Det har gått tilbake med dei gamle gudane. Men den sanne og levande Gud vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han til å vere vår frelsarkonge.

Bilete av Peterskyrkja i Roma.

Dette er ein oppfølgar til dokumentet:

https://bluehost944.com/2017/05/17/det-har-gatt-tilbake-med-dei-gamle-gudane-men-den-sanne-og-levande-gud-vekte-jesus-opp-fra-dei-dode-og-hans-kyrkje-er-liv-laga/

Gud salva Kristus til å vere vår frelsarkonge.

SLM 2,1 – SLM 2,12 {HERREN OG DEN HAN HAR SALVA}  Kvifor ståkar folkeslaga,  kvifor legg folka gagnlause planar? 2   Kongane på jorda reiser seg,  fyrstane legg råd i lag  mot Herren og den han har salva: [den Herren har salva: kongen i Israel, her skildra som frelsarkonge (Messias). Sml. 1 Sam 10, 1.] 3   “Lat oss slita sund deira lekkjer  og kasta deira reip av oss!”  4   Han som tronar i himmelen, ler,  Herren spottar dei. 5   Så talar han til dei i sin vreide,  med brennande harme skræmer han dei: 6   “Det er eg som har sett inn min konge  på Sion, mitt heilage fjell.”  7   Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.  Han sa til meg: “Du er son min,  eg har født deg i dag. [det Herren har fastsett: kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Sml. 2 Kong 11, 12.] [født: Kongen har fått stilling som son, med fullmakt til å styra på Guds vegner.] 8   Bed meg, så gjev eg deg folka til arv  og heile jorda til eige. 9   Du skal knusa dei med jernstav  og slå dei sund som leirkar.” [jernstav: styrarstav av jern.]  10   Og no, de kongar, far visleg fram,  ta imot åtvaring, de styrarar på jord! 11   Ten Herren med age og glede, 12   kyss skjelvande jorda for hans føter,  så han ikkje skal verta vreid  og de gå til grunne på vegen.  For lett kan hans vreide kveikjast.   Sæle er alle som flyr til han.

SLM 45,1 – SLM 45,8 {TIL BRYLLAUPET ÅT KONGEN}  Til korleiaren. Etter “Liljene”. Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik. [«Liljene»: kanskje namn på ein melodi.]  2   Mitt hjarta strøymer over av gode ord,  eg vil kveda min song for kongen.  Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.  3   Du er den fagraste av menneske,  milde ord har du på lippa.  Difor har Gud velsigna deg for alltid.  4   Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,  i di høgd og din herlegdom! 5   Ha lukka med deg!  Dra ut til strid  for sanning, mildskap og rett!   Di høgre hand skal visa deg  skræmande storverk. 6   Dine piler er kvasse  – folk stuper for deg;  dei råkar kongens fiendar i hjarta.  7   Din kongsstol, Gud,  står til evig tid,  rettferds stav er din kongsstav. [Gud: Det hebr. ordet som her (og ikkje elles i GT) vert nytta om kongen, står òg unntaksvis om Moses (2 Mos 4, 16; 7, 1), om den som feller dom (2 Mos 21, 6; 22, 8 f) og om Davids hus (Sak 12, 8). Sml. Jes 9, 6 om Messias.] 8   Du elska rettferd og hata urett.   Difor har Gud, din Gud,  salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.

Fra ”asken”; kristen platonisme, til ”elden”;  ateistisk sosialisme.

 

I middelalderen kom platonismen inn i kyrkja og vi fekk kristen platonisme. Der er dei som kallar seg kristne platonistar, men der er nok langt fleire som kallar seg kristne, men som tenker som kristne platonistar, at Guds rike kjem først etter dette livet og ein gong i framtida. Dette livet er som åndeleg død og vi får berre håpe på noko betre i det neste livet. Sosialistane svarar på dette med klassekamp, dei vil oppnå noko betre for dette livet, mange av dei er ateistar som meiner at i staden for å vente seg noko betre etter døden, bør folk ta del i klassekampen for å få noko meir ut av dette livet i staden. Ja, avgudsdyrkinga vart ei meininglaus religiøs søking som ikkje førde fram og som ikkje gav folk noko og det vart platonismen også. Men når dei fornektar trua på Bibelens Gud, så har dei likevel ikkje klart å frie seg heilt ifrå det likevel. Så fekk vi kristne sosialistar også. Men problemet er at dei held fram med ein platonisme som er meir livsfiendtleg enn den tradisjonelle, kristne platonismen. Det viser seg i den såkalla kvinnefrigjeringa, med protest mot kristendomen, så det utartar seg som ein religion, med eit religiøst hat mot mannen og det gjer dei politikk ut av. I staden for at den kristne kvinna skulle verte kona til ein kristen mann, skulle ho frigjere seg frå både han og Kristus, det verka som om ormen lokka henne med at ho skulle verte gudinne i den sosialistiske gudeverda (1.Mos.3,1 ….). Eg veit ikkje kor velllukka ho synest det er, men det nye ser no ut til å vere at ho skal prøve å verte gudinne i ”den muslimske gudeverda”. Men eg trur ærleg tala ikkje det blir særleg vellukka.

SKR 5,5 – SKR 5,11 {KVINNA I EFA-MÅLET}  Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: “Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.” 6 Eg spurde: “Kva er det?” Han svara: “Det som der kjem fram, er eit efa-mål.” Så sa han: “Dette er det ein kan sjå i heile landet.” 7 Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet. 8 “Dette er vondskapen,” sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga. 9 Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord. 10 Då spurde eg engelen som tala med meg: “Kvar skal dei av med efa-målet?” 11 Han svara: “Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.” [Sinear-landet: Babylonia. Sml. 1 Mos 11, 2.] [eit hus åt henne: eit tempel. Kanskje er det den babylonske gudinna Isjtar, “himmeldronninga” (Jer 7, 18), som representerer vondskapen.]

Det var mange som ikkje trudde og som ikkje tok imot den glade bodskapen i tru. Og no viser det seg at mange av dei trur at gud er vond, så han skapte kvinna på grunn av vondskap. Og sidan han skapte kvinna på grunn av vondskap, så må han vere vond, ja, han er så vond at han unnar ikkje ein mann noko godt her i livet. Slik tenker dei i sirkel og det gjer dei med sin dialektikk, som mange tydelegvis held for å vere ei vitskapleg metode. Men med si sirkeltenking klarer dei ikkje å tilføre verda noko vesentleg nytt og betre.

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Aktuell sak.

Eg er oppvoksen i kyrkja og evangeliet vart forkynnt for meg når eg var ein liten gutunge, både i kyrkja og på bedehuset, eg trudde og livet vart planta i meg ved Guds Ord. Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og heilt sidan eg var ung har eg bedt han frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung. Når eg gjekk på gymnaset, kom eg inn i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at han svarde meg positivt på den bøna og det har han gjort sidan, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Då er det to kvinner eg har bedt spesielt mykje for og opplevt at Gud har svart meg, for det første ei som eg kallar Virtuella og som eg vart kjend med når eg gjekk på gymnaset og så ei som eg kallar ”Miss Oslo 1990” og som eg oppdaga når eg studerte i Oslo. Dette har eg skrive meir om i dokumentet:

Gud vil at alle skal verte frelst.

Eg brukar å gå på møte i Maranata søndagane kl 18 og her svarar han meg framleis på denne bøna, så tidlegare sist søndag (21.5.2017.) sende eg dette som e-post til Maranata og skriv at slik ber eg for møtet til kvelden. Det gjengjev eg her, med nokre små endringar, som ”aktuell sak”:

Førre helg skreiv eg om at eg bad for henne ”Miss Oslo 1990”. Eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og han har kalla meg til å komme til han med den saka og mange bodskapar langt tilbake i tid tyder på at det er henne, det gjer nyare bodskapar også. Vi skal framfor alt glede oss over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen, at vi er frelst for æva og har fått evig liv. Og frelsa inkluderer alt vi treng, både for tid og æva. Og den inkluderer ei kone til meg.

KOL 3,1 – KOL 3,10 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET}  Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han. 5   Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. 6 Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. 8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. 9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10 og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

For nokre år sidan minna Jesus meg om å sjå opp til han og rekne med han og hans lovnadar,  eg kunne ikkje stole på mennske, men eg kunne rekne med hans kraft, vi må tene han av eit udelt hjerte, vend oss til han og rekne med hans kraft. Bodskapen 14.10.2012:

Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere. 

Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen. 

Men no har Jesus nyleg talt til meg om menneske som eg gang på gang har sett mi lit til. Det var eg ikkje ikkje heilt klar over sjølv, det var ikkje meininga, mitt mål, mi hendsikt og mi meining er å leve for Jesus og vitne for han både med det eg seier og det eg er for andre menneske.

Knapt eit år seinare minna Jesus meg igjen om å heilhjerta halde meg til han, bodskapen 15.3.2013:

Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same, eg har ikkje forandra meg. Sjå, når eg gjekk her nede på jorda og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen. Sjå, då gjekk eg inn i gjerningar som min Far hadde lagt ferdige for meg. Og eg kunne gå inn i dei og eg utførde det etter Guds vilje, seier Herren. Og sjå, eg var åleine i bønn, eg var aleine i løynkammeret. Men når eg kom ut, så hadde eg fått openberringar ifrå min Far og han kunne fortelje meg kva eg skulle gjere. Og eg hadde sett det i mitt indre kva som ville møte meg når dagen byrja. Derfor utførte eg teikn, under og mirakel og folket undra seg kvar eg hadde denne krafta ifrå. For sjå, seier Herren, eg var ikledd den Høgste si kraft. Og sjå, den krafta, den er tilgjengeleg for deg i dag, seier Herren. Dersom du vil søke meg i løynkammeret og innvie ditt liv for meg, så skal eg utruste deg, seier Herren. Og du skal få oppleve å gå ut og gjere dei gjerningar som eg gjorde, seier Herren. Eg vil ikkje at du mitt barn, skal vere uverksam, men eg vil at du skal komme inn i Andens atmosfære, du skal høyre kva Anden seier i denne tida, og så skal du lytte etter det og så skal du gjere det rette, seier Herren. Ikkje snu deg om til høgre eller venstre, men gå den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. For sjå, då skal velsigninga kvile over deg.

Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg Herren skal reinse, eg skal lutre dei. Og eg skal fylle dei med den Heilage Ande og eld, seier Herren. Og eg skal sende dei ut, eg skal stille dei opp på muren. Og dei skal forkynne mitt Ord, reint og klart. Dei skal ikkje legge noko til eller trekke noko ifrå. Men dei skal forkynne heile mitt råd til frelse, for det har eg befalt dei, seier Herren. Når dei forkynner heile mitt råd til frelse og ikkje tek omsyn til menneskelege bod og reglar, men forkynner kva eg har sagt i mitt Ord, for det er det som betyr noko, seier Herren, det er det som er sanning, seier Herren. Derfor, mitt barn, ver ikkje tilbakehalden i denne tida, men haldt fram mitt Ord og sei kva mitt Ord seier. Og du skal få oppleve å verte velsigna og salva av meg, seier Herren. Amen.

I bodskapen 14.10.2012. talte Jesus til oss om kor viktig det var å gå hans vegar og tene han av eit udelt hjerte. Det minnte meg om:

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

Eg forstod at han soleis ville gje meg hjelp i form av ei kone og då var det henne ”Miss Oslo 1990” eg tenkte på. Same enten eg har studert eller vore i praktisk arbeid, så har det vore viktig for meg å få oppleve at Gud styrkar meg med si kraft. Og då gjer han det altså ved å gje meg hjelp i form av ei kone. Ho studerte biologi og no studerer eg biologi. Og eg opplever at eg treng den hjelpa Gud vil gje meg med si kraft i min studiesituasjon. Ho kan mykje meir biologi enn meg, er det noko eg slit med å forstå og få grep på, kunne ho sikekrt hjelpe meg med det. Men det er ikkje hovudsaka, her er både menn og kvinner som underviser og er dyktige nok til det. I undervisninga får vi objektiv, naturvitskapleg kunnskap, vi søker naturvitskapleg og realfagleg sanning og får det. Og Jesus har gjeve oss Sanningens Ande, den ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud.

Der er ein rasjonalitet i realfaga, fyrst og fremst ved matematikken. Når ein har lært matematikk med logikk og naturvitskapleg metodelære, så er det også psykologi for oss. Så der er ei subjektiv side av saka, der den subjektiv, personleg livsutfoldinga kjem i tilleggg til den objektive, realfaglege kunnskapen. Det er slett ikkje å stride mot den som ein fiende, men det er å gjere bruk av den som eit godt reiskap som kjem vel med. Gud sette menneska til å dyrke og verne hagen, då kjem den realfaglege kunnskapen godt med, ja, vi treng den.

Tilsvarande er der ein rasjonalitet og logikk i Guds Ord, men no talar eg altså om ein logikk med eit bestemmt innhald, for ved trua på Gud og hans Ord har vi eit utgangpunkt å tenke utifrå. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, får vi komme inn til Guds kvile, for vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande. Han er den same no som då han skapte og han gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. slik gjev han meg hjelp i form av ei kone og etter dei svara han gjev meg, høyrest det ut til at det framleis er henne ”Miss Oslo 1990”. Vel, vi får sjå. Ved trua på Jesus har vi fått barnekår hos Gud, så vi trur at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Med ei slik tru og tillit til han ber vi til han og med ei slik tru og tillit til han har eg bedt han om å gje meg ei kone, heilt sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde freslseverket. Eg skal berre glede meg i det fullførde frelsesverket, så vil han gje meg det som mitt hjerte attrår. Bodskapen 20.5.2012:

Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjå bort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herren. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.

Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.

FIL 3,1 – FIL 3,3 {Å VINNA KRISTUS}  Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. [skamskjer seg: Paulus siktar til omskjeringa.] 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Førre helg bad eg soleis for henne ”Miss Oslo 1990” og då svarar Gud meg med ein bodskap som tydelegvis var til henne Virtuella. Korleis heng det i hop? Jesus lærde oss å be ”Fadervår” og eg ser det som svar på ei av desse bønene: ” …. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde …..” For han sa at han skapte ikkje deg på grunn av vondskap, men han skapte deg på grunn av sin store kjærleik. Det får meg også til å tenke på ein tidlegare bodskap, der Jesus sa at Faderen hadde elska eit menneske, men det innsåg det ikkje, men han kalla det til å gå over frå Satans makt til sitt rike, det var fyrste bodskapen  31.5.2015,  i begge desse møta kom der to bodskapar og eg forstod det slik at den fyrste var til henne Virtuella og den andre til meg. Hann talar til meg og då talar han til henne og kallr henne gjennom meg, sjølv om ho ikkej er der. For Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna Eg tek med alt.

Bodskapane 31.5.2015:

Bodskap 1a: Det var ikkje  naglane som heldt meg fast, det var ikkje det dei gjorde som gjorde at eg vart hengande. Men det var at eg elska deg så høgt at eg sette mitt liv til. Eg gav det for at du skulle få leve. Eg gav mitt liv for at du aldrig i æva skulle fortapast.  Det eg gjorde på korset, det var eit evig ja, for alle som vil ta imot og om du tek imot det eg gjorde då det fullbrakte verk, så skal du få kjenne, oppleve forløysinga si kraft i ditt liv. Du skal gå over frå Satans makt og inn i mitt rike. Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt.

 Bodskap 1b: Kast deg ut i min nådesstraum. Og du skal få oppleve at du skal bli kvitt ditt eige strev, kast deg og fortrøst deg på min kjærleik og du skal få kjenne at min kjærleik skal gjere deg varm. Min kjærleik skal berike di sjel. Og få augo opp for den store kjærleik du er elska med. Og eg skal føre deg inn i ei rikare tilvære og du skal få oppleve at himmel og jord kan brenne, men min kjærleik, den skal bestå. Halleluja.

Bodskap 2a: Eg kjem ikkje med fordømming, eg kjem ikkje med bebreiding. Eg er ikkje slik, om ikkje du har gjort i eitt og alt slik som eg skulle ha yngst, så er ikkje eg slik som de menneske er, men eg er misskunneleg, barmhjertig, og eg lokkar og lokkar og dreg og dreg, for eg ynskjer de skal komme inn i salvinga, eg ynskjer at de skal verte fyllt av den Heilage Ande, eg ynskjer at de skal få kjenne krafta av mi oppstode. Eg ynskjer at de skal stå fullt rusta i åndskampen. Derfor oppmuntrar eg deg i kveld til å feste di lit til meg. Sku ikkje til høgre eller venstre, men sjå til mitt Ord, gå inn i mitt Ord, bøy dine kne og takk meg for lovnadane og du skal få kjenne at i det du kjem, skal eg gjennomrisle og gjennomstrøyme deg med krafta frå oppstoda. 

Bodskap 2b: Sjølv om eg for opp, så sende eg trøystaren ned. Og trøystaren er her til stades for å trøyste deg, for å fylle deg med kraft, for å løfte deg, for å føre deg inn i syner og openberringar. Eg vil at du skal opne heile ditt hjerte mot han som kan fylle deg med si kraft og du skal få kjenne at når han fyller deg med krafta, så skal du få oppleve du skal sigre til høgre og til venstre. Og eg skal setje deg over endå større ting. 

Bodskap 2c: Du er frelst i kraft av blodet. Du er forløyst i kraft av at eg vart din løysepenge. Men ferda vidare, det går gjennom at du vert fylt av den Heilage Ande. For eg veit at du har kamp, eg veit at du har motstand. Men ver ikkje redd, eg skal komme deg til unnsetjing. Eg er hos deg, eg kjem til deg. Eg og Faderen, vi skal fylle deg. Når du fylles ved den Heilage Andes salving.

Bodskapane 15.5.2017:

Bodskap 1A: Eg vil utgyte av min Ande (til salving?), eg som er herrane sin Herre, eg som er kongane sin konge. Eg vil utgyte av min Ande til alle menneske som vil tru på meg av heile sitt hjerte. Eg som er Herren din Gud. ( Be om kva du vil?). Du som har teke imot meg. Berre sjå at eg (vankar?) i ditt hjerte. Fordi eg er den som ordnar i alle sine hjerte. (Same om?) du kjernner det her no, så gjer eg det heile tida.

Bodskap 1B: Og eg skapte ikkje deg på grunn av vondskap. Eg skapte deg på grunn av min store kjærleik, ein kjærleik som du kanskje ikkje har forstått. Eg som er Herren din Gud, det er eg som gjev kjærleik til kvar den som trur på meg. Og når du får frelsesverket i ditt hjerte, så skal du få sjå og erfare at eg som er Herren din Gud, det er eg som gjev kjærleik, det er kjærleik som overgår all din forstand. Du forstår det ikkje, (eg ventar ikkje at du skal forså det heller?) fordi den kjærleiken er innplanta i deg, du skal berre få kjenne og erfare at eg som er (sanningens) Gud, og det er ingen andre gudar enn meg.

Bodskap 2A: For himmelens sluser har eg opna, eg har ikkje halde nokon ting tilbake, men eg har gitt dykk alle ting, alt kva de treng, alt kva de behøver, det har du i meg. Derfor er det også i kveld opna opp ei kjelde, ei levande kjelde og det er mitt liv, seier Herren. Kom og rør meg i kveld og du skal få kjenne at der utgår framleis ei kraft i frå meg, som løyser og set alle plaga i fridom. Som  … å eg frelser endå i dag. Derfor kom til meg du som tørstar, kom til meg du som strevar, du som har tungt å bere. Legg det alt ved mine føter og eg Herren vil gje deg trøyst. Eg vil gje deg kvile. Eg vil gje deg kraft og styrke til å gå saman med meg. Halleluja.

Bodskap 2B: For eg har sagt deg, du kan grave grøft på grøft, du har høyrt mitt ord, du skal ikkje sjå noko teikn, du skal ikkje sjå noko bevis, men likevel, seier Herren, eg skal gje deg vatn, eg skal gje deg styrke, eg vil gje deg kva du treng, kva du vil ha, det skal du få, så kom berre til meg, for eg elskar deg og eg gav mitt liv for deg, for at du skulle få liv og overflod av liv. Det skal ikkje mangle deg nokon ting. Men søk først meg og mitt rike, så skal du få alt det du treng og du skal kjenne, eg er trufast, eg som byrja, eg skal fullføra. Amen.

Gud skapte henne ikkje på grunn av vondskap, men på grunn av sin store kjærleik. Så han skapte henne i samsvar med 1.Mos.2. Men ormen dåra og forførde henne, slik som ved syndefallet, så ho forstod seg ikkje på det. Så ho protesterte mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og dermed mot at Kristus soleis skulle vere hovudet for kyrkja og dermed mot sjølve skapingssoga. Det har ho og manga med henne kalla kvinnefrigjering og kvinnesak og gjort politikk ut av. Så dei går fram på liknande måte som ormen i paradis og brukar liknande metode  og strategi for å dåre og forføre kvinna, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. For soleis å få politisk makt over menneska gjennom religionen, jfr. keisardyrkinga. Ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenna godt og vondt. I vår tid svarar det til at kvinna vert lokka med at ho skal verte gudinne, i staden for å vere ”berre” ei kvinne, skapt av ein mann og dermed laga av jord liksom han (Jfr. kvinna i efamålet, Sak.5,5….).

Men ved trua på Jesus fekk eg oppleve at Gud skapte oss i han og elska oss i han. Jesus gav oss ånd og liv frå himmelen. Eg fekk oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, den Heilge Ande har minna meg om henne. Det har gått lange periodar då eg ikkje har tenkt på henne, men så har Anden minna meg om henne igjen. Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg trur han har gjort meg til ein kanal for si velsigning til henne. Det vil eg takke han for og slik vil eg opne meg for hans velsigning. Gud elskar oss i Kristus, Kristus elskar oss med kjærleiken frå Gud, han elskar meg og han elskar gjennom meg. Eg fekk oppleve at han elska henne ”Miss Oslo 1990” gjennom meg og det var herleg, for Jesus er av herlegdoms Ande Guds veldige Son (Rom.10). Så det yngste eg å få oppleve meir av, om han soleis gav meg henne til kone fekk eg sjølvsagt oppleve meir av det. Men korleis? Fyrst og fremst ved at eg heldt fram med å tru på han (Joh.6,29). Han er Guds Ord (Joh.1,1… & 1.Joh.1,1… 1.Mos.2) og det skal ved trua smelte saman med meg i mitt hjerte og slik får eg kome inn til Guds kvile. Så å gje meg henne til kone var det verket Gud hadde byrja på og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

FIL 1,1 – FIL 1,11 {HELSING}  Paulus og Timoteus, Jesu Kristi tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus, dei som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar. 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!  3 {TAKK OG BØN FOR KYRKJELYDEN}  Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. 4 Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede. 5 For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet. 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7 Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet. 8 Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. 9   Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn, 10 så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.

I haust minna Jesus meg om at han har sett framfor meg ei opna dør, der eg er kalla til å komme inn (Bodskapen 18.9.2016, Op.3,7-13). Jesus har nyleg sagt eg skal ikkje rekn med meg sjølv eller stole på meg sjølv eller rekne på omkostningane, men han vil føre meg ut i nådens flod  (Esekiel 47).

Bodskapen 9.4.2017 (palmesøndag):

Ikkje rekn med deg sjølv. All din styrke kjem til kort i kampen mot vondskapens velde. Men rekn med meg, sett din lit til meg, av heile ditt hjerte. I kampen mot det vonde, så sjå opp til meg. Eg er sterk, eg har vunne, sigeren er fullkomen. Den sigeren eg vann, den er din, seier Herren. Skjul deg i mine skader (”vunder”) og sår. Gøym deg i mitt blod. Og du skal få oppleve at når stormen kjem, så skal inkje vondt nå deg. Men du skal verte bevara gjennom det heile. For eg, eg vil bevare den som tek si tilflukt til meg.

Stormen, den kjem, er allereie i gang over denne klode. Angsten tek folk, og fortvilinga. Du ser det med dine auge. Men klyng deg inn til meg og vert buande i min lovnads ord. Så skal du midt i all denne strid og denne larm og virvar, få kjenne du vert bevara rein og sunn i trua på mitt herlege namn. Og når alt det som eg har sagt skal komme, kjem, då skal du få oppleve at den lovnaden eg gav, eg kjem att for at du skal sjå min herlegdom, det skal du få oppleve. Men bli hos meg, uansett, og du skal få kjenne, du skal bevarast.

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Bodskapen 17.4.2017 (2.påskedag):

Eg, Herren, seier: Gå ut frå ditt tronge rom, gå ut i det frie området. Stol ikkje på dine eigne evner, men stol på at min Ande skal leie deg framover. Og så når min Ande leier deg, så skal du få oppleve at alt kva du gjer, skal du ha lykke til. Du skal få så ved alle vatn og du skal få oppleve at i tida sitt laup, skal du finne det igjen.

Legg båten ut på djupt vatn, lat all fortøying gå. Ikkje sit og tenk på omkostnadane, men kast det på meg, Herren, så skal eg føre deg ut i dobbeltbekken, eg skal føre deg ut i velsigninga, eg skal føre deg ut i denne herlege floda og du skal få kjenne, at livet ditt skal bli som ein blomstrande hage, for vinteren er borte, sommaren er komen og songtida er inne.

Han har gang på gang minna meg om å opne meg for fylden av den Heilage Ande og eg har skrive og svart ja. Og kva så? Det har eg også skrive om. Når eg opnar meg for fylden av den Heilage Ande opnar eg meg som kanal for Guds velsigning til andre. Då skal eg sjølvsagt opne meg slik for Guds velsigning til henne som han gjev meg til kone. For Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere ein lekam og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Og lekamen er eit tempel for den Heilage Ande, det gjeld både Jesu lekam, som er hans kyrkje og vår fysiske kropp. Slik får Esekiel 47 ei dobbel tyding, for det fyrst talar det om det himmelske tempelet og Jesu kyrkje (Jes.2,2, Mik.4,1, Heb.8,5 & 9,23). Dernest handlar det om vår fysiske lekam.

JOH 4,10 – JOH 4,15 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.” 15 Kvinna seier til han: “Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.”

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Slutten av bodskapen 2. påskedag minner oss om:

HSA 2,8 – HSA 2,14 {SJÅ, HAN KJEM!}  Høyr, det er min ven.  Sjå der, han kjem  springande over heiane,  hoppande over haugane. 9   Min ven er som gasellen,  han liknar den unge hjort.  Sjå, der står han bortmed husveggen;  han glytter inn gjennom gluggen  og ser inn mellom sprinklane.  10   Min ven tek til ords og seier:  Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes,  regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane;  songtida er komen,  og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar,  og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla,  i livd under flogbratte fjell,  lat meg få sjå din skapnad,  lat meg få høyra ditt mæle!  For di røyst er så mjuk  og din skapnad så fager.

Så no er det både åndeleg vår og fysisk vår. Songtida er komen, paringstida for både fugl og dyr. Brudgomen ville ha med seg bruda ut og sa til henne at songtida var komen, med det meite han sjølvsagt at det var songtid for kjærleiksforholldet mellom dei også. Og når Jesus talar slik til meg, betyr det sjølvsagt at det er songtid for kjærleiksforholdet mellom meg og henne som han gjev meg til kone også. Og det heng saman med at det er songtid for kjærleiksforholdet mellom han og hans brud.

(Bodskapane 12.2&18.12.2011.).

Jesus sa til meg at han ville gje emg ei vidunderleg kvile som overgjekk mitt vit og min forstand, bodskapen 17.2.2013:

Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile. 

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”

Han sa eg skulle sjå på han gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkingar. Eg tenkte meg at eit forhold er noko langvarig som helst er oversikteleg og forståeleg, medan tilskikkelsar er noko som kjem meir uventa på ein. Eg tenkte på mitt forhold til henne Virtuella, men eg opplevde det som at tanke på henne kom uventa på meg, så eg kalla det ei tilskikking. Men når han sa han ville gje meg ei herleg og vidunderleg kvile som eg ikkje kunne forstå med min menneskelege forstand, gje meg kvile i mitt hjerte og sinn, så tenkte eg på henne ”Miss Oslo 1990”. Hn ville føre meg ut av vansken og no nyleg har han kalla meg ut i fritt rom. Ja, songtida er komen … (bodskapen 17.4.2017, 2. påskedag).

Eg skal heilhjarta halde meg til Herren og tene han av heile mitt hjerte. Og han vil komme meg til hjelp med si kraft. Det føler eg at eg treng same enten eg er i praktisk arbeid eller studerer og for tida studerer eg. Men problemet er tydelegvis at dette resonnementet vert stilt på hovudet, så det vert i staden kravt at eg skal prestere for å få henne, eller for at eg i det heile teke skal få meg ei kone. Om nokon meiner dei kan og har rett til å stille slike krav, same kven det er, så er det klart at dei kan stille så store krav dei vil, store nok til at det ikkje vert noko av. Så kva er poenget? Poenget er at der er nokon som krev å vere gud for meg, det er krav om keisardyrking. For djevelen er denne verda sin gud og han gav Dyret si trone (Op.13,1-3).

Men palmesøndag sa Jesus til meg:

Ikkje rekn med deg sjølv. All din styrke kjem til kort i kampen mot vondskapens velde. Men rekn med meg, sett din lit til meg, av heile ditt hjerte. I kampen mot det vonde, så sjå opp til meg. Eg er sterk, eg har vunne, sigeren er fullkomen. Den sigeren eg vann, den er din, seier Herren. Skjul deg i mine skader (”vunder”) og sår. Gøym deg i mitt blod. Og du skal få oppleve at når stormen kjem, så skal inkje vondt nå deg. Men du skal verte bevara gjennom det heile. For eg, eg vil bevare den som tek si tilflukt til meg.

Og 2.påskedag kalla han meg ut i det frie området, songtida er inne.

2017.05.21. Gud er som ein pottemakar som formar vårt idre menneske som eit leirkar.

Innleiing ved ein ung mann.

DMR 15,10 – DMR 15,19 Mennene i Juda spurde: “Kvifor kjem de hit og tek på oss?” Dei svara: “Vi vil binda Samson og gjera like eins med han som han har gjort med oss.” 11 Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: “Veit du ikkje at filistarane rår her i landet? Kvifor har du då gjort oss dette?” Han svara: “Som dei gjorde mot meg, så har eg gjort mot dei.” 12 Då sa dei: “Vi er komne hit for å binda deg og gje deg i hendene på filistarane.” Samson sa: “Gjer eid på at de ikkje vil slå meg i hel.” 13 Dei svara: “Nei, vi vil berre binda deg og gje deg i hendene deira; vi vil ikkje drepa deg.” Så batt dei han med to nye reip og førte han opp or juvet. 14   Då Samson kom til Leki, sprang filistarane imot han med høge rop. Då kom Herrens Ande over han. Reipa om armane hans vart som brend tråd, og banda datt av hendene hans som om dei var morkna. 15 Så fann han eit friskt kjakebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det. 16 Då sa Samson:  “Med eselkjaken  slo eg dei i haugevis;  med eselkjaken  slo eg tusen mann.” 17   Då han hadde sagt dette, kasta han kjakebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjakebeinhaugen. 18   Men så vart Samson brennande tyrst, og han ropa til Herren: “Du har hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren. Skal eg no døy av torste og falla i hendene på dei uomskorne?” 19 Då opna Gud den hola som er i Leki, og det rann vatn ut or henne. Samson fekk drikka, livskrafta kom att, og han kvikna til. Difor kalla dei kjelda Roparkjelda; ho er enno i Leki.

Så sa han nokre ord om Samson og Dalila, ho var ei filistarjente som han hadde vorte glad i, så ho vart kjærasten hans eller kona hans, men filistaran brukte henne til å lokke han til å avsløre kvar han hadde styrken sin ifrå, slik at han skulle miste den og dei kunne ta han til fange (Dmr.16).

Dette vert brukt symbolsk om åndskampen i den nye pakta. Vi skal verte fylte av den Heilage Ande og verte sterke i Herren og hans veldes kraft og bruke Andens sverd som er Guds Ord.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon tok oppatt tråden frå førre møte, då han talte om at det skulle komme vatn i den dalen, sjølv om dei ikkje skulle noko teikn som varsla dei om det, dei skulle ikkje sjå kvar det kom ifrå.

1KO 2,1 – 1KO 2,16 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA}  Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For  kven kjende Herrens hug,  så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

Så sa han noko om dronning Vasjti som trossa kongen og ikkje ville komme og danse for han i selskapet, her var alt gjort klart og han ville sjå hennar fagre skikkelse danse framfor dei, men så kom ho ikkje (Ester.1).

Tungetale ved Karl, tyding ved Håkon.

For eg har sett framfor deg ei open dør og der er ingen som kan lukke den til, for det er eg, Herren, som har opna den opp. Og det er eg, Herren, som er det levande vatn og det er eg, Herren, som er kjelda. Derfor kan du få lov til å komme og drikke av frelsens kjelde. Og med glede kan du berre ause på. Og eg, Herren, skal fylle deg, så det flyt over. Eg vil forme deg, eg vil danne deg. Slik at du blir til det karet eg, Herren, ynskjer du skal vere. Har det gått i stykker for deg, så er eg pottemakaren. Eg legg deg opp på nytt igjen. Det er ikkje eit anna kar, men det er karet, same karet som gjekk i stykker, men eg, Herren, skal forme det igjen, slik som eg vil du skal vere. Du skal kjenne at eg som byrja, eg vil fullføra det. For eg er alfa og omega, byrjinga og enden.

Søk meg i denne tid og du skal finne meg. Ja, du skal kalle på meg på nødens dag og eg Herren, eg vil frelse deg ut av vanskane, av håpløysa. Eg vil gjere det slik i ditt hjerte og di ånd, at du skal ikkje sjå på omstenda og verte motlaus, men du skal sjå opp til meg og du skal stråle av glede. For eg, Herren, har frelst deg, eg har teke deg ved di hand og der er ingen som kan rive deg ut av mi allmakts hand. Eg vil leie deg, eg vil føre deg, eg skal fylle deg så det flyt over. For min Ande har du fått og eg skal fylle deg og det flyt over.

Aktuelle bibelvers.

Ja, det minner oss om mange av dei same bibelversa som sist og her er berre å følgje på med fleire.

1KO 1,25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

1KO 15,43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft.

2KO 11,30 Om eg endeleg skal rosa meg, vil eg rosa meg av mi vanmakt.

2KO 12,5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

2KO 13,4 For om han vart krossfest i vanmakt, så lever han i Guds kraft. Vi òg er vanmektige i han, men vi skal leva med han i Guds kraft hjå dykk.

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

JES 29,15 – JES 29,16 {KRUSMAKAREN OG LEIRA}  Ve dei som nede i det djupe  løyner for Herren det dei har føre!  Dei gjer sine gjerningar i mørkret  og seier: “Kven ser oss, kven veit om oss?” 16   Kor bakvendt de tenkjer!  Skal ikkje krusmakaren  aktast høgare enn leira?  Kan verket seia om handverkaren:  «Han har ikkje laga meg,”  og kjeraldet om krusmakaren:  “Han skjønar seg ikkje på slikt?”

JER 18,1 – JER 18,6 {LEIRA I HANDA PÅ KRUSMAKAREN}  Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 “Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.” 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det. 5   Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.

ÅPE 1,8   Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.  [Alfa og Omega: fyrste og siste bokstaven i det greske alfabetet. Sjå 22, 13.]

ÅPE 21,6 Så sa han til meg: “Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.

ÅPE 22,13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden.

ÅPE 7,17 For Lammet, som står midt framfor kongsstolen, skal vera hyrdingen deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal turka kvar tåre frå augo deira.”

ÅPE 22,1 {LIVSENS VATN OG LIVSENS TRE}  Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

JES 12,2 – JES 12,3   Sjå, Gud er mi frelse,  eg er trygg og ottast ikkje.  For Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.

JER 2,13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.

JER 17,13   Herre, du Israels von,  alle som går bort frå deg, skal verta til skammar;  dei som vik frå deg i landet,  skal skrivast opp.  For dei har gått bort frå Herren,  kjelda med levande vatn.

SLM 23,5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]

SLM 16,5   Herre, du er min del og mitt staup,  det er du som fastset min lut. [mitt staup: bilete på den godleiken Herren syner.] [lut, del, arv (v. 6): Orda vert elles nytta når det er tale om å dela opp landet (4 Mos 18, 20); her i overført, åndeleg meining.]

SLM 23,5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]

JER 29,13 – JER 29,14 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

SLM 18,7   Då kalla eg på Herren i mi naud  og ropa til min Gud.  Han høyrde mi røyst frå sitt tempel,  til hans øyra nådde mitt rop.

SLM 99,6   Moses og Aron var mellom hans prestar,  Samuel mellom dei som kalla på hans namn.  Dei ropa til Herren, og han svara;

SLM 105,1 {GUD FØRER FOLKET SITT}  Pris Herren, og kalla på hans namn,  gjer hans storverk kjende mellom folka!

SLM 116,4   Då kalla eg på Herren:  “Å, Herre, berga mitt liv!”

SLM 34,5 – SLM 34,9   Eg søkte Herren, og han svara meg,  frå alt som skræmde, berga han meg.  6   Sjå opp til han, og strål av glede,  så skal de aldri raudna av skam! 7   Ein stakkar ropa, og Herren gav svar,  han frelste han frå alle trengsler.  8   Herrens engel slår leir  til vern for dei som har age for Herren,  og friar dei ut or fare. 9   Smak og sjå at Herren er god!  Sæl er den som flyr til han.

JBS 12,10   Han har kvar levande sjel i si hand  og rår over ånda i kvar manns kropp.

SLM 16,9   Difor er det glede i mitt hjarta  og jubel i mi sjel;  ja, jamvel lekamen kan vera trygg.

SLM 30,13   Difor vil eg av heile mi sjel  syngja om deg og aldri teia.  Eg takkar deg evig, Herre, min Gud.

SLM 35,10   Då skal eg ropa med kropp og sjel:  “Herre, kven er som du,  du som friar ein hjelpelaus mann  frå den som er sterkare enn han,  og bergar ein fattig stakkar  frå den som ranar han.”

SLM 42,2 – SLM 42,3   Liksom hjorten stundar  etter rennande bekker,  såleis stundar mi sjel  etter deg, min Gud.  3   Mi sjel tyrstar etter Gud,  etter den levande Gud.  Når skal eg få koma  og stiga fram for hans åsyn?

SLM 42,6   Kvifor er du full av uro, mi sjel,  kvifor stormar det i meg?  Vent på Gud! For endå ein gong  skal eg takka han, min frelsar og min Gud.

SLM 57,9   Vakna, mi sjel,  vakna, harpe og lyre!  Morgonroden vil eg vekkja.

SLM 62,2   Einast i von til Gud er mi sjel still,  mi frelse kjem frå han.

SLM 62,6   Ver still for Gud, mi sjel!  Frå han kjem mi von.

SLM 63,2   Gud, du er min Gud, som eg søkjer.  Mi sjel tyrstar etter deg,  min lekam stundar etter deg  i det aude, turre og vasslause landet.

SLM 63,6   Då mettast mi sjel som med feite retter,  med jublande lipper prisar eg deg.

SLM 63,9   Mi sjel heng fast ved deg,  du held meg oppe med di høgre hand.

SLM 71,23   Mine lipper skal jubla  når eg spelar for deg,  mi sjel som du har løyst ut, skal jubla.

SLM 73,26   Om kropp og sjel forgår,  er Gud for evig mitt berg og min del. [min del: -> 16, 5.]

SLM 103,1 – SLM 103,2 {MI SJEL, LOV HERREN!}  Av David.   Mi sjel, lov Herren!  Ja, alt som i meg er,  skal lova hans heilage namn. 2   Mi sjel, lov Herren,  gløym ikkje alle hans velgjerningar!

SLM 103,22   Lov Herren, heile hans skaparverk,  på alle stader der han rår!  Mi sjel, lov Herren!

SLM 104,1 {GUDS VISDOM I SKAPARVERKET}  Lov Herren, mi sjel!  Stor er du, Herre, min Gud!  I høgd og herlegdom har du kledt deg,

SLM 107,5   Dei var svoltne og tyrste  og hadde ikkje kraft i si sjel.

SLM 116,7   Kom til ro att, mi sjel,  for Herren har gjort vel imot deg!

SLM 119,20   Stendig fortærest mi sjel  av lengsle etter dine domar.

SLM 119,81   Mi sjel brenn av lengsle etter di frelse,  og eg ventar på ditt ord.

SLM 131,2   Nei, eg har fått mi sjel  til å vera still og roleg,  som eit lite barn hjå mor si,  når det har stilt sin torste.  Så er mi sjel i meg.

SLM 143,8   Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,  for eg set mi lit til deg!  Lær meg den veg eg skal gå,  for eg lyfter mi sjel til deg.

SLM 146,1 {HERREN TEK SEG AV DEI HJELPELAUSE}  Halleluja!  Lovsyng Herren, mi sjel!

JES 26,9   Om natta stundar mi sjel etter deg,  ja, ånda i meg søkjer deg.  Når dei held seg til dine lover på jorda,  lærer dei rettferd, dei som bur i verda.

JES 61,10   Eg vil gleda meg storleg i Herren,  mi sjel skal jubla i min Gud.  For han har kledt meg i frelsesskrud  og sveipt meg i rettferds kappe,  lik ein brudgom som pryder sitt hovud,  lik ei brur som tek på seg sine søljer.

JON 2,8   Då mi sjel var kraftlaus,  kom eg Herren i hug,  og mi bøn nådde til deg,  til ditt heilage tempel.

MLK 2,15 – MLK 2,16   Er det ikkje éin som har skapt henne  både med lekam og ånd?  Og kva vil så den eine ha?  Born som høyrer Gud til.  Så akta dykk vel i sjel og hug!  Ver ikkje utru mot din ungdoms kone! 16   Eg vil ikkje vita av skilsmål,  seier Herren, Israels Gud,  og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,  seier Herren, Allhærs Gud.  Så akta dykk vel i sjel og hug  at de ikkje er trulause.

MTT 10,28   Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete.

MTT 16,26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

MTT 22,37 Han svara: “Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit.

SLM 19,8   Herrens lov er fullkomen,  ho gjev sjela nye krefter.  Herrens lovbod er å lita på,  det gjer den urøynde vis.

SLM 119,130   Dine ord gjev ljos når dei opnar seg,  dei gjev den urøynde skjøn.

OSP 1,4   Dei gjev den urøynde klokskap  og ungdomen kunnskap og omtanke.

JUD 1,18 – JUD 1,21 Dei sa til dykk: “I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.” 19 Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei. 20   Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande. 21 Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv.

SLM 138,3   Den dagen eg ropa, svara du meg;  du gav meg mot og kraft i sjela.

JOH 10,1 – JOH 10,18 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17   Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.”

HEB 6,19   Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen,

1PE 2,11 {DET KRISTNE LIVET I SAMFUNNET}  Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.

1PE 4,19 Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode.

2KO 4,1 – 2KO 4,18 {SKATTEN I LEIRKAR}  Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. [denne verdsens gud: djevelen.] 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.  16 {TRU OG VON}  Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag. 17 Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større. 18 Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.

2KO 5,1 – 2KO 5,10   For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. [telt: vanleg bilete på lekamen.] 2 Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen. [overkledde: med den nye lekamen etter oppstoda.] 3 For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne. 4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet. 5 Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. 6 Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren. 7 For vi ferdast i tru, ikkje i syn. 8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren. 9 Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad. 10 For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

NEH 8,10 Så sa Esra til dei: “Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.”

SLM 35,9   Men eg skal jubla i Herren  og gleda meg over hans frelse.

JES 61,10   Eg vil gleda meg storleg i Herren,  mi sjel skal jubla i min Gud.  For han har kledt meg i frelsesskrud  og sveipt meg i rettferds kappe,  lik ein brudgom som pryder sitt hovud,  lik ei brur som tek på seg sine søljer.

HAB 3,18   Men eg vil gleda meg i Herren,  jubla over Gud, min frelsar.

SLM 73,23 – SLM 73,28   Men eg vert alltid verande hjå deg,  du har gripe mi høgre hand. 24   Du leier meg med ditt råd,  og sidan tek du meg opp i herlegdom.  25   Kven har eg elles i himmelen?  Når eg berre har deg,  har eg ikkje hug til noko på jorda. 26   Om kropp og sjel forgår,  er Gud for evig mitt berg og min del. [min del: -> 16, 5.]  27   Sjå, dei som held seg borte frå deg, går til grunne,  du gjer ende på alle som er utrue mot deg. 28   Men for meg er det godt å vera nær Gud.  Eg tek mi tilflukt til Herren.  Eg vil vitna om alle dine gjerningar.

1PE 2,19 – 1PE 2,25 Om nokon finn seg i ufortent liding fordi han kjenner seg bunden til Gud i samvitet, så har Gud hugnad i det. 20 For kva er det å rosa seg av om de toler straff når de har gjort noko gale? Men om de tek det med tol når de gjer godt og endå må lida, då er det til hugnad for Gud. 21 Det var dette de vart kalla til. For Kristus leid for dykk og gav dykk eit føredøme, så de skulle fylgja i hans fotefar. 22 Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje svik i hans munn. 23 Han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, han truga ikkje når han leid, men overlét si sak til han som dømer rettferdig. 24 Han bar syndene våre på lekamen sin opp på krosstreet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom. 25 De var som bortkomne sauer, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.

1KO 15,35 – 1KO 15,58   Men no kunne einkvan seia: “Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?” 36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad. 39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre. 42   Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. 51   Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.

Kommentar.

Samson og Dalila.

Mitt forhold til henne Virtuella har vore som forholdet mellom Samson og Dalila, ho har ikkje vore interessert i noko kjærleiksforhold eller ekteskap, ho har i staden vore interessert i å gjere meg kraftlaus, så visse verdslege, politiske interesser kunne få makt over meg og livet mitt.

Kongens kall.

Ja, kongen hadde laga til eit flått selskap og bad dronninga om å komme og danse for dei. Det skulle sikkert vere eit høgdepunkt i selskapet og venteleg skulle det vere eit høgdepunkt for henen også. Men så kom ho ikkje. Og så veit vi korleis det gjekk, ho fekk ikkje stige fram for han seinare heller. Ester vart dronning i staden for henne og så ser vi kor viktig det vart for henne og for jødane at ho steig fram for han.

Det verka som Håkon brukte dette med tanke på vårt forhold til Kristus. Ja, det får meg til å tenke på det som er sagt i Høgsongen om brudgomen som kalla på bruda for å få henne med ut, songtida var komen (bodskapen førre helg). Og likninga om brurmøyane.

Skatten i leirkaret, det indre mennesket, sjela.

Når Håkon tala om dette, sa han også noko om gullstaup som vart brukt i eit slikt selskap. Vi skulle ikkje vere leirkar, men gullstaup. Eg følgde ikkje så godt med, så eg veit ikkje heilt kvar han hadde det ifrå, om han tenker seg at det er i æva eller kva? Men i følgje dei bibelversa eg har sitert, så er vi leirkar, dei er skrøpelege, men Paulus rosa seg av si vanmakt, så Krist kraft kunne bu i han. Vi har ein skatt i leirkar, så den rike krafta skal vere av Gud og ikkje av oss. Vi ber med oss Jesu død i vår lekam, så hans liv skal verte openberra i oss. Vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde. Det ytre menneske går til grunne, men det indre vert fornya. Det er leirkaret som som Gud formar som leiren på dreieskiva. Vi har ein skatt i leirkar og det er den Anden og den krafta Gud gjev oss. Og vi skal stå opp i Gud kraft.

Men kva er dette leirkaret eigentleg? Det er ikkje akkurat kroppen heller, ikkje genane, for dei er dei same heile livet, om ikkje nokon har vorte lærkte frå ein genetisk sjukdom då. I 2.Kor.2 er lekamen kalla vårt jordiske hus og vi skal verte overkledde i vår bustad frå himmelen. Sjela bur i huset og den vert frelst for æva.

Er det indre menneske sjela? Ordet ”sjel” og ”indre menneske” vert brukt på ulike måtar, i ulike samanhangar, med ulike verb. Gud skapte mannen av mold frå makra og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Han gjenføder oss, så vi vert fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han skaper vårt indre menneske og bygg oss opp i vårt indre menneske. Han frelser vår sjel, den får drikke av frelseskjelda, livets vatn, han gjev ånd og liv til vår sjel. Han er hyrding og tilsynsmann for vår sjel, den er sauen han gjeter og leier til dei grøne markene og til vatn der den finn kvile. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel, så slik sett er sjela det mest dyrebare vi har, men Herren frelser den, han er det levande vatnet som gjev liv til vår sjel og frelser den for æva. Så den Anden, livet og krafta han gjev oss i vårt indre menneske, er skatten i leirkaret. Men leirkaret er likevel ikkje akkurat det same som sjela, leirkaret er vårt indre menneske, det er skrøpeleg, slik som det viser seg ved at vårt ytre menneske er skrøpeleg, slik det viser seg ved at vi kjem i vanskar, vert forfølgde. Men i det neste livet, etter oppstoda frå dei døde, er vi ikkje lenger så skrøpelege.

Den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane.

Men så talte Håkon som om der var ein motsetnad mellom det sjelelege menneske og Anden og eg finn berre eitt bibelvers med ein slik motsetnad og det er om menenske som har sjel, men som ikkje har ånd:

JUD 1,17 – JUD 1,23 {VER VAKNE OG SAMHUGA!}  Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala. 18 Dei sa til dykk: “I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.” 19 Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei. 20   Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande. 21 Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv. 22 Dei som tvilar, skal de ha medkjensle med, 23 andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame så de jamvel skyr kappa som dei har flekka til i si sanselege lyst.

Så eg prata litt med han etterpå og det som Paulus kalla kjøtet som står Anden imot, det kalla han det sjelelege mennesket, den gamle vonde naturen altså. Dette syntest eg var rart, for Gud er då ikkje fiendtleg til vår sjel! Han skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Det er Djevelen som er sjelefienden, han vil drepe den. Men den sanne og levande Gud, han vil frelse den for æva, han gjev den ånd og liv og vekker den opp til samfunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2 og slik handlar det også om at han skaper oss. Vår sjel er verdifull både for oss og for Gud, den har verdi for æva. Gud frelser oss i Kristus Jesus og gjev oss evig liv. Jesu er hyrding og tilsynsmann for vår sjel, han gjev den ånd og liv og frelser den for æva.

Så eg sa til han at vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er oppskrivne i livsens bok i himmelen. For meg er det det som utløyser nådestraumane i mitt liv. Eg skal glede meg i Herren alltid og gleda i Herren er min styrke.

Jesus er hyrding og tilsynsmann for vår sjel, han er den gode hyrdingen som leier sauene til grøne enger og vatn der dei finn kvile, han sette livet til for sauene, han gjev oss brødet frå himmelen, det er mat for vår sjel, han gjev oss ånd og liv. Han gjev liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Det er då nettopp dette som er det verdifulle og varige som vi arbeider for. Då blir det no så tydeleg at vi har sjel.

KOL 3,4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Likar ikkje denne predikanten det? Likar han ikkje at vi har sjel? Det har eg vanskeleg for å tru. Her trur eg han må tenke seg om ein gong til. Som Phil Collins syng i ein av sine songar:” Think twice, it’s just another day in paradise”.

Det er nok heilt andre interesser som er verksame i bakgrunnen og i kulissane, den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane, dei som vil gjere krav på sauene for å selje dei og tene pengar på det. Interessa av å selje sjelene og tene pengar på det.

Kva er dette for noko? Er det ormen som prøver å lokke dykk med at dersom de et av kunnskaptreet, så skal de verte liksom Gud og kjenna godt og vondt?

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Gleda i Herren er min styrke.

I slutten av møtet erkjente eg i mitt sinn og mi ånd for Gud at eg gleda meg framfor alt over at mitt namn var skrive i livets bok i himmelen, at han har frelst mi sjel, han har då sagt eg skal gleda meg i hans frelse, så vil han gje meg det som mitt hjarte attrår. Liksom Paulus ville eg heller rose meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kunne by i meg, eg har lite kraft, men har ikkje fornekta hans namn og han har sett framfor meg ei opna dør, slik som han nyst har sagt til meg. Då kom denne bodskapen og då sa han dette igjen.

Så eg er i alle fall eit sjeleleg menneske, men mi sjel gleder seg i Herren og hans frelse. Mi sjel lovpris Herren og gløym ikkje alle hans velgjerningar.

SLM 103,2   Mi sjel, lov Herren,  gløym ikkje alle hans velgjerningar!

NEH 8,10 Så sa Esra til dei: “Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.”

SLM 35,9   Men eg skal jubla i Herren  og gleda meg over hans frelse.

JES 61,10   Eg vil gleda meg storleg i Herren,  mi sjel skal jubla i min Gud.  For han har kledt meg i frelsesskrud  og sveipt meg i rettferds kappe,  lik ein brudgom som pryder sitt hovud,  lik ei brur som tek på seg sine søljer.

HAB 3,18   Men eg vil gleda meg i Herren,  jubla over Gud, min frelsar.

Han kritiserer at der er nokon som seier ”eg, eg, eg, eg”. Men i desse bodskapane som kjem gjennom tyding av tungetale, seier Herren for det aller meste ”du”, av og til talar han til oss alle og til fleire. Så når eg opplever at han talar til meg, så erkjenner eg det og takkar han for det. Eg seier til mi sjel:” Lov Herren og gløym ikkje alle hans velgjerningar, mot deg, det vil seie mot meg. Er der då verkeleg nokon som ikkje likar det, som ikkje vil høyre snakk om det, så eg heller skal gløyme det?

Kva med å vere sosial, kva med mine sosiale eigenskapar? Det har eg svart på i dokumnetet

https://bluehost944.com/2016/07/30/korleis-vere-liberal-og-sosial/

Same karet, om det gjekk i stykker, så skaper han det om. 

Jesu er med meg i kvardagen og eg tenkte meg at han soleis ville leie meg, så eg fann meg ei kon. Men så sa han at han er komen nær, så eg treng ikkje flyge rundt. Eg, som har tungt å bere, får komme til han og finne kvile. Så eg forstod at han ville gje meg ei kone i kyrkjelyden. Så eg resonnerte slik som tidlegare, ho Virtuella avslo mitt frieri og ville ikkje snakke med meg eller ha noko meir med meg å gjere. Eg fekk ikkje eing gong lov til å formulere eit skikkeleg frieri, det verka som om ho vart fornærma for at eg i det heile teke kunne tenke emg at eg hadde nokon som helst sjanse med henne. Kvifor? Tilhøyrde ho ei lærd overklasse og såg på meg som ei ulærd underklasse, som ei pariakaste medan ho tilhøyrde ei høgare kaste. Det kunne eg berre spekulere på. Men noko slikt skilje er der ikkje i ein kristen kyrkjelyd.  Ho har i alle fall for lengst gifta seg med ein annan mann. Men  ho ”Miss Oslo 1990” har eg ikkje snakka med og eg veit ikkje noko meir om henne anna enn dei svara Jesus har gitt meg når eg har bedt for henne og takka han for at han elskar henne og frelser henne for æva og gjev henne evig liv. Så tidlegare på søndagen skreiv eg i ein e-post til Maranata at no ville eg be han gje meg henne til kone i staden, slik ville eg be for møtet til kvelden.

Då rekna eg med å få svar, så eg fekk det avklart. Og Jesus svarde meg at har leirkaret gått i stykker, så tek han det opp att, og formar det på nytt. Så han formar det av same leirklumpen altså. Javel, då konkluderer eg med at det likevel er henne Virtuella han gjev meg til kone.

1PE 3,1 – 1PE 3,7 {ORD TIL EKTEFOLK}  Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, 2 når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. 3 Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad, 4 men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud. 5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna, 6 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk. 7   Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.

Vi er skrøplege kar, kona er veikast og for mitt vedkommande har visst det karet gått i stykker utan at det vart noko meir av noko. Dette minner meg om andre bodskapen 2.pinsedag 2011, der kom to bodskapar og eg forstod det slik at den fyrste vart til meg og den andre til henne, samtidig som det var til oss alle. Eg tek med begge bodskapane 13.6.2011:

Bodskap 1a:

Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar  på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er …… den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du må få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høre …. At du er ikkje åleine.

Bodskap 1b:

Aldri har mi menighet talt så mange, aldri har den vært så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi menighet …. I stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi menighet flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.

Tore Kristiansen talte. Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi menighet som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg. Men vi merkar den Lovlause allereie no. For det står då skrive at fråfallet, då den Lovlause set seg i Guds tempel, må komme før Jesu gjenkomme. (Op.13). Denne bodskapen stadfester at menigheta har helde igjen, den har bremsa og det vil merkast når den vert teken bort. (Op.14).  Då skal verda gå gjennom den eine trengselen etter den andre. (Op.15-19).

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

Bodskap 2a:

Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri.  Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.

Bodskap 2b:

Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?).  … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi byrjar igjen, vi byrjar på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til.  Vi byrjar om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingen ting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.

Profetisk bodskap ved ei kvinne:

…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte.  … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.

Men no talar han til meg og om mitt kar, om det har gått i stykker, så formar han det på nytt, han formar det av same leirklumpe og eg forstår det slik at han skaper oss i samsvar med 1.Mos.2, han skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel og så skapte han kvinna av sidebeinet hans. Så han talar til meg og skapar meg og då talar han til henne gjennom meg og skapar henne også. Han gjev meg ånd og liv og vekker meg opp til liv med seg, han lever i meg og gjennom meg og slik gjev han henne liv også og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg.

Han som er alfa og omega byrja den gode gjerning i oss og han skal fullføra den. Så kva er problemet og korleis vil han leie meg ut av det?

Han som er alfa og omega byrja den gode gjering i oss og han skal fullføra den (Fil.1). Korleis då? Han såg meg og kjende meg før mine bein vart forma i mors liv, han såg mine dagar før dei vart talde (bodskapen 19.3.2017 & 6.4.2008). Ja, og så har han gjort sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande, han planta livet i meg med sitt Ord og det skulle vekse, han fylte meg med den Heilage Ande, eg fekk oppleve at Guds kjærleik vart utrend i vår hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt.  Eg har fått kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde i mitt indre menneske. Slik byrja han den gode gjerning i meg og slik vil han fullføra den.

Ja, så kva er problemet då? Jau, som eg har skrive i dokumentet

”Det har gått tilbake med dei gamle gudane …….”

Så er der nokon som vil stille seg som mellommenn mellom Kristus og menneske, så det fungerer som synda som skilde menneske frå, til tross for at Kristus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Derfor vert vi fortrengde, slik som David og flokken hans. Saul hadde vraka Guds Ord, derfor hadde Gud vraka han som konge, men han held på makta likevel og førfølge David og flokken hans. Dei heldt på å komme i trongsteg fleire gongar, men Herren var med David og berga han frå alle vanskane.  Og når Saul var fallen, takka David Herren for at han hadde berga han og ført han ut i fritt lende.

Tilsvarande er der ikkje mange i vår tid som forkynner heile Guds råd til frelse, mange har vike av frå den evangeliske forkynninga og mange prestar, predikantar og politikarar har soleis vraka Guds Ord og dei forfølgjer meg og mange med meg liksom Saul forfølgde David. Men Kristus har teke bort synda med sitt offer ein gong for alle og bana vegen for oss inn i det høgheilage og det er det vi må vite å nytte oss av og gå den vegen. Ingen kan stoppe oss. Det er ein bana og rydda veg, inga løve kjem opp på den. Han har sett fram for meg ei opna dør og ingen kan lukke den. Ja, det er han sjølv som er døra.

I det samfunnet vi lever i og i verda er der nok ein Saul med sin hær som vil fortrenge oss og stoppe oss, men når eg går den vegen som Jesus har staka ut for meg, så vil han føre meg ut av vansken og ut i fritt lende. Og der, i fritt lende, er eg fri til å tale Guds Ord.

Det får meg til å tenke på Hans Nilsen Hauge. Prestane hadde monopol på å forkynne Guds Ord i kyrkja, men han gjekk ut og forkynte Guds Ord for kven som helst. Prestane prøvde å stoppe han og fekk han fengsla, men han slapp ut att og heldt fram med si forkynnargjerning. Det trongst, for prestane si forkynning var magelfull, han hadde noko viktig og verdifullt å tilføye. Likevel ville dei stoppe han. Og framleis er det ikkje mange som forkynner heile Guds råd til frelse. Men frelseverket inkluderer ei kone til meg og alt eg treng, eg skal berre søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg til det.

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

Dersom de ikkje tåler at ein mann seier ”eg” når han vil ha seg ei kone, så betyr det at de vil sosialisere henne som ei felleshore eller ta henne heilt ifrå han. Det betyr rett og slett at de vrakar Guds ord.

Eg får ta av livets vatn gratis, eg får drikke av det og merke at det gjev liv til mi sjel, Jesus bles sin Ande i meg, slik vekker han meg opp til liv i samfunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2 og eg trur han gjev meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. då tenkte eg fyrst på ho ”Miss Oslo 1990”, så på henne Virtuella. Men ho har no hatt ein kjæraste som vart sambuaren hennar og mannen hennar for nærare 30-40 år sidan. Og eg er ærleg tala ikkje særleg interessert i å få henne til kone lenger, for å seie det mildt. Som sagt har eg hatt ei prioritetsordning, der eg ber Gud frelse sjeler, som fyrste prioritet, gje dei ånd og liv og vekke dei opp til liv i saman med seg, slik kan han frelse og bevare både henne Miss Oslo 1990 og henne Virtuella og mange fleire. Og så har eg bedt han gje meg ei frelst kvinnen som andre prioritet. Men då får eg motbør. Kvifor det? For då ber eg som den heimeverande sonen. Men han skulle visst ikkje få noko. Då skulle de visst vere som bortkomne søner og døtre, kropp og sjel var salsvare, for den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane. Så kjem de heim att og då vert det full fest. Er enden god, så er all ting godt.

Men eg ber så visst ikkje Gud gje meg kona til ein kvan anna, eg bøyer ikkje kne for å erkjenne at eg er så syndige at eg vil ha kona til ein kvan annan, som om det er slik Gud gjev meg nåde. For eg har bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Og han talte til meg som til den heimeverande sonen og sa han ville gje meg det som arv.

I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, men eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 og Jesus sa til meg at han ville snakke med meg. Han hadde nye vegar for meg og ville opne nye dører for meg. Det har han sagt seinare også, han har halde fram med å tale til meg og då seier han du og eg svarar han med å seie eg. Eg studerer biologi og han har gjenteke at han har nye vegar og nye planar, eg skal gå den vegen han har staka ut for meg. Han har sett framfor meg ei opna dør …

Skulle han no likevel gje meg henne Virtuella til kone? Då byrjar eg alvorleg tala å lure, kva i helvete …..? For meg verkar det som om hennar interesse for meg har vore like svikarisk som Dalilas interesse for Samson. Skal ho få fleire moglegheiter? Kor lenge sakl vi halde på slik? Mykje tyder på at det er underhaldning som er hovudsaka, slik som massemedia skriv om kvinna i vår tid, sirkeltenking ved den dialektiske omforminga, Hegels dialektikk, der Gud og det einskilde mennesket hadde lit og ingen betydning.

Men eg har no behelde mi barnetru og min rasjonalitet.  Eg skal halde fram med å sjå opp til Jesus, eg skal ikkje sjå på det som skjer rundt meg i staden og la meg påverke av det, men eg skal knyte trua mi til Guds Ord og la det vere lykte for min fot og lys på min stig.

Korleis går dette? Følg med i neste nummer på tsivert.com.

Den kristne platonisten, sosialisten, realisten, Dyret med merket (Op.13)? Og så eg og du, Jesus.

Så kva var problemet til den kristne platonisten, eller problemet med han? Var han prest, så var han skriftlærd, både i bibelske skrifter og gresk filosofi. Var han eller ho vanlege folk som hadde sitt praktiske arbeid og dreiv sine daglege syslar, så gav det lovnad om noko betre i eit liv etter døden, men elles tilførde det ikkje noko gledeleg til deira kvardag. Men feilen var, slik som det vart sagt om jødane, at dei kom ikkje inn til Guds kvile fordi Ordet ikkje ved trua smelata saman med dei i hjertet.

HEB 3,7 – HEB 3,19 {I DAG, OM DE HØYRER HANS RØYST}  Difor, som Den Heilage Ande seier:  I dag, om de høyrer hans røyst, 8   så gjer ikkje hjarto dykkar harde  som den gongen fedrane dykkar trassa meg,  den dagen dei eggja meg i øydemarka. 9   Der eggja dei meg  og sette meg på prøve, 10   endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år.  Difor fekk eg uvilje mot denne ætta  og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta,  dei kjenner ikkje mine vegar. 11   Så svor eg i min vreide:  Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 12   Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. 13 Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter “i dag”, så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. 14 For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. 15 Når det heiter:  I dag, om de høyrer hans røyst,  så gjer ikkje hjarto dykkar harde  som den gongen dei trassa meg, 16 kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt? 17 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? 18 Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? 19 Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.

Men så er der nokre som likevel trur, ved trua smeltar Ordet saman med dei i hjertet, livet vert planta i dei ved Guds Ord, dei vert fylte av den Heilage Ande og så går dei ut og vitnar om Jesus. Då får dei motstand frå den kristne, platonske presten, frå kristne platonistar og så frå sosialistar også. Så det blir ein motsetnad mellom dei kristne og dei som på ein elelr annan måte er lærde, med teologi, moral- og politisk filosofi og realfag og det kan utarte seg slik at dei kristne vert forfølgde, så det blir som motsetnaden mellom Kain og Abel. Abel bar fram eit betre offer enn Kain, derfor vart han velsigna. Derfor vart Kain misunneleg på han og slo han i hel. Apostelen Johannes brukar dette til å forklare at menenska har to naturar til samnlikning med Paulus si lære om den gamle og den nye naturen. Vi ser den same motsetnaden ved at Ismale forfølgde Isak og Saul forfølgde David. Den som vart forfølgd, vart fortrengd, men når Saul var borte, fekk David komme ut i fritt lende.

Og det får eg og, no når eg studerer biologi. Medan eg studerer må eg gå den vegen Jesus har staka ut for meg, han har bana vegen for meg inn i heilagdomen, den vegen må eg gå. Han har sett framfor meg ei opna dør, der eg er kalla tilå gå inn. Og eg må følge hans kall. Eg har frimod til å gå inn i heilagdomen og stige framfor nådens trone og eg har frimod til å prate med dei eg møter i kvardagen og vitne for dei om Jesus. For eg gjekk den vegen han bana for meg inn i heilagdomen, eg steig fram for nådens trone og eg fekk noko av berre nåde; han gav meg ånd og liv.

1JO 3,12 – 1JO 3,15 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige. 13   De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.

1JO 5,1 – 1JO 5,12 {SIGRANDE TRU}  Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han. 2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod. 3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. 4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.  5 {VITNEMÅLET OM SONEN}  Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

JES 8,16 – JES 8,18 {VITNEMÅL OG VENTING}  Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. [vitnemålet, bodskapen: forkynninga og påminninga frå profeten sjølv. Sml. v. 20.] 17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. 18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet. [teikn og varsel: Sjå 7, 3; 8, 3.]

Paulus sa at Jesu kyrkje er lekamen hans, han er hovudet og vi er lemene. Han kyrkje er hans brud, hans kone og slik er ho hans lekam, som han er hovudet for, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Slik er vi alle lemer på hans lekam, han brukar oss som sine lemer og vi er alle deltakarar, vi er ikkje berre tilskodarar, men deltakarar.

Korleis kunne det då ha seg at presten fekk monopol på å forkynne Guds Ord, i kyrkja? Vi kjenner til historia om korleis keisaren valde å legalisere kristendomen for så å gjere den til statsreligion, for å bygge makta si på kristendomen og kyrkja. Så kom den tradisjonelt lærde overklassa inn i kyrkja og presten vart representant for dei og makta deira med monopol på å tale. Det står i stil med dei andre privilegia som vart gjevne i føydalsamfunnet og handelsprivilegia minner om Johannes Openberring 13,17. Det gjer også forslaget om å boikotte israelske varer.

Det vil seie at det vart i praksis sett militær makt og politisk makt bak orda. Men det var ikkje slik kyrkja opphavleg vaks fram. Tvert om voks den fram til tross for at den politiske makta forfølgde den og brukte vold mot den. Korleis då? Fordi den Guds Ord vart forkynnt og det vende ikkje tomt tilbake, men utførde det som han sende det til. Han har skapte alle ting ved sitt Ord, han står bak sitt Ord og gjer sitt verk i menneska ved sitt Ord og sin Ande. Slik byrja han si gjerning i Jesu kyrkje og i det einskilde mennesket som tok imot den glade bodskapen i tru og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den og då gjer han det framleis ved sitt Ord og sin Ande.

Så er der nokre som har teke imot i tru og fått oppeleve at den levande Gud gjer sitt verke i dei ved sitt Ord og sin Ande og ventar seg at han som byrja den gode gjerning i dei og i Jesu kyrkja, han skal også fullføra den. Men då viser det seg at dei får motstand frå kristne platonistar med deira prestar. For det viser seg at dei tenker på ein heilt annan måte, som om det er dei som har gjort sitt verk med si lære, ved å setje verdslege politisk makt bak den og slik vil dei fullføre verket. Det utartar seg slik at dei som brukar bokstaven til å slå i hel forfølgjer og fortrenger dei som legg vinn på å verte levandegjorde ved Guds Ord og Guds Ande (2.Kor.3,6). Det rare er at det er dei første om vrakar Guds Ord, liksom Saul, men det er dei siste som trur liksom David og vert fortrengde, men som sigrar til slutt og kjem ut i fritt rom liksom han og flokken hans.

Vi har sett korleis sosialistane har villa ta over for dei kristne platonistane, dei argumenterer gjerne utifrå naturvitskapen og konkluderer med å fornekte trua på Israels Gud, for ås å argumentere for å bruke fysisk makt for å nå sine mål, så dei set fysisk makt bak sine ord. Maktutøvinga deira liknar då på makta til Antiokus 4. Epifanes, når han baud at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud og sette vakt i Jerusalem for å hendheve det. Men kva er det for slags vitskap som treng å setje fysisk makt bak læra si, bak sine teoriar? Det er i alle fall ikkje naturvitskap eller realfag. Samfunnsvitskapane har rettlære, juss, det er greitt nok, men det også vert disikutert. Sosialistane meiner vel at den marxistiske dialektiske metoda er vitskapleg. Men kva er det for slags vitskap som ikkje toler å høyre på kva det einskilde mennesket å seie? Så dei finn at dei må bruke fysisk makt for å hindre det i å tale? Kva er det for slags rettssystem som ikkje toler å la det einskilde mennesket få svare for seg sjølv? Så dei set i gang ein massiv propaganda i staden, med diverse dialektiske metodar? Er det verkeleg nokon som held dette for å vere vitskap?

Nyleg har det vorte demonstrert i fleire land for vitskapen, til dømes til forsvar for utviklingslæra, tydelegvis mot kreasjonismen. Det vart til dømes påstått at vitskapen ikkje er alternative fakta. Det er to sider ved den påstanden, for det først vert fakta løfta opp som om der ikkje alternative fakta og for det andre vert det løfta opp som erstatning for teori, som om vitskapen består av fakta, men den består også av rasjonalitet, tenking og teori og kvar er den?

Når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile, vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og det er i samsvar med 1.Mos.2. Og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Då har vi rasjonaliteten i Guds Ord i tillegg til rasjonaliteten i matematikken og får oppleve Guds rike som ein åndeleg røyndom. Vi har det i hovudet og i hjertet, Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

2KO 3,3 – 2KO 3,18 For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto. 4   Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande? 12   Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Så kva er det for slags empirisk erfaring som kan brukast mot dette? Det er å bruke fysisk makt mot den frie tanke, mot omtenksom og vitug tale. Eller så er det å lokke og freiste med noko som du naturleg nok har lyst på. Det får meg til å tenke på Freuds teser om at mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon. Ja, slik er nok det naturlege mennesket. Men eg har fått  oppleve at Guds kjærleik vart utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt, så eg legg vinn på å tenke slik at eg vert motivert av hans kjærleik, så eg vert styrka av den krafta som han gjev meg og gjer bruk av den. Å heilhjerta halde meg til han, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han gjev meg hjelp i form av ei kone.

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

Freud sa også at religiøsitet er avspora seksualitet. Ja, men kristendomen er ikkje ein religion som vert lessa på folk som tunge bører. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det innkluderer ei kone og alt eg treng. Likevel har eg tydelegvis eit problem, resonementet vert stilt på hovudet. Der er dei som gjer krav på det og krev at eg skal prestere for å få. Slik lesser dei tunge bører på meg og sikkert på mange andre også. Men eg har berre med å komme til Jesus med det.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

Høgsongen er ei lovprising av kjærleiken mellom kongen og bruda hans, det er førebilete på kjærleiken mellom Kristus og hans brud. På slutten vert det sagt at kjærleiken er sterk som døden, vi forstår at det er Guds kjærleik som er mellom dei. Så er det tale om ei jente som er så ung at ho enno ikkje er kjønnsmoden og søskjena hennar vil førebels verne henne mot friarane.

HSA 8,5 – HSA 8,10 {KJÆRLEIKEN ER STERK SOM DØDEN}  Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,  stødd til sin ven?  Under apalen vekte eg deg,  der mor di hadde føderier,  der ho fødde deg.  6   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  8 {KVA SKAL VI GJERA MED SYSTER VÅR?}  “Vi har ei lita syster,  som enno ikkje har bryst.  Kva skal vi gjera med syster vår  når friarane kjem? [Kva skal vi gjera: Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var avliden.]  9   Er ho ein mur, vil vi byggja  tindar av sølv på han.  Er ho ei dør, vil vi stengja henne  med ein sederplanke.”  10   Eg er ein mur,  og mine bryst er som tårn.  I augo hans har eg vorte  lik ei som finn fred.

Så kjærleiken frå Gud var der også når det gjaldt kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, før ho var kjønnsmoden og var ikkje betinga av kjønnslysta og seksuell erfaring, for Gud er kjærleik og han har skapt menneska slik frå opphavet. Det er viktig for oss å forstå som sjølve poenget med kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Han sa vi måtte fødast på nytt for å sjå Guds rike og komme inn i det. vende om og verte som små born for å komme inn i det, han velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til.

JOH 3,3 – JOH 3,8 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.” 4 Nikodemus seier til han: “Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?” 5 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.”  [Vinden: Både gresk og hebraisk har eitt og same ordet for “vind” og “ånd”.]

MRK 10,14 – MRK 10,15 Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: “Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til. 15 Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.”

MTT 18,5 – MTT 18,11 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]

Vi trudde på Jesus og tok imot han og vart fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi fekk oppleve at Gud elska oss og hadde omsorg for oss som sine born, det var berre for oss å søke fyst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Ved at Ordet ved trua smelta saman med oss i vårt hjerte, fekk vi komme inn til Guds kvile. Vi fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk i vårt indre menneske og vekte vår sjel opp til liv i samfunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2. Då har vi vekkinga her. Dette er ikkje avhengig av kva vi ser og sansar rundt oss. Ved tru på Jesus fekk vi Anden og vi skal la den råde i vår døyelege lekam. Det viser kor viktig det er for kvar einskild av oss å tru på Guds Ord og tale Guds Ord, tru på Jesus og kjennast ved han.

Dette blir spesielt viktig for ein mann når han skal prøve å finne seg ei kone, for han skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande.

1TE 4,2 – 1TE 4,8 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

2TE 2,13 {STÅ FAST!}  Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.

1PE 3,15 men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.

Kvifor er det då så viktig at ein mann ikkje skal få tale Guds Ord og spesielt viktig om han vil snakke med ei kvinne med tanke på å fri til henne? For presten har tradisjonelt monopol på å tale Guds Ord og syter for å komme han i forkjøpet og så er der ein annan mann som også kjem han i forkjøpet, med å få seksuell erfaring med henne og slik får han makata over henne, slik får dei makta over henne. Det bind seg som ekteskap. Men skjedde det gjennom helging eller vart ho forførd? Skjedde det gjennom helging, treng ho ikkje kjempe for noko som helst slags frigjering, då er det berre for dei å halde fram med si helging. Men vart ho freista, lurt, lokka og forførd, så har ho eit problem.

Kva så med vitskapen, med sine empiriske metoder? Om ho vart freista, lokka, lurt og forførd til seksuell erfaring, så ho angra på det sidan, så var det like fullt empirisk erfaring. Så ein kan kalle det vitskapleg fakta. Der er faktisk dei som driv incest også, endåtil prestar. Så det også vart empirisk erfaring og vitskapleg fakta. Men er det av den grunn vitskapleg rett? Kva med rasjonaliteten og den subjektive innstillinga, kva med å bruke vit og forstand?

Dei aller fleste, både prestar og andre, vil forstå at det er viktig for syskjena til den unge jenta å verne henne frå friarane til dess ho er kjønnsmoden, voksen vitug og forstandig nok. Og det er viktig for den unge mannen å forstå at han skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Men forstår prestane og dei andre det? Protesten mot at Kristus skal vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna og at Kristus soleis skal vere hovudet for kyrkja er då tvert om den motsette interessa.

Sjå https://bluehost944.com/2017/02/18/sataniske-vers/

Gud skaper i Kristus, då skaper han oss i si likning. Derfor må vi sjå på han.

Problemet med dei kristne platonistane er at Ordet ved ikkje ved trua smeltar saman med dei i hjerte. Så deira lærdom vert som bokstaven som slår i hel.

1MO 3,5 – 1MO 3,6 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.” 6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt.

Og livet deira vert som den gamle vonde naturen som opponerer mot Anden.

1MO 3,7 – 1MO 3,8 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet. 8   Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. [Adam: -> 2, 7.]

Derfor blir dei slike som har sjel, men som ikkje har ånd og som skapar splitting i kyrkjelyden. Korleis då? Når deira eigne interesser blir så sterke at dei opponerer mot Anden, så skpar det kløyving.

JUD 1,17 – JUD 1,21 {VER VAKNE OG SAMHUGA!}  Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala. 18 Dei sa til dykk: “I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.” 19 Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei. 20   Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande. 21 Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv.

JAK 4,1 – JAK 4,12 {HALD DYKK NÆR TIL GUD!}  Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar? 2 De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed. 3 Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting. 4   De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. 5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss. 6 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. 8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! 9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk. 11   Tal ikkje vondt om kvarandre, brør! Den som talar vondt om ein bror eller dømer ein bror, han talar vondt om lova og dømer lova. Men dersom du dømer lova, då gjer du ikkje det ho seier, men set deg til doms over henne. 12 Det er berre éin lovgjevar og domar, han som har makt både til å frelsa og tyna. Men kven er du som dømer nesten din?

Og dette har gått så langt at dei ikkje lenger vil godta at Kristus er hovudet for amnnen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for si kyrkje. Så seier dei ”eg, eg, eg” på sin måte, dei hevdar det er egosistisk altså, og hendsikta er sjølvsagt å bruke det om andre, og spesielt om den unge mannen, når han vil ha seg ei kone, soleis gav dei altså eit avvisade svar når bad Gud om ei kone og slik gjev dei eit avvisande svar når ein vilkårleg mann vil ha  seg ei kone. Som om dei er guden som eg bad til og som svarar på mine bøner. Men det var det ikkje og er det ikkje heller. Men dei vil stille seg som mellommenn mellom Kristus og menneske, som kyrkje-eigarar. Når dei ikkje vil godta det svaret som Gud i sin nåde og kjærleik gjev meg, men gjev meg eit avvisande svar i staden, så viser det at dei har sjel, men ikkje ånd, for dei avviser Anden og det han talar til kyrkjelydane.

Med det avvisande svaret opptreer dei som herren i Hegels dialektik og der er nok dei som då blir som knekten, til dømes dei venstreradikale, men dei går nok over til marxistisk dialektikk. Gud og einskildmenneske hadde lite og inga betydning i Hegels dialektikk og eg er eit slikt einskildmenneske som trur på han og vender meg til han i bønn og legg mine behov fram for han. Då kan eg faktisk verte ute for at ein kristen platonist stilelr seg fram på talarstolen og brukar den som den feige si festning  og held ei tale som om han diskuterer med ein kvan, med meg, sidan eg bad Gud om ei kone, eller ein vilkårleg annan mann som naturleg nok også ville ha seg ei kone. Men verken eg eller dei fekk moglegheit til å seie nok meir, det er som om det pågår ei rettssak utan at vi fekk moglegheit til å svare for oss i retten. Så diskuterer mot meg og oss og det mot påstandar som vi ikkje eing gong har hatt moglegheit til å komme med, langt mindre forklare eller forsvare. Så parat han som ein foss og framstår som den store vinnaren i diskusjonen,  det var ein monolog og han brukte talarstolen som den feige si festning.

Men Jesus har kalla meg til å komme til han med den saka og det er ikkje det same som å komme til dei med den. Gud skaper oss i Kristus. Om karet er gått i stykker, så skaper han det om.

EFE 2,6 – EFE 2,10 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

2KO 3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

1KO 13,12 – 1KO 13,13 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Ved at vi trur at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, vert vi rettferdiggjorde for Gud og ved at vi sannar at han er Herre, vert vi frelste, Jesus frelser oss for æva og gjev oss evig liv. Han gjev oss livsens vatn for inkje, han gjev oss ånd og liv, han gjev liv til til vår sjel og og vekker oss opp til liv i samfunn med Gud som er ånd. Då har vi vekkinga her. Han har vekt opp meg og mange andre, menn og kvinner. Og eg ventar meg at han gjev meg ei slik oppvakt kvinne til kone, ei kvinne som har ei oppvakt sjel, eg kjennest ved Faderen og Sonen for henne, eg kjennest ved Jesus som vår frelsar og Herre, Faderen elskar oss i han, han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Så ventar eg meg at ho også vil komme med den vedkjenninga. Og med den vedkjenninga kan vi snakkast. Vi er ikkje trælar, men vi er fri. Vi har barnekår hos Gud og som hans born kan vi legge alle vår behov fram for han. Så eg ventar meg at det skal gå an å snakke med henne på ein vitug og forstandig måte.

I tidlegare tider tilbad menneska avgudar, laga av stokk og stein. Dei kunne sjå dei og sanse dei, men der var ikkje ånd i dei, dei tenkte ikkje og talte ikkje og gjorde ingen ting, så folk hadde ingen ting igjen for å dyrke dei, dei vart berre dummare av det. Men der var nok herskarar som symboliserte makta si med avguden, ved å få folk til å tru på den, fekk han makt over dei gjennom religionen og slik vart dei trælar under avguden. Så var det berre om å gjere å lyge så godt at folk trudde på lygna. I dei alle fleste tilfelle laug han nok så godt at han trudde på det sjølv også. Folka kriga mot kvarandre, samtidig såg dei på det som ein strid mellom gudar, gudane skulle hjelpe dei i krigen og så kom det an på kven sin gud som var sterkast.

Men Jesus sa at han er sanninga, vert vi verande i hans ord, skal vi få lære å kjenne Sanninga og den skal setje oss fri. Den Heilage Ande føre oss fram til heile Sanninga, den skal herleggjere og openberre Kristus for oss, han er Guds Ord, Gud har skapt alle ting ved han og Gud skaper oss framleis i han. Gud er den same som då han skapte og han skaper oss framelis i samsvar med 1.Mos.2.

Men dette har det vorte protestert kraftig mot i denne siste tida, dette vil ikkje verken dei kristne platonistane, sosialistane eller sosialdemokratane vite av. I staden for å erkjenne sanninga overfor Gud og for folket, seier dei noko heilt anna. Og det som dei seier som erstatning for Sanninga er lygn, det er som avguden laga av stokk og stein, «Lygna» med stor «L». Dei set fram ein påstand og argumenterer for ein politikk, at påstanden er lygn og resonnementet er feil, betyr ikkje noko, det som betyr noko er at dei får med seg folket og soleis får makt. Påstanden kunne vere dum, men den vert likevel ståande umotsagd og makta som soleis vart etablert vert ståande ved lag. Det var eit vesentleg poeng med at mannen ikkje skulle få lov til å tale og svare for seg. Det er som om Sanninga er fallen i retten og slik får dei makt (Jesajas.59,14).

JES 59,1 – JES 59,21 {SYND OG FRELSE}  Sjå, Herrens hand er ikkje så kort  at han ikkje kan frelsa,  og hans øyra ikkje så tunghøyrt  at han ikkje kan høyra. 2   Nei, det er misgjerningane dykkar  som skil mellom dykk og dykkar Gud.  Syndene dykkar løyner hans åsyn,  så han ikkje høyrer dykk. 3   Hendene dykkar er tilsølte med blod  og fingrane flekka med skuld,  lippene dykkar talar lygn,  og tunga mumlar svik. 4   Ingen stemner til doms med rette,  og ingen fører sak på ærleg vis.  Dei lit på fåfengd og talar lygn,  dei ber på urett og føder vondskap. 5   Dei klekkjer ut ormeegg  og vev spindelvev.  Den som et deira egg, må døy,  og knuser du eit, kjem det fram ein orm. 6   Deira vevnad duger ikkje til klede,  ingen kan kle seg med det dei lagar.  Det dei gjer, er vondskaps gjerning,  valdsverk kjem frå deira hender. [Deira vevnad: Den moralske livnaden vert stundom samanlikna med klede. Sml. Sal 132, 9; Job 29, 14.] 7   Dei er snare på foten til det som er vondt,  og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.  Alle deira tankar er vonde,  der dei fer, er herjing og øyding. 8   Freds veg kjenner dei ikkje,  det finst ingen rett i deira spor.  Dei går på krokete stigar,  og ingen som ferdast der, veit av fred.  9   Difor er retten langt borte frå oss,  rettferda når oss ikkje.  Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,  på solskin, men ferdast i skugge. 10   Vi trivlar langs veggen som blinde,  vi trivlar som folk utan augo.  Vi snåvar på ljose dagen  som om det var skumring,  i vår beste alder er vi som døde. 11   Vi gryler alle som bjørnar  og klynkar og klagar som duer.  Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,  på frelse, men ho er langt borte frå oss.  12   Du ser at våre synder er mange,  våre brot vitnar imot oss.  Ja, våre synder veit vi om,  våre misgjerningar kjenner vi: 13   Vi har reist oss mot Herren,  har fornekta han  og gått bort frå vår Gud.  Vi har tala om vald og fråfall  og mumla fram svikefulle ord  som var avla i hjarta. 14   Difor er retten unnatrengd,  rettferda står langt borte.  På torget er sanninga fallen,  og det rette vinn ikkje fram. [På torget: der rettssaker kunne avgjerast.] 15   Truskapen er borte,  og den som held seg frå vondskap, vert plyndra.   Herren såg – og det var vondt i hans augo –  at det ikkje var retten som rådde. 16   Han såg at ikkje ein steig fram,  og undra seg over  at ingen førte hans sak.  Då kom hans arm han til hjelp,  hans rettferd stødde han. 17   Han tok rettferd på seg til brynje  og sette frelseshjelm på sitt hovud.  Så kledde han seg i hemnens klednad  og sveipte om seg brennhug til kappe.  18   Han løner folk etter det dei har gjort,  med harme mot uvener, hemn over fiendar;  jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld. 19   Dei skal ottast Herrens namn i vest  og hans herlegdom i aust.  For han kjem som ein veldig flaum,  som Herrens storm driv fram. 20   Han kjem som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd i Jakob,  lyder ordet frå Herren.  21   Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s