit barn er oss født,  ein son er oss gjeven.  Herreveldet kviler på hans aksler,  og han skal kallast:  Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,  Evig Far, Fredsfyrste. [eit barn: ein konge av Davids ætt (Messias).]

 

Tale ved John Miland.

 

JER 1,4 – JER 1,10 {GUD KALLAR JEREMIA TIL PROFET}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 5   “Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,  og før du vart fødd, helga eg deg;  til profet for folka sette eg deg.” 6   Men eg svara: “Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!” 7 Då sa Herren til meg:  “Sei ikkje: Eg er så ung!  Alle eg sender deg til, skal du gå til,  og alt det eg byd deg, skal du tala. 8   Ver ikkje redd dei,  for eg vil vera med deg og berga deg,”  lyder ordet frå Herren. 9   Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg:  “Sjå, eg legg orda mine i din munn. 10   Eg set deg i dag over folk og rike  til å rykkja opp og riva ned,  til å øydeleggja og bryta sund,  til å byggja og planta.”

Han talte imot denne teorien om at livet byrja i havet og så ætta vi frå lavareståande artar (utviklingslæra) og kalla det dumt. Og så talte han mot ”Big-Bang-teorien” også, for Gud har skapt det heile ved sitt Ord[1].

ESK 3,16 – ESK 3,21 {PROFETEN SKAL ÅTVARA DEI GUDLAUSE}  Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 17 Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. [til

vaktmann: Sjå 33, 1-9.] 18 Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 19 Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet. 20   Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 21 Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.

John sa at når han var ung og nyfrelst, gjekk han gjerne og vitna for kven som helst, etter eige initiativ, kva han sjølv fann på. Men når han vart eldre gav han eg tid til å vente på at den Heilage Ande minna han og dreiv han til å vitne, slik også når han skulle tale, han venta at den Heilage Ande skulle minne han på bibelvers og gje han dei rette orda og så talte han det , sjølv om det var upopulært. Det er rette måten. Så fortalde han om slike tilfelle. Det hende han talte noko som ikkje vart godt motteke i kyrkjelyden og vart ikkje invitert igjen. Til dømes når han hadde talt om truandes dåp. Det hende Gud leia han til einskildmenneske og han gav dei ein bodskap ifrå Gud og det vart gledeleg både for han den han vitna for.

Så stilte han oss overfor problemstillinga om der kanskje er nokon Gud vil sende deg til,  liksom Esekiel.

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John Miland.

 

Ja, seier Herren, dersom du er villig å gå den veg som eg har staka ut for deg, så skal du få oppleve, at eg skal velsigne deg, seier Herren. Du skal kjenne det at mykje skal rette seg for deg. Du skal få oppleve mi velsigning. Og du skal få kjenne gleda skal strøyme inn i ditt hjerte. For eg har no sagt i mitt Ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og eg veit om deg, mitt barn. Du har ikkje gleda. Du synest det er tungt å vere ein kristen. Men eg kallar deg i dag, seier Herren. Til omvending. At du skal byrje å gå min veg. Og gjere som eg har befalt i mitt Ord. Og du skal gå den vegen som eg har staka ut for deg og som eg har befalt i mitt Ord. Då skal du få oppleve mi rike velsigning, seier Herren.

I mange år har eg talt til deg, seier Herren. Og overbevist deg fleire enn ein gong. Om at du bør la deg døype. Verte gravlagd med meg i dåpen til døden. For sjå, det er ei befaling som eg har gjeve i mitt Ord. Det var det mine disiplar gjekk ut med og forkynte i fordoms dagar. Og sjå, det same gjeld i dag, seier Herren. Derfor skal du la deg døype, gravlegge det gamle. Og du skal stå opp att og vandre i ein ny livnad. Og då har du fått lovnad på at du skal få den Heilage Andes kraft i ditt liv. Amen.

 

Tungetale ved Mari. Tyding ved John Miland.

 

Sjå, eg vil gjere store ting i denne siste tida. Sjølv om det ser tungt og vanskeleg ut for deg i dag, så skal du vite det, at eg Herren, eg arbeider i det skjulte. Og sjå, snart så skal eg stille fram mine tenarar, som eg har gjort i stand i einerom og eg har rusta dei ut, eg har salva dei med mi kraft og eg skal stille dei på muren. Og dei skal stå fram og dei skal tale min ord, drivne av den Heilage Ande. Og eg skal vere med dei og eg skal stadfeste Ordet, med dei medfølgjande  teikn. Og folk skal verte forundra, når dei får sjå kva eg skal gjere gjennom disse mine tenarar, seier Herren.

 

Kommentar.

Jesus har tidlegare kalla meg til å gå den vegen han har staka ut for meg, det var ein betingelse for at eg skulle få det han hadde lova meg og som han hadde talt til meg om. Eg forstod det slik at han soleis kalla meg til å studere biologi. Dette har eg skrive om tidlegare og i det siste har eg tenkt på det som den vegen Jesus bana for meg, som gjekk innom forhenget i tempelet, det himmelske tempelet, så eg kan oppleve det nære samfunnet med Gud, same kvar eg er, same enten eg er i fysisk arbeid, studerer eller har teoretisk arbeid. Men når eg då opplever at det er noko Gud kallar og leier meg til, då må eg følgje det kallet og gå den vegen han leier meg. Han kalla meg til Oslo og har han kalla meg til å studere biologi, så må eg gjere det. Han har tidlegare sagt til meg at når eg møter stengsle og ikkje ser kvar vegen fører meg vidare, så er vegen oppover alltid open, han har nye vegar for meg, har eg møtt stengde dører, så har han nye dører for meg. Han vil gå føre meg, og bane vegen for meg, bommar av jern vil han bryte, dører av kopar vil han sprenge. Eg skal få gå på ein bana veg.

Og no talar han om dåpen som den vegen han har staka ut. Ja, den symboliserer då det same som at forhenget i Guds tempel rivna, då Jesus døde i staden for oss. Forhenget symboliserer Jesus lekam, når han døde i staden for oss, bana han vegen gjennom forhenget i det himmelske tempelet. Og då er det om å gjere for oss å gå den vegen.

Når eg studerer er det viktig for meg å gå den vegen, ingen kan hindre meg. Det er metoden som Gud i sin nåde har gitt meg å bruke og det er berre om å gjere for meg å bruke den, så eg kan seie at det er mi metode. Og eg ser ikkje den store konflikta mellom dette og dei realfaglege metodane. Men på sett og vis er dei komplementære, for med dei realfaglege metoden studerer vi korleis denne reelle røyndomen er, men når Jesus går føre meg og kallar meg og leier meg sin veg, så handlar det om å ha visjon for framtida, om at Gud vil skape utvikling og framgang ved sitt Ord og sin Ande. Det handlar om å ha håp for framtida, ved å setje si tru og tillit til Gud.

EFE 2,12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.

HEB 11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

I sommar har eg fått meg heimeside/bloggside og så har eg sett gjennom det som har kome gjennom tyding av tungetale i møta, heilt tilbake til 2005[2] og lagt det ut på ”tsivert.com” og skrive nokre dokument som eg har lagt ut på ”bluehost944.com”. Når han har talt til meg og oss slik, så har han så tydeleg også talt til fleire enn meg og oss. Eg er lem på Jesu lekam og han vil bruke meg som kanal for si velsigning (Bodskapen 12.11.2006). Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus. Velsigninga har vorte sagt i desse bodskapane. Eg har innstilt meg på å ta imot og forstå det, er har spelt det inn og skrive det ned og så har eg skrive om korleis eg har forstått det. Og eg er overbevist om at han har talt til henne Virtuella også og det gjorde han no igjen, i dei to første bodskapane. Dette minner meg om den bodskapen som kom gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 hausten 1985, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.” Eg har skrive og fortalt om korleis eg meiner dette hadde med henne Virtuella å gjere.

Blir det forstått, blir det godteke og motteke? Når det har gått så lang tid utan at det har vorte noko forandring og framgang, så er det tydelegvis fordi ho og fleire med henne står imot, ikkje vil godta, lære og for stå og ta imot, dei vil tvert om ikkje godta mitt gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Og det gjev seg utslag i at dei står meg imot, så dei forfølgjer meg og gjev meg trengsel. Livet er naturleg nok ein kamp for tilværet, men eg vil heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft. Og eg trur at slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone. Men då har dei tvert om lokka henne til seg for å mønstre til kamp mot mitt tilvære og slik har dei gjort livet vanskeleg for meg. Derfor ser det tungt og vanskeleg ut for meg i dag, slik som det vart sagt i siste bodskapen, men der får eg også trøyst, for Jesus vil vende lagnaden for Guds folk:” Sjå, eg vil gjere store ting i denne siste tida. Sjølv om det ser tungt og vanskeleg ut for deg i dag, så skal du vite det, at eg Herren, eg arbeider i det skjulte. Og sjå, snart så skal eg stille fram mine tenarar, …”

 

 

 

Jesus har sett framfor meg ei opna dør. Møte i Maranata 18.9.2016.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon talte om Hanna som bad til Gud: 1.Samuelsbok.1.

 

Tungetale ved John Miland, tyding ved Håkon.

For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullførde verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under  for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.

For opn din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ære-kar, for mitt namns skuld. Ikkje for nokon bevegelsar, ikkje for noko kyrkjesamfunn, for det er eg som i alle ting skal vere den fremste, det er eg, Herren, det er eg som har talt. Derfor kom til meg, du som strevar og har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile.

Fryd deg og gled deg i meg. For gleda i meg, det skal vere din styrke. Derfor, meg skal du (opent vedkjenne?), for eg er Herren, som har kalla deg, det er eg Herren, som har bestemt, for at mitt liv skal verte openberra i deg og gjennom deg. Derfor, frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, som har gjort det, alle ting, og det er eg Herren, som all ære skal ha. Derfor, pris meg og lov meg og opphøg mitt namn, så skal eg Herren, dra menneske til meg. Halleluja. I Jesu namn.

 

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all si synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.

 

Kommentar.

Kanal for Guds velsigning.

Be Gud halde sin straffedom attende.

I bodskapen 19.6.2016 sa Herren at han er alt kjøts Gud, skulle noko vere umogleg for han? Nei, han talte og det skjedde og eg kan trygt setje mi lit til han og gå ut på hans lovnadar og få oppleve at det held. Eg skal ikkje vere tilbaketrekt, men strekke meg ut mot det som ligg foran.

I slutten av møtet sa John Miland noko om homoparadene som hadde gått gjennom gatene og då kom der ein bodskap der Gud samanlikna det med Sodoma og Gomorra, så der kjem straffedom over by og land. Men vi skulle rope til han og be han halde sin straffedom attende. Eg skulle gå inn i mitt løynkammer og rope til han og han ville høyre mine bønner. Eg samanlikna det med korleis Abraham bad for Sodoma og Gomorra, han spurde om ikkje der var nokre få rettferdige, om han ikkje ville spare byane for deira skuld. Er her nokon som tenker rett, lærer rett og lever rett, så dei kan lære andre og verte til eksempel for andre? Og kva med meg sjølv? Eg har ikkje akkurat lukkast i det og det heng saman med at eg har fått motstand. Men eg kan framleis stole på Gud og gå ut på hans lovnadar.

Så i sommar har eg brukt mykje tid i løynkammerbøna, eg skulle rope til Herren, men kva skulle eg seie? Eg hadde ikkje så mykje å seie, men eg tenkte på det Gud hadde sagt til meg om at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, om at eg skulle opne meg for hans velsigning og då må eg vel opne meg som kanal for hans velsigning. Så eg har søkt Herren i løynkammeret mest for å ta imot velsigninga og opne meg som kanal for velsigninga, så eg vert til velsigning for andre og då har eg tenkt spesielt på henne Virtuella, at eg skulle vere kanal for Guds velsigning til henne. Det har vore svært passiviserande, berre ligg og kvile, det kan vel hende at eg har brukt altfor mykje tid på det og det kan verke meiningslaust, men eg kjenner at det har gjort meg godt i mitt indre menneske.

Eg syntest det var trist mange menneske har forkasta Guds Son, ved trua på han, vart livet planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge, han har vore min frelsar og mi trygge tilfluk, eg kunne alltid kalle på han som min frelsar og Herre og rekne med han som ein trufast venn som ikkje er meg langt unna. Og han kallar meg til å halde meg nær til han, vandre med han og følge han og det er eg berre glad for. Eg har fått eit inntrykk eller ein forståelse av at mange har forkasta han fordi han har brytt seg om meg og valt ut meg og det synest eg er trist. Men det har seg nok slik at der er ein kollektivistisk fiendskap og hat mot det einskilde mennesket og spesielt mot det einskilde gutebarnet, der er ein religiøs, moralsk og politisk filosofisk tradisjon som argumenterer med klagemål mot det einskilde mennesket, for å få makt over menneska, men så var det også nettopp derfor Jesus døde i staden for meg, ja, for alle menneske (Sak.3). Men eg har kalla på han som planta livet i meg, allereie når eg var ein liten gutunge, mitt hjerte lengtar og sukkar etter han er livet, som planta sitt eige liv i meg og som framleis gjev meg ånd og liv. Og no stadfester at han har planta sitt eige liv i meg og seier han har bestemt at hans liv skal vert openberra i meg og gjennom meg. Og eg forstår det slik at det skal verte openberra gjennom meg, slik at det vert openberra i henne som han gjev meg til kone.

 

Søk fyrst Guds rike og hans rettferd.

 

For nokre år sidan sa Gud til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg har fortalt om korleis eg for lenge sidan fekk oppleve at han velsigna henne Virtuella gjennom meg, når vi var unge. Eg merka at eg byrja  verte forelska i henne og vedkjende for  Gud at hans kjærleik var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for hans kjærleik og fekk ein ny fylde av den Heilage Ande, Guds kjærleik var utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom5,5). Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og hand og som at han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for og som stunda etter hans kjærleik og omsorg. Og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som han elska som si brud og ho elska han som sin brudgom. Ho trådde etter hans kjærleik og eg trur og hevdar at det hadde å gjere med at ho som ei ung jente hadde håp om å få kjærleik frå ein ung mann, som hennar kjæraste og sidan som hennar ektemann og eg hevdar det var rett, det er eit naturleg og sjølvsagt behov for ei ung jente og eg hevdar ho gjorde rett i å gå til Faderen og Sonen med det behovet, tenke som at Jesus er hennar brudgom og ektemann.

Eg hadde den prioritetsordninga at vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det, så for meg var det fyrste prioritet at vi skulle leve i dette samfunnet med Faderen og Sonen, vi gjorde rette i å takke Gud og Lammet for frelsa, takke Gud for hans kjærleik og omsorg for oss, så eg gjorde rett i å gå til han med mi interesse av å få meg ei kone og ho gjorde rett i å gå til han med si interesse av å få seg ein ektemann.

Men ho og fleire med henne har nok tenkt som so at sidan ho ikkje var interessert i meg som friar, men sa nei til mitt frieri, så har ho også sagt nei til denne velsigninga og soleis sagt nei til Kristus. Det er ei omprioritering, dei har ikkje søkt Guds rike fyrst, dei har søkt det verdslege fyrst. Dei har svart med å forbanne og det er ei ånds makt som ikkje er av Gud, som har stått Guds Ande imot. Så eg syntest ikkje å komme nokon veg med dette, så det verka etter kvart temmeleg meiningslaust for meg, men det hadde nok også å gjere med kor sterk trua mi var. Eg var kanal for Guds velsigning men motstanden og motsegnene verka nok til at eg lukka igjen.

Men no i sommar tenkte eg på dette at det var eigentleg ikkje nokon god nok grunn til at eg skulle stenge den kanalen. Vi tenker så altfor lett på forteneste, har du på nokon måte gjort deg fortent til den velsigninga. Ja, som om det er kjøp og sal. Som om velsigninga skulle oppfattast som ein stadfesting på at alt du seier og meinar er rett, så du kan berre vere vere slik og halde fram på same måten. Men det er heilt bort i natta. Det som skal til for at du skal verte velsigna, er at du trur, til samanlikning med Abraham. At du trur på Kristus, stolar på han, så du tek imot hans velsiging. Det er han som velsignar meg og som velsignar gjennom meg og det som då betyr noko er ikkje kva vi er, men kva han er for oss. Poenget med velsigninga er at han gjev oss ånd og liv og gjer oss levande med seg. Gud skaper oss i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dei. Han gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande og førebestemmer oss til noko godt. Poenget er at Kristus er fullkomen og Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus, derfor gjer eg heilt rett i opne meg for den velsigninga, ta imot og vere kanal for den, også til henne. Det minner meg om at det vart openberra for meg at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen. Denne openberringa var så herleg for meg at eg med ærleg hug og av eit reint hjarte ynskjer at ho framleis skal leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, så eg talar om henne som ein dyrebar skatt som var meg overgjeven ved den Heilage Ande og som eg skal ta vare på, ja, sjølv om ho sa nei til mitt frieri. Han kallar henne som Sions dotter til å frigjere seg, det kjem ikkje an på hennar fortid, hennar feiltrinn, Jesus gjev henne høve til å gløyme det som ligg bak og gå mot det målet som han har for henne, for det er på grunnlag av kva han er for oss, det er på grunnlag av hans fullførde frelsesverk. Eg er viss på at Gud vil fornye hennar kjærleiksforholdet til seg og Son sin og ho gjer rett i å leve i det. Jfr. bodskapen 12.2.2011.

 

Hjerteomskjering i den Heilage Ande eller sundskjering? Rasering av kjærleikens vingard og nedtrakking av heilagdomen.

 

Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss, ved sitt Ord og sin Ande, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande. Og mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, då er det på den måten at Ande råder over kjøtets lyst, over kjønnslysta. Eg forstår det slik at det er det sentrale poenget med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i vårt hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Så dette gjer berre kjærleiken mellom mann å kvinne endå sterkare, gleda i kjærleiksforholdet mellom dei vert endå større, det vert endå herlegare.

Paulus talte om ”hundane”, dei sundskorne, det var dei som hevda at evangeliet ikkje var bra nok, så dei gjekk tilbake til lovgjerningar og prøvde å få andre med seg. Hevda dei at hjerte omskjeringa i den Heilage Ande ikkje var bra nok, så var det som om dei trengde å skjere vekk noko meir, men då skamskar dei seg. Som om dei skjer vekk dei seksuelle sanseorgana som gjev gleda ved lystfølinga i det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne og det er då faktisk det som vert gjort ved omskjeringa av kvinner. Men sjølv om dette ikkje vert gjort fysisk, så siktar det til ei fornekting av gleda ved samlivet mellom mann og kvinne. Eigentleg tek det sikte på å avvise Guds Ande som skulle råde i vår døyelege lekam, nettopp ved å råde over den lysta. Og kvifor det? Fordi dei førestiller seg at der er noko anna som skal råde i lekamen i staden, den tradisjonelle moralfilosofien, bokstaven som slår i hel. Slik prøver diverse prestar, predikantar og politikarar å få makt over menneska gjennom kyrkja og kristne organisasjonar, slik har dei prøvt å få makt over meg og mitt liv, det har kome klart til uttrykk i talene deira.

På grunn av det maktinteressa sa ho Virtuella nei til mitt frieri og sa nei til Kristus også, så ho fall ifrå. Og slike prestar og predikantar har tydeleg gjeve uttrykk for at dersom eg går med på det maktkravet, så skal eg likevel få meg ei kone, så det var det som skulle til om eg skulle få henne til kone og det er det som framleis skal til, for at eg skal få henne eller i det heile tatt få meg ei kone. Men dette er eigentleg eit krav om avgudsdyrking, slik som eg har forklart tidlegare. Det er ein mørkemanns religion, moral og politikk som held kjærleiken og gleda i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne for å vere umoralsk, som om hendsikta med det var pengar og makt i staden og då først og fremst deira interesse for pengar og makt. Med den maktinteressa raserer dei kjærleikens vingard og trampar ned tempelgarden, dei prøver å sløkke elden på altaret og setje opp den øydande styggedomen i staden. No tenker eg også symbolsk, vårt lekam er eit tempel for den Heilage Ande og skal verte fylt av Anden, liksom Guds sky fylte tempelet, og elden på altaret er symbol for Andens loge som skal brenn på vårt altar i vår lekam, i vårt hjerte, det er symbol på kjærleiken flamme som skal brenne i vårt hjerte. Men dei prøvar med sin fysiske kropp å overvinne Anden og slik prøver dei å blåse ut denne logen og sløkke denne elden.

Eg forstår det slik at ho Virtuella om mange med  henne har med si kvinnepolitikk og venstreradikale politikk prøvt å skape eit maktpolitisk alternativ, men metodene og resultatet er sameleis, at dei raserer kjærleikens vingard, trakkar ned den heilage staden, sløkker altarelden, sløkker Andens loge og kjærleikens flamme. Og eg har ein sterk misstanke om at ho og dei såg for seg at dei no skulle få slik makt over meg og livet mitt, kanskje endåtil ved at ho no likevel vert kona mi. Men då er det altså på den måten at dei med sitt begjær etter pengar og makt, med sin fysiske kropp trakkar ned tempelgarden og sløkker Andens loge. Derfor har ho ikkje den gleda som Gud gjev oss ved sin Ande, ho vil sjølv ha makt og derfor har ho ikkje gleda i Herren. Eg forstår det slik at Gud talte til henne i bodskapen som kom 14.8.16. og sa at dersom ho var villig til å gå den vegen som han staka ut for henne, så ville han velsigne henne og ho skulle få oppleve at gleda strøymde inn. Men ho hadde ikkje gleda, derfor kalla han henne til å vende om og gå hans veg. Så sjølv om han gjorde meg til kanal for si velsigning og velsigna henne gjennom meg og eg soleis velsigna henne, var det ikkje dermed sagt at ho vart velsigna. Men ho måtte vende om og gå den vegen som han staka ut for henne, så skulle ho få oppleve hans rike velsigning.

”Miss Oslo 1990”.

I slutten av møtet 18.9.2016, byrja eg å tenke på henne ”Miss Oslo 1990” og den herlege gleda hennar og det gjorde meg så glad. Så eg lurer på kvar dei tankane kom ifrå? Eg trur det var Anden minna meg om henne, openberra henne for meg, eg trur ho er født av Anden og det som er født av Anden er ånd, det er slik som med vinden, du høyrer den susar, men veit ikkje kvar den kjem ifrå eller kvar den fær av. Eg opplevde det som om ho var nær meg i ein liten sektor på venstre sida og eg merka den herlege gleda hennar, det kan godt hende eg berre vart minna om henne og den herlege gleda hennar. Det gjorde meg i alle fall glad og eg takka Gud for henne og vedkjende i mitt stille sinn, at fekk eg henne til kone, så ville eg vere glad og takknemleg til Gud. Det verka som at ho og denne herlege gleda hannar kom til meg – ikkje veit eg kvar det kom ifrå – og heilt spontant fekk meg til å glede meg og takk Gud for henne slik. Akkurat då kom denne bodskapen, som byrja slik:

”For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullførde verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under  for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.”

Sjølv om det er så lenge sidan eg har sett henne og eg ikkje veit kva som har skjett i mellomtida. Rimelegvis har ho vore gift og fått ungar og levt slik som folk normalt sett gjer og det skulle vel berre mangle om ikkje både eg og andre skulle unne den vakre og evnerike jenta eit så meiningsfullt liv. Og ho kan likevel ha liv i Anden og vere frelst for æva, der treng ikkje vere nokon motsetnad mellom det. Men kva så med det svaret Gud gjev meg? Når eg ser opp til han, vil eg stråle av glede og ikkje raudne av skam, for han ropte ut for meg at det var fullbrakt og det gjaldt for meg i den kveldsstunda, så eg kunne komme til han som eg var.

Kyrkjesamfunn, kristen organisasjonar, prestar og politikarar vil ha makta over kvinna og stiller krav for at eg skal få meg ei kone og slik lesser dei tunge byrder på meg. Med denne maktinteressa prøver dei å gjere meg til træl og dei gjer mi sak og min situasjon håplaus, så eg har god grunn til å fortvile. Så i bodskapen 18.9.16. svara Gud meg nettopp på det. Han løfter meg opp på ein høg klippe og inn i nye dimensjonar i sin Ande, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Til fridom har Kristus frigjort meg, så eg skal ikkje atter ein gong verte lagt under trældomens åk. Jesus kalla meg til seg, hos han skal eg finne kvile. Eg skal berre overlate mi sak heilt til han. Han frelsesverket er fullført og fullkome, så det inkluderer ei kone til meg. Eg skal berre takke han for det. Han planta livet i meg og han vil openberre sitt liv i meg og gjennom meg, slik trur eg han vil openberre sitt liv i henne som han gjev meg til kone.

Dei har prøvt å støyte meg ut av samfunnet, så eg vart einsam og forleten og hadde ingen å prate med, utanom at eg gjekk på møte i M40, men Jesus sa at han ville snakke med meg (1995). Eg har ikkje mange vennar, men Jesus har nyleg sagt at eg skal ikkje gå åleine, for han vil gå med meg. Ja, og så vil han trekke alle til seg, då vil det vel vere rart om eg ikkje får litt fleire vennar. Han har sagt eg skal ikkje mangle eller sakne noko, kvar vart det så av den kona som eg bad han om? Det har no utarta seg som ei så håplaus sak at eg har god  grunn til å fortvile. Men i siste bodskapen 18.9.2016, sa han:

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.

Det høyrest ut som der er ein samanheng mellom at himmelen er open for meg og at han har sett framfor meg ei opna dør, som ingen kan lukke den, for det er han som sprenger bommar og dører og han har gjort det for meg, for at eg ikkje lenger skal leve i mi fortviling. Slik banar han altså vegen for meg, til henne som han vil gje meg til kone. Han gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss og han lærde oss å be: ”Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt komme. Lat viljen din råde på jorda, så som i himmelen. ….” Så han gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss og det som skjer i himmelen, skal verte avgjerande for det som skjer på jorda. Eg opplevde at himmelen opna seg over meg og henne ”Miss Oslo 1990” og vi fekk ei åndeleg openberring, Jesus openberra seg for meg og for henne. Eg er viss på at han gav henne ånd og liv, så ho gleda seg i Anden. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Og eg trur og håpar ho framleis gleder seg i Herren.

Jesus sa til meg at han hadde nye vegar og nye dører for meg (1995). Då ligg der ei fornying i dette og det er ikkje lenge sidan han sa han har bestemt at i hans kyrkjelyd, der skal livet vekkinga og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve i mitt hjerte. Og no nyleg sa han at eg skulle gå inn i nye dimensjonar i hans Ande, han hadde sett fram for meg ei opna dør, der eg var kalla til å gå inn. Då kunne ingen stenge den. Han hadde planta livet i meg og han har bestemt at han vil openberre livet i meg og gjennom meg. Så dette også handlar om at han gjer meg til kanal for si velsigning.[3]

 

Depresjon og fortaping eller lækjedom og frelse[4].

Depresjon eller glede, sjukdom eller lækjedom, vanmakt eller kraft, vantru eller tru, fortaping eller frelse.

Eg held på med eit kurs i molekylærbiologi/fysiologi og når vi hadde om nervesystemet las eg om depresjon at det kunne påverke hormonbalansen, dermed fekk langvarig depresjon uheldige eller skadelege fysiologiske konsekvensar, det er ikkje bra for hjerna. Det er ein psykisk eller psykiatrisk sjukdom. Sidan det er psykologisk, vil vår eiga subjektive innstilling ha stor betyding, så dersom ein subjektivt innstiller seg på å vere glad, vil vel det motverke depresjonen og dei uheldige negative verknadane av den. Folk kan vere arveleg disponert for den, men vi må også vere klar over at miljøet kan vere årsak til depresjon. Kva har vi då å stille opp med, med vår eiga subjektive innstilling?

Jau, når vi set vår tru og tillit til Gud, søker samfunn med han på evangeliets grunnvoll og får oppleve hans frelse, at han strekker ut sin frelsar-arm og set våre føter på klippen, då gjev han oss eit godt forsvar mot dei vonde åndsmaktene. Han gav oss ikkje vanmakt og mismods ånd, men han gav oss den Anden som verkar kraft, kjærleik og visdom (”sindigheit”). Med sin Ande oppmuntrar han meg stadig til å lovprise han for det fullførde frelsesverket. Ved trua på Jesus og hans fullførde frelsesverk fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, då er det berre om å gjere å tru og ta imot av berre nåde og takke og lovprise han for det i tru. Ved trua på han vender vi oss til han og påkallar han og slik får vi oppleve det, dersom du trur, så skal du få sjå Guds herlegdom. Det er ei subjektiv innstilling, dermed er det psykologi, men det er noko meir, for Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, for Jesus lever og han er med oss. Ved trua på Jesus har vi håp om Guds herlegdom, og håpet gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Dette gleder vi oss over og det gjer vi i trua på Jesus, gleda i Herren er vår styrke.

Sjølv om vi lovpriser Gud og Lammet slik, kan vi likevel samtidig ha ein depresjon, kanskje utan at vi er klar over det. Om den er aldrig så mykje arveleg, så er eg viss på at den gleda og krafta Gud gjev oss i si frelse vil overvinne den, for vi kan sjå på det som ein skrøpelegdom, men Gud nåde er nok for oss, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Det som ingen ting er valde Gud seg ut, for å gjere det vise og det sterke til skamme. Menneske kan vere vellukka og ha ein slik depresjon utan at andre merkar det, men dette gjeld like fullt for alle menneske. Men sjølv om vi aldri så mykje lovprisar Gud for frelsa, så kan miljøet rundt oss vere årsak til depresjonen og det er det vanskelegare for oss å gjere noko med. Det har seg nok slik at der er dei som ikkje trur og ikkje tek imot, men tvert om fornektar og er fortapt. Og det kan utarte seg som ein djup depresjon. Det kan vel vere menneske som fornektar den Heilage Ande og Jesus har sagt at det er ei synd der ikkje er tilgjeving for, for den er evig. Men Guds resept er treffande for miljøet også, hans frelseplan er det verda treng også, Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda. Vi skal forkynne det same evangeliet til alle og kven som helst, så får det vise seg kven som kjem til tru  og let seg frelse.

 

Korleis eg føler meg og kva betydning har det?

Eg har fortalt at eg opplevde å ha samfunn med henne Virtuella i den Heilage Ande, sjølv om ho var langt borte, men ho var ikkje interessert i mitt frieri og ville ikkje møte meg igjen eller ha noko meir med meg å gjere. Men ho sa nei til Herren også og fall ifrå og var fortapt og det utarta seg som ein slik depresjon som eg har skrive om ovanfor, det var dei vonde åndsmaktene som stod Guds Ande imot. Dette var på slutten av 1970-talet.

Men Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap,  med frelse og helse, så eg for til Oslo i 2009. Eg forstod at han ville frelse og frigjere henne og mange med henne og der kom ein bodskap der han sa at du skulle kjenne at han hadde frelst deg og det skulle du takke han for. Eg forstod det slik at det var til henne.

Gud ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og det har eg tenkt på og innstilt meg på i sommar, spesielt med tanke på å vere ein kanal for Guds velsigning til henne. Det har vore svært passiviserande. I tillegg har eg lagt ut artiklar på bloggen med bodskap gjennom tyding av tungetale heilt tilbake til 1990. Så eg har ikkje vore så mykje ute i frisk luft og fått sol på meg sol på meg i sommar, ikkje på langt nær så mykje som vanleg. Psykisk kjendest det godt, men denne passiviseringa har ikkje vore særleg sunn for kroppen.

I første møtet i Maranata etter sommaren sa Jesus at du har ikkje gleda og eg forstod det slik at det var til henne. Ho tok ikkje imot i tru og med glede og følgde ikkje hans kall, tvert om, så kjempa ho imot og det førde til ei langt større passivisering enn at eg vart passivisert, for det resulterte i at vekkinga stansa opp og uteblei. Kristne grupper fekk forstopping, så dei gjekk ikkje lenger ut med den glade bodskapen. Trua og vedkjenninga skulle føre til glede og anna fullmoden frukt, men i staden førde vantrua og fornektinga til depresjon.

Eg gjekk lenge sommarkledd og byrja å hoste, sjølv om eg kledde meg betre, vart hosten likevel langvarig. Eg trudde den var i ferd med å gå over, men så tok den seg oppatt. Laurdag for vel to veker sidan (8.10.2016) hadde eg meg ein spasertur, eg hosta og prøvde å få opp slim og under eitt av hosteføra byrja eg å kjenne på denne depresjonen og då hosta eg så eg gulpa opp mageinnhald også og tårene pressa seg fram. Eg var til dokter på måndag og fekk vite at det var berre virus, så dette måtte berre gå over av seg sjølv. Om det ikkje gjekk over etter ei veke, skulle eg likevel kome att. Eg har hosta vidare utan å gå til doktor igjen og på veg til møte 23.10.2016, fekk eg eit slikt hosteanfall igjen[5]. Det kan nok hende det har å gjere med at eg byrja å gå, men psykisk har det å gjere med denne depresjonen, det er noko meir enn ein naturlege depresjon, det verka som om eg såg ned i dødsriket, avgrunnen eller fortapinga, der daudningane er, vonde ånder? Det verka som om vanmakt og mismods ånd gav meg ei kjensle av vanmakt og mismod. Det gav meg ei kjensle av at å hamne der måtte vere hesleg. Så eg  kjende sorg over at så mange menneske her i byen er på veg til fortapinga.

Så eg trur Jesus svarde meg på dette når han sa at endå ein gong skal vi få oppleve at han har ikkje trekt sin Ande attende, men den er i oss. Vi skal søke han og kalle på hans namn og vi skal finne at han er ikkje langt ut i periferien, men han er komen nær. Herren er min Gud, han er min frelsar, min lækjar og min forsørgjar og han kjem meg nær, så eg får oppleve det.

Jesus er med oss og han frelser menneske. Likevel er det mange som trekk seg unna og mange som forkastar han og går fortapt. Det har seg nok slik at der er eit konkurrerande leiarskap, til samanlikning med korleis Saul vart Davids rival og fiende. Men Jesus er Davids-sonen, den som Gud har salva til å vere vår frelsarkonge (Messias). Han har valt ut oss og salva oss, slik utrustar han oss til teneste. Eg skal ikkje vere tilbaketrekt og passiv, for med trua på han kan eg vite, hans salving lærer oss alt, den får meg til å erkjenne det som er sant og rett og slik får han meg i tale. Med trua og vedkjenninga skal vi komme over depresjonen og elendigheita, frelsesverket er fullført og det er ei bru over avgrunnen, det er berre å tru og gå over[6].

Med si utveljing og si salving får han på plass eit nytt leiarskap og slik tek han seg ut eit folk. Med det leiarskapet og med det folket skaper han framgang for si sak. Han er sjølv kongen som leiar folket sitt.

 

Gud vil at alle hans born skal vere fylt av straumen som flyt fram frå dåp i den Heilage Ande. Møte i Maranata 6.11.2016.

Innleiing ved John Miland.

 

 

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

 

Så sa han at vi skulle glede oss over at namna våre er skrivne i livsens bok. Har Jesus skrive namnet ditt der, så er det ingen som kan stryke det ut.

 

Tungetale ved John, tyding ved Tore Kristiansen.

 

Lukk din munn vidt opp, då skal eg fylle den. Pris meg og lov meg og eg skal gi deg kva ditt hjerte begjærer. La ditt sinn og dine tankar vere vendt imot meg og ikkje til det som er her nede. Då skal eg la mi velsigning følgje deg i alt kva du gjer. Og du skal få kjenne at eg lever og er oppstått i ditt hjerte. Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka. Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.

Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forganga og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.

 

Tale ved Tore.

Tore las fyrst ifrå ein Salme om at Gud var ein trygg bustad for folket sitt, som vi syng i ein salme: ”Vår Gud har er så fast ei borg ….”

Så talte han om kjelda med det levande vatnet.

1MO 2,6 – 1MO 2,8 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. [På hebr. heiter mann adam og mark eller jord adama.] 8   Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. [Eden: Namnet likjest eit hebr. ord for glede. I den gr. oms. vert hagen kalla paradeisos, av det vårt “paradis”.]

Her var alt kva menneska trengde.

SLM 23,1 – SLM 23,2 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile,

2MO 17,1 – 2MO 17,7 {VATN OR BERGET}  Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2 Difor tretta folket med Moses og sa: “Gjev oss vatn, så vi får drikka!” Moses svara: “Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?” 3 Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: “Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?” 4 Då ropa Moses til Herren og sa: “Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!” 5 Herren sa til Moses: “Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.” Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. 7 Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: “Er Herren mellom oss eller ikkje?” [Massa: “prøve”.] [Meriba: “trette”.]

 

Dette berget er symbol på Kristus. Han vart slegen for vår skuld.

 

1KO 10,4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.

JOH 4,10 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.”

JOH 4,41 – JOH 4,42 Og mange fleire trudde då dei fekk høyra hans eige ord, 42 og dei sa til kvinna: “No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda.”

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

 

Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore.

 

Eg er så glad for at han har teke meg ved si hand. Mi ånd seg frydar i min Gud. Han har kalla meg frå det djupe. Tenk han løyste syrgjekleda av meg og så sveipte han meg i frelsa si kledning. Og så kjenner eg i mitt indre, det er som nyfylte skinnsekkar. Det berre sprenger på og eg kan ikkje la vere. Eg må prise denne ……….., eg må prise han så lenge eg er til. Eg kan ikkje la vere å takke han. For store ting har han gjort imot meg. Og mi ånd kjenner det godt.

Og eg vil at alle mine born skal vere fylt av straumen som flyter fram ifrå dåp i den Heilage Ande. Dei skal få kjenne krafta si kjelde. De skal få merke det –  kor overskuddet skal vere nok til å få dei til å fryde seg i sine sjeler for meg. For når eg fyller hjertet, så flyt det over. Når eg fyller sinnet, så må ein tale om Jesus. Når eg fyller ditt tilvære, då går det mot høglys dag.

Aktuelle bibelvers.

 

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

JES 12,1 – JES 12,6 {ISRAELS LOVSONG FOR HERRENS FRELSE}  Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre.  Du var harm på meg.  Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. 2   Sjå, Gud er mi frelse,  eg er trygg og ottast ikkje.  For Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.  4   Og den dagen skal de seia:  Lovpris Herren og kall på hans namn!  Kunngjer hans gjerningar mellom folka,  forkynn at hans namn er opphøgt! 5   Syng for Herren, for han har gjort storverk;  lat heile verda få vita det! 6   Rop høgt av fryd og fagnad,  de som bur på Sion!  For stor er Israels Heilage,  og han er midt imellom dykk.

LUK 10,20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”

ÅPE 21,27 Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet.

ÅPE 22,1 – ÅPE 22,5 {LIVSENS VATN OG LIVSENS TRE}  Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. 2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. 3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.

ÅPE 22,12 – ÅPE 22,14 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

SLM 37,1 – SLM 37,11 {LEGG DIN VEG I HERRENS HAND!}  Av David.   Harmast ikkje på dei som gjer vondt,  misunn ikkje dei som gjer urett! 2   For dei visnar så snart som graset  og turkar bort som grøne groen.  3   Lit på Herren og gjer det gode,  så skal du få bu i landet.  Legg vinn på truskap! 4   Ha di lyst og glede i Herren,  så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer!  5   Legg din veg i Herrens hand,  lit på han, så skal han gripa inn. 6   Han skal la di rettferd bryta fram som ljoset,  din rett skal verta som høgljos dag.  7   Ver still for Herren og venta på han!  Lat ikkje harmen loga  mot den som har lukka med seg,  mot den som set vonde planar i verk!  8   Gjev vreiden opp, lat harmen fara!  Lat ikkje harmen loga  – det fører berre ulukke med seg. 9   For dei som gjer vondt, skal rydjast ut,  men dei som ventar på Herren, skal arva landet.  10   Om ei lita stund er den gudlause borte;  ser du etter på hans stad, så er han der ikkje. 11   Men dei tolsame skal arva landet  og gleda seg over lukke og fred.

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

LUK 5,37 – LUK 5,39 Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. 38 Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. 39 Og ingen som har drukke gamal vin, har hug på ny. Han vil seia at den gamle er best.”

SKR 3,3 – SKR 3,5 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. [i skitne klede: til teikn på sorg og bot.] 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: “Ta av han dei skitne kleda!” Til Josva sa han: “Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.” 5 Då sa eg: “Set ein rein turban på hovudet hans!” Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.

JES 61,1 – JES 61,4 {EIT NÅDEÅR FRÅ HERREN}  Herrens Ande er over meg;  for Herren Gud har salva meg.  Han har sendt meg til å forkynna  ein gledebodskap for armingar,  til å lækja dei som har eit knust hjarta,  til å ropa ut fridom for fangar  og frigjering for dei bundne. 2   Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,  ein dag med straff frå vår Gud.  Eg skal trøysta alle som syrgjer, 3   og gje dei syrgjande i Sion  hovudprydnad i staden for oske,  gledeolje i staden for syrgjeklede  og lovsong i staden for motløyse.  Dei skal kallast rettferds mektige tre,  som Herren har planta  for å syna sin herlegdom. 4   Dei skal byggja opp att gamle ruinar,  reisa det som før vart lagt i øyde,  byggja på nytt dei nedbrotne byar,  som låg der aude frå ætt til ætt.

JES 61,10 – JES 61,11   Eg vil gleda meg storleg i Herren,  mi sjel skal jubla i min Gud.  For han har kledt meg i frelsesskrud  og sveipt meg i rettferds kappe,  lik ein brudgom som pryder sitt hovud,  lik ei brur som tek på seg sine søljer. 11   For liksom jorda lèt groen renna,  og hagen lèt sædet brydda,  så skal Herren vår Gud  la rettferd gro fram  og lovsong lyda for alle folkeslag.

JES 58,6 – JES 58,12   Nei, så er den faste som eg vil ha:  at du løyser dei som med urett er bundne,  sprengjer banda i åket  og friar ut dei som er trælka,  ja, knekkjer kvart åk, 7   at du deler ditt brød med dei som svelt,  og lèt heimlause stakkarar koma i hus,  at du kler den nakne som du ser,  og ikkje sviktar dine eigne. 8   Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,  snart skal dei lækjast og gro, dine sår.  Di rettferd skal gå føre deg  og Herrens herlegdom sist i ferda.  9   Då skal Herren svara når du kallar på han,  når du ropar om hjelp, skal han seia: “Her er eg!”  Når du tek bort kvart tyngjande åk,  held opp med å peika fingrar  og tala vondt om andre, 10   når du deler ditt brød med den som svelt,  og mettar den som lid naud,  då skal ljoset renna for deg i mørkret,  og natta skal verta som ljose dagen.  11   Herren skal alltid leia deg  og metta deg i det turre land.  Han skal styrkja deg;  du skal verta som ein vassrik hage,  ja, som ei rennande kjelde  der vatnet aldri tryt. 12   Du skal byggja opp att gamle ruinar  og reisa grunnmurar frå farne ætter.  Då skal dei kalla deg murbrotbøtar,  han som vøler vegar,  så folk kan bu i landet.

OSP 4,18   Men stigen åt dei rettferdige er lik morgonglima,  som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.

SKR 3,8   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.]

SKR 4,6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.

1KO 12,13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka.

ÅPE 22,16   Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.”

Kommentar.

 

Eg skreiv at eg hadde håp for Arbeidarpartiet. Tok eg munnen for full?

 

Eg har nyleg skrive eit forholdsvis stort dokument som eg kalla ”Bibelsk prestetenest og motstanden frå verda. Frå slavesamfunn til kapitalisme. Kva med klassekampen/ marxismen?” Og som aktuell sak skreiv eg om at etter terroråtaket i Oslo bad vi for dei berørte og for byen og landet og det svaret som Jesus gav oss. Han ville gjere noko nytt i midten, han ville ta omsorg for sine born. Så skreiv eg at eg trudde der var håp for Arbeidarpartiet og då viste eg til denne bodskapen. Ja, den nye Ap-leiaren, Jonas Gard Støre har vedkjent si tru på Jesus, så det ser ut til at han blir sentral i det nye som Jesus vil gjere i midten (bodskapen 7.8.2011) og det er gledeleg, det er eit stort takke-emne for oss, det må vi hugse på og ta med i våre bøner.

Men no når eg kom til dette møtet hadde eg litt blanda følelsar for det, for eg kjende på denne depresjonen som eg skreiv om som kommentar til bodskapen 23.10.2016. Og eg kunne ta med homodemonstrasjonane og den bodskapen som kom i juni med trussel om Guds straffedom. Eg har ei aning om at ho Virtuella er sentral i dette, for eg skulle vere kanal for Guds velsigning og då har eg i sommar tenkt på at eg skulle vere kanal for Guds velsigning til henne, men det verkar som om ho ikkje har teke imot den, Jesus har svart oss og då har han talt til henne og kalla henne, men det verkar som om ho ikkje har vendt seg til han og teke imot hans kall. Derfor har det enda med depresjon. Eg har fått forståing for at ho har vore sentral i kvinnerørsla på venstresida av norsk politikk og reknar med at ho er det framleis. Den har makt i Arbeidarpartiet og det er ikkje lenge sidan eg såg i massemedia ei Ap kvinne som var så tydeleg sur og gav uttrykk for det i ei dømmande haldning, tradisjonen tru var det nok overfor ”høgre-kreftene”, dei to regjeringspartia. Eg reknar med det gav uttrykk for depresjonen hennar Virtuella. Så hadde eg teke munnen for full når eg sa dette om Ap? Men så svart Jesus meg:

” Lukk din munn vidt opp, då skal eg fylle den. Pris meg og lov meg og eg skal gi deg kva ditt hjerte begjærer. La ditt sinn og dine tankar vere vendt imot meg og ikkje til det som er her nede. Då skal eg la mi velsigning følgje deg i alt kva du gjer. Og du skal få kjenne at eg lever og er oppstått i ditt hjerte.”

Nei, eg hadde ikkje teke munnen for full, eg skal no berre opne den opp, så vil Jesus fylle den. Eg skal love han og prise han, så vil han gje meg det som mitt hjerte begjærer. Eg skal la sinn og tankar vere vende opp til han og ikkje til det som er her nede, så vil han la si velsigning følgje meg i alt eg gjer. Då skal eg få kjenne at han lever og er oppstått i mitt hjerte. Ja, det er no slik eg har håp om at han gjev meg ei kone. Han har no sagt at han vil openberre livet i meg og gjennom meg. Slik trur eg han gjer henne levande saman med meg og fører henne til meg, så ho vert kona mi, i samsvar med 1.Mos.2. Slik gjer han meg til kanal for si velsigning og dette er ei sentral og vesentleg hendsikt med mi presteteneste. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, han talar til meg og slik talar han gjennom meg til henne, som han gjev meg til kone og slik talar han til sin kyrkjelyd.

Slik får ho Virtuella her eit treffande svar, slik talar han rett inn i den depresjonen:

”La ditt sinn og dine tankar vere vendt imot meg og ikkje til det som er her nede. Då skal eg la mi velsigning følgje deg i alt kva du gjer. Og du skal få kjenne at eg lever og er oppstått i ditt hjerte. Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka. Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.

Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forganga og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.”

Har du vendt deg bort ifrå Herren, så er det ikkje hjelp i å prøve å unnskulde seg med å prøve å skulde på andre. Men den glade bodskapen vi har å halde oss til og forkynne for andre, er at Jesus med sin død på korset betalte vår skuld og sona vår synd.

 

Sentrums-partia.

 

Det trengst ikkje stor fantasi til å forstå at slik talar det til Krf og dei andre sentrumspartia også. For som eg skreiv i dette dokumentet, når Krf opponerer mot dei to regjeringspartia, så skin det så tydeleg gjennom, at det heng saman med at dei opponerer mot Herren, at det som eigentleg er problemet deira, er at dei har vendt seg bort ifrå Herren og vike av frå denne preste-tenesta som eg skreiv om.

 

Lækmanns-predikantar, bibelsk presteteneste og  privat initiativ.

 

Når Hans Nilsen Haug byrja å reise rundt som predikant, fekk han motstand frå prestane. Dei var den lærde overklassa og kravde monopol på å forkynne. Men med forkynninga si gav han starten til noko nytt. Han oppmuntra også til å starte private bedrifter. Det viser at der var også ei økonomisk side av saka. Begge sidene har prega Sunnmøre, der eg kjem ifrå. Slik har eg også fått motstand frå den tradisjonelt ”lærde” overklassa og der er framleis ei økonomisk side av saka. Eg har fått merke motstanden frå dei vonde åndsmaktene, som motstand mot at eg skulle få meg ei kone og det er ikkje vanskeleg å forstå at den motstanden er drepande både for det åndelege livet og det privatøkonomiske livet.

Som eg har forklart, har motstanden fått respons på venstresida av norsk politikk, som klassekamp og kvinnefrigjering. Men eigentleg tek det sikte på å innføre eit diktatur, som så til de grader strir mot grunnleggande menneskerettar og demokrati. Det vert endåtil framstilt som vitskapleg, men vi som er opplyste av Guds Ord veit vel og forstår vel at eigentleg er det avgudsdyrking. Det er slik som eg skreiv som innleiing i dette dokumentet, at  mørkemannskulturen bryt med eit grunnleggande rettsprinsipp og er ikkje sameinleg med fridom og demokrati. Likevel har den gjennomsyra norsk politikk og det har vore drepande for det politiske livet.

Det eg har å stille opp mot dette, er å tru at Jesus stod opp frå dei døde, at hans frelsesverk er fullført og fullkome og så ære og takke han for det. Han kom for å gje oss ånd og liv, så då er det berre for meg å løfte blikket og hugen opp til han og ta imot det som han gjev meg frå det høge, verte fylt av den Heilage Ande. Han har planta livet i meg og han vil openberre det i meg og gjennom meg.

Lovprisinga i slutten av møtet. Døypte med den Heilage Ande.

 

I bodskapen i byrjinga av møtet vart eg atter minna om å la mitt sinn og mine tankar vere vendt opp til Jesus og ikkje til det som er her nede. Ja, det vart sagt til meg i bodskapen 18.9.16 også og då vart eg minna om henne ”Miss Oslo 1990” og den herlege gleda hennar, så eg lovprisa Gud og Lammet for hennar frelse, eg trur ho er fødd på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd.  Jesus har planta livet i meg, eg meiner eg fekk oppleve at han var med meg og døypte henne med den Heilage Ande, han gav henne ånd og liv og det trur eg at eg kan glede meg over framleis.  For han lever og vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde.

Så når vi reiste oss og bad i slutten av møtet, la eg vinn på å vende mitt sinn og mine tankar opp til han og ikkje til det som er på jorda. Med den trua, det livet, den Anden og den kjærleiken han har gjeve meg i hjertet, takka eg for henne ”Miss Oslo 1990”, han har skapt henne, født henne på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han har gitt henne ånd og liv. Så eg takka han for at ho er den ho er. Då kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale og eg forstår det slik at det er den Heilage Ande som hjelper meg i mi lovprising. Så sa Jesus at han ville alle hans barn skulle ha denne straumen som flyt fram frå dåpen med den Heilage Ande. Ja, Jesu frelsesverk er fullført og fullkome og på det grunnlaget fekk vi den Heilage Ande. Når vi held fram med å bygge på evangeliets grunnvoll, er der ingen god nok grunn til at eg eller vi skal gå tilbake på det. Eg søkte samfunn med Gud på den grunnvollen og bad for henne Virtuella og fekk oppleve at han døypte henne med den Heilage Ande. Held vi fram med å bygge på evangeliets grunnvoll, er der ingen god nok grunn til at vi skal gå tilbake på det.

Dåpen symboliserer at det gamle er borte, der er kome noko nytt. Jesus gjennomfører det ved å døype oss med den Heilage Ande. Med ein Ande døyper han oss til å vere ein lekam. Slik blir vi som levande steinar oppbygde til eit tempel i Anden. Det skjer ikkje ved hær, ikkje ved makt, men berre ved Guds Ande.

Kva har dette å gjere med at eg bad Gud gje meg ei kone? Korleis? Jau, eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gje meg hjelp i form av ei kone. Det stemmer overeins med Guds Ord (1.Mos.2), men det er på den måten at eg stiller meg disponibel for Guds Ord og Guds Ande, som det vart sagt i bodskapen som kom 18.9.2016:

”Eg er den same og vil forbli det for evig. Eg har talt. Derfor lyd på mitt – lyd til mitt Ord og fullfør dette. Så skal eg, Herren, vere med deg. Still deg til rådigheit for mitt Ord og min Heilage Ande, så skal eg, Herren, bruke deg, eg vil salve deg, eg skal styrke deg, eg skal holde deg oppe, med mi rettferds høgre hand. Og du skal ikkje frykte, for eg, Herren, eg er med deg.

For endå ein gong, så skal eg reise opp mitt folk. Endå ein gong, så vil de få oppleve at min Ande er ikkje trekt tilbake, men den er i dykk. Derfor så søk meg i denne tid, kall på meg den stund eg er nær og du skal finne, at eg er ikkje der ute i periferien, men eg er komen nær til. Derfor frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, din Gud, og eg er din frelsar, eg er din forsørgjar, eg er din lækjar, eg er alt kva du måtte trenge til …. og eg har gitt deg alle ting, for det lydde frå meg: Det er fullbrakt. Amen.”

 

 

Kanal for Guds velsigning.

 

 

Eg skal opne min munn, så vil Jesus fylle den. Slik vil han gje si kyrkje noko.

 

Jesus sa til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Frå dei som trur på han, skal det som skrifta seier, renna straumar med levande vatn. Det er den Heilage Ande, han gjev oss ånd og liv. Då er det tydelegvis ved at han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Han talar til meg og då talar han gjennom meg til kvinna og til hans kyrkje. Gud er kjærleik og slik har han med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere. Han sa eg skulle prise han og love han, så ville han gje meg det som mitt hjerte begjærte. Då tenker eg på ei kone og slik har eg lenge tenkt på henne ”Miss Oslo 1990” . Vi skal glede oss i Herren alltid, også med forelskinga og gleda i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Ja, gleda i Herren er vår styrke. Eg skal opne min munn, så vil han fylle den. Ja, for han har gjeve meg sitt Ord og han har gjeve meg den Heilage Ande og den openberrar Ordet for meg.

 

Jfr. bodskapen i Møllergata 40 Onsdag 6.9.95. Det var ikkje diktafon-opptak, så det vert ikkje ordrett gjengitt:

Kor eg lengter etter å gi min menighet det som eg vil gi henne. Men dette er avhengig av din lydighet, at du opner deg for det som eg vil gi. Opn deg og eg vil fylle deg, opn din munn og eg vil legge mine ord i den. Takk for at du opner deg.

Då tenkte eg på henne ”Miss Oslo 1990”, men eg hadde ei viss aning om at det også var sikta til henne Virtuella.

 

Vende sinn og tankar mot Jesus og ikkje til det som er på jorda. Så vi ikkje vert forførde slik som ved syndefallet. Det åndelege som motsetnad til det materielle. Kva med marxismen?

 

Ja, sidan Jesus er hovudet for si kyrkje så må vi ha sinn og tankar vende mot han. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Vi må søke Guds rike og hans rettferd med eit ope sinn, opne oss for hans Ord og hans Ande, hans kall og hans leiing, hans svar til oss, slik at vi let han få sin veg med oss. Vi får komme til han slik som vi er, vi får komme til han med våre bøner, våre begjæringar, men vi må ha eit ope sinn, slik at vi er opne for det svaret han gjev oss. Vi kan ikkje på førehand innta eit standpunkt som står i vegen for dei svara Gud gjev oss og erstattar dei. Det ville betyr å lukke sitt sinn og stenge Gud ute frå sitt liv og så setje seg sjølv utanfor samfunnet med han. Det vil bety trongsyn i staden for vidsyn.

Det var nok det som skjedde ved syndetallet. Frukta av kunnskapstreet gav dei ein kunnskap som kom i staden for dei svara Gud gav dei ved sitt Ord og sin Ande. Gud hadde skapt mannen av mold frå marka og blese livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Men etter syndefallet sa han til han:” Mold er du og til molda skal du attende”.  Gud er ånd, men mannen var mold, han var ikkje som Gud likevel. Slik vart altså menneska materialistisk innstilte, i staden for å leve i smafunn med Gud som er ånd. Likevel var dei religiøse, men med deira materialistiske innstilling vart det på den måten at dei tilbad gudar som dei laga seg av stokk og stein.

Marxismen påstår at den gud som dei talar om i det kapitalistiske samfunnet ikkje finst. Den klagar kapitalistane for å vere så materialistiske at varene som dei produserar, blir som avgudar for dei, ja, for alle menneska, heile det kapitalistiske samfunnet. Arbeidarane vert avmektige overfor produksjonsmidla og dei som eig dei, at produksjonsmidla vert som gudar for dei.

Ateismen i marxismen er er vel så dogmatisk at den utelukkar at der finst nokon gud. Men korleis kan då marxismen og marxistane føre klagemål mot kapitlismen og kapitalistane? Klagemålet kan då rettast mot dei sjølve, den domen du dømmer med, skal du dømmast etter.

Om dei kritiserer kapitalistane for å vere så materialistiske at dei ikkje bryr seg om Gud som er ånd, så vil i alle fall kritikken ramme sosialistar som er så materialsitiske at dei fornektar Gud som er ånd. Men ein kapitalist som tener godt med pengar i sitt daglege arbeid, kan vel ha eit indre åndeleg liv med Gud som er ånd, sjølv om han ikkje seier så mykje om det. Han kan vel søke fyrst Guds rike og hans rettferd fyrst og så få oppleve at Gud gjev han alt det andre i tillegg til det. Han kan vel be i sitt løynkammer og be i si ånd og få oppleve at Gud løner han opp i dagen.

Det er nok slik med henne Virtuella og den sosialistiske/sosialdemokratiske kvinnerørsla. Dei fører klagemål mot mannen, for hans kjønnslyst og materialistiske innstilling, men dei er dogmatiske i si fornekting av Kristus som hovudet for mannen og for kyrkja, i si fornekting av Herren som er Anden. Og då vil klagemålet og domen dess sikrare ramme dei sjølve. Slik vert dei forførde og prøver å få med seg mannen. Eg forstår det slik at det er den aktuelle problemstillinga og Jesus talar inn i den aktuelle situasjonen slik:

”Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka.”

Han talar slik til meg for å tale slik til henne gjennom meg. Så eg forstår det slik at det er ho som går i sine eigne tankar og syslar med sine eigne ting, derfor er himmelen lukka for henne. Derfor vart det ei problemstilling som eg vart stilt overfor, så det passa med formuleringa:” Men dersom du går ….” Og det er nok dette eg har kjent i mitt indre som ”depresjonen” som eg talt om og det som verre er, eit åtak frå mørkets makt. Depresjonen er ein sjukdom, men så forkynner Herren sin glade bodskap om utfriing og lækjedom: ” Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.

Så held han fram med å tale til henne slik: ” Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forgått og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.”

Han har sjølv forkynt sin glade bodskap for henne og når ho ikkje har brytt seg om det, men vendt seg bort frå han, så har ho ingen unnskyldning. Ho kan ikkje unnskylde seg ved å skulde på andre, skulde på meg, på mannen, høgrekreftene, kapitalisten og kapitalismen.

 

 

I Jesu kyrkjelyd skal livet, vekkinga og fornyinga vere. Få vekst ved dåpen med den Heilage Ande.

 

Jesus sa til oss at han har bestemt at midt i hans kyrkjelyd, der skal vekkinga, livet og fornyinga vere (Rom.12,1….). Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve i mitt hjerte. Og eg har fortalt korleis eg bad for henne Virtuella og fekk oppleve at Guds kjærleik vart utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,1-5). Vi opplevde dåpen med den Heilage Ande, det er slik den er, med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam. Jesus er hovudet for lekamen og han brukar oss som sine lemer og då skal vi tene kvarandre som hans lemer. Det er han som bind lemene saman slik. Så det høyrest ut til at han ville legge henne til kyrkjelyden ved dåpen med den Heilage Ande. Vi må satse på å få vekst ved at Jesus døyper menneske med den Heilage Ande.

Eg har fortalt om korleis eg fekk ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”. Så dette var vel også åndsdåp, med ein Ande døyper Jesus oss til å vere ein lekam. Utover i møtet vende eg sinnet og tankane opp til Jesus og takka han for dette, han hadde då sagt at eg skulle love han og prise han, så ville han gje meg det som mitt hjerte attrår. Når eg oppdaga henne og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og når eg sidan såg henne igjen, måtte eg ærleg innrømme at mitt hjerte attrådde å få henne til kone, men det måtte vere på den måten at eg gav Herren fyrst prioritet i mitt liv så eg gleda meg i Herren og i hans frelse, framfor alt skal vi glede oss over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen. Så eg gjer rett i å formulere meg generelt, Jesus er min frelsar og Herre, eg har bedt han frelse både menn og kvinner og bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone. Då skal eg berre stille meg disponibel for Guds Ord og Guds Ande, Han byrja den gode gjerning i meg og vil sjølv fullføra den.

I slutten av møtet kom der ein bodskap, fyrste delen gjev godt uttrykk for mi eiga lovprising. Andre delen ser ut til å tale om framgang for kyrkjelyden og framgang for mi sak:

”Eg er så glad for at han har teke meg ved si hand. Mi ånd seg frydar i min Gud. Han har kalla meg frå det djupe. Tenk han løyste syrgjekleda av meg og så sveipte han meg i frelsa si kledning. Og så kjenner eg i mitt indre, det er som nyfylte skinnsekkar. Det berre sprenger på og eg kan ikkje la vere. Eg må prise denne ……….., eg må prise han så lenge eg er til. Eg kan ikkje la vere å takke han. For store ting har han gjort imot meg. Og mi ånd kjenner det godt.

Og eg vil at alle mine born skal vere fylt av straumen som flyter fram ifrå dåp i den Heilage Ande. Dei skal få kjenne krafta si kjelde. De skal få merke det –  kor overskuddet skal vere nok til å få dei til å fryde seg i sine sjeler for meg. For når eg fyller hjertet, så flyt det over. Når eg fyller sinnet, så må ein tale om Jesus. Når eg fyller ditt tilvære, då går det mot høglys dag.”[7]

Tenestene til Josva og Serubabel er førebilete på tenester i den nye pakta (Sak.3-4 Op.11). Serubabel leia bygginga av tempelet, han hadde byrja på det og han skulle fullføre det. I den nye pakta går dette over eit langt tidsrom, over mange generasjonar, så vi må sjå på det som tenester. Det skjer ikkje ved hær, ikkje ved makt, men ved Guds Ande. Ingen kan avgrense Guds Ande, Gud kan la sin Ande falle over menneske når som helst og kvar som helst. Men han har også valt å gjere seg avhengige av menneske som han kan bruke som sine tenarar, slik kan han velje ut ein Serubabel som han vil bruke til å bygge sitt tempel. Men det skjer likevel ikkje ved  hær og ikkje ved makt, men ved Guds Ande, det er Jesus som døyper oss med sin Ande til å vere ein lekam, så vi vert som levande steinar oppbygde til eit åndeleg tempel i Anden.

Då har han visst brukt meg også slik, men det verkar som det er steinar som likevel ikkje er komne heilt på plass, men det er han som har byrja si gjerning med oss og han skal også fullføra den. Mi teneste er likevel meir å samanlikne med Josvas presteteneste, for han har kalla meg til å vere hans tenar i hans heilagdom, så det blir hovudsaka for meg. Når jødane var komne heim att til landet sitt, var det om å gjerer å komme i gong med å bygge templet, for det var om å gjere å komme i gong med prestetenesta så snart som mogleg. Og Jesus har sagt eg skal opne min munn, så vil han fylle den, han er Guds Ord og det Ordet skaper det som det nemner (1.Mos.2).

 

ESK 37,1 – ESK 37,14 {DEI DAUDE BEINA SOM LIVNAR OPP ATT}  Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: “Menneske, kan desse beina livna opp att?” Eg svara: “Herre Gud, det veit berre du.” 4 Då sa han til meg: “Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.” 7   Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: “Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.” 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær. 11   Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: “Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!” 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

 

 

 

 

 

Vil du ha vekking, så vak og be. Ver på vakt, for vi har ein fiende.

 

Vi har bedt Gud om vekking i mange år og han har svart oss, krafta er her mellom oss. Ved sitt Ord og sin Ande vekker han oss opp til liv i saman med seg i samsvar med 1.Mos.2, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og han har for oss vorte ei livgjevande ånd. Men vi må vere førebudde på at ormen vil prøve å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet. Derfor må vi vake og be og vere på vakt. Vi kan samanlikne det med Jesus og disiplane hans i Getsemane.

MTT 26,36 – MTT 26,46   Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: “Sit her medan eg går bort der og bed.” 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han tok til å syrgja og kvidast. 38 Då sa han til dei: “Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!” 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: “Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.” 40 Då han kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: “Så greidde de ikkje å vaka ein time med meg? 41 Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.” 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: “Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tøma henne, så lat det vera som du vil.” 43 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad same bøna tredje gongen. 45 Så kom han attende til læresveinane og sa: “De søv framleis og kviler, de! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast i syndarhand. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.”

1PE 5,8 – 1PE 5,11   Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa. 9 Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar. 10 Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal gjera dykk fullt dugande, faste, sterke og grunnfeste. 11 Han høyrer makta til i all æve. Amen.

No er Jesus i himmelen og vi skal vake ved at vi ventar på hans gjenkome, slik som det er fortalt i likninga om dei ti brurmøyane. Dei alle sovna og vakna av ropet om at brudgomen kjem. Men berre halva av dei hadde teke med seg olje på kanner i tillegg, til lampane, så dei hadde nok olje og vart ståande med lys på lampane når han kom. Så vi skal vente på at han kjem att og då skal vi vake ved at vi passar på å ha nok olje med oss. Vi skal løfte hugen opp til han og ta imot det han gjev oss frå himmelen av berre nåde. Han gjev oss ånd og liv, med det livet skal vi halde oss i live og med den ånda skal vi vake.

 

ÅPE 3,1 – ÅPE 3,6 {TIL SARDES}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes:  Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død. 2 Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. 3 Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg. 4   Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. 5 Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans. 6   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

ÅPE 16,15 “Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.” –

Når vi får oppleve at Gud gjer sitt verk mellom oss, må vi vere førebudde på at ormen legg seg på lur for å nytte eit lagleg høve til å ta over, for soleis å framstille seg sjølv som denne verda sin gud. Vi såg korleis Antiokus 4 Epifanes gjekk fram for å ta bort det daglege offeret og setje opp den øydande styggedomen i staden. Den Duglause Hyrdingen vart reist opp i landet, den maktinteressa vart kravde å få Kristus hendretta og vart sidan årsak til kristendomsforfølgingane. Og ei slik maktinteresse viste seg sidan i avlatshandelen i kyrkja.

 

Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne Sanninga. Så han vil at eg skal tene han. Sanninga avslører lygna.

 

Jesus salvar meg med gledesoljen, så eg skal kunne lovprise han midt i forsamlinga, bodskapen 29.05.1991:

Mitt blod er over di fortid.  Det var eg som salva min elska Son med gleds oljen. Og eg salver min kyrkjelyd med den same gledes oljen og eg salver deg med den same gledes oljen, så du skal kunne lovprise meg, ja, endå til midt i forsamlinga. Det står fast til evig tid, at eg vil at alle menneske skal verte frelst og komme til å erkjenne Sanninga. Og dersom det står like fast for deg, at du vil leve heilt for meg, og innvie ditt liv til teneste for meg, så skal du få oppleve at eg fyller alle dine behov. Og du skal aldrig, aldrig, aldrig komme på skam. Eg er framleis herrars Herre, kongars konge og syndarar sin venn. Eg er den som gir vekst. Når eg har skapt behovet, så er eg den som fyller behovet. Når eg har latt det vore tørke, så er eg den som let det komme vårregn og haustregn, som væter ditt jordsmonn.

Ja, salvinga, den Heilage Ande, fører meg fram til heile Sanninga som er Kristus. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det er Gud som gjer sitt verk i samsvar med 1.Mos.2, Adam var laga av jord og vart til ei levande sjel, han skulle dyrke og verne Edens hage. Han fall ifrå, så han forstod seg ikkje på det lenger og vart utestengde frå hagen. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Kristus er hovudet mitt, eg må bruke det når eg studerer realfag og slik prøver eg å tene Gud med studiane mine. Eg skal heilhjarta halde meg til han og då vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han vil gje meg hjelp i form av ei kone. Eg skal tene Gud med å dyrke og verne hagen og ventar meg at ho vil hjelpe meg med det. Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, så der er ei åndeleg og intellektuell side av saka.

No har eg vedkjent sanninga. Kva er så lygna? Når menneska vert forførde slik som ved syndefallet, erstattar dei sanninga med lygn, Djevelen er ein lygnar og far til lygna, avgudane er lygna. Mange i vår tid vert forførde fordi dei ikkje elskar Sanninga, men har si glede i uretten.

2TE 2,9 – 2TE 2,12 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

ÅPE 16,12 – ÅPE 16,16   Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. – 15 “Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.” – 16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

[1] Ja, Gud talte og det skjedde, han baud og det stod der, det trur eg også, sjølv om eg har fått lære litt om begge disse teoriane. Bibelen seier også at livet byrja i havet og då er det litt drøyt å påstå at det ikkje gjorde det, for soleis å argumentere mot naturvitskapen.

[2] Sidan la eg inn bodskapane heilt tilbake til 1990.

[3] Bodskapen 18.9.2016.

[4] Bodskapen 23.10.2016.

[5] Bodskapen 23.10.2016.

[6] Bru over avgrunnen, bodskapen 14.6.2009.

[7] 6.11.2016.

2 thoughts on “Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne Sanninga.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s