Sataniske vers.

Tekst til bildet: Det går rykte om at nokre av pattedyra har fått språksans, nokre av dei prøver endåtil å snakke sant. Ja, men kanskje vi kan lokke dei til å gå med på eit kompriss, dei kan få lov til å seie nett kva dei vil, dersom dei berre ikkje seier sanninga.

Den svenske kriminalforfattaren Jan Guillou skreiv bok om hekseprosessane i Sverige på 1600-talet og viste at det hadde likskap med Bjugn-saka (“Heksenes forsvarere”). Det er nifst lesestoff. Eg forstår det slik at prestane brukte same strategi som ormen i Edens hage, for å lokke, dåre og forføre små jentunger og slik vart dei konkurrentar til den unge mannen som med tida ville ha seg ei ung kone. Dei rekna den unge mannen for å vere for ung og for dum til å snakke med den unge jenta, så dei skulle snakke med henne i staden og då gjekk det så gale.

Likevel held dei fram på liknande måte, dei reknar den unge mannen for å ikkje vere kompetent til å snakke med den unge jenta, så dei skal snakke med henne i staden og det går framleis gale, sjølv om det utartar seg litt annleis.

Eg forstår det som ein religion, som med sin moral- og politiske filosofi gjorde prestar og politikarar til konkurrentar til mannen, når han ville ha seg ei kone, så dei endåtil vart konkurrentar til Kristus, fordi hans kyrkje er kona hans, så dei ikkje ville godta at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Sanninga set oss fri, kva elles?

Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, så skulle vi lære å kjenne sanninga og sanninga skulle sette oss fri.

JOH 8,31 – JOH 8,32 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.”

Vi får den Heilage Ande av berre nåde og den fører oss fram til heile Sanninga.

JOH 1,17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

JOH 16,13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.

Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss så vi erkjenner at Jesus er Guds Ord, han er Sanninga som set oss fri. Det er eit under som vi får oppleve i våre liv og det er ein læringsprosess. Vi er frelst, så vi tilhøyrer han, då skal vi også leve for han og lyde han. Det kallar vi fridom. Korleis då? Vi skal lyde han ganske enklet ved at vi trur på han og elskar han, slik lærer vi av han å elske kvarandre slik som han elska oss.

Dersom vi då vert stilt overfor ein amerikansk domstol og skal svare for vår tru, kva er den kristendomen du trur på, kva er den for deg? Lov at du seier sanninga og ikkje noko anna enn sanninga. Då må vi seie at det er Kristus, for han stod oppatt frå dei døde, han lever og han er med oss. Så får dei einskilde vitne om korleis den Heilage Ande openberrar Ordet for dei, openberrar Kristus dei.

Samfunnet, prestar og politikarar har si lov, sin moral og sin politiske filosofi, men når det kjem til denne saka, viser det seg at visse prestar, predikantar og andre lærde har eit alternativ som dei  kallar frigjering på sin måte og det er at utanom denne lov, moral og politiske filosofi, så du er fri til å seie nett kva du vil, dersom du berre ikkje seier sanninga. Du er fri til å leve nett slik som du vil, dersom du berre ikkje lyder sanninga. Dersom dette skal halde for ein domstol, så må den seie det same. Dersom domstolen skal krevje det, så vil det lyde slik:” Lov at du seier kva som hels, berre ikkje sanninga.”

Og langt på veg er det i ferd med å skje. For dersom dei er fri til å seie kva som helst, berre ikkje sanninga, så har dei vorte samde om løgna i staden. Når dei då skal prøve å få til samarbeid, i kyrkje, kristne organisasjonar og i samfunnet elles, for å bygge opp verdiar saman, så melder problemet seg, korleis kan vi verte samde? Kva kan vi semjast om? Skal vi verte samde om sanninga eller skal vi erstatte den med løgn? Kva for ei løgn skal i så fall det vere?

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Den norske kyrkje sine sataniske vers.

Bibelen fortel at Gud skapte alle ting ved sitt Ord. Han talte til mannen og han fekk oppleve at Gud skapte ved sitt Ord. Gud talte til mannen og kvinna visste kva han hadde sagt, for når ormen kom og talte til henne, svarde ho først det som Gud hadde sagt. Likevel klarde ormen å forføre henne med det han sa til henne, så ho ikkje retta seg etter Guds Ord. Slik klarde Ormen å ta over og gjere seg til denne verda sin gud. Det er framleis strategien hans. Dersom han soleis klarde å stoppe Guds verk og hindre at han gjorde sitt verk mellom menneska, så klarde han å vinne over menneska. Men dersom Gud gjore sitt verk mellom menneska, så såg han etter moglegheta til å ta over for å gjere seg til gud for dei i staden. Men Kristus sigra over ormen og verda ein gong for alle, ved trua på han er vi forsona med Gud og sigrar saman med han.

Den Norske Kyrkje har i lang tid forkynt evangelisk kristendom og på evangeliets grunnvoll har den velsigna folket og landet. Det har det vorte mindre av i det siste, mange prestar og kristne leiarar som ikkje vil godta det lenger. Korleis har det seg? Har kyrkja og dei kristne organisasjonane endra seg? Har kyrkja eit alternativ? Jau, dei har eit alternativ i den moralfilosfikse tradisjaonen og grip til det alternativet når dei synest det trengst, for å behalde si makt. Då argumenterer dei som om vi framleis er skilde frå Gud på grunn av syndefallet. Slik argumenterer dei for å få makt over menneska, som den tradisjonelt lærde overklassa jfr. platonismen. Slik hevdar dei at vi ikkje er tilreknelege, vi er for vonde og for dumme, derfor må dei tenke og tale for oss. Men då seier dei forbanninga i staden for å seie velsigninga. Når vi opplever at vi har samfunn med Faderen og Sonen og vedkjenner det, så vil ikkje dei vite av det, men fornektar det. Så det er Antikrist som fornektar Faderen og Sonen, Antikrists ånd er ikkje av Gud. Det er dei sjølve som har forkasta Guds Son, derfor forbannar dei i staden for å velsigne. Det viser seg i det politiske  livet, det har vorte meir og meir prega av ein politikk som er ei forbanning av den norske mann og dermed for heile folket og landet, forbanning av ”det norske”. I staden for å seie velsigninga, forbannar dei folket og landet er i ferd med å verte forbanna.

Så la oss sjå nøyare på korleis ormen gjekk fram når han forførde kvinna:

1MO 3,1 – 1MO 3,6 {SYNDEFALLET}  Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: “Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?” [Ormen: her talerøyr for ei vond og freistande makt. Sml. 2 Kor 11, 3; Op 12, 9.] 2 Kvinna svara: “Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen. 3 Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!” 4 Då sa ormen til kvinna: “De skal ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.” 6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt.

Ho visste kva Gud hadde sagt og svarde rett. Men ormens plan var å gje inntrykk av at Gud var ein gniar om ikkje unnte dei å ete av trea i hagen. Så fornekta han Guds Ord og sa at dei ikkje skulle døy om dei åt av kunnskapstreet og gav dei ein lovnad om dei tvert om gjorde det.  Slik framstillet han det som om det var eit betre alternativ. Men Gud avsa domen og no vart dei utestengde av Edens hage, så dei ikkje lenger ete av noko av treea der.

Denne metoda er typisk for ormen, så det han sa her, kallar eg sataniske vers. Prestane brukte denne metoda under hekseprosessane i Sverige på 1600-talet og dei brukar den når dei får folk til å nekte for at Kristus er hovudet for kyrkja og for mannen og mannen er hovudet for kvinna.

Jesus er den siste Adam og hans kyrkje er hans brud.

I 1.Mos.2 såg vi korleis Gud skapte mannen, planta hagen, skapte dyra og skapte kvinna. Han fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med han og det naturmiljøet han levde i. Men så vart kvinna forførd av ormen, slik vende dei seg bort frå Gud og på grunn av dette syndefallet stengde Gud dei ute frå Edens hage. Så dei fekk ikkje lenger oppleve at Gud gjorde sitt verk, Gud kvilte etter det han hadde gjort, men dei fall ut av Guds kvile, med sveitte i andletet skulle mannen ete sitt brød.

Eit moderne, sivilisert samfunn er komplekst og der er stort behov for å bruke språksansen til å kommunisere, for å utveksle informasjon og for å få til samarbeid om å opparbeide oss verdiar. Slik er der sjølvsagt behov for kommunikasjon mellom mann og kvinne også, med tanke på ekteskap, familieliv, hus og heim, for å få til samarbeid om å bygge opp felles verdiar. Eg har samanlikna det med korleis hannar av dyr eller fugl konkurrerer og viser seg fram for hoene og dei vel. Blåstrupen syng og viser fram den fargerike fjøyrdrakta si og hofuglen prioriterer hannar med fargerik drakt, slik er det ornamentet som særpregar arten. Det som særmerker mennesket er den store hjerna med den velutvikla språksansen, den er skjult av kraniet, men det er viktig å bruke den. Til samanlikning med korleis blåstrupen syng, vert det då viktig for mannen å bruke språksansen til å kommunisere for å få seg ei kone. Vi er fri til å velje og det er viktig for oss å nytte dei moglegheitene som byr seg til å ta kontakt med andre menneske og prate med dei. Når ein mann vil ha seg ei kone er det spesielt viktig å nytte dei moglegheiten som byr seg til å få kontakt og prate med kvinner.

https://bluehost944.com/2017/02/08/kjonnsroller-er-naturleg-men-kva-betydning-har-det-at-vi-trur-pa-gud-og-hans-ord/

Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

1TE 4,2 – 1TE 4,8 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Det er ved at han helgar Kristus som Herre i sitt hjerte, vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande, den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, Kristus er Guds Ord, han er Sanninga. Den Heilage Ande fører oss fram til heile Sanninga og den set oss fri. Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Kristus er Sanninga og vi lever for han. Det gjev oss meining med livet og det er sjølve fridomen.

No når vi har teke imot Guds Ord i tru, kome til tru på Jesus, vendt om til han og teke imot han, så har han sendt oss ut i verda med den glade bodskepen. Då er det framleis viktig for oss å vere fri til å nytte dei moglegheitene som byr seg til å tale med andre menneske og no har vi att på til ein himmelsk god bodskap til dei, vi har teke imot Guds Ord og kan tale det til dei. Vi meiner vel at vi av vår eigen frie vilje har valt Kristus, teke imot han og fått hans Ande, så vi tilhøyrer han, då er vi frelst, men då er det likevel ikkje vi som har valt han, men det er han som har valt oss og sett oss til å gå ut i verda og bere frukt som varer. Det er Gud som har valt oss ut i sin elska Son, Jesus Kristus.

Og så var det dette med dåpen då, det er eit godt samvits vedkjenning til Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde, slik skal vi erkjenne for Faderen kva Kristus er for oss og slik skal vi kjennast ved han for våre medmenneske. På evangeliets grunnvoll får vi ved trua på Kristus komme inn att til Guds kvile, for Jesu frelsesverk er fullbrakt og fullkome. Så vi får oppleve at Gud skaper oss i Kristus, han skaper og former oss ved sitt Ord og sin Ande. Hovudpoenget er ikkje at vi gjer vårt verk, men det fundamentale er at Gud gjer sitt verk med oss, i Kristus, det er hovudpoenget. Kristus er Guds Ord, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for den kyrkja som er hans brud. Gud er den same og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, det gjeld både kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud, hans kyrkje, og kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Vi får oppleve Guds kraft i våre liv, vi får oppleve kreftene av Jesus oppstode frå dei døde, det må vi ære og takke Gud og Lammet for, i den krafta og med den krafta skal vi leve for han, slik skal vi som hans brud vere ei hjelp for han. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik gjev han meg hjelp i form av ei kone. Så ho med den krafta vert til hjelp for meg. Og med den krafta vert vi, som Jesu brud til hjelp for han. Det er hendsikta, det er sjølve meininga med livet. Gud gjer sitt verk med oss og då er det hans kall og utveljing som vert avgjerande og det vert klart for oss ved at vi får oppleve Guds kraft, vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde. Gud vil med si kraft verte autoritær mellom oss, for å frelse menneske.

https://bluehost944.com/2017/02/12/utvikling-ved-tilpassing-til-naturen-og-utvikling-av-intellektet-det-er-vel-viktig-men-vi-far-oppleve-det-ved-at-guds-skaper-og-former-oss-ved-sitt-ord-og-sin-ande/

2017.02.12. Frelseskjelda vert aldri tørrlagd.

Eg hadde bedt Jesu frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Eg skulle ikkje bekymre meg for det, men overlate mi sak til han, han var den som tok seg av mi sak. Når eg studerte realfag, skulle eg berre vere oppteken av Herren som kalla meg og så vere fri til å vere oppteken av det faglege. Eg skulle ikkje trenge å engasjere meg sosialt for å finne meg ei kone, på annan måte enn at eg gjekk på møte i Jesu kyrkjelyd, las i Bibelen og søkte Gud i løynkammarbøna og så gjekk ut og fortalde andre menneske om kva Jesus er for meg, fortalde dei den glade bodskapen om den frelsa Gud har gjeve oss i han. Eg har bedt til Jesus og fått oppleve at han svarar meg, slik har der vorte ei samtale mellom meg og han, i hans kyrkjelyd, og eg og vi opplever at Gud gjev oss framgang gjennom den samtala.

Jesus er den siste Adam, han er ifrå himmelen og har for oss vorte ei livgjevande ånd. Med det livet og den Anden han gjev oss, lever vi for han, så vi som hans kyrkje elsker han som hans brud, lever for han og er til hjelp for han som hans kone.

Kristne leiarar som er bundne av den tradisjonelle moralfilosofien, påstår at den unge mannen, som kjennest ved Kristus,  ikkje er kompetent til å snakke med den unge jenta. Men då viser det seg at dei fornektar Kristus.

Så når ein ung mann vert glad i ei ung jente og vil snakke med henne om det, hevdar dei at det er den gamle, vonde naturen, han er for vond og for dum, derfor er han ikkje kompetent til å sankke med henne eller ha noko med henne å gjere, det er då nettopp derfor dei er dei gamle og lærde som skal tenke og tale og styre som den lærde overklassa. Sjølv om han trur på Jesus og kjennest ved han, kan dei finne på å halde på slik til han er gammal og grå, ja resten av livet for den saks skuld. For ponget er at dei vil gjere sette seg i staden for Kristus og gjere seg til gudar for folekt. Slik prøver dei å få makta over folket og kyrkja, gjere seg til gudar for folket og slik prøver politikarar å gjere seg til gudar for folket. Men det er avgudar og det er framleis løgn. Det er løgn som vert brukt som erstatning for den sanninga eg nyst har tala om, den sanninga som skulle sette oss fri.

Når nokon skal vitne for ein amerikansk domstol blir dei spurt om å love å seie sanninga og ikkje noko anna. Dersom same spørsmålet vart spurt til dei kristne i Noreg, om deira kristendom, så skulle dei svare at Jesus er Sanninga, slik som eg nyst har skrive. Men det verkar som om prestar, kristne leiarar og politikarar i staden har sagt til dei at de er fri til å seie nett kva de vil, dersom de berre ikkje seier Sanninga. Lov oss berre at de ikkje seier Sanninga. Slik prøver dei med sin kunnskap og visdom å gjere seg til herrar for folket, men det seier seg sjølv at når dei soleis krenkar menneskets frie vilje og demokratiske rettar, så er det vranglære og religiøs overtru.

Når eg var ung og bad Gud gje meg ei frelst jente til kone og bad soleis for ei jente som eg vart glad i, fekk eg oppleve at han gjorde sitt verk med meg og med henne og det verket han gjorde var godt. Her måtte eg berre halde fram med å tru på han og ære og takke han for det, elles ville det verke som om det var for godt til å vere sant, om eg skulle få henne til kone virka som om det var for godt til å vere sant, spesielt med tanke på innstillinga til desse kristne leiarane. Men desse kristne leiarane dåra og forførde henne slik som ved syndefallet, så ho vart for dum til å vere sann, ho vart ikkje lenger i stand til å gjennast ved sanninga og lovprise Kristus som sin frelsar og Herre. I staden prøvde ho å gjere seg sjølv lik som Gud og slik har ho tydelegvis prøvt å engasjere seg politisk. Ho har ropt på politiske leiarar i staden for å kalle på Jesus som sin frelsar og Herre. Ho har spurt lækjarar og vismenn i staden for å spørje etter Guds Ord. Men eg og vi talar Guds Ord, Jesus er Guds Ord og eg kjennest ved han, han er vegen, Sanninga og livet, han vil setje henne fri ogleie henne til Faderen.


Erasmus Montanus.

Når eg var ung heldt desse kristne leiarane meg soleis for å ikkje vere kompetent til å snakke med den unge jenta om at eg var glad i henne. No har eg studert realfag og gjer det framleis og no utartar det seg som motsetnaden mellom Erasmus Montanus (eit drama skrive av Ludvig Holberg) og dei som heldt seg til den tradisjonelle læra i kyrkja på heimstaden hans, dei nekta for at jorda var rung og kravde at han skulle fornekte dette som vranglære. For dei hevda at jorda var flat, det var kyrkja si lære og dei heldt det for å vere den rette lære, som om den var henta frå Bibelen. Det er nok ein parodi på det geosentriske verdsbiletet, men det er ikkje henta frå Bibelen, men frå antikkens Hellas. Allereie på den tida var der det heliosentriske verdsbiletet eit alternativ, men platonismen kopla sin moralfilosofi til det geosentriske verdbiletet og den koplinga kan vi sjå på grunnlag av den gamle religionen der dei trudde at planetane var gudar.

No har eg lært mykje meir realfag enn dette, fysikk, matematikk, informatikk, kjemi og biologi og grunnkurs i geologi og astronomi. Eg har fått greie på utviklingslære og Big-Bang-teori og hevdar at der er noko i det, mildt sagt. Så det kunne vel vere nye grunnar til at dei ville stå meg og mi sak imot, liksom kyrkjefolket i bygda stod Erasmus Montanus og hans sak imot. Men eg har barnetrua mi enno, eg trudde på han når eg var ein liten gutunge og eg trur på han enno, han er den same, han har ikkje forandra seg. Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Det er mykje som har endra seg i mi tenking elles, men ikkje mi tru på han, ikkje på annan måte enn at det live som vart planta imeg, det skulle vekse. Eg skulle vekse i tru og kjenskap til han og vekse opp til han som er hovudet for lekamen (Jesu lekam, som er hans kyrkje).

Eg har bedt han frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Han er hovudet for annen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik er det to sider av same sak og han har sagt til meg at han vil ta seg av mi sak som si eiga sak. Vi vil nok alle møte motstand og vanskar i denne verda, slik er naturleg nok tilværet, men når dei på så prinsippielt grunnlag står meg og mi sak imot, viser det seg at dei står Kristus og hans sak imot.

Den Store Skjøkje drap profetane og dei heilage.

Paulus sa at vi skulle streve etter dei største nådegåvene. Men kjærleiken var beste vegen.

1KO 12,31 Men streva etter dei største nådegåvene!  {KRISTEN KJÆRLEIK}  Og eg skal visa dykk den beste vegen:

1KO 13,1 – 1KO 13,13   Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting. 4   Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8   Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Paulus sa at den som talar profetisk brukar vitet.

1KO 14,1 – 1KO 14,32 {RETTLEIING OM GUDSTENESTA}  Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. 5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. 6 Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? 7 Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela? 8 Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid? 9   Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret. 10 Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg. 12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. 16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia “Amen” til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. 20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne. 21 Det står skrive i lova:  Gjennom folk med anna språk  og med framandt tungemål  skal eg tala til dette folket;  men endå vil dei ikkje høyra på meg,  seier Herren. 22 Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande. 23 Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? 24 Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle. 25 Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: “Gud er sanneleg mellom dykk!” 26   Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! 27 Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29 To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt. 30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia. 31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning. 32 Profetar har herredøme over åndene som talar i dei.

Den som talar profetisk brukar vitet og talar til oppbygging av kyrkjelyden. Han talar også til verda, til verdslege menneske for å få dei til å vende om til Herren, så det skal få konsekvensar for verda og også på den måten talar han til oppbygging av kyrkjelyden. Dette er noko som vi skal etterstrebe og kjærleiken er beste metoda, beste måten å gjere det på.

De ser at eg har gjort bruk av min realfaglege kunnskap, men då er det på den måten at eg viser korleis Guds Ord får konsekvensar for verda, han har då skapt henne med sitt Ord og det vil han framleis gjere.

No er det ikkje alle som likar det og eg forstår det slik at eg får motstand frå den Store Skjøkje, for ho er korrupt, så ho tåler ikkje Sanninga.

ÅPE 18,24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.”

ÅPE 19,1 – ÅPE 19,2 {DET STORE KORET I HIMMELEN}  Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:  Halleluja!  Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til, [Halleluja: hyllingsrop, kjent frå den jødiske gudstenesta. Det tyder: “Lovpris Herren!”] 2   for sanne og rettferdige er hans domar.  Han har dømt den store skjøkja,  ho som øydela jorda med si utukt,  og blodet av tenarane sine  har han kravt av hennar hand.

Gud skaper noko nytt og gjev utvikling og framgang, men det vert møtt av ein reaksjonær motstand.

Gud skaper noko fundamentalt nytt, vi får sjå at det spirer fram. Han føder menneske på nytt, av vatn og Ande. Vi er sjølve Guds åkerland, Guds bygning. Plantane treg vatning, han set sine tenarar til å vatne og sjølv gjev han vekst. Jesus er vegen til Faderen og han kallar oss og leier oss den vegen. Vi skal lengte etter den åndelge uforfalska melka og vekse ved den. Han lærer og oppseder oss ved sitt Ord og sin Ande og vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen, som er Jesu kyrkje. Slik skaper Gud utvikling og framgang.

Men det vert møtt av ein reaksjonær motstand og det viser seg i protesten mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna, då er det også ein protest mot at Kristus skulle vere hovudet for kyrkja. Men han er framleis hovudet for den kyrkja som er hans kone. Denne protesten er å samanlikne med opprøret og sviket mot Sokrates. Det gjorde sitt til at Platon argumenterte mot demokrati og for diktatur ved ei lita lærd elite. Og slik gjekk det, diktaturet var kopla til den gamle religionen med avgudsdyrking. Og i fylgje diktaren og krigaren Aychylos skulle no guden Zevs få endå større makt, han skulle få diktatorisk makt, over alle andre gudar. Det vart hardast gjennomført under Antiokus 4. Epifanes. Jødane streid hard mot dette og klarde å drive makta hans attende og frigjere seg frå tyranniet. Likevel vart jødedomen infiltrert av det, sjølv om dei ikkje heilt var klar over det. Derfor gjorde dei opprør mot Kristus og sveik han på liknande vis som folket gjorde opprør mot Sokrates og derfro forføolgde jødane dei fyrste kristne.

Så det strarta med ein reaksjonær motstand mot demokratiet i Aten. Og under Antiokus 4. Epifanes vart det framstilt som om det var dei reaksjonære kreftene som stod for utvikling og framgang, som om dette var det nye, det sanne, det vitskaplege, det moderne, som hadde framtida for seg. Det gamle som jødane hadde frå sine fedrars Gud, var berre å få bort.

Vi kjenner igjen same mentaliteten i dagens samfunn, i venstresida i norsk politikk og inn i sentrumspartia, heilt inn i Krf. Dei vil ikkje vite av det leiarskapet som Gud gjev oss ved sitt Ord og sin Ande, ved Son sin Jesus Kristus, til tross for at Gud har gjeve han til oss, som hovudet for si kyrkje og slava han til å vere kongars konge. Derfor prøver dei å finne på noko anna i staden og prøver å framstille det som om det er radikalt og nytt og betyr utvikling og framgang som neste steg i ei radikal utvikling. Men det er false profetar og kjem med falske profetiar og leier folket vilt. Det viser seg ved at det ikkje stemmer men evangeliet og at det strir mot naturen og naturvitskapen.

Platon meinte at planetane gjekk i perfekte sirklar, så sirkelen var den fulkomne ideen, slik kopla han det til moralen, men det hang nok saman med at i fyglje den gamle religionen var planetane gudar. Men Platon tenkte også matematisk, dette gjekk det an å sjekke og bruke matematikk på, slik vart det geosentriske verdsbildet avsanna og erstatta av det heilosentriske verdbildet, planetane gjekk i elipsebaner med det eine brennpunktet i sola.

Men no meiner dei dei med sin moralfilosofi og propaganda skal forme menneska og mange er dei som let seg forføre og let seg forme. Og altså – etter ein reaksjonær motstand mot den evangeliske forkynniga – formast på ein annan måte. Til dømes som ”nyfeministar”. Kva skal vi så sjekke det imot? Vi skal sjekke det mot Guds Ord, men vi kan også skjekke det mot naturvitskapen, om vi er ærlege.

RMR 1,18 – RMR 1,32 {GUDS DOM OVER HEIDENSKAPEN}  Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. 24 Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. 25 For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen! 26 Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg. 27 På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt. 28   Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg. 29 Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list. 30 Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre. 31 Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta. 32 Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

I massemedia får vi til dømes  sjå og høyre at dei famstiller homoseksualitet som det nye, som det neste steget i ei radikal utvikling, som om dette er utvikling og framgang. Det strir opplage mot Guds Ord, men det strir også mot naturvitskapen, det strir mot utviklingslæra, den seier at livet er ein kamp for tilvære, for å oppnå utvikling og framgang. Slik seier den noko om kva som naturleg nok skal vere målsetjinga. Dett er noko som alle får oppleve. Men på grunn av syndefallet fekk menneska eit fundamentalistisk problem som dei ikkje klarde å løyse. Men Gud forsona verda med seg i Kristsu, slik løyste han det ein gong for alle.

Men desse menneska har ikkje villa godta det og har ikkje villa forsone seg med Gud og derfor prøvar dei å finne og utgjere eit alternativ og derfor framstiller homoseksualitet som det radikalt nye. Det er sjølvsagt tøv, dei lurer både seg sjølve og andre. Gud skaper utvikling og framgang ved sitt Ord og sin Ande, men dei er reaksjonære og står imot. Og kvifor det? Fordi dei vil innføre eit reaksjonært diktatur.

Den ekte kjærleiken.

Jesus er vegen til Faderen og det er viktig for oss å gå den vegen. Som Guds born kan vi gå til han med alle våre behov, når ein ung mann vil ha seg ei kone og ei ung kvinne vil ha seg ein mann, er det viktig for dei å gå til han med det. Som Guds born kan dei omgås kvarandre prate saman som søsken og då er det viktig for dei å ha frimod nok til å prate om det også. Mannen skal vite vinne seg si eiga kone i helging, så då er det viktig for han å gå til Gud med det og så prate med kvinna om det.

Jesus sa til oss at den kjærleiken han utgydte på Golgata kors, den ville han skulle vere mellom oss. Den vinn finn vi ved å sjå på han og vi skulle glede oss fordi vi har funne den ekte kjærleiken. Vi skulle ikkje prøve å verte perfekte som mann og kvinne, vi skulle berre lengte etter han som gjev liv.

Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.

Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:

(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).

Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

Pissivildensky og den forbanna Venstre-mannen.

Herr og fru Pissivildensky.

Men ho Virtuella (ei jente som eg var forelska i når eg var ung) har vike av frå den vegen og gått andre vegar og ikkje vore villig til å møte meg og snakke med meg slik. Ho har gått til prestar og politikarar, lækjarar og vismenn. Gjennom kvinnerørsla har ho og mange andre kvinner gått til massemedia og ropt på politikarane som om dei var gudar, ropt ut i veret som om dei ropte på gudane og mange prestar og predikantar har ropt i saman med dei. Det er som å rope ut i meiningsløysa i staden for å kalle på Herrens namn til frelse og møte og snakke med den einskilde mannen som soleis søker samfunn med Gud. Dei satsar tydelegvis på ei hegeliansk omforming mellom herre og knekt, men den hadde lite og ingen ting med Gud og det einskilde menneske å gjere. Det har seg nok slik at dei prøver å gjere seg sjølve til gudar, derfor har det lite og ingen ting med Guds himmel å gjere og lite og ingen ting med den fysiske verda å gjere. I staden for å tru på Gud vår Far som gjev oss gode gåver og godta det, ropar dei ut i meiningsløysa, så dei som søker han ikkje skal oppnå noko med det,  slik gjer dei livet meiningslaust for dei einskilde som søker han. Det er eit mediaståk og eit spel for gallerie som eigentleg har lite for seg. Derfor kallar eg dei herr og fru Pissivildensky.

I 2013 fekk ein mann og ei ung kvinne nobels fredspris for deira kamp mot undertrykking av barn og ungdom og for deira rett til utdanning. Opplagt ei gode sak. Prest og politikar Kjell Magne Bondevik (tidlegare Krf.leiar og to gongar statmisnister) hadde engasjert seg for at ho skulle få fredsprisen og den hasten heldt han og Erik Solheim (tidlegare SV-leiar) foredrag i Jesus Church kvar sin søndag.

Eg var der ikkje. Men eg veit frå før at der er ein kyrkjeleg, moralfilosofisk tradisjon som ser det slik at all vår kunnskap er som frukta av kunnskapstreet og det er nettopp det problemet eg no skriv om, det er den norske kyrkje sine sataniske vers. Soleis bannlyser dei og stenger ute mannen og vil snakke med kvinna i staden for han, liksom ormen forførde kvinna og slik erstattar dei Guds Ord med noko anna, ein verdsleg visdom som om den er visar enn Guds Ord og erstattar det, som om det er dårskap samanlikna med denne verdslege visdomen. Den unge mannen som trudde på Jesus held dei soleis for å vere for dum til at dei skal bry seg om han og høyre på han, som om han er for dum og for vond til at det går an å snakke med han og ha noko med han å gjere.

Men då er det dei som står Guds sak imot og så erstattar dei det med noko anna. Slik perverterer dei kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det har nok kome sterkast til uttrykk i SV sin politikk. Sentrale folk i Arbeidarpartiet markerte seg i homo-demonstrasjonane sist sommar og det gjorde den nye Krf-leiaren og kona hans også. Prest og politikar Gunnar Stålsett var leiar i Senterpartiet 1977-79, rektor ved det praktisk-teologiske seminaret i ved Universitetet i Oslo  1994-1998, biskop i Oslo i 1998. Han var liberal til kvinnelege prestar og til homofili. Han var med i Nobel-fredspris-komiten 1995-2002 og sidan nokre år som varamedlem.

Pervertering av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vert altså rekna som radikal politikk, meir eller mindre for desse politiske partia, men det er sjølvsagt på grunn av at verdslege maktinteresser er kome inn i kyrkja og slik prøver dei sjølve å få makt. Så dei framstiller det som folkeopplysning, utvikling og framgang. Men det er falske profetar og falske profetiar. Det har seg eigentleg slik at dei står Guds sak imot, Gud skaper utvikling og framgang med sitt Ord og sin Ande, men dei står imot, som nokre reaksjonære bakstrevarar, som meir generelt strir mot konstruktiv tenking og konstruktiv kommunikasjon for å skape verdiar både for den einskilde og for fellesskapet. Så prøver dei å finne på noko for å gje inntrykk av at dei har noko å fare med likevel. Då blir det så meiningslaust som dette.

Men dette er berre toppen av isfjellet. Det fundamentale problemet er den norske kyrkje sine sataniske vers, med dei har dei vraka apostelen Paulus og det er som om dei har gjort Judas Iskariet til apostel i staden. Dei har erstatta den Gode Hyrdingen med den Duglause Hyrdingen. Dei har vraka Guds Ord og erstatta det med noko anna.

Etter det amerikanske presidentvalet gjekk Krf’s førstedame ut i massemedia og sa ho følte ho ikkje kunne kalle seg kristen lenger, sidan så mange amerikanske, kristne hadde støtta Trump og stemt på han. Og mannen hennar, Krf-leiaren jatta etter.

http://www.vg.no/nyheter/meninger/usas-presidentvalg-2016/naa-klarer-jeg-ikke-aa-kalle-meg-kristen/a/23843841/

Ho fortalde at ho gjekk i Jesus Church og ville kalle seg ein Jesus-disippel. Så sa ho noko om sanninga om seg sjølv og det var visst noko om at ho ikkje var heilt kompetent. Det eg synest er så rart, er at dei som soleis framstiller seg som kristne leiarar og har så store moglegheiter til å tale til verda og fortelje henne sanninga, ikkje gjer det. Ho kreista litt med det, men klarde likevel ikkje heilt å kreiste det ut or seg at Jesus er sanninga. Det er han vi skal tru på, det er han vi skal sjå på, det er han vi skal kjennast ved, det er han vi skal forkynne, vi skal forkynne den glade bodskape om han til menneska. Kristus lever og dei som trur opå han får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, slik gjer han oss levande med seg, slik gjer han sin kyrkjelyd levande. Om politikarar finn at dei må ta stilling til han, så er det sekundært og soleis ei litt anna sak, det er deira sak og deira ansvar. Om dei trur på han, kjennest ved han og stiller seg positive til han så er det vel og bra. Men vår oppgave er å forkynne den glade bodskapen til menneska, menneske av kjøt og blod, laga av mold frå marka. Det er menneske Gud vil frelse, gjenføde, oppsede og utruste og gjer til sine reiskap og bruke. Slik gjer han dei kompetente til å delta. Og det er viktig for eit demokrati at folk er kompetente til å delta.

Då synest eg det er rett og slett uhyggeleg at ho soleis vil overprøve det amerikanske presidentvalet og taler som om ho hevdar og meinar at så mange amerikanarar ikkje er kompetente til å delta i demokratiet og stemme og det sjølv om dei har den same trua ho. Så sa ho noko om at ho sjølv ikkje var heilt kompetent. Kven er då kompetent? Kva er poenget? Poenget er at dei med sin moralfilosofi argumenterer som i platonismen, folk frelst er ikkje kompetente til å meine noko og til å delta, derfor trengst der ei lita elite som skal styre. Det går ikkje så mykje på sak som det kanskje høyrest ut til, dei politiske sakene blir meir som vikarierande motiv. Det som betyr noko er kven du er, slik det vert lagt opp til å dyrke politiske leiarar som gudar. At dei politiske sakene var vikarierande motiv for dette, viser seg ved kor lite som er igjen av det som var Krf sine kjernesaker i programmet deira. Ja, dei gjekk då endåtil ut i gatene i Oslo og demonstrerte for homfili!

Men spørsmålet om kven du er som menneske, det er nettopp det Bibelen gjev oss svar på, både ved skapingssoga og ved evangeliet. Gud skapte verda ved sitt Ord og han forsona den med seg sjølv då Kristus døde i staden for oss. Om vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, gjenføder han oss og skaper oss i Kristus, Kristus er Guds Ord, han skaper oss med sitt Ord og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2.

Den forbanna Venstre-mannen.

”Jeppe på Berget” var eit anna drama av Ludvig Holberg. Han var ein drukkebolt og kona hans var streng og straffa han for det. Sjølv påstod han at det gjorde sitt til at han drakk. Vel, eg kan vere samd i at slik kan den strenge barneoppsedinga verke, barnet følerdet vert urettmessig straffa, slik må det betale på førehand for noko gale det ikkje har gjort og så gjer dei noko gale fordi dei har fått betale for det allereie.

Ein gang fann Baronen og mennene hans han dauddrukken i veggrøfta. Dei tok han med seg til baronens slott, kledde han i pysjamas og la han i Baronens seng. Dei innbilte han at han var Baronen inntil han var så daudrukken at han somna igjen. Då hadde dei han tilbake der dei fann han.Når han vakna opp att, trudde han at han hadde vore i himmelriket. Kona hans fann han og straffa han igjen og fekk han med seg heim att. Seinare kom baronens menn igjen og kravde å få han hendretta for å ha drepe baronen. Dei laga til ei kunstig hendretting der han vart hengd. Kona hans angra at ho hadde vore så fæl og så avslutta dei den seansen. Når Jeppe kom på vertshuset att vart mysteriet oppklart for han.

Merkeleg kor mykje dei klarde å innbille han med å lage skodespel med han. I vår tid er det mange som forkynner Guds nåde og Guds straff  for å lage skodespel med folk på liknande måte. Det viser seg i korleis dei har brytt seg om meg og mi sak. Eg har bedt Gud om å gje meg ei frelst kvinne til kone, men det har ikkje vorte noko ut av, dei har berre laga underhaldning og mediespetakkel ut av det.

Dette viser korleis alkoholiseringa gjorde folk uskikka til å delta. Dei som arbeidde for at Noreg skulle verte ein sjølvstendig nasjon såg problemet og det var nok ein god grunn til at det vart starta avholdsrørsler. Venstre var det politiske partiet som leia Noreg fram til sjølvstende, det var på den tida så stort at det hadde reint fleirtal.

Eg har reist på tråling og det har vore mykje arbeid der ein må displinere seg for å gjere in god innsats. Når båten kjem til lands slappar folk av etter arbeidet og disiplinen og då drikk dei ein del alkohol og det hender nokre av dei drikk i meste laget. På puben/vertshuset kan det hende dei møter kvinner som er ”lause på tråden” og nokre av karane frå seg kvinnfolk. Alkoholen har verka til å gjere dei modigare slik sett og verka til ansvarsfråskriving, dei kunne seie at dei var så fulle at dei hugsa ikkje kva som skjedde.  Om kvinna vart gravid, så er det hennar ansvar, ikkje deira. I russetida er det mange som drikke seg fulle og det kan sameleis verke som ein ansvarsfråskriving når ein ung mann og jente har samleie.

Eg har vore Venstre-mann sidan eg var ung, i dei aller fleste tilfelle stemte eg Venstre, heilt fram til omlag 1990. Sidan har eg ikkje stemt og kvifor det. Jau, eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone, det betyr at eg legg ansvaret på han, som min frelsar og Herre. Eg er oppreist med Kristus og då skal eg ha hugen vendt opp til han, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han har omsorg for henne som si kone. Eg har bedt Faderen om å gje meg ei kone og soleis let eg han ta omsorg for både meg og henne, han har omsorg for oss som sine born. Slik er eg ein fri og sjølvstendig mann og det samsvarar med den nasjonale frigjeringa. Det er ikkje den totale ansvarsfråskriving, frigjeringa er ikkje å leve som den bortkomne sonen, men å leve som den heimeverande sonen, under Faderens omsorg.

Men då viser det seg at desse kristelege moralistane ikkje vil vite av mitt barnekår hos Gud, dei vil ikkje vite av vedkjenning av kva Kristus er for meg, at han er hovudet for mannen og for kyrkja. Dei vil ikkje vite av at eg er vitug og fostandig og gjev uttryk for det i samtale med andre menneske. Og kvifor det? Etter kyrkja sin tradisjon skal slike underklasse-menneske vere som den bortkomne sonen, for då får dei med si verdslege makt gjere seg til herrar for han.

Eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og han vil gje meg henne av berre nåde, utan krav om gjerningar. Men der er heilt sikkert ”kristelege” moralfilosofar som vil krevje meg til ansvar for henne og lesse tunge bører på meg, ja, helst utan at eg skal få noko som helst igjen for det sjølv, for dei er det dette som er sjølve poenget, dei vil bruke denne sake for at dei skal nå sine mål, slik prøver dei å gjere andre menneske til sine trælar, dei sel menneska tilbake til trældomen under avgudane og prøver å sko seg på den måten.

Krf er prega av slike moralfilosofar, det er som eit vakttårn som held vakt over eit område og mange kristne er ikkje klar over at dei soleis vert overvåka og vakta gjennom kristelege organisasjonar. Soleis lever Venstre i skuggen av dette vakttårnet. Men vaktposten strir med denne kristelege frigjeringa og soleis strir den også med den menneskelege frigjeringa og nasjonale frigjeringa som Venstre opphavleg stod for. Der skulle framleis vere utvikling og framgang med dei passar på å legge det daudt ved å stoppe den frie, konstruktive kommunikasjonen mellom menneske. Så konstruktiv og verdifull utvikling og framgang vert erstatta av tøv.

Barnekår hos Gud.

Men Jesus kallar til seg dei som soleis slit og har tungt å bere, hos han får dei kvile.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

Så dette er likevel ikkje ei total ansvarsfråskriving, men det er å la Faderen ta omsorg for oss som sine born og la Sonen ta ansvar for den kyrkja som er hans brud. Gud har sagt til meg at eg skal la han ta omsorg for sine born og sine henders verk. Så den kristne vekkinga og frigjeringa er ikkje ei slik total ansvarsfråskriving, men det er bevisstgjering av at Faderen og Sonen har ansvaret for oss og tek omsorg for oss. Vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen, så vi vert som den voksne mann. Då får vi nok oppleve at Jesu delegerer ein del ansvar til oss, men det er på den måten at vi tek hans åk på oss og lærer av han, for ahn er mild og mjuk i hjarta, vi finn kvile for sjelene våre, for hans åk er godt og hans bør er lett.

JOH 15,13 – JOH 15,17 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

EFE 4,1 – EFE 4,16 {EINSKAPEN I KYRKJA}  Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle. 7   Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:  Han steig opp i det høge og førte bort fangar;  han gav menneska gåver. 9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad. 14   Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Hekseprosess?

Den svensek kriminalforfattaren Jan Guillou skreiv bok, ”Heksenes forsvarere”, om hekseprosessane i Sverige på 1600-talet. Ein prest fortalde eit sagn til ei jentunge om at djevelen freista kvinner til samleie og fekk det til å tru på det og fantasere slik og komme med slike påstandar om sine mødre. Dette var eigentleg å kalle menne for djevlar, men eigentleg var det  prestane som gjekk fram slik som ormen og dåra og forførde kvinna. Ein liten gut sa slikt om mor si og ho vart hendretta. Etterpå sa guten at det var ikkje sant og då vart han hendretta for å ha kome med falske skuldingar. Elles vart menn klaga for å ha hatt seks med dyr og  hendretta.

I boka skreiv han også om Bjugn-saka og kalla den ein moderne hekseprosess. Han samanlikna den med hekseprosessane i Sverige på 1600-talet og det var mykje der som var treffande.

http://www.dagbladet.no/nyheter/2002/08/22/346700.html

http://forskning.no/historie-middelalderen-boker/2008/02/kraftig-heksebrygg-fra-jan-guillou

http://www.dagbladet.no/kultur/2002/10/16/351429.html

I følgje Bibelen er vi alle syndarar og må vende om til Jesus og vedkjenne vår synd, så skal vi få tilgjeving. Dette vart brukt for å få borna til å fantasere om synd og få dei til å vedkjenne den, så eigentleg vart den glade og gode bodskapen brukt til å lokke og narre dei med, det viste seg ved at resultatet vart noko heilt anna, folk vart klaga og straffa for noko dei ikkje hadde gjort.  Det var tydeleg i desse hekseprosessane.

Kvinnerørsla påstod at prestane dreiv med hekseprosess. I hekseprosessane vart menn indirekte kalla djevlar, det fungerte i det minste som ein trussel om at menn kunne verte bannlyste og utstøytte slik. Og det er tydelegvis noko som kyrkja sine leiarar og kvinnerørsla og diverse politiske leiarar har vorte samde om, vanlege norske menn har dei soleis gjort til fienden som skal vere bannlyst og utstøytt, stikk i strid med evangelisk kristendom. Eg har skrive nokre korte innlegg på facebook om korleis eg har opplevt dette og vist til nokre artiklar som eg har skrive og lagt ut på heimesida mi. Dei forklarer Bibelens røyndomsforståing og dei gjev dei rette svara her. Konklusjonen er at det er fundametalt feil å vike av frå den evangeliske forkynninga, slik som kyrkja gjorde under desse hekseprosessane og slik som den har gjort i denne siste tida.

Hekseprosessane i Sverige på 1600-talet, mine kommentarar og vurderingar.

Jan Guillous bok, ”Heksenes forsvarere” om hekseprosessane i Sverige på 1600-talet er uhyggeleg lesestoff. Dette var altså etter reformasjonen, det var ei protestantisk kyrkje og paven hadde tilsynelatande mista makta si over den. No skulle forkynning av Bibelen erstatte tradisjonen frå pavekyrkja, men denne forteljinga viser kor hardt tradisjonen sat igjen i kyrkja likevel.

Det byrja med ei 10-12 år gamal jente og ein to år yngre gut som gjætte geitene i skogen. Dei hadde krangla og kivast om nistepakken. Nokre geiter hadde gått bort på ein holme i elva. Jenta klarde å få geitene i land, men elva var for strid for den to år yngre guten. Dette vart rapportert til kyrkja som samanlikna det med korleis Jesus gjekk på vatnet. Dersom dette hadde ei overnaturleg forklaring til samanlikning med Jesus som gjekk på vatnet, så betydde det at Gud var med henne og etter katolsk tradisjon skulle det då vere aktuelt å gjere henne til helgen. Men dette var ei protestantisk kyrkje. Presten sett i staden fram den teorien at det var Djevelen som hadde smurt føtene hennar med olje, slik at ho hadde kunna gjort dette. Så byrja han å snakke med jenta om eit sagn om at menneske for til ein stor og rik fjellgard, som vart kalla Bloksberg, med stort bustadhus, som ein herregard, og der var dei med på sex-orgier, kvinnene hadde sex med sjølvaste Djevelen. Dei kunne endåtil komme dit ved å ri baklengst på naut. Han fekk jenta til å tru at folk i hennar næraste slekt hadde vore med på dette og at det var derfor Djevelen hadde gjort det mogleg for henne å berge geitene. Dette fekk han henne til å tru på slik at ho angav sine næraste og dei vart hendretta som hekser, klaga for trolldom.

Men prosessen stoppa ikkje med det. Fleire born vart ”forhøyrde” på liknande vis, dei trudde på det presten sa og sanna at slik var det, dei hadde vore med på trolldom. Borna vart piska, men dei vaksne som dei rapporterte for å ha vore med på trolldomen og sex-orgien vart hendretta ved halshogging og kroppen vart brend. Det gjekk frå bygd til bygd. Det vart rapportet til sentrale styresmakter som gav ordre om at dei ikkje skulle hendrettast utan at dei innrømmte det sjølve. Dette vart ikkje sagt til dei som var klaga, det vart i staden sagt at dei skulle hendrettast uansett, men dersom dei vedkjennte syndene sine, så ville Kristus tilgje dei, så dei fekk sleppe inn i himmelen. Det var det einaste håpet dei såg for seg, så dei vedkjennte at slik var det og dermed vart dei hendretta. Ei kvinne nekta og ho vart teken tilbake til fengselet. Men etter kvart hadde dei fått så mange born til å vitne mot henne at dei fekk hendrette henne likevel.

SLM 8,3 Av munnen på småborn og spedborn har du reist deg eit vern mot dine fiendar, så du kan stagga kvar motstandar som trår etter hemn.

Dette verset brukte prestane til argument for å bruke borna til angjevarar.

1JO 1,8 – 1JO 1,10 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige.

Kristendomen lærer menneska at dei er syndarar og at dei må erkjenne syndene sine for Gud, for å få tilgjeving. Her vart dette brukt til å få menneske til å tru og vedkjenne at dei hadde vore med på sex-orgie og trolldom, for så å føre dei til slaktebenken. Dermed var dette utspekulert kristendomsforfølging. Han fekk jenta til å tru at ho og den næraste slekta hennar hadde vore med på dette, trua kom av prestens forkynning og forkynninga hans kom av kyrkja si arvesyndslære, den næraste slekta hennar stod henne nær når det gjaldt naturleg genetisk arv, dei vart klaga, dømde og hendretta.

Fyrst samanlikna dei det med Kristus som gjekk på vatnet, då var det i så fall noko som dei skulle takke Gud for. Men så påstod dei at det var Djevelen som stod bak. Dersom dei var redde for at Gud skulle få makt over menneska ved sitt Ord og sin Ande så er dette ei veleigna svikerisk metode, den har vorte brukt før, den vart brukt mot Jesus.

MTT 10,25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre? (Jfr.Matt.12)

I 1.Joh.1,8 ser det ut til at synda er så fundamental i oss at det er noko vi ikkje kan gjere noko med, vi vert konfrontert med eit problem, løysinga på det er Kristus har sona all vår synd med sin død på korset, slik at vi ved trua på han vert forlikte meg Gud, vi kjem inn i samfunnet med Gud og han vinn makta i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Dette er det evangeliet Jesu apostlar forkynte.

Men det var ikkje dette desse prestane i Sverige forkynte for folket på 1600-talet, forkynninga deira gjekk i staden ut på å få folk til å tru at dei hadde vore med på trolldom og sex-orgie, for så å hendrette dei for det. At denne jenta klarde å berge desse geitene hadde sikkert sine naturlege forklaringar, ho hadde klart å gjere ei bragd. Men prestane avslørte med dette sitt sanne ansikt, sitt eigentlege forhold til ekte kristendom. Dersom Gud med sitt Ord og sin Ande vann makt i menneska sine liv, slik at han brukte dei og gjorde sitt verk gjennom dei, gjorde under og teikn, så ville dei altså påstå at det var Djevelen som hjelpte dei, klage dei for å fare med trolldom og hekseri og få dei hendretta.  Vi kan misstenke at ekte kristendom hadde vorte utrydda på denne måten og dei var redde for at reformasjonen skulle føre til at ekte kristendom vart forkynt igjen. Derfor tok hekseprosessane seg opp på denne tida.

MTT 12,22 – MTT 12,37 Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: “Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?” 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: “Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.” 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: “Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. 31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem. 33 Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta. 34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen. 35 Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. 36 Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag. 37 Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.”

Jesus lærde oss at for å vere hans læresveinar måtte vi kvar dag ta opp krossen vår og følgje etter han, etter at han med sin død på korset hadde sona all verdens synd, stått opp frå dei døde og sett seg ved Faderens høgre hand, valde han ut Paulus til sin apostel og let han forkynne at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og ved dåpen er vi gravlagde med han. Gud dømde Adam til døden, denne straffa har Kristus sona for oss med sin død på korset. Då er det som om vi har døytt med han, så straffa er sona, den tradisjonen og den skulda som vi hadde frå den første Adam er lagt i grava. Ved trua på at Kristus stod oppatt frå dei døde og er den levande Guds Son, så får vi eit nytt liv, han er den andre Adam som for oss har vorte ei livgjevande ånd.

Men paven og presteskapet prøvde å forgude seg sjølve for folket og dermed prøvde dei å føre tradisjonen frå den fyrste Adam vidare likevel og det er dette som ligg i barnedåpen, den vart innført som erstatning for den kristne dåpen, i staden for å bryte med tradisjonen, gjekk den ut på å føre tradisjonen vidare. Det var sagt at det var tradisjonen får Peter og apostlane, men eigentleg var det tradisjonen frå den fyrste Adam. Så dei førde klagemål mot menneska på grunnlag av syndefallet. På grunnlag av det klagemålet, kravde dei å få makt over menneska. Det klagemålet som dei førde mot menneska i Sverige var dikt og oppspinn, men dei kravde å få rett i det, slik at dei kunne drive rettssak med menneska, for soleis å oppretthalde si makt. Det var å føre klagemål mot mennesket på grunnlag av arvesyndslæra og barnedåpen, eit klagemål som mennesket hadde liten moglegheit til å verne seg mot. Det var å drive galgenhumor med kvinnene. Dette klagemålet var grunnleggande for prestemakta.

Vi kan samanlikne det med korleis ormen dåra og forførde kvinna ved syndefallet, på den måten klarde han å gjere seg til denne verda sin gud. På tilsvarande måte prøvde Dyret å forføre menneska, for å få makt over dei. (Op.13).

Dei kristne straffa ikkje folk på denne måten her, det var den romerske keisaren som brukte slike avstraffings-måtar, krossfesting og brenning på bålet og han gjorde offetnleg underhalding ut av det. Under kristendomsforfølgingane vart dei kristne hendretta slik. Der låg ein moral- og poliktisk filosofi bak det, den kom inn i kyrkja i midedelalderen og det er forklaringa på at paven og prestane brukte slike metodar.

Israel, ein møtestad for jødar, kristne, muslimar og sosialistar. Kva har endra seg?

Ein liten kommentar til Sissel Wolds bok: ”Israel, landet som lovet alt”

Sissel Wold har skrive bok om at det er så mykje som har endra seg negativt i Israel, så ho likar det ikkje lenger. Eg har ikkje sett meg så grundig inni det, men så vidt som eg har forstått er ho sosialdemokrat og står sikkert for deira form for kvinnefrigjering også. Ho var på kibbutz Ayelet HaShahar i Nord-Israel i 1978. Ho var på kibbutz seinare også og engasjerte seg i ”norske Kibbutz Venner” og ”Med Israel for Fred” og vurderte endåtil å konvertere til jødedommen. I 2003 vart ho NRK’s Midtausten-korrespondent og sidan har ho totalt endra syn på Israle og jødane i landet. Det har nok å gjere med at ho har fått meir allsidig informasjon, men eg forstår det slik at der er noko som har endra seg med tida. Og kva er det?

Eg var faktisk på same kibbutzen eit heilt år, 1983/84 sidan har eg ikkje vore tilbake. Eg er heller ikkje den som følgjer så nøye med i massemedia, men det er no slikt fokus på Israel og dei religiøse og politiske konfliktene der at det er no vanskeleg å unngå å få det med seg. Men eg les i Bibelen og ser det soleis i eit større tidsperspektiv.

Endring i Israel.

Gud hadde sagt til jødane gjennom Moses at dei skulle kalle han Jahve, ”Eg Er”, fordi han var den han var.

2MO 3,13 – 2MO 3,15 Då sa Moses til Gud: “Men når eg no kjem til israelittane og seier at deira fedrars Gud har sendt meg, og dei spør etter namnet hans, kva skal eg då svara?” 14 Då sa Gud til Moses: “Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. Eg Er har sendt meg til dykk.” [Eg Er: Såleis vert det tolka, det hebr. gudsnamnet Jahve, som er ei avleiing av eit hebr. ord for å vera. Til vanleg vert det omsett med Herren.] 15 Så sa Gud til Moses: “Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.

Så dei skulle seie at Gud var den han var, dei skulle ikkje seie at hanv ar ein anann enn den han var. Når Jesus gjekk her på jorda, sa han at han var Guds Son og han gjorde Faderen kjend for dei, Faderen sjølv var med han og vitna om han ved å gjere sine gjerningar gjennom han. Men dei jødiske leiarane trudde ikkje på han og støytte han frå seg, då sa dei ikkje at Gud var den han var, men dei sa at han var ein annan enn den han var, for dei  påstod at det var Beelzebul som hjelpte han å drive ut dei vonde åndene. Men Jesu svarde dei slik:

MTT 12,22 – MTT 12,32 {JESU MAKT OVER DEI VONDE ÅNDENE}  Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: “Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?” 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: “Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.” 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: “Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. 31   Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.

LUK 11,14 {JESU MAKT OVER VONDE ÅNDER}  Ein gong dreiv han ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg.

LUK 11,16 – LUK 11,17 Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. 17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:  Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell.

LUK 11,20 – LUK 11,28 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. 24   Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: “Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.” 25 Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga. 26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. 27   Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: “Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.” 28 Men Jesus svara: “Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.”

MTT 10,16 – MTT 10,25 {DET SKAL KOMA FORFYLGINGAR}  Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer! 17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene. 18 Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga. 19 Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20 For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk. 21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. 22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 23   Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem. 24 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin. 25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?  [Beelsebul: Sjå Tillegg.]

Men vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, så vi kan seie at Israels Gud er vår Gud. Jesus er Guds Son og han har gjort Faderen kjend for oss. På evangeliets grunnvoll har vi fred med Gud og på den grunnvollen har vi i pronsippet fred med jødane også.

RMR 5,8 – RMR 5,11 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

EFE 2,11 – EFE 2,22 {KRISTUS SAMEINAR HEIDNINGAR OG JØDAR}  De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. [det gjerdet som skilde: I templet i Jerusalem var det ein mur mellom føregarden åt heidningane og det indre tempelområdet.] 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

RMR 11,1 – RMR 11,36 {FRELSE FOR HEIDNINGANE – FRELSE FOR ISRAEL}  No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein. 2 Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel? 3 Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet. 4 Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba’al. [Ba’al: Sjå Tillegg.] 5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut. 6 Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde. 7 Kva så? Det Israel strevar etter, har dei ikkje nått, men dei utvalde har nått det. Dei andre har vorte forherda, 8 som det står skrive:  Gud har gjeve dei ei sløv ånd,  augo som ikkje ser og øyro som ikkje høyrer,  heilt til denne dag. 9 Og David seier:  Lat bordet deira verta ei snare og ei felle,  så dei snåvar og får si straff. 10   Lat augo deira dimmast,  så dei ikkje kan sjå,  og lat ryggen deira vera bøygd for alltid. 11 Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei. 12 Når deira fall har ført til rikdom for verda, og tapet av dei har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal? 13   No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant som eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt; 14 og eg gjer det med den von at eg kan gjera landsmennene mine misunnelege og frelsa nokre av dei. 15 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva må det ikkje så føra til at dei vert godtekne? Jau, liv av døde! 16 Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. 17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. 18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19 No vil du kanskje seia: “Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.” 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller. 22   Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen. 23 Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att. 24 Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:  Frå Sion skal bergingsmannen koma,  han skal rydja gudløysa bort frå Jakob, 27   og dette er den pakt eg vil gjera med dei  når eg tek bort syndene deira. 28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle. 33   Å, for eit djup av rikdom  og visdom og skjøn hjå Gud!  Kor uransakelege hans domar er,  og kor ufattelege hans vegar! 34   Kven kjende Herrens tankar,  eller kven var rådgjevaren hans? 35   Kven gav han noko fyrst,  så han skulle få vederlag? 36   Av han og ved han og til han er alle ting.  Han skal ha ære i all æve! Amen.

Endring i Noreg.

Men det er mykje som har endra seg i Noreg på denne tida og det har betydning for vårt forhold til jødane og Israel og eigentleg til alle andre også. Og eg har ein misstanke om at Sissel Wold ikkje har vore i stand til å innså det og ta det med i sine vurderingar, det blir kanskje ei overdriving å karakterisere det som å leite etter flisa i sin brors auge, utan å sjå bjelken i sitt auge auge, men det har noko med det å gjere. For venstresida i norsk politikk i denne tida kan i alle fall karakteriserast slik. Dei har veke av frå evangelisk kristendom og langt på veg fått kyrkja til å gjere det også. Det utartar seg slik som når Jesus gjekk her på jorda og jødane støytte han frå seg, då sa dei ikkje at Israels Gud var den han var, men dei sa at han var ein annan enn den han var.

Kva skal de då seie til arabarane, til muslimane? De som seier at der er ingen gud, skal de seie det til dei også? Skal de seie til dei at den Gud som Abraham, Moses og dei andre profetane trudde på, ikkje finst, at det var berre fantasi, dikt, løgn og oppspinn. Kva med all den umoralen som strir mot Moselova og som de likevel hevdar er rett, skal de lære dei det også? Eller skal de seie at Israels Gud er ein annan enn den han er, skal de seie at han er Beelzebul, Zevs? Skal de seie at han er Djevelen?

Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er ei naturleg og sjølvsagd sak. Vi vert reinsa i Jesu blod og helga ved Guds Ord og Guds Ande, mannen skal vite å vinna seg si eiga kone i helging, slik skal kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne haldast høgt i ære, slik skal det verdsetjast. Men de har laga strid om det som er ei naturleg og så sjølvsagd sak og som vi prøver å halde høgt i ære og verdsette slik. Er det rart det er krig i verda?

Ei kortfatta historieskriving.

Følgjande facebook-innlegg oppsummerer denne tida, enkelt og greitt:

We were some yong people that were glad and felt free in our faith in Jesus and our heavenly Father. boys and girls mixed and talked freely like brothers and sisters. But som older “christians”didn’t like it because they were so tied to traditional moral teaching, they wanted to divide boys and girls. After that we did not see some of the girls any more. Later there came some strange women and asked for them, they called themselves “nyfeminists” and the said they should make women free. Months and years have past and we still haven’t seen these girls any more. But now some men came and asked for them, same had scalpels, others had burkas and still others had big sabers. And we just wander what is going on. We still have a sentimental tune in our heart, where have all the young, free and glad people gone?

pastedGraphic.png

Kjønnsroller er naturleg, men kva betydning har det at vi trur på Gud og hans Ord?

Blåstrupehannen syng og viser seg fram for hoa og ho prioriterer fargesprakande hannar. Dette vert kalla seksuell seleksjon og det bidreg til artens særpreg. Det som…

BLUEHOST944.COM

react-text: 25 Torbjørn Sivertstøl /react-text react-text: 28 /react-text react-text: 32 https://bluehost944.com/…/paradisets-drakar-striden…/ /react-text Tekst til bildet: det går rykte om at nokre av pattedyra har språksans og nokre av dei prøver endåtil å snakke sant.

Yet another sentimental tune: “Where have freedom and democracy gone?”

Ingen treng å faktasjekke dette, for dei som gjorde slutt på denne frie kommunikasjonen mellom menneske, gjorde slutt på å forhalde seg til denne reelle verda på ein naturleg og realistisk måte. Så resten er fakta slik sett, men eit forsøk på å forså kva som skjer utifrå kva som vert opplyst i massemedia om kva som er verdslege autoritetar sin politikk.

Desse såkalla kvinnefrigjerarane har teke seg den fridomen å erstatte det som ein mann vil seie, i ein slik fri kommunikasjon med andre menneske, med noko anna, det er ikkje Sanninga i kristendomen, for den skal setje oss fri. Det er heller ikkje fakta. Fakta erstattar ikkje tru, tanke, meining, tale og konsttruktiv kommunikasjon mellom menneske. Men det er religiøs overtru.

4 thoughts on “Sataniske vers.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s