Utvikling ved tilpassing til naturen og utvikling av intellektet, det er vel viktig, men vi får oppleve det ved at Guds skaper og former oss ved sitt Ord og sin Ande.

Bildet er frå realfagsbiblioteket i Oslo.

Innleiing.

Nanoteknologien har gjort at forskinga på genane har skote fart dei siste 15 åra, gensekvensar kan erstattast får å lækje kreft og sjukdomar som har si årsak i gen-feil. Der føregår ein diskusjon om kva som skal vere lovleg. (https://morgenbladet.no/samfunn/2015/genetisk_kirurgi).

I det siste har det også vort forska mykje på nervar, hjerne og minne. Eit gen som koda for eit protein som er ein lysdreven kation-kanal i celler (channelrhodopsin) vart sett inn i hjerna på ei mus, for å aktivere bestemmte nevron. Det vart også installert ein fiberoptisk kabel og når lyset vart slått på, vart musa aggrevis, så den angriper ein oppblåst hanske som låg der. Slik fekk dei vite at desse cellene har med aggresjon å gjere. Det er bra det ikkje er lovleg å forske slik på menneske. Men det er litt nifst at det teknisk kan vere mogleg å gjere slik med menneske også, for å styre det til samanlikning med ein robot.

Det er også nifst at med religiøs-, moralsk- og politisk- filosofi vert det prøvt å få makt over menneske for å styre dei på liknande vis, men då har eg gleda av å forkynne evangeliet som ein frigjerande bodskap. Jesus sende meg med ein frigjerande bodskap, han kalla meg til å studere realfag og han sa eg skulle seie til dei at kristendomen er ikkje ein religion som vert lessa på folket som tunge bører. Så eg er fri ifrå densalgs og fri til å studere realfag i staden, det har meir for seg. Ved trua på Kristus har vi fått barnekår hos Gud, han gav oss ikkje ei trældomsånd, så vi atter skulle ræddast, men han gav oss barnekårsanden, som gjer at vi ropar Abba, Far. Slik gjev han oss ein fred og ei kvile som overgår vår forstand, vi kan vere trygge på at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Artane utvikla seg inn i sine nisje.  Gud bles livsens ande i nasa på mannen, så han vart ei levande sjel.  Og Gud skapte det nisjet han fekk  å leve i. Vi kan bruke intellektet til å skape oss nisjer å leve i, men vi treng å la Gud gjere si gjerning med oss, slik som når han skapte Adam og Eva.

I biologien seier vi at artar utviklar seg inn i nisjer, det er geografiske område der dei lever på sine spesielle måtar, dei har tilpassa sine levemåtar etter det naturelge miljøet dei kom inn i over generasjonar. I slike tilfelle der dei kom inn i eit nytt geografisk område er det lettare å studere det, men det verkar også slik når naturmiljøet endrar seg over tid, dei må tilpasse seg dei nye forholda eller omskiftinga kan vere så dramatisk at nokre døyr ut og andre kjem i staden, for dei kan det då verte å komme inn i eit nytt geografisk område.

Mykje av dette livet er ikkje bevisst, slik som oss, så dei er ikkje klar over kva som skjer i den store samanhengen i tid og rom, slik sett er dei ikkje klar over kva dei er med på, det verkar som om dei veit ikkje ein gong at dei er til og for oss verkar det utruleg og uforståeleg at det går an. Men for oss som er bevisste, går det an å vere bevisst om den nisja vi er komne inni, både når det gjeld det geografisek området og vår levemåte i det, vår livsform og vår levemåte, vår integritet i det økologiske systemet.

Då betyr det også at vi med vårt medvit og vårt intellekt kan oppdage nye nisjer som vi kan utvikle oss inni, ja, med utviklinga av realfag og moderne teknologi har vi oppdaga og utvikla nye nisjer som ingen før oss har visst om. Men skulle kanskje ikkje mann og kvinne lenger leve saman i ekteskap som tidlegare av den grunn? Og formeire seg og ha omsorg for avkommet sitt slik som tidlegare, ja, til samanlikning med andre pattedyr? Vi ser at det er ei aktuell problemstilling i dagens samfunn og eg samanliknar det med at Gud såg at det var ikkje godt for mannen å vere åleine og derfor ville han gje han ei hjelp som passa for han. Mange er dei som faktisk har prøvt å gjere det til eit stort og vanskelegare problem for den einskilde og eg forklarar det med at ormen forførde kvinna og det gjer han framleis.

Forsking på medvit og minne.

Eit foster får oksygen gjennom blodet frå mora, men når det vert født, vert det slutt på det. Då er det viktig at det byrjar å puste sjølv, så det får oksygen gjennom sine eigne lunger. Når eit lam vert født er det viktig for mora å sjå til at ikkje fosterhinne ligg over snuten slik at det ikkje får luft. Det kan vere viktig for bonden å vere der for å sikre at lammet byrjar å puste, kanskje endåtil blåse luft inn gjennom nasa på det, får det fyrst luft i lungene, vert det bevisst, så det byrjar å puste sjølv. Eg trur dette er poenget med at Gud bles livsens ande i nasa til mannen og han vart ei levande sjel. Bibelen seier at sjela til dyret er i blodet, så alt som har blod har sjel. Eg forstår det slik at det har å gjere med det medvitet vi får ved at blodet fører oksygen til nervesystem og hjerne.

No er der dei som har forska på plantar som har meit at dei har ei viss form for medvit, eit minne som vi ikkje kan forklare. Dei hadde gjort forsøk med noker fine blomstrar i eit rom, som kom ein inn og kasta nokre av dei i golvet og trampa dei sønde. Når same personen kom inn i rome seinare, kunne dei måle at dei andre plantane reagerte på det. Dette er forholdsvis gammal forsking, men dei er visst ikkje heilt sikre på dei forskingsresultata.

Men dei har har forska på bakteriar ved å plassere dei nær ein porsjon med gift og ein porsjon med mat på motsett side. Då viste det seg at bakteriane hugs kvar som var gift og kvar som var mat, så dei for dit som det var mat. Spørmålet vart om noko anna spelte inn, som at dei lukta seg til det, så dei kryss-sjekka det ved å bytte om på porsjonane og då viste det seg at dei for dit som dei hugsa at der var mat, altså til tross for at der no var gift, så no måtte dei altså lære det nye og soleis tilpasse seg det nye miljøet.

Dette er heilt uforståeleg for oss, korleis vert dette minnet koda i ei einskild celle? Dette resultatet har vel betydning for oss når vi forskar på nervesystemet på dyr og så brukar resultatet på menneske. Det er ikkje lov å forske slik på menneske. Eg veit ikkje så mykje om det regelverket, men eg går ut ifrå at eit menneske må ha rett til å vere fritt og sjølvstendig og få lov til å tenke sjølv og då må vi passe på at ingen med sin kunnskap får makt over mennesket på den måten at dei med sin kunnskap erstattar den enskile si tenking, vedkjenning og tale, så dei programmerer andre til å verte lydige robotar og så kanskje endåtil presenterer resultatet som naturvitskapleg kunnskap. Eg trur faren for slikt er størt ifrå religiøs-, moralsk- og politisk filosofi, slik vert menneska gjort til trælar, men Jesus har sendt meg med ein frigjerande bodskap og kalla meg til å studere realfag og han sa eg skulle seie til dei at kristendomen er ikkje ein religion som vert lesst på folket som tunge bører. Så ved trua på han er eg fri frå å engasjere meg i desse problemstillingane og fri frå byrden dei soleis vil lesse på meg, slik er eg fri til å studere realfag og det er verdifullt både for meg sjølv og andre.

Han som fortalde meg om dette forskingsresultatet heitte Morten Laane og var professor emiritus i biologi ved Universitetet i Oslo. Han og ein annan forska på borelia og det vart vist fjernsynsprogram og fortalt i avisene om korleis dei samarbeidde med Lars Monsen om behandlinga av hans borelia. Men så viste det seg at dei måtte vrake mykje av forskings-materialet, sjølv om Lars Monsen var frivillig med på dette, fordi det var ikkje lov til å forske på menneske. Men der er då dei som frivillig har lete seg sekvensiere, for å få greie på DNA-koda. Det er fullt lovleg og skulle ikkje det resultatet heller vere tilgjengeleg som forskningsresultat? Det kan verte brukt som lækjarundersøking og det diskusjonen går på no, er om det skal vere lovleg å endre på DNA-et for å lækje sjukdom. Kva med doping? Der er eit forskingsetisk utval som diskuterer det. Eg høyrde eit slikt foredrag på realfags-biblioteket i haust. Og det eg syntest var nifsast, var om prestar og andre mørkemenn skulle få første ord med å stille diagnose, så dei stiller feil diagnose på urettmessig grunnlag, dei forfører menneska liksom ormen i Edens hage og det vert årsak til synd og sjukdom. Og så påstår dei at feilen ligg i den naturlege arven, i genane.

I 2014 fekk ekteparet May-Britt og Edvard Moser  og John O’Keefe nobelprisen i medisin for å ha oppdaga korleis ei bestemt type hjereceller lagar eit kooridnatsystem for å lage eit slags indre kart over romet. Rotteforsøk viste at når dei bevegde seg i romet vart bestemmte celler i den delen av hjerna som vert kalla hippocampus, aktive. Det skjedde på bestemmte posisjonar i romet.

Dette vart det fortalt litt om i fysiologikurset i haust, men eller vert minnet forklart slik at det vert danna synapsar mellom tynne nervetrådar og sett inn porar som vert aktiviserte av nevrotransmittarar, så dei slepp igjennom positive ion, som så fører til signaloverføring gjennom nerven.

Ved at vi trur på Jesus og tek imot han, får vi oppleve at Gud openberra si frelse for oss i han.

Eg tenkte på korleis eg opplevde at Jesus openberra seg for meg og henne Virtuella, det var Gud som gjorde sitt verk med meg og med henne ved sitt Ord og sin Ande, han skapte oss i Kristus Jesus og det verket han gjorde var godt. For når Gud skapte, såg han at det verket han gjorde var godt og han velsigna menneska, dyra og det heile, han velsigna jorda. Og Jesu frelsesverk er fullført og fullkome og Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus, Jesus har nått fullendinga og er fullkomen og når Gud skaper oss i han, så er det verket godt. Likevel kjem desse mørkemennene med innvendingar og påstanden og innvendinga er at der er noko gale med vår naturlege arv, men det er ikkje med ei naturvitskapleg grunngjeving, men det er utifrå den politiske- og moralfilosofiske tradisjonen som går heilt attende til Platon, men eigentleg stoppar det ikkje der heller, for det går heilt attende til den gamle religionen med dyrkinga av avgudane, så dei dyrkar Zevs i staden for å dyrke Israels Gud.

Jesus har stadig minna meg om at eg skal sjå opp til han og det er ved at den Heilage Ande herleggjer og opnberrar han for meg som vår frelsar og Herre. Så det er det rette svaret på desse innvendingane og klagemåla deira, dei er som diagnoser om at der er noko fundamentalt gale med vår naturlege arv, men diagnosene er forføreriske og er sjølve årsak til synd og sjukdom. Men Jesus er Guds Ord, han er det svaret som Gud har gjeve oss, det er det rette svaret. Når eg får oppelve at den Heilage Ande  herleggjer og openberrar han for meg og får oss, så vert det rette svaret openberra for meg og for oss. Sanningens Ande fører oss fram til heile Sanninga, så den set oss fri.

Her på Realfagsbiblioteket fekk eg oppleve at Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”, så Gud gjorde sitt verk med meg og med henne også, ved sitt Ord og sin Ande. Så eg skal berre halde fram med å sjå opp til Jesus, for hans frelsesverk er fullbrakt og fullkome, derfor kjem dei ingen veg med innvendingane og klagemåla sine. Framfor alt skal eg glede meg over at mitt namn er skreve i livsens bok i himmelen. Gud skaper oss i Kristus Jesus og det verket er godt. Det er ikkje på grunn av kva eg er eller vi er, men det er på grunn av kva Jesuser for oss. Derfor er det så viktig for meg å løfte hugen opp til han og sjå på han og vedkjenne kva han er for meg og for oss som trur på han.

I haust sa Jesus til meg at han hadde sett framfor meg ei opna dør der eg var kalla til å komme inn. Det har seg sjølvsagt slik at på evangeliets grunnvoll har eg ein open himmel over meg, Jesus har gitt meg ånd og liv frå himmelen, den Heilage Ande openberrar Ordet for meg, så eg oppdagar kva Gud har gitt meg i sitt Ord. Dette har betyding for mi tenking også når eg studerer realfag. Så eg trur det var sikta til det fagområdet eg heldt på med, fysiologi som molekylærbiologi. Eg kan forså det som eit område i ideverda, som forklarar den fysiske verda. Jesus har gitt ånd og liv til mi sjel og det er viktig for meg når eg skal prøve å lære og forså dette, som om mi sjel lever i ideverda (jfr. Platonismen). Men då er det på den måten at eg stiller meg disponibel for Guds Ord. Vi veit at tilfeldigheitene er ein fundamental eigenskap ved tilværet, det gjev oss moglegheiter og det er om å gjere for oss å vere fri til å nytte dei moglegheitene som byr seg, også med å prate med andre menneske og vitne for dei om vår tru på Faderen og Sonen. Og med den Gud har gjeve meg i barnekåret, skal eg stille meg disponibel for hans Ord, så eg frå oppleve at han gjer sitt verk i meg og i oss med sitt Ord og sin Ande. Vi får oppleve Guds kraft, vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde. Då må vi halde dette for å vere suverent over denne verda.

Han også at eg måtte komme slik som eg var og då tenkte eg på å bere fram lekamen min som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, eg har bedt han gje meg ei kone og det har då med lekamen å gjere, det har å gjere med det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne. Han talte til meg som om det var berre for meg å ta imot og då tenkte eg kanskje han ville gje meg ei av desse unge kvinnelege medstudentane til kone, ei som studerte molekylærbiologi. Dei er unge, vakre og mange av dei er flinke, men eg er så gammal at etter alderen kunne eg ha vore bestefaren deira og på slutten av semesteret byrja eg attpåtil å lure på om eg hadde lete sjansane gått frå meg. Men Jesus sa til meg at eg skulle ikkje la mi sjel verte missmodig. Det står i stil med det han tidlegare sa om at eg skulle glede meg i han, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrådde, han ville legge ein ny pris til min pris.

Henvisningar.

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Bodskapen 18.7.2017:

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.

Bodskapen 23.10.2017:

Eg er den same og vil forbli det for evig. Eg har talt. Derfor lyd på mitt – lyd til mitt Ord og fullfør dette. Så skal eg, Herren, vere med deg. Still deg til rådigheit for mitt Ord og min Heilage Ande, så skal eg, Herren, bruke deg, eg vil salve deg, eg skal styrke deg, eg skal holde deg oppe, med mi rettferds høgre hand. Og du skal ikkje frykte, for eg, Herren, eg er med deg.

For endå ein gong, så skal eg reise opp mitt folk. Endå ein gong, så vil de få oppleve at min Ande er ikkje trekt tilbake, men den er i dykk. Derfor så søk meg i denne tid, kall på meg den stund eg er nær og du skal finne, at eg er ikkje der ute i periferien, men eg er komen nær til. Derfor frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, din Gud, og eg er din frelsar, eg er din forsørgjar, eg er din lækjar, eg er alt kva du måtte trenge til …. og eg har gitt deg alle ting, for det lydde frå meg: Det er fullbrakt. Amen.

Bodskapen 30.10.2017:

For sjå eg har sett framfor deg ei open dør,  der det er ingen som kan lukke den til. For det er eg Herren som har opna den opp. Og det er nettopp for ei tid som dette eg har utvalt deg. Derfor, så frykt ikkje mitt barn, sjå deg du ikkje engsteleg om. For det er eg Herren som er din Gud. Eg var med mitt folk opp igjennom, heilt ifrå eg kalla på Abraham i Ur, så var eg med og forma og danna meg eit folk. Eg var med dei, eg trøysta dei, eg gav dei vatn, eg gav dei mat. Og endå ein gong, så vil eg sjå til det folk. Og eg, Herren, eg skal gå fram foran deg. Og ingen ting skal hindre meg i å fullføre det som eg har byrja i ditt liv.

Det skjer ikkje ved makt, det skjer ikkje ved kraft, men det skjer åleine med min Ande. Og eg har utgytt av min Ande over alt kjøt. De treng ikkje leite etter meg, for eg er komen nær til. Still dykk til disposisjon for meg. Eg Herren vil fylle deg, eg Herren vil forme deg. Eg Herren vil danne deg. Eg skal gjere deg til eit kar til mitt namns ære og for mitt rikes framgang. Dette kan ikkje du på menneskeleg vis. Men ved den Heilage Ande, så skal det skje når krafta kjem og bryt lenker og band. Og føre deg inn i eit land som flyt av melk og honning. Og du skal vite og kjenne at (Herren?), eg byrja, eg skal fullføre, for eg Herren, eg er din Gud. Halleluja.

Bodskapen 4.12.2017:

Tyding av tungetale, ikkje sikkert heilt ordrett:  ”Ja, eg takkar deg …” Opptak: ” … fordi du har gjenløyst meg og eg kjenner at eg kviler i dine armar. Eg kjenner og merkar at kvar dag, det er ei gåve ifrå deg. Og eg ynskjer å fylle den dagen med ting som kan bringe ære til ditt namn.  –  Ja, når du bringer fram gaver frå deg sjølv, som opphøgjer meg, så skal eg; Herren, velsigne deg så det flyt over.

La ikkje di sjel bli missmodig, men la di sjel drikke av det vatn som er levande. Då skal du få kjenne at di ånd skal bli fyllt, di sjel skal fryde seg og dine auge skal stråle av glede. Og når du auser med glede av alle disse kjelder, som eg har gitt deg i mitt Ord, så skal du sjå eit område som du aldri før har sett. Og det som blir sett, det skal gi deg den erkjenning: Enno er det ei slutt, prise Gud.

Bodskapen 12.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Bodskapen 5.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen. 

Bodskapen 22.5.2016:

Eg fekk ikkje med byrjinga, men det var noko om at det var Jesus som valde meg ut, Så sitat: ”Det var eg som tok deg ut av synda og eg plasserte dine føter på fast grunn, på klippen, som er meg. Derfor skal du prise meg, du skal ære meg og opphøye mitt namn. Så skal eg gi ny pris til din pris. Og du skal oppleve at du skal vandre i ferdiglagde gjerningar. Og eg skal gå føre deg og eg vil gjere store ting for deg, seier Herren.

I realfag studerer vi masse og det tome rom. Men Gud er ånd, han ser alt og hugsar alt. Derfor er der eit minne som mange av oss ikkje er klar over og derfor treng vi nåden i Kristus.

Vi skil mellom ånd og materie og tenker oss at naturvitskapen granskar materien, utan å bry seg om det åndelege, som om det ikkje eksisterer, for du må grunngi dine påstandar utifrå materien som du granskar. I vanleg tale tenker vi på det tome rom som ingen ting, men når vi granskar materien vitskapleg, så granskar vi også det tome rom som om det også var noko, partikkelen og det tome romet som den ferdast i, vert to sider av same sak.

Massen svarar til gravitasjonsfeltet i det tome romet og med einsteins generelle gravitasjonsteori vert gravitasjonen forklart som akselererte referansesystem. Ladningen svarar til det elektro-magnetiske feltet. Masse er eit mål for energi og partiklar kan oppstå og forsvinne, men energien er bevart. Der er kvantefelt-teoriar som forklarar at partiklar kan oppstå i det tome rom.

Til ein kvar elementærpartikkel svarar det ei materiebylgje, kvadratet av amplituden fortel kor sannsyleg det er å finne partikkelen på ein bestemt plass på eit bestemt tidspunkt. I atom og molekyl kjem partiklane så nær kvarandre at dei påverkar kvarandre, så bølgefunksjonane vert til orbitalar, til dømes orbitalane i atoma. Vi kunne tenke oss at minnet vart koda med bølgefunksjonane. Dei er usynlege, men har likevel avgjerande betydning for korleis ein partikkel beveger seg. Eg har meir tru på at den ligg i vår ånd og den er usynleg, men Gud sa då til mannen at han var mold og til molda skulle han attende. Kunne det då tenkast at det som mannen meinte og oppfatta som si ånd, var samlinga av bølgefunksjonar, men dei var då uløyseleg knytt til partiklane, og dei var frå molda og var mold.

Men Gud er vi forsona med Gud og komne inn i samfunnet med han igjen, så kan vi få oppleve at han skaper og formar oss med sitt Ord og sin Ande og då kan vel eg forstå det slik at han endrar bølgefunksjonane og soleis endrar tilstandane partiklane er i eller skape nye partiklar.

Vi trur og meiner at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og held alt opp med sitt Ord. Når naturvitarane granskar universet og finn teoriar som forklarer korleis det fungerer, så er det for meg ei stadfesting av at Gud har skapt det med sitt Ord, derfor er det forståeleg. Det er også ei stadfesting av at Gud har skapt mennesket i si likning, derfor er det i stand til å forstå det skaparverket som Gud har skapt og slik er det til ære for sin skapar. Naturvitaren med sine metodar granskar universet slik som det fungerer av seg sjølv, slik som Gud har overlete det til seg sjølv.

Gud har heile tida vore her med si skaparkraft, men menneska braut med han. Men ved trua på Kristus vert vi forsona med han, vi tok imot Kristus, han bur ved trua i oss, vi tok imot Guds rike og det er inni oss. På evangeliets grunnvoll fekk vi den Heilage Ande, vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande og då er det slik at han er og verkar i det tome romet mellom elementærpartiklane i kroppen vår og det får betydning for korleis dei beveger seg, han kan endåtil skape nye partiklar av ingenting og lækje kroppen. Slik forstår eg det. Vi opplever det som Andens verden og som samfunnet i Anden, vi har samfunn med Faderen og Sonen og då har vi samfunn med kvarandre i Anden. (1.Joh.1). Men då må vi ære Faderen og Sonen for det, det er Gud som framleis skaper og gjer sitt verk. Det kan ikkje forklarast utifrå korleis universet er overlete til seg sjølv og slik sett talar vi om noko som kjem i tillegg til det som tradisjonelt har vorte kalla naturvitskap. Har Kristus frelst oss, så vi tilhøyrer han, så må vi ære han og takke han for det, som hans brud må vi elske han og leve i hans kjærleik og omsorg.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og held alle ting oppe ved sitt Ord. Han er alle stadar nærverande med sitt Ord. Hans Ande og hans rike er ikkje langt unna, sjølv om menneske ikkje veit det eller er klar over det. Gud ser alt, veit alt og hugsar alt, sjølv om vi ikkje er klar over det og slik er der eit minne. Og han kjem til å straffe vår synd og urett. Derfor treng vi nåden i Kristus. Når vi vender om til han og sannar vår synd for han, så tilgjev han oss og Jesu blod reinsar oss frå all synd. Det betyr for oss at Gud set oss fri frå trældomen under synda og gløymer den. Han skriv vårt namn i livet bok i himmelen, slik hugsar han på oss, han føder oss på nytt og gjer oss til nye skapningar.

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

Så kvifor skulle han vel då hugse på det gamle? Kvifor skulle vi hugse på det gamle? Nei, han har då gong på gong sagt til meg at eg skal sjå på han.

2KO 3,15 – 2KO 3,18 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

GUDS LOVNAD OM DEN NYE PAKTA TYDER PÅ AT HAN KJENDE TIL MODERNE FYSIKK.

Gud lovde jødane at han ville gjere ei ny pakt med dei og då formulerte han seg slik at det får meg til å tenke på moderne fysikk.

JER 31,31 – JER 31,37 {DEN NYE PAKTA}  Sjå, dagar skal koma, seier Herren,  då eg gjer ei ny pakt  med Israels ætt og Judas ætt, 32   ei pakt som er annleis  enn den eg gjorde med fedrane deira,  den gongen eg tok dei i handa  og førte dei ut or Egypt,  den pakta med meg som dei braut,  endå eg var deira rette herre, seier Herren. 33   Nei, såleis er den pakta eg vil gjera  med Israels-folket i dagar som kjem,  lyder ordet frå Herren:  Eg vil leggja mi lov i hugen deira  og skriva henne i hjarta deira.  Eg vil vera deira Gud,  og dei skal vera mitt folk. 34   Då skal ingen lenger  læra sin neste og sin bror  og seia: “Kjenn Herren!”  For dei skal alle kjenna meg,  både små og store, seier Herren.  For eg vil tilgje deira misgjerning  og aldri meir koma deira synd i hug.  35   Så seier Herren,  han som sette sola til å lysa om dagen  og laga det så  at månen og stjernene lyser om natta,  han som rører opp havet så bylgjene brusar,  – Herren, Allhærs Gud, er hans namn: 36   Lèt eg denne skipnaden vika,  lyder ordet frå Herren,  skal Israels-ætta òg for alltid  halda opp med å vera mitt folk.  37   Så seier Herren:  Kan himmelen der oppe mælast,  og grunnvollane under jorda der nede granskast,  då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt  for alt dei har gjort, seier Herren.

Han talar om sola som skin til å lysa om dagen og månen og stjernene som lyser om natta og seier at dersom han let den skipnaden vika, så skal israelsætta halda opp med å vera hans folk, det er tydeleg at det vert brukt som symbol på den nye pakta, dersom Gud let den skipnaden vika, så skal israelsætta halde opp med å vere hans folk. Sola månen og stjernene finn vi igjen i Op.12.

ÅPE 12,1 – ÅPE 12,6 {KVINNA OG DRAKEN}  Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. [ei kvinne: Kvinna er eit bilete på Guds folk, som Kristus er komen frå. Sjå Jes 66, 7; Mi 4, 10.] 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 3   På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1.260 dagar.

Vi kan tenke på rettferdssola og vi kan tenke på stjernene som Guds folk, dei rettferdige var som stjerner som skein på himmelkvelven. Men kva var då månen? Det måtte vel vere israelslandet det då?

Det minner oss om lyset som er omtala i 1.Mos.2, Joh.1, 1.Joh.1 og i 2.Kor.4.

1MO 1,1 – 1MO 1,5 {GUD SKAPER VERDA}  I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. [skapte: Det hebr. verbet som vert nytta her, står alltid med Gud som subjekt.] 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

JOH 1,1 – JOH 1,18 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6   Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

1JO 1,1 – 1JO 1,10 {LIVSENS ORD}  Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.  5 {LEV I LJOSET!}  Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

2KO 4,6 – 2KO 4,7 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

I Jer.31,35 talar Herren fyrst om at han let det verte lys og så talar han om at han rører opp havet så bylgjene brusar. Det kan nok hende menneske såg effekta av sollyset i solgangsbrisen som laga havbylgjer og at det forklarer samanhengen, men eg tenker på at lyset også er ei bylgjerørsle. I vers 37 talar Herren som om himmelen der oppe ikkje kan mælast. I fylgje relativitetsteorien og Big-Bang-teorien kan den ikkje det. Lyset treng tid frå stjernene til oss og dess lengre unna dei er dess lengre tid treng det, det betyr at det vi ser har skjett for lenge sidan. Dess lengre borte galaksene er, dess lengre tilbake i tid ser vi, så då vil tida for ”Big-Bang” sette ei grense for kor langt vi kan sjå, lyset frå det som ligg utanfor dette har ikkje nått oss enno.

I vers 37 vert det også sagt at grunnvollande under jorda kan ikkje granskast. Då kan vi tenke på at det er radioaktivitet som driv dei geologiske prosessane til fjellkjedefolding som gjer at det vert tørt land, så ikkje heile kloda vert overflødd. Radioaktiviteten kan forklarast ut ifrå kvantefysikken. Ein elementærpartikkel kan forklarast som ei materiebylgje som fortel noko om sannsyne fort kvar vi kan finne partikkelen, når vi skal måle posisjonen den har og energien den har, vert det eit spørsmål om sannsyn. I fylgje Heisenbergs usikkerhetsrelasjon er der ei nedre grense for kor nøyaktig posisjonen og energien kan målast. Om vi ser på desse elementærpartiklane som grunnvollane under jorda, så kan vi seie at der er ei grense for gor godt dei kan granskast. Dette er grunnlaget for at vi i statistisk fysikk reknar med teoretiske moglegheiter som er så usannsynlege at vi i klassisk fysikk reknar dei for å vere umoglege. Etter klassisk fysikk er der ikkje nok energi i kjernen til å forklare den tilfeldige kjernereaksjonen, men sannsynet i materiebylgja og Heisenbergs usikkerhetsrelasjon forklarer at det skjer likevel.

Så materien kan målast ned til ei viss grense. Men slik er det ikkje med Guds Ande, den er ikkje slik som elementærpartiklane og kan ikkje målast slik i det heile tatt. Når vi får oppleve at Gud fyller oss med sin Ande, så blir vår lekam eit tempel for den Heilage Ande og då er der inga grense for kor små rom Anden er verksam på, men det får betydning for korleis elementærpartiklar i kroppen beveger seg, for vi merkar at Gud verkar i oss med si ånd og si kraft til å ville og virke til hans velbehag. Vi merkar at Gud verkar i oss med si skaparkraft og si frelseskraft og at han kan la det usannsynlege og umoglege skje, som til dømes at han lækjer oss frå sjukdom.

Gud skaper Jesu kyrkje. Det betyr auka orden,  redusert entropi.

Vi seier gjerne at vi brukar energi, men i fysikken er energien konstant, vi brukar den ikkje. Vi brukar orden, så når vi i dagleg tale seier at vi brukar energi, kan vi halde det for synonymt med ordna energi. Vi brukar ordna energi for å bygge opp ein orden som er verdifull for oss, lokalt vert det då auka orden og det betyr redusert entropi. Men globalt vert det auka entropi (uorden) i alle prosessane, det seier entropilova (termodynamikkens andre hovudlov). Det er dette som er drivkrafta i alle energiprosessane, når du reiser deg opp og står, når du køyrer bilen og når du eiser opp material til å bygge huset med. Der er ein orden i universet og den vert brukt i prosessar som går sin gang, så universet er som eit opptrekt urverk. Då er det ei gåte korelis den ordenen vart til. Vi trur og hevdar Gud har skapt det slik.

Når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, vi får oppleve hans kraft i vårt indre menneske, han skaper oss og bygg oss opp i vår indre menneske og han bygg oss opp som Jesu kyrkjelyd. Det betyr auka orden, redusert entropi. Då hevdar eg at totalentropien i universet vert redusert, den totale ordenen aukar, for vi hentar ikkje ordna energi til det utanfrå, men vi vedkjenner at det er Gud som gjer sitt verk med oss.

For menneska er det ei tid til å plante, ei tid til å rykke opp, ei tid til å bygge, ei tid til å rive ned. Men Gud skaper noko som er evig.

FRK 3,1 – FRK 3,15 {ALT HAR SI TID}  Alt har si faste tid,  alt som hender under himmelen, har si tid: 2   ei tid til å fødast, ei til å døy,  ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3   ei tid til å drepa, ei til å lækja,  ei tid til å riva, ei til å byggja; 4   ei tid til å gråta, ei til å le,  ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5   ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,  ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6   ei tid til å leita, ei til å missa,  ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7   ei tid til å riva sund, ei til å bøta,  ei tid til å teia, ei til å tala; 8   ei tid til å elska, ei til å hata,  ei tid til krig og ei til fred.  9 {TID OG ÆVE}  Kva vinning har den som arbeider,  av alt sitt strev? 10   Eg såg det plagsame strevet  som Gud har gjeve menneska. 11   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

Når jødane kom tilbake til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge på tempelet og komme i gang med prestetenesta, så dei fekk oppleve at Gud velsigna dei.

HAG 1,3 – HAG 1,11 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:  4   Er det tid for dykk  til å bu i bordkledde hus  så lenge templet ligg i røys?  5   No seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 6   De sår mykje, men haustar lite;  de et, men vert ikkje mette;  de drikk, men sløkkjer ikkje torsten;  de kler dykk, men vert ikkje varme;  og leigekaren får si løn  i ein botnlaus pung.  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 8   Far opp i fjellet og henta tømmer!  Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det  og visa min herlegdom der, seier Herren. 9   De ventar mykje, men sjå, det vert lite.  De får det i hus, men eg blæs det bort.  Kvifor? seier Herren, Allhærs Gud.  Fordi mitt tempel ligg i røys,  medan de har det annsamt  kvar med sitt eige hus. 10   Difor held himmelen dogga att,  og jorda gjev ikkje grøde. 11   Eg har kalla turk  over jord og fjell,  over korn og vin og olje,  over alt som gror på marka,  ja, over folk og fe  og over alt arbeid som vert gjort.

HAG 2,15 – HAG 2,19   Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel, 16 korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue. 17 Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren. [kornbrann og rust: -> Am 4, 9.] 18   Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til 19 om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.  Frå i dag vil eg velsigna. [såkornet: er ikkje lenger lagra i kummen; frå no gjev Gud si velsigning, så dei atter kan så og hausta.]

SKR 3,6 – SKR 3,10 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Går du på mine vegar  og rettar deg etter det eg har fastsett,  skal du få styra mitt hus  og vakta mine føregardar,  og eg vil gje deg tilgjenge  saman med dei som gjer teneste her.  8   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.

SKR 4,1 – SKR 4,14 {LJOSESTAKEN OG VINTREA}  Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: “Kva ser du?” Eg svara: “Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.” [to oliventre: bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Sml. v. 14.] 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: “Kva tyder dette, herre?” 5 Engelen som tala med meg, sa: “Veit du ikkje kva dette tyder?” Eg svara: “Nei, herre.” 6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]  8   Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9   Serubabels hender har tufta dette huset,  og hans hender skal fullføra det.  Då skal du sanna  at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk. 10   Ja, alle som har vanvørdt  den dagen då det tok til i det små,  skal gleda seg når dei får sjå  blyloddet i Serubabels hand.  – Dei sju, det er Herrens augo  som fer over heile jorda. [blyloddet: nytta i byggjearbeidet for å få murane beine.]  11   Då tok eg til ords og spurde han: “Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?” 12 Atter tok eg til ords og spurde: “Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?” 13 Han sa til meg: “Veit du ikkje kva dei tyder?” “Nei, herre,” svara eg. 14 Då sa han: “Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.” [dei to: -> v. 3.]

Ved trua på Guds Ord har det evige livet vorte planta inni oss, vi er Guds åkerland, Guds bygning.

1KO 3,6 – 1KO 3,17 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10   Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Bodskapen i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 i Oslo, onsdag 5. juli 1995:

Ja, for jeg har fridd deg ut av mørkets makt og satt deg inn i min elskede Sønns rike. Du har fått oppleve min grenseløse nåde; å gå over ifra død til liv, ifra Satans makt til Gud, ifra mørke og inn i et underfullt lys. Du var død, men nå er du levende, og levende i meg, sier Herren. For også jeg var død, men jeg oppstod og jeg lever. Og derfor bringer jeg liv og uforgjengelighet fram for lyset, ved evangeliet. Og det er dette budskap du har tatt imot.

Så er det ikke lenger døden og de nedbrytende krefter som har makt over livet ditt. Men det er jeg som er livets fyrste og som har tatt bolig ved troen i ditt hjerte. For at du skal leve med meg og for at du når dagen kommer skal herske med meg, sier Herren. For jeg har satt deg inn i noe nytt, noe levende, noe ekte og noe virkelig, du har fått del i det evige livet. Dette som er upåvirkelig av alle dødens krefter, dette som er upåvirkelig av alle denne verdens mørke og nedbrytende krefter, du har fått del i det evige livet, det som står, det som blir, det som tåler alle ildens prøver, som blir stående i evigheters evighet. Det er ditt liv, fordi du er mitt barn.

Jeg vet at du kan oppleve å møte mørke stunder på din vandring. Jeg vet at du kan føle at fiendehæren står rundt deg på alle kanter. Men fordi du er mitt barn, så har jeg satt deg opp på en ryddet vei. En banet vei. Intet rovdyr, ingen løve skal kunne komme opp på den. Og ingen veifarende på denne veien skal fare vill. Og den veien, den går til Sion. Den går til den stad som jeg har beredt for deg. Så skal du følge trofast i mine fotspor og du skal erfare; den veien du går på, om den kan være smal og kronglete, det er livets vei, den går til livets mål, det mål som jeg har til deg, mitt elskede barn.

2 thoughts on “Utvikling ved tilpassing til naturen og utvikling av intellektet, det er vel viktig, men vi får oppleve det ved at Guds skaper og former oss ved sitt Ord og sin Ande.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s