Klimaproblem og tørkekatastrofe. Er det hjelp i å tru på Gud?

Tekst til biletet: I fylgje Bibelen skulle gudlegdom føre til at jorda vart vatna og dyrka, og misjonærane har forkynt evangeliet i Etiopia. Fakta: Tørkekatastrofe. Men Biblens ord er ikkje feil av den grunn, vi kan ikkje gi opp. Det er framleis menneska som må tru, lære og forstå og handle deretter.

Innleiing.

I det siste har nyhende-biletet vorte prega av at Donald Trump påstår at massemedia lagar falske nyhende og det vert eit spørsmål om fakta. Eg vil ta klimasaka som eksempel og så sjå på eit meir generelt problem. Naturvitskapleg forsking er ei sak, då vert det samla forskingsdata, stilt hypotese og så vert hypotesene testa ved eksperiment og observasjonar, om dei består si prøve, vert dei til teori. Hypotese og teori er ikkje fakta, men det er om å gjere å underbygge det med fakta.

Korleis få utvikling og framgang er ei anna sak, då også vert det samla inn forskingsdata om kva ressursar som er tilgjengelege, så vert det brukt teknologisk kunnskap for for i konstruere produkt og økonomiske modellar for å prøve å rekne ut verdien av å produsere og selje det. Det vert brukt matematikk både i teknologien og i økonomien og det er ikkje fakta, men det er om å gjere å underbygge det med fakta og bruke det på fakta. I den økonomiske aktiviteten vert materielle ressursar omforma, så det som var observert som fakta, blir til noko anna, noko som er meir verdifullt for oss. Slik får vi utvikling og framgang. Men dersom nokon då berre spør etter fakta og ikkje vil vite av noko anna, ikkje vil vite av omforminga til noko meir verdifullt, så kan dei på den måten stå imot den utviklinga og framgangen.

Dialektisk samrøre.

Det er ei kjensgjerning at sensasjonspressa bles opp ei ubetydeleg sak og lagar ei stor sak av den, for å selje sitt produkt, så det er ein mjuk overgang frå viktige fakta-nyhende til underholdning og underhaldning sel godt. Romanar og mykje film er dikt og oppspinn, men der er meining og gjerne ein moral i det og det kan det vert politikk ut av. Men grunnlaget ligg då i ei oppdikta filmrolle og ikkje i realitetane. Vi må berre rekne med at det resulterer i at folk tenker utifrå ei oppdikta rolle i staden for å tenke utifrå realitetar. Og i dokumentet ”Sataniske vers” har eg vist korleis prestane spekulerer i dikt og fantasering, slik starta dei ein hekseprosess, der dei satsa på svik, baktale og lygn, stikk i strid med kristendomen. Eg har vist at prestar, kristne organisasjonar,  politiske organisasjonar og massemedia driv på liknande vis enno.

Eg har for lengst forklart dette som Hegels dialektikk, ei gjensidig omforming mellom Herre og knekt, der Gud og einskildmenneske hadde lite og inkje å bety.  Karl Marx hevda at underbygninga var det viktigaste, det var dei underliggande materielle og økonomiske forhold som dreiv utviklinga framover og så han fornekta trua på Gud. For meg er Hegels dialektikk lite interessant, den forklarer korleis folk vert påverka og om nokon meiner dialektikken forklarer heile vår tenking, så er dei forførde. Marxismen er interessant på den måten at den legg vekt på at underbygninga skal drive utviklinga framover, det er om å gjere å utvikle moderne teknologi og bruke det på materielle ressursar, for å få utvikling og framgang. Avgudsdyrkinga stoppa utvikling og framgang, det gjorde marxistane også med si avgudsdyrking. Konklusjonen er at vel får vi utvikling og framgang ved å bruke tekonlogien til å omforme materielle resursar, men vi  treng framleis trua på Gud og hans Ord.

Dei som dyrka avgudane kunne peike på nasa til avguden sin og seie ”fakta” og fakta er at det er ein skulptur eller eit bilete laga av stokk og/eller stein, men når dei seier ”fakta” argumenterer dei for trua på avguden sin. I dialektikken vert menneske og daud natur omforma til eit produkt og dei kan peike på det omforma produktet og seie ”fakta” og slik argumenterer dei for trua på avguden sin.

Politikarar har i lang tid referert til klima-problemet som om det var guden som vi alle må ta omsyn til og tenke utifrå. Eg forstår det slik at etter sosialismens samanbrot i Sovjet og Aust—Europa har der vorte eit ideologisk tomrom som dei treng å fylle. Det er ein grunn til at dei grip til dette og prøver å etablere ein teori og ein ideologi som dei kan ha å tenke utifrå.

Eg hevdar det er bra at folk lærer å tenke realfagleg, tenke naturvitskapleg, teknologsik, økonomisk og  matematisk. Matematikken er suveren, vi brukar den i alt det andre. Tilsvarande er Gud og hans Ord suveren over alt det andre og vi treng trua på Gud og hans Ord til å fylle tomromet.

Klimasaka.

Etter den industrielle revolusjon har vi brukt stadig meir fosilt brensel og det har skipla balansen mellom forbrenning og fotosyntese. Balansen for dei kjemiske likningane for forbrenning og fotosyntese vert forskyvne, konsentrasjonen for CO2 i atmosfæra vert auka og då skal fotosyntesa auke, CO2-gassen kan ta andre vegar også. CO2-gassen og NOx-gassar er forbrenningprodukt som er drivhusgass og verkar dermed til global oppvarming, det handlar ikkje berre om at temperaturen i atmosfæra stig, men også i havet og at energi kan lagrast ved avsmelting av isbrear. Det veit vi, det kan sjekkast i eit laboratoriforsøk, det kan dei vere så sikre på at dei gjerne kan kalla det fakta, men eg meiner det likevel er rettast å kalle det teori som er grundig underbygd av empiri, for du seier noko meir enn dei empiriske fakta, du seier at slik vil det vere neste gong du gjer eit slikt eksperiment også.

Men kvifor skulle vi då trenge å forske på det? Fordi vi ikkje veit kor stor effekt det har. Det vert målt temperaturar i lufta og i havet og dei følgjer med korleis isbreane utviklar seg. Skjer der ei klimaendring, i kor stor grad er den i så fall menneskeskapt, kor stor betyding har det? ”Klimaentusiastane” påstår at der skjer ei menneskeskapt global oppvarming og argumenterer gjeren for at styresmaktene må gjere noko med det. ”Klimaskeptikarane” er skeptiske til dette og klimaentusiastane svarar med at det dei seier er fakta. Men då pratar dei mykje forbi kvarandre. Det som eg har skrive ovanfor kan på sett og vis kallast fakta eller sikker teori, vil eg seie, men det er ikkje akkurat det som det er spørsmål om.

Klimaforskarar framstilte sine resultat i «hockey-grafen», den fekk kritikk fordi den framstilte det som om den globale oppvarminga var større enn den var, sett i eit større tidsperspektiv.

https://no.wikipedia.org/wiki/Hockeykøllegrafen

Al Gore skifta meining og vart klimaentusiast og han bygde på hockey-grafen i dokumentaren «An inconvenient truth» (ei ubehageleg sanning), men i 2009 klarde hackarar å få tak i e-post mellom klimaforskarar, som viste at dei hadde vorte samde om å framstille sine forskingsdata slik at det såg ut den globale oppvarminga var større enn den var og sannsynlegvis måtte den vere menneskeskapt, den såkalla hockey-kurva.

http://news.nationalgeographic.com/news/2004/12/1206_041206_global_warming.html 19.2.2017.

I 2007 kom den amerikanske fysikkforeninga (APS) med eit klimavedtak der dei påstod at det var heva over tvil at der skjedde ei global oppvarming og at den var menneskeskapt og at den var ein fare for menneska. Derfor rådde dei styresmaktene til å iverksette mottiltak. Men mange reagerte negativt på det, nokre melde seg ut, mellom anna den norskfødde nobelprisvinnaren Ivar Giæver. Seinare har APS kome med ein tilleggskommentar og modifisert det noko.

https://www.aps.org/policy/statements/07_1.cfm

https://bluehost944.com/2016/12/17/klimaforskinga-og-fysikken/

Følgjande artikkel forklarar klimaproblemet greit:

https://skepticalscience.com/empirical-evidence-for-global-warming.htm

Artikkelen http://www.ucsusa.org/global_warming/science_and_impacts/science/human-contribution-to-gw-faq.html#.WKrppRSFwxV refererer frå IPCC og skriv mellom anna:

Direct evidence of human contribution to atmospheric CO2

Carbon dioxide (CO2) is the main heat-trapping gas largely responsible for most of the average warming over the past several decades.[2] To compare how CO2 stacks up in influence to the many other important heat-trapping gases contributing to climate change see the CO2 FAQ. There is a way that scientists can tease apart the atmospheric concentration of CO2 to see how much of the CO2 is from natural sources and how much is from combusted fossil fuel sources.

The atmospheric concentration of CO2 has increased from a pre-industrial era (AD 1000 – 1750) concentration of approximately 280 parts per million (ppm) to around 383 ppm, as measured at Mauna Loa, Hawaii in 2007.[2,9] The carbon in the atmospheric CO2 contains information about its source, so that scientists can tell that fossil fuel emissions comprise the largest source of the increase since the pre-industrial era.

Here’s how scientists know. The same elements (i.e. same number of protons in the nucleus) with different mass numbers (arising from the different numbers of neutrons in the nucleus) are called isotopes. Each carbon molecule has six protons in the nucleus, but there are many different isotopes with varying numbers of neutrons in the nucleus.[10] Carbon isotopes from different sources are “lighter” (high negative value) or heavier (lower negative value). For example, carbon from ocean is the standard with a value of “0” while carbon from fossil fuels ranges from -20 to -32.[11] While atmospheric carbon has an average value of -5 to -9, it is becoming “lighter” over time as carbon from fossil fuels become more abundant in the atmosphere (Figure 1).[9,11,12]

Vurdering av problemet og kva som kan gjerast med det.

Ein naturvitskapleg forskar vurderer kjeldene sine kritisk og vurderar teoriane kritisk, så legg han fram resultatet, så det vert tilgjengeleg for andre og dei samanliknar med si forsking, poenget med det er at dei skal vurdere det kritisk ut ifrå si eiga forsking, så det verkar som ein kontroll og ein revisjon. Men fadesa til APS var at det ikkje verka slik, men tvert om som noko som vart trygt ned over hovudet på dei som om dei berre måtte godta det utan å deiksutere det og vurdere det kritisk, slik som det var vanleg i forskinga elles. Og mykje tyder på at det vet lagt opp til den strategien elles også. Folk kan vere skeptisek både til målingane og teoriane, men då svarar desse forskarane og diverse klimaentusiastar at dette er fakta, slik vert det lagt opp til å påstå at dei som er skeptiske og tenker annleis er løgnarar. Det er som om hypotese og teori vert kalla fakta, men det stemmer ikkje med den naturvitskaplege metoda, det er ikkje slik naturvitskapen er.

Eg ventar meg at ein ekte naturvitskapleg forskar skal vere skeptisk til teoriane, det ligg det ligg i sjølve metoda. For alt eg veit kan der vere andre som har gjort sine målingar, så der kan vere usemje om det og, men det viktigaste poenget som eg vil fram til, er at dette handlar ikkje berre om målingar og fakta i den forstand, men om teori og vurdering av kor stor betydning den har. Dernest handlar det om vurdering av mottiltak, kva vil vere god politikk som løyser problemet på ein god måte?

APS gjekk vidare med å vurdere det som eit stort problem og rådde verda sine regjeringar til å gjere noko med det. Det er heilt eksepsjonelt at ein slik naturvitskapleg organisasjon med så stor fagleg tyngde uttalar seg så politisk, dermed vart denne saka framstillt som eksepsjonelt viktig. Og kva skulle dei gjere med det? Det vart overlete til dei å vurdere. Og kva gjer dei? Det er kome inn i regelverket, så det er berre å slå opp og sjå etter. Dei aukar avgiftene, innfører CO2-avgift og avgifter på fossilt brensel og inntektene går til statskassa.

https://no.wikipedia.org/wiki/CO2-avgift

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Lov-om-avgift-pa-utslipp-av-CO2-/id449208/

http://www.miljostatus.no/tema/klima/tiltak-klimagassutslipp/co2-avgift/

http://www.miljostatus.no/tema/klima/tiltak-klimagassutslipp/klimakvoter/

Logikken er at sidan det vert dyrare å brukt fossilt brensel, så vil det verke til å redusere forbruket. På ein måte er det vanleg kapitalistisk tankegang, marknadsøkonomi, men i fylgje den betalar du for noko, i dette tilfelle blir det påstått at du skadar naturen og skal betale for det, men då skulle også betalinga gå til å gjere noko med skaden. Det kunne til dømes vere å betale for å auke fotosyntesa, for å bringe balansen meir tilbake til der den var. Men det er ikkje det som skjer, den går rett i statskassa og sidan vert det ikkje gjort noko meir med det. Energibehovet er så  grunnleggande viktig i eit moderne samfunn at eg misstenker det har svært lita effekt.

Nokre politiske parti hevdar vi må bruke meir biodiesel ved å blande meir vegetabilsk olje i dieselen. Mer er ein artikkel som viser at naturen har sjølv kome med mottiltak ved å auke fotosyntesa, men ein slik politikk vil motverke det og dermed føre til større CO2- innhald i atmosfæra. Det er ikkje så mange som svelt, likevel ligg det an til ein vekst i folketalet som med tida vil føre til meir matmangel. Det kan verte det store problemet og ein slik politikk vil forsterke det. I tillegg er den allereie ei katastrofe for jungelen med utrydding av artar.

http://forskning.no/meninger/kommentar/2016/11/hva-er-vitsen-med-biodiesel-erik-tunstad

Her følgjer nokre facebook-innlegg med henvisning til artiklar om dette.

https://bluehost944.com/20…/…/17/klimaforskinga-og-fysikken/

 

Det var ein som svarde på denne artikkelen og påstod at på dette området var Ivar Giæver amatør. Då svarde eg:

Dersom han var amatør på området, så var der sikkert mange andre i APS som også var det, men kvifor skulle dei då komme med denne fråsegna på vegne av heile organisasjonen som om dei alle var ekspertar og var samde. Med sine metoder og prosedyrer er dei alle kompetente, men dette vart overkøyrt. Kvifor skulle dei då komme med fråsegna som om det var grunnlagt på deira metoder og prosedyrer? Det er ei tilsniking.

 

Du og Henning er astronomar og venstre-menn. Eg besøkte han i går kveld, ut på kvelden viste han ein video-snutt med “Blackadder”, han vart vald med omlag 166000 stemmer, men han var den einaste som var stemmeberettiga. Det gav uttrykk for hans eiga mi

 

 

Der er ein balanse mellom fotosyntese og forbrenning, forbrenning av fossilt brensel skiplar denne balansen, nokre meinar det får store konsekvensar for klima, andre meiner det har minimal betydning. Dersom avgiftene vart brukt til å dyrke opp tørr jord, så ville det vere verdiskaping som folk hadde nytte av og bie-effekta ville vare å gjennvinne balsansen, same kor viktig eller uviktig det er. Desom vi soleis erkjente at det var rett og riktig å gi folk og matjorda vatn så folk og fe fekk mat, då hadde vi investert i vatningsanlegg og forska på betre teknologi til det. Så vi hadd enngått problemet, vi kunne unngå heile problemstillinga. Men her er ein artikkel som viser at avgiftene på oljen, inkludert CO2-avgiftene, tvert om verkar til avskoging, for matjord vert brukt til å produsere biodisel. Men det ligg an til at det er nettopp mangel på mat som blir det store problemet i framtida.

react-text: 531 http://forskning.no/…/hva-er-vitsen-med-biodiesel-erik… /react-text

https://bluehost944.com/…/skapingssoga-jordbruket-ver…/ /react-text

 

Imperialisme og frigjering.

For 10-15 år sidan tok eg del i ein energidebatt i Sunnmørsposten, men så kom debatten over på klimaproblematikken og eg syntest var vanskeleg å ta stilling tilden og forvisse seg. På 1970-talet vart ofte resurrspolitikk og miljøpolitikk nemndt i same setninga, som om det var to sider av same sak og det hevdar eg var bra, det gav større vidsyn. Sidan vart det berre tale om miljøpolitikk og siste åra har klimaproblematikken dominert,

Det betyr meir trongsyn. Men når eg kom til Oslo og prata med naturvitarar, ein havforskar (professor) og ein geolog (professor), vart eg forbausa over at dei var ikkje så opptekne av denne problemstillinga, dei dei var klimaskeptikarar, for å seie det mildt, di meinte tydelegvis dette opplegget eigentleg hadde lite for seg. Eg prata også med ein biolog (professor emiritus), han las klassekampen og var SV-ar, men ikkje særleg fornøgd med noverande SV-leiing. Han måtte vel vere klimaentusiast, men eg vart endå meir overraska over at han hadde same oppfatning. Han fortalde meg at under klimatoppmøtet i Paris hadde naturvitarar ein paralell konferanse, men den fekk ikkje mediemerksemd. Rett nok har eg ein liten omgangskrets, men eg held det for å vere viktig opp mot propagandaen gjennom massemedia. Når det er spørsmål om kva som er menneskeskapt, bør vi også spørje oss kva siom er menneskeskapt gjennom massemedia.

 

Ein naturvitskapleg forskar skal vurdere sine feilkjelder, også moglegheitene for at han sjølv påverkar resultatet. Men ein samfunnvitskapleg forskar kan ofte vanskeleg unngå å påverke det og då må han vel erkjenne det og vurdere betydninga av det. Men det er ikkje alle tider det vert erkjennt, som til dømes når styresmaktene set ned eit utval som skal utgreie ei sak, svært ofte ber det preg av å vere eit bestillingverk, opplegge går ut på å gjere undersøkingar som skal støtte opp under deira eigne standpunkt, deira eigen politikk. Slik er det tydelgvis med klimapanelet. Det viser seg ved ei einsretting, det blir underforstått at dette er vitskapleg og alt anna er uvitskapleg, både med ¨definere problema og foreslå løysingarat det. Så ved tørkekatastofa i Etiopia appellerte ei kvinne i “Redd Barna” til klimapanelet i Paris om at det no hasta å få til eit vedtak, for problema i Etiopia var akutte, sitat: “Det er avgjørende at verdens ledere på toppmøtet tar grep nå for å hjelpe Etiopia, som allerede er rammet av klimaendringer, sier Gry Ballestad, leder for Redd Barnas nødhjelpsarbeid, til NRK og fortsetter:

– Det må skje nå for å gjøre noe med den akutte krisen. Det er viktig at landene setter ambisiøse mål for arbeidet som skal gjøres, også før klimaavtalen trer i kraft i 2020.

Med tanke på å løyse den akutte krisa verkar dette omlag like meiningslaust som å tru på avgudane og be til dei. Så eg ynskjer å rette spørsmålet til dei som har drive misjon i Afrika og som framleis ynskjer å gjere det, har de ikkje noko betre å komme opp med?

Tørkekatastrofe truer Etiopia

Over 10 millioner mennesker i Etiopia er rammet av sult og tørke. 350.000 barn vil være alvorlig…

 

Subjektiviteten viser seg i kva inntektene frå avgiftene går til, den går til statskassa, til å lønne byråkratar, men dersom hendsikta var å gjenvinne balansen mellom fotosyntese og forbrenning, så skulle den gå til å vatne og dyrke tørr jord. Den størst humbugen er at dei går til noko heilt anna.

 

Eg ventar meg at ein ekte naturvitskapleg forskar skal vere skeptisk til teoriane, det ligg i sjølve dei naturvitskaplege forskingmetodene, den hypotetisk deduktive metode, jfr. falisfiseringsprinsippet (Karl Popper). I denne artikkelen er der forskarar som tørr å stå fram å erkjenne at dei er skeptiske og det synest eg er bra. Men eg synest det er rett og slett uhyggeleg at der er forskarar som antyder at andre forskarar er løgnarar fordi dei er skeptiske, fordi dei er “klimaskeptikarar”. Det har vorte eit sjellsord som vert brukt på ærlege naturvitarar.

– Tror lavere solaktivitet vil motvirke global oppvarming

Dersom sola går i «dvale», hvilke konsekvenser vil det få for klimaet på jorda? Noen mener det vil bety at vi går en kaldere periode i møte. Andre er adskillig mer skeptisk.

 

react-text: 25 Jan Pålsgård /react-text react-text: 28 /react-text Om det er Humlum og gjengen så er det korrekt å snakke om løgn. Jeg sjekket et par av deres påstander med diagram (av de 20 talls de hadde) for noen år tilbake, og det var åpenbart at de prøvde å bluffe. Det var litt trist at de ikke rett og slett trodde på sine data.

Budsjettforhandlingane i haust.

Under budsjettforhandlingane i haust argumenterte Krf og Venstre for klimatiltak ved å auke avgiftene og det vart krise om «bilpakken».

http://www.hegnar.no/Nyheter/Politikk/2016/10/Fastlaast-klimastrid-foer-budsjettforhandlinger 2017

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/solberg-regjeringen/dette-er-bilpakken-som-foerte-til-budsjettkrise/a/23860138/

Dei argumenterte generelt for auka avgifter men artikkelen «Hva er vitsen med Biodiesel» viser at opplegget deira var heilt bort i natta. Her vert det sagt at auke i folketalet kan føre til at matmangel vert det store problemet i framtida.

Frå gammalt av har folk brukt å løyse slike problem med å drepe kvarandre, bakhaldsangrep, svik og mord er stygge metoder, då er det betre med ein «real» krig. Somme folk har vore kanibalar også.

Ved bruk av ein god porsjon fantasi verka det som om Krf og Venstre tok desse problema på førehand under budsjettforhandlingane og framstod som nokre åndssvake og sinnsvake zombiar som prøvde å ete på andre. For dei forstod seg uhyggeleg lite på kva som er dei grunnleggande problema og der sveiv ikkje mykje tanke for å prøve å løyse dei og komme til ei løysing med regjeringspartia.

Krf´s falske evangelium.

Etter det amerikanske presidetvalet gjekk Krf´s førstedame ut i massemedia og sa at ho følte ho ikkje kunne kalle seg kristen lenger, sidan så mange amerikanske kristne hadde stemt på Trump. Dette viser nok noko av mentaliteten i Krf og eg synest det er uhyggeleg at dei soleis prøver å heve seg over andre, ho påstår no eigentleg at mesteparten av det amerikanske folk ikkje er så pass tilreknelege at dei skulle få lov til å stemme. Og kva er det for slags tru og ideologi? Det minner om platonismen. Det viser at Krf prøver å få diktatorisk makt gjennom religionen og søker det moralsk lærde overmennesket som kan fylle den rolla. Det er ikkje berre politikk, men det er ei religiøs søking som tek sikte på keisardyrking.

http://www.vg.no/nyheter/meninger/usas-presidentvalg-2016/naa-klarer-jeg-ikke-aa-kalle-meg-kristen/a/23843841/

Ho gjekk i «Jesus Church» og ville kalle seg ein Jesu disippel. Så byrja ho å snakke om sanninga, ho vedkjende Jesu namn, men sa ikkje klart at han er Sanninga og var ikkje i stand til å forklare det for folk. Kvar har det då vorte av den glade og frigjerande bodskapen om at Sanninga set oss fri? Dersom ho hadde forkynt den for både amerikanarar og nordmenn, så kunne ho ikkje argumentere mot deira evne til å vurdere og rett til å velje, slik som ho gjorde her. Eg synest det er utruleg rart at folk som framstiller seg som kristne leiarar og har så gode moglegheite til å seie sanninga til mange menneske, ikkje gjer det, men her er årsaka til det nærliggande, det er fordi dei urettmessig prøver å tilsnike seg makt. Ho prøvde å seie noko om sanninga ved å relatere den til seg sjølv, så ho byrja å snakke om sanninga om seg sjølv, at ho kom til ei erkjenning av at ho sjølv ikkje var heilt kompetent. Ja, derfor treng vi å vende oss til Kristus, som vår frelsar og Herre, så vi får oppleve at Faderen tek omsorg for oss og oppseder oss og lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande. Men her vert det i staden argumentert for ein politisk leiar.

Og det i ei tid då Krf sin politikk har smuldra bort, kristendomen i politikken deira har smuldra bort. Saman med Venstre prøver dei seg med ein klima-politikk, men det også smuldrar bort og endar i meiningsløysa. Kva kan moglegvis stå igjen? Kanskje denne meir eller mindre platonske persondyrkinga? Keisardyrking! Men det er temmeleg fatalt og tragisk, at kristne vert lokka, narra og forførde så dei endar opp slik.

Evangeliet er ein frigjerande bodskap som har vore grunnleggande for vårt demokrati og nasjonale frigjerinng, men her vert forkynt eit falsk evangelium.

Evangeliet er ein frigjerande bodskap og eg hevdar det var grunnleggande viktig for vårt demokrati og nasjonale sjølvstende.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som små born for å komme inn i Guds rike, vi må ta imot det som små born.

Joh.1, 12-14.

12 Men alle som tok imot han,

dei gav han rett til å bli Guds born,

dei som trur på namnet hans.

13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,

ikkje av menneskevilje

og ikkje av manns vilje,

men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske

og tok bustad mellom oss.

Og vi såg hans herlegdom,

ein herlegdom som den einborne Sonen

har frå Far sin,

full av nåde og sanning.

Luk.18,15-17.Jesus og borna

15 Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Læresveinane såg det og ville visa dei bort. 16 Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

Luk.17,15-22. Når Guds rike kjem

20 Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. 21 Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.»

22 Til læresveinane sa han: «Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men ikkje få oppleva det. 23 Folk skal seia til dykk: ‘Sjå der’ eller: ‘Sjå, her er han’. Gå ikkje dit og spring ikkje etter dei! 24 For slik lynet flammar opp og lyser frå himmelrand til himmelrand, slik skal Menneskesonen koma til syne på sin dag. 25 Men først skal han lida mykje og bli forkasta av denne slekta.

26 Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera i Menneskesonens dagar. 27 Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom storflaumen og gjorde ende på dei alle. 28 Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. 29 Men den dagen Lot gjekk ut av Sodoma, regna det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. 30 På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen openberrar seg.

31 Når den dagen kjem, må den som er oppe på taket og har sakene sine nede i huset, ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. 32 Kom i hug kona til Lot! 33 Den som vil tryggja livet sitt, skal mista det. Men den som mistar det, skal berga det. 34 Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng. Den eine skal hentast, den andre skal bli att. 35 To kvinner skal mala på same kverna. Den eine skal hentast, den andre skal bli att. 36 *To menn skal vera ute på marka. Den eine blir henta, den andre skal bli att.•»

37 Då tok læresveinane til orde og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»

Matt.18,1-9. Himmelriket og dei små

I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Forføringar og freistingar

6 Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.

7 Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!

8 Om handa eller foten lokkar deg til fall, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå lemlesta eller halt inn til livet enn å ha to hender og to føter og bli kasta i den evige elden.  9 Og om auget lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld.

Vi var umyndige og på sett og vis uansvarlege, men vi tok imot i den glade bodskapen i tru og let oss forsone med Gud. Vi søkte samfunn med han på evangeliets grunnvoll, så vi fekk oppleve at Kristus var vår frelsar og Herre. Vi vart som den heimeverande sonen, Faderen er vår fomyndar som har omsorg for oss, oppseder os og lærer oss opp. Slik blir vi myndiggjorde og tilreknelege. Vi hr fått barnekår hos Gud, slik er den kristne fridomen.

Rom.8,12-17:

12 Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva slik det vil. 13 For dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva. 14 Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born. 15 For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.

Vi har fått barnekår hos Gud, då er det viktig for oss å leve i det og nytte oss av det, så vi går til han med alle våre behov i bøn. Dess større og viktigare sak det er, dess viktigare er det for oss å gå til Jesus med det i bøn. Når ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein mann, er det viktig å gå til han med det.

Men då viser det seg at prestane ikkje vil godta at den unge mannen skal få komme til Gud med den saka. Dei held han for å vere for dum, ullærd, uerfaren, fattig og endåtil vond, så dei held han for å ikkje vere kompetent til å snakke med den unge jenta om det. Det viser at dei vil ikkje la menneska leve i barnkåret, men tilbyr dei å leve som den bortkomen sonen i staden, og det er fordi dei representerer den verdslege makta, som soleis fekk makt over han. Dei vil ta over og snakke med henne i staden, men då forfører dei henne slik som ved syndefallet.

https://bluehost944.com/2017/02/18/sataniske-vers/

Sjå på Jesus og den åkerlapp du har fått tildelt.

Jesus har gang på gang sagt til meg at eg skal vende hugen min opp til han og sjå på han. Det er ikkje for å sjå etter klimagassar eller sjå på skyene, men den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for meg som min frelsar og Herre, så eg får sjå det slik at eg lever for han, slik er han Sanninga som set meg fri. Vi tek imot Guds Ord i tru og får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande, Jesus er Gud Ord, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Og slik får vi oppleve at Gud skaper utvikling og framgang ved sitt Ord og sin Ande.

Det er nok mange som vil referere til «fakta» om kva som har skjett tidlegare og bruke det som motargument og slik står dei imot, i si vantru, og slik blir dei med sin kunnskap og visdom nokre reaksjonære bakstrevarar som kjemper imot den utviklinga og framgangen som Gud vil gje oss, som Gud vil skape med sitt Ord og sin Ande. Men då viser det seg at dei faktisk også strir imot det som skulle vanleg, normal, utvikling og framgang, sett utifrå realfagleg tankegang, naturvitskap og vanleg privatøkonomisk tankegang. Det viser at det er religiøs overtru som strir imot generell utvikling og framgang, så «fakta» vert som ein avgud for dei. Men Gud har sagt til oss at hans nåde er så stor at hans kraft skal virke så sterkt mellom oss at det kjem ikkje an på kva som har skjett tidlegare. Jesus vil vende vårt ansikt mot framtida og han er framtida for oss. Han har kalla oss til å gå ut og vitne for dei vi møter i kvardagen, men dessverre er det visst mange som ikkje bryr seg.

Bodskapen på kveldsmøtet i dFEF i M40 i Oslo 12.2.2011:

Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren. 

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

Han har sagt vi skal sjå på den åkerlapp vi har fått tildelt.

Legge byrdene på Jeus, ut i fritt rom.

HERREN VIL FØRE MEG UT I FRITT ROM OG EG SKAL FÅ ERKJENNE AT HAN I SANNING LEVER OG ER DEN HAN HAR SAGT SEG Å VERE.

Sion. Åheim, søndag 28.2.2010.

Tyding av tungetale ved Arnstein Andersen:

Når du høyrer ordet bli forkynt, så tenker du, gjeld dette her for meg. Og grunnen til at du spør, mitt barn, det er for at du har hatt tunge tider. Du har hatt mange tunge tak å bære. Og vanskelege forhold rundt deg. Men du skal vite at ingen ting er skjult for meg, sier Herren. Eg har sett dine fotetrinn, eg har sett din smerte, eg har sett din nattevak. Eg har sett alt du har bært. Men husk, mitt barn, at eg har bært saman med deg. Eg har gått saman med deg heile veien og det er ein opning i tunellen, det er ein veg ut. Og du skal få legge desse tinga som du ber på og som du held så fast på, skal du få legge hos meg, seier Herren. Og eg skal føre deg ut i fritt rom og du skal kjenne, at i sannhet Herren lever, eg er den eg har sagt meg å være. Men du må vere villig til å legge det på meg, seier Herren, for eg har bært det for deg fordum. Og du skal vere villig til å legge det på meg og eg skal føre deg ut i fritt rom, der du kjenner at det er godt å leve, du skal få fryde deg i blant de frelse og kjenne det at eg, Herren, gjer menneske fri.

Eg talar til dykk, mi menighet, sjå på den åkerlapp som du har fått, for du har fått ein åkerlapp du, på lik linje med alle dei andre. Sjå på det område du betener, seier Herren, sjå på det området du går, blant de menneske du møter, eg har gitt deg eit område du skal få vere med å tene i. Og du veit også kva teneste eg har gitt deg, du er fullt viss på kva du har fått av meg, seier Herren. Eg ynskjer at du skal vere med på å tene med det du har fått, for då vil eg også utvide dine områder. Og du skal få sjå at når du byrjar å ause ut av det eg har gitt deg av den Heilage Ande, så skal du få lov til å kjenne og oppleve at det aukar i tall, det aukar kvalitet… i kvantitet.  Og du skal og oppleve at du kjem i kontakt med menneske på ein måte som du aldri gjorde før. Du skal få vere med på å gi positive impulsar inn i familiar der menneske skal verte frelst. Bli …  våken, lytt etter Andens røyst i ditt liv, eg talar som fordum, seier Herren, og eg talar i dag til mi menighet, eg brukar mi menighet og eg ynskjer å bruke dykk, ja, det skal høyrast fryderop om frelse i dykkar leir, det skal verte trongt om plassen, seier Herren.  Om de berre er villige til å gå på mitt ord og gi avkall på alle om og men og stige ut av båten og gå bortover havet, så skal du kjenne det, at du får oppleve min nåde over nåde i ditt liv. Eg kallar dykk til fornya innsats. Ver ikkje seine til å høyre, men eg vil gi dykk disippeløyre, så de høyrer som disiplar høyrer, ver frimodige …. Eg går med dykk. Amen. Amen.

Når vi ser på den åkerlappen i vårt nærmiljø og pratar med dei menneska vi møter der, vil vi nok vert konfrontert med problem. Som om vi ikkje hadde nok med våre eigne problem? Men hovudsaka er ikkje at vi skal løyse dei, men at Jesus vil vere med oss og gjer sitt verk. Vi lever i barnekåret og skal nytte oss av det. Alle som tok imot Jesus gav han rett vil å verte Gud born, Gud føder dei på nytt av vatn og Ande, slik kjem dei inn i barnekåret og då er det om å gjere for dei å nytte seg av det, legge alle sine behov fram for Gud i påkalling, bønn med takkseiing. Vi må nok rekne med at vi vil komme til å møte på folk med sosiale og økonomiske problem og då veit vi at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.

2 thoughts on “Klimaproblem og tørkekatastrofe. Er det hjelp i å tru på Gud?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s