Det har gått tilbake med dei gamle gudane, for dei var stokk og stein. Men den sanne og levande Gud er ånd og han gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Den som er med i hans råd, talar hans Ord. 

Bilete av Nidarosdomen i Trondheim. Den har siderom. Salomos tempel hadde siderom. Lekamen er eit tempel for den Heilage Ande og det er viktig for oss at den får fylle alle roma.

Innleiing; Eg ber til Jesus og han svarar meg frå himmelen og gjev meg noko.

Eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung, og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Eg skal berre glede meg i Jesu fullførde frelsesverk, så vil han gje meg det mitt hjerte attrår. Han har lagt lengselen ned i meg og han vil fylle den. Jesus har bestemmt at i hans kyrkjelyd skal vekkinga, livet, overfloda og fornyinga vere. Så eg skal sjå til at eg bidreg i Jesu kyrkjelyd med det Gud har gjeve meg i hjertet. Ja, han gjer meg til kanal for himmelsk velsigning.

Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5.1-5). Så slik vil han fylle denne lengselen i meg og det har med gjenfødinga å gjere, han gjev meg ei kone ved at han føder henne på nytt av vatn og Ande og det som er født av ånd. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han har gitt liv til mi sjel og ånd i mitt indre menneske, i mitt hjerte, slik har han gitt meg ein skatt i leirkar og den skal eg ta vare på.

Gud svarde meg på mi bøn for ei jente når eg gjekk på gymnaset på 1970-talet, henne kallar eg Virtuella. Og han svarde meg på mi bønn for ei jente når eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet, henne kallar eg Miss Oslo 1990. Dette har eg skrive om i dokumentet:

https://bluehost944.com/2017/01/09/gud-vil-at-alle-skal-verte-frelst-og-komme-til-a-erkjenne-sanninga/

I dette dokumetet skriv eg meir om mi bøn for dei og for mi sak og korleis eg opplever at Gud svarar meg. Det er hovudsakleg ei omredigering av eit dokument eg skriv i 2015, med store innkortingar ettersom mykje av det har vorte brukt i andre dokument og for ikkje å gjenta det same altfor mykje. Men innleiinga og avsluttinga, frå ”Gud skaper oss i Kristus, då skaper han oss i si likning. Derfor må vi sjå på han.” er skrive i mai 2017.

Jesus vil vekke lengselen i meg, han har skapt den og vil fylle den. Han vil eg skal gjenopplivet nådegåva i meg. Bodskapen 15.5.1991:

Se, sier Herren, jeg taler for å vekke din lengsel på nytt, at dette er veien til å søke et dypere liv, at jeg får lov til å få den plassen jeg ønsker i ditt liv, og se, jeg er den som ønsker at du skal kaste fortøyningene, du liker deg så godt der inne ved strandbredden, men jeg vil føre deg videre fram, du er kommet til det stedet hvor, og det punktet hvor du ønsker å fare utover i dette nådens hav, og legge deg på svøm, du skal få se det løfter, det bærer deg, og du skal få kjenne understrømmen ifra meg, hvor du erfarer det løftende, det er bærende, det er ikke du som skal klare dette, men det er jeg som gjør verket i deg.

Du får oppleve og du får erfare, det er jeg som har begynnt, og fordi det er jeg som har begynnt den gode gjerning i ditt liv, så er det jeg som skal fullføre.

Dette var kassettband-opptak, resten er ikkje kassettband-opptak, for batteria var utladda, så det er ikkje så ordrett gjengjeve:

Tida heretter er ikkje berre kort, men den er såre kort. Søk meg i dag, for i dag er eg å finne. I morgon er det for seint. Men eg er her for å møte deg i denne kveldsstund. Når eg har skapt lengselen, så fyller eg den. Du som ein gong var brennande i ånda, eg vil du skal gjenopplive den nådegåve som er i deg. Det var ikkje tilfeldighet som gjorde at då skuggen av Peter fall på den sjuke (den lame), så vart han helbreda. Det er ikkje du som skal gjere ditt verk, med dine prestasjoner, men det er eg som gjer mitt verk i deg. Vinden bles dit den vil. Igjen vil eg minne deg om at vinden bles dit den vil. Eg tek sterke, (ja, konger), i mi eige. Sjå, du som sår med tårer, du skal få hauste med glede. Du skal få vende tilbake med fulle kornband. Den som eg vil gjere sterk, han vil eg først gjere svak. Sjå, eg har beredt meg eit ringe og audmjukt folk. …., som kan svinge Andens kvasse sverd.

Jesus er ved mi side, så eg skal få sjå at framgang, vekst og velsigning kjem. Guds kjærleik flyt og gjer at alt vert mogleg for den som trur. Han gjer meg til kanal for himmelsk velsigning, kraft og frigjering for menneske på jorda.

Møte i Oslo Kristne Senter 5.9.2005, kl 17.

Klokka var over 18 då eg kom og Åge Åleskjær heldt tale. Han tala over at Johannes kalla seg den disippelen som Gud elska og sa at ein kvar av oss bør ha den innstillinga overfor Jesus at vi kallar oss den disippelen som Jesus elskar, og ei kvar menighet bør ha den innstillinga at den er den menigheta som Jesus elskar. Kalle seg Guds favoritt. Elles talte han om korleis patriarkane var velsigna så kvar av dei godt kunne kalle seg Guds favoritt.

Tyding av tungetale ved Åge Åleskjær:

…verden, liv, død, det som nå er, det som komme, alt er deres, sier Herren, fordi dere er velsignet av meg, jeg er med dere og dere skal oppdage hvordan det er å ha seier og framgang i mitt namn, sier Herren.

Å-, oppdag det og ta det til hjertet ditt, hvis Gud er for deg, hvem er da imot deg? Forstå at jeg elsker deg, sier Herren, forstå at jeg er for deg og det gjør at ingen kan stille opp mot deg, fordi jeg er på ditt parti, jeg er med deg, jeg er med deg alle dine dager, jeg har lovt det, sier jeg, jeg er med deg alle dine dager inntil verdens ende, og du skal oppleve at når jeg er med deg, og jeg er på din side og jeg er for deg, så skal du få se, at framgang og vekst kommer, velsignelse kommer. Jaa, jeg bryr meg om deg personlig, jeg bryr meg om dine anliggender, jeg bryr meg om deg så detaljert, at jeg har telt hvert eneste hodehår du har på hodet. Jeg har full kontroll på deg. Men se, sier Herren, jeg vil du skal oppdage at kjærligheten min, den flyter og den gjør at alt blir mulig for deg, når du tror det, og fordi alt er mulig for den som tror.

Som det himmelske solskinnet stråler, himmelens sol skinner, rettferdighetens sol er gått opp med legedom under sine vinger. Du skal kjenne, sier Herren, at der er min rettferdighet, der flyter alt det andre i tillegg, alt hva du begjærer, alt hva du kan ønske deg finnst der, selv skal du ha det fokuset og forstå det, at jeg er din Herre som elsker deg med evig kjærlighet, og derfor har jeg renset deg, jeg har tilgitt deg alle syndene, derfor har jeg erklært deg hellig og feilfri og uangripelig, for at jeg kunne velsigne deg og la det strømme gjennom deg og ut til deg, du er velsignet for en hensikt, du er velsignet for å være en kanal her på jorden, med himmelsk velsignelse og himmelsk kraft og himmelsk befrielse for menneske. Så vær det og lev det og kjenn det gjør-, det går enkelt, det går glatt, det går- det går- det går automatisk når du lever i mitt nærvær, sier Herren. Halleluja. Halleluja.

Den som har vore med i Guds råd, talar Guds Ord.

Eg har vore med i Guds råd,  derfor talar eg Guds Ord. Ved at Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komem inn til Guds kvile, for Gud er den same som då han skapte og han gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande i samsvar med 1.Mos.2..

SLM 16,7   Eg prisar Herren, som gjev meg råd;  jamvel om natta får eg rettleiing i mitt indre.

SLM 32,1 – SLM 32,11 {SÆL ER DEN SOM FÅR SI MISGJERNING TILGJEVEN}  Av David. Ein læresalme.   Sæl er den  som får si misgjerning tilgjeven  og si synd tildekt! 2   Sælt er det menneske  som Herren ikkje tilreknar skuld,  og som er utan svik i si ånd!  3   Så lenge eg tagde, tærtest eg bort,  eg stunde heile dagen. 4   For dag og natt låg di hand tungt på meg.  Mi livskraft kvarv  som i sommarens hete. `Sela’  5   Då sanna eg mi synd for deg  og dulde ikkje mi skuld.  Eg sa: “Eg vil sanna  mine synder for Herren.”  Og du tok bort mi syndeskuld. `Sela’  6   Difor skal alle trugne  be til deg i trengselstider.  Om det kjem ein veldig flaum,  skal vatnet ikkje nå dei. 7   Hjå deg finn eg livd,  du vernar meg mot trengsle  og lèt frelsesjubel lyda ikring meg. `Sela’  8   Eg vil læra deg og visa deg  den vegen du skal gå.  Eg vil la mitt auga kvila på deg  og gje deg råd. 9   Ver ikkje lik hest og muldyr,  som ikkje har vit!  I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel,  elles kjem dei ikkje til deg.  10   Den gudlause har mange plager;  men den som set si lit til Herren,  kransar han med miskunn. 11   Gled dykk i Herren!  Bryt ut i jubel, de rettferdige!  Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

APG 20,27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje.

JER 23,9 – JER 23,32 {DOM OVER LYGNPROFETANE}  Om profetane.   Mitt hjarta er knust i min barm,  alle mine lemer skjelv.  Eg er som ein drukken mann,  ein som vinen har maktstole.  Det kjem frå Herren, frå hans heilage ord.  10   Landet er fullt av ekteskapsbrytarar  og sturer fordi det er forbanna;  beita i øydemarka turkar bort.  Folk spring etter det som vondt er,  og har sin styrke i urett. 11   Både prest og profet er gudlause;  jamvel i mitt eige hus har eg møtt deira vondskap,  lyder ordet frå Herren. 12   Difor skal vegen deira  verta glatt og sleip for dei.  Dei glid i mørkret og dett.  For eg fører ulukke over dei  det året eg krev dei til rekneskap,  lyder ordet frå Herren.  13   Hjå profetane i Samaria  såg eg usømelege ting.  Dei tala profetord ved Ba’al  og førte Israel, folket mitt, vilt. 14   Hjå profetane i Jerusalem  har eg sett gruelege ting.  Dei bryt ekteskapet og fer med lygn,  dei stør og styrkjer ugjerningsmenn,  så ingen vender om frå sin vondskap.  For meg har dei alle vorte som Sodoma,  folket i byen er som Gomorra.  15   Difor seier Herren, Allhærs Gud,  om desse profetane:  Eg gjev dei malurt å eta  og giftig vatn å drikka.  For frå profetane i Jerusalem  har gudløysa nått ut over heile landet.  16   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Høyr ikkje på det dei seier,  profetane som spår for dykk!  Dei berre narrar dykk.  Frå deira eige hjarta  og ikkje frå Herrens munn  kjem dei syner dei ber fram. 17   Til dei som vanvørder Herrens ord,  seier dei: “Det skal gå dykk vel,”  og til alle som fylgjer sitt harde hjarta:  “Inga ulukke skal koma over dykk.”  18   Kven har vore med i Herrens råd,  så han merka og høyrde hans ord?  Kven akta på hans ord og lydde det?  19   No bryt harmen ut som eit Herrens ver,  ein kvervelstorm fer av stad  og kvervlar mot hovuda på dei gudlause. 20   Herrens vreide legg seg ikkje  før han har sett i verk og fullført  det han hadde tenkt å gjera.  Til sist, i dagar som kjem,  skal de skjøna dette heilt.  21   Eg har ikkje sendt profetane,  og likevel spring dei av stad;  eg har ikkje tala til dei,  og likevel stig dei fram som profetar. 22   Men hadde dei vore med i mitt råd,  då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk  og fått det til å venda om  frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar. 23   Er eg ein gud som berre er nær, seier Herren,  og ikkje ein gud langt borte? 24   Kan nokon gøyma seg på løynlege stader  så eg ikkje ser han? seier Herren.  Fyller ikkje eg både himmel og jord?  lyder ordet frå Herren.  25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. “Eg har drøymt, eg har drøymt,” seier dei. 26 Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al. 28 Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.  Kva har halmen sams med kornet?  lyder ordet frå Herren. 29   Mitt ord, er ikkje det som ein eld,  lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren. 30   Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid. 32 Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.

Vak og be. Møte i Maranatha 12.4.2015.

Innleiing ved John Miland.

SKR 4,6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.

Tale ved John Langerud.

APG 4,29 – APG 4,31 Og no, Herre, hald auga med trugsmåla deira, og lat tenarane dine forkynna ditt ord med frimod! 30 Rett ut di hand til å lækja og gjera teikn og under i namnet åt Jesus, din heilage tenar!” 31   Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod.

LUK 22,39 – LUK 22,46 {I GETSEMANE}  Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han. 40 Då han kom dit, sa han til dei: “Bed at de ikkje må koma i freisting!” 41 Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad: 42 “Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!” 43 Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han. 44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda. 45 Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg. 46 “Korleis kan de sova?” sa han. “Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!”

MTT 25,1 – MTT 25,13 {DEI TI BRURMØYANE}  Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6   Men midt på natta høyrdest eit rop: “Brudgomen kjem! Gå og møt han!” 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: “Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.” 9 “Nei,” svara dei kloke, “vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.” 10   Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: “Herre, herre, lat opp for oss!” 12 Men han svara: “Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.” 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

RMR 12,9 – RMR 12,15   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. 13 Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde. 14 Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje. 15 Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt.

ÅPE 3,14 – ÅPE 3,22 {TIL LAODIKEA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:  Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 “Eg er rik,” seier du, “eg har overflod og vantar ingen ting.” Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå. 19   Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. 21   Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol. 22   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Kommentar:

Ta på seg Guds fulle rustning i bøn til Gud.

Det vart talt over likninga om dei ti brurmøyane. Dei fem dårlege brurmøyane hadde ikkje nok olje på lampane sine og spurde om å få noko olje frå dei fem vituge. Vi kan komme i situasjonar der vi liksom dei fem vituge brurmøyane må svar dei fem uvituge at vi kan ikkje gi dei olje, for då har vi ikkje nok til oss sjølve. Så dei får heller gå og kjøpe seg olje sjølve. Så veit vi korleis det gjekk.

Vi skal vente på Jesu gjenkome og må vake, slik som når Jesus og disiplane hans var i Getsemane og han bad for seg sjølv og sine, men med den skilnaden at han har no vunne den avgjerande sigeren og vi har berre med å ta vår tilflukt til han og verte verande i den sigeren han har vunne ein gong for alle. Liksom han bad disiplane sine om å vake og be, så seier han til oss at vi skal vake og be no i endens tid også. Han er den siste Adam som for oss har vorte ei livgjevande ånd, Han vekker oss opp til liv i samfunn med Gud som er ånd og slik skal vi vake og leve i samfunn med Faderen og Sonen. Jesus gjev oss liv og overflod av liv og det blir det vekking av.

Eg har nyleg skrive om at eg ville be for henne Virtuella slik som eg bad for henne på hyblen, når eg gjekk på gymnaset, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og opplevde det som ei ny fylde av den Heilage Ande, eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og at han la henne i mitt hjerte og det gjorde meg så godt, eg vart så glad i henne, eg opplevde det som at Faderen openberra henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, og no i slutten av møtet bad eg for henne slik og eg vil vedkjenen at eg har fått ei indre visse  om at ho er komen innatt i dette forholdet til Faderen og det kjennest godt, eg trur Jesus frelser henne inn i dette kjærleiksforholdet til seg og til Faderen. Då er det viktig for meg å ta vare på denne fagre skatten som er meg overgjeven ved den Heilage Ande og det er viktig for oss å vake og be, kle oss i Guds fulle rustning og vere på vakt.

EFE 6,10 – EFE 6,18 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Sitat frå bodskapen 2.4.2015:

Den dagen det nye livet blei født i ditt hjerte, mitt barn, så stilte eg til rådvelde alt for deg, eg stilte til rådvelde for deg alt i mitt rike, for å ta til deg av dei rike rettar som står i mitt ord. Derfor er det du har fått oppleve at der opnar seg ein hage i Ordet, men du har levt faktisk på sveltedaudens rand, du har ikkje vore villig å bruke tid i mitt Ord, du har ikkje vore villig til å søke inn i Ordet mitt og derfor har livet vorte vanskeleg, for du har ikkje noko å parere med, når Djevelen kjem og (binder deg?). Og eg vil, mitt barn at du skal byrje å søke meg igjen, søke inn i Ordet, lese kva som står om deg, lese kva som står om forholdet til din Far, at alt er betalt for deg, alt er betalt og du kan få lov til å komme og drikke av livets vatn og ete av livets brød. Men du må vere viljug å avsette tid for meg, seier Herren, så eg kan få bearbeide ditt hjerte. For der Ordet verkar, det er ordet om korset som frigjer i ditt liv. Når du (ser inni/set deg inn i?) mitt åsyn og tek tid i løynkammeret, så skal du få lov til å kjenne at det opnar seg eit vidstrakt land, der du kan komme inn i landet. Og der er det ikkje krig, seier Herren, men når du lever på grensa mot verda, så blir det krig og det blir vanskeleg. Men du skal få oppleve at når du kjem inn i landet mot meg, seier Herren, så skal eg velsigne deg og styrke deg og du skal vere ein ressurs, i staden for å syte og klage for at det er vanskeleg, så skal du vere ein ressurs, der du kjenner det at du har noko å gje, også til andre. 

Eg forstod det slik at denne bodskapen var til henne Virtuelle, sjølv om ho ikkje var der. Så ho trengde å bruke Andens sverd som er Guds Ord, til sitt forsvar.

Denne kjærleiken var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, same enten ho vart kona mi eller ikkje. Den som seier imot, har feil. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born. Jesus betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Faderen, så vi skal tilhøyre han. Så vi skal få leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, få oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

RMR 5,1 – RMR 5,11 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

RMR 8,18 – RMR 8,39 {VONA OM HERLEGDOM}  Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.] 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. 28   Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Den levande Gud gjer oss levande med Kristus til vitne om at han er den han er.

Jesus har for lenge sidan sagt til meg at han vil gjere meg til eit vitne for seg og han har nyleg sagt at eg eg skal vitne om han. Då er det slik som han lova, at vi skulle få kraft i det den Heilage Ande kom over oss, slik ville han utruste oss til å vere hans vitne og med den utrustninga skal vi vere hans vitne. Bodskapen 1.3.2015:

Ja, seier Herre, sjå, eg er i går og i dag den same og forblir det til evig tid. Eg som gjekk omkring her nede og gjorde vel, og eg lækte alle som var overvelda av Djevelen. Det var eg som døypte i den Heilage Ande og eld. Det var eg som gav mine disiplar kraft til å nå ut og forkynne mitt evangelium. Og sjå, eg var med dei og eg stadfesta Ordet med dei medfølgjande teikn. Det er dette kva eg vil gjere i denne siste tid. Eg vil ta meg ut tenarar, sanne vitner som går – står på muren og forkynner mitt Ord, reint og klart. Som ikkje legg noko til eller trekk noko ifrå. Men dei forkynner heile mitt råd til frelse. Og dei står for det som eg har uttalt i mitt Ord. Då skal dei få oppleve at eg skal gå med dei og eg skal stadfeste Ordet, med dei medfølgjande teikn og folk skal få sjå, at eg lever, den gamle av dagar.  At eg er den same som eg var i fordoms tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren.

Motstand vil reise seg imot dei som forkynner heile mitt råd til frelse. Men frykt ikkje, mitt barn, vit at eg har sagt i mitt Ord, sjå, eg er med dykk alle dagar, inntil verda sin ende. Sjå, eg har no sagt i mitt Ord at de skal trå på slangar og skorpionar og over alt fiendens velde og ingen ting skal skade dykk. Men, sjå, seier Herren, eg har lova å vere med, eg skal bevare deg, eg skal gi deg kraft, seier Herren, og du skal vere eit vitne for meg. Amen. Amen. Halleluja.

Eg tok imot frelsa i Kristus og fekk oppleve at livet vart planta inni meg. Eg bad Gud frelse menneska og gje dei evig liv og gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Då har eg tenkt slik at fyrste prioritet er at han frelser kvinna,så ho tilhøyrer han og får evig liv. Andre prioritet er at han gjev meg ei frelst kvinne til kone, slik at ho tilhøyrer meg som kona mi. Og eg har fortalt korleis han svarde mi bøn i forhold til henne Virtuella og  henne ”Miss Oslo 1990”. Eg skal ta vare på hjertet mitt framfor alt som eg vaktar, for livet går ut ifrå det, eg skal ta vare på den fagre skatten som er meg overgjeven ved den Heilage Ande. Jesu Ord er ånd og liv for meg og det skal eg gøyme i mitt hjertet. Når eg ber slik, må eg rekne med at det vert strid om den saka, dess viktigare vert det for meg å kle meg i Guds fulle rustning.

EFE 6,17 – EFE 6,18 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Så seier han til meg at når han gjer noko for sine born, så gjer han det ikkje delvis eller halvvegs, men han gjer det fullkome. Ja, han høyrer mi bøn og frelser menneske fullkome og fullstendig og gjev dei evig liv og han gjev meg ei frelst kvinne til kone. Ikkje berre delvis, ikkje berre eit stykke på veg, men fullstendig og fullkome. Bodskapen 15.3.2015:

Ja, når eg gjer noko for mine born, seier Herren, så gjer eg ikkje noko delvis, eg gjer ikkje noko halvvegs, men eg gjer det fullkome. For det har eg makt til, eg som er gitt all makt i himmel og på jord, seier Herren. Derfor talar eg til deg i denne stund, stol på meg. Kom til meg og la meg fylle deg med mi kraft, med min herlegdom. La meg gjere under i ditt liv, seier Herren. For eg lengtar etter å komme inn til deg og gjere dette for deg, seier Herren.

Ja, eg reiser opp ei hær i denne stund. Den er usynleg for menneske, de ser ikkje det. Men eg gjer det. For eg kallar på hjerta. Nøda er stor. Og menneska treng meg. For dei treng evig liv. Dei skal ikkje gå fortapt, men dei som vil ta imot meg i sitt hjerte, dei skal få kjenne at eg er til. Og eg løner den som søker meg, seier Herren. Halleluja.

Så det er berre for meg å la han gjere det. Ja, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal bidra med et Gud har gitt i mitt hjerte, det evige livet vart planta inni meg og eg bad han gje meg ei frelst kvinne til kone, så ho får evig liv saman med meg og han svarar meg ved å gjere henne levande saman med meg. Det har seg slik at han er den siste Adam som for oss har vorte ei livgjevande ånd, hans menighet er hans brud og han gjer henne levande med seg. Bodskapen 29.3.2015:

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.

Berre eitt evangelium. Møte i Maranatha 19.4.2015.

Innleiing ved John Miland.

John fortalde at under krigen fekk dei ikkje skikkeleg kaffi, men noko surrogatkaffi, den var å få kjøpt som eit rimeleg alternativ tett etter krigen også, og hans mormor tok til takke med det ei sund. Men så kom ho på besøk og fekk skikkeleg kaffi og kaker og når ho då kom heim att kaste ho surrogatkaffing og kjøpte seg skikkeleg kaffi.

I vår tid vert det presentert surrogat som erstaning for ekte kristendom og mange kristne tek til takke med det. Men vi vil ha ekte vare, den gamle gode vinen. Han tala om det som ny og gammal vin og sa at vi vil ha ekte vare, den gode gamle vinden. Eg tenkte på vinen i Høgsongen og nattverdsvinen. Men når han tala om ny og gammal vin, så tenkte eg også på Jesu ord om ny vin i nye skinnsekkar og då er det no den nye vinen vi vil ha. Men eher er bibelverset han sikta til:

JES 25,6 – JES 25,8 {HERRENS GJESTEBOD}  På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud,  gjera eit gjestebod for alle folk,  eit gjestebod med feite retter,  eit gjestebod med gamal vin,  med feite, mergfulle retter  og gamal, klåra vin. [dette fjellet: Sion.] 7   På dette fjellet skal han ta bort  det sløret som ligg over alle folk,  det sveipet som er lagt over alle folkeslag. 8   Han skal gjera døden til inkjes for alltid.  Herren vår Gud skal turka  tårene av alle andlet.  Sitt folks vanære skal han ta bort  frå heile jorda.  For Herren har tala.

Tale ved Tore Kristiansen.

Innleiingsvis kommenterte Tore Kristiansen Ole Hallesby og ein del andre teologar si forkynning av den evige fortapinga i helvetes eld og det oppstyret som  det førde til, med avisskriveri på 1950-talet. Tore sa at helvetes eld er førebudd for Djevelen og englane hans. Men Gud vil frelse menneska og det er den glade bodskapen vi har å forkynne for dei. Han vil frelse menneska så ikkje dei også skal hamne i den evige elden.

GLT 1,6 – GLT 1,9 {BERRE EITT EVANGELIUM}  Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!

Tre sentrale poeng i kristendomen, at Kristus vart krossfest, gravlagd og stod oppatt.

1KO 2,2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.

1KO 15,14 – 1KO 15,15 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus. 15 Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp.

1KO 15,19 – 1KO 15,20 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]

JOH 20,1 – JOH 20,22 {DEN TOME GRAVA}  Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. 2 Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: “Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.” 3 Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. 4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. 5 Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6 Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7 og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. 8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. 9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk læresveinane heim.  11 {JESUS SYNER SEG FOR MARIA MAGDALENA}  Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12 fekk ho auga på to kvitkledde englar som sat der Jesu lekam hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13 “Kvifor græt du, kvinne?” spurde dei. Ho svara: “Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.” 14 Med så sagt snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15 “Kvifor græt du, kvinne?” spør Jesus. “Kven leitar du etter?” Ho tenkte det var gartnaren og sa til han: “Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han; då vil eg ta han med meg.” 16 “Maria,” seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: “Rabbuni” – det tyder meister. 17 Jesus seier til henne: “Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.” 18 Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: “Eg har sett Herren.” Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.  19 {JESUS SYNER SEG FOR LÆRESVEINANE}  Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk!” 20 Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21 Atter sa han til dei: “Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.” 22 Med desse orda anda han på dei og sa: “Ta imot Den Heilage Ande!

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore:

Eg har sagt til mine barn, bli sterke i Herren og hans veldige kraft. Eg har sagt til mine barn, bli fyllt av min Heilage Ande. Eg har sagt til mine born, kom og drikk av kjelda og du skal få lov til å ause med glede av denne kjelde og du skal få kjenne fryden og gleda skal velte fram ifrå eit forløyst hjerte. For det er blodet som har forløyst deg, det er korset som har sett skiljepunkt mellom det gamle og det nye. Og når du opplever at eg openberrar meg, så skal du vite, at døden har ikkje lenger noko makt over meg. Eg lever, eg er oppstått, eg ynskjer å openberre meg i ditt liv, så ditt hjerte kan flyte over av takkseiing.

Du skal ikkje vere nedbøygd, du behøver ikkje å gå omkring gråtande. Eg er ved di side, eg ynskjer å møte deg. Og eg har framleis forløysingsmakt til å bryte band og lenker og setje plaga i fridom. Eg har framleis makt til å la sola gå opp med lækjedom under sine venger. Eg har framleis makt til å løfte mitt folk opp på eit plan der dei skal sjå kongen i hans skjønnheit, der dei skal få oppleve at landet flyt med melk og med honning. Du skal igjen gå ut i dansen med dei glade og fryde deg med dei som har fått si sjel frelst. For du er ikkje på veg mot fortaping, men du er på veg imot frelsa sin rikdom. Du er ikkje på veg mot øydelegging, men du er på veg mot fullending. Og du er ein del av Guds rike. Derfor fryd deg og gled deg og rop av strupen og spar ikkje, for eg Herren har sett framfor deg ei opna dør.

Bry deg aldri om røystene som er i tida. Bry deg aldri om menneska rundt omkring deg. Men sett meg framfor deg, så skal eg, Herren, gjere dine trinn faste. Sjå opp på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar og den store skaren av vitne rundt omkring deg. Og når du ser på meg og skaren av vitne rundt omkring deg, så skal du aldri bli motlaus og om du blir sliten og om du blir trøytt, så skal eg gi den trøytte kraft og den som ingen krefter har, skal eg gje stor styrke. Derfor løft blikket frå den stad der du står og du skal få oppleve at du skal sjå at heile landet høyrer deg til. Takk og lov. Halleluja.

Aktuelle Bibelvers.

JES 12,1 – JES 12,6 {ISRAELS LOVSONG FOR HERRENS FRELSE}  Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre.  Du var harm på meg.  Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. 2   Sjå, Gud er mi frelse,  eg er trygg og ottast ikkje.  For Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.  4   Og den dagen skal de seia:  Lovpris Herren og kall på hans namn!  Kunngjer hans gjerningar mellom folka,  forkynn at hans namn er opphøgt! 5   Syng for Herren, for han har gjort storverk;  lat heile verda få vita det! 6   Rop høgt av fryd og fagnad,  de som bur på Sion!  For stor er Israels Heilage,  og han er midt imellom dykk.

SLM 130,7   Venta på Herren, Israel!  For hjå Herren er miskunn,  hjå han er full utløysing.

JES 43,1 {ISRAELS UTLØYSING}  Og no, så seier Herren,  han som skapte deg, Jakob,  og laga deg, Israel:  Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut  og kalla deg ved namn, du er min.

1KO 1,30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing,

HEB 9,12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing.

HEB 9,15   Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova.

MLK 4,1 – MLK 4,3   Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.  Alle frekke og gudlause  skal då vera som halm,  og dagen som kjem, skal brenna dei opp,  seier Herren, Allhærs Gud,  så korkje rot eller grein vert att. [dagen kjem: Herrens dag.]  2   Men for dykk som har age for mitt namn,  skal rettferdssola renna  med lækjedom under sine venger.  De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar  når dei slepp or fjøset. 3   Då skal de trakka ned dei gudlause,  dei skal vera som støv under sólane dykkar  den dagen eg gjer mitt verk,  seier Herren, Allhærs Gud.

JER 31,2 – JER 31,7   Så seier Herren:  Det folket som slapp unna sverdet,  har funne nåde i øydemarka.  Israel skal fara av stad og finna ro. [har funne nåde i øydemarka: liksom i tida før innvandringa. Sml. Hos 2, 14.] 3   Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:   Med evig kjærleik har eg elska deg,  difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved. 4   Endå ein gong skal eg byggja deg,  ja, du skal byggjast,  Israel, du unge møy.  Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer  og gå ut i dansen med dei glade. 5   Endå ein gong skal du planta vinhagar  på Samaria-fjella;  og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta. 6   Ja, det kjem ein dag  då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet:  Kom, lat oss fara opp til Sion,  til Herren vår Gud!  7   Så seier Herren:  Gled deg storleg over Jakob,  og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka!  Lat lovsongen ljoma og sei:  “Herren har frelst sitt folk,  dei som er att av Israel.”

JES 33,14 – JES 33,17   Syndarar skjelv av redsle på Sion,  angst har gripe dei gudlause:  “Kven kan bu ved ein øydande eld?  Kven kan bu ved evige logar?” [ein øydande eld: når Herren kjem til dom. Sml. 30, 27.] 15   “Den som ferdast i rettferd  og talar det som er rett,  som seier nei til vinning vunnen med vald,  som veiftar med handa og viser  at han ikkje tek muter,  stappar øyro til for all tale om bloddåd,  og lèt augo att for det som er vondt, 16   han får bu på høge stader,  bratte fjell er hans vern;  han får sitt brød og vantar ikkje vatn.”  17   Med eigne augo skal du skoda  Kongen i hans herlegdom,  og du får sjå eit vidsveimt land. [Kongen: den messianske kongen eller Herren sjølv (sml. v. 22).]

1KO 15,20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]

HEB 2,10   For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar.

HEB 5,9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han;

HEB 11,40 For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.

HEB 12,23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,8 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Kommentar: bønn for henne Virtuella.

Til avslutning av møtet song vi ein vakker song med referenget om Maria, kvifor gret du og med tøysta i at Jesus stod opp att  frå dei døde og lever. Den er om Maria Magdalena gråtande ved grava, men som fann trøyst i at ho fekk møte den oppstandne Jesus.

Eg forstår denne bodskapen som svar på mi bønn for henne Virtuella, så slik er den både til meg og til henne. Eg trur denne gråten eg har følt i mitt hjerte har seg slik at ho Virtuella gret og vi kan forstå det som Maria Magdalena som gret ved Jesus grav, men han trøystar henne ved å seie til henne at han har stått opp frå dei døde og at ho skal setje han framfor seg og han vil igjen openberre seg for henne til samanlikning med korleis han openberra seg for henne Maria Magdalena.

Herren er min hyrde. Møte i Maranatha 26.4.2015.

Innleiing ved Mari.

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

Tale ved Tarjei Berntsen.

SLM 103,1 – SLM 103,6 {MI SJEL, LOV HERREN!}  Av David.   Mi sjel, lov Herren!  Ja, alt som i meg er,  skal lova hans heilage namn. 2   Mi sjel, lov Herren,  gløym ikkje alle hans velgjerningar!  3   Han tilgjev all di skuld  og lækjer all din sjukdom. 4   Han friar ditt liv frå grava  og kronar deg med godleik og miskunn.  5   Han fyller ditt liv med det som godt er,  og gjer deg ung att som ørna. 6   Herren grip inn og frelser,  lèt alle som er trælka, få sin rett.

SLM 22,4   Og du er då heilag,  du som tronar over Israels lovsongar. [du som tronar: Sml. 80, 2; 99, 1; Jes 6, 1 ff.]

SLM 33,1 {LOVSONG TIL HERREN, SKAPAREN OG STYRAREN}  Rop av fryd for Herren,  de rettferdige!  Det sømer seg for dei ærlege  å syngja Herrens pris.

SLM 147,1 {PRIS HERREN, JERUSALEM!}  Halleluja!  Ja, det er godt å prisa vår Gud,  det sømer seg med fager lovsong.

Tungetale ved John Miland, tyding ved Mari:

Har eg ikkje befalt deg vere frimodig og sterk. Ikkje sjå deg til høgre eller venstre, men sjå på meg, studer mitt ord og du skal finne meg. Den som søker meg, han skal finne meg.

Den som ber og søker meg, han skal finne meg. Du er min Gud, eg set mi lit til deg. Du som styrer.

Takkebøn ved Mari.

Rett etter bodskapen slo Mari over i si eiga lovprising: Kjære Gud. Himmelske Far, eg prisar og opphøyer ditt heilage namn. Takk at du er nær hos den som søker deg, Jesus. Takk at du er nær hos den som har eit søndbrote hjerte, det vil du ikkje forakte Gud. Eg prisar og opphøyer ditt heilage namn.

Aktuelle bibelvers.

5MO 1,38 Men Josva Nunsson, som er tenaren din, han skal få koma inn. Gjer han djerv og sterk! For han skal hjelpa Israel til å vinna landet.

5MO 3,28 Gjev oppdraget til Josva og gjer han djerv og sterk! For han skal føra dette folket over og hjelpa dei til å vinna det landet som du no får sjå.”

5MO 31,7   Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei.

5MO 31,23   Og Herren sa til Josva Nunsson: “Ver djerv og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.”

JOS 1,6 – JOS 1,7 Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei. 7 Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd.

JOS 1,9 Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.

SLM 27,14   Venta på Herren,  ver frimodig og sterk!  Ja, venta på Herren!

DNL 10,18   Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: “Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!” Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: “Tal, herre! For du har styrkt meg.”

HAG 2,4   Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel!  lyder ordet frå Herren.  Ver frimodig, Josva Jehosadaksson,  du øvsteprest!  Ver frimodig, alt folket i landet!  lyder ordet frå Herren.  Gå og arbeid, for eg er med dykk!  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Kommentar.

Dersom det er so at ho Virtuella gret, så får ho trøyst ved at Jesus er henne nær til samanlikning med Maria Magdalena i Getsemane. Då er det viktig at han får trøyste henne og vende hennar sorg til glede, for gleda i Herren er vår styrke. Han kallar henne ut i dansen med dei glade, dei som gleder seg over at dei har fått si sjel frelst. Som Sions dotter, skal ho få lovprise han som sin frelsar og Herre, brudgom og ektemann.

Ta imot det Gud gjev oss frå himmelen og ta hans fulle rustning på. Møte i Maranatha 3.5.2015.

Innleiing ved Åse Mella.

RMR 12,1 – RMR 12,2 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

Takke-emne.

Eg fekk komme fram med eit takke emne, at mor mi hadde vorte frisk igjen. Eg fortalte først om korleis ho hadde vorte lækt då vi bad for henne hausten for eit par år sidan. No i jula var ho så skral at ho var oppe berre to dagar og då berre 2-4 timar. I vinter vart ho send på sjukehuset med lungebetenning og vi bad for henne same dagen. Eg fortalde litt meir om korleis det gjekk og no i påska var ho oppe 6-8 timar fleire dagar på rad og etter påske skreiv eldst bror min e@post om at det var berre heilt utruleg kor ho hadde kome seg til att. Eg er viss på at det er Jesus som har lækt henne og vil ære og takke han for det, i tilegg til at dokterane har gjort sitt.

Tale ved Arne Mella.

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Arne sa nokre ord om dei ulike våpena som inngår i Guds fulle rustning.

Ein draum som var ei openberring ifrå Gud.

Knut fortalde om ein som hadde ein draum der han var på møte i menigheita og så kom der inn noko mørke. Han såg opp til Jesus og bad han fleire gongar om å drive det bort, men Jesus berre såg på han. Så fekk han sjå eit stort sverd som vart senka ned frå himmelen til han, han tok sverdet og då forsvann mørket med ein gong. Det var Andens sverd som er Guds Ord.

Tungetale og tyding ved Ann-Kristin.

Ta på deg den fulle rustninga som eg har gitt deg. Ta på deg alt, ta på deg alt, la den verne deg ifrå allt vondt.  Ta (ild?) og klæ som du har fått i dag. Søk meg, grund på dette, så vil eg openberre  for deg kva du deler med – med – på  Guds fulle rustning. For eg er Herren dykkar  Gud som  openberrer mitt ord for dykk. For eg vil lære dykk, eg vil styrke dykk, eg vil holde dykk oppe med mi rettferds høgre hand. Men søk meg, så skal eg atter gjere det. Og de skal få sjå og oppleve, for det deles med alt dette som i dag overgitt i dag.

Sjå kva eg har gitt dykk, sjå kva  eg har gitt dykk, og bruk den, bruk det eg har gitt dykk. Det som kjem frå meg er mykje, mykje større enn det som er i denne verda. De er framande i denne verda, men de er i meg, fordi de søker meg av heile dykkar hjerte. Takk meg for alt det de har fått, for eg vil gje dykk endå meir. Og søk meg, søk meg i audmjukskap, i bønn og i takkseiing, for eg er Herren dykkar Gud, som openberrar mitt Ord for dykk.  Eg er den einaste gud som finst i denne verda.

 

Gud elskar oss med ein evig kjærleik. Møte i Maranatha 31.5.2015.

Tale ved Tore Kristiansen.

Gud sende Moses til Farao med bod om at han skulle late israelsfolket fara, men Farao gjorde det vanskelgare for dei og det fekk Moses høyre igjen frå sine eigne landsmenn, slik gjekk det nedover med han. Til samanlikning starta det bra med ei popularitetsperiode for Jesus, men så gjekk det nedover inntil han stod åleine att.  Gud fria israelsfolket ut or trældomen i Egypt, det var Guds verk, det var eit under. Deretter byrja vandringa i tru og då var dei fullt rusta. Til samanlikning frelser Kristus oss frå synda, det er Guds verk og det er eit under.

2MO 13,17 – 2MO 13,18 Då Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud dei ikkje på den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste; for han tenkte dei kunde koma til å angra seg når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarland. 18 Men Gud laga det so at dei svinga inn på den vegen som gjekk igjenom øydemarki til Raudehavet. So for då Israels-borni stridsbudde ut or Egyptarlandet.

Når dei tolv speidarane sidan speida ut landet var det berre to av dei som kom attende med optimistisk bodskap og det var fordi dei hadde trua si ånd.

Tungetale ved Aud, tyding ved Tore.

Bodskap 1a: Det var ikkje  naglane som heldt meg fast, det var ikkje det dei gjorde som gjorde at eg vart hengande. Men det var at eg elska deg så høgt at eg sette mitt liv til. Eg gav det for at du skulle få leve. Eg gav mitt liv for at du aldrig i æva skulle fortapast.  Det eg gjorde på korset, det var eit evig ja, for alle som vil ta imot og om du tek imot det eg gjorde då det fullbrakte verk, så skal du få kjenne, oppleve forløysinga si kraft i ditt liv. Du skal gå over frå Satans makt og inn i mitt rike. Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt.

Bodskap 1b: Kast deg ut i min nådesstraum. Og du skal få oppleve at du skal bli kvitt ditt eige strev, kast deg og fortrøst deg på min kjærleik og du skal få kjenne at min kjærleik skal gjere deg varm. Min kjærleik skal berike di sjel. Og få augo opp for den store kjærleik du er elska med. Og eg skal føre deg inn i ei rikare tilvære og du skal få oppleve at himmel og jord kan brenne, men min kjærleik, den skal bestå. Halleluja.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

Bodskap 2a: Eg kjem ikkje med fordømming, eg kjem ikkje med bebreiding. Eg er ikkje slik, om ikkje du har gjort i eitt og alt slik som eg skulle ha yngst, så er ikkje eg slik som de menneske er, men eg er misskunneleg, barmhjertig, og eg lokkar og lokkar og dreg og dreg, for eg ynskjer de skal komme inn i salvinga, eg ynskjer at de skal verte fyllt av den Heilage Ande, eg ynskjer at de skal få kjenne krafta av mi oppstode. Eg ynskjer at de skal stå fullt rusta i åndskampen. Derfor oppmuntrar eg deg i kveld til å feste di lit til meg. Sku ikkje til høgre eller venstre, men sjå til mitt Ord, gå inn i mitt Ord, bøy dine kne og takk meg for lovnadane og du skal få kjenne at i det du kjem, skal eg gjennomrisle og gjennomstrøyme deg med krafta frå oppstoda.

Bodskap 2b: Sjølv om eg for opp, så sende eg trøystaren ned. Og trøystaren er her til stades for å trøyste deg, for å fylle deg med kraft, for å løfte deg, for å føre deg inn i syner og openberringar. Eg vil at du skal opne heile ditt hjerte mot han som kan fylle deg med si kraft og du skal få kjenne at når han fyller deg med krafta, så skal du få oppleve du skal sigre til høgre og til venstre. Og eg skal setje deg over endå større ting.

Bodskap 2c: Du er frelst i kraft av blodet. Du er forløyst i kraft av at eg vart din løysepenge. Men ferda vidare, det går gjennom at du vert fylt av den Heilage Ande. For eg veit at du har kamp, eg veit at du har motstand. Men ver ikkje redd, eg skal komme deg til unnsetjing. Eg er hos deg, eg kjem til deg. Eg og Faderen, vi skal fylle deg. Når du fylles ved den Heilage Andes salving.

 

Aktuelle bibelvers.

4MO 14,24 Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige.

4MO 14,30 Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.

4MO 27,18   Då sa Herren til Moses: “Ta Josva Nunsson, ein mann som det er ånd i, og legg handa på hovudet hans!

4MO 32,12 – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, av Kenas-ætta og Josva, son til Nun; for dei har trufast fylgt Herren. [Kenas: ein av etterkomarane etter Esau, 1 Mos 36, 11.]

JER 31,1 – JER 31,7 {ENDÅ EIN GONG SKAL EG BYGGJA DEG}  På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk. 2   Så seier Herren:  Det folket som slapp unna sverdet,  har funne nåde i øydemarka.  Israel skal fara av stad og finna ro. [har funne nåde i øydemarka: liksom i tida før innvandringa. Sml. Hos 2, 14.] 3   Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:   Med evig kjærleik har eg elska deg,  difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved. 4   Endå ein gong skal eg byggja deg,  ja, du skal byggjast,  Israel, du unge møy.  Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer  og gå ut i dansen med dei glade. 5   Endå ein gong skal du planta vinhagar  på Samaria-fjella;  og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta. 6   Ja, det kjem ein dag  då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet:  Kom, lat oss fara opp til Sion,  til Herren vår Gud!  7   Så seier Herren:  Gled deg storleg over Jakob,  og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka!  Lat lovsongen ljoma og sei:  “Herren har frelst sitt folk,  dei som er att av Israel.”

RMR 8,18 – RMR 8,39 {VONA OM HERLEGDOM}  Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.] 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. 28   Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Jesus, vår gjenløysar. Møte i Maranatha 7.6.2015.

Innleiing ved Knut Hübenbecker.

LUK 7,11 – LUK 7,17 {JESUS VEKKJER OPP SONEN TIL ENKJA I NAIN}  Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12 Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: “Gråt ikkje!” 14 Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: “Unge mann, eg seier deg: Stå opp!” 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. 16 Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: “Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.” 17 Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.

Tale ved Arne Mella.

EFE 2,4 – EFE 2,7   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.

RMR 8,19 – RMR 8,23 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.]

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Arne.

Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar.

Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.

Tungetale og tyding ved ein mann.

Ja, min Ande (er utgytt over) alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen.

Aktuelle bibelvers.

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det.

JES 41,8 – JES 41,10 Men du Israel, min tenar, du Jakob, som eg valde ut, du ætt av Abraham, min ven! 9 Du som eg tok i handi og henta frå heimsens endar og kalla frå ytste utkant og sa til deg: Du er min tenar, eg hev valt deg ut og ikkje vanda deg! 10 Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg uppe med mi rettferds høgre hand.

SLM 48,11   Ditt namn er kjent, Gud,  og det får lovsong heilt til endane av jorda.   Di høgre hand er full av rettferd.

SLM 63,9   Mi sjel heng fast ved deg,  du held meg oppe med di høgre hand.

JBS 19,25   Men eg veit at min utløysar lever,  og som den siste skal han stå fram på molda. [utløysar: eig. løysingsmann.]

SLM 19,15   Ta vel imot dei ord eg talar,  lat mitt hjartans tankar koma fram for deg,  Herre, mitt berg og min utløysar! [utløysar: -> Job 19, 25.]

SLM 78,35   Dei kom i hug at Gud er deira berg,  at Den Høgste Gud er deira utløysar.

JES 41,14   Ver uredd, Jakob, du arme kryp,  og de, Israels menn!  Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren,  Israels Heilage er din utløysar.

JES 43,14 {BABYLON FELL}  Så seier Herren,  dykkar utløysar, Israels Heilage:  For dykkar skuld sender eg bod til Babylon  og bryt ned alle bommane der;  då vert kaldearjubelen til klageskrik.

JES 44,6 {DEN EINASTE GUD}  Så seier Herren,  Israels konge og utløysar,  Herren, Allhærs Gud:  Eg er den fyrste, og eg er den siste,  og utan meg finst det ingen Gud.

JES 44,24 {JERUSALEM SKAL BYGGJAST OPP ATT}  Så seier Herren, din utløysar,  han som skapte deg i mors liv:  Eg er Herren som gjorde alt;  himmelen spente eg ut åleine,  og jorda breidde eg ut utan hjelp.

JES 48,17 {Å, VILLE DU HØYRA PÅ MINE BOD!}  Så seier Herren, din utløysar,  Israels Heilage:  Eg er Herren din Gud,  som lærer deg det som gagnar,  og fører deg den vegen du skal gå.

JES 54,5   For han som skapte deg, er din mann,  Herren, Allhærs Gud, er hans namn;  Israels Heilage er din utløysar,  han som heiter Gud for all jorda. [din mann: bilete på Herren, som med kjærleik tek seg av Israel.]

JES 63,16   Og du er då vår far!  Abraham veit ikkje om oss,  og Israel kjenner oss ikkje.  Men du, Herre, er vår far,  frå gamal tid er ditt namn vår utløysar.

JER 50,34   Men deira utløysar er sterk.  Herren, Allhærs Gud, er hans namn.  Han vil føra deira sak  og gje jorda ro,  men valda uro  for dei som bur i Babylonia.

Kommentar.

Jesus er mild og mjuk i hjartet og gjev oss kvile.

I det siste og på dette møtet bad eg for henne Virtuella og tenkte på henne i mitt hjerte og tenkte på at Jesus er mild og mjuk i hjertet og den eigenskapen gjev han oss også, ved gjenfødinga.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

På sette og vis kan det verke som ei svakhet, men Gud kraft vert fullenda i vanmakt. Det vesentlege er å få kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde i våre liv.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Andens loge og kjærleikens flamme.

Dette svaret stadfester for meg at denne mjukheta og mildheta har å gjere med Andens loge og kjærleikens flamme i vårt hjerte.

HSA 2,10 – HSA 2,14   Min ven tek til ords og seier:  Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes,  regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane;  songtida er komen,  og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar,  og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla,  i livd under flogbratte fjell,  lat meg få sjå din skapnad,  lat meg få høyra ditt mæle!  For di røyst er så mjuk  og din skapnad så fager.

HSA 8,5 – HSA 8,14 {KJÆRLEIKEN ER STERK SOM DØDEN}  Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,  stødd til sin ven?  Under apalen vekte eg deg,  der mor di hadde føderier,  der ho fødde deg.  6   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  8 {KVA SKAL VI GJERA MED SYSTER VÅR?}  “Vi har ei lita syster,  som enno ikkje har bryst.  Kva skal vi gjera med syster vår  når friarane kjem? [Kva skal vi gjera: Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var avliden.]  9   Er ho ein mur, vil vi byggja  tindar av sølv på han.  Er ho ei dør, vil vi stengja henne  med ein sederplanke.”  10   Eg er ein mur,  og mine bryst er som tårn.  I augo hans har eg vorte  lik ei som finn fred.  11 {EG HAR MIN EIGEN VINGARD}  Salomo hadde ein vingard i Ba’al-Hamon.  Den gav han til vaktmenn,  og kvar skulle gje han  tusen sekel sølv for frukta. [Salomo: -> 3, 7.] [Ba’al-Hamon: ukjend stad.]  12   Eg har min eigen vingard.  Dei tusen sekel er dine, Salomo,  to hundre er til dei som vaktar frukta. [min eigen vingard: -> 1, 6.]  13 {LAT MEG FÅ HØYRA DI RØYST!}  “Du møy som held til i hagane,  venene lyder på deg.  Lat meg få høyra di røyst!”  14   “Skunda deg, min ven,  fly som gasellen og den unge hjort  over balsam-angande fjell!”

RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

1PE 3,1 – 1PE 3,7 {ORD TIL EKTEFOLK}  Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, 2 når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. 3 Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad, 4 men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud. 5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna, 6 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk. 7   Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.

Andens loge er som altarelden, lekamen er eit tempel for den Heilage Ande, på altaret i det tempelet skal Andens loge brenne, vi skal vere brennande i ånda, slik skal vi la kjærleiken flamme opp. Guds kjærleik var utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Slik fekk eg oppleve kjærleikens flamme i meg, både for henne Virtuella og henne ”Miss Oslo 1990”. Eg hadde gått på ein del møter i ”Jesus Church” og her song dei ein song med eit refereng som eg likte så godt:” Kom og ta dein trone, på mitt hjerte, Jesus, eg kronar deg som konge, med min kjærleik”. Ja, slik hadde eg fått oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”, så når vi song denne songen, påkalla eg Herren slik og tenkte på henne, for å holde denne kjærleikens flamme ved like, slik bad eg for henne.

Men eg sjølv hadde då enno ikkje fått meg ei kone, så eg byrja å synest dette vart temmeleg meiningslaust, for mitt vedkommande. Men då svarde han meg altså slik, så denne kjærleikens flamme skal eg uansett halde ved like. Ja, det er då kjærleiken frå Gud og den er evig!

Det var då som Elia i fjellhola.

Jesus seier til meg at eg må få augo opp for den store kjærleiken eg er elska med. Det minner meg om det han tidlegare sa om profeten Elias som gøymde seg i fjellhola og sa han var den site som var att av Guds profetar, men så kunne Herren fortelje han at han hadde spart 7000 som enno ikkje hadde bøygt kne for Ba’al.

1KG 19,9 – 1KG 19,18 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.  Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: “Kva vil du her, Elia?” 10 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 11 Då sa Herren: “Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!” Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.  Då bar det imot han ei røyst som sa: “Kva vil du her, Elia?” 14 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 15 Då sa Herren til han: “Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. [Abel-Mehola: -> Dom 7, 22.] 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.”

Til samanlikning måtte eg oppdage det store som han gjer i vår tid, det er større enn noko som har skjett tidlegare. Tidlegare har han sagt til meg at eg var delaktig i det som han gjer rundt om i verda og eg forstod det slik at det var med skriveriet mitt, men det var også ved at Gud hadde vore verksam i meg med sin Ande og si kraft og gjort meg til eit vitne om seg. Så då har eg vel dess større grunn til å sjå det som den store kjærleiken Gud har elska meg med.

Der er no langt fleire som ikkje har bøygt kne for Ba’al og eg må få augo opp for den store kjærleiken Gud har elska meg med.

Når det no er så mange som vert frelst, skal eg forstå det som den store kjærleiken Gud elskar meg med og glede meg over det og takke han for det. Då er der sikkert mange kvinner som vert frelst og det er vel og bra, men kvifor skal eg sjå på det, så lenge eg ikkje får sjå at Jesus gjev meg ei einaste kvinne til kone? Det går det heilt sikkert an å argumenter og plapre mykje over og slik tenkte og argumenterte eg ei stund i mitt stille sinn når eg var på dette møtet og det var nok eksempel på tankar som ikkje var frå Jesus og som ikkje skal få plass i mitt hjerte (jfr. siste bodskapen).

Ho Virtuella vart som Batseba og eg som Uriah, men i staden for ein David som vedkjende si synd og bad om tilgjeving og nåde, vart det gjort politikk ut av det. Dei utlandsk konene til Salomo dyrka avgudane på haugane og  fekk vendt hjarta hans bort ifrå Gud på hans gamle dagar. Denne avgudsdyrkinga kom meir eller mindre inn i religionen til kongane og påverka politikken deira frå generasjon til generasjon og når Akab gifte seg med Jesabel, vart Ba’al-dyrkinga dominerande. Ho Virtuella sa nei til mitt frieri, det vart det gjort moral, religion og politikk ut av og slik har ho og dei kjempa imot at eg skulle få meg ei kone ved å be til Gud om det, det vart avgudsdyrking som infisert politikken på liknande vis. Ho vart som Jesabel og eg som Elia i berghola.

No har ho tydelegvis vorte frelst og det er eit nederlag både for avgudsdyrkinga og politikken som vart infisert av den. Skal ho då likevel verte kona mi, som om Jesabel vart frelst og vart kona til Elia. Gud har frelst henne og fått makta på hennar side også, så det vert meir maktbalsanse dei i mellom, så kanskje det endar eventyrleg godt for den såkalla likestillinga? Men Gud gjev ikkje si ære til andre og slett ikkje til avgudane, når han gjer sitt verk, syrgjer han for at det blir til hans ære. Og ho har vore gift i mange år og eg kan ikkje berre kalle henne til meg liksom David kalla til seg Batseba og så ordne opp. Men om så ho vart med på det, så ville det fort kunne utarte seg som hemn. Men det som vart eit nederlag for meg når eg var ung og som sidan har forfølgt meg, det er det ikkje noko å gjere med, dei åra får eg ikkje att.

Men eg trur at no har Gud frelst henne, drege henne opp av den djupe gjørma og sett hennar føter på ein klippe, det er noko fundamentalt nytt, ho er velsigna i Kristus og blir til velsigning, den er førebestemming til noko godt, både for henne sjølv og for andre.

Jesus er den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd, som hans brud får vi kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Dei kreftene skal vere verksame i både meg og i henne og i Jesu menighet, der skal livet, vekkinga og fornyinga vere og eg skal sjå til at eg bidreg med det som Gud har gjeve meg i hjertet. Og med dei kreftene gjev han meg hjelp i form av ei kone, i samsvar med 1.Mos.2. Dette fortel meg noko om korleis eg skal oppleve det og om korleis vi skal oppleve det. Dette skal vi innstille oss på å oppleve uansett, sidan vi er Jesu brud.

Dette har å gjere med å bere fram lekamen som eit levande heiltagt offer til velbehag for Gud. Og det skal resultere i at vi ikkje skikkar oss likt med denne verda, men vert omskapte ved at vi får eit nytt sinn (hugen vert oppattnya), så vi kan dømme om kva som er Guds vilje, det gode, det hugnadlege, det fullkomne. Og då er det vesentleg at hugen vår er vendt opp til Kristus. Eg skal ha hug på det som han gjev meg av berre nåde og det er det som han gjev meg ved sin Ande og openberrar for meg ved sin Ande.

Jesus har sagt eg må få opp augo for kor stor kjærleik eg er elska med, ja, han frelser mange over heile jorda, Gud elskar dei og han elskar gjennom dei og eg er ein av dei som han soleis elskar. Gud gav David mange koner og når han var så gammal at han hadde vanskar med å holde seg varm, fekk han ei ung vakker kvinne å varme seg på. Eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, det har enno ikkje vorte noko av, men sidan han seier eg må få opp augo for kor stor kjærleik eg er elska med, så må eg vel kunne sjå for meg at han kan frelse ei ung vakker kvinne og gje meg til kone? Eg skal lovprise han for det fullbrakte frelseverket, så vil han gje meg det som mitt hjarte attrår. Eg skal løfte hugen opp til han, feste blikket på han, eitt er nødvendig og det er å verte fylt av hans salving, hans Ande og hans kraft.

Kjærleik og truskap for Guds sak, eller svik og hat for Zevs?

Når vi var unge, levde ho VIRTUELLA i eit kjærleiksforhold til Kristus, som han brud, så han var hennar ungdoms ven. Og eg vart hennar ven og eg bad for henne og fekk oppleve at vi hadde samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande.  Men ho sveik både meg og Kristus og hennar føter gjekk ned til daudningane.

OSP 2,16 – OSP 2,22 {EIT VERN MOT UTRUSKAP}  Visdom skal fria deg frå annan manns kone,  frå framand kvinne som lokkar så fint, 17   ho som har svike sin ungdoms ven  og gløymt den lovnad ho gav sin Gud. [den lovnad ho gav sin Gud: ekteskapslovnaden, som er bindande andsynes Gud òg. Sml. Mal 2, 14.] 18   Huset hennar sig ned til dødsriket,  vegen hennar fører ned til dei døde. 19   Dei som går inn til henne, kjem aldri att,  dei når ikkje fram til livsens stigar. 20   Men visdom skal hjelpa deg  til å fylgja den vegen der dei gode går,  og halda deg på stigar der dei rettferdige ferdast. 21   For dei rettvise skal bu i landet,  dei ærlege skal få vera der. 22   Men dei gudlause skal rydjast ut  og svikarane rivast bort frå landet.

OSP 9,13 – OSP 9,18   Dårskapen er ei vinglande kvinne,  lauslyndt og vitlaus er ho. 14   Ho sit utfor husdøra si,  på ein stol høgt oppe i byen. 15   Ho ropar til dei som ferdast på vegen,  som går sine stigar beint fram: 16   “Hit kan den urøynde venda seg.”  Og til den tankelause seier ho: 17   “Stole vatn smakar godt,  og herleg er maten ein et i løynd.” 18   Men han skjønar ikkje at der held daudingar til,  at dei som gjestar henne, går til helheims djup.

Eg må vel innrømme at det har å gjere med at eg skulle vere trufast mot Kristus i mitt hjerte og eg har ikkje vore trufast og så sterk i trua som eg aller helst skulle ha vore. Men eg følgjer i alle fall ikkje i fotefaret på henne som går ned til daudningane. Vil ho vende om til Kristus, så er han den vegen ho har å gå, det livet og lyset ho har å ta imot og den sanninga ho har å erkjenne, det er ho velkommen til og det er kjærkome.

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det.

MIK 6,8   Herren har då sagt deg, menneske,  kva godt er, og kva han krev av deg:  At du skal gjera rett,  visa trufast kjærleik  og ferdast audmjukt med din Gud.

Det evige livet er i Kristus og eg tek imot det i trua på han og får oppleve at deg gjev meg lys i hjertet og at det er lykte for min fot og at han leier meg til Faderen, han gjer meg sterkare i trua og gjer mine steg faste. Eg skal halde fram med å vandre i trua på han og innta det lova landet.

Jesus sa at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre og eg forstår at det har seg slik at der er politiske og religiøse maktinteresser som ligg bak, det er det også i denne saka og nettopp derfor må eg kle meg i Guds fulle rustning.

Antiokus 4. Epifanes brukte svik og korruksjon som metode for å få makt og med slike metode prøvde han å lokke jødane til fråfall, til å dyrke Zevs i staden for Jahve. Om urett vart akseptet som metode ved at målet skulle helge middelet, så var det ikkje gangbart og akseptabelt for Israels Gud, for han var rettferdig, han var heilag, så han var heilt og fullt rettferdig, han var lys og det fanst ikkje mørker i han. Og når han sende Son sin til jorda, var det ikkje hjelp i å prøve seg med noko som helst slags hyklarskap, for i han var liv og livet var lyset til menneska. Ville dei då halde fram med uretten som ikkje tålte sannings lys og skjule seg i mørket eller ville dei komme til lyset og få si sak med sine fedrars Gud i orden?

2SA 22,29   Ja, du er mitt ljos, Herre,  Herren lyser opp i mitt mørker.

2SA 23,1 – 2SA 23,4 {DAVIDS SISTE ORD}  Dette er Davids siste ord.   Så seier David, son til Isai,  så seier mannen som høgt er sett,  han som er salva av Jakobs Gud,  helten i Israels songar: 2   Gjennom meg talar Herrens Ande,  hans ord er på mi tunge. 3   Israels Gud har tala,  Israels Berg har sagt til meg:  “Den som styrer folket med rettferd,  den som rår med gudsfrykt, 4   han er lik morgonljoset  når sola renn ein skylaus morgon,  og graset gror i sol etter regn.”

SLM 27,1 {HERREN ER MITT LJOS OG MI FRELSE}  Av David.   Herren er mitt ljos og mi frelse,  kven skulle eg ottast?  Herren er eit vern for mitt liv,  kven skulle eg skjelva for?

SLM 36,10   For hjå deg er livsens kjelde,  i ditt ljos ser vi ljos.

SLM 43,3   Send ditt ljos og di sanning,  lat dei leia meg  og føra meg til ditt heilage fjell,  til dine bustader.

SLM 56,14   For du har berga mitt liv frå døden  og fria min fot frå å snåva.  Så kan eg ferdast for Guds åsyn i livsens ljos.

SLM 97,11   Ljos strålar fram for den rettferdige,  og glede for dei som er ærlege av hjarta.

SLM 112,4   Ljos bryt fram i mørkret for dei ærlege,  for den som er nådig, miskunnsam og rettferdig.

SLM 119,105   Ditt ord er ei lykt for min fot  og eit ljos på min stig.

SLM 119,130   Dine ord gjev ljos når dei opnar seg,  dei gjev den urøynde skjøn.

JES 2,5   Kom, Jakobs ætt,  lat oss ferdast i Herrens ljos!

JES 9,2 {FREDSFYRSTEN}  Det folket som ferdast i mørkret,  skal sjå eit stort ljos;  over dei som bur i skuggelandet,  skal ljoset stråla.

JOH 1,1 – JOH 1,18 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6   Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

1JO 1,1 – 1JO 1,10 {LIVSENS ORD}  Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.  5 {LEV I LJOSET!}  Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

Der har vore sterke politiske og religiøse maktinteresser i denne saka og dei har brukt liknande metodar som det Antiokus 4. Epifanes brukte, for å få makt over mennesket og makt over kyrkja i staden for Kristus og det var då som Antikrist. Det som då er så viktig er at Jesus  får frelse og frigjere henne Virtuella og det er ved at ho høyrer forkynninga av Guds Ord og trur, at ho trur at Jesus stod opp frå dei døde og lever, så ho vert erklært rettferdig ved tru, at ho sannar at han er Herre til si sjels frelse, ja, lovpriser han som sin frelsar og Herre, så ho som Sions dotter soleis frigjer seg frå trældomen og går ut i dansen med dei glade, for Kristus er hennar frelsar og Herre, brudgom og ektemann. Slik makt skal han ha over kyrkja som er hans brud, ho skal tilhøyre han som hans brud og hans kone, og ho skal elske han, ære han og lovprise han slik.

Eg skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd og så ventar eg meg å få det andre i tillegg.

Framgang for Guds Ord. Møte i Maranatha 14.6.2015.

Innleiing ved Oddbjørg.

OSP 13,9   Ljoset åt dei rettferdige skin klårt,  men lampa åt dei gudlause sloknar.

OSP 24,19 – OSP 24,20   Harmast ikkje på dei som gjer vondt,  og misunn ikkje dei gudlause! 20   For dei vonde har inga framtid,  lampa åt dei gudlause sloknar.

EFE 5,13 – EFE 5,17 Men alt kjem for dagen når ljoset får avsløra det, 14 og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det:  Vakna, du som søv,  stå opp frå dei døde,  og Kristus skal lysa for deg. 15   Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke, 16 så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde. 17 Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil.

2TI 2,26 Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.

Tale ved John Miland.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

John fortalde om ein predikant som sa at sjukdom kunne ha si årsak i at foreldre eller besteforeldre hadde synda og kalla det vranglære.

5MO 24,16   Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.

JER 31,29 – JER 31,30   På den tid skal dei ikkje lenger seia:  Fedrane åt sure druer,  og borna fekk ringe tenner. 30   Men kvar skal døy for si eiga synd.  Den som et sure druer,  skal sjølv få ringe tenner.

Så fortalde han om ein annan predikant som sa at Gud tilgjev ikkje alle slags syndarar, men han tilgjev angrande syndarar.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Ja, seier Herren, sjå, mitt Ord, det skal lyde ut i denne tida. Derfor, du mitt barn, ver ikkje tilbakehalden, men haldt fram mitt Ord, kva eg har sagt i mitt Ord. For sjå, mitt Ord, det skal ikkje vende tomt tilbake, men det skal lykkeleg utføre kva eg sender det til, seier Herren. Derfor, du mitt barn, sett ikkje ditt lys under ei skjeppe. Men ver frimodig, sett det i staken, så alle kan sjå det. Ver frimodig og bekjenn mitt namn og du skal få oppleve at det skal gi deg styrke. Det skal gi deg kraft på vegen. Og du skal få oppleve at eg skal gå med deg og eg skal stadfeste din gang, seier Herren. Ver du riktig frimodig og sterk, seier Herren.

Sjå, mange av mine barn i denne tida, dei har falle tilbake og dei har nærmast gitt opp,  missmodet har teke dei. Men du skal vite, seier Herren, at eg har ikkje gjeve dei missmodets ånd. Men eg har gitt kjærleiken, krafta og sindigheita si ånd. For sjå, eg skal møte dei som har vorte tilbake, eg skal stille dei fram på muren igjen. Eg skal gi dei ny kraft og eg skal salve dei med kraft, dei skal få nytt mot og ny kraft, seier Herren. Ver berre frimodig, hald fast på den gamle bodskapen, som du har høyrt i dag. For sjå, det er mitt Ord som skal ha framgang og ha makt i denne tida. Amen.

Aktuelle bibelvers.

JES 55,10 – JES 55,13   Liksom regnet og snøen  fell ifrå himmelen  og ikkje fer opp att dit,  før dei har vatna jorda  og gjeve henne grorkraft og grøde,  ja, gjeve såkorn til den som skal så,  og brød til den som skal eta, 11   så er det òg med mitt ord,  det som går ut or min munn.  Det vender ikkje tomt tilbake til meg,  men gjer det eg vil,  og fullfører det eg sender det til.  12   Ja, med glede skal de dra ut  og førast lukkeleg fram.  Fjell og haugar  skal møta dykk med jubelrop,  og alle tre på marka  skal klappa i hendene. 13   I staden for klunger  skal det veksa sypressar,  og myrt i staden for nesler.  Det skal vera til ære for Herren,  eit evig teikn som aldri skal strykast ut.

ESK 3,17 – ESK 3,21 Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. [til vaktmann: Sjå 33, 1-9.] 18 Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 19 Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet. 20   Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 21 Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.

ESK 22,30   Eg leita mellom dei etter ein mann som kunne tena meg med å byggja opp muren og stella seg i rivnene til forsvar av landet, så det ikkje skulle verta øydelagt. Men eg fann ingen.

ESK 33,1 – ESK 33,20 {PROFETEN SOM ISRAELS VAKTMANN}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann. 3 Når så mannen ser sverdet koma mot landet, blæs han i horn og åtvarar folket. 4 Om nokon som høyrer hornljomen, ikkje bryr seg om åtvaringa, så sverdet kjem og riv han bort, då er han sjølv skuld i sin død. 5 Han høyrde hornljomen, men brydde seg ikkje om åtvaringa. Difor må han sjølv ta skulda for sin død. Hadde han late seg åtvara, hadde han berga livet. 6   No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død. 7   Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. 8 Når eg seier til ein gudlaus mann: “Du skal sanneleg døy”, og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy fordi han har synda. Men deg krev eg til rekneskap for hans død. 9 Men åtvarar du han mot hans gudlause liv for at han skal venda om, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy fordi han har synda. Men du har berga livet.  10 {HERREN VIL IKKJE AT DEN GUDLAUSE SKAL DØY}  Du menneske, sei til Israels-ætta: De tenkjer som så: “Fordi vår synd og skuld ligg tungt på oss, visnar vi bort. Korleis kan vi då leva?” 11   Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil ikkje at den gudlause skal døy, men at han skal venda om frå si vonde ferd og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde ferd! Kvifor vil de døy, de israelittar? 12   Du menneske, sei til landsmennene dine: Når den rettferdige syndar, kan hans rettferd ikkje berga han. Og når den gudlause vender om frå sin vondskap, skal hans vondskap ikkje fella han. Den rettferdige kan ikkje leva ved si rettferd når han syndar. 13 Om den rettferdige seier eg: “Han skal leva.” Men lit han på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans velgjerningar vera gløymde. Han skal døy på grunn av den uretten han har gjort. 14 Om den gudlause seier eg: “Han skal døy.” Men så vender han kanskje om frå si synd og gjer rett og rettferd. 15 Han gjev att det pant han har teke, gjev vederlag for det han har røva, og fylgjer dei føreskrifter som gjeld for livet, så han ikkje gjer urett. Då skal han ikkje døy, men leva. 16 Ikkje ei av dei syndene han har gjort, skal leggjast han til last. Når han gjer rett og rettferd, skal han leva. 17   No vil vel landsmennene dine seia: “Herren går ikkje fram på rett vis.” Men det er deira eiga åtferd som ikkje er rett. 18 Når den rettferdige gjev opp si rettferd og gjer urett, då skal han døy. 19 Og når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han leva. 20 Og endå seier de at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil døma dykk, israelittar, etter det kvar og ein har gjort.

Kommentar.

Tidlegare på dag bad eg for henne Virtuella og opplevde at eg vart salva i mitt indre menneske som svar på mi bønn for henne. Eg opplevde salvinga som at ho var elska av Gud, slik opplevde eg Guds kjærleik i mitt indre menneske og det gjorde meg glad. Eg følte eg kunne glede meg over hennar sjels frelse og det minna meg om den lovsongen Gud la ned i meg når eg gjekk på gymnaset.

Rett offer? I pakt med Jahve?

Pakt med Jahve?

Gud gjorde pakt med jødane. Ei pakt er ikkje objektiv kunnskap, men ei avtale mellom to partar, så dei skal møtast og ha samfunn med kvarandre i den pakta. Det er ikkje naturvitskapleg kunnskap, men ei avtala med mellom menneske og den Gud som har skapt alle ting, alt liv på jorda, inkludert oss sjølve og det har betydning for alt liv på jorda, det skal gjere at vår integritet i naturen blir rett. Soleis stundar all skapningen etter at Guds born skal openberrast i herlegdom (Rom.8,19).

Men jødane var ikkje trufast mot Herren sin Gud, dei veik av og braut pakta med han, så den fungerte ikkje slik som den eigentleg skulle. Derfor ville Gud gjere ei ny og betre pakt med dei, så det som ikkje fungerte i den gamle pakta, det skulle fungere i den nye  pakta. I denne pakta skal dei kjenne han og oppleve samfunnet med han, dei skal sjå hans herlegdom og oppleve den i sine hjarto og oppleve at den gjer dei glade.

Ein profet som Elia skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane.

Ein profet som Elia skulle vende fedrehjarto til born og barnehjarto til fedrane:

MLK 3,1 – MLK 3,4   Sjå, eg sender min bodberar,  han skal rydja vegen for meg.  Brått kjem han til sitt tempel,  Herren som de leitar etter.  Sjå han kjem, engelen for pakta  som de stundar etter,  seier Herren, Allhærs Gud.  2   Men kven kan tola den dagen han kjem,  kven kan stå seg når han syner seg?  For han er lik elden som smeltaren brukar,  lik luten som vaskarane reinsar med. 3   Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.  Han skal reinsa levittane,  reinsa dei som gull og sølv,  så dei kan bera fram for Herren  offergåver på rett vis. [reinsa levittane: skipa på nytt pakta med Levi (2, 4) og reinsa tempelgudstenesta.] 4   Då skal Herren gleda seg  over offergåvene frå Juda og Jerusalem  som i eldgamle dagar, i framfarne år.

MLK 4,5 – MLK 4,6   Sjå, eg sender profeten Elia til dykk  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. [profeten Elia: Jødane trudde at profeten Elia, som var oppteken til himmelen (2 Kong 2, 11), skulle koma att i dei siste tidene og få menneska til å venda om. Sml. Matt 11, 14; 17, 10 f.] 6   Han skal venda fedrehjarto til borna  og barnehjarto til fedrane,  så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

Og Jesus sa at det var døyparen Johannes.

MTT 11,7 – MTT 11,14 {JESUS VITNAR OM JOHANNES}  Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: “Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? 8 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. 9 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive:  Sjå, eg sender min bodberar føre deg,  han skal rydja vegen for deg. 11   Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg. 13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. 14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma.  [Elia: -> Mal 4, 5.]

MTT 17,10 – MTT 17,13 Då spurde læresveinane: “Kvifor seier dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?” 11 Jesus svara: “Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk. 12 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei kjendest ikkje ved han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.” 13 Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei.

Døyparen Johannes vart hendretta og det vart Jesus også. Men det var ikkje slutt med det, for Jesus stod oppatt frå dei døde og sette seg ved Guds høgre hand i himmelen, han lever og er med oss og han kjem att. Då er det vel om å gjere for oss å bane vegen for han, slik som døyparen Johannes gjorde, så mange tek imot han.

Frå den gamle til den nye pakt, ikkje heilt smertefritt, men resultatet er gledeleg.

Profeten Malakias gjekk til rette med prestane for at dei ikkje bar fram rett offer og då gjev han oss forståing for kva symbolsk tyding det har, at dei ber fram offer med lyte får den symbolske betydning at dei lærer folket noko som ikkje er heilt rett. Men dei skulle berre fram lytelause offer og lære folket det som var heilt rett. Bibelen seier at Israels Gud er den sanne Gud og alle folkeslaga skal få vende seg til ha og ta imot den sanne læra og her vert det sagt klart at dei skal få lære seg å tene han rett dei også, slik som han lærer jødane å tene han.

Fyrst om urein mat på altaret, ureine offerdyr.

MLK 1,6 – MLK 1,14 {KORLEIS PRESTANE VANVØRDER HERREN}  Ein son ærar far sin,  og ein træl har age for herren sin.  Men er eg far, kvar er då mi ære,  og er eg herre, kvar er då agen for meg?  seier Herren, Allhærs Gud, til dykk, de prestar som vanvørder mitt namn.  De spør: “Korleis vanvørder vi ditt namn?” 7   Jau, de ber fram urein mat på mitt altar.  De spør: “Korleis har vi krenkt din reinleik?”  Jau, de seier: “Herrens bord er lite å vørda.” 8   Når de vil ofra eit blindt dyr,  er ikkje det gale?  Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt,  er ikkje det gale?  Kom med slikt til statthaldaren din!  Trur du han vil synast om deg  eller ta vel imot deg?  seier Herren, Allhærs Gud. 9   Men no, prøv å vinna Guds velvilje,  så han kan vera nådig mot oss.  Når de har gjort slikt,  kan han då syna godhug for dykk?  seier Herren, Allhærs Gud. 10   Om det berre fanst nokon mellom dykk  som ville stengja tempeldørene,  så de ikkje til fåfengs kveikjer eld på mitt altar.  Eg har ingen hugnad i dykk,  seier Herren, Allhærs Gud,  og vil ikkje ha dei offergåvene  som de ber fram.  11   Frå lengst i aust til lengst i vest  er mitt namn stort mellom folkeslaga.  Alle stader brenner dei reine offer  som dei ber fram for meg;  for mitt namn er stort mellom folkeslaga,  seier Herren, Allhærs Gud. 12   Men de vanhelgar mitt namn  når de seier at Herrens bord er ureint,  og at maten på det er ring frukt. 13   De tenkjer: “Å, for eit strev!”  og blæs åt det, seier Herren, Allhærs Gud.  De kjem med dyr som er røva,  og med dyr som er halte eller sjuke,  når de ber fram offergåver.  Skulle eg ha hugnad  i slike gåver frå dykk? seier Herren.  14   Forbanna vere den som fer med svik,  som har eit hanndyr i buskapen  og lovar å gje det til Herren,  men i staden ofrar eit dyr som er skadt.  For eg er ein stor konge,  seier Herren, Allhærs Gud,  mellom folkeslaga står det age av mitt namn.

Her vert brukt så harde ord mot dei at det verkar ubegripeleg, det vert kalla svik, men så ser vi kva tyding det har for læra, det svarar til vranglære.

MLK 2,4 – MLK 2,9   Då skal de skjøna at det er eg  som har sendt dykk dette bodet,  så mi pakt med Levi kan stå ved lag,  seier Herren, Allhærs Gud.  5   Mi pakt med han gav liv og fred,  og det gav eg han så han skulle ottast.  Han ottast meg og hadde age for mitt namn. 6   Påliteleg rettleiing var i hans munn,  og det fanst ikkje svik på hans lipper.  Han ferdast med meg i fred og rettferd  og berga mange frå syndeskuld. [Påliteleg rettleiing: Ei av dei oppgåvene presten hadde, var å rettleia folket og læra det kva som var Guds vilje. Sml. v. 9.] 7   For ein prests lipper tek vare på kunnskap,  frå hans munn skal folk be om rettleiing,  for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.  8   Men de har vike av frå vegen  og fått mange til å falla  med den rettleiing de har gjeve.  Levi-pakta har de brote,  seier Herren, Allhærs Gud. 9   Difor har eg gjort dykk vanvørde  og små for heile folket,  for de aktar ikkje på mine vegar,  men gjer skil på folk  når de gjev rettleiing om min vilje.

Dei akta ikkje på Herrens vegar, når det var spørsmål om å få rettleiing om Herrens vilje, gjorde dei skil på folk. Det høyrest ut som svik og minner om korrupsjon, ”splitt og hersk-taktikk”.  Malaki var profet på 400-talet f.Kr og sidan han var den siste profeten i det gamle testamentet, måtte det vere heilt på slutten av 400-talet. Dess meir dei hadde retta seg etter hans ord, dess betre hadde dei vore rusta mot det som skulle kome, spesielt ved Antiokus 4. Epifanes (175-164 f.Kr.).

Så vert Juda refsa for at han har gifta seg med ei kvinne som dyrka frmande gudar.

MLK 2,10 – MLK 2,12 {HERREN VIL IKKJE VITA AV SKILSMÅL}  Har vi ikkje alle same far,  den eine Gud som har skapt oss?  Kvifor er vi då trulause mot kvarandre  og vanhelgar våre fedrars pakt? 11   Juda har bore seg trulaust åt,  stygge ting har dei gjort  i Israel og Jerusalem.  Ja, Juda har vanhelga  den heilagdomen Herren elskar,  og gift seg med ei kvinne  som dyrkar framande gudar. 12   Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt  kvar ætling av den som gjer slikt,  jamvel om han ber fram offergåver  til Herren, Allhærs Gud.

Sions dotter skulle vere kona hans, som han skulle vere ein lekam med, det skulle vere den heilagdomen som Herren elska, men når han gifte seg med ei kvinne som dyrka andre gudar, vart den heilagdomen som Herren elska vanhelga.

Så vert mannen refsa for at han er utru mot sin ungdoms kone, endå han har ekteskapspakt med henne.

MLK 2,13 – MLK 2,16   Og dette er det andre de gjer:  De dekkjer Herrens altar  med tårer, gråt og sukkar.  Men han vil ikkje lenger sjå på gåva  eller ta imot dykkar offer med glede. 14   Og de spør: “Kvifor?”  Fordi Herren er vitne i saka  mellom deg og din ungdoms kone.  Du har vore utru mot henne,  endå ho er ektemaken din  som du er bunden til med pakt. 15   Er det ikkje éin som har skapt henne  både med lekam og ånd?  Og kva vil så den eine ha?  Born som høyrer Gud til.  Så akta dykk vel i sjel og hug!  Ver ikkje utru mot din ungdoms kone! 16   Eg vil ikkje vita av skilsmål,  seier Herren, Israels Gud,  og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,  seier Herren, Allhærs Gud.  Så akta dykk vel i sjel og hug  at de ikkje er trulause.

Han åtvarar han med å spørje han om det ikkje er ein som har skapt henne med lekam og ånd. Og kva er det den eine vil ha? Kva er det ho vil ha? Kva er det Gud vil ha? Born som tilhøyrer han. Derfor skal mannen akte seg vel i sjel og hug, så han ikkje er utru mot sin ungdoms kone.

Det var tale om ekteskapspakt og så vert det fortalt at engelen for den pakta som dei stundar etter kjem.

MLK 2,17 {NÅR HERREN KJEM}  De har trøytta Herren med orda dykkar.  De spør: “Kva er det vi har trøytta han med?”  De seier at alle som gjer vondt,  er gode i Herrens augo,  ja, at han har hugnad i dei.  Eller de spør:  “Kvar er Gud som dømer?”

MLK 3,1   Sjå, eg sender min bodberar,  han skal rydja vegen for meg.  Brått kjem han til sitt tempel,  Herren som de leitar etter.  Sjå han kjem, engelen for pakta  som de stundar etter,  seier Herren, Allhærs Gud.

Engelen for pakta kjem med svar på desse problema og det vert eit oppgjer med dom og reinsing, det er nok overengelen Mikale som er omtala i Daniels bok og same reinsingsprosessen som er omtala der. Og det er det gode samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.

MLK 3,16 – MLK 3,18   Dei som har age for Herren, tala då saman,  og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.  Hjå han vart det skrive ei minnebok  om dei som ottast Herren og ærar hans namn.  17   Den dagen eg gjer mitt verk,  seier Herren, Allhærs Gud,  skal dei vera min eigedom,  og eg vil vera mild mot dei,  liksom ein mann er mild  mot son sin som tener han. 18   Då skal de atter sjå skil  på rettferdige og gudlause,  på dei som dyrkar Gud,  og dei som ikkje dyrkar han.

MLK 4,2   Men for dykk som har age for mitt namn,  skal rettferdssola renna  med lækjedom under sine venger.  De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar  når dei slepp or fjøset.

MLK 4,5 – MLK 4,6   Sjå, eg sender profeten Elia til dykk  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. [profeten Elia: Jødane trudde at profeten Elia, som var oppteken til himmelen (2 Kong 2, 11), skulle koma att i dei siste tidene og få menneska til å venda om. Sml. Matt 11, 14; 17, 10 f.] 6   Han skal venda fedrehjarto til borna  og barnehjarto til fedrane,  så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd og det var eit lytelaust offerlam, med eitt offer tok han bort verda si synd ein gong for alle. Jesu frelsesverk er fullbrakt, på det grunnlaget søker vi samfunn med Gud og ber fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, det er eit levande offer og Gud har velbehag i det.

Kong Salomo bad Gud gje han eit høyrsamt hjarte så han kunne dømme rett og Gud gav han eit hjarte som var så vist at det fanst ikkje maken. Ja, som David sa, i dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje hjarta ditt. I staden skal du høyre på kva han seier og ta imot i tru, så Ordet ved trua smeltar saman med deg i hjara ditt. Då får du komme inn til Guds kvile, slik som han lova. Lovnaden får du oppfyllt når trur på det han seier og held deg til den pakta han gjer med deg.

1KG 3,5 – 1KG 3,14   I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: “Sei kva du vil at eg skal gje deg!” 6 Salomo svara: “Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar. 8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?” 10   Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: “Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan. 13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. 14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.”

Gud gav kong Salomo ein eineståande visdom når han var ung og den  viste seg i hans kjærleiksforhold til henne ”lytelause reine”, det var ein kjærleik som var sterk som døden. Døyparen Johannes sa at Jesus var Messias, han brudgomen som hadde bruda og Jesus sa han hadde meir visdom enn Salomo. Han døde for oss alle, for å frelse oss for æva og gje oss evig liv, han betalte prisen for oss alle, så vi skal tilhøyre han og leve for han og då må vi forstå at det sentrale poeng i det er at han betalte prisen for si brud, så ho skal tilhøyre han og leve for han. Han kallar Sions dotter til å frigjere seg frå lenker og band og komme ut i dansen med dei glade, for han er hennar frelsar og Herre, brudgom og ektemann. Hans kjærleik til si brud er sterkare enn døden, det er Guds kjærleik, han elskar oss i Kristus Jesus, så vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, Guds frelseskraft og skaparkraft i våre liv.

I Johannes Openberring er det fortalt om domen over den Store Skjøkje, så kjem Lammets bryllaup, så kjem Guds Ord og vinn makt og det vert eit svare spetakkel med krig og nedslakting. Men Djevelen vert bunden for 1000 år, så pass det vert fred ei stund. Då skal prestetenesta for Gud og Kristus fungere.

ÅPE 19,5 – ÅPE 19,21 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: “Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!” 6   Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:  Halleluja!  Herren vår Gud, Den Allmektige, har vorte konge! 7   Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!  Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!  Brura har butt seg; 8   ho har fått ein bunad av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage. 9   Og han seier til meg: “Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.” Og han la til: “Dette er Guds sanne ord.” 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: “Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!” Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.  11 {SIGERHERREN PÅ DEN KVITE HESTEN}  Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter “Trufast og Sannferdig”, for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er “Guds ord”. 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane. 17   Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: “Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.” 19   Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

ÅPE 20,1 – ÅPE 20,6 {DEI TUSEN ÅR}  Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. 2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. 3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund. 4   Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

Denne verda sin visdom er dårskap for Gud.

Men kong Salomo gifte seg med mange utanlandske kvinner som dyrka avgudane, han elska dei og på hans gamle dagar fekk dei vendt hjarta hans bort frå Gud og det er uhyggeleg lesnad.

1KG 11,1 – 1KG 11,13 {SKUGGAR OVER SALOMOS STYRE}  Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: “De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.” Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane. 8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine. 9   Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: “Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.”

Gud velsigna Salomo og gjorde han til ein stor konge til velsigning for heile sitt folk. Likevel vende han seg bort ifrå Gud og det fekk store negative konsekvensar både for Davids ætt og for heile folket han var konge over. Det gjekk ut over son hans, så han vart berre ein småkonge samanlikna med Salomo, når han i det heile teke vart konge, så var det på grunn av Davids truskap. Så Gud straffa og lønte etterkomarane etter det fedrane deira hadde gjort, men det er ikkje som ”arvesynda”, genetisk arv er biologi, det er objektiv naturvitskapleg kunnskap. Men dette handlar om vår subjektive innstilling, kva vi sjølve vel, om vi subjektivt vil vende oss til Gud og trufast halde oss til han. Når vi søker han, skal vi finne han, går vi på hans vegar, vert vi velsigna (Matt.6,4-34).

På sine gamle dagar hadde nok kong Salomo framleis mykje av visdomen frå dei gamle i tankar og sinn, men kvar vart det av det vise hjartet Gud gav han? Den visdomen Gud gav han i hjartet når han var ung, hadde han tydelegvis tapt. Det får meg til å tenke på platonismen, den hyller visdomen til dei gamle, dei unge må verte opplærde i den same visdomen, dei gamle og mest lærde skal styre med diktatorisk makt, all nytenking og nyskaping vert definert som dårskap som motsetnad til dei gode ideane til den lærde og styrande overklassa, som opprør mot deira makt og som vondskap som strir mot det gode. Til tross for at Gud gav jødane si lov og lærde dei opp ved sitt Ord, vart det slik med deira visdom og kunnskap også, så dei drap den rettferdige frå Gud i eit justismord. Slik var det med denne verda sin visdom. Men Gud berga sin rettferdige frå døden, så hans rettferdige ikkje skulle sjå undergang. Han er den steinen som knuser fotstykket på biletstøtta i Dan.2, så heile biletstøtta rasar saman. Han er Guds Ord, med det skaper Gud noko nytt og lærer oss noko nytt.

1KO 1,17 – 1KO 1,31 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. 26   Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

1KO 2,1 – 1KO 2,16 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA}  Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For  kven kjende Herrens hug,  så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.

Det er tale om sjel og sinn (Mal.2,15), hjerte og hug (1.Kor.2,16) og det er subjektivitet i det. Kven kan seie oss kva som er den rette subjektiviteten? Israels Gud sa han var den einaste sanne Gud og han lærde jødane å elske han av heile sitt hjerte, all sin hug, all si makt og alt sitt vit. Han lærde dei å søke han, så skulle dei finne han og når dei då finn han, så veit dei at deira subjektivitet er rett. Den pakta han gjer med dei må ligge til grunn, held dei seg til en pakta og søker han på det grunnlaget, så finn dei han og kjem i samfunn med han. Og den nye pakta gjeld for heidningane også. På evangeliets grunnvoll får vi alle fred med Gud.

Det daglege offeret eller den øydande styggedomen.

Gud sa til jødane at dersom dei søkte han, så skulle dei finne han. Platonismens innsikt i ideverda kan brukast både om dette og om matematisk innsikt. Den seier at sjela var opphavleg i ideverda og såg inn i dei fullkomne ideane, ved den naturlege fødselen stupte den ned i materien og då miste den mykje av denne innsikta, men gjennom lang opplæring kan menneska gjenvinne noko av den innsikta. Men det er stor skilnad på dei evnene menneska har til slik læring og det er arveleg. Ja, truleg såg Gud at Levi hadde gode evner for slik læring, så han valde ut han og ætta hans til å vere prestar for han. Så seier platonismen at mennesket er vondt og derfor har det mista mykje av si innsikt i ideverda. Ja, Gud sa til jødane at det var synda som skilde dei frå han. Men så talar platonismen om dette på same måten som dei intelektuelle evnene menneska har frå den naturlege fødselen av, slik vert menneskets vonde natur forstått som einstydande med menneskets fysiske kropp. Slik vert det argumentert for at den tradisjonelt lærde overklassa skal styre med diktatorisk makt. Dette er ikkje sameinleg med verken med jødedommen eller med kristendomen. Likevel kom det inn i kyrkja gjennom arvesyndslæra og barnedåpen.

Dette var å gjere skil på folk, så dei vart ulike for lova og det var ikkje sameinleg med dei offera som levittane skulle bere fram, det vart som om dei bar fram urein mat på altaret og bar fram offer som hadde lyte. Gjev nokon hadde stengt tempeldørene som dei ikkje kom seg inn med slike offer. Leviætta skulle då lære folket å vende om frå synd, urett og avgudsdyrking til sine fedrars Gud og lære dei å leve slik som han ville, slik som han lærde dei i sitt ord. Etter at dei hadde synda og vendt seg bort frå han, kallte han dei til oppgjer, om dei ville vende om til han, så ville han vere misskunnsam og tilgje dei syndene og reinse dei, så synda ikkje lenger skulle skille dei frå han og det er då nettopp det som er poenget med syndeofferet, elles hadde det ikkje hatt noko hendsikt (Jes.1,18-20, Jes.58,6-8, Jes.59).

Platonismen sitt klagemål mot menneske med forståinga av menneskets fysiske kropp som den vonde naturen er så fundamentalistisk at det ikkje er sameinleg med dette. Platon argumenterte eigentleg for at den lærde overklassa skulle styre med rett og rettferd, men med si avgudsdyrking var den lærde overklassa i det gamle Hellas ikkje i stand til det, det kom ein reaksjon mot demokratisering og det med svik og urett og Platon argumenterte som om målet helga middelet. Svik og urett som metode vart tydeleg demonstrert ved Antiokus 4. Epifanes. Korleis klarde jødane med levittane som si lærde overklasse å stå seg mot dette? Øvstepresten vart drepen og det daglege offeret teke bort og den øydande styggedomen vart oppsett i staden.

Jesus er Guds Messias, Guds salvevigde, den Gud har salva til å vere vår frelsarkonge. Den som velsignar han blir velsigna, blir salva. Den som forbannar han, blir forbanna, den som likar så godt å forbanne, blir sjølv forbanna, så forbanninga trenger inn i hans eigen kropp. Den ånd som ikkje sannar at Kristus er komen i kjøt, er ikkje av Gud, det er ånda til Antikrist. Slik kjem der tydeelgvis ein på styggedoms vinger og slik har tydelegvis den Lovlause si kraft ifrå Djevelen.

SLM 109,16 – SLM 109,19   For han tenkte aldri på å visa truskap,  men forfylgde dei arme og fattige,  og dei motlause ville han drepa.  17   Han elska å forbanna  – lat forbanning råka han sjølv!  Han lika ikkje å velsigna  – lat han aldri få velsigning! 18   Han tok forbanning på som ein kledning  – lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,  i hans bein som olje! 19   Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,  som eit belte han alltid bind om seg!

DNL 9,26 – DNL 9,27 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.   Byen og heilagdomen skal øydeleggjast  av hæren åt ein fyrste som kjem.  Han skal enda sine dagar i ein flaum.  Den fastsette øydelegging  skal vara til krigen er slutt. 27   Éi veke gjer han pakta tung for mange,  midt i veka gjer han ende  på slaktoffer og grødeoffer.  På styggedoms venger  kjem det ein som herjar,  heilt til den fastsette øydelegging  strøymer ned over øydaren sjølv.”

2TE 2,3 – 2TE 2,12 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten (Jfr. Op.11).

Slik er den åndskampen vi opplever i vår tid, slik er den åndskampen eg opplever, det eg har å gjere er å vende hugen opp til Jesus og sjå på han og verte fyllt av hans Ande, den er sterkare enn den ånd som er i verda, i den krafta han gjev meg har eg meir enn siger. Han tyner den Lovlause med pusten frå sin munn og det skal eg nytte meg av allereie her og no. Eg opplever det som ein motsetnad mellom lyset og mørket, lyset skin i mørket og då må mørket vike.

Eg har ofte lurt på korleis det kan ha seg at denne ”mørkemannskulturen” er så så seigliva. Det einaste haldbare alternativet til den er evangeliet om Kristus. Når det vert forkynt, kvifor er den då likevel så seigliva? Eg trur det er to hovudgrunnar til det. Den eine er at det vert framstilt som denne verda sin visdom med lange tradisjone, visdomen til dei gamle lærde, det vert framstilt som objektiv, verdifull kunnskap, så menneska klarer ikkje å gjennomskode subjektiviteten i det og betydinga av vår frie vilje. Men når dei vel å vende om til han, får dei oppleve at han frelser dei og set dei fri, dei får oppleve Guds frelseskraft i sitt liv.

Den andre grunnen er at der ligg så mykje økonomiske interesser i det og så kjem politiske og religiøse maktinteresser i tillegg. Det er interessa sauehandlarane har av å selje sauene som slaktesauer og tene pengar på det, derfor treng dei den Duglause Hyrdingen til å gjete slaktesauene. Det verkar som dei har spesielt stor interesse av å selje den unge guten og den unge jenta. Det er som om dei gamel vise har vorte meir like kong Salomo på sine gamle dagar, som mista visdomen Gud gav han i hjartet når han var ung, så dei ikkje forstår seg på at Guds Ande og kjærleik er verksam mellom dei i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Ikkje nok med det, men det er Antikrist og den Lovlause som strir mot Kristus, det er Zevs som strir mot Jahve. Den unge guten som opplever Guds kjærleik i kjærleiksforholdet til den unge jenta, blir den som må rydjast vekk for den Lovlause (2.Tess.2). Med ei slik maktinteresse vert dei to tempelvitna drepne i den store byen som åndeleg tala er Sodoma og Egypt (Op.11). For Zevs og Antikrist prøver å erstatte Jahve og Kristus, så den Lovlause kjem til erstatning for den jødiske øvstepresten, for han lærer folket det som er rett etter Guds Ord, men den Lovlause prøver å erstatte det med svik og urett. Den sanna Gud har talt sitt Ord og gjeve oss den rette lære og openberra si frelse for oss i Kristus. Så er der ein som vil framstille seg som ein alternativ gud, med å seie imot og presentere si alternative lære. Men då viser det seg at det er den Lovlause som set seg inn i Guds hus (Jfr. Den øydande styggedomen) og gjer eg sjølv til gud og erstattar rett med urett og Jesus kjem til å tyne han med sin munns ande.

I Høgsongen var der tale om nokre brør som lurte på korleis dei skulle verne den unge syster si, når friarane kom, for ho var altfor ung til å gifte seg og ho ”Lytelause Reine” naudbad Jerusalems døtre om ikkje å vekke kjærleiken før sjølv han so vil. På til svarande vis treng den unge jenta vern og lære å verne seg i vår tid, men det er ved at ho lever i kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud, så når ho får seg kjæraste og ektemann, skal det stemme overeins med hennar kjærleiksforhold til Kristus. Det bør barnevelsigninga og velsigninga og opplæringa opp gjennom oppveksten ta sikte på både for jenter og gutar.

No kan det tenkast at det tok barnedåpen også sikte på. Men så viser det seg at der kjem ei forskjellsbehandling, og det er som om menneske ikkje er like for lova, det blir som om levi-presten bar fram urein mat på altaret, bar fram offer med lyte. Det blir som om Jesu frelsesverk ikkje er fullbrakt, så det ikkje gjeld for alle og ikkje er fullkome nok til å frelse fullt ut, det helgar oss litt, men ikkje heilt i gjennom. Gud frelser oss i Kristus Jesus, men ikkje fullt og heilt. Det er i alle måtar skilnad på folk, slik sett og prestane avgjer den skilnaden. Dette strir mot Guds Ord og heilaggjeringa både i den gamle og den nye pakta (Fork.3,11-14). Dette går rett og slett ikkje, det som skjer er at det daglege offeret vert teke bort og erstatta av den øydande styggedomen.

Med den jødiske øvstepresten si presteteneste i den nye pakta, vert Kristus helga som frelsar og Herre for den unge guten og den unge jenta, dei får oppleve samfunnet med Faderen og Sonen og får oppleve Guds kjærleik seg imellom og at Gud med sin kjærleik skaper kjærleiksforholdet dei i mellom og det er i samsvar med 1.Mos.2. Men så viser det seg at prestane med si arvesyndslære og barnedåpen har prøvt å komme den unge mannen og Kristus i forkjøpet. Det er ”Zevs den allmektige” som vil erstatte Jahve, Dyret og den falske profet som vil erstatte Kristus og dei som ved Guds Ande vitnar om han. Det har seg slik at den jødiske øvstepresten vart rydja vekk og det daglege offeret teke bort og den øydande styggedomen vart sett opp i staden.

Når dei to tempelvitna i Op.11 hadde fullført vitnemålet sitt, vart dei drepne i byen som åndeleg tala er kalla Sodoma og Egypt. Sodoma står for synd og Egypt for trældom under avgudane. Dei to englane kom til Sodoma for å sjå kor det stod til der og som Guds englar kom dei med bodskap frå han. Dei tok inn hos Lot, men ut på kvelden kom menn frå byen og samla seg rundt huset hans og kravde å få ut dei to mennene, så dei kunne få sin vilje med dei. Dei ville altså rett og slett voldta dei. I staden for å bry seg om kva dei sjølve ville og meinte, høyre på kva dei sjølve hadde å seie, lytte til bodskpen deira, ville dei soleis med synda prøve å få makt over kroppane deira. Det viser korleis dert verkar når  ”Zevs den allmektige” krev å få så stor diktatorisk makt over mennesket med den universelle guddomelege moralen, at han ikkje vil tillate så pass demokratiske rettar at menneske sjølve får seie kva dei vil og meiner og kommunisere fritt seg i mellom, det daglege offeret vert bortteke, så menneska ikkje skal få kommunisere med den sanne Gud og bringe bodskap frå han. Den øydande styggedome vert oppsett i staden, så Zevs skal få makta over menneskets kropp med synda. Det politiske og religiøse maktinteresser og økonomiske interesser som ligg bak, så med svik og korrupsjon vert den unge guten gjeven for ei hore og den unge jenta seld for vin (Joel.3,8). Og når jødane si gudsdyrking ikkje fungeer lenger, er det som om dei atter har vorte trælar under avgudane i Egypt.

På tilsvarande vis prøver prestar med barnedåpen å komme Kristus i forkjøpet. Om den unge jenta og den unge guten lovpriser Kristus som frelsar og Herre, så dei opplever samfunne med Faderen og Soenen og opplever Guds kjærleik seg i mellom og den unge guten så vil snakke med henne om det, så viser det seg at prestar og kristne leiarar ikkje vil vite av det. Då veit vi at det er Antikrist som ikkje vil vedkjenne at Kristus er Guds Son, komen i kjøt, som ikkje vil vite av vedkjenninga av Faderen og Sonen. Det er tjuvar og røvarar som er komne før Kristus.

Når Zevs med sine religiøse og politiske maktinteresser og økonomiske interesser soleis har forført den unge jenta, kan det verte usedvanleg kostbart for den unge guten sidan å nærme seg huset hennar.

OSP 9,13 – OSP 9,18   Dårskapen er ei vinglande kvinne,  lauslyndt og vitlaus er ho. 14   Ho sit utfor husdøra si,  på ein stol høgt oppe i byen. 15   Ho ropar til dei som ferdast på vegen,  som går sine stigar beint fram: 16   “Hit kan den urøynde venda seg.”  Og til den tankelause seier ho: 17   “Stole vatn smakar godt,  og herleg er maten ein et i løynd.” 18   Men han skjønar ikkje at der held daudingar til,  at dei som gjestar henne, går til helheims djup.

OSP 5,1 – OSP 5,23 {HALD DEG UNNA ANNAN MANNS KONE!}  Son min, gjev akt på min visdom,  vend øyra til mitt skjøn! 2   Så kan du ta vare på gode råd  og vakta på kunnskapen når du talar.  3   Framand kvinne har honning på lippa,  sleipare enn olje er hennar tunge. 4   Men til sist er ho beisk som malurt  og kvass som eit tvieggja sverd. 5   Hennar fotsteg fører til døden,  til dødsriket går hennar fet. 6   Ho aktar ikkje på livsens stig,  ho vinglar vegvill, men merkar det ikkje.  7   Så høyr på meg, mine born,  vik ikkje av frå dei ord eg talar! 8   Hald deg unna annan manns kone,  kom ikkje nær hennar dør! 9   Elles må du gje din ungdoms kraft til andre,  dine beste år til ein nådelaus herre. [ein nådelaus herre: han som har fått ekteskapet sitt krenkt. Sml. 6, 34.] 10   Framande får metta seg av det du eig,  det du vann med ditt strev, går til annan manns hus. 11   Så må du stynja i di siste stund,  når kroppen og holdet tærest bort, 12   og seia: “Korleis kunne eg hata tukt  og ikkje bry meg om refsing! 13   Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg,  og lydde ikkje på dei som lærte meg. 14   Det hadde nær gått ille med meg  då folket var samla til ting.”  15   Drikk or din eigen brunn,  rennande vatn or di eiga kjelde! 16   Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,  bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17   Du skal ha dei heilt for deg sjølv  og ikkje dela dei med andre. 18   Då skal kjelda di vera velsigna.  Gled deg over din ungdoms kone, 19   den elskelege hind, den yndefulle gasell!  Fryd deg støtt ved hennar barm,  lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!  20   Son min!  Kvifor skal annan manns kone få gjera deg ør,  kvifor ta framand kvinne i famn? 21   Herren ser kvar mannen går,  gjev akt på alle hans stigar. 22   Den gudlause vert fanga av sin eigen udåd,  syndene held han fast som snarer. 23   Han må døy fordi han ikkje får tukt,  i sin store dårskap går han til grunne.

Livet, vekkinga og fornyinga.

Frelseverket er fullbrakt, så det er berre for meg å bere lekamen fram som eit levande heilag offer til velbehag for Gud og la han gjere sitt verk med meg.

Bodskapen 15.3.2015:

Ja, når eg gjer noko for mine born, seier Herren, så gjer eg ikkje noko delvis, eg gjer ikkje noko halvvegs, men eg gjer det fullkome. For det har eg makt til, eg som er gitt all makt i himmel og på jord, seier Herren. Derfor talar eg til deg i denne stund, stol på meg. Kom til meg og la meg fylle deg med mi kraft, med min herlegdom. La meg gjere under i ditt liv, seier Herren. For eg lengtar etter å komme inn til deg og gjere dette for deg, seier Herren.

Ja, eg reiser opp ei hær i denne stund. Den er usynleg for menneske, de ser ikkje det. Men eg gjer det. For eg kallar på hjerta. Nøda er stor. Og menneska treng meg. For dei treng evig liv. Dei skal ikkje gå fortapt, men dei som vil ta imot meg i sitt hjerte, dei skal få kjenne at eg er til. Og eg løner den som søker meg, seier Herren. Halleluja.

Jesus har bestemmt at i hans menighet skal livet, vekkinga og fornyinga vere, så eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gjev i mitt hjerte.

Bodskapen 29.3.2015:

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.

Eg ber lekamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og slik vert eg fornya ved Guds Ord og Guds Ande (Rom.12,1-3). Han gjev oss sin Ande frå himmelen av berre nåde, det er nådens flod og eg har berre å kaste meg uti, han gjev meg det som er meg gitt av berre nåde, så han gjev meg ei kone ved at han føder henne på nytt av vatn og Ande. Ja, Jesus sa han ville legge ein ny pris til min pris.

Bodskapen 5.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen. 

2.Tess.2,6-7 fortel noko om den åndskapmen eg og vi står i, eg er som den som held att. Det eg har å gjere er å vende hugen opp til Jesus, velsigne han og verte velsigna, sjå på han (Sak.3,8-9) og verte fylt av den Heilage Ande.

Bodskapen 12.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ta vare på den fagre skatten.

Den fagre skatten 1.

Jesus sa eg skulle ta vare på den fagre skatten som var meg overgitt ved den Heilage Ande og eg har fortalt om korleis eg bad for henne Virtuella, når eg gjekk på gymnaset, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei nye fylde av den Heilage Ande. Eg fekk oppleve at vi hadde samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande. Jesus er Guds Ord han var med oss og gav oss liv, eg kjendest ved han og når eg då talte Guds Ord, var det på den måten at det gav oss liv. Eg forstod at denne vedkjenninga var eit sentralt og viktig poeng i det gode samvits pakt med Gud.

1PE 3,21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.]

Så siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Eg fekk ikkje moglegheit til å seie så mykje, men dei som forkynnte Gud Ord i kyrkjelydane talte på den måten at det gav oss liv, det livet som var planta i mitt hjerte ved Guds Ord, det skulle vekse, mitt hjertes jord vart vatna ved den Heilage Ande, så planten fekk vatn og næring. Slik vert det no forkynnt i Maranatha også, Jesus seier han har bestemmt at i hans kyrkjelyd, der skal livet, vekkinga og fornyinga vere, så eg skal sjå til at eg bidreg med det som Gud har gjeve i mitt hjerte.

Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 i Oslo, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere i din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.”   Eg forstod at dette handla om mitt forhold til henne Virtuella. Og det stemmer overeins med det vi nyleg har lese om den nye pakta i Malaki.2,13-16 & 4,2-6. Og Gud har nyleg tala til oss om at han har elska oss med ein evig kjærleik. Det er sannt. Bodskapen 31.5.2015:

Bodskap 1a: Det var ikkje  naglane som heldt meg fast, det var ikkje det dei gjorde som gjorde at eg vart hengande. Men det var at eg elska deg så høgt at eg sette mitt liv til. Eg gav det for at du skulle få leve. Eg gav mitt liv for at du aldrig i æva skulle fortapast.  Det eg gjorde på korset, det var eit evig ja, for alle som vil ta imot og om du tek imot det eg gjorde då det fullbrakte verk, så skal du få kjenne, oppleve forløysinga si kraft i ditt liv. Du skal gå over frå Satans makt og inn i mitt rike. Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt. 

Bodskap 1b: Kast deg ut i min nådesstraum. Og du skal få oppleve at du skal bli kvitt ditt eige strev, kast deg og fortrøst deg på min kjærleik og du skal få kjenne at min kjærleik skal gjere deg varm. Min kjærleik skal berike di sjel. Og få augo opp for den store kjærleik du er elska med. Og eg skal føre deg inn i ei rikare tilvære og du skal få oppleve at himmel og jord kan brenne, men min kjærleik, den skal bestå. Halleluja.

Bodskap 2a: Eg kjem ikkje med fordømming, eg kjem ikkje med bebreiding. Eg er ikkje slik, om ikkje du har gjort i eitt og alt slik som eg skulle ha yngst, så er ikkje eg slik som de menneske er, men eg er misskunneleg, barmhjertig, og eg lokkar og lokkar og dreg og dreg, for eg ynskjer de skal komme inn i salvinga, eg ynskjer at de skal verte fyllt av den Heilage Ande, eg ynskjer at de skal få kjenne krafta av mi oppstode. Eg ynskjer at de skal stå fullt rusta i åndskampen. Derfor oppmuntrar eg deg i kveld til å feste di lit til meg. Sku ikkje til høgre eller venstre, men sjå til mitt Ord, gå inn i mitt Ord, bøy dine kne og takk meg for lovnadane og du skal få kjenne at i det du kjem, skal eg gjennomrisle og gjennomstrøyme deg med krafta frå oppstoda. 

Bodskap 2b: Sjølv om eg for opp, så sende eg trøystaren ned. Og trøystaren er her til stades for å trøyste deg, for å fylle deg med kraft, for å løfte deg, for å føre deg inn i syner og openberringar. Eg vil at du skal opne heile ditt hjerte mot han som kan fylle deg med si kraft og du skal få kjenne at når han fyller deg med krafta, så skal du få oppleve du skal sigre til høgre og til venstre. Og eg skal setje deg over endå større ting. 

Bodskap 2c: Du er frelst i kraft av blodet. Du er forløyst i kraft av at eg vart din løysepenge. Men ferda vidare, det går gjennom at du vert fylt av den Heilage Ande. For eg veit at du har kamp, eg veit at du har motstand. Men ver ikkje redd, eg skal komme deg til unnsetjing. Eg er hos deg, eg kjem til deg. Eg og Faderen, vi skal fylle deg. Når du fylles ved den Heilage Andes salving.

Eg trur dette talar til meg om mitt forhold til henne Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for hans kjærleik og opplevde det som ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og at han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, eg fekk oppleve at vi hadde samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande. Gud elska meg ved fylden av den Heilage Ande og han elska henne ved fylden av den Heilage Ande. Jesus minner meg om dette og stadfester det for meg ved å seie:” Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt.” Jesus minner meg stadig om å verte fyllt av den Heilage Ande og eg har sagt ja og amen til det, men vert likevel stadig minna om det same.

Men så har eg også vitna og fortalt om at slik opplevde eg å verte fylt av den Heilage Ande, Guds kjærleik var mellom oss og det var rett og sannt, Guds kjærleik var utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt og det også var rett og sannt. Og det er nettopp dette som er så viktig, ved fylden av den Heilage Ande har vi meir enn siger, for han som er i oss er større enn han som er i verda. Ho Virtuella var frelst og levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen og lovpriste Jesus som sin frelsar og Herre, Jesus frelsesverk er fullbrakt og fullkome og han vil framleis at ho skal verte frelst og fri ved trua på han, komme ut i dansen med dei glade og lovprise han som sin frelsar og Herre, brudgom og ektemann.

Vi var frelst og levde i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og eg meinte det var rett og vi skulle uansett halde fram med å leve i dette og vere venner slik som før, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Om ho sa nei til mitt frieri og fann seg ein annan mann og eg måtte finne meg ei anna kvinne til kone så skulle vi uansett halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderens og Sonen og dette kjærleiksforholdet mellom oss skulle vare ved, for Guds kjærleik var mellom oss og den fell aldrig bort.

Og kva så? Eg bad Gud frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone og då er der ei prioritetsordning i det og det samsvarar med Jesu ord om at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Kristus og lovprise han som sin frelsar og Herre, brudgom og ektemann, som Guds barn skulle ho halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og ta imot han kjærleik og omsorg. Vi hadde samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande og då hadde vi smafunn med kvarandre, vi skulle vere eitt i Kristus og elske kvarandre slik som han sa og ta imot den kjærleiken og omsorga som Faderen har for oss i han.

Gud gjorde sitt verk med meg og med henne Virtuella ved sitt Ord og sin Ande i samsvar med 1.Mos.2., som svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone. Profeten Malakias formana mannen om å vere trufast mot si ungdoms kone, henne som han hadde ekteskapspakt med og så sa han at engelen for pakta som dei stunda etter kjem. Og eg forstår at dette svarar til den lovsongen Gud la ned i meg og den pakta som eg inngjekk med han.

Eg har bedt Jesus frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, ho er innkludert i det fullførde frelsesverket. Ja, normalt sett og sidan eg har bedt Gud om det, så skulle eg å hatt meg ei kone når eg var ung, som eg skulle vere trufast mot, slik som Malakias sa. Det vart ikkje noko av, det har ikkje fungert slik som det skulle. Men Jesus er den same og evangeliet er det same og det er til alle, så kan han vel frelse ei unge jente og gje meg til kone no?

Tale til liv eller død? Eit spørsmål om kva du er oppteken av.

Normalt sett skulle eg hatt meg ei frelst kvinne til kone frå eg var ung, men den vonde har stått meg og mi sak imot og eg må kle meg i Guds fulle rustning, så eg kan stå meg mot hans lumske åtak. Eg var vore under ei forkynning der eg har fått oppleve at Jesu ord har vore ånd og liv for meg og eg har sjølv talt Guds Ord slik, eg har fått oppleve at Jesus er med oss og at han gjer menneske levade, han er den siste Adam som for oss har vorte ei livgjevand ånd og eg vil halde fram med å tale Guds Ord slik og kjennast ved han slik og han har sjølv sagt til oss at han har bestemmt at i hans menighet, der skal livet, vekkinga og fornyinga vere og eg skal sjå til at eg bidreg med det som Jesus har gjeve meg i hjertet. Kristus er hovudet for si kyrkja og for mannen og mannen er hovudet for kvinna og eg vedkjenner Jesu namn og talar Guds Ord til kvinna og til Jesu kyrkje for å gje henne liv. Det evige livet er i Jesus, eg skal sjå på han og ta ut av det evige livet og dele det med henne.

ESK 37,1 – ESK 37,14 {DEI DAUDE BEINA SOM LIVNAR OPP ATT}  Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: “Menneske, kan desse beina livna opp att?” Eg svara: “Herre Gud, det veit berre du.” 4 Då sa han til meg: “Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.” 7   Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: “Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.” 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær. 11   Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: “Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!” 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

1MO 2,7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. [På hebr. heiter mann adam og mark eller jord adama.]

Der er mange som talar Guds ord, på ein heilt annan måte og så krev dei å få tenke og tale i staden for meg. Soleis nektar dei for at Kristus er hovuet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, men då nektar dei også for at Kristus er hovudet for kyrkja. Og fornektar dei Kristus, så veit vi at det er Antikrist som er på ferde. Dei talar Guds ord slik som ormen gjorde når han forførde kvinna i Edens hage, han forvrengde noko av det og fornekta noko av det og lokka kvinna til fall og ho lokka mannen med seg. Slik braut dei den pakta som Gud gjorde med dei og det førde til død. Slik vert lovens bokstav i Guds ord forkynnt, slik at det fører til død i staden for liv. Dette er det fundamentale motsetnadsforholdet. Dersom menneska trur på Jesus, vender seg til han og tek imot han, så frelser han dei og gjev dei evig liv. Dersom dei vender seg bort frå han og fornektar han, så fører det til død.

Den fagre skatten 2.

Eg har fortalt at Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og det var med ein bodksap som kom gjennom tyding av tungetale i pinsemenigheta Sion på Åheim 28.9.2008:

Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.

Eg har skrive mykje om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, så eg tente det var det ordet det var sikta til, som eg hadde talt og omgitt meg med i mange år, Krsitus er Guds Ord og det er livgivande og det er det på den måten at han er hovudet for mannen om mannen er hovudet for kvinna, han er den siste Adam, som er ifrå himmlen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, derfor må vi vende hugen opp til han og ta imot det livet og den Anden han gjev oss frå himmlen og vere opptekne han, som bruda som vender seg til sin brudgom. Han gjev liv til både mannen og kvinna og framleis på den måten at dei skal vere ein lekam i ekteskapet, eitt tempel for den Heilage Ande.

Så eg reiste til Oslo og så talar Jesus til meg slik som vi såg i bodskapen som kom 31.5.2015 og eg forstår at soleis talar han til henne Virtuella, for Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Ja, slik fekk eg oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og gav ånd og liv til både meg og henne. Vi trudde på Jesus og tok imot han og fekk oppleve at hans ord var ånd og liv for oss, livet var planta i oss ved Guds Ord. Guds kjærleik vart utrend i hjarto våre ved den Heilage Ande som var oss gitt, så vi fekk oppleve at vi hadde samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande. Og Guds kjærleik, den består.

Eg har nyleg skrive om at ho sveik både meg og Kristus, så hennar hus seig ned til daudningane og vegane til hennar hus gjekk ned til daudningane.  Det vart det gjort politikk og religion ut av. Det var missmodsånda som tok over og det vart til missmod og vonbråt for langt fleire enn henne sjølv.

OSP 2,16 – OSP 2,22 {EIT VERN MOT UTRUSKAP}  Visdom skal fria deg frå annan manns kone,  frå framand kvinne som lokkar så fint, 17   ho som har svike sin ungdoms ven  og gløymt den lovnad ho gav sin Gud. [den lovnad ho gav sin Gud: ekteskapslovnaden, som er bindande andsynes Gud òg. Sml. Mal 2, 14.] 18   Huset hennar sig ned til dødsriket,  vegen hennar fører ned til dei døde. 19   Dei som går inn til henne, kjem aldri att,  dei når ikkje fram til livsens stigar. 20   Men visdom skal hjelpa deg  til å fylgja den vegen der dei gode går,  og halda deg på stigar der dei rettferdige ferdast. 21   For dei rettvise skal bu i landet,  dei ærlege skal få vera der. 22   Men dei gudlause skal rydjast ut  og svikarane rivast bort frå landet.

OSP 9,18   Men han skjønar ikkje at der held daudingar til,  at dei som gjestar henne, går til helheims djup.

OSP 7,27   Frå hennar hus går vegar til dødsriket,  dei fører til dødens mørke rom.

Men eg har også skrive om at når Gud frelser henne, så dreg han henne opp av gjørma og set hennar føter på ein klippe. Og på møtet i Maranatha 22.6.2015 vart det forkynnt at slik frelser Gud menneska.

SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.

Når ho var ung, takka og lovpriste ho Gud og Lammet for frelsa og slik var den lovosngen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Når Gud frelser henne, så set han hennar føter på klippen og legg den nye sangen i hennar munn, så ho framleis skal lovsynge han slik.

I bodskapen 31.5.2015 sa Jesus at han vil setje meg over endå større ting og då trur eg det framleis er på den måten at han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna.

Han sette mine føter på ein klippe og la ein ny song i min munn. Møte i Maranatha 21.6.2015.

Sjå på Jesus og vere oppteken med det som høyrer himmelen til. Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore:

Min frelsar har sagt at han har gått bort for å berede stad og eg veit den stad, det vert himmel. Og eg gledar meg over at eg har byrja på himmelvegen og eg kjenner freden i mitt hjerte over at eg eig barnekårets Ande i mitt indre, som fortel at min arv, den er ikkje her, men den er der som Jesus er. Men om himmelen ventar meg i morgon, så har eg allereie himmel i mitt hjerte, for Jesus, han bor der inne ved trua og eg kjenner det er sannt slik som eg song, at der Jesus er, eg himmlen har.

Og for meg er det godt å halde meg nær til han. For gjennom stormar og gjennom ting som rammar meg, så er han min sterke arm, han er min solide klippe, han er den som eg set mi lit til. Og om ting her nede svinn hen og ikkje er så attraktivt meir, så vert himmelen meir attraktiv, så vert Jesus større, så vert han meir herleg. Og det er det eg synest er så underbart. Han er frelsaren for meg.

Mine born, ikkje sjå nedad, men løft blikket oppad. Ikkje sjå på deg sjølv, men sjå og betrakt meg. Ver oppteken med det som høyrer himmelen til. Ver opptatt og sysselsatt med det som eg har gjort. Ver oppteken med det som eg har sagt og du skal verte ein vassrik hage og eg skal fylle deg så hjertet skal flyte over.

Innleiing ved Oddbjørg.

JOH 4,25 – JOH 4,26 Kvinna seier til han: “Eg veit at Messias kjem,” – Messias er det same som Kristus – “og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.” 26 Jesus seier til henne: “Det er eg, eg som talar med deg.”

JOH 6,20 Men Jesus sa til dei: “Det er eg. Ver ikkje redde!”

JOH 18,4 – JOH 18,8   Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: “Kven leitar de etter?” 5 “Jesus frå Nasaret,” svara dei. “Det er eg,” seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. 6 Då Jesus sa: “Det er eg” , veik dei attende og fall til jorda. 7 Atter spurde han: “Kven leitar de etter?”  “Jesus frå Nasaret,” svara dei. 8 “Eg har sagt dykk at det er eg,” sa Jesus. “Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!”

Tale ved Tore Kristiansen.

SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.

SLM 30,1 – SLM 30,13 {GUDS NÅDE VARER LIVET UT}  Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.  2   Eg lovar og prisar deg, Herre;  for du drog meg opp or djupet,  du lét ikkje mine fiendar triumfera over meg.  3   Herre, min Gud, eg ropa til deg,  og du lækte meg. 4   Herre, frå dødsriket førte du meg opp,  du gav meg liv og berga meg frå grava.  5   Spel for Herren, de hans trugne,  og lovsyng hans heilage namn! 6   Ein augneblink varer hans vreide,  hans nåde varer livet ut.  Om kvelden kjem gråt som gjest,  om morgonen er det gledesong.  7   Eg kjende meg trygg og tenkte:  “Aldri i æve skal eg rikkast!” 8   Herre, i din nåde  sette du meg på fast fjell;  men så løynde du ditt åsyn,  og eg vart gripen av redsle.  9   Då ropa eg til deg, Herre,  inderleg bad eg til min Gud: 10   “Kva gagnar det at eg må døy,  at eg må gå i grav?  Kan vel støvet prisa deg,  kan det forkynna din truskap?  11   Høyr meg, Herre, og ver meg nådig!  Herre, kom meg til hjelp! 12   Du vende mi sorg og mi klage til dans;  du løyste min syrgjebunad  og lét meg bera gledeskrud. 13   Difor vil eg av heile mi sjel  syngja om deg og aldri teia.  Eg takkar deg evig, Herre, min Gud.

David kom i nød når Saul forfølgde han, etter at han dreiv hor med Batseba og volda mannen hennar, Uria, døden (Salme.32) og etter at han sette i gang folketeljing. I dei to siste tilfella var det hans eigen feil, Herren refsa han og han la seg langflat og audmjuka seg. Derfor var han framleis mannen etter Guds hjerte.

2SA 24,1 – 2SA 24,4 {FOLKETELJING OG PEST}  Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han eggja David opp mot dei og sa: “Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!” 2 Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hjå han: “Far ikring til alle Israels-ættene, frå Dan til Be’er-Sjeba, og mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.” 3 Joab svara kongen: “Gjev Herren din Gud må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er, og gjev du, herre konge, sjølv må få sjå det! Men kvifor vil du gjera dette, herre konge?” 4 Kongen stod likevel fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og hærførarane.  Så drog Joab og hærførarane bort frå kongen og skulle mønstra Israels-folket.

2SA 24,10 – 2SA 24,15   Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjarta, og han sa til Herren: “Eg har gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.” 11   Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren åt David, og det lydde så: 12 “Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.” 13 Så gjekk Gad til David, la dette fram for han og sa: “Vil du at det skal vera hungersnaud i landet ditt i sju år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader medan dei forfylgjer deg, eller vil du at det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.” 14 David sa til Gad: “Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.” 15   Så sende Herren ein pest over Israel, frå morgonen til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Be’er-Sjeba.

Kva var feil med å setje i gang folketeljing? Der låg stolthet i det, over kor stort og sterkt folket var og kor stor og sterk han var som konge over eit så stort folk. Men Gud ville gjere israelsfolket så mange at dei var uteljane og så ville han telje dei?

Vi skal ikkje vere opptekne av at vi er så få, om vi er mange eller få, av å telje kor mange vi er, for det er ikkje det vi er i det ytre mennesket som tel, kjøtet, det som er født av manns vilje, men det som betyr noko er å vere fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Det som betyr noko er det verket Gud gjer i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande.

Aktuelle bibelvers.

JES 58,11   Herren skal alltid leia deg  og metta deg i det turre land.  Han skal styrkja deg;  du skal verta som ein vassrik hage,  ja, som ei rennande kjelde  der vatnet aldri tryt.

JER 31,10 – JER 31,14   Høyr Herrens ord, de folkeslag!  Forkynn det på fjerne strender og sei:  Han som spreidde Israel,  samlar og gjæter det  som ein hyrding gjæter sin flokk. 11   For Herren har fria ut Jakob  og løyst han or overmanns hand. 12   Dei kjem med jubelrop til Sion-fjellet,  dei strålar av glede over Herrens gode gåver:  korn og vin og olje,  sauer og geiter og oksar.  Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage  og ikkje lenger lida naud. 13   Då skal jentene dansa av glede  og gamle menn gleda seg med dei unge.  Eg vender deira sorg til fryd,  og trøystar og gleder dei som syrgde. 14   Eg lèt prestane få rikeleg med feite retter  og mettar mitt folk med gode gåver,  lyder ordet frå Herren.

Gud skaper oss i Kristus, då skaper han oss i si likning. Derfor må vi sjå på han.

Eg har nyleg skrive om dei kristne platonistane i to dokument:

https://bluehost944.com/2017/05/17/det-har-gatt-tilbake-med-dei-gamle-gudane-men-den-sanne-og-levande-gud-vekte-jesus-opp-fra-dei-dode-og-hans-kyrkje-er-liv-laga/

https://bluehost944.com/2017/05/25/det-har-gatt-tilbake-med-dei-gamle-gudane-men-den-sanne-og-levande-gud-vekte-jesus-opp-fra-dei-dode-og-sette-han-ved-si-hogre-hand-i-himmelen-og-salva-han-til-a-vere-var-frelsarkonge/

Problemet med dei kristne platonistane er at Ordet ved ikkje ved trua smeltar saman med dei i hjerte. Så deira lærdom vert som bokstaven som slår i hel.

1MO 3,5 – 1MO 3,6 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.” 6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt.

Og livet deira vert som den gamle vonde naturen som opponerer mot Anden.

1MO 3,7 – 1MO 3,8 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet. 8   Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. [Adam: -> 2, 7.]

Derfor blir dei slike som har sjel, men som ikkje har ånd og som skapar splitting i kyrkjelyden. Korleis då? Når deira eigne interesser blir så sterke at dei opponerer mot Anden, så skpar det kløyving.

JUD 1,17 – JUD 1,21 {VER VAKNE OG SAMHUGA!}  Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala. 18 Dei sa til dykk: “I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.” 19 Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei. 20   Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande. 21 Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv.

JAK 4,1 – JAK 4,12 {HALD DYKK NÆR TIL GUD!}  Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar? 2 De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed. 3 Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting. 4   De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. 5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss. 6 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. 8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! 9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk. 11   Tal ikkje vondt om kvarandre, brør! Den som talar vondt om ein bror eller dømer ein bror, han talar vondt om lova og dømer lova. Men dersom du dømer lova, då gjer du ikkje det ho seier, men set deg til doms over henne. 12 Det er berre éin lovgjevar og domar, han som har makt både til å frelsa og tyna. Men kven er du som dømer nesten din?

Og dette har gått så langt at dei ikkje lenger vil godta at Kristus er hovudet for amnnen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for si kyrkje. Så seier dei ”eg, eg, eg” på sin måte, dei hevdar det er egosistisk altså, og hendsikta er sjølvsagt å bruke det om andre, og spesielt om den unge mannen, når han vil ha seg ei kone, soleis gav dei altså eit avvisade svar når bad Gud om ei kone og slik gjev dei eit avvisande svar når ein vilkårleg mann vil ha  seg ei kone. Som om dei er guden som eg bad til og som svarar på mine bøner. Men det var det ikkje og er det ikkje heller. Men dei vil stille seg som mellommenn mellom Kristus og menneske, som kyrkje-eigarar. Når dei ikkje vil godta det svaret som Gud i sin nåde og kjærleik gjev meg, men gjev meg eit avvisande svar i staden, så viser det at dei har sjel, men ikkje ånd, for dei avviser Anden og det han talar til kyrkjelydane.

Med det avvisande svaret opptreer dei som herren i Hegels dialektik og der er nok dei som då blir som knekten, til dømes dei venstreradikale, men dei går nok over til marxistisk dialektikk. Gud og einskildmenneske hadde lite og inga betydning i Hegels dialektikk og eg er eit slikt einskildmenneske som trur på han og vender meg til han i bønn og legg mine behov fram for han. Då kan eg faktisk verte ute for at ein kristen platonist stilelr seg fram på talarstolen og brukar den som den feige si festning  og held ei tale som om han diskuterer med ein kvan, med meg, sidan eg bad Gud om ei kone, eller ein vilkårleg annan mann som naturleg nok også ville ha seg ei kone. Men verken eg eller dei fekk moglegheit til å seie nok meir, det er som om det pågår ei rettssak utan at vi fekk moglegheit til å svare for oss i retten. Så diskuterer mot meg og oss og det mot påstandar som vi ikkje eing gong har hatt moglegheit til å komme med, langt mindre forklare eller forsvare. Så parat han som ein foss og framstår som den store vinnaren i diskusjonen,  det var ein monolog og han brukte talarstolen som den feige si festning.

Men Jesus har kalla meg til å komme til han med den saka og det er ikkje det same som å komme til dei med den. Gud skaper oss i Kristus. Om karet er gått i stykker, så skaper han det om.

EFE 2,6 – EFE 2,10 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

2KO 3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

1KO 13,12 – 1KO 13,13 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Ved at vi trur at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, vert vi rettferdiggjorde for Gud og ved at vi sannar at han er Herre, vert vi frelste, Jesus frelser oss for æva og gjev oss evig liv. Han gjev oss livsens vatn for inkje, han gjev oss ånd og liv, han gjev liv til til vår sjel og og vekker oss opp til liv i samfunn med Gud som er ånd. Då har vi vekkinga her. Han har vekt opp meg og mange andre, menn og kvinner. Og eg ventar meg at han gjev meg ei slik oppvakt kvinne til kone, ei kvinne som har ei oppvakt sjel, eg kjennest ved Faderen og Sonen for henne, eg kjennest ved Jesus som vår frelsar og Herre, Faderen elskar oss i han, han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Så ventar eg meg at ho også vil komme med den vedkjenninga. Og med den vedkjenninga kan vi snakkast. Vi er ikkje trælar, men vi er fri. Vi har barnekår hos Gud og som hans born kan vi legge alle vår behov fram for han. Så eg ventar meg at det skal gå an å snakke med henne på ein vitug og forstandig måte.

I tidlegare tider tilbad menneska avgudar, laga av stokk og stein. Dei kunne sjå dei og sanse dei, men der var ikkje ånd i dei, dei tenkte ikkje og talte ikkje og gjorde ingen ting, så folk hadde ingen ting igjen for å dyrke dei, dei vart berre dummare av det. Men der var nok herskarar som symboliserte makta si med avguden, ved å få folk til å tru på den, fekk han makt over dei gjennom religionen og slik vart dei trælar under avguden. Så var det berre om å gjere å lyge så godt at folk trudde på lygna. I dei alle fleste tilfelle laug han nok så godt at han trudde på det sjølv også. Folka kriga mot kvarandre, samtidig såg dei på det som ein strid mellom gudar, gudane skulle hjelpe dei i krigen og så kom det an på kven sin gud som var sterkast.

Men Jesus sa at han er sanninga, vert vi verande i hans ord, skal vi få lære å kjenne Sanninga og den skal setje oss fri. Den Heilage Ande føre oss fram til heile Sanninga, den skal herleggjere og openberre Kristus for oss, han er Guds Ord, Gud har skapt alle ting ved han og Gud skaper oss framleis i han. Gud er den same som då han skapte og han skaper oss framelis i samsvar med 1.Mos.2.

Men dette har det vorte protestert kraftig mot i denne siste tida, dette vil ikkje verken dei kristne platonistane, sosialistane eller sosialdemokratane vite av. I staden for å erkjenne sanninga overfor Gud og for folket, seier dei noko heilt anna. Og det som dei seier som erstatning for Sanninga er lygn, det er som avguden laga av stokk og stein, «Lygna» med stor «L». Dei set fram ein påstand og argumenterer for ein politikk, at påstanden er lygn og resonnementet er feil, betyr ikkje noko, det som betyr noko er at dei får med seg folket og soleis får makt. Påstanden kunne vere dum, men den vert likevel ståande umotsagd og makta som soleis vart etablert vert ståande ved lag. Det var eit vesentleg poeng med at mannen ikkje skulle få lov til å tale og svare for seg. Det er som om Sanninga er fallen i retten og slik får dei makt (Jesajas.59,14).

JES 59,1 – JES 59,21 {SYND OG FRELSE}  Sjå, Herrens hand er ikkje så kort  at han ikkje kan frelsa,  og hans øyra ikkje så tunghøyrt  at han ikkje kan høyra. 2   Nei, det er misgjerningane dykkar  som skil mellom dykk og dykkar Gud.  Syndene dykkar løyner hans åsyn,  så han ikkje høyrer dykk. 3   Hendene dykkar er tilsølte med blod  og fingrane flekka med skuld,  lippene dykkar talar lygn,  og tunga mumlar svik. 4   Ingen stemner til doms med rette,  og ingen fører sak på ærleg vis.  Dei lit på fåfengd og talar lygn,  dei ber på urett og føder vondskap. 5   Dei klekkjer ut ormeegg  og vev spindelvev.  Den som et deira egg, må døy,  og knuser du eit, kjem det fram ein orm. 6   Deira vevnad duger ikkje til klede,  ingen kan kle seg med det dei lagar.  Det dei gjer, er vondskaps gjerning,  valdsverk kjem frå deira hender. [Deira vevnad: Den moralske livnaden vert stundom samanlikna med klede. Sml. Sal 132, 9; Job 29, 14.] 7   Dei er snare på foten til det som er vondt,  og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.  Alle deira tankar er vonde,  der dei fer, er herjing og øyding. 8   Freds veg kjenner dei ikkje,  det finst ingen rett i deira spor.  Dei går på krokete stigar,  og ingen som ferdast der, veit av fred.  9   Difor er retten langt borte frå oss,  rettferda når oss ikkje.  Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,  på solskin, men ferdast i skugge. 10   Vi trivlar langs veggen som blinde,  vi trivlar som folk utan augo.  Vi snåvar på ljose dagen  som om det var skumring,  i vår beste alder er vi som døde. 11   Vi gryler alle som bjørnar  og klynkar og klagar som duer.  Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,  på frelse, men ho er langt borte frå oss.  12   Du ser at våre synder er mange,  våre brot vitnar imot oss.  Ja, våre synder veit vi om,  våre misgjerningar kjenner vi: 13   Vi har reist oss mot Herren,  har fornekta han  og gått bort frå vår Gud.  Vi har tala om vald og fråfall  og mumla fram svikefulle ord  som var avla i hjarta. 14   Difor er retten unnatrengd,  rettferda står langt borte.  På torget er sanninga fallen,  og det rette vinn ikkje fram. [På torget: der rettssaker kunne avgjerast.] 15   Truskapen er borte,  og den som held seg frå vondskap, vert plyndra.   Herren såg – og det var vondt i hans augo –  at det ikkje var retten som rådde. 16   Han såg at ikkje ein steig fram,  og undra seg over  at ingen førte hans sak.  Då kom hans arm han til hjelp,  hans rettferd stødde han. 17   Han tok rettferd på seg til brynje  og sette frelseshjelm på sitt hovud.  Så kledde han seg i hemnens klednad  og sveipte om seg brennhug til kappe.  18   Han løner folk etter det dei har gjort,  med harme mot uvener, hemn over fiendar;  jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld. 19   Dei skal ottast Herrens namn i vest  og hans herlegdom i aust.  For han kjem som ein veldig flaum,  som Herrens storm driv fram. 20   Han kjem som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd i Jakob,  lyder ordet frå Herren.  21   Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

Herren vil forsyrgje sine born. Han vil frie meg ut og føre meg vidare inn i eit land som flyt med melk og honning. Møte i Maranata 28.5.2017.

Innleiing.

Ein ung mann las:

1TE 5,19   Sløkk ikkje ut Anden!

Tale ved Håkon Martinsen.

JOH 14,1 – JOH 14,11 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.” 5   Tomas seier til han: “Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?” 6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.” 8   Filip seier til han: “Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.” 9 Jesus svarar: “No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For like som eg høyrer ramnungane ropar og skrik etter mat, slik eg, Herren, høyrer dei dyra der ute, som søker og ropar etter mat, etter drikke, kor mykje meir skal eg då ikkje syrgje for mine eigne born, eg som har kjøpt dykk med mitt eige blod, eg som har fria dykk ut og teke dykk til meg. Derfor kan du komme til meg, slik som du er. Og eg, Herren, skal mette deg med alle gode gåver eg har for deg. No i kveld, kan du få komme til meg og eg, Herren, skal utfrie deg, eg Herren, skal føre deg vidare inn i eit land som flyt av melk og honning. Eit land som har overflod og overflodsliv, det har eg gjeve deg. Derfor sjå deg ikkje engsteleg om, for eg er din Gud og eg har skapt deg og forma deg. Ja, lenge har du kjent på din eigen tomheit, men kom, så vil eg, Herren, fylle dei tome roma. Og det skal flyte ut gjennom deg, så verda skal sjå at eg er din Gud.

For min kjærleik, den er utan grenser og min nåde, ja, den er uendeleg. Derfor kan du få komme, eg har bana, eg er veien, eg er sanninga og eg er livet. Eg vil ikkje at du skal gå uvitane om alle dei skattane som eg har for deg. Men du skal få komme, barn, for alt mitt, det er ditt. Derfor kom, mitt barn, søk til meg. Eg, Herren, skal slukke din tørst, eg Herren skal mette din hunger. For den som hungrar, ja, den som tørstar, ja, den skal eg, Herren, mette. Eg skal syrgje for deg. Sjå deg ikkje engsteleg om, men sjå opp til meg, så skal du få stråle av glede. Og eg, Herren, eg er med deg. Kven kan vere imot?

Aktuelle bibelvers.

SLM 147,9   Herren gjev føde til dyra,  til ramnungar som ropar.

SLM 22,27   Dei hjelpelause skal eta seg mette,  dei som søkjer Herren, skal prisa han.  Gjev hjarta deira alltid må leva!

SLM 36,9   Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,  du lèt dei drikka or gledebekken din. [det beste i ditt hus: den velsigninga som kjem frå heilagdomen.]

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

5MO 26,15 Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna Israel, folket ditt, og det landet du har gjeve oss, så som du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.”

SLM 66,10 – SLM 66,12   For du har sett oss på prøve, Gud,  og reinsa oss, som dei reinsar sølv. 11   Du lét oss gå i garnet  og la ei bør på våre hofter. 12   Du lét menneske fara fram over våre hovud,  vi laut gå gjennom eld og vatn.  Men du førte oss ut og gav oss overflod.

JOH 10,10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

JES 41,10   Ver ikkje redd, for eg er med deg!  Sjå deg ikkje rådvill ikring,  for eg er din Gud!  Eg styrkjer deg og hjelper deg  og held deg oppe med mi frelsarhand.

JES 41,13 – JES 41,14   For eg er Herren din Gud,  som har gripe di høgre hand  og seier til deg: “Ver ikkje redd!  Eg hjelper deg.”  14   Ver uredd, Jakob, du arme kryp,  og de, Israels menn!  Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren,  Israels Heilage er din utløysar.

JES 44,21 – JES 44,24 {EG LØYSER DEG UT}  Kom dette i hug, Jakob,  kom det i hug, Israel!  For du er min tenar.  Eg har skapt deg, du er min tenar,  du er ikkje gløymd av meg, Israel. 22   Eg stryk bort dine brot som ei skodd  og dine synder som ei sky.  Vend om til meg, eg løyser deg ut! 23   Jubla, du himmel,  for Herren har gripe inn.  Rop av fryd, de jordedjup!  Bryt ut i jubel, alle fjell,  du skog med alle dine tre!  For Herren løyser ut Jakob  og syner sin herlegdom på Israel.  24 {JERUSALEM SKAL BYGGJAST OPP ATT}  Så seier Herren, din utløysar,  han som skapte deg i mors liv:  Eg er Herren som gjorde alt;  himmelen spente eg ut åleine,  og jorda breidde eg ut utan hjelp.

JES 44,21 – JES 44,24 {EG LØYSER DEG UT}  Kom dette i hug, Jakob,  kom det i hug, Israel!  For du er min tenar.  Eg har skapt deg, du er min tenar,  du er ikkje gløymd av meg, Israel. 22   Eg stryk bort dine brot som ei skodd  og dine synder som ei sky.  Vend om til meg, eg løyser deg ut! 23   Jubla, du himmel,  for Herren har gripe inn.  Rop av fryd, de jordedjup!  Bryt ut i jubel, alle fjell,  du skog med alle dine tre!  For Herren løyser ut Jakob  og syner sin herlegdom på Israel.  24 {JERUSALEM SKAL BYGGJAST OPP ATT}  Så seier Herren, din utløysar,  han som skapte deg i mors liv:  Eg er Herren som gjorde alt;  himmelen spente eg ut åleine,  og jorda breidde eg ut utan hjelp.

1KR 16,34   Pris Herren, for han er god,  hans miskunn varer til evig tid!

1KR 16,41 Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, røysta i: “Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!”

2KR 5,13 Med eitt sette trompetblåsarane og songarane i, alle som ein, og lova og prisa Herren. Til lyden av trompetar, cymblar og andre musikkinstrument lova dei Herren fordi han er god, og hans miskunn varer til evig tid. Då vart templet, Herrens hus, fylt av ei sky. [ei sky: -> 2 Mos 13, 21.]

2KR 30,9 For når de vender om til Herren, skal brørne og sønene dykkar møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei får koma heim att til dette landet. For Herren dykkar Gud er nådig og miskunnsam. Han vender ikkje sitt åsyn bort frå dykk, så sant de vender om til han.

NEH 9,27   Då gav du dei over til fiendar,  som var harde med dei.  Men i si naud og trengsle ropa dei til deg,  og du høyrde dei frå himmelen.  I di store miskunn  sende du dei bergingsmenn,  som frelste dei frå fiendane deira.

SLM 33,5   Han elskar rett og rettferd,  jorda er full av hans miskunn.

SLM 36,6   Herre, til himmelen når di miskunn,  til skyene rekk din truskap.

SLM 36,8   Herre, kor dyrverdig di miskunn er!   I skuggen av dine venger, Gud,  søkjer menneskeborna livd.

SLM 40,12   Herre, du vil ikkje  ta di miskunn frå meg.  Di miskunn og di sanning  skal alltid verna meg.

SLM 57,11   Stor er di miskunn, til himmelen når ho,  til skyene rekk din truskap.

SLM 86,15   Men du, Herre Gud, er mild og nådig,  langmodig og rik på miskunn og truskap.

SLM 89,15   Rett og rettferd er grunnvoll for din kongsstol,  miskunn og truskap går føre deg.

SLM 103,8   Mild og nådig er Herren,  langmodig og rik på miskunn.

SLM 103,17   Frå æve til æve er Herrens miskunn  over dei som ottast han.  Hans rettferd når til barneborn

SLM 107,1 {HERRENS HJELP I NAUDA}  Pris Herren, for han er god,  hans miskunn varer til evig tid!

SLM 108,5   Stor er di miskunn, til himmelen når ho,  til skyene rekk din truskap.

JES 63,7 {FOLKET ANGRAR OG BED OM FRELSE}  Eg vil minnast Herrens velgjerningar  og lova han for hans storverk,  for alt det Herren har gjort mot oss,  for alt det gode  som han i sin nåde og i si store miskunn  har gjort mot Israels ætt.

MTT 5,6   Sæle dei som hungrar og tyrstar etter rettferda,  dei skal verta metta.

MTT 6,19 – MTT 6,20 {EIT HEILT HJARTA}  Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.

KOL 2,2 – KOL 2,3 Det eg ynskjer for dei, er at dei må få nytt mot, verta knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og skjøn, så dei kan fatta Guds løyndom, som er Kristus. 3 For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde.

1TI 6,17 – 1TI 6,21 {SLUTTORD}  Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja si von til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. 18 Dei skal gjera vel, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og gjerne dela med andre. 19 På den måten skal dei samla seg skattar og leggja ein god grunnvoll for den tid som kjem, så dei kan gripa det sanne livet. 20   Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tome snakket og motsegnene frå den kunnskap som med urette vert kalla så. [kunnskap: Kunnskap har vore eit slagord i den vranglæra som brevet strider imot.] 21 Visse folk vedkjenner seg den og har villa seg bort frå trua.  Nåden vere med dykk!

JES 60,5   Då skal du sjå det og stråla av glede,  hjarta skal banka og vida seg ut.  For havsens rikdom strøymer imot deg,  skattane åt folka kjem til deg.

SLM 34,4 – SLM 34,6   Lat oss saman lova Herren  og prisa hans store namn! 5   Eg søkte Herren, og han svara meg,  frå alt som skræmde, berga han meg.  6   Sjå opp til han, og strål av glede,  så skal de aldri raudna av skam!

ÅPE 7,17 For Lammet, som står midt framfor kongsstolen, skal vera hyrdingen deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal turka kvar tåre frå augo deira.”

ÅPE 21,6 Så sa han til meg: “Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

LUK 15,31 Då sa far hans: “Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt.

RMR 8,26 – RMR 8,39 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. 28   Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

JES 44,28   Eg seier om Kyros: “Han er min hyrding,  han skal fullføra alt det eg vil;  han skal seia om Jerusalem: Byen skal byggjast!  og om templet: Det skal atter verta grunnlagt.” [Kyros: -> 45, 1.]

JES 45,1 – JES 45,8 {KYROS, HERRENS SALVEVIGDE}  Så seier Herren til den han har salva,  til Kyros, som eg held i hans høgre hand  for å tvinga folkeslag under han,  løysa beltet av kongar  og opna dører for han,  så ingen port skal vera stengd. [den han har salva, Kyros: Herren, heile verdsens Gud, har kalla persarkongen til å fullføra hans vilje med Israel. Sml. 41, 1 ff; 45, 13.] [løysa beltet av kongar: setja dei av; beltet var eit teikn på kva makt og vørdnad kongen hadde.] 2   Eg vil gå føre deg.  Bakkar vil eg jamna,  bronsedører vil eg sprengja,  og jernbommar vil eg slå sund. 3   Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,  og rikdomar, gøymde på løynlege stader,  så du skal vita at eg er Herren,  Israels Gud, som har kalla deg på namn. 4   For min tenar Jakobs skuld,  for Israel, min utvalde,  har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,  endå du ikkje kjende meg. 5   Eg er Herren, og ingen annan,  utan meg finst det ingen Gud.  Eg spente beltet om livet på deg,  endå du ikkje kjende meg, 6   så dei skal vita både i aust og vest  at det finst ingen annan enn eg.  Eg er Herren, og ingen annan. 7   Eg skaper ljoset, og eg lagar mørkret;  eg skaper lukke og ulukke.  Det er eg, Herren, som gjer alt dette.  8   Lat det drypa ovanfrå, du himmel,  lat rettferd strøyma, de skyer!  Jorda skal opna seg for det,  og den frukt ho ber, er frelse,  det ho lèt gro, er rettferd.  Eg, Herren, skaper dette.

Kommentar. 

Vere som leiren i pottemakarens hand.

Førre helg talte Jesus om at han ville forme og danne meg som leiren i pottemakarens hand. Om karet var gått i stykker ville han forme eit nytt kar av same leiren, det er same leiren og same karet, men han formar  det på nytt. Eg tenkte på at Gud skaper oss og gjer sitt verk med oss som i 1.Mos.2 og slik vil han gje meg ei kone og det har å gjere med at han skaper og former oss som pottemakaren former leire, går karet i stykker, formar han eit nytt kar av same leiren. Så diskuterte eg kva som er leiren. Karet hennar Virutella gjekk nok i stykker, men Gud kan forme eit nytt kar av same leiren. Men kva med mitt kar, har det gått i stykker? Han seier ikkje det her, men han seier eg skal komme til han slik som eg er, sitat:” Eg som har kjøpt dykk med mitt eige blod, eg som har fria dykk ut og teke dykk til meg. Derfor kan du komme til meg, slik som du er”. Han har skapt meg og forma meg, sitat:” Derfor sjå deg ikkje engsteleg om, for eg er din Gud og eg har skapt deg og forma deg”. Ja, og han som byrja den gode gjerning med meg, han skal også fullføra den.

Gud gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande  og då er det viktig for meg å bere fram lekamen min som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud.

RMR 12,1 – RMR 12,5 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

Og lekamen er eit tempel for den Heilage Ande, eit tempel er eit hus med mange rom og det er om å gjere at alle roma vert fylt av den Heilage Ande. Sitat frå dagens bodskap:” Ja, lenge har du kjent på din eigen tomheit, men kom, så vil eg, Herren, fylle dei tome roma. Og det skal flyte ut gjennom deg, så verda skal sjå at eg er din Gud”.

Lovsangen som Gud la ned i meg.

Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 i Oslo, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere i din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.”

Eg har fortalt om korleis eg bad for henne Virtuelle når eg gjekk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og eg opplevde det slik at var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og slik kalla henne den lovsongen Gud la ned i meg. Gud la lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og det var ein lovsong til han for at han frelser vår sjel for æva og gjev oss evig liv, for at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Dåpen betyr gravlegging av den gamle, vonde naturen, vi får ein ny natur ved at vi vert fødde på nytt av vatn og ande, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Dermed er dette ikkje betinga av vårt ytre menneske, vi skal då sjå det slik at det er gravlagt, for ved trua på Jesus vert vi levandegjorde i Anden. Derfor må vi vende blikket og hugen opp til Jesus og ta imot det som han gjev oss frå himmelen, han gjev oss ånd og liv frå himmelen, han vil gje oss liv i overflod og det er berre om å gjere for oss å ta imot med frimod.

Jesus vil vekke lengselen i meg, han har skapt den og vil fylle den. Han vil eg skal gjenopplivet nådegåva i meg. Bodskapen 15.5.1991:

Se, sier Herren, jeg taler for å vekke din lengsel på nytt, at dette er veien til å søke et dypere liv, at jeg får lov til å få den plassen jeg ønsker i ditt liv, og se, jeg er den som ønsker at du skal kaste fortøyningene, du liker deg så godt der inne ved strandbredden, men jeg vil føre deg videre fram, du er kommet til det stedet hvor, og det punktet hvor du ønsker å fare utover det i dette nådens hav, og legge deg på svøm, du skal få se det løfter, det bærer deg, og du skal få kjenne understrømmen ifra meg, hvor du erfarer det løftende, det er bærende, det er ikke du som skal klare dette, men det er jeg som gjør verket i deg.

Du får oppleve og du får erfare, det er jeg som har begynnt, og fordi det er jeg som har begynnt den gode gjerning i ditt liv, så er det jeg som skal fullføre.

Dette var kassettband-opptak, resten er ikkje kassettband-opptak, for batteria var utladda, så det er ikkje så ordrett gjengjeve:

Tida heretter er ikkje berre kort, men den er såre kort. Søk meg i dag, for i dag er eg å finne. I morgon er det for seint. Men eg er her for å møte deg i denne kveldsstund. Når eg har skapt lengselen, så fyller eg den. Du som ein gong var brennande i ånda, eg vil du skal gjenopplive den nådegåve som er i deg. Det var ikkje tilfeldighet som gjorde at då skuggen av Peter fall på den sjuke (den lame), så vart han helbreda. Det er ikkje du som skal gjere ditt verk, med dine prestasjoner, men det er eg som gjer mitt verk i deg. Vinden bles dit den vil. Igjen vil eg minne deg om at vinden bles dit den vil. Eg tek sterke, (ja, konger), i mi eige. Sjå, du som sår med tårer, du skal få hauste med glede. Du skal få vende tilbake med fulle kornband. Den som eg vil gjere sterk, han vil eg først gjere svak. Sjå, eg har beredt meg eit ringe og audmjukt folk. …., som kan svinge Andens kvasse sverd.

Bodskapen 12.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Kva er problemet?

Problemet var at synda skilde menneska frå Gud, men det problemet har Jesus løyst, for med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle. Vi har teke imot denne glade bodskapen og nytta oss av det i lang tid, vi har fått oppleve at Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Vi har byrja i Anden skal fullføra i Anden.

Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Verdslege maktinteresser argumenterer med bokstaven som slår i hel, for å få makt, slik prøver den også å få makt over menneska gjennom kyrkja og kristne organisasjonar og meir generelt gjennom religionen. Men då verkar det som bokstaven som slår i hel det åndelege livet i samfunnet med Gud. Det verkar til å blåse ut Andens loge. Det verkar slik at menneske med sin fysiske natur prøver å overvinne det åndelege livet med Gud, ja, det kan endåtil gå så langt at mennesket med si empiriske erfaring overvinn og sin rasjonalitet og med si fysiske makt slår i hel sin intellektuelle aktivitet. Lekamen er eit tempel for den Heilage Ande, slik handlar dette om den åndelege nedtrkkinga. Dette har eg skrive om tidlegare og seier ikkje meir om det no.

Ormens strategi er å lokke og forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med og det er så tydeleg at verdsleg politisk makt prøver å få makt over kvinna, for soleis å prøve å få makt over mannen også. Slik har verdsleg makt prøvt å stoppe Guds verk i kyrkja og  i mennesket, for å ta over, som om den kan fullføre det. Det kan den ikkje, det går ein annan veg. Den har prøvt å stoppe meg og den har prøvt å stoppe Guds verk i mitt liv. Men han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Men ingen kan stoppe den som har Guds Ande, for ingen kan stoppe Guds Ande. Herren går føre meg, han sprenger bronsedører og slår sund jernbommar (Jes.45,2), han har nye vegar for meg og opnar nye dører for meg. Han har bana vegen for meg og sett framfor meg ei opna dør, då er det ingen som kan lukke den. Men han har kalla meg til å gå inn. Han friar meg ut, sitat: ” No i kveld, kan du få komme til meg og eg, Herren, skal utfrie deg, eg Herren, skal føre deg vidare inn i eit land som flyt av melk og honning. Eit land som har overflod og overflodsliv, det har eg gjeve deg.

Gud tek seg av mi sak.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord, når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, så eg bad han også om å gje meg ei frelst kvinne til kone. Der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud og eg merka st det vart født i meg ved Anden, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Og nettopp når eg bad for henne Virtuella, fekk eg ei ny fylde av den Heilage Ande og når eg bad for henne ”Miss Oslo 1990” fekk eg ei ny openberring av Herren ved den Heilage Ande.

Eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Han har svart meg ved at Guds kjærleik vart utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Slik la han lovsongen ned i meg.

RMR 5,1 – RMR 5,11 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Likevel gjekk det ikkje heilt slik som eg kunne håpe på  håpe på, men Jesus sa til meg at han hadde lagt lengselen ned i meg og han ville fylle den. Eg skulle berre glede meg i det fullførde frelsesverket, så ville han gje meg det som mitt hjerte attrår. Og no har han sagt at eg har lenge kjent på mi tomheit, men eg skal komme til han og han vil fylle dei tome roma. Eg forstår det slik og opplever det slik at det var noko som ikkje vart noko av, spesielt i mitt forhold til henne Viruella, så det var berre tomheit og meiningsløyse som stod att. Verdsleg makt har gjort politikk ut av det og det er som om dei lagar ein avgud av stokk og stein og ventar seg at folk skal tilbe den. Det er like meiningslaust og inkjeseiande. Men for meg verkar det som om dei med si politiske makt vil stoppe det verket Gud hadde byrja i mitt liv, ja, stoppe meg i mi åndelege utvikling, ja, endåtil i mi intellektuelle utvikling. Det er då utruleg at dei skal ha ein slik pedagogikk. Det gamle pedagogisk slagordet om å bryte barnets vilje, skulle vi helst gravlegge, men det verkar som det tvert om fekk sin rennessanse på universitetsnivå.

Forbønn.

I slutten av møtet gjekk eg til forbønn, eg stilte meg rett framfor talarstolen og Håkon kom bort til meg. Eg sa eg kom i hug noko som Jesus sa til meg for lenge sidan, at han hadde lagt lengselen ned i meg og han han ville fylle den. Han la hendene på hovudet mitt og bad ei kort bøn for meg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s