Kristne verdiar og kyrkja sin identitet. Nasjonale verdiar og nasjonal identitet. 

Norske verdiar og norsk identitet.

Innleiing.

Guds Ord er kyrkja sin rasjonalitet. Jesus er Guds Ord, hans kyrkje er hans brud, så han og hennar kjærleiksforhold til han er hennar identitet.

I den norske valkampen vert det lagt opp til «verdidebatt» også, mange kristne vil verne om «kristne verdiar» og  mange nordmenn vil verne om norske verdiar og det vert spurt om norske verdiar er under press. Men korleis kan de tale om kristne verdiar utan å tale om vår frelse? Og kva er norske verdiar? Sjela er vår identitet som menneske og folkesjela er vår identitet som folk, dersom Jesus frelser vår sjel så er den mest verdifull for oss. Tilsvarande blir det verdifullt for oss som folk å vende oss til han, det har å gjere med vår identitet som folk og vår nasjonale fridom og sjølvstende.

Kristne og verdikonservative vil verne om «kristne verdiar», men kvifor talar dei då ikkje om vår frelse?  Dei vil bevare det dei ser verdi i, men kristne verdiar er fyrst og fremst det Kristus ser verdi i og det er vår frelse og det er ikkje fyrst og fremst å bevare noverande beståande verdiar, men det handlar fyrst og fremst om at Gud gjer noko nytt og det verket Gud gjer, står til evig tid, for Gud frelser oss for æva og gjev oss evig liv. Noko betre konservering finst ikkje!

Dei venstreradikale prøver å gje inntrykk av at dei står for det nye, men når dei forkastar Guds Son og så prøver komme med noko anna i staden, blir dei forførarar, falske profetar og vranglærarar.

Evangeliet er ein glade og frigjerande bodskap som skulle forkynnast for alle folkeslag. Det gjev eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og demokrati, nasjonal sjølvstende og identitet.

Jesus er Sanninga som set oss fri og vi skal vere eitt i han.

Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Vi skal tru på han og elske kvarandre og vere eitt i han, så kjem verda til å skjøne at faderen har sendt han.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 8,31 – JOH 8,32 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.”

JOH 15,16 – JOH 15,19 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!   18 {NÅR VERDA HATAR DYKK}  Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.

JOH 17,20 – JOH 17,26   Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.

EFE 3,16 – EFE 3,17 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

Liberal og sosial?

Gud gjorde sitt verk i dei ved sitt Ord og sin Ande, så kyrkja voks, til tross for at dei vart forfølgde. Så kristendomen vart legalisert og dernest gjort til stats-religion i Vest- Romarriket. Etter kvart kom antikk moral- og politisk filosofi inn i kyrkja og fortrengde evangelisk kristendom. Men dette klappa saman ved oppdaginga av det heliosentrisk verdsbiletet og utvikling av den nye naturvitskapen. Liberalismen vart ein politisk filosofi som bana vegen for nasjonal frigjering og sjølvstende og demokrati.

Men så spørst det, dersom mennesket er fritt, sjølvstendig og autonomt, korleis kan det då vere sosialt? Det har vi allereie svaret på, Jesus er sanninga som set oss fri og vi skal vere eitt i trua på han. Så skal vi gå ut i verda med evangeliet. Så spørst det kven som vil ta imot og vende seg til han. Likevel er dette ei tilbakevendande problemstilling. Vi skal vere lys og salt i verda, då må vi vakte oss, så ikkje ”sosialiseringsprosessen” gjer saltet kraftlaust.

Ein glade bodskap til alle folkeslag.

Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, det er ein glade bodskap både til den einskildet og til folket. For på evangeliets grunnvoll får vi komme inn att i eis slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Så på det grunnlaget får vi oppleve at

Gud skaper oss og gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. Slik skapar han framleis folkeslaga med ulike særpreg. Dette har eg forklart i artikkelen

https://bluehost944.com/2016/07/30/korleis-vere-liberal-og-sosial/

Og i artikkelen

https://bluehost944.com/2017/03/26/nasjonal-frigjering-pa-evangeliets-grunnvoll/

har eg forklart korleis det gjev eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og sjølvstende.

Motstanden mot evangeliet.

I den gamle pakt vart menneske omskorne på kroppen og det var kravet for å verte godteken. Gud ville gjere i ny pakt med jødane og det vart ei pakt med alle folkeslag, for ved trua på Jesus vert vi hjerteomskorne i den Heilage Ande. Ved trua på Kristus har vi fått barnekår hos Gud. Han elskar i Kristus og har omsorg for oss som sine born. Då ber vi til han og han gjev oss gode gåver.

Dersom nokon ikkje vil tru på det og godta det og så prøver å erstatte det med noko anna, så avslører dei seg sjølve som vranglærarar. Vi vedkjenner Faderen og Sonen, når andre då fornektar, så avslører dei seg som antikristar.

Men farisearane og dei skriftlærde ville ikkje godta den og avviste den, for dei hadde omskjerings-pakta og kravde at heidningane skulle la seg omskjere og halde Moselova, for at dei skulle vere godtekne. Elles skulle dei verte utstøytte og dei som heldt seg til denne nye læra vart kalla vranglærarar og forførarar og derfor ville dei utrydde dei. Når dei kristne forkynte evangeliet for heidningane, vart dei forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren. Og då viste det seg at farisearane og dei skriftlærde faktisk var samde i det.

Men Gud forsona verda med seg i Kristus, så ved trua på han er Israels Gud vår Gud. Slik gjorde han slutt på fiendskapen mellom jødar og heidningar. Mykje tyder på at dette er i ferd med å gå opp for jødane og for mange heidningar som vil ha vennskap med dei.

Vi vår tid får vi tydelegvis motstand frå politikarar på grunn av at dei fornektar Kristus og med sitt politiske engasjement prøver seg med ei fornying av keisardyrkinga. Så krev muslimane omskjering for å verte godkjende. Til saman høyrest dei ut til å argumentere for og konkludere med at vi ikkje lenger skal verte godetekne som frie og sjølvstendig tenkande nordmenn i vårt eige heimland. Er det kanskje ikke det som er poenget med motstanden mot evangelisk kristendom? Er det kanskje ikkje det som er den fundamentale motsetnaden?

Nazistane hendretta jødar, men no vert det argumentert for å hendrette kristne også, islamistar vil hendrett jødane og i vår tid hendretter dei kristne også, til samanliking med korleis nazistane hendretta jødar under krigen.

http://pensacoladiscussion.forumotion.com/t5697-burned-alive-while-unarmed-christians

Frå nasjonal frigjering til overnasjonal keisardyrking.

I fylgje Hegel er det den intersubjektive tidsånda som driv historia framover, men Gud og den einskilde har lite og inge betydning for dette. Det siste hang nok saman med interessa av å få til ei tysk samling. Ulike politiske interesser i dei små tyske statane måtte verte samde og det var ein møysommeleg og vanskeleg prosess. Der var dei som meinte det måtte gjerast ved våpenmakt og det vart til at Otto von Bismark utførte det som leiar for ein slik politikk.

I byrjinga gjekk Hitler fram på liknade vis, for å innlemme mindre tyske statar, men hans ideologi og målsetjing var ei anna. Vel var det nasjonalisme og slagordet ”Gott mit uns”, viste at der var kristendom også, men kvar vart det av fridomen og demokratiet? Bismark kjempa imot sosialdemokratiet, men kom arbeidarane i møte med sosiale reformer som la grunnlaget for den moderne velferdsstaten. Men nazismen var nasjonalsosialistisk og sosialismen er internasjonal og/eller overnasjonal og hos nazismen utarta det seg altså slik at dei prøvde å skipe eit overnasjonalt rike, som eit keisarrike, der dei som folk og nasjon skulle råde over andre folk og nasjonar. Og i nazi-ideologien sin hevda dei at det var fordi dei var eit overlegent folk, dei stod på toppen i eit rase-hierarkisk system. Det kan med rette kallast rasisme. Så ideologien var ikkje nasjonal frigjering lenger og var ikkje lenger nasjonalisme i den forstand, men tvert om eit overnasjonalt diktatur, som eit stort keisarrike.

Det er ei svært så eindimensjnal tenking å faciastar, nazistar og rasistar på ytste høgre side, men vi kan godt forstå at kommunistar, sosialistar og sosialdemokratar vil plassere dei lengst mogleg bort frå seg. Det heng saman med at liberalistar er på høgresida og dermed også ”nasjonal liberalistar”, dei som vil ha nasjonal frigjering og sjølvstende og demokrati. Då verkar det slik at nasjonalismen i ordet nasjonal-sosialisme får skulda, for soleis å frikjenne sosialismen. Den såkalla antirasismen går til åtak på det naturlege samhaldet i folket. Destruktive krefter hindrar og øydelegg kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og øydelegg familielivet og slik øydelegg det samhaldet i folket. Det verkar til å øydelegge og bryte ned nasjonalstaten, så overnasjonaliteten får meir makt.

Slik verkar innvandringa også. Her er det viktig å lære av jødane si historie. Dei skulle ta seg vel av innflyttaren, for dei hadde sjølve vore innflyttarar i Egypt. Men i dommartida, før dei fekk sin eigen kong, kom stadig andre folk inn i landet deira og fortrengde dei, så det vart som ein invasjon. Det vart forklart med at dei vende seg bort frå Gud, så han straffa dei slik. Då vende dei seg til han og kalla på han og bad han hjelpe dei og frie dei ut og han reiste opp ein dommar, som leia dei i striden mot fienden, så dei sigra og jaga dei bort. Og vi innser vel at innvandringa ber preg av å vere ein slik invasjon?

For 20-30 år sidan leigde mor mi ut eit par leiligheiter til tyske turistar og vi fekk eit godt vennskap til eit litt ledre ektepar som kom tilbake fleire gongar. Det var forresten dei eg kjøpte seglbåten med. Dei fortalde oss at i mellomkrigstida var bar jødane i Tyskland preg av å vere ei overklasse av kjøpmenn, medan tyskarane sjølve var fattige. Men etter krigen vart tyskerar sjølve rike. Ja, vi veit då at med marshall-hjelpa kom der ein stor økonomisk oppgang i Vest-Tyskland og elles i Vest-Europa. Nazi-partiet var det tyske Arbeidarpartiet og langt på veg stemte politikken deira med marxismen, det var klassekamp og det var væpna revolusjon. Det var økonomiske forhold som dreiv historia framover, ved at fattigdom, nød og fornedring resulterte i klassekamp, som endåtil resulterte i væpna revolusjon og krig. Men kva gjekk gale? Etter krigen vart der ei økonomisk oppgangstid, så den og kan gje marxismen rett i at det er først og fremst økonomiske forhold som driv historia framover.

Eg har rita opp ein del gode argument som nazistane brukte og det skulle vel berre mangel om dei ikkje hadde ein del gode argument når dei klarde å få så stor makt, om eg har ei svart-kvitt-tenking, så utartar det seg ikkje slik at eg ikkje klarar å innsjå det. Men den store feilen var stoltheita og overmotet ved at dei som folk ville heve seg over andre folk, som ved ei religiøs tru, så det kan karakteriserast som at dei ville prøve å gjere seg sjølve liksom Gud. Slik vart det til keisardyrking.

Dette minner om politikken til Babelkongen:

JES 14,4 – JES 14,23 då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen:   Sjå, no er det ute med valdsherren,  no er det slutt på hans ville framferd! 5   Herren har brote sund staven åt dei gudlause,  styrarstaven åt tyrannane, 6   som råka folkeslag i harme  og aldri heldt opp med å slå,  som tvinga folket under seg i vreide  og forfylgde dei utan miskunn. 7   Heile jorda har fått fred og ro,  folk set i med fagnadrop. 8   Jamvel sypressane gleder seg  over det som har hendt deg,  og sedrane på Libanon jublar:  “Sidan du fall,  kjem ingen opp og feller oss.”  9   Dødsriket der nede kjem i uro  når det skal ta imot deg.  For di skuld vekkjer det daudingar,  alle som var fyrstar på jorda;  det får alle kongane over folka  til å reisa seg frå sine troner. 10   Dei tek til ords og seier til deg:  “Så er du òg vorten kraftlaus som vi,  no er vi alle like. 11   Du som var så stor og stolt,  til dødsriket er du nedstøytt  med dine klingande harper.  No ligg du på ei roten lege,  mòl og makk er ditt teppe.”  12   Kor du er fallen frå himmelen,  du strålande morgonstjerne, du son åt morgonroden!  Kor du er slengd til jorda,  du som la under deg folkeslag! [morgonstjerne: bilete på babylonarkongen.] 13   Det var du som tenkte med deg:  “Til himmelen vil eg stiga opp;  høgt over Guds stjerner  reiser eg min kongsstol.  Eg tek sete på tingfjellet lengst i nord. 14   Eg vil stiga opp over dei høge skyer  og gjera meg lik Den Høgste.” 15   Nei, til dødsriket er du nedstøytt,  lengst ned i den djupe hola.  16   Dei som ser deg, stirer på deg,  undrast og seier:  “Er dette den mannen som skok jorda  og fekk kongerike til å skjelva, 17   han som gjorde verda til ei øydemark,  la byar i grus  og aldri lét fangar få fara heim?” 18   Alle kongane over folka kviler  med ære, kvar i sitt hus. 19   Men du ligg bortslengd og har inga grav,  du er som ein vanvørd kvist.  Du er overbreidd av drepne menn,  som er gjennombora med sverd  og kasta ned i ei steingrav,  som eit nedtrakka åtsel. 20   Du får ikkje koma i grav med andre,  for landet ditt har du øydt,  og folket ditt har du drepe.   Dei som er ætta frå ugjerningsmenn,  skal aldri nemnast meir. 21   Gjer slaktebenken ferdig til sønene hans  for den misgjerning deira fedrar har gjort!  Dei skal ikkje stå opp og ta jorda i eige  og grunnleggja byar kringom i verda.  22   Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren. 23 Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Jfr. Op.17-18.

Til samanlikning er det mange i vår tid også, som prøvar å bruke gode argument, men i det dei forkastar Guds Son, argumenterer dei for ei liknande keisardyrking. Det går langt inn i kyrkja og kristne organsisasjonar og Kristeleg Folkeparti.

To nasjonalsosialistiske missfoster, karrikert som ein norsk variant av heilage kyr.

Gud overbeviste Peter om å gå til heidningane med evangeliet, så han og andre jødar var i same lokalet som heidningar, same forsamling, same kyrkjelyd. Men så kom der nokre fleire jødar og då skilde han lag med dei heidning-kristne. Og Paulus kritiserte han for det.

GLT 2,11 – GLT 2,21 {BÅDE JØDAR OG HEIDNINGAR VERT RETTFERDIGE VED TRU}  Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han. 12 Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne. [skilde lag: Jødane meinte at dei vart ureine når dei åt saman med heidningar.] 13 På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira. 14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: “Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?” 15 Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt. 16 Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud. 17 Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå! 18 Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar. 19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21 Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.

Men framleis ser vi, både  i kyrkja og i kristne organisasjonar, at der er nokre som vil prøve å framstille seg som betre enn andre, ved å støyte dei ut. Og det har seg slik at i middelalderen kom den tradisjonelt lærde overklassa inn i kyrkja, med sin antikke filosofi og fortrengde den evangeliske forkynning. Og vi veit at med den filosofien vart det argumentert for at ei lærd overklasse skulle styre og slik vart det argumentert for keisardyrking også. Ein slik argumentasjon finn vi igjen i Kristueleg Folkeparti. Dei prøvar å få med seg nokre ved å støyte ut andre, så i følgje Gal.2,11-13 er de pr definisjon hyklarar. Det vart demonstrert ved at de spaserte på byen som heilage kyr:

http://www.dagen.no/Nyheter/PRESIDENTVALG/Hareide-er-skremt-over-kristne-Trump-fans-409576

I India  er det mange heilage kyr og muslimane er ikkje særleg begeistra for slik religiøs overtru. Og dei er heller ikkje særleg begeistra for slike ”norske heilage kyr”, kristendome er det ikkje og det stemmer visst ikkje med læra deira heller. Likevel prøver de å fine dykk inn med dei som slike heilage kyr, sleike immane oppetter ryggen. Går det an å verte dummare?

Det er ein demonstrasjon av at Kristeleg Folkeparti sin politikk har spelt fallitt. Det handlar ikkje berre om politiske saker, men metode, så vi må rekne med at det er eit tilbakevendande problem. Det er tydeleg i verdidebatten dykkar, der de talar om såkalla kristne verdiar.

https://www.nrk.no/ytring/faktisk-helt-feil-om-kristne-verdier-1.13651186

https://www.nrk.no/ytring/historielost_-tvert-imot_-1.13654155 26.8.2017.

Korleis kan de tale om kristne verdiar utan å tale om vår vår frelse? Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Den største kristelege verdien er å verte frelst for æva og få evig liv. Så lenge de ikkje ærar og takkar Faderen og Sonen for frelsa, har de eit tilbakevendande problem.

SLM 2,1 – SLM 2,12 {HERREN OG DEN HAN HAR SALVA}  Kvifor ståkar folkeslaga,  kvifor legg folka gagnlause planar? 2   Kongane på jorda reiser seg,  fyrstane legg råd i lag  mot Herren og den han har salva: [den Herren har salva: kongen i Israel, her skildra som frelsarkonge (Messias). Sml. 1 Sam 10, 1.] 3   “Lat oss slita sund deira lekkjer  og kasta deira reip av oss!”  4   Han som tronar i himmelen, ler,  Herren spottar dei. 5   Så talar han til dei i sin vreide,  med brennande harme skræmer han dei: 6   “Det er eg som har sett inn min konge  på Sion, mitt heilage fjell.”  7   Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.  Han sa til meg: “Du er son min,  eg har født deg i dag. [det Herren har fastsett: kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Sml. 2 Kong 11, 12.] [født: Kongen har fått stilling som son, med fullmakt til å styra på Guds vegner.] 8   Bed meg, så gjev eg deg folka til arv  og heile jorda til eige. 9   Du skal knusa dei med jernstav  og slå dei sund som leirkar.” [jernstav: styrarstav av jern.]  10   Og no, de kongar, far visleg fram,  ta imot åtvaring, de styrarar på jord! 11   Ten Herren med age og glede, 12   kyss skjelvande jorda for hans føter,  så han ikkje skal verta vreid  og de gå til grunne på vegen.  For lett kan hans vreide kveikjast.   Sæle er alle som flyr til han.

ÅPE 4,8 – ÅPE 4,11 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:  Heilag, heilag, heilag  er Herren Gud, Den Allmektige,  han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11   Verdig er du, vår Herre og Gud,  til å få all pris og ære og makt.  For du har skapt alle ting;  du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

ÅPE 5,6 – ÅPE 5,14   Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda. 7   Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:  Verdig er du til å ta imot boka  og bryta segla på henne.  For du vart slakta  og har med ditt blod frikjøpt for Gud  menneske av alle ætter og tungemål,  av alle folk og folkeslag. 10   Du har gjort dei til eit kongerike,  til prestar for vår Gud,  og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:  Verdig er Lammet som vart slakta,  verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,  ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:  Han som sit på kongsstolen,  han og Lammet skal ha all takk og ære,  pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Med denne ”splitt og hersk teknikken” vart Kristeleg Folekparti  sin politikk som eit nasjonalsosialistisk missfoster som aller helst burte aborterast. Tilsvarande prøvde sosialistsne og sosialdemokratane på si side å definere eit nasjonalsosialistisk missfoster som aller helst burde likviderast.

2011.08.07&14. Om terroråtaket i Oslo.

2016.06.19. Maranatha. Alt kjøts Gud.

Læreplan som innkluderer og samlar folket. Vestens problem med sitt fridomsideal og sin identitet.

Det norske nazi-partiet under krigen heitte Nasjonal Samling, så desse orda kling ikkje godt i øyrene. Men sosialt samhald i slekta og folket og nasjonal frigjering og sjølvstende, med nasjonal identitet, er då positivt og verdifullt for oss.

Er der nokon politikar i Arbeidarpartiet som med rette kan kallast landsfader, så må det vere Gudmund Hærnes, ganske enkelt fordi han skreiv den generelle læreplanen. I dokumentet

https://bluehost944.com/2017/07/31/kristendomens-metode-og-vitskapens-metode-kva-med-demokratiet/

har eg forklar korleis den verkar inkluderande og samlande for folket og eg vil påstå at den verkar frigjerande også, ved at den anerkjenner at vi har ulike interesser og fungerer på ulik vis i samfunnet. Resten av læreplanen fekk kritikk for at den var så omfattande og detaljert, eg har ikkje sett den sjølv, men eg veit at i kunnskapsløftet vart dei spesielle læreplanane forenkla og eg såg desse læreplanane i matematikk og fysikk, dei var kortfatta og som realist likar eg å forholde meg til slike klare og enkle setningar. Eg ser det også slik at det gjev meg ein viss fridom ved deligering av makt og det følgjer ansvar med det. Men slik er då menneskelivet og tilværet og det ville vere dumt om vi ikkje erkjennte det.

Tidlegare læreplanar var ikkje så samkøyrde og resultatorienterte, så elevar kunne velge fag som det var vanskeleg å bygge vidare på. Det var nødvendig å gjere noko med det. Og Gudmund Hærnes gjorde det nokså autoritært, rådførde seg berre med ein forholdsvis liten krets, utan å sende det ut på høyring og rådføre seg med ein vid krets av betydningfulle pedagogar, slik som hadde vore vanleg tidlegare. Han fekk mykje kritikk for det, fra mange betydningfulle pedagogar, der det vart påstått at læreplanen var strategisk og instrumentell, det vil seie at den vart eit instrument og eit reiskap for politiske leiarar og dernest sikkert også for økonomiske interesser. Dei såg nok også nasjonal-kjensle og nasjonal identitet i det og det slik som det vart forstått og definert sentralt, av Arbeidarparti-leiinga, og såg det i motsetnad til lokalt demokrati. Men så vidt som eg kan sjå, er den generelle læreplanen nokså innkluderande og gjev masse rom for demokrati. Ja, det har vore stor semje om at den er god og den vart også kopiert over i kunnskapsløftet.

Men vi har då hatt fridom og demokrati lenge og dette er mest eit spørsmål om vi er så pass opplyste og har fått så pass vit og forstand at vi er i stand til å nytte det. Korleis då? Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, så skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Ved trua på Kristus vert sanninga integrert i oss. Norske kvinner gjorde då det kunststykket at dei fornekta Kristus og avviste sanninga ved å protestere mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og manner er hovudet for kvinna. Så deira fridomsideal vart istaden som å hendrette Sokrates og drive kristendomsforfølging. Å kalle det frigjering, er berre lureri. Hendsikta med det var som kjent avgudskyrking og keisardyrking, diktatur.

Soleis definerer dei det vestlege fridomsidealet på ein annan måte, så det vert forstått som lureri. Det er den vesentlege grunnen til at demokratirørsla i Kina fekk seg eit skot for baugen i 1989 og det er den vesentlege grunnen til at den arabiske våren har slått så grundig feil.

Kristne verdiar og nasjonale verdiar. 

Gud lova Abraham at i han skulle alle folkeslag velsignast og denne lovnaden får vi oppfyllt i Kristus. Det betyr å komme inn i samfunnet med den sanne og levande Gud , som er ånd. Det er åndeleg velsigning som gjev åndeleg utvikling og dermed utvikling av intellektet. Vi trur at Kristus er Sanninga og vi må holde oss til han, slik må vi vite å verdsetje sanninga i realfaga. Eg vil hevde det resulterer i utvikling av  realfag, matematikk, naturvitenskap og teknologi. Slik  resulterer det også i materiell velsigning og utvikling av samfunnet.

Trua på Kristus har gitt oss von for framtida, som går ut over dette jordelivet, med håpet om evig liv, sjå berre Hebr.11, han gav oss ikkje missmods ånd, men den ånd som verkar kraft, kjærleik og visdom (sindigheit).  Det gjev oss ei optimistisk von for framtida, for han gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande og slik skaper han utvikling og framgang.

Jesus sa vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel. Og sjølv let han seg korsfeste og døy i staden for oss, nettopp for å frelse vår sjel for æva og gje oss evig liv. Om vi skal tale om kristne verdiar, så må det fyrst og fremst vere det som er verdifullt for Kristus og det er vår sjel, han vil frelse vår sjel for æva og gje oss evig liv, han vil gje ånd og liv til vår sjel og soleis vekke oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og Faderen vil ta omsorg for oss som sine born og slik vil han ta omsorg for sine henders verk.

Sjela er vår identitet som menneske og folkesjela er vår identitet som folk, dersom Jesus frelser vår sjel så, er den mest verdifull for oss. Tilsvarande blir det verdifullt for oss som folk å vende oss til han, det har å gjere med vår identitet som folk og vår nasjonale fridom og sjølvstende.

I denne artikkelen avklarer eg forholdet mellom realfag og trua på Gud:

https://bluehost944.com/2017/07/31/kristendomens-metode-og-vitskapens-metode-kva-med-demokratiet/

Ofringane.

I den gamle pakta ofra prestane sauer og geiter, storfe og fjørfe. Eg ser det på grunnlag av 1.Mos.2, der dyr er tydelegvis symbol på menneske og folk og eigenskapar hos mennesket, vi har dyrsike eigenskapar. Dette finn vi igjen elles i Bibelen også. Det stemmer med det som naturvitskapen seier om menneske og dyr og kan forklarast med utviklingslæra, men sjølv om det har skjett ei slik utvikling, trur og hevdar eg at det likevel er Gud som har skapt det slik.

At menneske har dyriske eigenskapar og at dyr soleis vert brukt som symbol på menneske, gjev desse ofringane meining.  Det symboliserer at visse dyriske eigenskapar hos menneske skal døy, for at den typisk menneskelege eigenskapen skal overleve og leve vidare, slik at den vert utvikla vidare.

To bukkar skulle brukast til synedoffer, den eine skulle slaktast og den andre skulle jagast ut i øydemarka.

3MO 16,7 – 3MO 16,10 Og han skal ta dei to bukkane og leia dei fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra. 8 Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel. [Asasel: ei vond ånd som israelittane meinte heldt til ute i øydemarka.] 9 Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og ofra som syndoffer. 10 Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens åsyn, så dei kan gjera soning med han, og så skal han sendast ut i øydemarka til Asasel.

Så dette kom til erstatning for at eit menneske skulle drepast og eit anna menneske bannlysast og støytast ut.

Men Anitokus 4 Epifanes prøvde å tvinge jødane til å dyrke Zevs og fekk rydja bort den jødiske øvstepresten. Ein prestefamilie leia jødane til opprør og klarde å drive dei attende og då vart det slik at mange av dei som levde ugudeleg, etter jødisk standard, vart utstøytte. Men no heretter fungerte ikkje prestetenesta deira skikkeleg lenger. Det viste seg ved at dei støytte frå seg Kristus. Men han var det Guds lam som bar verda si synd og døde i staden for kvar ein av oss, så vi skal sleppe å verte drepne eller bannlyste og utstøytte.

Livet og lyset.

Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset for menneska. 

JOH 1,1 – JOH 1,18 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6   Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Det skin for alle menneske, men ikkje alle veit det og erkjenner det og nokre trekk seg unna og prøver å gøyme seg i mørket. Andre vender seg til lyset. Slik har det med vår eigen subjektive innstilling å gjere.

JOH 3,14 – JOH 3,21 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”

Det kjem an på auget som ser. 

MTT 7,1 – MTT 7,6 {DØM IKKJE!}  Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! 2 For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med. 3   Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? 4 Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige? 5 Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din. 6   Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Den rettferdige sin veg er som morgonglima som vert klarare og klarare inntil høglys dag.

OSP 4,18 – OSP 4,19   Men stigen åt dei rettferdige er lik morgonglima,  som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag. 19   Men den vegen dei vonde går, er som kolmørkret;  dei veit ikkje kva dei snåvar i.

Han døde i staden for oss, så vi skulle få liv ved han, han var komen for å gje oss ånd og liv, ja, liv i overflod. Så dess meir liv vi tek imot, dess lysare får vi det.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 6,35 Jesus svara: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

JOH 6,47 – JOH 6,48 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød.

JOH 6,63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

JOH 10,7 – JOH 10,11   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene.

MTT 5,13 – MTT 5,16 {SALTET PÅ JORDA OG LJOSET I VERDA}  De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned. 14   De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. 16 Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

Han som sa at lys skulle skine fram av mørket, han har lete det skine i våre hjarto.

2KO 4,1 – 2KO 4,15 {SKATTEN I LEIRKAR}  Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. [denne verdsens gud: djevelen.] 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.

Gud skaper oss i Kristus, han er den same og skaper oss i samsvar med 1.Mos.2. Men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

1KO 15,42 – 1KO 15,50   Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.

Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

MTT 6,25 – MTT 6,34 {SYT IKKJE!}  Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Han sa vi skulle sjå på fuglane og liljene, det er då dyrelivet og plantelivet, det er naturen, det er det naturlege livet som naturleg får næring. Skulle kanskje ikkje det fungere for menneska også? Problemet er nok at dei søker kunstige avgudar i staden og det resulterer i at naturen ikkje lenger fungerer slik som den skulle.

MTT 19,16 – MTT 19,30 {JESUS OG DEN RIKE UNGE MANNEN}  Då kom det ein mann til han og spurde: “Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?” 17 Jesus svara: “Kvifor spør du meg om det som er godt? Det er berre éin som er god. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!” 18 “Kva for bod?” spurde mannen. Jesus svara: “Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. 19 Du skal æra far din og mor di. Du skal elska nesten din som deg sjølv.” 20 “Alt dette har eg halde,” svara den unge mannen. “Kva står då att?” 21 Jesus sa til han: “Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!” 22 Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik. 23   Då sa Jesus til læresveinane: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket. 24 Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.” 25 Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte og sa: “Kven kan då verta frelst?” 26 Jesus såg på dei og sa: “For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.” 27   Då tok Peter til ords og sa: “Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg? Kva skal vi få?” 28 Jesus sa til dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt, og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene. 29 Og alle som har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att mange gonger og få evig liv. 30 Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste.

LUK 10,38 – LUK 10,42 {JESUS HJÅ MARTA OG MARIA}  Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta tok imot han i heimen sin. 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: “Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.” 41 Då svara Herren: “Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.”

Når vi høyrer denne forteljinga, har vi nok lett for å tenke som so at enten er du som Maria som sit og høyrer på Jesus eller så er du som Marta som vel å styre med dei nære ting i staden, Maria sit og høyrer på han heile tida, typisk for dei som går på bibelskule, medan Marta held fram med å styre med dei nære ting, stelle huset heile tida. Men både både Marta og Maria stelte huset og var soleis opptekne av dei nære ting og begge trudde på Jesus, høyrde på han og tok imot hans ord. Men no kom dei tydelegvis i eit dilemma, dei hadde framleis praktise oppgåver å gjere med å stelle i stand til selskapet, medan han sat der og underviste. Kva skulle dei då velge? Då valde dei ulikt. Og Jesus sa at Maria hadde valt den gode luten og den skal ikkje takast frå henne. Slik er det nok mange som trur på han, men nokre vel å leve nærare han enn andre. Og Jesus kalla og valde ut nokre til å leve nærare han enn andre, hans næraste disiplar kalla han til å følgje han stort sett overalt.

Sjølv om vi trur på han og har valt å høyre på han og ta imot han og det ordet han talar til oss, så må vi rekne med at dette er ei tilbakevendande problemstilling. Vi opplever at vi må ta oss av dei nære ting i kvardagen. Men han er kalla Immanuel, Gud med oss, og vi trur på han og trur han er med oss sjølv om vi ikkje alltid ser det. Det er om å gjere for oss å ta tid til å søke han i bibellesing og bønn i løynkammeret og i kyrkjelyden og innvie oss for han, så vi får sjå og oppleve at han er med oss i kvardagen.

Gud vil ta omsorg for sine born og sine henders verk.

Bodskapen 12.11.2006:

Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.

Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja. 

 Kalla på Herren når han er nær, bøye seg for han og innvie seg for han. 

Andre bodskapen 18.6.2017:

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. 

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Han sa eg hadde vore gjenstridig og helde meg litt på avstand. Det syntest eg var litt trist, det gjore meg litt sorgfull. Bodskapen er nepppe berre til meg, men korleis kan eg ha vore gjenstridig og halde meg litt på avstand? Eg har vore oppteken av realfag og eg veit at det er mange som prøver å bruke vitskapen som argument mot trua på Gud, men eg ser det slik at det skjer helst i samfunnsvitskap og i politisk, moralsk og religiøst engasjement. Mi interesse for realfag blir då som å innta det lova landet.

1MO 22,5 – 1MO 22,19 Då sa Abraham til tenestgutane sine: “Ver de her med eselet! Eg og guten vil gå dit bort og tilbe; og så kjem vi hit til dykk att.” 6 Så tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa; og så gjekk dei saman, dei to. 7 Då sa Isak til Abraham, far sin: “Du far!” Og han svara: “Ja, guten min.” Isak sa: “Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?” 8 Abraham svara: “Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.” Og så gjekk dei frametter, dei to. 9   Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. 10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin. 11 Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: “Abraham, Abraham!” Og han svara: “Ja, her er eg.” 12 Då sa engelen: “Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.” 13 Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14 Og Abraham kalla den staden “Herren ser”. Og den dag i dag seier dei: “På fjellet der Herren lèt seg sjå.” 15   Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: “Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.” 19 Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

Så for meg kan trua på Gud innkludere realfaga. Men eg innser at når eg skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, blir mi interesse for realfag av andre prioritet og soleis ei litt anna sak. Når eg studerer realfag, studerer eg denne verda og det beståande, men med eit perspektiv som går langt ut over den tida vi lever i. Men når eg søker Gud og hans rettferd,  innvier eg meg for han og let han gjere noko fundamentalt nytt ved sitt Ord og sin Ande. Han føder menneske på nytt, så dei ver hans born og så tek han omsorg for dei som sine born og slik vil han ta omsorg for sine henders verk. Når vi kjenenst ved Kristus som vår frelsar og Herre, får vi oppleve Guds frelseskraft i våre liv, vi får kjekke kreftene av Jesu oppstode frå dei døde. Vi lyder han, underkastar oss han og tilbed Gud i ånd og sanning, så vi får oppleve at Gud gjer noko nytt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande.  Då handlar ikkje dette om kunnskap om denne verda, det beståande, men det handlar om å tru på han og kjennast ved han og soleis lyde han, så vi får oppleve at Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Så slik skal vi legge verda under oss.

Eg kjem i hug at endåtil før eg så ope vedkjende mi tru vedkjende i mitt stille sinn at eg syntest det var rart at mykje av den meir eller mindre kristelege moralen gjekk ut på å dikutere kor verdslege dei kristne kunne vere, for å setje grenser mellom ”såkalla kristne” og ”såkalla ikkje-kristne”. Som om dei kristne skulle ha ei sjølvsagd interesse av verte mest mogleg verdslege, ved å fjerne seg frå Kristus, men der måtte setjast visse grenser. Då vedkjende eg at mi interesse er tvert om å halde meg nær til Kristus og det må då vel vere det som er interessa for ein kvar kristen.

Ja, det blir då tydeleg ved at Jesu kyrkje er hans brud, ho elskar han som sin brudgom, derfor vil ho vere saman med han og halde seg nær til han. Då blir denne moralfilosofiske diskusjonen temmeleg uinteressant, på sett og vis irrelevant, for vår interesse er å halde oss nær han. Og det sjølv om Jesus sende disiplane sine ut i heile verda med evangeliet, for dei skulle likevel sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Vi skal vere lys og salt i verda ved at vi trur på Jesus oeg held oss nær til han og då må vi gå ut i verda, liksom salte må trenge inn i kjøtstykket for å konservere det. Om menneske på ein plass ikkje tok imot dei og bodskapen deira, men støytte dei frå seg, så skulle dei berre fare vidare. Slik  kunne der oppstå skille mellom kristne og verdslege. Men verda trengde dei og bodskapen deira, så der var alltids menneske ein eller annan plass som tok imot dei og bodskapen deira.

Og no, når Jesus kallar meg nær til seg og til å innvie meg for han, så vedkjenner eg i mitt stille sinn at eg er glad for det og takkar han for det. For ved trua på han fekk eg oppleve at han gav meg ånd og liv, han er Guds Son og har gjort Gud kjend for meg. Gud er kjærleik og eg har fått oppleve at han elskar meg i Kristus, han elskar oss i Kristus og har omsorg for oss  som sine born. Det er herleg og det vil eg berre oppleve meir av.

Sjølv om ein verdsleg herre eller herskar har eit så godt leiarskap og opplegg at det er verdifullt både for han og oss og andre med, at vi lyder han og let han leie oss og arbeider for han, så opplever vi det likevel som fridom å verte ferdig med den jobben. Men Kristus er av herlegdoms Ande Guds veldige Son og Faderen har salava han og innsett han som vår frelsarkonge. Så vi audmjukar oss for han og ber om nåde og påkallar han som vår frelsar og Herre, for soleis å gje han makt i våre liv og vi opplever det herleg. Og vi gjer rett i å gje uttrykk for det i lovprising.

Så dette er ikkje eit spørsmål om kunnskap om denne verda, men det er eit spørsmål om å tru og lyde og tilbe, for soleis å oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Og det er herleg.

Kristus er kjærleikens konge.

Age for Herren er opphav til visdom. Den får oss til å bøye oss for Kristus og ta imot den nåden Gud gjev oss i han. Då får vi oppleve den fullkomne kjærleiken og den driv angsen ut.

SLM 111,10   Age for Herren er opphav til visdom,  godt vit har alle som lever etter den.  Herren skal prisast til evig tid.

OSP 1,7   Age for Herren er opphav til kunnskap;  dårar vanvørder visdom og tukt.

OSP 9,10   Age for Herren er opphav til visdom,  å kjenna Den Heilage er vit.

1JO 4,7 – 1JO 4,19 {GUD ER KJÆRLEIK}  De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Bodskapen 15. september 1996:

Ja, sier Herren, når du lar denne kjærlighet fylle deg, prege ditt sinn og prege ditt innvortes menneske da vil du også være i en atmosfære og du vil være i et område i Åndens verden som gjør at dette ny som jeg har talt til deg vil vokse, ja, det nye livet vil blomstre. For kjærligheten sier Herren, det er …. sirkulasjonen, det er hjerteslaget, det er livet fra meg. (La det få prege deg), la mitt ord om kjærlighet helbrede sår og skavanker i din personlighet, slik at du våger å leve, slik at du våger å opne deg. La min kjærlighet i denne stund helbrede all skuffelse, alle ting som har gjort at du har lukket deg til, slik at du igjen kan leve og blomstre. For jeg, min plan med deg er … et folk som blomstrer og lever, sier Herren. Derfor la min legende hånd være over ditt hjerte i denne stund. Alle de sår og indre ting som har bundet deg, se, jeg Herren leger deg i denne stund. 

…..og da denne guddommelige duft i ditt indre stiger opp for meg, innfor nådens trone og denne duft, den blir til røkelse og tilbedelse, skal du vite mitt barn, at der vil min trone bygges, der vil min makt komme mer til syne, der vil mine gjerninger, der vil min hånd, der vil mitt verk igjen komme til syne, for jeg virker gjennom kanaler som er åpne, sier Herren. Jeg har valt å virke gjennom mennesker. Jeg kan gjøre hva jeg vil, men jeg har valt å virke gjennom mitt folk som er mitt legeme. Derfor lukk deg ikke til, men åpne deg vidt opp, slik at hele ditt liv blir en blomstring (av det) guddommelige jeg har lagt i deg. For du har lagt,- fått noe i deg, en skatt som du har i lerkar, som skal berike. Du skal være velsignet, men du skal også være til velsignelse. Amen.

Bodskapen 28. november 2001:

Ja, eg vil regjera utifrå ditt hjertes trone, sier Herren, og eg ønska at du selv skal få stiga ned, gi meg den retten som tilkommer meg, for eg er ikkje ute for å ødeleggja livet ditt. Eg er ute for at du skal få oppleva at eg tar styringa, eg tar kontrollen, ikkje som ein ond despot, men som en kjærlighetens konge, som drar omsorg for mitt folk, som vet kva du trenger til, og eg vil losa deg igjennom, eg vil føra deg igjennom, ja, eg går selv frem foran deg og min herlighet skal også slutta toget ditt. Og du skal vita det er berre iden grad at eg får lov til å få råderetten i ditt liv, du skal også få kjenna at du trivest, du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til, for du skal få kjenna min kraft, min nærhet, og eg vil – eg vil også bruka deg som mitt redskap, som min kanal for mine velsignelser. Og dessto meir eg får råderetten på ditt hjertes trone, dessto rikare får min velsignelse flyta gjennom livet ditt, og du får lov til å ikkje berre koma inn i den tredje beste, den nest beste, men den beste planen med ditt liv, ikkje nøy deg med noko mindre, eg ønsker å vera din Herre, eg ønsker å leda deg og ta hånden om livet ditt, sier Herren, og du skal få oppleva når du gir meg råderett, skal du også oppleva at min makt openbares, min makt openbares. Eg tvingar meg ikkje inn på denne rett, i livet ditt, men eg viser deg min nåde og eg viser deg kor høyt eg elsker deg. Og så ønsker eg også du skal få levera nøklane til meg til alle dine rom, også dine aller hemmelegaste rom skal du få levera nøklane og seia Jesus, velkommen inn, velkommen inn med ditt lys, velkommen inn med ditt ords tilrettevisning, eg bøyer meg for deg. Så skal du få oppleva at der blir trivsel i huset og du skal få merka eg er ikkje komen for å ødelegga, eg er komen for at du skal få del i liv og liv i overflod, sier Herren. 

Frelse for æva og evig liv, fridom frå trældomen under avgudane.

Kristendomen si metode og vitskapen si metode. Kva med demokratiet? Kva med mi sak?

I sommar skreiv eg ein artikkel som eg kalla ”Kristendomen si metode og vitskapen si metode. Kva med demokratiet?”

https://bluehost944.com/2017/07/31/kristendomens-metode-og-vitskapens-metode-kva-med-demokratiet/

Her viste eg til at  den generelle læreplanen lista opp ulike interesser og funksjonar som menneske kan ha:

DET MEININGSSØKJANDE MENNESKET

DET SKAPANDE MENNESKET

DET ARBEIDANDE MENNESKET

DET ALLMENNDANNA MENNESKET

DET SAMARBEIDANDE MENNESKET

DET MILJØMEDVITNE MENNESKET

DET INTEGRERTE MENNESKET

Så viste eg til klimasaka og ein artikkel om postmodernismen og ein debatt om den som viste ei motsetjing mellom postmodernismen og positivismen og påstod at med klimasaka og desse metodane (-ismene) vert det allmenndanna mennesket og det miljømedvetne mennesket så dominerande at det fortrenger dei andre typene, interessene og funksjonane. Ja, eg vil endåtil påstå at det miljømedvitne og det allmenndanna mennesket vert redusert og trongsynt, mykje av deira funksjonar vert amputert. Og den dominerande årsaka til det er at dei har avvist evangeliet og forkasta Guds Son.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrollet eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Når menneska (verda) då ikkje vil la seg forsone med Gud slik, viser det seg at dei erstattar han med avgudar og det stemmer ikkje verken med Biblens lære eller med naturvitskapen/realfag.

Vi har søkt samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og fått oppleve at han gjer sitt verk i oss og mellom oss, ved sitt Ord og sin Ande. Vi er Guds medarbeidarar, som vatnar og plantar og får oppleve at Gud gjev vekst. Vi bygger på evangeliets grunnvollen og får oppelve at Gud bygger sitt tempel, han skaper noko som står til evig tid.

Når dei fornektar trua på han ved å vise til vitskapleg kunnskap, som motsetnad til å tru, viser det seg at ei amputerer verdifulle eigenskapar hos menneske, som deira interesse av å søke meining og deira interesse av å skape noko verdifullt. Der er sjølvsagt ein motsetnad mellom kunnskapen om verda slik som den er og slik som vi sansar den, kunnskapen om det beståande og interessa av å søke meining og å skape noko nytt. Og når slik kunnskap vert brukt mot å søke meining og å skape verdiar og kanskje endåtil som argument for å øydelegge verdiar, då er det vel ganske så klart at det er med ei innsnevra forståing av røyndomen, så det er å vere trongsynt. Mennesket skulle med sin rasjonalitet ha vidsyn nok til å fatte begge deler, både beskrivinga av det beståande og kunne søke meining og tenke nytt for å skape noko nytt. Men ved at dei fornektar trua på Faderen og Sonen, vert mykje av den rasjonaliteten amputert.

Dei som fornektar trua, påstår at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterer, som om kristendomen sin rasjonalitet ikkje ekisterer og i det dei brukar vitskapen som argument mot denne rasjonaliteten, framstiller dei det som om vitskapen ikkje har rasjonalitet og vidare som om dei ikkje har rasjonalitet. Men det er heilt feil. Rasjonaliteten til vitskapen ligg i matematikken og metoden. Når dei fornektar kyrkja og kristendomen sin rasjonalitet, så betyr det i praksis at dei erstattar den men ein annan rasjonalitet.  Og kva er det? Dei vil ikkje erkjenne den, men prøver  å skjule den. Det er å samanlikne med Adam og Eva som gøymde seg for Gud med dårleg samvit etter syndefallet. Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, det er to motstridande livsformer og det har med levemåte og rasjonalitet å gjere. Dei som tilhøyrer kvinna si ætt, kjem til lyset. Men dei som tilhøyrer ormen si ætt, vil helst skjule seg i mørket. Ormen strir mot kvinna og det utartar seg slik at dei  prøver å kriminalisere kjærleiksforholdet mellom  mann og kvinne, det utartar seg som rasjonaliteten i deira kunnskapssøking, så dei er psykopatar som berre prøvar å finne motiv for sitt hat. Og klarar dei det ikkje, så betyr det at dei ikkje har ”kunnskap”, dei har ikkje visdom og vit. Og det er problemet deira. For dei har fornekta trua på den sanne og levande Gud, som er god og son hans, Jesus Kristus.

Vi som tilhøyrer kvinna si ætt, kjem til lyset. Derfor er det så viktig for oss å komme ut i fritt rom og tale openlyst til kven som helst.

Frelse, fridom og meining med livet i staden for trældom under avgudane. 

Israelsfolket var trælar i Egypt i omlag 500 år, men så ville Gud frigjere dei frå trældomen under avgudane i Egypt og gje dei sitt eige land, det han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Ein træl får arbeidsoppgaver av herren sin, så den meininga herren har med det, gjev trælen meining med det. Men ein træl kan vel vere gift, ha familie og born og soleis sjølv ha meining med livet. Men avgudsdyrkinga var meininglaus og gav ikkje meining med livet verken for herren eller trælen. Gud frigjorde dei frå trældomen under avgudane i Egypt, så når dei kom til sitt eige land, skulle dei ikkje vere trælar. Om nokon av dei vart fattige, så dei vart trælar, skulle det vere tidsavgrensa.

3MO 25,10 – 3MO 25,13 De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt. [frigjevingsår: Det skulle ta til med at dei bles i eit verehorn (hebr. jobel, av det vårt “jubelår”).] 11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre. 12 For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka. 13   I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom.

3MO 25,23 – 3MO 25,28   Jorda må ikkje seljast for alltid. For landet er mitt, og de er framande og gjester hjå meg. 24 Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord. 25 Når det går ut for bror din, og han må selja noko av odelsjorda si, skal næraste frenden, løysingsmannen hans, koma og løysa inn det som broren har selt. 26 Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan greia løysingssummen, 27 skal han rekna frå dei åra som har gått sidan han selde, og gje kjøparen betaling for den tida som er att. Då får han odelsjorda si tilbake. 28 Men får han ikkje råd til å betala, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Då vert ho fri og går attende til den gamle eigaren.

Og Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen, så det er berre for oss å ta imot han i tru, slik får vi hans Ande og då tilhøyrer vi han, då er vi frelst. Då skal vi og leva for han og det gjev oss meining med livet. Så det er viktig for oss å kjennast ved han som vår frelsar og Herre. Han kallar den einskilde inn i samfunnet med seg og Faderen og sine heilage og leier den einskilde og heile hjorden og det er viktig for den einskilde å erkjenne det, for hans kall til den einskilde gjev den einskilde meining, fridom og sjølvstende.

Om nokon då fornektar han og hans kall til den einskilde, verkar det til å selje den einskilde tilbake til trældomen. Den Duglause hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane, så det er nok den interessa som ligg bak (Sak.11).

Gud frelser oss og skaper oss i Kristus og det verket han gjer er godt. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Ved å sjå på Kristus verte det openberra for meg korleis Gud frelser oss i han og det gjev meg eit godt menneskesyn og kvinnesyn.

Frå eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, mine næraste, bygdefolket, be for folket og landet. Etter kvart forstod et at frelsa var det motsette av å verte forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gje meg ei frelst kvinne til kone. At han frelser meg og at han frelser kvinna er då fyrste prioritet, at han gjev meg henne til kone blir andre prioritet.

Eg har fortlat om korleis eg bad for henne Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, og med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for Guds kjærleik og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og eg opplevde det som ei openberring. Anden openberra henne for meg som Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, han elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn og Kristus elska henne som si brud. Gud hadde født henne på nytt og han skapte henne i Kristus og ho var eit vidunderleg barn og ei herleg og elskverdig kvinne.

Eg har også fortalt om at seinare fekk eg oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”, så ho også kom inn i eit slikt kjærleiksforhold til Faderen og Sonen, slik fekk ho ei herleg glede og det samsvara også med den herlege gleda eg opplevde i mitt hjerte.

Eg forklarar dette med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han, ei hjelp som svarde til han. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, så vi skal leve for han.

MTT 5,8   Sæle dei som er reine i hjarta,  dei skal sjå Gud.

MTT 6,22 – MTT 6,24 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då! 24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.  [Mammon: arameisk ord for pengar, gods og rikdom.]

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

EFE 3,16 – EFE 3,17 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

RMR 8,18 – RMR 8,25 {VONA OM HERLEGDOM}  Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.] 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.

Så Gud openberra dei for meg som sine born og sitt verk, skapte i Kristus Jesus, medan dei var unge kvinner og seinare også, som svar på mi bøn. Slik har det med min subjektivitet å gjere, openberringa er som ei rasjonalistisk innsikt og rasjonaliteten har å gjere med auget som ser.

Men så er der andre som ser det annleis og trekker ein annan konklusjon, hevdar at det ikkje er godt, ikkje er bra nok og brukar det som argument for sitt religiøse, politiske og samfunnsmessige engasjement. Det var då som den Duglause Hyrdingen, som gjætte slatesauene for sauehandlarane, det er nok deira økonomiske interesser som ligg bak. Vidare er det ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

Vi påkallar Kristus som vår frelsar og ber han frelse menneske og eg ber han spesielt om å gje meg ei frelst kvinne til kone. Og han høyrer vår bøn og svarar, han høyrer mi bøn og   svarar. Han har betaolt prisen for oss med sitt eige blod, så vi tilhøyrer han og lever for han. Og slik har han betalt prisen for ei kone til meg også.

I staden for å påkalle Kristus som vår frelsar, ropar dei om likestilling, men det er som å rope på ein annan gud og ein annan messias.

Men så er der andre som avviser dette. Og mange av dei erstattar denne bønna med krav om likestilling. Den verste feilen med dette er at dei verdset menneske berre utifrå utdanning, ansinitet og verdsleg rikdom og ignorerer menneskets verdi utover dette jordelivet,  ignorerer den verdien mennesket har som ei frels sjel i Guds hand. Slik vert menneska selde tilbake til trældomen, så dei vert verdsette utifrå den bruken som kapital-interessene og politiske leiarar har for dei.

Vidare er ikkje mennska like og spesielt er ikkje mann og kvinne like. Så deira krav om likestilling blir ein utopi. Det er kunstig og kan forklarast slik at dei erstattar den sanne Gud med ein kunstig avgud, laga av stokk og stein.

Jesus sa at vi kan ikkje tene to herrar, vi kan ikkje tene både Gud og Mammon.

MTT 6,24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.  [Mammon: arameisk ord for pengar, gods og rikdom.]

Er vi frelst, så tilhøyrer vi Kristus og skal leve for han. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud elskar oss i Kristus, Kristus elskar kvinna gjennom mannen og slik elskar han si kyrkje som si brud.

Men i vår tid har mange kvinner protestert mot dette som noko som dei skal frigjere seg frå, så dei har svart på denne kjærleiken med hat, for dei har valt å tene og elske Mammon i staden. Og det utartar seg som avgudsdyrking, liksom den Store Skjøkje som dyrka styresmaktene som gudar.

Moral- og politisk-filosofisk tenking og tradisjon står imot utvikling og framgang, også ved å gjennomsyre demokratiet, så det ikkje fungerer skikkeleg.

Rett før møtet i Maranata 20.8.2017 var eg på byen i lag med nær slekt. Eg sette meg ved enden av bordet. Ein av dei sa at det hadde vorte mange økonomar i familien. Jau, bror min, AS, som sat på mi høgre side er vel eit år eldre enn meg er siviløkonom og driv sitt eige rekneskapsfirma i Seatle. Dagen før hadde han møtte to gamle skulekammeratar på byen, ein sivilagronom og ein sivilingeniør. Seinare på kvelden skulle han reise tilbake til Seatle. Yngste broderen, ØS, sat på mi venstre side, han har hovudfag i media og jobbar på Statistisk sentralbyrå. Ved sida av han sat NS, eldste son til eldste broderen, han har doktorgrad i marknadsføring. Overfor han sat kona hans, som er siviløkonom. På andre enden sat den to år gamle døtra deira. Og systra vår, GS, er foretaksøkonom.

Så sa eg at det er eg som ikkje er økonom, som har skrive kronikkar i avisene om økonomisk politikk. Så nemnde eg for dei ein artikkel av Trygve Hegnar som eg kom over på facebook, eg såg berre overskrifta og innleiinga, der han påstod at folk stemmer ofte meir på grunn av tradisjon enn på grunn av sak. Han sikta spesielt til Arbeidarpartiet og lurte på om det hadde kome over sperregrensa om folk hadde stemt på grunn av sak. (Eg tenkte eg skulle sjå meir på atikkelen seinare og lette etter den ut på kvelden, men fann den ikkje igjen).

Eg sa at arbeidarane stemmer på dei mest av tradisjon, sjølv om politikken deira er fjern frå interessene til den einskilde arbeidaren, som dei liksom skal representere. Slik er det i Krf også, folk stemmer på dei i tru på leiinga i partiet, i staden for å vende seg til han som vi eigentleg skulle tru på.

Når eg kom på møtet tenkte eg både på motsetnaden mellom kunnskapen om det beståande og interessa for nytenking og nyskaping og at folk stemmer meir utifrå tradisjon og tru på politiske leiarar enn å stemme utifrå sak og vedkjende i mitt stille sinn at det var forgale at vitskapsfolk, naturvitarar og realistar, let seg narre til å ha ei slik tru på det beståande, som motsetnad til nytenking og nyskaping. Då kom fyrste bodskapen, som svar nettopp på dette, den byrja då slik: ” Ja, det er sanneleg ei ny tid….”

Frelse og frigjering, verdidebatt og økonomisk politikk.

Gud ville frigjere jødane frå trældomen i Egypt og gje dei sitt eige land, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. I Romarriket dyrka folka avgudane og jødane dyrka sin Gud, men så vart det kravt keisardyrking. Då sende Gud Son sin til jødane og den galde bodskapen om han skulle forkynnast for alle folkeslag. Med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle, slik betalte han prisen for oss alle, for å kjøpe oss tilbake til Gud. Alle som tok imot det tilbodet om å verte frelst og fri frå trældomen under avgudane, fekk hans Ande og vart hans eigedom. Trælane vart merkte med eit segl som fortalde kven dei tilhøyrde, dei som vart Kristi eigedom fekk  til samnlikning den Heilage Ande som segl som fortalde at dei tilhøyrde han.

EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.  4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,  så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5   I kjærleik og av eigen fri vilje  har han føreåt etla oss  til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6   til lov og ære for hans herlegdom  og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.  7   I han har vi utløysinga  som vart vunnen ved hans blod,  forlating for syndene.  Så rik er hans nåde, 8   som han i rikt mål har late oss få.  Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9   då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,  den frie avgjerd han hadde teke 10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:  å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.  11   I han har vi fått arvelut,  vi som føreåt var etla til det  etter Guds forsett,  han som gjennomfører alle ting  etter sin plan og vilje. 12   Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom,  vi som alt no har sett vår von til Kristus.  13   I han kom de òg til tru  då de høyrde sanningsordet,  evangeliet om frelsa dykkar.  I han er de merkte med eit segl,  Den Heilage Ande som var lova, 14   han som er pantet på arven vår  til dess utløysinga kjem for Guds folk,  til lov og ære for hans herlegdom.

Slik har vi ein eigenverdi for Gud, som hans born, vi ber til han og han har omsorg og gjev oss gode gåver. Vi tilhøyrer Kristus og lever for han og det gjev oss meining med livet, han gjev oss evig liv og det er verdifullt for oss. Kristus og det Gud gjev oss i han er verdifullt for oss. Det er kristne verdiar. Vi er verdifulle for Faderen og Sonen som Guds born og Kristi brud, så det er også kristne verdiar.

Dersom dette menneskeverdet vert godteke er det ikkje så vanskeleg å forstå at den åndelege velsigninga også vil føre til materiell velsigning.

Men så ser vi at i verdidebatten vert dette menneskeverdet viska bort, endåtil som såkalla kristeleg verdi. Som om dei går ut ifrå at våre namn ikkje skal komme i livets bok, om dei har vore der så skal dei viskast ut derifrå. Med den tradisjonelle moral- og politisk- filosofien vert det ført klagemål mot menneska, tradisjonen tru, som om Kristus ikkje har sona vår synd og skuld. Og dette fundamentale klagemålet om at mennesket er syndig og skuldig vert brukt som argument for å drepe og bannlyse menneske og støyte dei ut. Det fundamentale klagemålet om at det er skuldig vert forsøkt gjort om til økonomisk skuld. Nokon prøver å sko seg på det økonomisk og nokon prøver å grunnlegge si politsik makt på det. Sjølvsagt på kostnad av dei som vert klaga som skuldige, så dei vert fattige og makteslause.

Slik sel dei menneske tilbake til trældomen, fattigdomen og døden, det var då som den Duglause Hyrdingen (Sak.11).

Han som byrja den gode gjerning i oss, skal fullføra den.

Når Gud gjer sitt verk, kan ingen legge til noko eller ta noko ifrå. Men han sjølv gjer det fullkome.

FRK 3,11 – FRK 3,15   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Frelsa vert forklart som at Gud rekker ut si frelsar-hand og dreg oss opp or den djupe gjørma og set våre føter på eit berg. Det er for høgt til at vi kunne klare det sjølve å komme oss opp på det.

SLM 40,1 – SLM 40,6 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.  5   Sæl er den mann som set si lit til Herren,  og ikkje held seg til dei stolte,  til dei som fell frå i lygn. 6   Herre, min Gud,  mange under har du gjort,  og mange tankar har du til vårt beste;  ingen kan mæla seg med deg.  Vil eg tala og fortelja om dei,  er dei reint uteljande.

SKR 12,1 – SKR 12,14 {JERUSALEM, KRINGSETT OG UTFRIA}  Eit domsord.  Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket: 2   Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem. [tumleskål: ei skål med rusdrikk som gjer folk fortumla; her om den straffa Gud lèt dei få. Sml. Jer 25, 15; Hab 2, 16.] 3 Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen. 4   Den dagen, lyder ordet frå Herren, vil eg slå alle hestane med vilske og ryttarane med vitløyse. Eg vil la augo mine vaka over Juda-ætta og slå alle hestane åt folka med blindskap. 5 Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: “Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud.” 6   Den dagen vil eg la hovdingane i Juda verta som ei glopanne i ein vedhaug og som ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda ut, til høgre og til venstre, alle folka rundt ikring. Men folket i Jerusalem skal framleis bu trygt i byen sin. 7 Herren vil fyrst berga telta åt Juda, så ikkje Davids hus og Jerusalems-buane får større ære enn Juda. 8 Den dagen skal Herren verna dei som bur i Jerusalem. Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei. 9   Den dagen skal det henda at eg prøver å gjera ende på alle dei folk som kjem imot Jerusalem. 10 Men over Davids hus og Jerusalems-buane renner eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han liksom ein syrgjer over einaste sonen, og klaga sårt over han liksom ein held klage over den fyrstefødde. 11   Den dagen skal syrgjehøgtida i Jerusalem vera like stor som syrgjehøgtida over Hadad-Rimmon i Megiddo-dalen. [Hadad-Rimmon: arameisk gud for ver og grøderikdom; at han døydde, vart høgtida med sorg og klage.] 12 Landet skal halda klage, ætt for ætt:  Davids-ætta for seg og kvinnene deira for seg,  Natan-ætta for seg og kvinnene deira for seg, 13   Levi-ætta for seg og kvinnene deira for seg,  Sjimi-ætta for seg og kvinnene deira for seg, 14   alle dei andre ættene, kvar for seg,  og kvinnene deira for seg.

SKR 13,1 – SKR 13,2   Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for Jerusalems-buane til å reinsa bort synd og ureinskap. 2   Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, at eg rydjar ut or landet namna på avgudane, så dei aldri skal nemnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet. [profetane: falske profetar.]

MIK 4,1 – MIK 4,5 {FREDSRIKET}  I dei siste dagar skal det henda  at Herrens tempelberg skal stå  grunnfest høgt over alle fjell  og lyfta seg opp over alle haugar.  Dit skal folkeslag strøyma. 2   Mange folk skal gå av stad og seia:  “Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,  til huset åt Jakobs Gud,  så han kan læra oss sine vegar,  og vi kan ferdast på hans stigar!  For frå Sion skal lovlære gå ut,  og Herrens ord frå Jerusalem.” 3   Han skal døma mellom mange folk,  skifta rett for mektige folkeslag langt borte.  Då skal dei smida sverda sine om til plogjern  og spyda sine til vingardsknivar.  Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk  og ikkje lenger læra å føra krig. 4   Men alle skal sitja trygt,  kvar under sitt vintre og sitt fikentre,  og ingen skal skræma dei.  For Herren, Allhærs Gud, har tala. 5   Alle folka ferdast,  kvart i sin guds namn;  men vi skal evig og alltid  ferdast i Herren vår Guds namn.

Jesus  talte til eit menneske som han ville løfte opp på ein klippe som elles var for høg for det, då tenkte eg på henne Virtuella, sjølv om ho ikkje var der. Slik var det ein bodskap til meg og til henne. For Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Bodskapane 20.8.2017:

1 A. Ja, det er sanneleg ei ny tid. Du skal få oppleve og erfare, at eg Herren, eg som opna heile himmelen, eg har aldeles ikkje lukka den igjen. Og eg har sendt dykk meir enn dråpar, ja, straumar, straumar, det har eg sendt. Og du skal få stå der og du kan få kjenne at eg, Herren, eg er med deg alle dagar, når du er på høgda, så er eg der, når du er i dalen, så er eg der. Når murane står framfor deg, så skal eg, Herren, fylle deg med min Ande, så du skal flyge over murane. Ja, Herren – eg, Herren, eg byrja, eg skal og fullføra det. Derfor fryd deg og pris mitt namn, så skal eg, Herren, fullføre det eg har starta i ditt liv. 

1 B. For begrens ikkje min Ande og set ikkje noko begrensingar for det som er – eg har planta inni ditt liv, slepp deg laus, slepp deg laus i den Heilage Ande, så skal du få kjenne at eg fyller, eg fyller ditt beger, ikkje med randen, men det skal flyte over. Og velsigninga sine straumar skal skyte (skylle?) over deg og du skal få kjenne nådestraumane, dei tek hand om ditt liv. Når vanskelege dagar kjem, så skal du kjenne og erfare at eg, Herren, eg har velsigna deg med all åndeleg velsigning og det er, Herren, det er eg som har gjort det alt.

2 A. For der er ingen ting, som kjem imot deg, som eg Herren, ikkje veit om. Eg veit om det, alle ting. Og eg har sett dine tårer, eg har høyrt di røyst, eg har høyrt og dine sukk som du ikkje har lete over dine lepper. Eg har sett kva du treng og no er eg, Herren, her i kveld og eg er her for å trøyste deg. Eg er her for å hjelpe deg. Eg er her for å løfte deg opp på ein klippe som du aldri før har sett dine føter på, det har sett så umogeleg ut, den har sett så høg ut. Men eg, Herren, eg skal ta deg og løfte deg opp på denne klippe, som elles har vore for høg for deg. Du har følt på di tilkortkommenheit, men du skal ikkje sjå på det. Du skal sjå på kva eg, Herren, har gjort for deg. Og du skal få lov til å ha ditt blikk festa på meg. Og eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, eg skal gjere eit guddommeleg verk i deg. Og eg skal fylle deg med min gode Heilage Ande og istandsetje deg til all god gjerning.

2 B. For ingen ting som kjem imot deg, eg Herren seier: ingen ting, er noko som eg ikkje kan gjere med. For eg, Herren, eg er din Gud. Eg har frelst deg og du er min. Derfor sett din lit til meg. Søk du meg og kom inn til mitt åsyn. Så skal eg, Herren, eg skal løfte deg, eg skal bere deg, eg skal gjere nye ting i ditt liv. Og det skal du kjenne og du skal sjå, at no, allereie no skal det spire fram, for eg er komen med mitt Ord og med min Ande. Halleluja.

Fyrste bodskapen 27.8.2017:

1A. Ja, mitt kjære barn, eg som har byrja ei gode gjerning i deg, eg skal fullføra den, inntil Jesu Kristi dag. Eg vil på ingen måte sleppe deg eller forlate deg. Men eg skal løfte deg opp og sette dine føter på ein klippe, som elles er for høg for deg. Og eg vil bere deg og løfte deg og eg vil også vere med deg alle dagar og vitne om meg sjølv.

1B. Ja, eg vil at du skal grunde på mitt ord, for den som har eit rotfesta og grunnfesta sinn, han kan alltid ha fred. Og når min fred kjem over deg, så vil den bevare ditt hjerte og dine tankar i meg. For det er ikkje til ein stad eg vil, men min fred vil gjere det. Så lytt til det eg har lagt på min tenar og min fred vil overgå ditt hjerte.

1C. Ja, med nidkjærheit attrår eg den ånd eg har late bu inni deg. (Gjer som høyre)? respons heile livet ditt,  fra ditt hjerte, at du kan prise meg av heile ditt hjerte, for det er eg som har født deg på nytt, til eit levande håp, det er eg som har kalla deg med namn, det er eg som skal føre deg framover, det er eg som har gjort det alt saman. Derfor set din veg i mi hand, så skal eg gjere det. Eg har ikkje gitt det motløysa si ånd, eg har gitt deg krafta, kjærliken og sindigheita si ånd.

Så sa han til meg at han har lagt æva ned i mitt hjerte og sett mine føter på ein klippe. Derfor skal eg prise han og opphøgje han og vitne om han. Andre bodskapen 27.8.2017:

Ja, eg har lagt æva ned i ditt hjerte. Det var eg som tok deg ved handa. Det var eg som drog deg opp, og sette dine føter på ein klippe. Derfor skal du prise meg og opphøgje meg. Og du skal søke meg i denne tida, for eg skal bruke deg. For du skal vere eit vitne i den tida vi har framfor oss, for eg har kalla deg til å forkynne evangeliet, for dei som treng evig frelse og dei som treng å verte fri frå all synd.

One thought on “Kristne verdiar og kyrkja sin identitet. Nasjonale verdiar og nasjonal identitet. 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s