Jesus vil reise opp si kyrkje. Då er det om å gjere å nytte høvet til å «reise kjerringa». 

Bilde: Ivanka Trump ved klagemuren.

Jesus vel ut vanlege menneske og slik vil han reise opp si kyrkje.

Sunnmøringar har eit optimistisk pågangsmot, når noko har misslukkast for oss og vi vil gjere eit nytt forsøk på å få det til, seier vi gjerne at vi gjerne at vi skal prøve å «reise kjerringa». I den siste tid har uttrykket fått sterkare bokstavleg betydning, for der er no så mykje som vil halde henne nede, ja, slike interesser har vorte så sterke at dei endåtil vil gjere slutt på at kvinna skal vere kona til ein mann, gjere slutt på ekteskap og familieliv. Den motstanden har infiltrert kyrkjer og kristne organisasjonar, så dei forfell innanfrå. Det er å samanalikn med korleis «mor Israel» fall ifrå Gud og selde seg og gav seg vekk som ei hore. Men Jesus vil reise opp si kyrkje i denne siste tida og då er det om å gjere for menn å nytte det høvet til å «reise kjerringa».

https://tsivert.com/2017/10/26/herren-vil-velsigne-meg-sa-eg-skal-fa-kjenne-at-han-har-skapt-meg-og-forma-meg-for-a-bruke-meg-no-i-denne-avslutningstida-mote-i-maranata-17-9-2017/

Gud vel ut det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme, han vel ut vanlege menneske. Og det vi skal gjere er å tru på Jesus og kjennast ved han for Gud og menneske. Det er det resultatet forkynninga og opplæringa i Guds Ord skal føre fram til. Då skulle vel leiarane i kyrkje og kristne organisasjonar vere glade for det? Men så viser det seg at dei tvert om ikkje vil vite av trua vår og høyre på vedkjenninga vår. Og det går så langt at det bryt med vanlege demokratiske rettar og fundamentale menneskerettar og ytringsfridom.

Reformasjonen gjorde det klart at vi vert rettferdige for Gud ved tru. Og trua kjeme av forkynninga og forkynninga av Kristi Ord. Derfor var det viktig å korkynne på morsmålet, så folk kunne forstå kva soim vart forkynnt. Og å oversette Bibelen slik at vanlege folk kunne lese den. Derfor var det også viktig å lære dei å lese og skrive. Derfor fekk vi allmenn skulegang og slik vart det grunnleggande viktig for utvikling av nasjonalt sjølvstende. Der spelte avholdsrørsla også ei viktig rolle. I ettertid ser vi kor viktig denne folkeopplysninga har vore for utvikling av vårt moderne velferdssamfunn.

Ei «lærd overklasse» som lurer og førfører folket.

Leiarane i kyrkje og kristne organisasjonar vil vere ei lærd overklasse med monpol på å forkynne, men når det viser seg at Jesus vel ut vanlege folk som trur på han, til å tene han ved å tru på han og kjennast ved han, så foraktar den såkalla lære overklassa dei og fornektar trua deira.

Slik vert naturvitarane framleis ei ulærd uderklasse i forhold til dei, som dei framleis foraktar.

Men med fornektigna av trua vert naturvitskapen amputert, for rasjonaliteten i realfaga er også som ei tru.  Dersom vitskapen er empirismen åleine, utan rasjonalitet, blir den all kunnskapen vi får ved å sanse, blir det soleis påstått at det er vitskap altså, blir det dermed påstått at det er rett og sant. Men det var då som den Lovlause. Med fornektinga av Guds Ord og med homofil vigsel i kyrkja er den Lovlause tydelegvis i ferd med å etablere seg i kyrkja.

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:  2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem.  7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen.  8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.  9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Sidan dei ikkje høyrer på forkynninga av Guds Ord og ikkje les i Bibelen og tek imot Ordet i tru, er det som om dei enno ikkje har lært språket og enno ikkje har lært å lese og skrive. Og derfor vert dei lurte. Menn og kvinner er ikkje i stand til å samtale kostruktivt om eit kjæleiksforhold dei imellom, for dei har fornekta Guds Ord.

Men Jesus vel ut vanlege menneske som trur på han og utruster dei til å tene han og slik reiser han si kyrkje.

Frigjering frå trældomen under avgudane.

Gud frigjorde israelsfolket frå trældomen under avgudane i Egypt og førde dei til det landet han gav dei, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Ja, dei var kona hans. Men så vende dei seg til avgudane i staden og vart ei hore istaden. Han hadde omsorg for henne, som kona si, men ho hadde ikkje omsorg for han som mannen hennar.. Horer tek betaling for tenestene, men ho gav seg vekk utan å ta betaling. Slik fekk nabofolka deira makt over dei inntil dei vart bortførde frå landet. Men han førde dei tilbake og inngjekk nytt ekteskapspakt med dei.

Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.

21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.

23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ’Utan miskunn’. Til ’Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

Når vi tek imot Guds Ord i tru og tek imot den Heilage Ande av berre nåde, så får vi oppleve at Gud gjer sitt verk i oss om med oss ved sitt Ord og sin Ande, han føder oss på nytt av vatn og Ande, så vi vert levande steinar som vert oppbygde til eit tempel i Anden.  Han skaper oss i Kristus, då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Gud er ånd og han rører ved oss og gjer sitt verk med oss.

Om vi prøver å bruke det atomistiske samfunnsynet på dette, så er vi sjølvsagt klar over at der er vesentleg skilnad på å vere eit atom og å vere eit menneske, mennesket har personlegdom og fri vilje. Atoma vekselverkar ved å kollidere, menneska kan vekselverke ved å krige eller samarberide og ved å bruke språksansen til å kommunisere. Men for oss som er komne inn i samfunnet med Gud, kjem han i tillegg, ved at han talar sitt Ord til oss og berører oss med sin Ande og skaper oss og former oss.

Om nokon likevel ikkje trur på han og fell ifrå og fornektar han, kan dei prøve å bortforklare at han rørte ved dei ved å kalle det kroppsleg og fysisk berøring i staden, når han talte til dei, kan dei påstå at det var berre menneske som talte. Men det vert aldri sant.

Jesaja.44,1 Men høyr no, Jakob, min tenar,

du Israel, som eg har valt ut!

2 Så seier Herren,

han som har skapt deg og laga deg

og hjelpt deg alt frå mors liv:

Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

Jesjurun, som eg har valt ut!

3 For eg vil renna vatn over det tyrste

og straumar over det turre.

Min Ande vil eg renna ut over di ætt

og mi velsigning over dine etterkomarar.

4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,

som poplar attmed bekkefar.

5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,

ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.

Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,

og Israel skal han få til ærenamn.

Den einaste Gud 

6 Så seier Herren,

Israels konge og utløysar,

Herren, Allhærs Gud:

Eg er den fyrste, og eg er den siste,

og utan meg finst det ingen Gud.

7 Kven er som eg?

Lat han stiga fram og fortelja,

ja, leggja fram for meg det som har hendt

alt frå eg skapte det fyrste folket.

Og lat han seia dei det som sidan skal henda.

8 Ottast ikkje, ver ikkje redde!

Har eg ikkje for lenge sidan

kunngjort og sagt deg det?

De er mine vitne.

Finst det ein Gud utan meg?

Eg veit ikkje om noko anna berg.

Det er dårskap å laga gudebilete

9 Dei som lagar gudebilete, duger ikkje;

og deira kjære gudar kan ikkje hjelpa.

Deira vitne ser ikkje og skjønar ikkje,

difor vert dei til skammar.

10 Kven lagar ein gud og støyper eit bilete

utan å venta seg gagn av det?

11 Alle som dyrkar det, vert til skammar;

dei som lagar det, er berre menneske.

Lat dei samlast og stiga fram!

Dei skal alle fyllast med redsle og skam.

12 Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke. 13 Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus. 14 Han feller sedrar, eller han vel seg ei steineik eller ei eik, som har vakse seg sterk mellom trea i skogen. Han plantar òg eit laurbærtre, og regnet gjev vokster. 15 Dette brukar mannen til brensel. Noko tek han til å verma seg med, og noko nører han opp eld med når han skal baka brød. Men han lagar òg ein gud som han kastar seg ned for, eit gudebilete som han bøyer kne for. 16 Halvparten av treet brenner han i elden. På glørne steikjer han kjøt, et og vert mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm; eg merkar elden!». 17 Resten gjer han til ein gud, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Frels meg, for du er min gud!»

18 Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar. 19 Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!» 20 Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»

 

Eg løyser deg ut 

21 Kom dette i hug, Jakob,

kom det i hug, Israel!

For du er min tenar.

Eg har skapt deg, du er min tenar,

du er ikkje gløymd av meg, Israel.

22 Eg stryk bort dine brot som ei skodd

og dine synder som ei sky.

Vend om til meg, eg løyser deg ut!

23 Jubla, du himmel,

for Herren har gripe inn.

Rop av fryd, de jordedjup!

Bryt ut i jubel, alle fjell,

du skog med alle dine tre!

For Herren løyser ut Jakob

og syner sin herlegdom på Israel.

Jerusalem skal byggjast opp att 

24 Så seier Herren, din utløysar,

han som skapte deg i mors liv:

Eg er Herren som gjorde alt;

himmelen spente eg ut åleine,

og jorda breidde eg ut utan hjelp.

25 Eg gjer teikna åt varseltydarane til inkjes

og lèt spåmennene verta til narr.

Eg får vismenn til å tagna,

gjer deira visdom til dårskap.

26 Men eg stadfester orda åt mine tenarar

og gjennomfører den plan

som mine sendebod forkynner.

Eg seier om Jerusalem:

«Der skal det bu folk,»

og om byane i Juda:

«Dei skal byggjast opp att;

eg skal reisa det som ligg i røys.»

27 Eg seier til havdjupet: «Torna!

Dine straumar turkar eg ut.»

28 Eg seier om Kyros:

«Han er min hyrding,

han skal fullføra alt det eg vil;

han skal seia om Jerusalem:

Byen skal byggjast!

og om templet:

Det skal atter verta grunnlagt.»

Habakuk.2,  18 Kva gagnar eit gudebilete,

om det er skore av ein meister?

Kva gagnar eit støypt bilete,

som gjev falske svar,

om meisteren lit på sitt verk,

dei mållause gudane han har laga?

19 Ve den som seier til stokken: «Vakna!»

– til ein mållaus stein: «Stå opp!»

Skulle han gje rettleiing?

Visst er han kledd i gull og sølv,

men ånd er det ikkje i han.

20 Herren er i sitt heilage tempel;

ver still for han, all jorda!

Ved trua på at Jesus stod opp att frå dei døde vert vi rettferdiggjorde for Gud og ved at vi sannar at han er Herre, vert vi frelst. Ved trua på han er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreist med han, det er ved at vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Derfor skal vi vende hugen opp til han. Han lever og er vår frelsar og Herre. Han har kalla Sions dotter ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann. Det vil seie at ho er kyrkja som er hans brud.

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/

Og det er som eit frieri.

https://tsivert.com/2017/09/13/maranata-10-9-2017-gud-elskar-oss-i-kristus-og-det-er-som-eit-frieri/

http://www.essensielt.com/2017/05/22/trump-ble-forste-sittende-president-som-besokte-klagemuren/

https://www.vg.no/nyheter/utenriks/donald-trump/trump-med-historisk-besoek-til-klagemuren/a/24004152/

Offeret og eksperimentet.

Kommentar til https://bluehost944.com/2017/12/18/offeret-og-eksperimentet-kva-med-religionen-politikken-og-okonomien/

Naturvitskapen kallar mennesket eit dyr og påstår st det har dyriske eigenskapar til samanlikning med andre dyr. Bibelen også samanliknar menneska med dyr (1.Mos.2), så fortel den at Gud er ånd og vil føde oss på nytt, av vatn og Ande og oppsede oss som sine born, så vi lærer å leve slik som han opphavleg skapte oss, som den skapningen som skal råde over det andre Gud har skapt (1.Mos.1).

Menneske har dyriske og meir menneskelege eigneskapar og det er ikkje sikkert kampen for tilværet verkar til å utvikle dei menneskelge eigenskapane, for Gud sett strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Livet er ein kamp for tilværet og kven vinn? Det var det for jødane også, men dei vende seg til Gud og bad om hjelp og fekk hjelp, så kvinna si ætt sigra over ormen si ætt, det er også det langsiktige målet.

Eg forstår det slik at poenget med ofringane i det gamle testamentet er at dei dyriske eigenskapane i oss skal døy, for at dei meir menneskelege eigenskapane skal leve og utvikle seg. Ikkje berre det, men vi skal få guddommeleg eigenskapar og det er det utviklinga av dei menneskelege eigenskapane skal ta sikte på, for Gud skapte oss i si likning.

Og Jesus kom ikkje for å avlyse lova og profetane, men for å fullføre. Han sigra over døden og har dermed sigra over han som hadde dødens velde, det er Djevelen.

Livet er ein kamp for tilværet for tilværet for oss alle, men ved trua på Jesus erkjenner vi at han har sigra over døden og har fått all makt i himmel og på jord, slik at han ved trua på Faderen vunne kampen for tilværet. Og ved trua på han lærer vi å sigre saman med han. Då må vi ved tru på han lære å sjå vår avgrensing. Vi har vårt daglege virke, der vi gjere våre gjerningar, men så b er vi lakamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og får oppleve at han fyller oss med den Heilage Ande og gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Han som  byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Det verket han gjer er det ingen annan som kan gjere, ingen annan kan fullføre det. Derfer er det også så viktig for oss å ære og takke han for det.

Eg samanliknar dette med det naturvitkskaplege eksperimentet. Vi er passive tilskuarar til prosessen, utan å påverke den, så vi får ut objektiv kunnskap. Så prøver vi å forstå oss på det, i det vi går ut ifrå at naturen er forståeleg. Gud har skapt alle ting med sitt Ord, så ved tru skjønar vi at det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg.

Kristendomen og naturvitskapen, kunnskap og fridom til livsutfolding med vit og forstand.

Kommentar til https://bluehost944.com/2018/01/18/kristendomen-og-naturvitskapen-kunnskap-og-fridom-til-livsutfolding-med-vit-og-forstand/ .

Naturvitskapen, kristendomen og liberalismen.

Newton trudde på Bibelens Gud, men kritiserte kyrkja si lære om treeinigheita. På sine gamle dagar skreiv han ei bok om Daniels bok og Johannes openberring.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Isaac_Newton:

Newton, som var antitrianist[4][5], ville rense kristendommen for mystikk, som han jevnførte med uvitenhet og overtro, og forvandle den til et logisk, mekanisk system. I hans verdensbilde var naturen passiv, med Gud som eneste kilde til aktivitet, selve den guddommelige «Mechanick» – mekaniker. Newton mente han førte bevis for Guds eksistens da han påpekte at himmellegemenes tyngdekraft skulle ha trukket dem sammen til én kjempemessig klump masse, men at «et tenkende vesen» i stedet plasserte dem spredt i universet for å hindre dette. Professor i arabisk ved Oxford, Edward Pococke, fortalte Newton at det latinske deus (= gud) var avledet av det arabiske du (= herre), noe Newton tolket dithen at Guds fremste attributt ikke var fullkommenhet, slik Descartes hevdet, men herredømme. Newton mente at Gud blir synlig for oss gjennom vår iakttagelse av verden. Et forklaringsproblem dukket opp fordi han anså universet som uendelig og uforanderlig, for hvor var da Gud i systemet? Newton tenkte seg at Gud ikke skapte verden gjennom en viljesakt, men at verden eksisterer som en nødvendig følge av at Gud er overalt – han utgjør det rom og den tid vi eksisterer i.[6]

Det blir i blant hevdet at Newton var arianer, men det er ikke noe som tyder på at han selv eller samtiden oppfattet ham som en.[trenger referanse] Derimot forsøkte enkelte å ta ham til inntekt for arianismen senere, som William Whiston.

Her møter vi igjen det mekanistiske verdsbildet og det atomistiske samfunnssynet, men kor langt går han med det? Dette Guds-beviset er ikkje haldbart, her tenker eg mekanistisk lenger enn som så. John Lock rådførde seg med han og filosofien hans vart ikkje einevelde, men liberalisme med toleranse, utringfridom, menneskerettar, religionsfridom og demokrati.

Då er det temmeleg drøyt å påstå at liberalismen ikkje har rasjonalitet og at naturvitskapen ikkje har rasjonalitet, at den kun er empiristisk. Det er omtrent som å påstå at Newton sat uner eit epletre og så datt eit eple i hovudet på han og slik fekk han ideane om Newtons tre lover og gravitasjonslova.

https://no.images.search.yahoo.com/yhs/search;_ylt=AwrISHPLnnNaKA4A2EFXNgx.;_ylu=X3oDMTByZmVxM3N0BGNvbG8DaXIyBHBvcwMxBHZ0aWQDBHNlYwNzYw–?p=Adam+Og+Eva&fr=yhs-GenieoYaho-fh_ds&hspart=GenieoYaho&hsimp=yhs-fh_ds#id=14&iurl=http%3A%2F%2Ffc01.deviantart.net%2Ffs71%2Ff%2F2014%2F162%2F7%2F2%2Fadam_and_eva_by_philiera-d7lwgrj.jpg&action=click

Men teorien, rasjonaliteten, ligg i mesterverket hans «Principa Mathematica», der han utvikla moderne matematikk og det er rekna for å vere kanskje det største einskilde naturvitskaplege dokument som nokon gong er skrive.

Dei som dyrka avgudane og dei som Gud kallar og vel ut.

I dokumentet https://bluehost944.com/2018/01/18/kristendomen-og-naturvitskapen-kunnskap-og-fridom-til-livsutfolding-med-vit-og-forstand/ skreiv eg litt om universaliestriden Tomas Aquinas filosofi om universalia ante

res, in rebus og post res. Men vi må vel differensiere universaliane etter kva slags ting det er tale om. For i det gamle testamentet er det tale om nenneske som laga seg gudebilete av stokk og stein. Men der var då ikkje ånd i desse gudane, dei høyrde ikkje, tala ikkje, dei gjorde ingen ting og var til inga nytte for dei som dyrka dei. Dei som dyrka dei byrja å likne dei og vart dermed dumme, så dei vart nokre steindumme treskallar, sagt med mine ord.

Jesaja.41,1 Høyr stilt på meg, de øyland! Lat folki få seg ny kraft, lat dei koma hit og so tala! Lat oss fylgjast fram for retten!  2 Kven vekte frå Austerland han som sigeren møter kvar han set foten? Han gjev folkeslag i hans vald og let han råda yver kongar, han gjer deira sverd til dust, deira boge til fjukande bos. /  3 Han elter dei, uskadd fer han ein veg der han aldri fyrr kom med sin fot. /  4 Kven gjorde og fullførde dette? – Han som frå upphavet kalla ættene fram; eg, Herren, eg er den fyrste, og eg er hjå dei siste med.  5 Øylandi ser det og reddast, jordheims utbygder skjelv; dei stimar i hop og kjem.  6 Den eine hjelper den andre og segjer til sin bror: Ver hugheil!  7 Treskjeraren modar upp gullsmeden, og platemakaren smeden, og han segjer um loddingi: Ho er god; so fester han biletet med spikar, so det skal standa stødt.  8 Men du Israel, min tenar, du Jakob, som eg valde ut, du ætt av Abraham, min ven!  9 Du som eg tok i handi og henta frå heimsens endar og kalla frå ytste utkant og sa til deg: Du er min tenar, eg hev valt deg ut og ikkje vanda deg! 10 Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg uppe med mi rettferds høgre hand. 11 Sjå, dei vert til spott og skam alle dei som harmast på deg; dei vert til inkjes og gjeng til grunns dei som tretter med deg; 12 leitar du, finn du dei ikkje, dei som kivast med deg; dei vert til null og ingen ting dei som strider mot deg. 13 For eg er Herren din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje redd! Eg hjelper deg. 14 Ver uredd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! Eg hjelper deg, segjer Herren, og din løysar er Israels Heilage. 15 Eg gjer deg til ei treskjevogn, ei ny og kvass med mange tenner; du skal treskja fjell og krasa dei, og haugar skal du gjera um til agner. 16 Du skal kasta dei med skovl, og vinden skal taka dei, og stormen skal spreida dei ikring; men du skal frygda deg i Herren og rosa deg av Israels Heilage. 17 Dei arme og fatige leitar fåfengt etter vatn, medan tunga brenn av torste. Eg, Herren, eg vil svara dei; eg, Israels Gud, eg vil ikkje svika dei. 18 Eg vil lata elvar fløyma på snaude haugar og ollor springa midt i dalar; øydemarki vil eg gjera til ein sjø og turre landet til ein kjeldevang. 19 I øydemarki vil eg lata sedrar veksa, akasia, myrt og oljetre; på aude heidi vil eg setja cypress i lag med løn og buksbom, 20 so dei alle kann sjå og vita vel og merka seg og skyna grant at Herrens hand hev gjort det, og Israels Heilage skapt det. 21 Kom hit med saki dykkar, segjer Herren; kom fram med dykkar grunnar, segjer Jakobs konge. 22 Lat dei koma fram med dei og kunngjera oss kva som skal henda! Kunngjer oss kva de fyrr hev spått, so me kann akta på det og sjå um det vert uppfyllt! Eller lat oss høyra kva som kjem! / 23 Seg frå kva som sidan skal koma, so me kann sjå at de er gudar! Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt, so me kann sjå det alt med undring! 24 Men de er ingen ting, og dykkar verk er inkjevetta; ein styggedom er den som vel seg dykk! 25 Eg vakte han frå nord, og han kom frå aust; han som skal kalla på mitt namn; han skal trakka på hovdingar som var dei leir, lik pottemakaren som stampar leira. 26 Kven hev kunngjort dette frå det fyrste, so me kunde vita det, frå fordom, so me kunde segja: Han fekk rett? Ingen hev kunngjort noko, ingen hev sagt frå, og ingen høyrde at de ymta noko. 27 Eg er den fyrste som segjer til Sion: Sjå der er dei, og som sender Jerusalem eit gledebod. 28 Eg ser meg um, men der er ingen, og ingen av dei kann gjeva råd, so eg kunde spyrja dei, og dei svara. 29 Sjå heile flokken! Deira verk er ingen ting og inkjevetta, og deira bilete er vind og fåfengd.

Steinen og trestokken er daud natur, sjølv om det ein gang har vore liv i trestokken. Der er stor skilnad på å studere den daude og den levande naturen, å studere ein gråsten og å studere ein fugl til dømes. Verken gråsteinen eller fuglen kan vere gud for oss.

Men kvar finn vi den visdomen vi treng i våre eigne liv.

Job.28,1Sølvet har sine gruver,

gullet sin stad der det blir vaska ut.

 

2 Jern blir henta ut or jorda,

og kopar blir smelta ut av stein.

 

3 Dei gjer ende på mørkret,

i fjerne krokar finn dei

stein løynd i svarte mørkret.

 

4 Dei bryt sjakter langt frå der menneske bur.

På gløymde stader, der ingen fot trødde,

heng dei og dinglar, langt frå folk.

 

5 Jorda ber fram føde,

men i djupet blir ho elta rundt med eld.

 

6 I steinane der nede er safir,

der finst det gullstøv òg.

 

7 Ingen rovfugl kjenner stigen dit,

den har ikkje noko falkeauge sett.

 

8 Der trør ikkje stolte rovdyr,

inga løve går på stigen.

 

9 Mennesket legg hand på harde steinen

og endevender fjell frå grunnen.

 

10 Dei sprengjer seg gangar i berget,

og auga får sjå alle slag kostbare ting.

 

11 Dei stoppar til vassårer

og dreg det løynde fram i lyset.

 

12 Men visdomen, kvar finst han?

Kvar har forstanden sin bustad?

 

13 Mennesket veit ikkje kva forstanden er verd.

Han finst ikkje i landet til dei levande.

 

14 Djupet seier: «I meg er han ikkje»,

og havet seier: «Han er ikkje hos meg.»

 

15 Han kan ikkje kjøpast for det finaste gull,

prisen kan ikkje vegast i sølv;

 

16 han kan ikkje betalast i Ofir-gull,

i kostbar onyks eller safir.

 

17 Han kan ikkje målast i gull eller glas,

ingen kan byta han til seg for skåler av finaste gull.

 

18 Korall og bergkrystall kan ikkje eingong nemnast;

å eiga visdom er betre enn perler.

 

19 Han kan ikkje målast i topas frå Kusj,

ikkje betalast med det reinaste gull.

 

20 Kvar kjem då visdomen frå?

Kvar har forstanden sin bustad?

 

21 Visdomen er løynd for kvart levande auge,

gøymd for fuglane under himmelen.

 

22 Avgrunnen og døden seier:

«Vi har berre høyrt om han.»

 

23 Gud kjenner vegen til visdomen.

Han veit kvar han har sin bustad.

 

24 Han skodar til heimsens endar,

alt under himmelen kan han sjå.

 

25 Då han gav vinden vekt

og lét vatnet få rette mål,

 

26 då han sette ei grense for regnet

og fastla vegar for lyn og tore,

 

27 då såg han visdomen og målte han,

stilte han opp og granska han.

 

28 Så sa han til mennesket:

Å frykta Herren, det er visdom,

å venda seg bort frå det vonde, det er forstand.

Rom.1,16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet; det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grekar; 17 for i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 18 For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferd hjå menneske som held sanningi nede i urettferd. 19 For det som ein kann vita um Gud, ligg ope for dei; Gud hev sjølv openberra dei det. 20 For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og hans guddom, hev vore synleg alt i frå verdi vart skapt, med di ein kann skyna han av gjerningane – so dei hev ikkje noko å orsaka seg med 21 for di dei, endå dei kjende Gud, ikkje æra eller takka han som Gud, men vart dårlege i tankane sine, og det uvituge hjarta deira formyrktest. ………..

Å ottast Herren er visdom, så det er å relatere seg til han på den måten, så ein audmjukar seg for han og tek imot hans Ord i tru, det gjer ein forstandig. Når vi audmjukar oss for Kristus og tek imot den Anden han gir oss av berre nåde, då driv den fullkomne kjærleiken angsten ut. Vi får drikke av livets vatn av berre nåde og det skal verte i oss ei kjelde som veller opp til evig liv og frå våre liv skal det som skrifta seier strøyme elvar av levande vatn. Vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande og frå tempelet skal livets flod fløyme. Esekiel.47 Joh.4,14 Joh.7,38 Jer.2,13. Så begrepet universalie apriori, in rebus og post res er veleigna til å beskrive dette.

Det er fundamental skilnad på ein daud ting, eit levande tre og eit levande dyr og sjølv om menneska er dyr, så er der likevel skilnad på menneske og andre dyr. Og der er skilnad på menneske som dyrkar avgudane og menneske som dyrkar Gud, som er kalla og utvalde og som har Guds Ord og Guds Ande.

Velsigninga. Jesu minste små og englane.

I dokumentet https://bluehost944.com/2018/01/18/kristendomen-og-naturvitskapen-kunnskap-og-fridom-til-livsutfolding-med-vit-og-forstand/ skreiv eg om Jesu minste små, eg forstår det slik at englane deira har å gjere med ånda deira og den åndelege innsikta og med trua har dei rasjonalistisk innsikt. Det er som universalia apriori, det gjer den urøynde vis, dei har vit og forstand før dei erfarer i det materielle miljø og skal verne frå å gjere dårlege og skadelege erfaringar, verne dei frå det vonde og i staden leie dei til det gode, så dei gjer gode og verdifulle erfaringar.

Gud gjer englane sine til vindar, dei er ånder som tener dei som vert frelst. Derfor skal vi ikkje opponere mot dei, men vite og forstå at at dei vil oss vel og derror innrette oss etter dei. Men vi skal ikkje drive med engledyrking.

Heb.1,1 Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane.  2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.  3 Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.  4 Slik vart han mykje større enn englane, for det namnet han har fått i arv, er så mykje større enn deira.

5 For aldri har Gud sagt til nokon engel:

Du er Son min,

eg har fødd deg i dag.

Eller, som det òg står:

Eg vil vera far for han,

og han skal vera son for meg.

6 Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han:

Alle Guds englar skal tilbe han.

7 Og om englane seier han:

Han gjer englane sine til vindar,

tenarane sine til logande eld.

8 Men om Sonen:

Din kongsstol, Gud, står til evig tid,

din herskarstav er rettferds stav.

 

9  Du har elska rettferd og hata urett.

Difor har Gud, din Gud, salva deg og ikkje dine vener

med gledes olje.

10 Og vidare:

Du, Herre, grunnla i opphavet jorda,

og himmelen er eit verk av dine hender.

 

11  Dei skal gå til grunne, men du blir verande.

Dei skal alle eldast som klede.

 

12  Du rullar dei saman som ei kappe,

dei blir utskifte som klede.

Men du er den same,

åra dine tek aldri slutt.

13 Men har han nokon gong sagt til ein av englane:

Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

som skammel for dine føter?

14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?

Kol.2,16 Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til. 18 Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod, 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band.

Som døme på korleis englane tener dei som vert frelst, vil eg vise til Sak.3 og breva til englane for dei sju kyrkjelydane i Johannes Openberring 2-3. Ordet «engel» betyr bodberar. Jesus sender sine tenarar med bodskap til sin kyrkjelyd og slik sender han dei til meg også. Eg forstår det slik at engelen er ånda som talar, det er den som er bodberaren frå Gud. Og slik har Jesus sagt til meg, gjennom tyding av tungetale, at han har sett framfor meg ei opna dør, som ingen kan lukka. Det refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3,7-13). Så til samanlikning med den er eg også ein bodberar, med den anden Jesus har gitt meg. Eg har fått oppleve at mange har prøvt å stenge meg ute og stenge vegen for meg. Men Jesus har nye vegar for meg og opnar nye dører for meg. Då må eg sjå det og gå inn der. Det vesentleg og avgjerande er at han har opna himmelen for meg.

Mykje tyder på at det var Paulus som skreiv Hebrearbrevet, finst originalen skal ein kunne sjå det på handsrkifta. Timoteus var hans nære medarbeidar og hen er nemnd slik i slutten av brevet.

Heb.13,23 De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg sjå dykk saman med han.

24 Hels alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Dei frå Italia sender si helsing.

25 Nåden vere med dykk alle!

Apostlane Peter og Judas talte om å ikkje opponere mot englemakter og å avsky dei sanselege lystene. Paulus talte om at Anden skal råde i vår døyelege lekam og at vi skal døyde lystene med Anden, då skal vi ikkje drive med engledyrking, men underkaste oss Herren Jesus. Og i Hebrearbrevet vert det sagt at han står over englane i makt, englane skal tilbe han. Dei er ånder som tener oss som vert frelst.

I Hebrearbrevet er det også tale om å øve sansane til å dømme rett.

Heb.5,11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så likesæle med å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. 13 For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. 14 Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

Dette viser klart at det er ikkje berre eit spørsmål om å sanse eller ikkje sanse, men om korleis ein forheld seg til det ein sansar, korleis ein forstår det. Med opplæring i Guds Ord har vi fått ein rasjonalitet som gir oss ei god forståing av det vi sansar. Kroppen er skapt av jord og med våre fysiske sansar sansar vi det fysiske miljøet rundt oss. Men Gud er ånd og kjem i tillegg til det fysiske, han talar sitt Ord til oss og gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Gud er ånd og han rører ved oss og vi sansar det ein annan måte enn korleis vi sansar det fysiske miljøet rundt oss.

Jesus er vår frelsar og Herre. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen. Den Anden er suveren over det fysiske og det livet er evig. Vi får det gratis, av berre nåde, det må vi ære og takke han for og så ære og takke Faderen for den frelsa han har gitt oss i Son sin, Jesus Kristus.

Så kva er hendsikta med at han rører ved oss? Ja, kven forstår seg på det? Det er då sjølve velsigninga og det betyr at han førebestemmer oss til noko godt, det er då skaparen som rører ved oss og formar oss som leiren i pottemakarens hand.

Ef.1,Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage *i Efesos•, dei truande i Kristus Jesus:  2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Alt i Kristus

3 Velsigna er Gud,

vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus velsigna oss

med all Andens velsigning

i himmelen.

Ef.2, 4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik,  5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han,  7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Logikken, tankens friodom, innbilling eller tru.

Logikken kan brukast på forståelege utsegner, same enten dei er sanne eller ikkje, dei kan godt vere heilt tullete, berre dei er forståelege. vi kan til dømes ha to utsegner, A: Kattar likar musikk. B: Grårikkete kattar likar disco-musikk. Då har vi at A medfører B. Men vi har ikkje at B medfører A. For A inneheld meir kunnskap enn B. Til samanlikning kan A vere Guds Ord. Men menneska veit og forstår berre litt av det, så det vert som B. A kan vere den ideen som vi tenker og lever ut ifrå, det kan vere ei generell formulering (universalie), som «å hogge ved», du tenker og hendlar ut ifrå det ved at du går og kløyver ein vedkubbe. Økta med å hogge ved vert då som eit partikularium, vi kan kalle det bn, eit element i B. Så vi tenker logisk utifrå utgangspunktet og nytter fridomen til livsutfolding til å få det gjort. Så fridomen betyr at vi har fått deligert makt til å ta avgjerda og utføre det.

Men så kan det hende du tek ein av vedkubbane og lagar ein skulptur av ein som høgg ved og kallar den «å hogge ved», så den blir som universaliet B. Kanskje påstår du endåtil at den er gud. Men det er då fordummande, det gjer deg temmeleg trongsynt. Du kunne kalle den guden for vedhogging og skogsdrift og så finne på andre gudar for andre saker.

Slik rådde gudane i dei gamle religionane i kvar sine område, men dei var fantasifoster. Og så fann diktaren og krigaren Ayskilos på at Zevs skulle vere guden over alle gudar, som skulle råde med ein universell moral og så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Men korleis kunne ein av gudane som sprang ut av kaos, få så stor makt, som om der ikkje var kaos lengre? Det avsannar då kaoset og er soleis ei sjølvmotseiing. Det gjorde trældomen under avgudane endå hardare, som om det ikkje var delegert makt til menneska lengre. Det er då tøv, men når menneska tru på det i staden for å tru på Bibelens Gud, så blir dei trælar.

Frelse, frigjering og skaping. Deduksjon i det logiske resonnementet og determinisme på det atomære nivå. Kvantemekanikken og skapinga.

Frelsa og fridomen i barnekåret, skapinga.

Ved trua på Kristus vert vi forsona med Gud, han frelser oss inn i eit slikt forhold til han som han opphavleg skapte oss til, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss og gjer sitt verk i oss og med oss, ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2. Han skapte mannen av mold frå makra og skapte kvinna av sidebeinet hans. Så begge var laga av mold. Men Gud er ånd og gjorde sitt  verk ved sitt Ord og sin Ande, han rørte ved mannen og gjorde sitt verk med han, så han visste at Gud rørte ved han og skape kvinna av sidebeinet hans, for han ville gje han ei hjelp som høvde for han.

Gud er suveren over det han har skapt, Gud er ånd og er suveren over den fysiske naturen. Slik er det også med den Anden han har gitt oss, han gav oss ikkje eit treldomsånd, så vi atter skulle frykte, men han gav oss barnekårsanden, som gjer at vi ropar Abba, Far. Så i den Anden har vi tankens fridom, men det er på den måten at Faderen har omsorg for oss som sine born og lærer oss opp i sanning og rettferd og oppseder oss. Det er konstruktiv tenking, men vi får oppleve Gud er med oss og skaper oss og gjer sitt sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande og det resulterer i at vi tenker konstruktivt.

Det atomistiske samfunnet, fridom eller diktatur? Fri tanke og logisk tenking eller tvangstankar?

Det atomistiske samfunnet kunne verte liberalt (John Lock) eller eit eineveldig diktatur (Hobbes). Men dersom menneska tenkte seg at fridomen betydde opprør imot Gud og eineveldet betydde å erstatte han med ein keisar som dei dyrka som gud, så tapte dei sin fridom og sine menneskerettar på det.

Vi kan fritt velje kva utgangspunkt vi vil tenke ut ifrå, men når vi tenker logisk, blir resultatet tvingande nødvendig, forutsett at ugangspunktet var rett. Og når vi skal vere seriøse i vår tenking, både for å seie det som er sannt og rett og noko som gjev meining og vedi i livet, må det no vere om å gjere at utgangspunktet er rett og godt, så det venteleg vil resultere i noko godt og verdifullt.

Når nokon startar eit biljardspel og spreier kulene, er resultatet derterminert. Det kan brukast til å forklare atomrørslene, det er deterministisk. Men kva er då poenget med det atomistiske samfunnet? Denne determinismen er då ikkje særleg veleigna til forklare verken vår tenking eller vår integritet i samfunnet som sjølvstendig, tenkande menneske som er sosiale og pratar med andre menneske. Men poenget med det atomistiske samfunnssynet er at den einskilde er sjølvstendig, som eit atom, og dei utgjer eit samfunn ved at dei vekselverkar til samanlikning med atom. Slik er det veleigna til å forklare eit liberalt og sekulært samfunn. Men dersom determinismen vert brukt til å forklare einevelde og diktatur, så vil eg kalle det humbug.

Men elementærpartiklane følgjer heilt andre lover, her er det  kvantemekanikken som gjeld og den vart utvikla først på 1900-talet. Gud er ånd og vi hevdar og meiner han rører ved oss, så vi merkar det, opplever og sansar det i vår ånd, sjel og kropp. Det starta med at vi høyrde Guds Ord og trudde på det og vi fekk Anden ved tru, av berre nåde. Slik starta det med vår tenking og vi fekk oppleve Guds skaparhand og skaparkraft i våre liv, så det fekk konsekvensar for korleis partiklar i vår kropp beveger seg, då må det skje på elementærpartikkelnivå og få konsekvensar på atomnivå.

Determinismen på atomnivå vert brukt til å forklare og underbygge eineveldet og diktatur og kan brukast til å forklare viljestyrke, men det er filosofering og ikkje det same som vitskap. Men skal tru kor mykje slik filosofering utgjer rasjonaliteten i forskinga og vert teke for gitt, men forteia, så resultatet vert framstilt som vitskap, men eigentleg er det ei innskrening av vår tenkefridom,  ytringsfridom og fridom til livsutfolding?

Men i kvatemekanikken vert determinismen (kausaliteten) erstatta av usikkerhet (Heisenbergs usikkerhetsrelasjon) og sannsyn (bølgefunksjonen). Det høver vel betre med vår usikkerhet. Vi er støv, men bøyer vi oss i støvet og audmjukar oss for Gud og tek imot hans Ord og hans Ande, av berre nåde, får vi oppleve at han tek bustad hos oss, i det høge og heilage bur han og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Det er mykje vi kan vere sikre på og mykje vi kan vere usikre på. Men korleis verte sikre? Med ei vitskapleg innstilling kan vi prøve verte sikre om meir, men i følgje kvantemekanikken skal vi også vere sikre på at det er noko vi skal vere usikre om. Og på makronivå kan vi sjå det slik at usikkerheta betyr fridom til livsutfolding. Og i barnekåret hos Gud har vi fridom til livsutfolding, vi har fått Guds Ord og Guds Ande og det inneber deligering av makt til livsutfolding.

Vi audmjukar oss for Gud og får nåde og misskunn, då får vi oppleve at han skaper oss som leiren i pottemakarens hand. Det er slike misskunns-kar han gjer til ærens kar, til si eiga ære. Det er om å gjere for oss å stige fram for nådens trone å få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Sidan vi har fått miskunn er vi miskunnsame overfor andre.

Jeremias.18,Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:  2 «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.»  3 Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva.  4 Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.

5 Då kom Herrens ord til meg:  6 Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus.  7 Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja.  8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det.  9 Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

Salme.81,11 Eg er Herren din Gud

som førte deg opp frå Egypt.

Lat opp munnen, så fyller eg han!

 

12 Men folket mitt høyrde ikkje på meg,

Israel ville ikkje lyda meg.

 

13 Så lét eg dei fara, forherda i hjartet;

dei følgde sine eigne planar.

 

14 Gjev mitt folk ville høyra på meg,

gjev Israel ville gå på mine vegar!

 

15 Då skulle eg kua motstandarane deira med det same

og retta handa mot fienden.

 

16 Dei som hatar Herren, må krypa for han,

deira ulukketid skal alltid vara.

 

17 Men han har late Israel eta den beste kveiten.

Eg mettar deg med honning frå berget.

1.Kor.3,12 Når vi no har slikt eit håp, går vi frimodig fram. 13 Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova. 16  Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort. 17  Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.

Mi sak.

Verdsetje barnet og elevens evne til å lære?

Eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge, samtidig som eg har vore realist. Til sine tider kjendest det som ei dobbelrolle, som eg ikkje var heilt komfortabel med, men når eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Ved trua på Jesus får eg fred med Gud, når Ordet ved trua smeltar saman med meg i mitt hjerte, får eg fred og kvile i mitt hjerte og når eg vender sinnet og hugen opp til han gjev han meg ei underfull fred og kvile i mitt sinn og min tanke. Det der ved fylden av den Heilage Ande.

Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung, og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Livet vart planta i meg ved Guds Ord, ved at eg tok imot det i tru, allereie når eg var ein liten gutunge, og det skulle vekse. Det er ved at eg framleis lyttar til det og tek imot det i tru og ved at mitt hjertes jord vert vatna av den Heilage Ande. Han gir meg ei kone ved at han gjer henne levande saman med meg (1.Mos.2).

Guds ord er levande og det gjer oss levande, vi er mange som har fått oppleve det og gleder oss over det og takkar Gud og Lammet for det. Det er mange som veit å verdsetje det, sikker mange fleire enn vi anar.

Eg vil samanlikne det med at det vert oppdaga at eit barn har eit spesielt talent, det kan vere musikalsk, lære fort språk, ha gode matematisk evne, kombinatorisk evne, ha talent for sjakk. Vonleg er der då voksne som veit å verdsetje det og legg til rette for at barnet får  utvikle sine evne og sitt talent. Men så viser det seg faktisk at i kyrkja og i kristne organisasjonar er der mange som tvert om står i mot og prøver å hindre livet i å utvikle seg og vekse og prøve å gjere slutt på det. For dei prøver å hevde seg med sin kunnskap, som er bokstaven som slår i hel.

Eg er som sagt realist, samtidig som eg trur på Jesus, ja, Jesus vel ut heilt vanlege menneske. Om andre ikkje trur på han så hadde eg venta meg at dei likevel kunne omgås meg og snakke med meg som eit vanleg menneske, spesielt om dei er intellektuelle. Jau, det har nok fungert overfor ein del realistar som eg har kome i kontakt med og vorte kjend med. Sjølv om nokre av dei har kalla seg ateistar har eg likevel kunna fortelje dei om mi kristne tru, mange som kallar seg kristne har vore meir avvisande enn dei til kva Gud har lagt meg på hjertet. Men det som forundrar meg er at det er så mange som ikkje vil høyre, sjølv om det opplagt er ei naturleg side av saka, som eigentleg skulle vere nokså sjølvsagd, kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er då både naturleg, sjølvsagd og livsnødvendig for eit folk. Kommunikasjonen mellom mann og kvinne med tanke på formeiringa er då både naturleg, sjølvsagd og livsviktig for eit folk, men så trekker dei den konklusjonen at den ikkje lenger skal fungere?! Dette viser at deira alternativ til den kristne trua ikkje er naturvitskap og realfag, men religiøs overtru.

Invitere til bryllaupet til kongssonen.

Jesus gav meg ånd og liv i mitt indre menneske, eg gleda meg i frelsa og hadde tru og håp i mitt hjerte om at han ville gi meg ei frelst kvinne til kone. Dette var det sentrale poenget og eg var ivrig og entusiastisk med å gå ut og vitne om Jesus. Men kvar vart det av den kona som eg hadde bedt han om? Burde eg ikkje heller prioritere å komme i kontakt med ei kvinne og prate med henne om det? Ja, korleis komme frå universalia til parikularia ved at eg eg faktisk fekk meg ei kone? Å gå ut og vitne om Jesus er som å invitere til bryllaupet hans. Det sentrale poenget er kjærleiksforholdet mellom han og hans brud, alle gjestane er det meir perifere poenget. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så har dette å gjere med det sentrale poenget. Det er Guds verk og eg og vi må berre overlate det til han å gjere sitt verk. Men i denne likninga ser vi også at det vart strid om saka, heilt til Faderen kom inn i bryllaupssalen og oppdaga at der var ein som ikkje var bryllaupskledd, så han sa dei skulle bitte han og kaste han ut. For mange er kalla, men få er utvalde. Og det er då tydeleg i vår tid at kyrkje og kristne organisasjonar vert infiltrert av den vonde, så det merkast i samfunnet heilt ned i lokalsamfunnet, i hus og heim (Matt.24,15….).

Baktale og avgudsdyrking.

Når eg var ein liten gutunge fekk eg lære det heimanfrå, at baktale ikkje var akseptabelt, eg fekk forståing av at det ikkje var kristeleg, sjølv om eg ikkje hadde noko skriftstad på det, likevel kunne det kunne verte brukt i kyrkjeleg regi og nettopp då kunne det utarte seg djevelsk. Eg fekk også forsting av at det var lygnarisk som metode og derfor ikkje haldbart juridisk.

Men i vår tid vet det tydelegvis tvert om godteke som metode, det vert rekna for frigjerande å sleppe å høyre sanningens Ord og det har seg slik at dei heller vil høyre på lygn og baktale. Det utartar seg som justismord til samanlikning med mordet på Sokrates, slik elskar dei uretten.

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome, og det at vi skal samlast hos han, bed vi dykk, sysken:  2 Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som er fortapingssonen.  4 Det er motstandaren, han som opphøgjer seg over alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Hugsar de ikkje at eg sa dette då eg var hos dykk?  6 Og de veit kva som no held han att, så han først openberrar seg når hans tid kjem.  7 Lovløysa er alt verksam med si kraft, men i løyndom, for han som enno held att, må først ryddast av vegen.  8 Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom.  9 Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje ville elska sanninga så dei kunne bli frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur løgna. 12 Og slik får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Dette er avgudsdyrking og det fører til avspora seksualitet. I vår tid ser vi at det er kome inn i kyrkja (Rom.1).

Sjå på Jesus og snakke med han.

Sjå på Jesus.

Jesus har mange gangar sagt til meg at eg skal sjå på han. Eg har fått oppleve at Jesus er med meg og det er å samanlikne med Peter som gjekk på vatnet. Dessutan skal vi vende hugen opp til han. Jesus er vår frelsar og Herre og gjer sitt verk med oss. Derfor er det viktig for meg å sjå på han. Kvifor skulle eg vel sjå på ein verdsleg autoritet i staden, som om det var avhengig av den? Nei, eg skal feste mitt blikk på Jesus. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning. Derfor er det viktig for meg å sjå på han.

Kol.1,15 Han er bilete av den usynlege Gud,

den fyrstefødde som står over alt det skapte.

Ef.4,22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. 23 De må fornyast i sjel og sinn 24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.

Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus, til gode gjerningar som han har lagt ferdige, for at vi skal vandre i dei. Når vi er i han, ser Gud oss i han og då ser han det verket han har skapt og synest det er godt, han gjer oss fullkomne i han.

Ef.2, 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Eg bad Jesus om ei frelst kvinne til kone og då snakka med han om henne Virtuella.

Eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og då har eg tenkt slik at frelsa var første prioritet både for meg og henne og ekteskapet kjem som andre prioritet.

Når eg gjekk på gymnaset, bad eg for henne Virtuella og då openberra han henne for meg som det

vidunderlege barnet han fødde henne til og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så eg trur eg fekk sjå henne meir slik som Gud såg henne og då må eg berre takke Gud og Lammet for frelsa, takke Gud for at han frelste henne, gjenfødde henne og skapte henne i Kristus. Gud er ånd og han rørte ved oss og gjorde sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.

Gud velsigna både meg og henne i Kristus. Og eg vil seie den velsigninga. Sjølvsagt var eg då interessert i å få eit nærare vennskapsforhold til henne, snakke med henne om dette, fri til henne, det vil seie spørre henne, for å få eit kjærleiksforhold til henne, sjølvsagt var eg interessert i å få henne til kone. I det siste har vi fått høyre at Jesus kallar henne og det er også som eit frieri. Ja, som eit Guds barn, skulle då ho også ha rett til å komme fram for nådens trone. Men det er vel så at mange lærde foraktar fridomen i barnekåret og ikkje vil unne verken meg eller andre det. Og det går ut over ytringsfridomen og våre demokratiske rettar generelt. Kva kan eg då seie? Eg kan og skal framleis vende meg til Jesus og bli velsigna og bli til velsigning. Så eg held fram med å velsigne. Om ho og andre med henne svarar med å forbanne, så får det vere hennar og deira ansvar.

Velsigninga betyr at vi får komme inn i samfunn med Gud som er ånd, vi får oppleve at han rører ved oss og gjer sitt verk i oss ved sitt ord og sin Ande. Dei som fornektar han prøver nok å bortforklare det med kroppsleg berøring og å sanse dei materielle tinga rundt seg (materialisme). Men dersom nokon, til dømes ho Virtuella, slik vender seg bort frå Jesus og fornektar Herren som er Anden, så er himmelen stengd for dei.

Bodskapen 6.11.2016:

Lukk din munn vidt opp, då skal eg fylle den. Pris meg og lov meg og eg skal gi deg kva ditt hjerte begjærer. La ditt sinn og dine tankar vere vendt imot meg og ikkje til det som er her nede. Då skal eg la mi velsigning følgje deg i alt kva du gjer. Og du skal få kjenne at eg lever og er oppstått i ditt hjerte. Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka. Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.

Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forganga og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.

https://tsivert.com/2016/11/07/2016-11-06-kvilens-vatn/

Men no snakkar eg med Jesus om henne Reella.

Hausten 1988 fekk eg oppleve at Jesu openberra seg for meg og henne Reella også, Gud openberra si frelse i Kristus for meg og for henne. Det var ei velsigning og eg trur og håper ho framleis lever i den velsigninga. Gud skapte henne også i Kristus og det var godt, håpet om Guds helegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt.

Men det undra meg at eg ikkje fekk snakke med henne. Frå omlag 1989 bad eg slik for henne Reella. Eg såg henne og møtte henne mange gangar, men eg kom ikkje i prat med henne og det undra meg kvifor eg enno ikkje har fått snakke med henne heller. Er eg interessert i å fri til ei kvinne, er det då sjølvsagt viktig for meg å snakke med henne om det. Kvar vart det av ytringsfridomen og mine demokratiske rettar? Det er då som om eineveldet og sosialistisk diktatur har erstatta det. Og så prøver dei endåtil å framstille det som vitskapleg. Men det er det sjølvsagt ikkje. Men dei har erstatta både kristendomen og naturvitskapen med religiøs overtru.

Men kristendomen og den kristne kyrkja starta då i eit diktatur og viste seg livskraftig, sjølv om den vart forfølgd. Det var Gud som ved sitt Ord og sin Ande skapte utvikling i samfunnet. Og det ser vi no i mange andre diktatur i vår tid også. Så den er ikkje avhengig av demokrati over stemmeseddelen for å fungere. Og det er ikkje eg og vi heller. Vi skal berre innvie oss for Gud og tene han.

I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, men han sa til meg at han ville snakke med meg. Det har han sagt seinare også. Om det var så at han ville gi meg ei kone, så synetset eg det var rart at eg ikkje fekk snakke med henne om det. Men det er nok denne såkalla kvinnefrigjeringa som syter for at liberalismen resulterer i fråfallet.  Jesus sa til meg at eg kunne ikkje stole på menneske, men eg måtte stole på hans lovnadar og rekne med hans kraft.

https://tsivert.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/

https://tsivert.com/2016/08/05/2013-02-0317-sja-pa-apostelen-og-ovstepresten-jesus/

https://tsivert.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/

Og no har han nyleg sagt at eg skal få kjenne hans salving og kraft i min lekam. Og eg opplever det slik at salvinga overtyder meg om at Jesu gir meg henne Reella til kone. Ho er naturvitar, biolog. Det treng ho sjølvsagt ikkje gjere noko endring på, Jesus har kalla henne og ho får komme til han akkurat slik som ho er. Jesus har gjort sitt verk med både meg og henne og og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal ære og takke Jesu som vår frelsar og Herre, for at han har frelst meg og at han frelser henne også. Eg skal glede meg i han og hans frelse, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår. Og det er henne. Jesus er sanninga som set oss fri.

Om vitskapsfolk fornektar han og kallar det vitskap, så er vitskapen deira feil. Men om eg og ho kjennest ved han og kallar han rasjonaliteten i vår vitskap, så er vitskapen vår i prinsippet rett og sann.

Når vi gjer eit eksperiment, så er det ingen som kan gripe inn og påverke prosessen og endre resultatet. Vi er passive tilskodarar og får ut objektiv kunnskap. Eg ber fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, det er mi åndelege Guds-teneste. Og eg får oppleve at Gud gjer sitt verk med meg ved sitt Ord og sin Ande, Gud er ånd og han rører ved meg. Han gjer sitt vek med meg i samsvar sitt eige Ord i 1.Mos.2. Eg får oppleve hans salving og kraft i min lekam og slit trur eg han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, salvinga overtyder meg om at det er ho Reella.

Eg skal berre sjå på Jesus i erkjenning av at det er han som gjer sitt verk. Om så verdslege makter prøver å påstå at det er dei som gjer sitt verk og vil påverke det, så er det berre tåpeleg og det er ingen grunn til å at eg skal sjå på dei i staden, men eg skal feste blikket mitt på Jesus.

Jesus vel ut vanlege menneske som trur på han og gjer sitt verk med dei, Gud skaper dei i Kristus og det verket han gjer er godt, det er fullkome.

Fork.3,11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

1.Kor.13, 8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt.  9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende.

Hebr.10,12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

Rom.8,29 Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.

Bodskapane 18.9.2016:

Tungetale ved John Miland, tyding ved Håkon.

For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullbrakte verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under  for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.

For åpne din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ærens kar, for mitt namns skuld. Ikkje for nokon bevegelsar, ikkje for noko kyrkjesamfunn, for det er eg som i alle ting skal vere den fremste, det er eg, Herren, det er eg som har talt. Derfor kom til meg, du som strevar og har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile.

Fryd deg og gled deg i meg. For gleda i meg, det skal vere din styrke. Derfor, meg skal du (opent bekjenne?), for eg er Herren, som har kalla deg, det er eg Herren, som har bestemmt, for at mitt liv skal verte openberra i deg og gjennom deg. Derfor, frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, som har gjort det, alle ting, og det er eg Herren, som all ære skal ha. Derfor, pris meg og lov meg og opphøy mitt namn, så skal eg Herren, dra menneske til meg. Halleluja. I Jesu namn.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.

https://tsivert.com/2016/09/27/2016-09-18-m-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-opna-dor/

Jesus vil openberre sitt liv i meg og gjenom meg og det trur eg han vil gjere ved at han gjer henne Reella levande saman med meg. Han skaper oss og gir oss ånd og liv i samsvar med 1.Mos.2.

Det som eg synest er så rart, er måten det skjer på, det skjer utan at eg enno har fått snakke med henne. Eg var einsam og forlatt og hadde ingen å snakke med. Men Jesus ville snakke med meg. Han velsigna meg og gjorde meg til ein kanal for si velsigning.  Han har gjort sitt verk for meg, i meg og gjennom meg og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal glede meg i han og hans frelse, erkjenne det verket han gjer i meg og gjennom meg og ære og takke han for det, jfr. Adam i Edens hage. Slik skal eg snakke med han. Hans salving overtyder meg om at han gjev meg henne Reella til kone. Og så skal eg seie og påstå det utan at eg først har snakka med henne og spurt henne. Men det er no visst einaste moglegheita eg har og får. Men er det han som gir meg den, så er den no god nok, den er trygg. Han har sett meg på ein rydda veg og han har sett framfor meg ei opna dør der eg er kalla til å gå inn. For meg synest det rart, men Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Han velsignar meg og seier velsigninga og slik seier mykje om meg som eg elles ikkje hadde føresetnad for å vite og påstå og eg seier mykje om kvinner som dei elles ikkje  hadde føresetnad for å vite og påstå og det er også velsigning. For einaste moglegheita vi har vil å vite det og erkjenne det på, er at vi tek imot Ordet i tru, vert vi verande i Jesu Ord, får vi lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Det er ved at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss.

Ho Reella er naturvitar, biolog. Som naturvitar søker ho sanning. Og Gud har openberra si frelse i Kristus for henne. Han er Guds Ord, han er sanninga, så den Heilage Ande har openberra Ordet for henne og eg trur ho har teke imot i tru, ho har Guds Ord og Guds Ande og elskar sanninga. Ho har salvinga og den lærer henne det som er rett og sant. Og det er herleg. Eg får kjenne salvinga i min kropp og det er den som overtyder meg om det. Og det er herleg, det kjenenst godt. Så det kjennest naturleg for meg å glede meg over det og takke han for det, eg skal glede meg i Herren alltid og takke han for hans fullførde frelsesverk, så vil han gje meg det mitt hjarte attrår. Og det er henne.

Han sa eg skulle opne min munn, så ville han fylle den (Jfr. Salme 81,11). Så eg vil kjennast ved han som min Herre og frelsar og takke han for det fullførde frelsesverket og takke han for det verket han gjer i meg og gjennom meg, då ventar eg meg at han han held fram med det, så eg får endå meir å takke for, slik fyller han min munn. Ja, eg trur eg får oppleve meir av det, samtidig som eg vedkjenner det.

Esekiel.37,1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein.  2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre.  3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.»  4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord!  5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att.  6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»

7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein.  8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei.  9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.

11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

Profeti om at Jesus skulle få Davids nøkkel:

Jesaja.22,15 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Gå inn til slottsforvaltaren Sjebna,

han som står føre huset!

16 Kva har du her, og kven har du her,

sidan du høgg deg ut ei grav?

Du høgg ei grav på ein høg stad,

holar deg ut ein bustad i berget.

17 Sjå, Herren skal slengja deg bort,

slengja deg bort, du sterke mann.

Han grip deg,

18 rullar deg saman

og kastar deg som ein ball på open mark.

Der skal du døy,

og der skal dine stasvogner enda,

du skamflekk for huset åt herren din!

19 Eg vil støyta deg bort frå di stilling

og riva deg ned frå din plass.

20 Den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiason, tenaren min. 21 Eg vil kle han i din bunad, spenna beltet ditt om han og la han få den makt og mynd som du hadde. Han skal vera ein far for Jerusalems-buane og Juda-folket. 22 Eg legg nykelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal ingen lata att, og når han lèt att, skal ingen lata opp. 23 Eg slår han inn som ein nabb i fast vegg, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt.

24 Men så hengjer dei på han heile tyngda av farshuset hans, både renningar og blad og alle småkjerald, frå skåler til krukker. 25 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, skal han losna, nabben i den faste veggen. Han skal gå av og detta ned, og det som hang på han, skal knusast. For Herren har tala.

Her er Sjebna førebilete på Judas og Eljakim førebilete på Jesus.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s