PARADISETS DRAKAR. Striden mellom kvinna si ætt og ormen si ætt.

 

Bildetekst: Det går rykte om at nokre av pattedyra har språksans og nokre av dei prøvar endåtil å snakke sant.

Innleiing:

Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Ormen måtte drage buken mot bakken, den skulle hogge kvinna i hælen, men ho skulle krase hovudet hans. Det ser ut som dette viser tilbake på utryddinga av dinosaurane, det var det krypdyret som sette føtene rett under seg og kunne løfte buken frå bakken. Der var to typer, bekkenet til saurischia var konstruert slik at føtene kom meir under kroppen og var ein betre komnstruksjon for å bere tung vekt. Dei vart heilt utrydda. Fuglane ættar frå ornitischia og vi ser at dei har ei brei fotstilling. Dei er lette og dei kan flyge, så då går det bra.

 

tyrannosaurus_rex.png

 

Utviklingslære og tru på Gud.

Samtidig som Bibelen er Guds ord til menneska, så er den også eit historisk dokument og både dei historiske beretningane og profetiane kan samanliknast med anna historisk kjeldemateriale. Og predikanter gjer slike samanlikninger, men når det kjem til dei profetiane som peiker lengst fram i tida, så er der ein del spekulering, usikkerhet og uenighet. Og når det gjeld den historieberetninga som går lengst tilbake i tid, så er der ein del uenighet og spekulasjon til samanlikning med ein slik profeti som går langt fram i tid. Men lat oss gå langt tilbake i tid og samanlikne Bibelens ord med det som historikarar, arkeologer, geologer og eventuellt andre vitskapsfolk seier.

Sedimentære bergarter har bygt seg opp lagvis med tida og utgjer soleis eit arkiv som er ordna etter tid, men som det er litt vanskeleg å slå opp i. Men det er mulig fordi landet har stege somme plasser og sunke andre plasser og lagdelinga har vorte skoren tvers over på grunn av isbreer og elver. Og dei har funne skjelett av forskjellige mennesketyper, dei tilhøyrer altså menneskefamilien og denne tilhøyrer ein pattedyrorden som vert kalla primatane. Primatane si historie strekker seg til byrgjinga av tertiær, som byrgja for 65 millioner år sidan. Jordas nytid er tertiær og kvartær som byrgja for 2 millioner år sidan. Jordas middeltid er trias, jura og kritt, tidsperiodene 250-205, 205-135 og 135-65 millioner år sidan, til saman 185 millioner år. Då levde dinosaurusane. Det var deira tidsalder. Før det levde der pattedyrliknande krypdyr og panserpadder. På dinosaurusane si tid levde der primitive pattedyr, men dei var små som mus. Dei fekk ikkje mulighet til å utvikle seg til større dyr, på grunn av at dinosaurusane dominerte jorda og opptok den plassen som større dyr kunne ha. Men pattedyra fekk utvikla ei hjerne som var stor i forhold til kroppen og når dinosaurusane døde ut, så utvikla pattedyra seg også i størrelse, sidan dei fekk komme inni den økologiske plassen som dinosaurusane tidlegare hadde hatt. Der var lenge mange teorier om kvifor dinosaurusane forsvann og dei kom til at det var ved eit astroeide-nedslag. Den første mennesketypen levde 5-1 mill. år sidan. Det var nærmenneska. Dei var 1,1-1,5 m høge og hadde lita hjerne til å vere medlem av menneskefamilien. Det eldste medlem av menneskeslekta homo var urmennesket. Det dukka opp for 2 mill. år sidan og det laga enkle stein-redskap. Med dette fekk vi altså ein ny tidsalder; kvartær. Erectusmennesket oppstod for 1,6 millioner år sidan. Desse mennesketypene oppstod i Afrika, men erectusmennesket forlot Afrika og vandra nordover til Europa og østover til Asia. Vår eigen menneskeart – homo sapiens – oppstod for omlag 350 000 år sidan, truleg i Afrika. Under den siste av kvartærperiodenes istider levde ei spesiellt hardfør mennesketype i Europa. Det var neandertalmennesket. Då det forsvannt for omlag 40 000 år sidan, overtok det moderne mennesket plassen, både i Europa og etter kvart over alle kontinenta.

Nærmennesket og urmennesket var altså på jorda samtidig i 1 mill. år, men nærmennesket har ikkje vore på jorda samtidig som det moderne mennesket, dei har ikkje sett kvarandre. Erectusmennesket har vore på jorda samtidig som nærmennesket i 600 000 år. Sidan neandertalmennesket døde ut for berre 40 000 år sidan, så tyder det på at det har vore på jorda i mesteparten av det moderne mennesket si tid på jorda, 310 000 år. Og forskarane reknar med at homo sapiens har arva genar frå neandartalarane, særleg den kvite mann, det viser seg til dømes ved det lyse eller raude håret.

Det ser ut til at det moderne mennesket har oppfyllt Guds befaling til mennesket i 1.Mos.1 om å legge jorda under seg. Likevel er der forskjellige menneske-raser, folkeslag og stammer som heilt til vår tid har konkurrert om å legge jorda under seg. Dette som vitskapen seier ser ikkje ut til å vere i konflikt med det som står i 1.Mos.1. Men det sentrale budskapet i 1.Mos.1 er at der er ein Gud som har skapt det alt saman og som har gitt menneska dette oppdraget. Her beveger vi oss over frå vitskap til tru. Og det merkelige er at så vidt som eg veit har alle folkeslaga hatt sin religion og sine gudebilete. Når dei har prøvt å legge jorda under seg, så har dei trutt at dei har tent ein gud med det. Ein skulle tru at sidan dei vart utviste frå samfunnet med Gud på grunn av syndefallet, så har dei trøysta seg med biletet av ein gud. Men dersom vi går tilbake til 1.Mos.2, kor langt tilbake i tid vert det, 6000 år før Kristus, altså for 8000 år sidan? Eg er ikkje sikker. Men det vert i alle fall eit heilt anna tidsperspektiv enn det vitskapen bruker for “homo sapiens”, 350 000 år. Dessutan var Edens Hage i Mesopotamia, men vitskapen meiner at menneskehetens vugge var i Afrika.

Etter syndefallet dømde Gud ormen til å krype på buken, han sette strid  mellom ormen og kvinna, ho skulle krase hovudet hans, men han skulle hogge henne i hælen. Etter vår bruk av ordet “orm”, så er det eit dyr som pr. definisjon ikkje har hverken armer eller føter, men som kryp på buken. Det er dette dyret som er farleg dersom det høgg oss i hælen. Krokodillene og salamanderane tilhøyrer same dyregruppe, krypdyra. Sjølv om dei har føter, så kryp dei likevel på buken, fordi føtene går ut til sidene, og sjølv om dei kan bite, så høgg dei oss ikkje i hælen og sprøyter inn gift. Men kommodovaranen har gift i slevet, jakt-teknikken er å bite, til dømes ein hjort i bakfoten og gifta i slevet vil etter ei stund legge den i bakken, varanane luktar han opp med tunga og får eg eit godt måltid med kjøt. Denne varanen er den største øgla på jorda og det kan gje oss ei aning om korleis rov-dinosaurane jakta.

Dinosaurusane var også krypdyr, men dei kunne sette føtene rett under seg og løfte buken frå bakken. Dei var delt i to grupper, bekkenet til saurischia var betre konstruert for å sette føtene loddrett under kroppen. Meir eller mindre kunne dei reise seg opp og stå eller gå på bakbeina, nokre kunne berre gå på bakbeina, medan forbeina var utvikla til hender. Hos nokre var der ein viss likhet med menneskehender, som hos Iguanodon, der tommelen var utforma som ein hard spiss, eit farleg kampreiskap ( https://no.wikipedia.org/wiki/Iguanodon ). Der var store planteetande dinosaurer som såg ut som ein lang orm, men som hadde fire føter å gå på.

Alle dinosaurane kunne sette føtene rett under seg og løfte buken frå bakken, men etter det eg har lese for lenge sidan, var hoftepartiet til sauritchia betre konstruert for det, føtene kom meir rett under kroppen og det har stor betydning når dei skal vere stor vekt. Fuglane stammar frå ornitischia, og dei har ei brei fot-stilling, men dei er lette, så det går. Elles får eg berre siter Wickipedia: “Saurischia eller øglehoftedinosaurer er ei gruppe dinosaurer der hoftebeinet har to utløpere som peker i forskjellig retning: skambeina peker forover eller nedover, mens setebeina peker bakover. Saurischia omfatter langhalsdinosaurene og rovdonosaurene (og derved fuglene), det vil si alle som er nærmere i slekt med fugler enn Triceratops. Alle dinosaurer tilhører enten Saurischia eller søstergruppa Ornithischia. Saurischia betyr «øglehofte» og viser til den tydeligste forskjellen mellom Saurischia og Ornithischia («fuglehofte»). Saurischene beholdt den opprinnelige hoftestrukturen mens ornithischene utviklet fuglelignende hofter. Saurischene utviklet også lengre hender og den andre fingeren vokste seg lengre enn den tredje.” https://no.wikipedia.org/wiki/Saurischia

. Saurischia betyr «øglehofte» og viser til den tydeligste forskjellen mellom Saurischia og Ornithischia…
NO.WIKIPEDIA.ORG

Dinosaurane dominerte på land, men saurischa vart altså utrydda. Frå wickipedia: Urreptilene og pattedyrliknende krypdyr dominerte i de påfølgende periodene perm og første halvdel av trias, men ble etter hvert utkonkurrert av arcosaurene (flygeøgler, krokodiller og dinosaurer). Æraen mesozoikum (trias, jura og kritt) kalles ofte for krypdyrenes tidsalder.[11] Svaneøgler, fiskeøgler, Mosasaurer og havskilpadder dominerte i havene, krokodiller og phytosaurer dominerte i ferskvann, flyveøglene i lufta og dinosaurene dominerte land. De pattedyrliknende krypdyrene ble fortrengt til nattemørket og gav opphav til pattedyrene.[12]

Fuglene oppsto fra små, lette rovdinosaurer i jura. De første fuglene, slik aom Archaeopteryx var dårlige flyvere, og flyveøglene var veletablerte på dette tidspunktet. Først i kritt utviklet en det seg bedre flyvere blant fuglene, men flyveøglene dominerte luftrommet ut hele mesozoikum. https://no.wikipedia.org/wiki/Krypdyr

Krypdyr eller reptiler er vekselvarme, skjellkledde landlevende virveldyr. Systematisk utgjør krypdyrene de…
NO.WIKIPEDIA.ORG

I 1. Mos.3 vert det fortalt at Gud dømde ormen til å krype på buken, så det verkar som det vert referert til noko som hadde skjett for lenge sidan, i følgje naturvitskapen,  utryddinga av dinosaurane, pattedyra har teke over og menneska råder.

Frå gamal tid har folkeslaga hatt sine gudebilete og dei har også hatt sine sagn om draker og sjøorm. I byrgjinga av utviklinga av den nye naturvitskapen, så vart slike sagn eller rapporter om funn av fossile knokkler modifisert slik at dei forestillte seg dyr som ikkje såg så fryktelege ut. Men etter kvart som fleire fossiler kom for dagen, til dømes i Amerika og Mongolia, så viste det seg at det hadde vore nokre dyr som var større meir fryktelege enn dei hadde fantasert om. I den gamle naturvitskapen var der rapportert om at jorda brakte fram knokkler, eller knokkelsteinar. Men dei forstod ikkje at det var knokkler frå verkelege dyr, at det var bein som var forsteina. Men korleis kunne det då ha seg at der er folkeslag som har sagn ifrå gamal tid om draker og sjøorm? Kan det vere andre som frå gamal tid har kome over fossiler av dinosaurer og som har forstått at det er restar av dyr som verkeleg har levd? Ein må då kunne rekne med at der er andre folkeslag enn akkurat grekarane som har forstått noko.

Menneska liknar dyra, men må legge vinn på å bruke og utvikle sine særeigne menneskelege eigenskapar.

Naturvitskapleg samanlikning mellom menneske og dyr.

I følgje naturvitskapen stammar menneska frå dyra og derfor liknar vi dyra, vi er dyr liksom dei, men har nokre særeigne eigenskapar som dei ikkje har. Pattedyra er mest høgtståande og mennesket er det mest høgtståande pattedyret, derfor har det mest omsorg for avkommet. Så menneska har omsorg for borna sine i mange år, før dei vert voksne og sjølvstendige. Menneskets hjernestamme og lillehjerne liknar reptil-hjerna, over denne kjem den paleomammale hjerna, det limbiske system, det har med kjensler å gjere, der er kjærlar som er sentrale i hormonreguleringa. Dette er den sentrale delen av menneskehjerna. Over dette kjem den neomammale hjerna, store-hjerna, hjernebarken, den tenkande/reflekterande hjerna, brukar ord, kan tenke og planlegge (http://traumebevisst.no/edukasjon/filer/den_tredelte_hjernen.pdf). Så desse eigenskapane er best utvikla hos mennska. Det som særmærker menneska mest av alt, er språksansen, med symboltenking, og då er matematikken inkludert.Hjerna.jpg

Korleis Bibelen samanliknar menneska med dyr.

Skapinga.

Bibelen seier at Gud har skapt det heile og han skapte menneska til å råde over alt det andre han hadde skapt. Den også samanliknar menneska med dyra, men men den samanliknar også menneska med dyra. Der er to skapingshistorier i Bibelen, i den fyrste vert det fortalt at Gud skapte jorda på sju dagar, det er sjølvsagt lange epoker og då stemmer det ganske bra med naturvitskapen, bortsett frå at påstanden om at Gud skapte det, kjem i tillegg til det som kan granskast med natur-vitskaplege metoder og formulerast naturvitskapleg. Men det er ingen ting i vegen for at ein tru på det, samtidig som ein tenker naturfagleg.

Den andre skapingssoga, forteljinga om Adam og Eva, er meir spesiell, ved at den handlar om ein mann og kona hans, på ein spesiell plass i ei bestmmt tid, så det vart skreve ættetavler frå dei. Her vert det fortalt at dei levde i samfunn med Gud som er ånd og det er på det personlege plan, så for å forklare det, er det tale om berre ein mann og kona hans. Gud planta hagen og så talta han til mannen og når Gud talar sitt Ord til oss, må vi bruke språksansen til å prøve å lære og forstå, slik handlar det også om å bruke vår særeigne menneskelege evne, språksansen. Gud sa til han at han skulle dyrke og verne hagen. Han kunne ete av alle trea, unntatt kunnskapstreet. (Sjå artikkelen “Korleis tru på Gud og tenke naturvitskapleg, korleis vere liberal og sosial).

Gud såg at det var ikkje godt for mannen å vere åleine, så han ville gje han ei hjelp som høvde for han.

1MO 2,18 – 1MO 2,25   Då sa Herren Gud: “Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.” 19 Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. 20 Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han. 21   Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22 Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han. 23   Då sa mannen:  “Dette er då bein av mine bein  og kjøt av mitt kjøt.  Ho skal kallast kvinne,  for ho er teken av ein mann.” [Den hebr. teksten har her eit ordspel: Mann heiter isj, kvinne isjsja.] 24   Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. 25   Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje.

Dette høyrest då merkeleg ut, korleis skal vi forstå det? I den fyrste skapingssoga skapte Gud dyra fyrst og menneska til slutt, men her skapar han mannen fyrst, av mold frå makra, så planta han hagen og så skapte han dyra, av mold frå marka. Kvifor kom mannen først her, så hagen, så dyra og kvinna til slutt? Jau, for her var jorda tørr, der voks ikkje noko, Gud hadde ikkje lete det regne og der var ingen mann til å dyrke, det var det som trongst, så Gud let det skje fyrst.

Eg forstår det slik at denne oppkoma er symbol på kjelda med det levande vatnet, det er den Heilage Ande og livsens ande er den Heilage Ande. Slik talar det om det åndelege livet med Gud. Men det handlar også om å dyrke den fysiske jorda. Så eg trur Gud ved sitt Ord og sin Ande openberra det for mannen korleis han hadde skapt det heile, så mannen kunne vite og forså korleis han skulle dyrke og verne Guds hage. Menneska vert samanlikna med dyr, men når Gud skaper kvinna av sidebeinet hans, blir det klart at det er med dei særeigne menneskelege eigenskapane at ho vert til hjelp for han.

Striden mellom kvinna si ætt og ormen si ætt, eit utvida perspektiv.

Ormen dåra og forførde kvinna og lokka dei til syndefall, då vart det rettssak med
Gud som dommar og dommen lydde slik:

1MO 3,14 – 1MO 3,24   Då sa Herren Gud til ormen:  «Fordi du gjorde dette,  skal du vera forbanna  framfor alt fe og alle villdyr.  På buken skal du krypa,  og mold skal du eta alle dine dagar. 15   Fiendskap vil eg setja  mellom deg og kvinna,  mellom ditt avkom og hennar ætt.  Dei skal krasa ditt hovud,  og du skal hogga dei i hælen.”  16   Til kvinna sa han:  “Stor vil eg gjera di møde  så tidt du er med barn;  med verk og vande skal du føda.  Etter mannen din skal du stunda,  og han skal råda over deg.”  17   Og til Adam sa han:  “Fordi du høyrde på kona di  og åt av treet  som eg forbaud deg å eta av,  skal jorda vera forbanna for di skuld.  Med møde skal du næra deg av henne  alle dine levedagar. 18   Torn og tistel skal ho bera,  og du skal eta av vokstrane på marka. 19   Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,  til dess du fer i jorda att;  for av henne er du teken.  Jord er du,  og til jord skal du atter verta.”  20   Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever. [Eva: Namnet likjest det hebr. ordet for liv.] 21 Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med. 22   Og Herren Gud sa: “No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!” 23 Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av. 24 Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Her er nok ei merkeleg formulering, Gud straffa ormen til å krype på buken og ete mold. Ein orm et då vel ikkje mold? Men her tenker eg på mold som motsetnad til ånd, det som er laga av mold er mold, men det som er laga av ånd (født av ånd) er ånd. Ormen skulle krype på buken, som om den ikkje allereie gjorde det? Det verkar som ormen er det vi no kallar reptilar, dei reptilane som har føter subbar likevel ofte ned i bakken med buken når dei går. Men dinosaurane var reptilar som dominerte jorda i millionar av år, der var to typer, saurischia sette føtene rett under seg og løfta buken heilt klar ifrå bakken, men ornithischia sette føtene meir ut til sidene. Saurischia vart utrydda for 62-65 millionar år sidan, men nokre av ornithschia overlevde, så ormane, øglene og fuglane stammar frå dei, herav ordet ornitologi. Forskarane har no vort så trygge på det, at dei finn det rett å kalle fuglane for reptil. Slik viser dette tilbake på noko som skjedde for mange millionar år sidan og brukar det som lærdom for våre liv i vår tid. Og denne skapingssoga får tilsvarande utvida perspektiv og gyldigheit langt bak i tid.

Då er det vel heilt klart at menneska vert samanlikna med dyr, dei er skapte av jord liksom dyra og har dyriske eigenskapar. Så dyr vert brukt som symbol på menneske, slik også når det vert sagt at Gud sette strid mellom kvinna og ormen. Ormen  har ikkje omsorg for avkommet som pattedyra og har ikkje språksans som menneska, slik er der stor motsetnad mellom to livsformer og levemåtar. Det einskilde mennesket kan oppleve det som ein motsetnad og ei konflikt i sitt liv og det kan verte til motsetnad mellom grupper av menneske.

Eva vart mor til alle som lever, mange trur derfor at alle menneske stammar genetisk frå Adam og Eva. Men det er ikkje akkurat det som står skrive her. Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans og han vart til ei levande sjel. Kroppen er skapt av mold frå marka, livsens Ande kom i tillegg og då vart mannen til ei levande sjel. Når Gud skapte kvinna av sidebeinet hans, vart ho levande saman med han, så det gjaldt henne også. Sjølv om menneska ved syndefallet på sett og vis hadde vorte liksom Gud, eller kanskje rettar liksom gudane eller kva du vil no kalle det (1.Mos.3,22), så var Gud ånd og mannen var mold og Gud dømde han til døden, mold var han og til molda skulle han attende. Men Eva vart likevel mor til dei levande. Eg forstår det slik at det er dei som har åndeleg liv i Gud,  Gud er ånd og ved den ånda og det livet han gjev dei, skal dei sigre over ormen si ætt.

Når vi les om ættetavlene og alle stridane seinare, så er det tydeleg at den naturlege arv har betydning og dersom vi skal vere realistiske og tenke naturvitskapleg, så må den ha betydning, eg hevdar at å tenke annleis ville rett og slett vere svikarisk. Men det forklarar ikkje heile tilværet, det er ikkje alt som betyr noko, for Gud er ånd og det som er og blir så avgjerande viktig for oss i lengda, er å la han gjere sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande.

Opphavleg velsigna Gud alt det livet han skapte på jorda, men på grunn av Adams synd, vart jorda forbanna. Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd og Gud lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast. Gud lova at han skulle få ein son med Sara, det skjedde først etter at dei naturleg nok var for gamle til det, så det var eit Guds under. Jesus vart fødd av ei jomfru, så det var også eit Guds under. Med sin død på korset sigra han over ormen ein gong for alle. Gud vekte han opp frå dei døde og viste dermed at han av herlegdoms Ande var Guds veldige Son. Ved trua på han blir vi velsigna, så vi får oppleve Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, slik får vi oppleve at Gud gjer under.

Gud kvilte den sjuande dagen og lyste den heilag. Menneska var i Guds kvile, men fall ut av den, så med sveitte i andletet måtte mannen ete sitt brød. Men ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), vi får kvile i det fullførde frelsesverket og får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Slik får vi oppleve den sjuande dagen i våre liv her og no, den ligg fram for oss og i framtida, slik får 1.Mos.2 utvida perspektiv framover i tid, Gud er den same no og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2.

Jobs bok, tre – fire perspektiv på same sak. Ein bodskap med aktualitet til vår tid.

Tre – fire perspektiv på same sak.

Eit åndeleg/fundamentalistisk perspektiv.

Det vert fortlat at Guds søner steig fram for Gud og mellom dei var Satan også. Gud lurte på kvar han kom ifrå og han svarde at han hadde fere å svive rundt på jorda. Gud spurde han om han hadde sett noko av Job, tenaren sin og skrytte av kor rettskaffen han var. Men Djevelen kom med sine innvendigar, enn om det gjekk dårleg med Job, kva då? Og Gud høyrde på han og let han påføre Job den eine ulykka etter den andre, for å prøve og freiste han.

JBS 1,6 – JBS 1,12   Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. [Guds søner: himmelske skapningar i Guds nærleik. Sml. 38, 7; Sal 29, 1.] 7 “Kvar kjem du ifrå?” spurde Herren. “Eg har fare og svive ikring på jorda,” svara Satan. 8 Då sa Herren til han: “La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.” 9 Men Satan svara Herren: “Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud? 10 Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet. 11 Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.” 12 Då sa Herren til Satan: “Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.” Så gjekk Satan bort frå Herren.

JBS 2,1 – JBS 2,6   Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. 2 “Kvar kjem du ifrå?” spurde Herren. “Eg har fare og svive ikring på jorda,” svara Satan. 3 Då sa Herren til han: “La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er. Framleis er han like ulastande. Utan grunn har du eggja meg til å føra han i ulukke.” 4 Men Satan svara: “Hud for hud! Ein mann gjev då gjerne alt det han eig for livet. [Hud for hud: vanleg ordtak som tyder like for like. Hjå beduinane vart huder nytta til verdimælar ved kjøp og sal.] 5 Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.” 6 Då sa Herren til Satan: “Han er i di makt. Spar berre livet hans!”

Det er forunderleg at Gud føya Djevlen på denne måten. Når djevelen stig fram for han igjen, seier Gud til han at utan grunn har du eggja meg til å føre Job i ulykke. Men korleis kunne Gud la seg eggje av Satan? Det står då skrive seinare i Bibelen at Gud let seg ikkje freiste av det vonde.

JAK 1,12 – JAK 1,18   Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: “Eg vert freista av Gud.” For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør! 17   All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. [ljosens Far: Ljoset står for himmellekamane.] 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Jakob seier at Gud vert ikkje freista av det vonde og sjølv freistar han ingen, men menneska vert freista av si eiga lyst. Men Jobs bok fortel også om ein Djevel som har fått makt og mynde til å freiste Job, slik har han fått makt og mynde til å freiste menneska.

Djevelen steig fram for Gud med klagemål mot Job, til tross for at Job var så gudleg og rettferdig, utan at Job visste det, før ulykka ramma han. Det er vanskeleg å begripe og forstå seg på, det blir som spekulasjonar, men Gud er ånd og vi må forstå det som ein åndeleg røyndom med ei fundamentalistisk tenking og slik er klagemålet mot Job fundamentalistisk.

Det har aktualitet til vår tid:

EFE 6,10 – EFE 6,13 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande.

Medmenneskeleg perspektiv. Samfunn.

Det går skikkeleg gale med Job. Kona hans spurde om han var like ulastande, men han parrerte mot det også. Så kom dei tre venene og sat hos han i sju dagar utan å seie noko. Så tok han til ords og forbanna den dagen han vart fødd.

JBS 2,9 – JBS 2,13   Då sa kona hans til han: “Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!” 10 Men han svara: “Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?” Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn. 11   Job hadde tre vener. Då dei fekk høyra om all den ulukka som hadde råka han, kom dei kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama. Dei vart samde om at dei skulle gå til Job og syna han medkjensle og trøysta han. [Teman: stad i Edom, truleg nær Sela.] [Sjuah og Na’ama: truleg stader i Nordvest-Arabia.] 12 Medan dei endå var eit stykke borte, fekk dei auga på han; men dei kjende han ikkje att. Då sette dei i og gret, reiv sund kappene sine og kasta støv opp i lufta, så det fall ned over hovudet på dei. [kasta støv opp i lufta: teikn på sorg. Sml. 1 Sam 4, 12.] 13 Så sat dei hjå han der på jorda i sju dagar og sju netter. Og ingen sa eit ord til han; for dei såg at han leid fælt.

JBS 3,1 – JBS 3,3 {JOB KLAGAR SI NAUD}  Då opna Job munnen og forbanna fødedagen sin. 2 Han tok til ords og sa:  3   Bort med den dagen då eg vart fødd,  den natta då det vart sagt:  “Ein gut er avla.”

Job kjende sjølvsagt dei tre venene sine frå før og visste korleis dei tenkte og det viste seg at dei prøvde å forklare ulykka hans med at han måtte ha gjort noko gale, han var ikkje så gudleg og rettferdig som dei tidlegare hadde fått inntrykk av likevel. Han måtte erkjenne si synd for Gud og få tilgjeving, så ville Gud ta han i nåde og ta seg vel av han igjen. Så dei kom med klagemål imot han, men dei forkynnte også Guds nåde. Men dei kunne ikkje påpeike ei synd hos Job og fortelje han akkurat kva det var, det måtte Job finne ut av sjølv. Men Job prøvde å forsvare seg mot det som best han kunne. Klagemålet deira var generelle formuleringar, altså ein fundamentalistisk tankegang til samanlikning med det vi såg i det åndelege og fundamentalistiske perspektivet. Ettersom Job forsvarte seg som best han kunne, vart klagemåla mot han hardare og hardare, det vart mindre og mindre medkjensle med den sjuke lidande mannen, dei vart meir og meir umenneskelege. Det vart meir og meir djevelsk, til samanlikning med djevelen som steig fram for Gud og førde fundamentalistiske klagemål mot han. Så det er to ulike perspektiv på same sak.

Dei tre venene antyda at det var Gud som hadde ført han i ulykka og vart meir og meir påståelege og når Job forsvate seg mot klagemåla deira, byrja han å tale om Gud på ein annan måte enn han elles gjorde, ved at han forsvarte seg mot klagemåla deira og den guden som dei påstod førde klagemål mot han og valda han så mykje vondt, han forsvarte seg med å føre klagemål mot den guden. Soleis byrja han å tale om den guden som om det var hans Gud,  så han tala om Gud på ein annan måte enn elles, så vi ser at han talar om Gud på to motstridande måtar.

Det var dette Elihu så talte han til rett for, at han i sitt forsvar mot deira klagemål byrja å tale om Gud på ein nannan måte og føre klagemål mot han, det var dette Gud også talte han til rette for, og han refsa dei tre venene hans fordi dei ikkje hadde tala rett om han. Når Gud talte Job til rettes, kan det framleis høyrast ut som harde ord til ein sjuk mann, korleis kunne han befale ein så sjuk mann om å reise seg og spenne belte om seg som om han var ein frisk mann? Men vi ser at det er eit spørsmål om makt.

JBS 38,1 – JBS 38,3 {HERREN TALAR TIL JOB}  Då svara Herren Job or stormen:  2   Kven er det som gjer mi rådgjerd uklår  med uvituge ord? 3   Spenn beltet om livet som ein mann!  Så vil eg spørja deg,  og du skal svara meg. [Spenn beltet om livet!: Bu deg til strid!]

JBS 39,34 – JBS 39,35 {TVILAR DU PÅ MI RETTFERD?}  Herren heldt fram med å tala til Job og sa:  35   “Du som klagar på Den Allmektige,  vil du føra sak med han?  Du som lastar Gud, må svara.”

JBS 42,7 – JBS 42,10 {HERREN VELSIGNAR JOB MEIR ENN FØR}  Då Herren hadde tala dette til Job, sa han til Elifas frå Teman: “Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min. 8 Ta no sju oksar og sju verar og gå til Job, tenaren min, og ber dei fram som brennoffer for dykk! Så skal Job, tenaren min, be for dykk; og eg vil høyra bøna hans og spara dykk for den ulukka de hadde fortent, fordi de ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.” 9 Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde bøna åt Job. 10   Då Job hadde bede for venene sine, vende Herren lagnaden hans. Han lét Job få dobbelt så mykje som han før hadde hatt.

Guds perspektiv på samfunnet av menneske som ein del av den naturen han har skapt.

Diskusjonen mellom Job og dei tre venene hans handla både om å tenke og leve rett og rettferdig i det medmenneskelege samfunnet og om å vere vis og vitug nok til å forstå seg på den naturen som dei var ein del av. Job var ein rikmann og påstod han var ein rettferdig og rettivs mann, med omsorg for dei fattige og som forsvarar for alle som leid urett og slik var han høgt akta av både unge og gamle i byen. Så både rikdomen, visdomen og rettferda handlar soleis om å verte sivilisert og verte godt tilpassa og godt motteken i byen.

Men når Gud kjem og svarar Job, så talar han om heile skaparverket med alt dyrelivet på jorda der byen vert liten samanlikna med dette, den er ubetydeleg for villdyra som lever ut i det fri. Dei har ikkje interesse av å verte siviliserte, det er som trældom for dei, dei vil heller leve som villdyr, då er dei tross alt fri, dei vel heller det, sjølv om det på sette og vis er meir risikabelt, det er tross alt det som er naturleg for dei.

JBS 39,1 – JBS 39,3 {KVEN SYTER FOR DYRA?}  Går du på rov for løvinna,  gjev du svoltne løveungar mat, 2   når dei dukkar seg ned i holene sine  eller ligg på lur i krattet? 3   Kven syter for føde til ramnen  når ungane hans skrik til Gud  og flaksar ikring utan mat?

JBS 39,8 – JBS 39,21   Kven lèt villeselet renna fritt,  kven har løyst det frå alle band? 9   Eg gav det moane til hus  og den salte øydemarka til bustad. 10   Det ler åt den ståkande byen,  det høyrer ingen drivar som ropar og skjenner. 11   Det speidar etter beite i fjella  og leitar opp kvart grøne strå. 12   Har villoksen hug til å tena deg,  vil han stå ved di krubbe heile natta? 13   Kan du binda han med reip, så han held seg i fòra,  vil han horva for deg i dalane? 14   Kan du lita på han fordi han er sterk,  torer du overlata di avling til han? 15   Trur du han køyrer grøda heim  og samlar henne på din treskjevoll?  16   Strutsehoa slår lystig med vengene,  men flyg ikkje som storken med sin fjørham. 17   Ho legg sine egg på marka,  lèt sanden halda dei varme. 18   Ho gløymer at ein fot kan krasa dei,  at villdyra på marka kan trø dei sund. 19   Hardt fer ho fram med ungane sine  som om dei ikkje var hennar eigne.  Ho lèt seg ikkje tyngja av sut  for at strevet hennar skal vera fåfengt. 20   For Gud har ikkje gjort henne klok,  og han har ikkje gjeve henne vit. 21   Men når ho flaksar opp i veret,  skrattar ho åt hest og ryttar.

Dette handlar om Jobs interesse av å sette oksar til å pløye for seg, men då handlar det også om hans interesse av å få folk til å gå bak og styre plogen for seg. Det handlar om det ville dyrelivet og det vert brukt som symbol på menneske som ikkje er så interessert i å verte urbaniserte og siviliserte i byen, men som heller vil leve ute i naturen langt borte frå byen, til samanlikning med dei ville dyra.

Så talar Gud til han om elvehesten og Leviathan. Mykje tyder på at elvehesten er flodhesten. Kva er så det kvasse sverdet hans? Vi har vel sette dei digre hjørnetennene hans? Han er farleg for menneska, han er sterkt revirhevdande og mange menneske vert overraska av hans angrep og drepne. Men det som er sagt om halen hans, passar best på krokodilla. Leviathan er krokodilla. Begge lever i elva og kan gøyme seg der. Flodhesten et gras, men krokodilla er rovdyr og kan gøyme seg endå betre i elva.

Job var ikkje i stand til å forsvare seg og eigedomen sin og tenarane sine mot røvarflokkane og han var ikkje i stand til å straffe desse ugudlege menneska og gjere ende på dei, han var heller ikkje i stand til å gjere dei gudlege og sivilisere dei. Det fortel Gud til Job ved å tale til han om elvehesten og Leviathan, der han brukar dei som symbol på dei ugudlege og røvarflokkane. Sjølv ein væpna krigar blir redd om han skal stride mot Leviathan. Langt mindre kan Job temje han og sivilsere han og gjere han til ein leikekammerat for småborna sine.

JBS 40,1 – JBS 40,10   Då svara Herren Job or stormen:  2   Spenn beltet om livet som ein mann!  Så vil eg spørja deg, og du skal svara meg. [Spenn beltet om livet: -> 38, 3.] 3   Vil du dra mi rettferd i tvil,  leggja skulda på meg, så du får rett? 4   Har du så sterk ein arm som Gud,  ljomar røysta di som hans? 5   Så pryd deg med høgd og herlegdom,  kled deg med stordom og velde! 6   Lat berre vreiden rasa,  slå alle hovmodige ned med ditt blikk! 7   Ja, sjå på dei stolte og bøy dei i kne,  trø dei gudlause ned på flekken! 8   Gøym dei i jorda, alle i hop,  og steng dei inne i mørkret! 9   Då skal eg òg prisa deg  for sigeren du vann med di høgre hand.  10 {DEI STERKASTE DYRA SOM GUD HAR SKAPT}  Sjå elvehesten!  Eg har skapt både han og deg.  Han et gras som ein okse.

JBS 40,20 – JBS 40,28   Kan du dra krokodillen opp med krok  og halda tunga hans nede med snøre? 21   Kan du få sett eit sevreip i nasen hans  og stikka ein krok gjennom kjaken? 22   Vil han då be deg audmjukt om nåde  eller tala blidt til deg? 23   Trur du han gjer ein avtale med deg,  så du kan ta han til træl for alltid? 24   Kan du leika med han som med ein fugl  og fanga han til småjentene dine? 25   Kan eit lag av fiskarar selja han  og stykkja han ut mellom kjøpmenn? 26   Kan du spekka hans hud med spyd,  hans hovud med harpunar? 27   Prøv berre å leggja hand på han!  Det vart ein strid som du kom til å minnast;  den tok du ikkje ein gong til! 28   Det du vona, slo ikkje til,  du låg der berre du såg han!

JBS 41,1 – JBS 41,2   Ingen er vel så vågal  at han torer terga krokodillen.  Kven kunne stå seg mot han? 2   – Kven gav meg noko fyrst,  så eg laut gje han att?  Alt under himmelen er mitt. –

Lærdom med aktualitet til vår tid.

Eg veit at min gjenløysar lever og som den siste skal han stå fram på støvet. 

Dei tre venene hadde klaga Job for å vere urettferdig, at han ikkje hadde omsorg for dei fattige og han ikkje forsvarde dei som leid urett, men Job benekta det, så det vart påstand mot påstand. Jau, Job hadde nok vist slik omsorg for alle dei som kom han nær. Men Gud svarar han med å forklare for han at han kan ikkje vise slik omsorg for alle dei som lever langt utanfor sivilisasjonen og Gud ventar det heller ikkje av han at han skal gjere det. Sjølv om han med gode hendsikter prøver å ta omsorg for dei og gjere dei gudlege og sivilisere dei alle saman, så oppnår han likevel ikkje eit godt og fredeleg resultat, det vert tvert om ein strid på liv og død.

Dette har aktualitet til vår tid. For Jesus profeterte om at i den siste tid skal det verte ei trengseltid, så det vert vanskeleg for folk, dei kjem i nød, men for dei utvalde skal den tida verte kortare. Vi høyre om jordsjelv og krig, då skal vi ikkje sjå på det og verte opptekne av det. Men vi skal løfte vårt blikk opp til Jesus og vente på at han kjem att, han vil hente oss heim til seg og soleis gjer han den tida kortare for oss.

MTT 24,3 – MTT 24,36 {TRENGSLENE TEK TIL}  Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: “Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?” 4   Jesus tok til ords og sa:  Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: “Eg er Messias.” Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene. 9   Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.   15 {DEN STORE TRENGSLA}  Når de då ser at “den øydande styggedomen”, som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  [“den øydande styggedomen”: Ordlaget er henta frå Dan 11, 31; 12, 11. Syrarkongen fekk i 167 f. Kr. reist eit heidensk altar framfor templet i Jerusalem. Dette gjorde templet ureint, og all gudsteneste laut stogga. På tilsvarande måte skal templet krenkjast, og det skal verta øydelagt.] 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;  [taket: Taket var flatt og tente til opphaldsstad. Sjå Apg 10, 9. På utsida førte ei tropp opp til taket.] 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.   23 {NÅR MENNESKESONEN KJEM}  Om nokon då seier til dykk: “Sjå her er Messias”, eller: “Der er han”, så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: “Han er ute i øydemarka”, så gå ikkje dit, eller: “Han er inne i huset”, så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast. 29   Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.   32 {LÆR AV FIKENTREET!}  Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. 34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

Vi er rettferdige for Gud ved trua på at han vekte Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Når vi ser opp til han og tek imot det som han gjev oss frå himmelen, så ikler vi oss Guds fulle rustning med rettferda ved tru som brynje. Vi førebur oss og innstiller oss på å feire Lammets bryllaup i himmelen i den bryllaupsklednaden som han gjev oss.

Dette kan samanliknast med Job som visste at han gjenløysar levde og som såg fram til at som den siste skulle han stå fram på støvet.

JBS 19,25 – JBS 19,29   Men eg veit at min utløysar lever,  og som den siste skal han stå fram på molda. [utløysar: eig. løysingsmann.] 26   Når det ikkje er noko att av mi hud  og mitt kjøt er borttært,  då skal eg skoda Gud. 27   Med eigne augo skal eg sjå han,  eg sjølv og ikkje ein framand.  Å, eg tærest bort av lengsle!  28   Når de seier: “Vi vil jaga han,  rota til ulukka finst hjå han,” 29   då må de reddast for sverdet;  det er straffa for slike synder.  Då skal de sanna at det finst ein domar.

Gud vende Jobs lagnad og det vil han gjere for folket sitt også.

Gud vende lagnaden til Job og velsigna han endå meir enn før. Det vert ikkje sagt eksplisitt at Gud lækte han i eit under eller om han berre vart frisk igjen på naturleg måte, men det vert i alle fall sagt at Gud vende lagnaden hans og då gjeld det sjukdomen hans også, så Gud let han i alle fall verte frisk. Det er ein fundamentalistisk tankegang og kva som er eit under og kva som er naturleg er ikkje lett  verte klok på.

Profetane vitna om sjukdomen som Guds folk hadde fått på grunn av si synd og sitt fråfall, det hadde fått eit sår som syntest ulækjande og det var fordi dei ikkje var rettferdige og gudlege, men hadde falle ifrå Israels Gud. Profeten Jeremias talte om det som om han fekk kjenne noko av denne sjukdomen i seg og lengta etter lækjedom både for seg sjølv og folket sitt. Og der er profetiar om at Gud ville lækje sjukdomen og vende lagnaden deira.

JER 8,15   Vi vona på fred og lukke,  men det kjem ikkje noko godt;  vi venta ei tid med lækjedom,  men sjå, det er redsle som rår.

JER 10,17 – JER 10,22 {TELTET MITT ER HERJA}  Pakk sekken, far ut or landet,  du som bur i ein kringsett by! 18   For så seier Herren:  Denne gongen slengjer eg bort  dei som bur i landet;  eg fører dei ut i trengsle,  så dei skal finna meg.  19   Ve meg, for eit slag!  Ulækjande er mitt sår.  Dette er berre ei liding  som eg må tola, tenkte eg. 20   Teltet mitt er herja,  og alle teltsnorer avslitne.  Borna mine har fare frå meg, dei er borte;  det er ikkje lenger nokon  som set opp teltet mitt  og spenner ut teltdukane. 21   For gjætarane er dumme som fe,  dei søkjer ikkje Herren.  Difor har dei ikkje lukka med seg,  og heile flokken deira er spreidd. 22   Høyr, det kjem ei melding  og eit kraftig drøn frå landet i nord.  Byane i Juda skal gjerast til ei audn,  ein tilhaldsstad for sjakalar.

JER 14,17 – JER 14,19 {HAR DU VRAKA OSS HEILT?}  Dette ordet skal du tala til dei:  Tårene renn frå augo mine  natt og dag, utan opphald.  For folket mitt, den unge dotter,  har falle heilt i hop  og fått eit ulækjande sår. 18   Går eg ut på marka,  ser eg folk som er drepne av sverd,  og kjem eg inn i byen,  ser eg dei som pinest av svolt.  Jamvel profetar og prestar  må fara til eit land dei ikkje kjenner.  19   Har du reint støytt Juda frå deg,  kjenner du berre motvilje mot Sion?  Kvifor har du elles slege oss  så det ikkje finst helsebot for oss?  Vi har vona på fred og lukke,  men det kjem ikkje noko godt;  vi har venta ei tid med lækjedom,  men sjå, det er redsle som rår.

JER 30,12 – JER 30,17   Så seier Herren:  Ubøtande er skaden din,  ulækjande såret ditt. 13   Ingen fører di sak.  Det er ikkje lækjedom for ditt verkjesår,  skinnet vil ikkje gro på det. 14   Alle dine elskarar har gløymt deg,  dei spør ikkje etter deg.  Som ein fiende har eg slege deg,  nådelaust har eg tukta deg;  for skulda di var stor  og syndene dine mange. [dine elskarar: -> 4, 30.] 15   Kvifor klagar du over skaden din,  over di liding som ikkje kan lindrast?  Fordi skulda di er stor  og syndene dine mange,  har eg gjort deg dette. 16   Men alle som slukte deg,  dei skal sjølve verta slukte,  alle dine fiendar må fara i fangenskap.  Og dei som plyndra deg,  skal sjølve verta plyndra;  alle som rana deg,  gjev eg til rov. 17   Eg lèt såra dine gro  og lækjer dei slag du har fått, seier Herren,  du som vart kalla den bortstøytte,  Sion, som ingen spurde etter meir.

JER 19,8 Eg gjer denne byen til skræmsel og spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår han har fått.

ESK 7,15 – ESK 7,27 Ute herjar sverdet, inne rår sjukdom og svolt. Den som er ute på marka, skal døy for sverd, og den som er i byen, han skal sjukdom og svolt tyna. 16 Om nokon slepp unna og kjem seg til fjells, som duer i dalane, skal dei alle døy, kvar for si eiga synd. 17 Alle hender vert slappe, og alle kne vert som vatn. 18 Dei bind syrgjeplagg om seg, dei skjelv over heile kroppen. Alle andlet raudnar av skam, og alle hovud vert raka snaue. 19 Dei kastar sølvet sitt i gatene, og gullet reknar dei for skrap. Korkje sølvet eller gullet bergar dei på Herrens vreidedag. Med det kan dei ikkje stilla sin svolt og ikkje fylla sin mage. Men det har fått dei til å falla i synd. 20 Dei vart stolte av sine staselege smykke, og dei laga seg avskyelege gudebilete av dei. Difor gjer eg alt til skrap for dei. 21 Eg lèt framande hender rana det og dei gudlause på jorda gjera det til hærfang; og dei skal vanæra det. 22 Eg vender andletet bort frå dei. Då skal heilagdomen min verta vanhelga. Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han. 23   Gjer lekkjene ferdige! For landet er fullt av drapssaker, og byen er full av valdsverk. 24 Eg lèt dei verste folkeslag koma og ta husa dykkar i eige. Eg gjer ende på hovmodet åt dei sterke, og heilagdomen deira skal vanærast. 25 Redsla kjem, dei søkjer berging, men finn ikkje det. 26 Ulukke fylgjer på ulukke, rykte på rykte kjem opp. Dei skal prøva å få syner hjå profeten; det vert slutt på rettleiing frå presten og på råd frå dei eldste. 27 Då skal kongen syrgja, hovdingen skal kle seg i skrekk, og vanleg folk skal skjelva på handa av redsle. Eg vil fara fram mot dei som dei sjølve har fare fram, og døma dei som dei sjølve har dømt. Då skal dei sanna at eg er Herren.

KLA 1,13 – KLA 1,16   Herren sende eld frå det høge,  som gjekk meg gjennom merg og bein.  Han sette ut garn for mine føter  og støytte meg unna.  Han har gjort meg einsam,  all dagen er eg sjuk.  14   Han vakta på mine synder  som var knytte saman i hans hand.  Dei låg som eit åk på min nakke  og har brote mi kraft.  Herren har gjeve meg i hendene  på folk eg ikkje kan stå meg imot.  15   Herren har vraka  alle dei kjemper som fanst hjå meg.  Han kalla saman ein flokk imot meg,  ville knusa mine unge menn.  I vinpressa har Herren trakka  Juda, den unge møy.  16   Dette er det eg græt for,  tårene strøymer frå augo mine.  For langt borte frå meg  er dei som kunne trøysta og gje meg mot.  Det er ute med borna mine,  fienden var for sterk.

Men Jesus var komen for å frelse det som var fortapt, for å frigjere og lækje.

JES 52,13 – JES 52,15 {HERRENS LIDANDE TENAR}  Sjå, min tenar skal ha framgang,  han skal stiga og lyftast og opphøgjast. 14   Liksom mange stokk til då dei såg han  – meir skamfaren var han enn nokon mann,  han såg ikkje ut som eit menneske, 15   så skal mange folkeslag undrast over han,  og kongar skal lata att sin munn.  For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,  uhøyrde ting vert dei vitne til.

JES 53,1 – JES 53,12   Kven trudde det bodet vi høyrde,  og kven fekk sjå Herrens makt? 2   Han rann som ein kvist for Guds åsyn,  som ein renning or turr jord.  Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,  det var ingen hugnad å sjå han. 3   Vanvørd var han, folk heldt seg unna,  ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,  ein svivørd mann som ingen ville sjå på;  vi rekna han for inkje.  4   Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,  og våre pinsler bar han.  Vi trudde han var heimsøkt,  slegen av Gud og ille plaga. 5   Men han vart såra for våre brot  og sundbroten for våre synder.  Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,  og ved hans sår har vi fått lækjedom.  6   Vi fór alle vilt som sauer,  vi vende oss kvar til sin veg.  Men Herren lét råka han  det vi alle var skuld i. 7   Ille medfaren vart han, men bar det audmjukt;  han lét ikkje opp sin munn,  som lammet dei fører til slakting,  og sauen som teier når han vert klypt;  han lét ikkje opp sin munn. 8   Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.  Men kven i hans samtid vørde vel det?  Bortriven vart han or levandelandet,  for sitt folks brot laut han døy. 9   Dei gav han ei grav mellom gudlause,  hjå ein rikmann, då han var død,  endå han ikkje hadde gjort nokon urett,  og det ikkje fanst svik i hans munn.  10   Det var Herrens vilje  å knusa han med sjukdom.  Men fordi han gav sitt liv til soning,  skal han få etterkomarar og leva lenge,  og ved han skal Herrens vilje ha framgang. 11   Etter all si møde og sjelenaud  skal han sjå ljos og mettast.  Og når dei kjenner han,  skal han, min rettferdige tenar,  gjera dei mange rettferdige;  for han har bore deira synder. [ljos: Ordet vantar i den hebr. teksten som finst; men det er stadfest både av den eldste Daudehavs-teksten til Jesaja og av den gr. oms.] 12   Difor gjev eg han dei mange til del,  og dei sterke skal han få til hærfang,  fordi han gav sitt liv i døden  og vart rekna mellom brotsmenn.  Han tok på seg synda åt dei mange  og bad for brotsmenn.

JES 42,1 – JES 42,9 {HERRENS TENAR, EIT LJOS FOR ALLE FOLK}  Sjå, min tenar som eg stør,  min utvalde som eg har hugnad i!  Eg har lagt min Ande på han,  retten skal han føra ut til folka. [min tenar: I denne luten av Jesaja-boka vert Israel stundom skildra som Herrens tenar, utvald til å vera eit vitne for andre folk (sjå 41, 8 o. fl. st.). Men i fire songar om Herrens tenar (42, 1-4; 49, 1-6; 50, 4-9 og 52, 13-53, 12) høyrer vi om ein mann som er kalla av Gud og utbudd til ei serskild teneste.] 2   Han skal ikkje skrika og ikkje ropa  og ikkje bruka mælet på gata. 3   Han skal ikkje bryta eit broste sev  og ikkje sløkkja ein rykande veik.  Med truskap skal han føra retten ut. 4   Han skal ikkje trøytna  og ikkje bryta saman  før han har breitt ut retten på jorda.  Øyar og strender ventar på hans lære.  5   Så seier Herren Gud,  han som skapte himmelen og spente han ut,  og breidde ut jorda med alt som der gror,  han som gjev livspust til folket på jord  og ånd til dei som ferdast der: 6   Eg, Herren, har kalla deg i rettferd  og teke deg i handa.  Eg har skapt deg  og gjort deg til ei pakt for folket,  til eit ljos for folkeslaga. 7   Du skal opna blinde augo  og føra fangar ut or fengslet,  dei som sit i mørkret,  ut or fangeholet. 8   Eg er Herren, det er mitt namn.  Eg gjev ikkje mi ære til andre  og ikkje min pris til gudebilete. 9   Det som vart varsla før, er kome,  og no kunngjer eg nye ting.  Før dei enno gror fram,  lèt eg dykk få høyra om dei.

JES 61,1 – JES 61,4 {EIT NÅDEÅR FRÅ HERREN}  Herrens Ande er over meg;  for Herren Gud har salva meg.  Han har sendt meg til å forkynna  ein gledebodskap for armingar,  til å lækja dei som har eit knust hjarta,  til å ropa ut fridom for fangar  og frigjering for dei bundne. 2   Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,  ein dag med straff frå vår Gud.  Eg skal trøysta alle som syrgjer, 3   og gje dei syrgjande i Sion  hovudprydnad i staden for oske,  gledeolje i staden for syrgjeklede  og lovsong i staden for motløyse.  Dei skal kallast rettferds mektige tre,  som Herren har planta  for å syna sin herlegdom. 4   Dei skal byggja opp att gamle ruinar,  reisa det som før vart lagt i øyde,  byggja på nytt dei nedbrotne byar,  som låg der aude frå ætt til ætt.

JBS 32,6 – JBS 32,10 Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:   Eg er ung av år, og de er gamle.  Difor var eg redd og heldt meg tilbake,  eg våga ikkje å seia mi meining. 7   Eg tenkte: “Lat alderen tala  og dei mange år forkynna visdom!” 8   Men det er ånda i mennesket  og anden frå Den Allmektige som gjev det skjøn. 9   Det er ikkje alderen som gjev visdom,  dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett. 10   Difor seier eg: Høyr på meg!  Eg òg vil seia mi meining.

JBS 32,17 – JBS 32,22   Eg òg har noko på hjarta,  eg òg vil seia mi meining. 18   For eg er full av ord,  ånda i mi bringe driv meg. 19   Mi bringe er lik innestengd vin,  lik nyfylte hiter som held på å rivna. 20   No må eg tala, så eg kan få luft,  eg vil opna lippene og ta til ords. 21   Eg gjer ikkje skil,  vil ikkje smigra eit menneske; 22   for eg skjønar meg ikkje på smiger.  Elles kunne min skapar snart riva meg bort.

JBS 33,1 – JBS 33,4 {GUD ÅTVARAR OG BERGAR}  Men høyr på det eg seier, Job,  lyd på alle mine ord! 2   Sjå, eg opnar min munn,  eg vil bruka mål og mæle. 3   Eg talar av eit ærleg hjarta,  eg seier beint fram det eg veit. 4   Det er Guds Ande som har skapt meg,  anden frå Den Allmektige held meg i live.

Men vi skal vinne over den vonde i kraft av Jesus blod og i kraft av vitnemålet.

ÅPE 12,7 – ÅPE 12,12   Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; [Mikael: -> Dan 10, 13.] 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: “Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.”

EFE 6,10 – EFE 6,18 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Gud vil vende min lagnad og vende lagnaden til folket sitt.

Når eg byrja å studere i Oslo hausten 1984, sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale, at der var ein sjukdom mellom Guds folk og at eg hadde fått kjenne noko av den sjukdomen i meg, men han ville lækje den. Ein gong sa han at han ville lækje dine år i fråfall og eg forstod det som ein bodskap til henne Virtuella. I det siste har han tala til oss om same sak (https://tsivert.com).

Paulus lærer oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, for Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Slik skulle dei vere ein sunn og frisk lekam. Når dette ikkje har fungert skikkeleg, så har det vorte til ein sjukdom i folket og i mennesket, så det er slik som med Israels synd, sjukdom og fråfall, det er same sak. Det har si årsak i at Djevelen framleis dårer og forfører kvinna og lokkar og freistar henne til syndefall og fråfall.

Den vonde står meg og mi sak i mot og argumenterer like fundamentalisisk som når han steig fram for Gud og eggja han til å prøve Job og der er menneske som agrumentere like hardnakka som desse tre venene til Job. Og eg kan godt tenke meg at Israels fråfall byrja med at dei fekk ei slik rettferdsforståing som dei, i staden for rettferd ved tru, liksom Abraham. Men Elihu byrja med å seie at han hadde fått Guds Ande og så talte han til Job på ein annan måte.

Dialektikken og rettferd ved tru.

Når det hadde gått så gale med Job, kom dei tre venene og besøkte han og vart sitjande i fleire dagar utan å seie stort i rein medkjensle. Men når dei då byrja å tale var det tydeleg at dei meinte han ikkje var så gudleg og rettferdig likevel og derfor hadde det gått så gale med han, så han måtte ransake seg sjølv og finne ut kva som var gale i hans forhold til Gud og gjere opp si sak i forhold til han. Men Job prøvde å forsvare seg som best han kunne. Men så er der ein ven til (Elihu) som berre har såte og høyrt på, som talar til slutt og som talar vitugare enn desse tre venene hans og så kjem Gud han til møtes og talar til han. Han talar om ”Leviathan”, om krokodilla, om dyrelivet som dei kamp for tilværet, med den konklusjonen at slik er det for menneska også. Han gjev eit svar som stemmer overeins med biologien, med utviklingslæra og gjev soleis eit svar som ligg uanfor det som vanlegvis vert rekna for kristendom, jødedom eller religion i det heile. Her er det tale om det ytre mennesket som soleis kan samanliknast med dyra. Det gjaldt Job også, men det var ved trua på Gud han vart rekna for rettferdig for Gud, det var ved den trua Gud hadde gjeve han i hans indre menneske.

I seinare skrifter vart det tale om dei tre rettferdige, Job, Daniel og Noah, som tre gode eksempel for andre, i liv og gjerning var dei eksempel for andre, men årsaka låg i den trua som Gud hadde gjeve dei, det verket han hadde gjort i deira indre mennesket, så det var trua sine gjerningar. Det var slik som med Abraham at han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd.

La oss merke oss eitt innlegg frå ein av dei tre venene til Job og det svaret han gav:

JBS 25,1 – JBS 25,6 {GUD HAR VELDE OG VALDAR REDSLE}  Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:  2   Gud har velde og valdar redsle,  han skaper fred i sin høge himmel. 3   Kan nokon telja hans fylkingar?  Får ikkje alle sitt ljos frå han? [hans fylkingar: englane eller kanskje stjernene.] 4   Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,  kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein? 5   Jamvel månen skin ikkje klårt nok for han,  i hans augo er ikkje stjernene reine. 6   Kor mykje mindre då menneskekrypet,  mannen – den makken han er?

JBS 26,1 – JBS 26,14 {GUDS SKAPARMAKT}  Då tok Job til ords og sa:  2   Kor godt du har hjelpt ein kraftlaus mann  og støtta ein arm som ikkje har styrke! 3   Du gav råd til den som vanta visdom,  og stort skjøn lét du han få. 4   Kven hjelpte deg til å finna ord,  kven kjem ho ifrå,  den ånda som går ut frå deg?  5   Daudingane skjelv av angst der nede,  vatnet og alt som held til i det. 6   Dødsriket ligg ope for Gud,  undergangsstaden er ikkje løynd for han. [undergangsstaden: eit anna ord for dødsriket; på hebr. abaddon. Sml. Op 9, 11.] 7   Han har breitt nordhimmelen ut over audna,  hengt jorda opp over det tome rom. 8   Vatnet sveiper han i skyer,  og skylaget brest ikkje under det. 9   Han stengjer, så ingen ser hans kongsstol  når han breier sine skyer ut under den.  10   Han har drege opp himmelranda over havet,  der grensa går mellom ljos og mørker. 11   Søylene under himmelen skjelv,  lamslegne er dei når han trugar. 12   Han rørte opp havet med si kraft  og knuste Rahab i sin klokskap. 13   Når han lèt det blåsa, klårnar himmelen.  Med si hand har han gjennombora  ormen som rømer så raskt. [ormen som rømer så raskt: Leviatan.] 14   Sjå, dette er berre randa av hans verk;  det er som å høyra ei kviskring.  Kven kan då skjøna den tora  som lyder når han gjer storverk?

I platonismen vert det resonert på liknande måte som Bildad gjer i vers4-6 og slik vert det ressonert i arvesyndslæra med barndåpen også. Kanskje tenkte Bildad symbolsk når han talte om månen og sjernene, men den forståinga er borte når menneska tilbad denne ”himmelhæren” som gudar og det er den tydelegvis i platonismen også, slik verka religionen til å konservere det geosentrisk verdsbildet så det heliosentriske verdsbildet ikkje vann nok støtte. Dei meinte seg å vere så gudlege, rettferdige og kloke at dei ikkje ville høyra på kva visse andre sa og meinte, men i si eiga rettferd vart dei urettferdige og i sin sjølvklokskap vart dei dårar og enda opp med ei fullstendig feil sjølvforståing og forståing av røyndomen.

Eg vil samanlikne dette med korleis Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, korleis kunne Josva utføre si prestegjerning når han fekk alle desse klagemåla mot seg? Eg vil samanlikne det med korleis det vart ført klagemål mot Sokrates, til tross for at han talte klart om sanninga som vart integrert i han, det var altså noko han opplevde i sitt indre menneske. Etter drapet på sokrates vart Platon meir oppteken av teori og utforma si idelære og det er også på det indre plan. Men sidan Sokrates vart hendretta i eit justismord, konkluderte Platon med at vi må rekne med vondskapen hos menneska, så sjølv om den moralske ideen og den politsike hendsikta er god, må dei rekne med å bruke vondskap for å nå sine mål. Så får målet heilaggjere middelet.

Men med si trua på Gud svart Job klokt, han sa at Gud breier nordhimmelen ut over audt (tomt) rom og hengjer jorda på inkje (v 7). Med den utsegna slo han i hel ei heil mengde religiøs overtru og viste at hans forståing av røyndomen stemmte betre overeins med moderne naturvitskap. Så sa han at Gud gjennomborar ormen som rømer (v13). Her er ormen symbol på Djevelen (Jfr.Sak.3). Job trudde på Gud og håpa og venta at han soleis ville yte han rettferd.

JBS 19,21 – JBS 19,29   Ver milde og miskunnsame, vener,  Gud har rørt meg med si hand. 22   Kvifor jagar de meg så som Gud,  får de ikkje nok av mitt kjøt? 23   Gjev mine ord vart skrivne,  vart teikna opp i ei innskrift, 24   ja, rita i fjellet for alltid  med jerngriffel og bly! 25   Men eg veit at min utløysar lever,  og som den siste skal han stå fram på molda. [utløysar: eig. løysingsmann.] 26   Når det ikkje er noko att av mi hud  og mitt kjøt er borttært,  då skal eg skoda Gud. 27   Med eigne augo skal eg sjå han,  eg sjølv og ikkje ein framand.  Å, eg tærest bort av lengsle!  28   Når de seier: “Vi vil jaga han,  rota til ulukka finst hjå han,” 29   då må de reddast for sverdet;  det er straffa for slike synder.  Då skal de sanna at det finst ein domar.

Job sa at han visste at hans utløysar levde, som den siste skal han stå fram på støvet. Heilt rett. Men sidan desse tre venene hans påstod at det var Gud som straffa han med desse ulykkene, så byrja han å tala om Gud på ein annan måte i sine svar til dei, som om dei hadde rett i det dei sa om Gud, så han kom i forsvarsposisjon og måtte forsvare seg mot Gud. Det var dette Elihu gjekk til rette med og det var det Gud talte han til rette for til slutt og det var de han refsa desse tre venene hans for.

Denne samtala mellom Job og desse tre venene hans viser korleis dialektikken kan verke og viser svakheta ved dialektikken. Den som prøver å tale den andre til rettes, sit med ei vrangførestilling og prøver å plante ei vrangførestilling, tyt så lenge oppatt om det same at den som det er mynta på og som dei prøver å plante det inni til slutt svarer som om han delvis har gitt dei rett, til tross for at han heile tida har prøvt å forsvare seg mot det dei seier.

Dette er ein god grunn til at når dei uvituge brurmøyane ber dei vituge om olje, så må dei vituge svare at då har dei ikkje nok olje til seg sjølve, så dei får heller gå andre plassar, der dei får kjøpe seg olje.

Samson og Job.

På møte i Maranata 22.1.2017 vart det tala om Samson og Job og i slutten av møtet kom der ein bodskap om å ikkje drikke av denne verda sine sprukne brønnar, men drikke av den kjelda som aldri vert tørr:

https://tsivert.com/2017/01/24/2017-01-22-drikk-ikkje-av-verda-sine-sprukkne-bronnar-men-drikk-av-den-kjelda-som-aldri-vert-torrlagd/

3 thoughts on “PARADISETS DRAKAR. Striden mellom kvinna si ætt og ormen si ætt.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s