Kampen for tilværet, med lov og rett? Visdomen, kvar er den? Finst det fullkomne?

Bilete av Salomos tempel.

Innleiing.

Når kong Salomo var ung, gjorde Gud han visare enn alle, så det gjekk gjetord om han. Men når han vart gammal, vart han vemodig og sa det er ei tid til å plante og ei til å rive opp, ei tid til å opp bygge opp og ei til å rive ned, så alt er fåfengt. Men visdommen var å oftast Gud, han gjorde alt fagert i si tid og la æva ned i menneskehjerta og gjer eit verk som står til evig tid. Menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Ja, så Gud frelser menneske for æva og den frelsa har han openberra for oss i Kristus.

Gud skaper historia.

Velsigning eller forbanning; utvikling og framgang eller krig og øyding.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, Gud velsigna han og lova at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han vart velsigna, dei som forbanna han vart forbanna. Denne lovnaden får vi oppfyllt i Kristus, ved at vi trur på han.

I fylgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet og det er mange som brukar det som argument mot skapingssoga. Men når vi les det gamle testamentet, ser vi då så tydeleg at livet er ein kamp for tilværet. Folk tenkte slik og dei heldt det for ei sjølvfølgje. Det var til dømes ei velsigning å få mange born og eit liv i velstand, men ei skam å vere barnlaus, verte fattig og tape i krig. Folk dyrka sine gudar for å få hjelp i kampen for tilvære, men i følgje Bibelen var der inga hjelp i dei. Men israelsfolket dyrka den sanne Gud og då hjelpte han dei.

Å dyrke avgudane var einstydande med å vere ugudeleg. Men sjølv om folka ikkje kjende den sanne gud og dyrka avgudane i staden, var det likevel den sanne Gud som gjorde sitt verk og han vuderte dei og dømde dei etter korleis dei forheldt seg til han, kor vidt dei gjorde etter det som han hadde fastsett som lov og rett.

Gud let folka krige mot kvarandre, nokre tapte og vart fornedra og slik viste han at det var ikkje hjelp i avgudane deira. Då var det nokon som vann også og det var fordi han laga det slik. Men sidan let han dei også tape og viste soleis at det var ikkje hjelp i avgudane deira heller. Slik let han ingen briske seg mot han, i alle fall ikkje over lang tid.

Eg vil ta med nokre bibelsitat som viser dette.

Assyrarane.

JES 10,1 – JES 10,19 {KVA VIL DE GJERA PÅ REKNESKAPSDAGEN?}  Ve dei som gjev urettferdige lover  og føresegner som er til ulukke! 2   Dei driv småkårsfolk bort frå retten  og tek frå dei verjelause i mitt folk  det dei har rett på.  Enkjene gjer dei til sitt hærfang,  og farlause plyndrar dei. 3   Men kva vil de gjera på rekneskapsdagen,  når stormveret kjem langt bortanfrå?  Kven vil de fly til etter hjelp,  og kvar vil de gjera av rikdomen dykkar? 4   Då er det ingen annan utveg  enn å siga i kne mellom fangar  eller å falla mellom dei drepne.  Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,  og enno retter han ut si hand.  5 {DOMEN OVER ASSURS HOVMOD}  Ve Assur, mitt vreideris!  Min harme er staven i hans hand. 6   Eg sende han mot eit gudlaust folk,  baud han fara mot det folk eg var harm på,  så han kan røva og rana og plyndra  og trakka det ned som avfall i gata. [eit gudlaust folk: Israel, som har falle frå Herren.] 7   Men han har ikkje meint det så  og gjer seg ikkje slike tankar.  Nei, til å øyda står hans hug  og til å rydja ut mange folk.  8   Han seier: “Er ikkje mine stormenn  kongar alle saman? 9   Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?  Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,  og Samaria som Damaskus? [Kalno (= Kalne, Am 6, 2), Hamat og Arpad: arameiske bystatar som vart hærtekne av assyrarane.] [Karkemisj: viktig by ved øvre Eufrat. Sml. Jer 46, 2.] 10   Når mi hand har nått til dei rika  der dei dyrka andre gudar,  og der det var fleire gudebilete  enn i Jerusalem og Samaria, 11   skulle eg ikkje då kunna gjera det same  med Jerusalem og gudebileta der  som eg gjorde med Samaria og gudane der?”  12   Men når Herren har fullført alt sitt verk  på Sion-fjellet og i Jerusalem,  då krev eg Assur-kongen til rekneskap  for fylgjene av hans hovmodige ferd  og for trassen i hans stolte augo. 13   For han har sagt:  “Dette har eg gjort med mi sterke hand,  og i min visdom, for eg er klok.  Eg sletta ut grenser mellom folkeslag  og plyndra skattane deira.  I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona. 14   Mi hand greip etter rikdomen åt folka  som ein grip etter eit fuglereir.  Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,  har eg samla alle land på jorda.  Det fanst ingen som rørte ein veng  eller opna nebben og peip.”  15   Briskar vel øksa seg mot den som høgg,  set saga seg over den som sagar?  Som om staven skulle svinga han som lyfter han,  og stokken lyfta han som ikkje er av tre!  16   Difor skal Herren, Allhærs Gud,  senda tærande sjukdom  mellom assyrarkongens sterke menn.  Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,  og som eit bål skal han loga. 17   Israels ljos skal verta ein eld,  Israels Heilage ein loge  som brenn i landet hans  og øyder både torn og tistel  på ein einaste dag. 18   Han skal gjera ende på rubb og stubb  i dei herlege skogane og hagane hans.  Det skal gå som når ein sjuk tærest bort. 19   Dei tre som vert att i skogen,  skal vera lette å telja;  ein smågut kan skriva dei opp.

2KG 18,17 – 2KG 18,37   Men assyrarkongen sende kommandanten, hoffsjefen og hærføraren med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei drog fram, og då dei kom til Jerusalem, stelte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen. [Øvredammen: dambygg ved bymuren, truleg attmed Gihon-kjelda i Kedron-dalen. Sml. Jes 7, 3.] 18 Så tok dei til å ropa på kongen. Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf. 19 Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg? 20 Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg? 21 Du set nok di lit til Egypt, den brotne røyrstaven som stikk hol i handa på dei som stør seg på han. Såleis er farao, kongen i Egypt, for alle som lit på han. 22 Men svarar du meg: “Det er Herren vår Gud vi set vår lit til,” då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: “Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe?” 23 Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei! 24 Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå? 25 Trur du kanskje at eg har drege mot denne staden for å øydeleggja han utan at Herren ville det? Nei, Herren sjølv sa til meg at eg skulle dra opp mot dette landet og leggja det i øyde. 26   Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: “Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.” 27 Men hærføraren svara: “Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.” 28   Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier! 29 Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk ut or hendene mine. 30 Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: “Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.” 31 Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn, 32 til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar, med oliventre, olje og honning. Då skal de ikkje døy, men leva. Høyr ikkje på Hiskia når han lokkar dykk og seier: “Herren vil nok berga oss.” 33 Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria? 34 Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim, Hena og Ivva? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand? [Arpad: arameisk bystat, nord for Hamat.] [Sefarvajim: -> 17, 24.] [Hena og Ivva: aramearbyar.] 35 Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem! 36   Folket tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han. 37 Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt.

2KG 19,1 – 2KG 19,37 {HERREN BERGAR JERUSALEM}  Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus. 2 Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos. 3 Dei sa til han: “Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda. 4 Kanskje Herren din Gud høyrer alt det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!” 5   Då kongsmennene kom til Jesaja, 6 sa han til dei: “Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg. 7 No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.” 8   Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj og møtte han medan han stridde mot Libna. 9 Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa: [Tirhaka: konge i Nubia og Egypt (689 – 664 f. Kr.). Endå (701 f. Kr.) var han ikkje styrande konge, men kan henda feltherre for faren.] [Nubia: land ved Nilen, sør for Egypt.] 10 “Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen. 11 Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga! 12 Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar? [Her er det nemnt nokre stader i Syria og i det nordvestlege Mesopotamia.] 13 Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?” 14   Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn. 15 Hiskia bad til Herren og sa: “Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda. 16 Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud. 17 Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt både land og folkeslag. 18 Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei. 19 Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.” 20   Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria. 21 Og dette er det ordet Herren talar mot han:   Ho hånar deg og spottar deg,  Sions dotter, den unge møy;  ho rister på hovudet etter deg,  Jerusalem, den unge jenta. 22   Kven er det du krenkjer og vanærar?  Kven tek du til ords imot?  Høgt lyfter du augo dine  mot Israels Heilage. 23   Du lét dine sendemenn spotta Herren  og sa: “Med mine mange vogner  fór eg opp til dei høge fjell,  langt inn på Libanon.  Der felte eg høgvaksne sedrar  og dei finaste sypressar.  Eg nådde til den høgaste topp,  der skogen står som ein hage. 24   Eg har grave etter vatn  og drukke or framande kjelder.  Med mine fotsolar turka eg ut  alle elvane i Egypt.”  25   Har du ikkje høyrt om dette?  Eg planla det for lenge sidan;  eg laga det så i eldgamal tid,  og no har eg sett det i verk.  Så kunne du øyda festningsbyar  og gjera dei til ruinhaugar. 26   Dei som budde der,  stod med kraftlause hender,  fylte av redsle og skam.  Dei likna vokstrane på marka,  den grøne groen og graset på tak,  som svid av før det veks til. 27   Om du sit eller står,  om du kjem eller går,  så kjenner eg til det.  Når du rasar mot meg, veit eg om det. 28   Men fordi du rasar mot meg,  og eg har høyrt kor sorglaus du er,  set eg ring i nasen din  og legg beisel i munnen din.  Så fører eg deg attende  den vegen du kom.  29   Dette skal du ha til teikn:  I år må de eta det som gror av spillkorn,  og til års korn som har sått seg sjølv.  Men tredje året skal de så og hausta,  planta vingardar og eta frukta. [du: kong Hiskia.] 30   Den resten av Juda som vert berga,  skal atter skyta djupe røter,  og greinene skal bera frukt. 31   For frå Jerusalem kjem det ein rest,  frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.  I sin brennhug skal Herren gjera dette.  32   Ja, så seier Herren om assyrarkongen:  Han skal ikkje koma inn i denne byen  og ikkje skyta ei pil dit inn.  Han skal ikkje gå imot han med skjold  og ikkje kasta opp ein voll imot han. 33   Den vegen han kom, skal han fara attende;  i denne byen skal han ikkje koma inn,  lyder ordet frå Herren. 34   Eg vil verna byen og berga han  for mi eiga og for min tenar Davids skuld.  35   Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185.000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. 36 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive. 37   Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

ESK 31,1 – ESK 31,18 {DEN FALNE SEDEREN}  I det ellevte året, den fyrste dagen i den tredje månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal til farao, kongen i Egypt, og til folkehopen der:   Kven liknar du i din stordom? 3   Sjå på Assyria!  Det var som ein seder på Libanon,  med fagre greiner, høg av vokster,  som ein skuggefull skog.  Krona rakk opp mellom skyene. 4   Vatnet fekk sederen til å veksa,  vatnet i djupet gjorde han høg.  Det hadde sine årer  rundt staden der han var planta,  og rann i bekker til alle tre på marka. 5   Difor vart sederen høgare  enn alle andre tre på marka.  Greinene vart mange og kvistene lange,  fordi han fekk rikeleg med vatn  og breidde seg utover. 6   Alle slag fuglar under himmelen  bygde seg reir i greinene på sederen;  alle dyr på marka  fødde sine ungar under lauvverket hans;  og i skuggen av treet  heldt mange folkeslag til. 7   Sederen vart stor og fager  med sine lange greiner;  for røtene nådde så langt ned  at dei fekk rikeleg med vatn. 8   Ingen seder i Guds hage  kunne mæla seg med han;  ingen sypress hadde slike greiner  og ingen platan så rikt lauvverk.  Det fanst ikkje eit tre i Guds hage  som var så fagert som han. [Guds hage: -> 28, 13.] 9   Så fager hadde eg gjort han  med ein rikdom av greiner  at alle Eden-tre i Guds hage  vart avundsjuke på han.  10   Difor seier Herren Gud: Fordi sederen vart så høg av vokster at han tøygde krona si opp mellom skyene, og fordi han vart stolt av sin stordom, [sederen: bilete på farao. Sml. v. 18.] 11 gav eg han over til hovdingen over folka, så han kunne gjera med han etter hans vondskap og driva han bort. 12 Framande folkeslag, som ikkje tok omsyn, hogg han ned og slengde han bortover fjella. Greinene datt ned i alle dalar, og lauvverket vart rive sund i alle bekkefar i landet. Alle folk på jorda gjekk ut or skuggen hans og lét han liggja. 13 På den falne stomnen slo alle fuglar under himmelen seg ned, og til lauvverket kom alle dyr på marka. 14 Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn, veksa for høgt og tøya krona si opp mellom skyene. Og dei sterkaste av dei, dei som syg til seg vatn, skal ikkje stå der så stolte. For dei er alle gjevne døden i vald og må fara til landet der nede, til menneske som har gått i grav. 15   Så seier Herren Gud: Den dagen sederen fór til dødsriket, lét eg havdjupet syrgja over han. Eg dekte det til og stogga straumane der; mengder av vatn vart haldne att. Eg kledde Libanon i svart for sederen skuld, og alle tre på marka turka bort av sorg over han. 16 Eg lét han falla med slikt brak at folkeslag skalv, då eg førte han ned til dødsriket saman med dei som går i grav. I landet der nede fekk dei trøyst, alle dei likaste Eden-trea, alle dei beste på Libanon, som saug til seg vatn. [alle dei likaste Eden-trea: bilete på andre kongar.] 17 Dei òg laut fara til dødsriket saman med sederen, ned til dei som var falne for sverd. Og dei som heldt til i skuggen av treet, vart strøydde ut mellom folkeslaga. 18   Kven er du då lik mellom trea i Eden i herlegdom og høgd? Saman med Eden-trea skal du støytast ned til dødsriket. Der skal du liggja mellom uomskorne, mellom dei som er drepne med sverd. Så går det med farao og heile hans hop, lyder ordet frå Herren Gud.

Babylonarane.

JER 25,1 – JER 25,14 {BABYLONARKONGEN SKAL TUKTA ISRAEL}  Dette er det ordet som kom til Jeremia om heile Juda-folket, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og det fyrste året Nebukadnesar var konge i Babylonia, 2 og som profeten Jeremia bar fram for heile Juda-folket og alle Jerusalems-buane. Han sa: 3   I tjuetre år, frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda, og til denne dag, har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra. 4 Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra. 5 Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar. 6 Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk. 7 Men de ville ikkje høyra på meg, lyder ordet frå Herren. De harma meg med bileta de laga, til skade for dykk sjølve. 8   Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære. 10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos. 11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år. [sytti år: rundt tal for kor lenge det nybabylonske riket skulle halda seg. Persarkongen Kyros hærtok Babylon i 539 f. Kr.] 12   Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid. 13 Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga. 14 For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.

JES 14,3 – JES 14,23 {BABEL-KONGEN FELL}  Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg, 4 då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen:   Sjå, no er det ute med valdsherren,  no er det slutt på hans ville framferd! 5   Herren har brote sund staven åt dei gudlause,  styrarstaven åt tyrannane, 6   som råka folkeslag i harme  og aldri heldt opp med å slå,  som tvinga folket under seg i vreide  og forfylgde dei utan miskunn. 7   Heile jorda har fått fred og ro,  folk set i med fagnadrop. 8   Jamvel sypressane gleder seg  over det som har hendt deg,  og sedrane på Libanon jublar:  “Sidan du fall,  kjem ingen opp og feller oss.”  9   Dødsriket der nede kjem i uro  når det skal ta imot deg.  For di skuld vekkjer det daudingar,  alle som var fyrstar på jorda;  det får alle kongane over folka  til å reisa seg frå sine troner. 10   Dei tek til ords og seier til deg:  “Så er du òg vorten kraftlaus som vi,  no er vi alle like. 11   Du som var så stor og stolt,  til dødsriket er du nedstøytt  med dine klingande harper.  No ligg du på ei roten lege,  mòl og makk er ditt teppe.”  12   Kor du er fallen frå himmelen,  du strålande morgonstjerne, du son åt morgonroden!  Kor du er slengd til jorda,  du som la under deg folkeslag! [morgonstjerne: bilete på babylonarkongen.] 13   Det var du som tenkte med deg:  “Til himmelen vil eg stiga opp;  høgt over Guds stjerner  reiser eg min kongsstol.  Eg tek sete på tingfjellet lengst i nord. 14   Eg vil stiga opp over dei høge skyer  og gjera meg lik Den Høgste.” 15   Nei, til dødsriket er du nedstøytt,  lengst ned i den djupe hola.  16   Dei som ser deg, stirer på deg,  undrast og seier:  “Er dette den mannen som skok jorda  og fekk kongerike til å skjelva, 17   han som gjorde verda til ei øydemark,  la byar i grus  og aldri lét fangar få fara heim?” 18   Alle kongane over folka kviler  med ære, kvar i sitt hus. 19   Men du ligg bortslengd og har inga grav,  du er som ein vanvørd kvist.  Du er overbreidd av drepne menn,  som er gjennombora med sverd  og kasta ned i ei steingrav,  som eit nedtrakka åtsel. 20   Du får ikkje koma i grav med andre,  for landet ditt har du øydt,  og folket ditt har du drepe.   Dei som er ætta frå ugjerningsmenn,  skal aldri nemnast meir. 21   Gjer slaktebenken ferdig til sønene hans  for den misgjerning deira fedrar har gjort!  Dei skal ikkje stå opp og ta jorda i eige  og grunnleggja byar kringom i verda.  22   Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren. 23 Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Dette måtte vere ein Babel-konge som kom etter Nebukadnesar, når det Babylonske riket gjekk under. Men legg merke til likskapen mellom denne politikken og den Store Skjøkje (Joh.Op.17-18).

HAB 1,1 – HAB 1,11   Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.  2 {KLAGE OVER URETTFERD}  Kor lenge, Herre, skal eg ropa  utan at du gjev meg svar,  klaga og skrika til deg om vald  utan at du frelser? 3   Kvifor lèt du meg sjå urett  og vera vitne til ulukke?  Eg ser berre øyding og vald,  det kjem til strid og trette. 4   Difor er lova maktlaus,  og retten vinn ikkje fram.  For gudlause kringset dei rettvise,  og dermed vert retten rengd. [gudlause: assyrarane, som driv med sitt valdsherredøme.]  5 {GUDS STRAFFEDOM VED KALDEARANE}  Gjev akt på folka, sjå dykk om,  mållause av undring!  For ei gjerning gjer eg i dykkar dagar  – de ville ikkje tru det om det vart fortalt! 6   Sjå, eg vekkjer kaldearane,  det harde og framfuse folket,  som fer så vide ikring på jorda  og tek framande bustader i eige. 7   Grufulle og skræmande er dei,  dei avgjer sjølve sin rett og si ære. 8   Deira hestar er raskare enn leopardar,  snøggare spring dei enn steppeulvar.  Deira hestfolk kjem i strykande tan,  deira ridehestar frå land langt borte.  Som ørna på jakt etter føde 9   kjem dei alle og vil gjera valdsverk.  Stridslystne går dei på,  dei samlar fangar som sand. 10   Dei spottar kongar  og har hovdingar til lått.  Dei ler åt kvar festning,  kastar opp ein voll og tek henne. 11   Så fer dei sin veg og vert borte som vinden.  Dei gjer sin eigen styrke til sin gud.

Zevs og Antiokus 4. Epifanes.

I fylgje antikk mytologi sprang gudane ut av ein kaoskamp og fekk makta på ulike områder av tilværet. Men som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann krigaren og diktaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral og så diktaorisk at alt som skjedde var hans verk. Som om det ikkje var kaos lenger likevel? Men dette er då å bytte om årsak og verknad og det er ei sjølvmotseiing (jfr. Jesaja.10,15-16).

Dette diktverket fungerte som grekarane sitt svar på Israels Gud og det vart tydeleg når Antiokus 4. Epifanes kravde at dei skulle dyrke han. Metoden hans var lygn og svik og strategien hans var å gje jorda til dei som gjekk med på hans krav og dyrka Zevs i staden. Den strategien er framleis aktuell når dei no er i ferd med å komme tilbake til landet sitt, det vert då hevda at slike jødiske busettingar er ulovlege. Men kva slags lov og moral er det?

Lovnaden om å innta landet og komme inn til Guds kvile ved tru, står ved lag, men det er ved å tru på Gud og hans Ord, så dei høyrer på ahns røyst.

Leiren i pottemakarens hand. Samanlikning med utviklingslæra.

Likninga om leiren i pottemakarens hand fortel oss at vi som har teke imot nåden i Kristus er som ein mjuk leirklump i pottemakarns hand, Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss til eit kar til si ære. Likevel kan resultatet verte dårleg, det kan verte misslukka og gå i stykker, så det vart ikkje til så stor ære for han likevel. Men  då byrjar han på nytt. Det sentrale poenget for oss er då å vere som mjuk leire i Guds hand, så han får forme oss slik han vil.

JES 29,13 – JES 29,24 {MENNESKEBOD OG HERRENS VISDOM}  Herren sa: Fordi dette folket  held seg nær til meg med munnen  og ærar meg med lippene,  medan hjarta er langt borte frå meg,  og fordi deira age for meg  er menneskebod som dei har lært seg, 14   difor vil eg framleis fara underleg fram,  underleg og underfullt mot dette folket.  Då skal visdomen åt deira vismenn forgå  og klokskapen åt dei kloke kverva.  15 {KRUSMAKAREN OG LEIRA}  Ve dei som nede i det djupe  løyner for Herren det dei har føre!  Dei gjer sine gjerningar i mørkret  og seier: “Kven ser oss, kven veit om oss?” 16   Kor bakvendt de tenkjer!  Skal ikkje krusmakaren  aktast høgare enn leira?  Kan verket seia om handverkaren:  “Han har ikkje laga meg,”  og kjeraldet om krusmakaren:  “Han skjønar seg ikkje på slikt?”  17 {DEN STORE SNUNADEN}  No er det berre ei lita stund,  så skal Libanon verta ein frukthage,  og det som no er frukthage,  skal reknast for skog. 18   Den dagen skal dei døve høyra  ord som står skrivne i bok,  og ut or mørker og dimme  skal blinde augo sjå. 19   Dei hjelpelause skal atter  gleda seg i Herren,  og dei fattige skal jubla  over Israels Heilage. 20   For borte er valdsmannen,  ute er det med spottaren,  og utrudde er alle som tenkte på vondskap, 21   dei som med sitt ord fekk folk dømde skuldige,  la snarer for den som hevda retten på tinget,  og dreiv skuldfrie bort med tomt snakk. 22   Difor, så seier Herren,  han som er Gud for Jakobs ætt,  han som fria ut Abraham:  No skal ikkje Jakob verta til skammar,  hans andlet skal ikkje bleikna meir. 23   For når han og borna hans får sjå  det mine hender har gjort imellom dei,  då skal dei halda namnet mitt heilagt,  dei skal helga Jakobs Heilage  og ottast Israels Gud. 24   Dei som fer vilt i sine tankar,  skal læra skjøn,  og dei som murrar,  skal få visdom.

JER 18,1 – JER 18,12 {LEIRA I HANDA PÅ KRUSMAKAREN}  Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 “Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.” 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det. 5   Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt. 7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde. 8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei. 11   Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Så seier Herren:  Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast! 12 Men dei svarar: “Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.”

Men her ser vi at dette gjeld alle folk, han plantar og bygg opp, men er dei ugudlege, så rykker han opp og riv ned og slik skapar han dei over fleire generasjonar. Til samanlikning seier utviklingslæra at ein art utviklar seg genetisk over fleire generasjonar og då er døden vesentleg for at nytt liv skal spire fram og arten utvikle seg.

SLM 2,1 – SLM 2,12 {HERREN OG DEN HAN HAR SALVA}  Kvifor ståkar folkeslaga,  kvifor legg folka gagnlause planar? 2   Kongane på jorda reiser seg,  fyrstane legg råd i lag  mot Herren og den han har salva: [den Herren har salva: kongen i Israel, her skildra som frelsarkonge (Messias). Sml. 1 Sam 10, 1.] 3   “Lat oss slita sund deira lekkjer  og kasta deira reip av oss!”  4   Han som tronar i himmelen, ler,  Herren spottar dei. 5   Så talar han til dei i sin vreide,  med brennande harme skræmer han dei: 6   “Det er eg som har sett inn min konge  på Sion, mitt heilage fjell.”  7   Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.  Han sa til meg: “Du er son min,  eg har født deg i dag. [det Herren har fastsett: kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Sml. 2 Kong 11, 12.] [født: Kongen har fått stilling som son, med fullmakt til å styra på Guds vegner.] 8   Bed meg, så gjev eg deg folka til arv  og heile jorda til eige. 9   Du skal knusa dei med jernstav  og slå dei sund som leirkar.” [jernstav: styrarstav av jern.]  10   Og no, de kongar, far visleg fram,  ta imot åtvaring, de styrarar på jord! 11   Ten Herren med age og glede, 12   kyss skjelvande jorda for hans føter,  så han ikkje skal verta vreid  og de gå til grunne på vegen.  For lett kan hans vreide kveikjast.   Sæle er alle som flyr til han.

Israelsfolket vart dømde fordi dei vart forherda som kar til vanære for sin skapar, derfor gjekk det gale med dei, dei vart kar som vart knuste. Men den mest fundamentale feilen var ikkje at dei ikkje var bra nok, men at dei ikkje trudde og stolte på sin skapar og ikkje heldt han for å vere bra nok, så dei gjekk bort ifrå han.

JER 2,1 – JER 2,19 {ISRAELS FRÅFALL}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Gå og rop ut så det høyrest i Jerusalem:   Så seier Herren:  Eg kjem i hug din ungdoms truskap,  din kjærleik i trulovingstida,  då du fylgde meg i øydemarka,  i eit land der ingen sår. 3   Heilagt var Israel for Herren,  fyrstegrøda av hans avling.  Alle som ville gløypa folket, laut bøta,  ulukke kom over dei,  lyder ordet frå Herren.  4   Høyr Herrens ord, du Jakobs ætt,  alle ætter i Israels hus. 5   Så seier Herren:  Kva gale fann fedrane dykkar hjå meg,  sidan dei gjekk bort frå meg  og heldt seg til gudar som ikkje duger,  så dei vart duglause sjølve? 6   Dei spurde ikkje: “Kvar er Herren  som førte oss opp frå Egypt  og leidde oss gjennom øydemarka,  eit land med moar og kløfter,  eit land med turk og mørker,  eit land der folk ikkje ferdast  og menneske ikkje bur?”  7   Eg førte dykk til eit veldyrka land,  der de fekk nyta frukta og grøda.  Men då de kom dit inn,  gjorde de landet mitt ureint  og odelen min til ein styggedom. 8   Prestane spurde ikkje: “Kvar er Herren?”  Og dei som syslar med lova, kjende meg ikkje.  Hyrdingane fall frå meg,  profetane spådde ved Ba’al  og heldt seg til gagnlause gudar. [Hyrdingane: Israels kongar og leiarar.] 9   Difor vil eg framleis  føra klagemål mot dykk,  lyder ordet frå Herren,  ja, føra klagemål mot barneborna dykkar.  10   Far over til kittearøyane og sjå,  send bod til Kedar og røk vel etter,  ja, sjå om noko slikt har hendt! 11   Har noko folk bytt bort sine gudar  – endå dei ikkje er gudar?  Men mitt folk har bytt bort si ære  mot det som ikkje gagnar. [si ære: Herren.] 12   Reddast, du himmel,  ja, skjelv av redsle over dette!  lyder ordet frå Herren. 13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.  14   Er Israel ein træl,  er han ein heimefødd træl?  Kvifor har han vorte røva? 15   Unge løver brølte mot han,  høgt lét dei røysta si ljoma.  Landet hans vart gjort til ei audn,  byane vart brende, så ingen kan bu der. 16   Jamvel menn frå Nof og Takpanhes  har gjort deg skallet. [Nof: -> Jes 19, 13.] [Takpanhes: grenseby aust for Nil-deltaet. Profeten tenkjer på eit egyptisk åtak på Juda.] 17   Er du ikkje sjølv skuld i dette  fordi du gjekk bort frå Herren din Gud  den tid han førte deg på vegen? 18   Kva hjelper det vel at du fer til Egypt  og vil drikka vatn or Nilen?  Kva hjelper det at du fer til Assur  og vil drikka vatn or Eufrat? 19   Det er din eigen vondskap som tuktar deg,  ditt fråfall som fører til straff.  Så må du då skjøna og sjå  kor vondt og beiskt det er  at du har gått bort frå Herren din Gud  og ikkje lenger har age for meg,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Dei som trur på utviklingslæra utan å tru på Israels Gud, dei tenker då meir slik som assyrarkongen, at det var han som gjorde sitt verk. Men når det kjem til fundamentalistisk tenking forstår dei då ikkje heilt kva som er årsak og kva som er verknad, men forveklar det. Som om det er staven som løftar handa (Jfr. Assyrarkongen, Jes.10.14-15).

Men når vi talar om at vi skal utvikle oss som menneske og samfunn og bygge opp verdiar i vår eiga levetid her på jorda, så talar vi om ei anna sak, men det er og blir likevel det sentrale poenget i det lange løp likevel også i utviklingslæra sitt perspektiv, for det er om å gjere å verte vinnarar på den måten. Men når vi tek imot nåden i Kristus og trur på han, så ser vi det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han, slik sett har det no også funne stad ei død og den er vesentleg for at det nye livet skal spire fram i oss. Men dette er likevel ikkje avhengig av genane, normalt sett er dei uendra så lenge vi lever dette livet på denne jorda. Men poenget er at Gud er ånd og han er suveren over den fysiske naturen som han har skapt. Og på grunnlag av forsoninga i Kristus, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.

Støtte i folket, demokrati?

Riker oppstod og herskarane vart mektige, men dei gjekk til grunne og herksarane vart fornedra. Og så vert det påstått at sjølv om dei ikkje kjende Gud, men dyrka avgudane, så var det likevel den eine og sanne Gud som gjorde det slik. Likevel heng det saman med at ein herskar treng støtte i folket, for å få makt. Vi kan seie at ved demokratiet i Aten vart dette formalisert. Men då vart det ein skarp motsetnad mellom demokratiet og dei som ville ha diktatur. Diktaturet vart stormakt og demokratiet vart meir og ubetydeleg, til det vart heilt slutt på det. Og det var jødane som klarde å stoppe den trenden i maccabeartida. Dernest har kristendomen vore viktig for å få fridom, menneskerettar og

I moderne tid har behovet for støtte i folket vorte formalisert ved demokratiet over stemmeseddelen. At Gud bygger og riv ned, plantar og rykker opp, gjeld framleis, men den store fordelen med eit demokrati er at dersom ei styresmakt ikkje fungerer godt, så er det enklare for folket å få skifta den på fredeleg og demokratisk vis. Altså utan krig og blodbad, det som Bibelen kalla Guds straffedom. Då forstår vi vel kor viktig den evangeliske fokynninga er i denne samanheng, den er grunnleggande viktig for at demokratiet skal fungere. Og så må folk følgje med då og vurdere om den fungerer rett både juridisk og økonomisk.

Platon argumenterte for at ei lita lærd elite skulle styre med diktatorisk makt. Då måtte dei vere vinnarar i utdanningssystemet og så måtte det henge saman med at nokon var vinnarar i krig og der måtte vere ei slik semje mellom dei. Men Paulus sa at det som var rekna for å vere svakt og uforstandig i vereda, det valde Guds seg ut for å gjere det vise og sterke til skamme. Og Jesus velsigna småborna og sa at vi måtte vende om og verte som dei, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Med velsigninga er det Gud som gjer sitt verk med oss, han gjenføder oss, elskar oss og tek omsorg for oss, oppseder oss og lærer oss opp som sine born. Slik gjer han oss kompetente til å delta i si kyrkje og i samfunnet, slik bygger ha opp si kyrkje og det verkar oppbyggande i samfunnet.

På bluehost944.com (trua og entropien) skriv eg om kva som er fundamentalt oppbyggande og kva som er fundamentalt nedrivande i samfunnet og for den einskilde. Og det skal eg fortsette med her.

Israel, Guds demonstrasjonsfolk.

Innta det lova landet i tru.

Gud valde ut israelsfolket til å vere hans folk, med dei ville han gjere namnet sitt kjent mellom heidningane, så dei vart hans demonstrasjonsfolk, med dei ville han skape utvikling og framgang. For i Abrhams ætt skulle alle folkeslag velsignast.

Dei skulle innta det landet som Gud lova dei, men då måtte dei tru på han. Dei skulle dele landet mellom dei tolv ættene, men det vart litt spesielt med leviætta, sidan dei skulle vere prestar. Så landet og ressursane i det var folkets eigedom og dei eigde like i det, men både folket og landet var Guds eigedom. Om det gjekk dårleg med nokon av dei så dei vart fattige og trælar, så hadde dei odelsretten å falle tilbake på seinare. Dei skulle ta seg av enker og farlause og vere milde mot innflyttarane.

David sa at dersom dei no høyrde hans røyst, så måtte dei ikkje forherde sitt hjerte. Det viser at det framleis handla om å komme å komme inn til Guds kvile ved tru og innta det lova landet i tru. Det handlar om hjertets jord,å ta imot Guds rike ved å tru med hjerte og soleis komme inn i det åndelege himmelske landet og innta det.

SLM 95,1 – SLM 95,11 {HØYR PÅ HERREN I DAG!}  Kom, lat oss jubla for Herren  og ropa høgt for vårt frelsande berg! 2   Lat oss gå fram for han med lovsong  og hylla han med song og spel!  3   For Herren er ein mektig Gud,  ein stor konge over alle gudar. 4   Han har jord-djupnene i si hand  og fjelltoppane i si eige. 5   Havet er hans, for han har skapt det,  det faste landet har hans hender forma.  6   Kom, lat oss bøya oss og tilbe,  bøya kne for Herren, vår skapar! 7   For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,  den hjord han leier med si hand.   Å, ville de høyra på han i dag! 8   Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,  som den dagen ved Massa i øydemarka, 9   då fedrane eggja meg  og sette meg på prøve,  endå dei såg kva eg gjorde!  10   I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,  og eg sa om dei:  “Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,  dei kjenner ikkje mine vegar.” 11   Så svor eg i min vreide:  “Dei skal aldri koma inn til mi kvile!” [kvile: ro og fred i det landet som Gud hadde lova Israel.]

HEB 4,2 – HEB 4,13 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:  Så svor eg i min vreide:  Dei skal aldri koma inn til mi kvile!  Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:  I dag, om de høyrer hans røyst,  så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

Salomos visdom, ”den lytelause reine”.

Gud gjorde Salomo visare enn alle andre, allereie når han var ung, Gud gav han ein visdom som var noko nytt og visare i forhold til den tradisjonelle visdomen.

2KR 1,6 – 2KR 1,12 Og der, på bronsealtaret som høyrde møteteltet til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det. 7   Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: “Sei kva du vil eg skal gje deg!” 8 Salomo svara: “Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han. 9 Så lat det no, Herre Gud, gå som du lova David, far min! For du har gjort meg til konge over eit folk som er talrikt som støvet på jorda. 10 Gjev meg no visdom og skjøn, så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?” 11   Då sa Gud til Salomo: “Sidan det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære eller at fiendane dine skulle døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men bad om visdom og skjøn, så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over, 12 så skal du få visdom og skjøn. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, gods og ære som ingen av kongane før deg har hatt, og ingen etter deg kjem til å få.”

I Salomos Ordspråk har han tydelegvis samla tradisjonell visdom, men den visdomen som er så unik for Salomo, finn vi fyrst og fremst i Høgsongen. Med denne visdomen var han ein god hyrding for Guds folk, eg tenker meg at gjennom kjærleiksforholdet til henne ”lytelause reine”, ved at han leia henne, styrte henne og styrte deira hus til gagn og verdi for dei begge, vart han ein god leiar og konge for Guds folk.

I sin kjærleik til henne var det viktig for han å få ha henne hos seg, å få henne med seg ut, sjå henne og få høyre hennar røyst.

HSA 2,8 – HSA 2,14 {SJÅ, HAN KJEM!}  Høyr, det er min ven.  Sjå der, han kjem  springande over heiane,  hoppande over haugane. 9   Min ven er som gasellen,  han liknar den unge hjort.  Sjå, der står han bortmed husveggen;  han glytter inn gjennom gluggen  og ser inn mellom sprinklane.  10   Min ven tek til ords og seier:  Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes,  regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane;  songtida er komen,  og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar,  og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla,  i livd under flogbratte fjell,  lat meg få sjå din skapnad,  lat meg få høyra ditt mæle!  For di røyst er så mjuk  og din skapnad så fager.  

HSA 2,4 – HSA 2,7 {HANS MERKE OVER MEG ER KJÆRLEIK}  Inn i vinhuset har han ført meg;  hans merke over meg er kjærleik.  5   Styrk meg med druekaker,  kveik meg med eple!  For eg er sjuk av kjærleik. 6   Hans venstre hand er under mitt hovud,  med den høgre femner han meg.  7   Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,  ved gasellane og hindane i marka:  Vekk ikkje kjærleiken!  Eggja han ikkje før sjølv han vil!

HSA 8,5 – HSA 8,14 {KJÆRLEIKEN ER STERK SOM DØDEN}  Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,  stødd til sin ven?  Under apalen vekte eg deg,  der mor di hadde føderier,  der ho fødde deg.  6   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  8 {KVA SKAL VI GJERA MED SYSTER VÅR?}  “Vi har ei lita syster,  som enno ikkje har bryst.  Kva skal vi gjera med syster vår  når friarane kjem? [Kva skal vi gjera: Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var avliden.]  9   Er ho ein mur, vil vi byggja  tindar av sølv på han.  Er ho ei dør, vil vi stengja henne  med ein sederplanke.”  10   Eg er ein mur,  og mine bryst er som tårn.  I augo hans har eg vorte  lik ei som finn fred.  11 {EG HAR MIN EIGEN VINGARD}  Salomo hadde ein vingard i Ba’al-Hamon.  Den gav han til vaktmenn,  og kvar skulle gje han  tusen sekel sølv for frukta. [Salomo: -> 3, 7.] [Ba’al-Hamon: ukjend stad.]  12   Eg har min eigen vingard.  Dei tusen sekel er dine, Salomo,  to hundre er til dei som vaktar frukta. [min eigen vingard: -> 1, 6.]  13 {LAT MEG FÅ HØYRA DI RØYST!}  “Du møy som held til i hagane,  venene lyder på deg.  Lat meg få høyra di røyst!”  14   “Skunda deg, min ven,  fly som gasellen og den unge hjort  over balsam-angande fjell!”

Salomos hjerte på avvegar.

Men dei utlandske kvinnene fekk lokka Salomos hjerte på avvegar.

1KG 11,1 – 1KG 11,40 {SKUGGAR OVER SALOMOS STYRE}  Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: “De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.” Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane. 8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine. 9   Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: “Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.” 14   Herren laga det så at Salomo fekk ein motstandar. Det var Hadad, ein mann av kongsætta i Edom. 15 Då David slo Edom, drog hærføraren Joab av stad og skulle gravleggja dei som var falne i striden, og han slo i hel alle menner i Edom. 16 I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren, til han hadde rudt ut alle menner i Edom. 17 Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans, og tok vegen til Egypt. Hadad var berre småguten den gongen. 18 Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord. 19   Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone. 20 Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao. 21   Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hjå fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: “Lat meg få fara heim til mitt eige land!” 22 Farao spurde: “Kva er det du saknar her hjå meg sidan du vil fara heim til landet ditt?” Han svara: “Ingen ting, men lat meg få fara likevel!” 23   Gud lét endå ein motstandar reisa seg mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba. [Soba: -> 1 Sam 14, 47.] 24 Reson samla folk om seg og vart hovding for ein røvarflokk. Dei drog til Damaskus, slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen. 25 Reson låg i strid med Israel så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.  26 {JEROBOAM GJER OPPRØR}  Jeroboam Nebatsson frå Sereda i Efraim var ein av Salomos menn. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han gjorde opprør mot kongen. 27 Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans. [Millo: -> 2 Sam 5, 9.] 28 No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera. [Josefs-ætta: står her for dei ti ættene i nord.] 29   Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka. 30 Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke 31 og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg. 32 Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene. 33 Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde. 34 Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine. 35 Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg. 36 Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt. 37 No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel. 38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel. 39 Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid. 40   Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.

Vismann, forkynnar og konge.

Når Salomo var så vis, korleis kunne han då gjere noko så dumt? Kva skulle han med alle desse kvinnene? Han skreiv ”Forkynnaren” på sine gamle dagar, etter at han hadde styrt lenge og erfart mykje, sannsynleg vis etter at Gud hadde refsa han og etter profetien til Akas (1.Kg.11,11-13&29-39), for det ber preg av vemod, han talar om mykje som kan gjere ein mann missmodig, men det er ein diskusjon og missmodet tek ikkje overhand, han set si tru og tillit til Gud framleis og ottast han og det gjev han håp. Det kan verke som om mykje av det han seier er i tråd med den tradisjonelle visdomen, men han diskuterer og konkluderer med at mykje ikkje er slik som ein tradisjonelt venta seg og håpa på, altså etter den tradisjonelle visdomen. Diskusjonen er rett og lærerik, bevares, sjølv om det er han som diskuterer og det er hans ord, så ser vi vel Guds Ord i det. Men det verkar som det er noko som manglar. Kvar vart det av kjærleiken, gleda og entusiasmen som han opplevde i samlivet med henne ”Lytelause Reine”, slik det er skildra i Høgsongen?

Gud er allmektig, men han er ikkje ein diktator som styrer alt til minste detalj, han styrer oss ikkje diktatorisk til minste detalj. Dersom han det hadde gjort, kven kunne då leve og overleve? Men han deligerer makt til oss og gjev oss fridom til livsutfolding. Men det er fridom under ansvar, så dersom vi trår feil og gjer noko gale, så må vi erkjenne det og audmjuke oss for han og be om nåde. Han refser oss og iretteset oss og oppseder oss som sine born.

FRK 11,7 – FRK 11,10 {GLED DEG!}  Ljoset er ein hugnad for auga,  det gjer godt å sjå sola. 8   Om åra vert mange, skal mennesket leva  og gleda seg over dei alle.  Det skal tenkja på dei mørke dagar,  for av dei vert det mange.  Alt som skal koma, er fåfengd.  9   Gled deg, ungdom, medan du er ung,  ver glad og nøgd i livsens vår!  Gå på dei vegar som hjarta vil,  fylg det som lokkar ditt auga!  Men vit at Gud skal krevja deg til rekneskap  for alt det du har gjort. 10   Få sutene ut or din hug,  og hald det vonde frå livet!  For ungdomstida, livsens vår,  kverv som ein pust.

FRK 9,7 – FRK 9,9   Så gå og et ditt brød med glede,  og drikk din vin med godt mot!  Gud har då for lenge sidan  samtykt i det du gjer. 8   Lat kleda dine støtt vera kvite,  og lat det aldri vanta olje på hovudet! [kleda dine …  kvite: teikn på glede.] 9   Nyt livet med den kvinna du elskar,  alle dagar i ditt fåfengde liv  som Gud har gjeve deg under sola.  For det er din lut i livet  midt i alt det strev og slit  som du har under sola.

Salomo var ein vismann, også som naturvitar og det var Job også. Likevel spurde Job kvar finn ein visdomen. Og kvar vart det av den visdomen Gud hadde gjeve Salomo når han var ung.

JBS 28,1 – JBS 28,28 {KVAR KJEM VISDOMEN FRÅ?}  Det finst gruver der det er sølv,  og stader der dei vaskar ut gull. 2   Jern hentar dei fram or jorda,  og kopar smeltar dei ut or malmen. 3   Menneska bryt igjennom mørkret;  inst i krokane leitar dei opp  stein som ligg i svarte mørkret. 4   Arbeidarar frå framande land grev sjakter.  Gløymde av folk og utan fotfeste  heng dei og dinglar i reip  langt borte frå menneske. 5   Jorda gjev brødkorn;  men djupt der nede  vert ho omsnudd med eld. 6   I steinen er det safir,  og der finst det gullklumpar òg.  7   Ingen rovfugl kjenner vegen dit,  den har inkje falkeauga sett. 8   Der har korkje stolte rovdyr gått  eller løveungar sett sin fot. 9   Folk legg hand på den harde steinen  og grev fjella om frå grunnen. 10   Når dei høgg ut gangar i berget,  får dei auga på alle slag dyre ting. 11   Dei demmer for dropet frå vassårene  og hentar løynde skattar fram i dagen.  12   Men visdomen, kvar finst vel han,  og vitet, kvar har det sin bustad? 13   Ingen veit kva han er verd,  han finst ikkje i landet åt dei levande. 14   Djupet seier: “I meg er han ikkje,”  havet seier: “Han er ikkje her.” 15   Ein kan ikkje få han for det finaste gull,  prisen kan ikkje betalast med sølv; 16   han kan ikkje kjøpast for Ofir-gull,  for dyr karneol og safir. 17   Korkje gull eller glas kan liknast med han,  og ingen kan byta han til seg  for kar av det finaste gull. 18   Korallar og bergkrystall  kan ikkje nemnast attåt han;  å eiga visdom er betre enn perler. 19   Krysolitt frå Nubia kan ikkje liknast med han,  han kan ikkje betalast med reint gull.  20   Kvar kjem då visdomen frå,  og kvar har vitet sin bustad? 21   Han er usynleg for alle som lever  og løynd for fuglane under himmelen. 22   Undergangsstaden og døden seier:  “Vi har berre høyrt ei tidend om han.” [Undergangsstaden: -> 26, 6.] 23   Men Gud kjenner vegen til visdomen,  han veit kvar han har sin bustad. 24   Hans auga når til heimsens endar,  alt under himmelen ser han. 25   Då han gav vinden styrke  og lét vatnet få det rette mål, 26   då han sette ei lov for regnet  og gjorde veg for toreskya, 27   då såg han visdomen og mælte han,  han lét han stå fram og granska han. 28   Og han sa til mennesket:  Å ottast Herren, det er visdom,  å halda seg frå vondskap, det er vit.

Salomo granska også denne verda, men visdomen var for han framleis å ottast Gud. Likevel opplevde han også at den var langt borte og gøymd i djupet.

FRK 7,1 – FRK 7,29 {KVA ER VISDOM?}  Godt namn er betre enn god salve,  dødsdagen betre enn fødedagen. 2   Betre enn å gå i gjestebod  er det å gå til syrgjehus.  For der endar alle menneske,  det skal dei leggja seg på hjarta, dei som lever. 3   Sorg er betre enn lått;  for om andletet er sorgfullt,  kan hjarta vera fylt av glede. 4   Dei vise har hjarta sitt i syrgjehuset,  men hjarta åt dårar er i gledehuset. 5   Det er betre å høyra skjenn av ein vismann  enn å lyda på song av dårar. 6   Som klungerris sprakar under gryta,  så er det når dåren ler.  Det òg er fåfengd.  7   Den vise som fer hardt fram,  gjer seg sjølv til narr;  den som lèt seg kjøpa,  øydelegg seg sjølv. 8   Betre er enden på ein ting enn opphavet.  Tolmod er betre enn hovmod. 9   Ver ikkje for snar til å harmast,  for harmen bur i barmen på dårar. 10   Du skal ikkje seia: Kva kjem det av  at alt var betre i gamle dagar enn no?  Du spør ikkje så om du er klok.  11   Visdom er jamgod med arv,  ei vinning for dei som ser dagsens ljos. 12   Å vera i skuggen av visdomen  er som å ha pengar til vern,  og føremonen med kunnskap  er at visdom held sin mann i live. 13   Sjå på det som Gud har gjort!  Kven kan beinka det han har krøkt? 14   Ver glad når dagen er god;  men er han vond, skal du koma i hug  at det er Gud som har skapt  både den eine og den andre,  så menneska ikkje skal finna ut  noko om det som kjem etter.  15 {KLOKT MÅTEHALD}  Alt dette har eg sett  i mine fåfengde dagar.  Mang ein rettferdig mann  går til grunne i si rettferd,  og mang ein gudlaus  får leva lenge i sin vondskap. 16   Ver ikkje altfor rettferdig,  og vis deg ikkje for klok!  Kvifor vil du øydeleggja deg? 17   Ver ikkje altfor gudlaus,  og ver ikkje ein dåre!  Kvifor vil du døy før tida? 18   Det er godt at du held fast på det eine  og heller ikkje slepper det andre.  Den som har age for Gud,  finn ein utveg or dette. 19   Visdom gjer vismannen sterkare  enn ti mektige menn i byen. 20   Det finst ikkje eit rettferdig menneske på jord,  som berre gjer godt og aldri syndar. 21   Bry deg heller ikkje  om alt det folk seier,  elles kunne du få høyra  at trælen din forbannar deg. 22   Du veit då med deg sjølv at mang ein gong  har du òg forbanna andre.  23 {KVEN KAN FINNA SAMANHENG?}  Alt dette har eg prøvt med visdom.  Eg sa: “Eg vil vinna visdom,”  men han var langt borte frå meg. 24   Det som har hendt, er langt borte  og djupt, djupt nede.  Kven kan finna det? 25   Eg la vinn på å få meg kunnskap,  å granska og leita etter visdom og samanheng;  eg ville skjøna at gudløyse er dårskap,  og at dårskap er galskap. 26   Då fann eg at beiskare enn døden  er kvinna som spenner sitt garn.  Hennar hjarta er som ei snare  og hendene som lekkjer.  Den Gud synest om, slepp ifrå henne,  men den som syndar, går i garnet.  27   Sjå, dette fann eg, seier Forkynnaren,  då eg la det eine til det andre  og ville finna ein samanheng. 28   Eg leita støtt, men fann han ikkje.  Eitt menneske fann eg mellom tusen,  men ikkje ei kvinne mellom dei alle. 29   Sjå, dette er det einaste eg har funne:  Gud skapte menneska som dei skulle vera,  men dei finn på så mangt og mykje.

Men kvar har det då vorte av den unike visdomen som Gud gav han når han var ung, med kjærleiken, gleda og entusiasmen han hadde i samlivet med henne ”lytelause reine”? Ho yngste vinden skulle blåse gjennom hennar hage, så lukta kjendest langande lei. Og ho spurde han kvar han gjætte si hjord.

HSA 4,8 – HSA 4,16 {MI SYSTER, MI BRUR}  Kom med meg frå Libanon, mi brur,  kom med meg frå Libanon!  Stig ned frå Amanas tind,  frå toppen av Senir og Hermon,  frå løveheimar, frå panterfjell. [Amanas tind: fjelltopp i Antilibanon, nord for Hermon.]  9   Du har fanga min hug, mi syster, mi brur.  Du har fanga min hug med eit einaste augnekast,  med ei av lekkjene om din hals. 10   Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur!  Din kjærleik er betre enn vin,  og angen av dine salvar  meir ljuvleg enn balsam.  11   Av honning dryp dine lipper, mi brur.  Honning og mjølk er under di tunge.  Angen av kleda dine  er som angen på Libanon. 12   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.  13   Dine lemer er som ein lund av granataplar  med den gildaste frukt,  av hennabuskar og nardusplanter, 14   nardus, krokus, kalmus og kanel  og angande tre av alle slag,  myrra, aloë og alle slag balsam. 15   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

HSA 5,1   “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,  og plukkar min myrra og balsam.  Eg et min honning og mi honningkake  og drikk min vin og mi mjølk.”   Ja, et og drikk, mine vener,  og lat kjærleiken riva dykk med!

Men på sine gamle dagar tala han om jag etter vind.

FRK 1,14   Eg såg på alt det som hender,  og det som vert gjort under sola.  Sjå, alt er fåfengd og jag etter vind.

FRK 1,17   Eg la vinn på å læra visdom å kjenna,  å få kjennskap til vitløyse og dårskap.  Men eg fann at det òg er jag etter vind.

FRK 2,11   Men så gav eg meg til å tenkja over  alt det eg hadde gjort med mine hender,  det eg hadde streva og slite med.  Sjå, alt var fåfengd og jag etter vind.  Det er ingenting å vinna under sola.

I siste verset tala han om alt det han hadde gjort med sine hender, det han hadde streva og slite med. Men kva med alt det andre hadde gjort for han med sine hender, alt det dei hadde streva og slite for han? Og kva med alt det Gud hadde gjort for han? Innsåg han det ikkje? Var han ikkje i stand til å glede seg over det?

Han var ein granskar og ein forkynnar. Som granskar var han tilskodar, men som forkynnar venta han seg at forkynninga skulle gje resultat.

FRK 11,1 – FRK 11,6 {DU VEIT IKKJE KVA SOM VIL LUKKAST}  Kast brødet ditt på vatnet;  for med tida finn du det att. [Kast brødet ditt osb.: oppmoding til å våga noko, endå om ein ikkje kan rekna ut resultatet.] 2   Del det du har med sju eller åtte;  for du veit ikkje kva for ulukker  som kan henda på jorda. 3   Når skyene vert fulle av regn,  auser dei det ut over jorda.  Fell eit tre, mot sør eller nord,  vert det liggjande der det fall. 4   Den som aktar på vinden, får ikkje så,  den som kikkar på skyene, får ikkje hausta. 5   Likså lite som du veit  kva veg vinden blæs,  eller korleis beina vert til  hjå fosteret i mors liv,  likså lite kan du vita  korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk. 6   Så ditt sæde om morgonen,  og lat ikkje handa kvila om kvelden.  Du veit då ikkje kva som vil lukkast,  anten det eine eller det andre,  eller om alt er like godt.

Og det han seier er rett.

FRK 12,9 – FRK 12,14 {ORDTAKA ÅT FORKYNNAREN}  Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak. 10 Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.  11   Ord av vismenn er som broddar,  fyndord i samling trengjer inn som naglar.  Dei kjem frå ein og same hyrdingen. [ein og same hyrdingen: Gud. Sml. 1 Mos 49, 24; Sal 23, 1.]  12   Men elles, son min, lat deg åtvara!  Det er ingen ende på all bokskrivinga,  og mykje gransking leitar på kroppen.  13   Til sist kan alt samlast i dette:  Ottast Gud, og hald hans bod!  Det bør alle menneske gjera. 14   For Gud skal døma kvar gjerning,  halda dom over alt som er løynt,  anten det er godt eller vondt.

Men han var også ein konge, som i følgje han sjølv kunne gjere slik som han ville.

FRK 8,1 – FRK 8,4 {KONGENS ORD}  Kven er som vismannen,  kven veit å tyda ei sak?  Visdomen får mannens andlet til å lysa,  så det strenge draget mildnast.  2   Gjer som kongen byd,  for Gud har gjeve han sin eid. [gjeve han sin eid: Kongen har sin autoritet frå Gud. Sml. 2 Sam 7, 12 ff; Sal 89, 4 f.] 3   Ver ikkje snar til å gå bort frå han,  og ver ikkje med på ei ring sak!  For kongen gjer alt det han vil; 4   det står makt bak hans ord.  Kven torer seia til han: “Kva gjer du?”

Så kvifor la han ikkje ned alle desse offerhaugane han hadde bygt for avgudane? Han såg utetten, undertrykkinga og nøden, men gjorde han noko med det? Det var då han som hadde makta i landet, kva brukte han den til?

Ei tid til å plante, ei tid til å rykke opp, men Gud skaper noko som står til evig tid.

Ei tid til å plante og ei til å rykke opp, sa Salomo, men Gud skaper også noko som står til evig tid, det er ved at han frelser oss for æva og gir oss evig liv.

FRK 3,1 – FRK 3,17 {ALT HAR SI TID}  Alt har si faste tid,  alt som hender under himmelen, har si tid: 2   ei tid til å fødast, ei til å døy,  ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3   ei tid til å drepa, ei til å lækja,  ei tid til å riva, ei til å byggja; 4   ei tid til å gråta, ei til å le,  ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5   ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,  ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6   ei tid til å leita, ei til å missa,  ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7   ei tid til å riva sund, ei til å bøta,  ei tid til å teia, ei til å tala; 8   ei tid til å elska, ei til å hata,  ei tid til krig og ei til fred.  9 {TID OG ÆVE}  Kva vinning har den som arbeider,  av alt sitt strev? 10   Eg såg det plagsame strevet  som Gud har gjeve menneska. 11   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.  16   Elles såg eg under sola:  Der retten skulle rå, var vondskap,  på rettferds stad var gudløyse. 17   Då tenkte eg med meg:  Det er Gud som skal døma  både rettferdige og vonde.  Han har fastsett ei tid  for kvart tiltak og kvar gjerning.

Men folket i Israel og Juda vende seg bort frå Herren og ville ikkje vende om og komme tilbake til han. Dei tende hans vreide og den skulle ikkje slokne. Det betydde at dei gjekk fortapt og kom i den evige elden. Berre dei som vart oppskrevne i livets bok, vart frelst for æva. Berre ein liten rest skulle verte frelst og få komme tilbake til landet. Her talar vi altså om to ting, for det først å verte frelst for æva og for det andre å verte frelst frå fienden og få komme tilbake til det lova landet og innta det.

JER 4,1 – JER 4,4 {BRYT DYKK NYTT LAND!}  Israel, dersom du vender om,  så vend om til meg,  lyder ordet frå Herren.  Tek du bort dei avskyelege gudane dine,  så eg aldri ser dei meir,  skal du sleppa å flakka heimlaus ikring. 2   Og sver du ærleg, rett og rettvist:  “Så sant Herren lever”,  skal folka verta velsigna i han  og prisa seg sæle i han.  3   Så seier Herren til mennene i Juda  og til dei som bur i Jerusalem:  Bryt dykk nytt land,  og så ikkje meir mellom klunger! 4   Omskjer dykk for Herren,  ta bort dykkar hjartans førehud,  de Juda-menn og Jerusalems-buar!  Elles skal harmen min loga som eld  og brenna utan at nokon sløkkjer,  for alt det vonde de har gjort. [ta bort dykkar hjartans førehud: -> 3 Mos 26, 41.]

JER 7,16 – JER 7,28 {FALSK OG SANN GUDSDYRKING}  Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage eller bøn for det. Prøv ikkje å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg. 17 Ser du ikkje kva dei driv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem? 18 Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, og kvinnene knar deig og bakar offerkaker til Himmeldronninga, og dei renner ut drikkoffer for andre gudar; såleis krenkjer dei meg. [Himmeldronninga: avlings- og livsgudinna Astarte. Sml. 44, 17 ff.] 19 Det er ikkje meg dei krenkjer, seier Herren, men seg sjølve, så dei skal raudna av skam. 20 Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og min harme skal rennast ut over denne staden, over folk og fe, over trea i skogen og grøda på marka. Min harme skal brenna og ikkje slokna. 21   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Berre legg brennoffer attåt slaktoffera dykkar og et kjøt! 22 Den gongen eg førte fedrane dykkar ut or Egypt, tala eg ikkje til dei om brennoffer og slaktoffer og gav dei ikkje påbod om noko slikt. 23 Men dette bodet var det eg gav dei: “Høyr på det eg seier, så vil eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.” 24 Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Dei fylgde sine eigne tankar, sitt vonde, harde hjarta. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet. 25   Alt frå den tid då fedrane dykkar fór ut or Egypt, og heilt til denne dag, har eg gong på gong, seint og tidleg, sendt alle mine tenarar, profetane, til dei. 26 Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyra til. Dei var stridlyndte og bar seg verre åt enn fedrane. 27 Om du seier alt dette til dei, vil dei ikkje høyra på deg; og om du ropar til dei, vil dei ikkje svara deg. 28 Då skal du seia til dei: “Dette er det folket som ikkje lydde Herren sin Gud og ikkje tok imot tukt. Det er slutt på ærlegdomen, han finst ikkje lenger i deira munn.”

JER 17,1 – JER 17,4 {JUDAS SYND ER SKRIVEN OPP}  Judas synd er skriven opp med jerngriffel  og rita inn med diamantstift  på deira hjartetavle  og på altarhorna. 2   Sønene deira skal minnast  altara og Asjera-pålane  som dei hadde under kvart grønt tre  og på høge haugar, 3   på bergtoppar ute i marka.   Din rikdom og alle dine skattar  gjev eg til plyndring,  like eins dine offerhaugar  til straff for synda i heile ditt land. 4   Av deg sjølv må du seia frå deg  den arven eg gav deg.  Eg lèt deg træla for dine fiendar  i eit land du ikkje kjenner.  For vreiden min logar som eld,  og han skal brenna for alltid.

2MO 32,32 – 2MO 32,33 Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!” 33 Då svara Herren: “Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi.

DNL 12,1 – DNL 12,3 {TRENGSLE OG FRELSE I ENDETIDA}  På den tid skal Mikael,  den store fyrsten, stiga fram,  han som vernar dine landsmenn.  Det skal koma ei trengselstid  som det ikkje har vore maken til  heilt sidan folkeslag vart til.  Men på den tid skal folket ditt verta frelst,  alle som er oppskrivne i boka. [Mikael: -> 10, 13.] 2   Og mange av dei som søv i molda,  skal vakna opp,  somme til evig liv,  andre til skam og evig avsky. 3   Då skal dei vituge skina  som himmelkvelven skin;  og dei som har ført dei mange til rettferd,  skal skina som stjernene, evig og alltid.

Korrupsjonen.  

Dei rike trådde etter markene til vanlege menn, dreiv kvinnene ut or heimane og røva prydnaden frå borna deira.

MIK 2,1 – MIK 2,13 {VEROP OVER DEI MEKTIGE}  Ve dei som tenkjer ut urett  og emnar på vondt  medan dei ligg på si lege!  Dei set det i verk når det ljosnar av dag,  fordi det står i deira makt. 2   Dei trår etter marker og røvar dei,  etter hus og tek dei.  Dei slår under seg mann og hus,  bonden og hans eigedom. 3   Difor seier Herren:  Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,  den kan de aldri fria dykk frå.  De skal ikkje lenger gå stolte ikring,  for det vert ei vond tid. 4   Den dagen skal dei syngja ei nidvise  og setja i med ein klagesong over dykk.  “Det er ute med oss,” skal dei seia,  “vi er herja og øydelagde!  Jorda åt folket mitt skifter eigar.  Å, han har teke markene frå oss  og delt dei ut til fråfalne!” 5   Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd  som kastar lodd og deler ut jord til andre.  6   “Hald opp med å preika!” seier dei.  “Ingen må preika så.  Tek skjellsorda aldri slutt?” 7   Korleis er det du talar, Jakobs hus?  Har Herren mist tolmodet?  Er det så han fer fram?  Har eg ikkje venlege ord  til dei som ferdast rett? 8   Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.  De dreg kappa av fredelege folk;  dei som ferdast trygt, vert krigsfangar. 9   De driv kvinnene i folket mitt bort  frå heimane dei var glade i.  De har for alle tider  teke mi ære frå borna deira. 10   Stå opp og far bort herifrå!  Dette er ingen kvilestad,  for her er ureinskap  som valdar skade og tyning. 11   Kom det ein mann som fór med laust snakk  og tala lygn og svik:  “Eg spår for deg om vin og drikk”,  sjå, det var ein profet for dette folket!  12 {HERREN VIL SAMLA ISRAELS REST}  Eg vil samla dykk alle, Jakob.  Eg vil samla Israels rest,  føra dei saman som sauer i ei kve,  som ein bøling på beite,  – ein ståkande flokk av menneske.  13   Han som brøyter veg, går føre dei;  dei bryt seg gjennom porten og fer ut.  Kongen deira går føre dei,  Herren sjølv går i brodden for dei.

Det tyder på at rettssystemet deira vart korrupt.

Men ved tru skulle dei innta det lova landet, så dersom dei heldt fram med å tru på han og dyrke han som sin Gud og høyre på hans ord, så skulle deira hjertes jord verte dyrka og dei skulle innta det himmelske landet og slik skulle dei innta det fysiske landet og behalde det. Slik skulle den einskilde mann også behalde si jord. Likevel vart samfunnet gjennomsyra av korrupsjon, slik at vanlege folk miste markene og husa sine. Korleis kunne det vere mogleg? Korrupsjonen måtte henge saman med fråfallet, slik at folket vart selde som trælar. Gud hadde fria dei frå trældomen under avgudane i Egypt, men der var sterke økonomiske interesser av å selje dei tilbake til trældomen. Det var tydelegare seinare, under Antiokus 4. Epifanes (Sak.11).

Avgudsdyrkinga.

Israelsfolket var Guds kone, så borna hennar var Guds born. Men ho forstod ikkje at det var han som hadde omsorg for henne, så ho vende seg til avgudane i staden, som ei hore og borna hennar vart horungar.

HSE 2,2 – HSE 2,13 {ISRAELS UTRUSKAP}  Før klagemål mot mor dykkar,  før klagemål mot henne!  For ho er ikkje kona mi,  og eg er ikkje mannen hennar.  Lat henne få horemina bort frå andletet  og horemerket frå barmen! [Før klagemål: Kvar einskild israelitt vert oppmoda til å døma synda åt folket.] 3   Elles skal eg kle henne naken  og stella henne fram som ho var  den dagen ho vart fødd.  Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,  og la henne døy av torste. 4   Borna hennar vil eg ikkje miskunna,  for dei er horeborn. 5   For mor deira var utru,  ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.  Ho sa: “Eg vil fara etter mine elskarar,  som gjev meg brød og vatn,  ull og lin, olje og vin.” [mine elskarar: avlings- og livsgudar, som Israel dyrka når dei fall frå Herren. Sml. v. 8 og 13.]  6   Sjå, difor vil eg stengja  vegen for henne med klunger.  Eg reiser ein mur framføre henne,  så ho ikkje finn sine stigar. 7   Når ho renner etter sine elskarar,  skal ho ikkje nå dei att;  når ho leitar etter dei,  skal ho ikkje finna dei.  Då skal ho seia: “Eg vil attende  til min fyrste mann,  for eg hadde det betre då enn no.” 8   Ho skjøna ikkje at det var eg  som gav henne kornet, vinen og oljen,  som gav henne sølv og gull i mengd,  som dei bruka når dei dyrka Ba’al.  9   Difor vil eg ta att kornet mitt, når den tid kjem,  og vinen min, når tida er komen.  Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,  som skulle løyna hennar nakne kropp. 10   No vil eg kle henne naken  beint for augo på hennar elskarar,  og ingen skal fria henne ut or mi hand. 11   Eg gjer ende på all hennar glede,  hennar festar, nymånedagar og sabbatsdagar,  alle hennar høgtider. 12   Eg øydelegg hennar vintre og fikentre.  Om dei har ho sagt: “Dei er mi løn,  som mine elskarar gav meg.”  Eg gjer dei til villskog,  og dyra på marka skal eta dei. 13   Eg krev henne til rekneskap for dei dagar  då ho brende offer for Ba’al-gudane,  pynta seg med ringar og kjeder  og gjekk etter sine elskarar,  men gløymde meg,  lyder ordet frå Herren.

Gud vil bønhøyra Jisre’el.

Gud straffa henne, men så vart ho benåda og då ville han bønhøyra Jisre’el.

HSE 2,14 – HSE 2,23 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT}  Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16   Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18   Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. 21   Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el. [Jisre’el: -> 1, 4.] 23   Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over `Utan miskunn’. Til `Ikkje mitt folk’ vil eg seia: “Du er mitt folk.” Og han skal svara: “Min Gud!”

Dette talar både om den åndelege velsigninga og den materielle velsigninga og slik får vi ei dobbeltolking. Den åndelege velsigninga er det primære og viktigaste og kjem som symboltolking. Linet er symbol på trua sine gjerningar. Kornet er symbol på Guds Ord og dei som tek imot det i tru, Gud ville så dei ut i landet. Vinen er symbol på kjærleiken får Gud og spesielt mellom mann og kvinne. Oljen er symbol på den Heilage Ande. Då forstår vi at Gud ville bønhøyre kornet, vinen og oljen og dei skal bønhøyre Jisre’el. Dette er ein profeti om barnekåret vi får ved trua på Jesus.

HSE 1,1 – HSE 1,11   Dette er Herrens ord som kom til Hosea, son til Be’eri, på den tid då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.  2 {PROFETENS EKTESKAP OG BORN}  Då Herren tok til å tala til Hosea, sa han: “Gå og ta deg ei trulaus kvinne og få deg horeborn! For landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren.” [ei trulaus kvinne: Ekteskapet mellom Hosea og Gomer skal vera eit bilete på Herrens kjærleik til det trulause folket sitt. Sml. kap. 3.] 3 Då gjekk han og tok Gomer, dotter åt Diblajim, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son. 4 Herren sa til han: “Kall han Jisre’el! For om kort tid vil eg straffa Jehus ætt for blodet som rann i Jisre’el, og gjera ende på kongedømet i Israel. [Jisre’el: Til dette symbolske namnet sjå 2 Kong 9, 14-37. Namnet Jisre’el tyder “Gud sår”, og vert nytta symbolsk om det atterreiste Israel òg. Sjå 1, 11; 2, 22.] 5 Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre’el-sletta.” [Den dagen: Herrens dag.] [Israels boge: bilete på Israels makt.] 6   Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: “Kall henne `Utan miskunn’! For eg vil ikkje lenger miskunna meg over Israels ætt og ikkje tilgje deira synd. 7 Men Judas ætt vil eg miskunna meg over og la dei verta frelste ved Herren deira Gud. Eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og hestfolk.” 8   Då ho hadde vant av `Utan miskunn’, vart ho med barn att og fekk ein son. 9 Herren sa: “Kall han `Ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje dykkar Gud.” 10   Likevel skal israelittane verta mange som havsens sand, som ikkje kan mælast eller teljast. I staden for at det no vert sagt til dei: “De er ikkje mitt folk”, skal det seiast: “borna åt den levande Gud”. 11 Folket i Juda og folket i Israel skal slå seg saman og ta seg ein hovding i lag. Dei skal ta landet i eige. Ja, stor er Jisre’els dag. [Jisre’els dag: -> v. 4.]

HSE 2,1   De skal seia til brørne dykkar: “mitt folk” og til systrene dykkar: “du som har fått miskunn”.

Jesu kyrkje.

Jesu visdom og Jesu kyrkje, det fullkomne.

Johannes døyparen sa om Jesus at han har bruda.

JOH 3,27 – JOH 3,36 Johannes svara: “Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka. 31   Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.”

2KO 11,2 – 2KO 11,3 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Og Jesus sa at hos han er det meir visdom enn hos kong Salomo.

MTT 12,42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.

I Jobs bok spør Jobs vener om eit menneske, fødd av ei kvinne og skapt av mold frå marka, kan vere rettferdig for Gud, kan det vere fullkome? Og så seier Jesus berre at vi skal vere fullkomne liksom Faderen? Eg trur dei felste som les dette tenker som so at det gjeld jødane, det gjeld ikkje meg og så tenker dei ikkje meir over det. For korleis kan nokon vere fullkommen?

JBS 4,1 – JBS 4,21 {KAN EIT MENNESKE VERA RETTFERDIG FOR GUD?}  Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:  2   Om ein prøver å tala til deg, vert du motlaus.  Men kven kan teia til slikt? 3   Sjølv har du rettleitt mange,  kraftlause hender har du styrkt. 4   Dine ord reiste opp den som snåva,  du gav kraft til skjelvande kne. 5   Men no, når det gjeld deg sjølv, er du motlaus,  når det råkar deg, er du redd. 6   Set du ikkje lit til di gudsfrykt  og von til di ærlege ferd?  7   Tenk etter! Når miste ein skuldlaus livet,  kvar gjekk rettvise folk til grunne? 8   Dei som pløyer ned vondskap og sår ulukke,  haustar det same, etter det eg har sett. 9   Andar Gud på dei, går dei til grunne,  pustar han i vreide, vert dei borte. 10   Løva brøler, og løveungen skrik,  men tennene på ungløva vert utslegne. 11   Jamvel løva går til grunne  når ho ikkje finn rov,  og løveungane vert spreidde.  12   Eit ord kom smygande til meg,  for øyra lét det som kviskring. 13   Det kom då nattsyner gjorde meg uroleg,  medan folk låg i tung svevn. 14   Eg vart så redd at eg skalv,  redsla gjekk meg til merg og bein. 15   Ein pust strauk framom mitt andlet,  og håra reiste seg på mitt hovud. 16   Ein skapnad stogga,  men eg såg ikkje klårt korleis han var.  Han stod beint framfor augo mine,  og eg høyrde ei roleg røyst som sa:  17   Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,  kan ein mann vera rein for sin skapar? 18   Gud lit ikkje eingong på tenarane sine,  hjå englane finn han feil, [tenarane sine: englane.] 19   kor mykje meir hjå dei som bur i leirhus  og berre har jord til grunnvoll,  dei som kan knasast lettare enn mòl. [dei som bur i leirhus: menneska, skapte av jord (1 Mos 2, 7) og difor veike og forgjengelege.] 20   Før dagen er til ende, ligg dei knuste;  utan at nokon ansar det,  går dei til grunne for alltid. 21   Deira teltsnor vert oppriven,  dei døyr, men har ikkje fått visdom.

JBS 25,1 – JBS 25,6 {GUD HAR VELDE OG VALDAR REDSLE}  Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:  2   Gud har velde og valdar redsle,  han skaper fred i sin høge himmel. 3   Kan nokon telja hans fylkingar?  Får ikkje alle sitt ljos frå han? [hans fylkingar: englane eller kanskje stjernene.] 4   Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,  kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein? 5   Jamvel månen skin ikkje klårt nok for han,  i hans augo er ikkje stjernene reine. 6   Kor mykje mindre då menneskekrypet,  mannen – den makken han er?

MTT 5,48 Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.  [fullkomne: same greske ordet som i 19, 21 er attgjeve med “heilhjarta”. Ordlaget knyter til heilagdomsbodet i GT (3 Mos 19, 2), og vert her nytta om ein heil og udelt kjærleik til Gud og menneske (sml. 5 Mos 18, 13; 1 Kong 8, 61; Sal 15, 2; 119, 1).]

Ved trua på Jesus får vi Anden av berre nåde, han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er fullkome.

RMR 12,2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

1KO 13,10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende.

HEB 10,1 {KRISTI OFFER TEK BORT SYNDA}  Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne.

HEB 10,14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

JAK 1,4 Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko.

JAK 1,25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

1JO 4,18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.

Og Paulus lærde oss å jage etter det fullkomne.

FIL 3,12 – FIL 3,16 {FRAM MOT MÅLET}  Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Trua, brødet frå himmelen, nattverden, openberringa.

Jesus sa at vi skulle tru på han, elske han og elske kvarandre. Han er brødet frå himmelen og det vert symbolisert i nattverden. Det ordet han har tala til oss er ånd og liv.

JOH 6,29 – JOH 6,40 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.” 30 “Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?” spurde dei. “Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.” 32 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.” 34 Då sa dei: “Herre, gjev oss alltid det brødet!” 35 Jesus svara: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. 36 Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37 Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. 38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. 39 Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. 40 For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.”

JOH 6,47 – JOH 6,65 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.” 52   No vart det strid mellom jødane, og dei sa: “Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?” 53 Jesus sa til dei: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.” 59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.  60 {MANGE STØYTER SEG PÅ JESU ORD}  Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: “Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?” 61 Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: “Støyter de dykk på dette? 62 Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv. 64 Men det er nokre av dykk som ikkje trur.” For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. 65 Og han la til: “Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Faderen.”

JOH 14,15 – JOH 14,26 {LOVNAD OM DEN HEILAGE ANDE}  Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

1JO 3,11 – 1JO 3,24   For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige. 13   De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. 17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?  18 {FRIMOD FOR GUD}  Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning! 19 På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn. 20 For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. 24 Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

1JO 4,1 – 1JO 4,21 {PRØV ÅNDENE!}  De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.  7 {GUD ER KJÆRLEIK}  De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

Jesu frelsesverke er fullført og fullkome. Gud har openberra si frelse i han. Han er fullkomen og den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Då er det vel ganske klart at erkjenninga av det fullkomne skjer ved at den Heilage Ande openberrar det for oss. Han er brødet frå himmelen, han er den nye naturen, han gir oss ånd og liv. Når vi soleis ser på han, erkjenner vi at han er fullkommen og det som han gir oss frå himmelen er fullkome. Så vi slepp å prøve å fikse på noko som ikkje er fullkome. Her er det tale om Guds verk og ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå.

Dei som då med sin moralfilosofi krev at vi skal gjere noko sjølv i tillegg, prøver å gjere oss til trælar. Men vert vi verande i Jesu ord, får vi lære å kjenne sanninga og den set oss fri. Den Heilage Ande fører oss fram til heile Sanninga.

JOH 8,31 – JOH 8,36 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.” 33 “Vi er Abrahams ætt,” la dei imot, “og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?” 34 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

JOH 16,12 – JOH 16,15   Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

Lova åt livsens ande. Trua, nåden og lydnaden.

Lovens bokstav sa først og fremst kva menneske ikkje skulle gjere og korleis dei skulle straffast om dei gjorde det. Så dersom nokon trur at dei skal regjere ditatorisk med lova sin bokstav og at det gir ei heilskapleg beskriving av røyndomen, så gjer dei folk til trælar under synda. For å utøve makt med lova, må der vere lovbrytarar, så dei kan bruke lova til å utøve makt på dei. Slik verkar det når trua manglar.

RMR 6,12 – RMR 6,23 {I TENESTE FOR GUD}  Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen. 13 Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv. 14 Synda skal ikkje vera herre over dykk. De er då ikkje under lova, men under nåden. 15   Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå! 16 De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd. 17 Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven. 18 De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda – 19 eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga. 20 Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett. 21 Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden. 22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv. 23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

Ved at vi held oss til den evangeliske forkynninga og trur på Kristus, lyder vi han. Han gir oss nåde, ånd og liv til livsutfolding og det er frigjerande.

I Romarbrevet talte Paulus om lova åt livsens ande og det må vel då vere å tru på Jesus og hans fullførde frelsesverk og ta imot Anden av berre nåde og la den råde i vår døyelege lekam (jfr. 1.Mos.2,7). Då vil den herleggjere og openberre Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande og slik skal ein mann vite å vinne seg si eiga kone i helging. Så Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

RMR 8,1 – RMR 8,4 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.

Visdomen frå Gud.

Gud gir oss visdom ved openberring.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

Den visdomen er rein.

JAK 3,17 – JAK 3,18 Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg. 18 Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred.

Så sa også Paulus at denne verda sin visdom er dårskap for Gud, men han gir oss ein visdom som herskarane i denne verda ikkje kjende.

Gud gir oss visdom og openberring Ande til kunnskap om seg.

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

1KO 1,17 – 1KO 1,31 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. 26   Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

1KO 2,1 – 1KO 2,16 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA}  Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For  kven kjende Herrens hug,  så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.

Guds åkerland, Guds bygning og Guds medarbeidar.

Forkynnaren talte om ei tid til å bygge opp, ei tid til å rive ned, eit tid til å plante og ei tid til å rykke opp. Men Gud skaper noko som står til evig tid.

Og Paulus talte om Guds åkerland og Guds bygning, han og Apollos var Guds medarbeidarar, Paulus planta, Apollos vatna og Gud gav vekst. Paulus hadde lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, men ingen kunne legge annan grunnvoll enn den som allereie var lagt og det er Kristus. Ein annan bygger på den, men må sjå til korleis han gjer det. Det er om å gjere å bygge med det som består eld-prøva, gull, sølv og verdifulle edelsteinar. Det er om å gjere å bygge med det som er evig og det er Guds verk (jfr. Fork.3).

1KO 3,1 – 1KO 3,23 {GUDS MEDARBEIDARAR OG GUDS BYGNING}  Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. 2 Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, 3 for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei? 4 Når ein seier: “Eg held meg til Paulus” og ein annan: “Eg til Apollos”, er de ikkje då som alle andre menneske? 5   Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10   Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de. 18   Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis. 19 For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive:  Han fangar dei vise i deira eiga list, 20 og ein annan stad:  Herren kjenner tankane åt dei vise  og veit at dei ingenting er. 21 Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. 23 Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

Den gode hyrdingen og dei som er komne før han.

Jesus er den gode hyrdingen, men dei som er komne før han, er tjuvar og røvarar.

JOH 10,1 – JOH 10,21 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17   Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.” 19   No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: “Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?” 21 Andre sa: “Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.”

LUK 20,9 – LUK 20,19 {PAKTARANE OG ARVINGEN}  Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:  “Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid. 10 Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort. 11 Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. 12 Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut. 13 Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for. 14 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 15 Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel.  Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane? 16 Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.” Då sa dei som høyrde på: “Det må aldri henda!” 17 Men han såg på dei og sa: “Kva tyder då dette som står skrive:  Den steinen bygningsmennene vraka,  har vorte hjørnestein? 18 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.” 19   Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.

I Høgsangen fekk vi høyre mykje fagert om vingarden.

HSA 8,11 – HSA 8,14 {EG HAR MIN EIGEN VINGARD}  Salomo hadde ein vingard i Ba’al-Hamon.  Den gav han til vaktmenn,  og kvar skulle gje han  tusen sekel sølv for frukta. [Salomo: -> 3, 7.] [Ba’al-Hamon: ukjend stad.]  12   Eg har min eigen vingard.  Dei tusen sekel er dine, Salomo,  to hundre er til dei som vaktar frukta. [min eigen vingard: -> 1, 6.]  13 {LAT MEG FÅ HØYRA DI RØYST!}  “Du møy som held til i hagane,  venene lyder på deg.  Lat meg få høyra di røyst!”  14   “Skunda deg, min ven,  fly som gasellen og den unge hjort  over balsam-angande fjell!”

Profetane profeterte om at den ikkje lenger bar god frukt, derfor vart den rasert.

JES 5,1 – JES 5,7 {HERRENS VINGARD}  Eg vil syngja ein song om min ven,  songen åt min ven om hans vingard.  Ein vingard hadde min ven  i ein grøderik bakke. [min ven: Likninga tek til som ei kjærleiksvise, der vingarden er bilete på den avhaldne (sml. Høgs 1, 6).] 2   Han hakka han opp og reinsa han for stein  og planta han til med gode vintre.  Han bygde eit vakttårn i hagen  og hogg ut ei vinpresse der.  Så venta han ein haust av gode druer,  men beisk var den frukta han fekk.  3   Og no, de Jerusalems-buar  og Juda-menn:  Døm mellom meg og min vingard! 4   Kva meir var det å gjera med hagen  enn det eg alt hadde gjort?  Kvifor bar han så beisk ei frukt,  når eg venta meg gode druer?  5   No skal eg seia dykk  kva eg vil gjera med vingarden min.  Eg tek bort gjerdet, så han vert avbeitt,  riv ned muren, så han vert nedtrakka. 6   Eg gjer han til ei øydemark.  Han skal ikkje skjerast og hakkast meir,  men torn og tistel skal gro der.  Og skyene byd eg  at dei ikkje skal senda regn over han.  7   For vingarden åt Herren, Allhærs Gud,  det er Israels hus,  og folket i Juda er hagen  som han hadde hugnad i.  Han venta rett,  men sjå, det vart blodig urett!  Han venta rettferd,  men høyr, det vart skrik!

Job var ein vismann, men der var nokon som var til lenge før han og det visste han fint lite om.

JBS 1,6 – JBS 1,12   Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. [Guds søner: himmelske skapningar i Guds nærleik. Sml. 38, 7; Sal 29, 1.] 7 “Kvar kjem du ifrå?” spurde Herren. “Eg har fare og svive ikring på jorda,” svara Satan. 8 Då sa Herren til han: “La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.” 9 Men Satan svara Herren: “Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud? 10 Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet. 11 Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.” 12 Då sa Herren til Satan: “Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.” Så gjekk Satan bort frå Herren.

JBS 38,1 – JBS 38,13 {HERREN TALAR TIL JOB}  Då svara Herren Job or stormen:  2   Kven er det som gjer mi rådgjerd uklår  med uvituge ord? 3   Spenn beltet om livet som ein mann!  Så vil eg spørja deg,  og du skal svara meg. [Spenn beltet om livet!: Bu deg til strid!] 4   Kvar var du då eg grunnla jorda?  Sei fram, om du har skjøn! 5   Kven har fastsett hennar mål – det veit du vel?  Kven spente mælesnor ut over henne? 6   Kvar vart hennar soklar søkkte ned,  og kven la hennar hjørnestein, 7   medan alle morgonstjerner jubla,  og alle Guds søner ropa av fryd? [Guds søner: -> 1, 6.]  8   Kven stengde for havet med portar,  då det braut skummande fram frå djupet, 9   den gong eg kledde det med skyer  og sveipte det i mørke skodda, 10   den gong eg sette grense for det  og stengde med bom og dører? 11   Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger,  her skal dei stogga, dine byrge bylgjer.  12   Har du nokon gong kalla morgonen fram  og synt morgonroden hans stad, 13   så han tek tak i endane av jorda  og rister dei gudlause av?

Dinosaurane var til lenge før menneska, eit anna ord på det er drake. Og rovdinosauren, som Tyrannosaurusen, svarar til Djevelen, Leviatan, men då vert det brukt om menneske som er usiviliserte og lever meir primtivt langt frå bysamfunnet, som røvarflokkar som lever meir etter jungelens lov. Det blir då tydeleg i Jobs bok.

JBS 3,8   Lat dei lysa forbanning over henne,  dei som manar fram ulukkedagar,  og som kan eggja opp Leviatan.

JBS 26,13   Når han lèt det blåsa, klårnar himmelen.  Med si hand har han gjennombora  ormen som rømer så raskt. [ormen som rømer så raskt: Leviatan.]

Eg går ut ifrå at dette er bakgrunnen for at Hobbes kalla sitt filosofiske verk ”Leviatan”. Men dette handlar då om å styre eit sivilisert samfunn.det får meg til å tenke på den Lovlause. Han er også komen før Kristus, men Kristus skal tyne han med sin pust.

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Mi sak. Realist som trur på Jesus.

Påkalle Jesus som min frelsar og Herre.

Eg har vore realist som tur på Jesus sidan eg var ung. Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge og eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre. Eg fortod at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus om å frelse menneska frå det og bad han gi meg ei frelst kvinne til kone. Med den anden og det livet han gav meg i hjertet erkjente eg at der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud og det var født i meg ved Guds Ord og Guds Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg var omlag 16 år og hadde byrja på gymnaset, byrja eg å engasjere meg langt meir med å gå på møte og på Betel i Volda fekk eg oppleve at Jesus svarde på mi bøn gjennom tyding av tungetale, så eg har fortsett med å gå på slike møte og han har fortsett med å svare meg. Likevel fekk eg inntrykk av at leiarene i norsk kristenliv elles ville innvende at det var kjøtets lyst som opponerte mot Anden og streid imot Anden. Eg visste sjølv godt kva som stod skrive i Romarbrevet, det var noko der som ikkje var så lett å vere klok på, det eg nyleg har skrive om det er oppklarande. Eg hadde ei aning om at det var dei sjølve som opponerte for på den måten å få makt. Men dette var det ikkje lett å få klårleik i.

Mi bøn for henne Virtuella.

Eg vart kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella og byrja å verte glad i henne, så eg bad for henne og erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri og med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og eg opplevde det som ei åndeleg openberring, der ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberran han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, og eg vart så glad i henne.

Etter gymnaset møtte eg henne igjen i Bergen og ho fekk vita at det kom som svar på bøn, fordi eg hadde vorte forelska i henne. Sjølvsagt var eg interessert i snakke meir med henne om det og få eit nærare vennskapsforhold til henne og sjæøvsagt var eg interessert i å få henne til kjæraste og kone. Jesus openberra han henne for meg igjen som sitt barn som levde i dette kjærleiksforholdet til Faderen og i dette kjærleiksforholdet til Jesus, som hans brud. Og eg vart sikrare på at det kom som svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone. Men korleis kunne eg få sagt det til henne og/eller fri til henne? Sjølv om eg trudde og vedkjende at det var Jesus som gjorde sitt verk med oss, så var det likevel rett for meg å gå fram som ein friar overfor henne og formulere eit frieri. Det har å gjere med at vi lever i barnekåret hos Gud og det er fridom, som hans barn har vi rett til å be til han, til å komme fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid.

HEB 4,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born og oppseder oss og lærer oss opp. Det må vi som hans born forstå og la han gjere det. Gud er god og vi må halde oss til hans godleik.

Eg bad Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og då hadde eg ei prioritetsordning, for det førate at han frelste både mann og kvinne og dernest at eg fekk ei frelst kvinne til kone. Så om ho ville seie nei til mitt frieri, ville eg likevel at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og halde fram med å vere min venn. Sjølvsagt ville eg det.

Men her kom nok andre maktinteresser inn i biletet, det hadde eg allreie fått ei aning om tidleg i gymnastida. Og no har eg prøvt å forklare det utifrå filosofihistoria. Det er den moral- og politisk-filosofiske maktinteressa som resulterer i lysta sin opposisjon mot Anden, for soleis å få makt.

Når eg framleis var i Bergen og gjekk på møte i dFEF i Skostredet 17 vart eg minna om Peter som gjekk på vatnet, gjennom tale og/eller tyding av tungetale og eg forstod at mi oppleving av openberringa var som å gå på vatnet. Men det var dårleg ver og liksom Peter såg på dei høge bølgjene og byrja å synke, såg eg på maktinteressene som opponerte og byrja å synke. Men eg måtte sjå på Jesus.

Sjølv om ho Virtuella sa nei til mitt frieri og sa nei til Kristus, vende seg bort frå han og fall ifrå, så var det likevel Gud som openberra si frelse for oss i Kristus og skapte oss i han og det verket han gjorde var godt, Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, han er fullkommen og det verket Gud gjer i han er fullkome. Slik er det med det livet og den Anden han gir oss og den kjærleiken Gud har til oss i han, det er fullkome. Og det er ingen grunn til at eg skal gå tilbake på det og angre på det, men eg skal berre halde fram med å sjå på Jesus og kjennast ved han og ære og takke han som min frelsar og Herre.

Mi bøn for henne Reella.

Når eg studerte i Oslo på slutten av 1980-talet oppdaga eg ei vakker jente med langt lyst hår, ho var så vakkar at sjølv om eg berre hadde sett henne utan å ha snakka med henne og utan at eg visste noko meir om henne, så ved kjende eg for Gud i mitt stille sinn, medan eg sat på den store lesesalen på Vilhelm Bjerknes hus, at om eg kunne få henne til kone så ville eg ha henne.  Og noko seinare, når eg sat på same lesesalen, minna den Heilage Ande meg om henne og dreiv meg til å ut og ned trappene, så eg møtte på henne når eg kom ned i første etasje og eg erkjennte i mitt stille sinn ”der er ho” og eg oppleve ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og henne og sa det same til henne samtidig som eg erkjente det i mitt stille sinn, ”der er ho”. Då visste eg for meg sjølv og overfor Gud at den openberringa kom som svar på mi bøn om ei kone. Men så var det dette med frieriet då, korleis kunne eg komme i kontakt med henne, prate med henne og fri til henne. Å fri til henne er å spørje henne, men då må det ikkje forståast som tvil, det er ikkje eit fundamentalistisk spørsmål, som om eg tviler på Gud og hans Ord, hans veg og hans kall. Å sørje og mase og grave i tide og utide kunne ho oppleve plagsom og ein treng ikkje gjere seg dummare enn ein er. Gud gjev meg svar på dei fundamentale spørsmåla med sitt Ord og sin Ande. Når han har gitt meg tru og visjon i mitt hjerte, så må eg ikkje stille spørsmål ved det, men tru på Kristus og den visjonen han har gitt meg, følge hans kall og gå hans veg.

Eg har bedt for henne og Jesus har svart meg og då skal eg berre tru på han og dei svara han gir meg og takke han for det. Eg skal gå ut på hans Ord og det er som å gå på vatnet. Når eg då møter henne igjen, kva skal eg seie til henne? Eg skal halde fram med å snakke med Jesus og takke han og då kan eg vel gje uttrykk for det med å snakke med henne, seie at eg likar henne og ynskjer å verte kjend med henne og vere saman med henne. Og så håpe på at ho også vil takke Jesus. Eg snakkar med Jesus, ber til han og takkar han og slik er det om å gjere å få henne også i tale.

Vi ser likskapen med mi bønn for henne Virtuella.

Gud har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den. Han vil tilfredsstille all vår trang i herlegdom i Kristus Jesus.

Så no byrja eg å tenke slik om henne Reella og be for henne. På 1990-talet sa Jesus til meg at han hadde lagt lengselen ned i meg og ville fylle den. Det hang saman med at han ville utruste sin kykjelyd, han lengt etter å gi henne noko. Kyrkjelyden er Jesu brud og når eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone, så tenker eg slik om henne også, er ho frelst er ho også lem på Jesu lekam og medlem i hans kyrkje, slik heng det saman. Så då tenkte eg slik om ho Reella. Men eg hadde ei aning om at det gjaldt henne Virtuella også. Ja, heilt sikkert. Han har svart på mi bøn for både henne Reella og henne Virtuella med fylden av den Heilage Ande og der er ingen go nok grunn til at eg skal gå tilbake på det på nokon som helst slag måte. For Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, han er fullkomen og den naturen, Anden og livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Eg skal sjå på han og kjennast ved han og erkjenne at det han gir oss frå himmelen er fullkome.

Han kalla meg ut på djupet og påstod at eg likte meg så godt inn med strandbreidda. Det har vel å gjere med at eg er realist. Men med trua på Jesus skal eg oppleve noko i Andens verden og det er som å legg ut på djupna. Det minner meg om at når han hadde stått opp att frå dei døde, sa han til disiplane sine at dei skulle kaste garnet på djupare vatn. Då fekk dei storfangst. Det er talande for korleis vi skal vere menneskefiskarar og få storfangst. Men denne bodskapen minna meir om å gå så langt ut ut i nådens flod at ein flotnar.

1.Pinsedag.19.05.91.

(Kassettband-opptak.):

Se, sier Herren, jeg taler for å vekke din lengsel på nytt, at dette er veien til å søke et dypere liv, at jeg får lov til å få den plassen jeg ønsker i ditt liv, og se, jeg er den som ønsker at du skal kaste fortøyningene, du liker deg så godt der inne ved strandbredden, men jeg vil føre deg videre fram, du er kommet til det stedet hvor, og det punktet hvor du ønsker å fare utover det i dette nådens hav, og legge deg på svøm, du skal få se det løfter, det bærer deg, og du skal få kjenne understrømmen ifra meg, hvor du erfarer det løftene, det er bærende, det er ikke du som skal klare dette, men det er jeg som gjør verket i deg.

Du får oppleve og du får erfare, det er jeg som har begynnt, og fordi det er jeg som har begynnt den gode gjerning i ditt liv, så er det jeg som skal fullføre.

Ikkje kassettband-opptak, (batteria var utladda):

Tida heretter er ikkje berre kort, men den er såre kort. Søk meg i dag, for i dag er eg å finne. I morgon er det for seint. Men eg er her for å møte deg i denne kveldsstund. Når eg har skapt lengselen, så fyller eg den. Du som ein gong var brennande i ånda, eg vil du skal gjenopplive den nådegåve som er i deg. Det var ikkje tilfeldighet som gjorde at då skuggen av Peter fall på den sjuke (den lame), så vart han helbreda. Det er ikkje du som skal gjere ditt verk, med dine prestasjoner, men det er eg som gjer mitt verk i deg. Vinden bles dit den vil. Igjen vil eg minne deg om at vinden bles dit den vil. Eg tek sterke, (ja, konger), i mi eige. Sjå, du som sår med tårer, du skal få hauste med glede. Du skal få vende tilbake med fulle kornband. Den som eg vil gjere sterk, han vil eg først gjere svak. Sjå, eg har beredt meg eit ringe og audmjukt folk. …., som kan svinge Andens kvasse sverd.

M40 Søndag 24.4.94.

Jakob Ohldick hadde tyding av tungetale:

Hør, mitt barn, den som drikker av det vann jeg vil gi ham, det blir i ham en kilde med vann som veller frem til evig liv. Og en dag så gjestet jeg jorden, jeg gav den overflod, jeg gjorde den såre rik. Min bekk, den er full av vann. Å mitt barn,  ville du bøye deg ned ved bekken i dag og drikke, skulle du få oppleve du skulle gå ut med et høyt hevet hode.

Det står skrevet, dette underfulle, livets strøm veller ut ifra Kristus Jesus. Og den som tørster, han kan komme, han kan tilfredsstille sitt hjertes lengsel. Profeten taler og sier: “Jeg fannt ditt ord og jeg åt det.” Hør mitt barn, du må høre mitt ord. Men du må ete det. Og eter du det, skal du få kjenne du skal mettes, du skal styrkes med kraft, ved min Ånd, i ditt innvortes menneske. Jeg vil fylle deg til all min fyllde, sier Herren din Gud.

Ja, ete skal dere og mettes og prise mitt navn. Ja, jeg vil fylle dere så dere jubler for mitt åsyn………som fyller deres hjerte. Derfor opn din munn vidt opp, du skal få oppleve å kjenne – jeg vil mette deg. 

Ja, hør mitt barn, jeg kan gjøre mer enn alt. Langt utover det du ber om…..

Ja, Jesus, du er den fagreste blant menneskenes barn…. Du er den ene, du er den underfulle, du er den som har all makt i himmel og på jord. – Jeg er den som har evne, jeg har kjærlighet og vilje og makt, så gir jeg det du i dag har begjært. 

M40 Onsdag 6.9.95.

Tyding av tungetale, ikkje diktaforn-opptak, så det vert ikkje ordrett gjengitt:

Kor eg lengter etter å gi min menighet det som eg vil gi henne. Men dette er avhengig av din lydighet, at du opner deg for det som eg vil gi. Opn deg og eg vil fylle deg, opn din munn og eg vil legge mine ord i den. Takk for at du opner deg.

Bededagsstevne søndag 27.10.96.

Jakob Ohldieck hadde tyding av tungetale:

Diktafonopptak:

Ja, fremdeles er jeg den jeg er. Jeg kaller, og jeg kaller på jorden. Ja, fra solen går opp og til den går ned. Også idag kaller jeg og kaller jeg på deg. Du skal vite mitt barn, jeg gav mitt liv som en gjenløsningsbetaling for dine synder, for at du skulle få komme, slik som du er. Jeg har sjenket og vil sjenke enhver en full syndenes forlatelse som kommer frem for mitt åsyn. Du skal få kjenne og oppleve at jeg løfter byrdene av dine skuldre, jeg frigjør bærekurven fra nakken din, sier Herren din Gud.

Ja, jeg vil igjen ta meg av deg. Jeg vil hjelpe deg til rette. Jeg vil møte din sjels lengsel og trang. Det skal du vite mitt barn, at jeg er mektig til å oppfylle all din trang i herlighet i Kristus Jesus. Derfor kom til meg med din lengsel, med din trang og med ditt behov. Du skal få kjenne og oppleve, jeg kommer deg i møte. Jeg er ikke en Gud som er langt borte, men jeg er nær deg, sier Herren din Gud.

Jeg vil komme deg i møte. Jeg kjenner ditt hjertes ønske. Jeg vet at du er nedbøyet og missmodig. Derfor kommer jeg, for å ta meg av nettopp din sak. For å løfte deg opp, for å gjøre deg fri, for å fylle din sjel med glede, med takk, med trygghet. Derfor vær du bare såre frimodig. Du skal gjøre som de gamle ….

Slutt på kassetten, men eg hugser det vart sagt at eg skal få sjå opp til Gud og stråle av glede. Eg trur helst det var avslutninga på forrige setning.

Så eg hevdar ho Virtuella gjer rett i å komme tilbake til Jesus og komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og finne tilbake til fridomen i barnekåret. Ja, Jesus sende meg no tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Og eg hevdar han at rtalt til henne fleire gongar gjennom tyding av tungetale og kalla henne, sjølv om ho ikkje har vore der. Og det er som eit frieri til samanlikning med kongen som fridde til henne lytelause reine i Høgsongen.

På møtet 10.9.2017 vart det talt over:

HSA 4,8 – HSA 4,16 {MI SYSTER, MI BRUR}  Kom med meg frå Libanon, mi brur,  kom med meg frå Libanon!  Stig ned frå Amanas tind,  frå toppen av Senir og Hermon,  frå løveheimar, frå panterfjell. [Amanas tind: fjelltopp i Antilibanon, nord for Hermon.]  9   Du har fanga min hug, mi syster, mi brur.  Du har fanga min hug med eit einaste augnekast,  med ei av lekkjene om din hals. 10   Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur!  Din kjærleik er betre enn vin,  og angen av dine salvar  meir ljuvleg enn balsam.  11   Av honning dryp dine lipper, mi brur.  Honning og mjølk er under di tunge.  Angen av kleda dine  er som angen på Libanon. 12   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.  13   Dine lemer er som ein lund av granataplar  med den gildaste frukt,  av hennabuskar og nardusplanter, 14   nardus, krokus, kalmus og kanel  og angande tre av alle slag,  myrra, aloë og alle slag balsam. 15   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

HSA 5,1   “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,  og plukkar min myrra og balsam.  Eg et min honning og mi honningkake  og drikk min vin og mi mjølk.”   Ja, et og drikk, mine vener,  og lat kjærleiken riva dykk med!

Og så kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale:

A. Eg er kongane sin konge, eg er herrane sin Herre. Ja, det er eg som frelser, det er eg som løyser ut av lenkjer og band. Det er eg som set fangane fri. Det er eg, eg som har teke bustad i ditt hjerte. Du skal ikkje tvile. Du skal ikkje syrgje. Du skal berre glede deg i meg. For eg, eg er Herren din Gud, som veit om alle ting. Eg er også den som veit alt i alle. Ingen ting kan skjulast for meg. For eg som er Herren din Gud er den som skal gjere det, alle ting i stand. Når du søker meg av heile ditt hjerte, så skal du få sjå og erfare, at eg er kongane sin konge, herrane sin Herre, eg er også lækjarane sin lækjar. For eg er den som kan gjere alt som er umogeleg for menneske, det er mogleg for meg.

B. Eg har teke bustad i ditt hjerte og eg snur meg aldri ifrå deg. Det er du som må ta det val om du vil bli hos meg. For eg blir hos deg til evig tid, men det er du som må velje om du vil fortsette å leve med meg. For eg som er Herren din Gud, er med deg alle dagar. For om du vel å ta meg bort ifrå ditt liv, så er det ditt eige ansvar, fordi eg kan ikkje gjere noko før du har sagt: Her er eg Herre, kom og ta meg igjen, for eg, eg vil ta bustad i ditt hjerte, men eg kan ikkje gjere det, før du gjer det mogleg sjølv.

Med Jesus i båten.

Eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, ho er inkludert i det fullførde frelsesverket. Han sa at eg skulle takke han for frelsa og glede meg i han, så ville han gi meg det som mitt hjerte attrår. Eg skulle få oppleve meir av hans kjærleik. Eg skulle sjå til at eg bidrog med det han har gitt meg i hjertet og kaste meg ut i nådens flod. Han er komen nær, så eg treng ikkje fly rundt. Han gir meg Anden gratis, av berre nåde, frelsa er gratis, eg får den av berre nåde. Eg skal berre bøye meg for han. frelser meg, så eg skulle berre bøye meg for han.

Bodskapen 20.5.2012:

Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjå bort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herre. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.

Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.

Bodskapen 18.1.2015:

Ja, seier Herren, eg har sagt at eg vil gå fram føre deg, sprenge bommar av jern og dører av kopar, rydje ein veg som du kan gå og oppleve min herlegdom, seier Herren. Derfor talar eg til deg i dag, derfor kallar eg på deg. Eg ynskjer at du skal oppleve meir av min godleik, meir av min kjærleik, i ditt liv. Og eg ber at du vil sleppe meg til, på dei områda som du synest har vore vanskeleg, som du kanskje har lukka til, i frykt for eller i sårheit for eller i redsle for kva som kunne skje. Men eg, Herren, ynskjer å komme til deg og røre ved deg med min Ande og med min kjærleik. Og eg ynskjer å føre deg ut av den staden der du er no og inn på eit ope område, der du kan tene meg i fridom, seier Herren. 

Og når du kjem, når du tek eit steg ut av båten og kjem til meg, seier Herren, så vil eg også leie deg, så vil eg hjelpe deg og så vil føre deg på mine vegar. Du skal ikkje frykte for ting omkring deg, du skal ikkje frykte for det som ser mørkt og vanskeleg ut, fordi eg Herren kjem og er ditt lys og eg vil stråle omkring deg og eg vil fylle deg med mi glede og med mi kraft, slik at du kan gå inni og oppleve det som eg har for deg. Frykt ikkje, seier Herren, for eg er med deg. Eg slepp deg ikkje og eg forlet deg ikkje. Og ingen ting kan skilje deg frå min kjærleik, seier Herren. 

Bodskapen 29.3.2015

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.

Bodskapen 23.10.2016:

Eg er den same og vil forbli det for evig. Eg har talt. Derfor lyd på mitt – lyd til mitt Ord og fullfør dette. Så skal eg, Herren, vere med deg. Still deg til rådigheit for mitt Ord og min Heilage Ande, så skal eg, Herren, bruke deg, eg vil salve deg, eg skal styrke deg, eg skal holde deg oppe, med mi rettferds høgre hand. Og du skal ikkje frykte, for eg, Herren, eg er med deg. 

For endå ein gong, så skal eg reise opp mitt folk. Endå ein gong, så vil de få oppleve at min Ande er ikkje trekt tilbake, men den er i dykk. Derfor så søk meg i denne tid, kall på meg den stund eg er nær og du skal finne, at eg er ikkje der ute i periferien, men eg er komen nær til. Derfor frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, din Gud, og eg er din frelsar, eg er din forsørgjar, eg er din lækjar, eg er alt kva du måtte trenge til …. og eg har gitt deg alle ting, for det lydde frå meg: Det er fullbrakt. Amen.

Bodskapen 7.5.2017:ette er deaktivert i nettleseren.</div></div>

Ikkje la deg dirigere av kva dine auge ser, ikkje la deg dirigere av kva dine sansar føler. Men den tru eg har gitt deg, knytt den til mitt Ord og la det verte det som avgjer for deg. For mitt Ord, det er ei lykte for foten og eit lys på din sti. Derfor, knytt trua di til mitt Ord.

Det naturlege mennesket lever i sansane sitt område. Men det gjenfødde mennesket lever i trua sitt område. Og den rettferdige, han lever av tru, til tru. Derfor la deg ikkje påverke av det som er rundt deg. Men la deg påverke av mitt Ord, så skal mitt Ord danne deg. Mitt Ord skal framstille min skapnad i deg. Og mitt ord, det skal halde deg oppe, som ei kraft og som ei makt i ei tid som er vanskeleg. Halleluja.

Bodskapen 18.6.2017:

1A:Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.

1.B: Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

deaktivert i nettleseren.</div></div>

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Så sa han at du skal få kjenne hans salving og kraft i din lekam, han bur i din båt.

Bodskapen 10.12.2017:

Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert verande det til evig tid. Og no skal du gå ut på mine lovnadar, seier Herren. Og du skal tru at eg er den eg har sagt meg å vere. Eg har no sagt at eg vil velsigne deg. Derfor skal du vere frimodig og ta til deg av dei rettar eg set fram føre deg. Ver frimodig, mitt barn, byrj å pris mitt namn, løft opp mitt heilage namn og du skal få oppleve at eg skal velsigne deg frå Sion. Ja, eg vil gi deg eit godt, stappa og rista mål, seier Herren. Du skal få kjenne mi salving og mi kraft i din kropp, seier Herren.

Ja, eg skal reise opp vitne i denne tida, seier Herren, som skal vere frimodige og dei skal ikkje halde noko tilbake, men dei skal forkynne heile mitt råd til frelse. Dei skal svinge Andens skarpe sverd, seier Herren. Dei skal ikkje ta omsyn til menneskelege meiningar og fordommar. Men dei skal vere frimodige og halde fram mitt Ord, seier Herren, for summen av mitt Ord, det er sanning, seier Herren. Og mitt Ord, det står fast til evig tid. Derfor, mitt barn, haldt fram mitt Ord, og du skal få oppleve at mitt Ord, det er levande, det er kraftig, seier Herren. Derfor skal du ikkje vere beskjeden, men du skal halde fram mitt Ord. Og du skal få oppleve at eg, Herren, er den som stadfestar det, seier Herren. Amen.

Bodskapen 17.12.2017:

For der er ingen gud, utan meg, det er eg, Herren den allmektige, og det er eg, Herren, som har skrive denne boka, fordi Guds menn var inspirert av min Ande. Og det er mine ord som framleis er levande og dei er verksame og dei er kraftige til å fullføre kva dei var utsende til. Derfor, så ta mitt ord til deg og du skal kjenne at mine ord, dei skal bli i deg, levande ord som veller fram. Du skal ikkje vere bekymra for kva du skal tale, kva du skal seie. For det skal verte gitt deg der, når du treng det, så vil eg, Herren, eg vil gi deg mine ord, legge ned i din munn. Du skal tale driven av meg, for det er eg, Herren, som byrja.

Menneske vil undre seg over at framleis, så vil nådegåver vere i bruk, framleis vil mirakler, teikn og under skje og menneske skal få komme og sjå, at det er heilt vanlege menneske eg har valt meg ut. Og midt opp i din storm, så vil eg Herren, stige ombord i din båt. Og eg skal byde vinden, eg skal byde bølgjene og det skal verte blikkstilt, for eg, Herren, skal føre deg over til den andre sida. For eg har befalt deg, at eg skal vere med deg, like som eg har vore med mitt folk, opp gjennom heile tida. Så vil eg og vere med deg. Så frykt ikkje, mitt barn, for eg Herren, er og bur i din båt.

JOH 6,16 – JOH 6,21 {JESUS GÅR PÅ VATNET}  Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen. 17 Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei. 18 Sjøen gjekk høg, for det bles hardt. 19 Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. 20 Men Jesus sa til dei: “Det er eg. Ver ikkje redde!” 21 Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.

MTT 14,22 – MTT 14,33 {JESUS GÅR PÅ VATNET}  Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, medan han bad farvel med folket. 23 Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet så han kunne vera for seg sjølv og be.  Då kvelden kom, var han der åleine. 24 Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bylgjene, for vinden var imot. 25 Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. 26 Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei forfærde. “Det er eit skrømt!” sa dei, og var så redde at dei skreik. 27 Men i det same tala Jesus til dei: “Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!” 28   Då sa Peter til han: “Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.” 29 “Kom!” sa Jesus. Peter steig ut or båten og gjekk på vatnet, bort til Jesus. 30 Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd og tok til å søkka. “Herre, frels meg!” ropa han. 31 Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: “Kor lite tru du har! Kvifor tvila du?” 32 Så steig dei opp i båten, og vinden la seg. 33 Men dei som var i båten, fall på kne for han og sa: “Du er sanneleg Guds Son!”

Sjølv om eg ikkje var på desse to møta, så tek eg likevel imot det som bodskap til meg. Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Gud er alfa og omega, han er alltid den same og når han skaper oss i Kristus, skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Slik gir han meg ei frelst kvinne til kone. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile. Å gå ut på hans lovnadar er som å gå på vatnet, men så ville han også stige ombord i båten og stille stormen. Han er og bur i min båt, i min lekam, så eg får kjenne hans salving og kraft i min lekam. Og eg hevdar den salvinga overtyder meg om at han gir meg henne Reella til kone.

Tru og frelse, rasjonalitet og empiri.

Jesus forkynte Guds Ord og lærde opp disiplane sine og døypte dei med den Heilage Ande, slik utrusta han dei og sende dei ut i verda med den glade bodskapen. Med den utrustinga skulle dei sigre over verda og det var ved at dei let Anden råde i deira døyelege lekam.

Guds rike, Guds Ord og Guds Ande er ein åndeleg røyndom og eg kallar det ein åndeleg rasjonalitet til samanlikning med rasjonaliteten i realfaga, matematikken. Eg forstår det slik at det inkluderer rasjonaliteten i naturfaga, sidan Gud har skapt alle ting med sitt Ord og held alt oppe med sitt Ord, men den er også noko meir enn det. Med tru forstår vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege og derfor er naturen forståeleg. Med trua på Gud og hans Ord og med opplevinga av samfunne med han i den Heilage Ande, får vi åndeleg og rasjonalistisk så vi i eitt og alt kan vere forstandige. Med trua på Kristus blir vi frelst og fri, så vi sigrar over verda, vi sigrar med anden og livet og krafta som han gir oss. Gud er suveren over den naturen han har skapt og slik er det med anden og livet Jesus gir oss. Ikkje noko i det fysiske miljøet rundt oss skal ha makt over det eller få makt over det, langt mindre verte gud for oss. Menneska vart trælar under det forgjengelege, men den evige sanne Gud frigjer oss frå den trældomen ved sitt Ord og sin Ande. For Anden fører oss fram til heile sanninga, så den set oss fri. Kristus er sanninga.

Gud elskar oss og skapar oss i Kristus og slik skaper han Jesus kyrkje som hans brud. Han elskar henne med kjærleiken frå Gud, ja, Gud er kjærleik og han elskar oss som sine born. Likevel er det fridom og det er å forså som deligering av makt og fridom under ansvar. Vi er ikkje trælar, men born og som hans born forstår vi at han elskar oss og vil oss vel og tek omsorg for oss og oppseder oss og lærer oss opp, så vi tek imot han kjærleik og omsorg og let han oppsede oss. Tilsvarande er det fridom for Jesus brud å seie ja til hans frieri og kalle han for sin frelsar og Herre, brudgom og ektemann, ho forstår at han elskar henne og vil henne vel, han har vunne hennar kjærleik med sin kjærleik, så ho svarar på hans kjærleik med kjærleik.

Dette kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud vart født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for ved trua smeltar Ordet saman med meg i mitt hjerte. Så det er grunnleggande for meg når eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone,ja det er det sentrale poenget med det. Så at ho har sagt ja til han og er komen inn i eit slikt kjærleiksforhold til Faderen og Sonen er grunnleggande.

Og Gud har openberra si frelse for meg i Kristus, så eg skal sjå på han og snakke med han. Eg bad han gje meg ei frelst kvinne til kone og sa til han at eg yngste meg henne Reella og han svarde meg med å openberre seg for meg og for henne. Då må eg berre satse på at han frelser henne, så ho kjem inn i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn, så ho ber til han og får svar og tek imot hans kjærleik og omsrog. Og at ho kjem inn i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud, så ho tek imot han kjærleik og svarar på den med kjærleik, høyrer hans røyst og svarar han som hans brud.

Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2 og slik vert ho kona mi. Adam trengde ikkje sprøje henne om noko, han trengde ikkje fri til henne, for han fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med han, så han sa berre at slik var det. Og eg seier allereie noko liknande. Dei var fysiske skapningar og ho kom til han som ein fysisk skapning og eg ser sjølvsagt fram til at ho skal komme til meg slik. Eg skal ikkje mangle noko, ei kone skal ikkje mangle i mitt liv, for Faderen har omsorg for meg, eg skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg til det. Når eg søker først Guds rike og hans rettferd, skal eg ikkje bekymre meg for det materielle, eg skal ikkje vere oppteken av det fysiske som er rundt meg. Det er ei prioritetsordning. Når eg får møte henne igjen, kva skal eg då seie til henne? Skal eg fri til henne, skal eg spørje henne? Eg kan vel berre vere frimodig og vedkjenne mi tru på Jesus for henne og fortelle henne at eg likar henne. Og ei normalt vituge jente forstår betydninga av det, ho er då realist, biolog, så ho forstår naturleg vis betydninga av at ein mann likar ei kvinne.

Men ønsket om å få møte henne igjen fysisk, sjå henne, snakke med henne, spørje henne om å få vere venn med henne, vere saman med henne og fri til henne handlar om å sanse og erfare noko i det fysiske miljø, så det er altså den empiriske sida av realfag. Kva med den rasjonalistiske sida? Kva er den rette og høvelege rasjonaliteten til det? Det er det som eg nettopp har sagt og som eg skal prioritere, søke fyrst Guds rike og hans rettferd. Det er den frelsa som Gud openberrar for oss i Kristus Jesus.

Jesus har gitt meg sin Ande, så eg tilhøyrer han og er frelst. Min lekamen er eit tempel for den Heilage Ande. Han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, så vi skal vere eitt kjøt, ein lekam, eitt tempel for den Heilage Ande. Han let meg kjenne si salving og si kraft i min lekam og eg er viss på at det heng saman med at ho får kjenne hans salving og hans kraft i sin lekam. Han frelser henne også og gir meg henne til kone. Eg skal berre glede meg i han og takke han for frelsa, så vil han gje meg det mitt hjerte attrår. Eg skal berre heilhjerta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone. Eg skal bere lekamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og la hugen verte oppattnye, så eg kan kjenne kva som er Guds vilje, det gode, heilage og fullkomne, eg skal vende hugen opp til han og ta imot det som han gir meg frå himmelen, verte fyllt av den Heilage Ande, hans salving og kraft. Eg er kanal for Guds velsinging til henne, så eg er viss på at dette er noko som ho også får del i. Så nå eg har huglagt henne og attrår henne, ærar og lovpriser eg Gud og  Lammet for frelsa, takkar Jesus for at han gav meg og henne ånd og liv, slik vender eg framleis hugen opp til han og det han gir meg frå himmelen, dette vil eg berre ha meir av, eg vil opne meg for meir av det, som kanal for Guds velsingning til henne, så eg kan få oppleve meir av det samen med henne. Så sjølv om eg har huglagt henne og attrår henne, så er det på den måten at eg jagar mot det fullkomne, så eg kan vinne det fullkomne saman med henne. Derfor er det så viktig for meg å feste blikket på Kristus.

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

FIL 3,12 – FIL 3,14 {FRAM MOT MÅLET}  Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

FIL 3,20 – FIL 3,21 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Vi skal ha det fullkomne for auget og jage mot det målet som ein sigerskrans som ventar oss, til samanlikning med ein idrettsmann som spring mot må. Han er ikkje oppteken av noko anna enn å nå målet.

Eg skal vinne meg mi eiga kone i helging.

1TE 4,1 – 1TE 4,12 {FRAMGANG I HEILAGT LIV OG KJÆRLEIK}  Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. 9   Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

Sjølv om der altså er sterke interesser av å lure meg på heile greia, skal eg halde fram med å tru på Jesus, vende meg til han og sjå på han., vende hugen opp til han og ta imot det han gir meg frå himmelen og vere kanal for Guds velsigning til henne. Han sa eg skulle feste blikket mitt på han. Så det skal fungere! For eg trur han har frelst henne og sette henne fri og at han held henen fast i si frelse og i den kristne fridomen, i barnkåret hos Gud, at ho har sagt ja til hans frieri, så ho som hans brud svarar på hans kjærleik med kjærleik, lyder han og kjem til han. Og slik fører han henne til meg, så ho vert kona mi. Og då skal ho sjølvsagt halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Jesus, som hans brud og til Faderen, som hans barn.

Jesus har sett fram for meg ei opna dør.

Bodskapen 18.9.2016:

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.

Det er døra til himmelen.

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

ÅPE 11,11 – ÅPE 11,12   Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: “Stig opp her!” Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

EFE 2,4 – EFE 2,10   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Og det er døra inn til sauene.

JOH 10,1 – JOH 10,10 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Kampen for tilværet. Kva er poenget med å fornekte det fullkomne?

For den tradisjonelt moral og politisk lærde overklassa var det eit poeng å føre klagemål mot vanlege folk for å få makt over dei, men det som folk flest ikkje var klar over, var at dei også hadde ein strategi og utspekulert plan for å få det til, det var då som ormen som forførde kvinna. Slik virka det med ”den øydande styggedomen” som var komen inn på heilag grunn. Men den ulærde underklassa såg neppe noko særleg verdifullt poeng i dette, så lenge dei ikkje vart forførde, så lenge dei ikkje vart korrupte og svikariske. Så når den evangeliske forkynninga ebba ut i kyrkja, var det nok både fordi der var ei tradisjonelt lærd overklasse som som forførde folket for å få makt over dei og fordi folket let seg forføre. Derfor mista dei erkjenninga av det fullkomne.

Men Jesus prioriterte å gå til den ulærde underklassa med den glade bodskapen og det gjorde disiplane hans også. Då viste det seg at dei hadde lettare for å tru og ta imot, Gud openberra si frelse for dei og valde dei ut.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

Jesus kalla meg til å studere realfag og då oppdaga eg henne Reella og bad for henne og fekk oppleve at den Heialge Ande dreiv meg, så eg fekk oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne. Eg har enno ikkje snakka med henne, men eg har snakka med Jesus om henne og skrive mykje om henne.

Logikken er viktig på realfag og for meg har den åndelge openberringa med mi logiske tenking å gjere. På den deduktive side i den hypotetisk deduktive metode er dei logisk resonnementa som a ⟹ b, a medfører (impliserer b), der a og b er utsegner, resonneringa kan skrivast som a1⟹a2⟹a3⟹a4⟹a5⟹a6 …….an. Dersom utsegna a1 har kunnskapsmengde A1 og den siste utsegna an har kunnskapsmengde An, så er An ⊂ A1 (An er delmengde av A1).  Dersom implikasjonane gjekk den andre vegen også, så an ⟹ a1, så ville A1= An. Men det kan den ikkje i deduktive side av den hypotetisk deduktive metode, for vi skal fram til ein påstand som kan prøvast empirisk. Dersom prøva avsannar an, må vi finne ei anna hypotese til erstatning for a1. Dersom hypotesa består slike prøver blir den til ein naturvitskaplege teori. Slik prøver dei å finne best moglege teoriar som beskriver naturprosessane best mogleg. Då kan vi med slike deduksjonar også utvikle teknologi. Deduksjonane må heile tida vere rett, der kan ikkje vere feil i dei.

Til samanlikning har vi ved trua på Gud og hans Ord eit utganspunkt α å tenke ut ifrå, men kunnskapsmengde A. Men vi tenker og handlar ikkje alltid rett, vi er feilbarlege og synda kjem ikkje som konsekvens av α, synda og avgudane med sin kunnskap er ikkje delmengde av A. Sjølv om Gud skapte oss, kan vi ikkje forgude oss med vår kunnskap, jfr. syndefallet. Synda skil menneska frå Gud.

Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Så når vi audmjukar oss for han og vedkjenner vår synd for han, reinsar hans blod oss frå all synd og vi får den Heilage Ande av berre nåde. Med eitt offer gjer Jesus oss fullkomne. Den Heilage Ande herleggjer mog openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Og då må vi sjå på han og ære og takke han for frelsa. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er fullkomen og han er den nye naturen som Gud gir oss frå himmelen. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen av berre nåde, er fullkome.

Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Imanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte. Han formulerte sine uforanderlege transendentale former og utvikla sin moralfilosofi. Hegel tilføya foranderelege transendentale former og tenkte seg at der er ei dialektisk omforming mellom herre og knekt, den intersubjektive tidsånda driv historia framover gjennom denne dialektiske omforminga, men Gud og einskildmenneske har lite og inga betydning for den. Teknokraten er typisk knekt, han står nærast naturen og Marx tilføya ei dialektisk omforming mellom knekten og naturen og den har størst betyding og er mest avgjerande i lengda, spesielt ved revolusjonen.  Ved framandgjeringa vart arbeidarane framande for sitt eige produkt, slik at det fekk makt over dei, eller det vart brukt til å få makt over dei.  det vart som avgudar for dei altså. Derfor trengde dei å drive klassekamp og med tida gjere revolusjon.

Men det mest fundamentale problemet med marxismen er fornektiga av Bibelens Gud, med den fornektinga utelukker den det rette alternativet til det som den kritiserer menneska og samfunnet for. Så dei sosialistiske samfunna vart meir som slavesamfunnet på nytt.  Den dialektiske omforminga handlar eigentleg om å tenke nytt, utvikling vår ideverd, intelektuell utvikling, overbygninga, representert ved herren i Hegels dialektikk. Så den er eit alternativ til den hypotetisk deduktive metode.  Så når vi som tenker matematisk og hypotetisk deduktivt, deduserer a ⟹b, svarar det for dei til det som herren seier, så då kan knekten like gjerne svare b⟹a. Men det er då heilt tullete. Når vi konstruerer eit produkt, produserer det og skaper det, er logikken a ⟹b. Det er huset som vert bygt etter teikninga og handa som slår med hammaren. Å påstå at då må b⟹a er som å påstå at planen og arkitektteikninga vart laga etter huset og at det var hammaren som brukte handa.

Men der er altså ei moralfilosofisk side av saka, dei tenker seg at det er ikkje berre mennesket som formar naturen, men naturen som formar mennesket og produktet, den omforma naturen formar også mennesket, så produktet vert som avgudar for folket og arbeidarane. I det gamle testamentet les vi om at folk laga seg gudar av stokk og stein, men også om at dei som dei laga seg som nyttegjenstandar vart til gudar for dei.  Så problem-stillinga er relevant og aktuell. Men der vart det forkynnt at dei måtte vende seg til Israels Gud i staden. Men når marxismen fornektar han, utelukker den det alternativet. Vel er det slik at vi vert påverka av miljøet, men fornektinga av Israels Gud gjer den omforminga meir fundamental, den vart eit moralsk krav som kjem i tillegg til forventninga og kravet om å prestere for å produsere eit produkt. Det handlar ikkje berre om å omforme naturen men å omforme mennesket.

Fornektinga av det fullkomne munner ut i eit klagemål mot vanlege folk for deira fysiske natur, spesielt fordi dei med sin fysiske natur prøver å omforme den fysiske naturen rundt seg, til tross for at dei gjer nytte for seg og prøve å skape noko som både dei sjølve og andre har nytte av. Kva skulle dei kanskje gjere i staden? Moralen er vel at dei i staden skal utdanne seg, så dei vert meir moralske, danna og danna menneske. Kva skal dei då produsere i staden? Kulturelle verdiar? Verte kunsmalarar som teiknar hus etter at dei er bygde og malar portrett av menneske? Men dette er ikkje reelle verdiar. Menneske lever ikkje av dette. Kritikken var at dei laga seg avgudar og dei er løgn som menneska ikkje har noko nytte av. Men no har produksjonen av det unyttige teke over, i staden for ein industri som produsere nyttinge ting, får vi ein løgnindustri.

Sidan dei ikkje trur på det fullkomne, prøver dei med moralfilosofien sin å lesse ekstra byrder på folk, på ”knekten”, arbeidaren, bonden, fiskaren og realisten som studerer realfag. For å gjere han til træl. Det har eg fått erfare.

Men problemet er at deira eigen ideologi ikkje held mål. Vi kan samanlikne det med ei hypotese som vert prøvd og avsanna. Realistane vil då med den hypotetisk deduktive metode prøve å finne ein nye høveleg hypotese. Men dei prøver i staden å behalde den med makt og gjere menneska til trælar, med sine krav om at dei skal prøve å skale verda etter deira idear, som om dei skal vere gudar for oss.

Protesten mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og at slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, var fornekting av det fullkomne. Og alternativet var ei dialektisk omforming av kvinna til nyfeminist, alstå istaden for at ho skulle vere eit Guds barn og ein ny skapning i Kristus.

Med sin empirisme vanvørder og foraktar dei norske gutungar og norske menn, som dumme, uvituge og vonde fordi dei ikkje har seksuell erfaring som får dei til å fornekte trua på det fullkomne og som bryt ned og øydelegg deira rasjonalitet (jfr. bodskapen 18.9.2016).

Ideen om likestilling var nok eigentleg ideen om at mennekse skulle verte liksom Gud. Men når ho er fråfallen og fortapt, kva betydning får då ideen og kravet om likestilling? Blir det kanskje ikkje at mannen også skal falle ifrå og gå fortapt. Ei skjebne verre enn døden. Eller kvar legg de lista, kva nivå krev de at mannen skal befinne seg på? Det heile verkar som eit kunstig krav. Er det kanskje ikkje berre om å gjere for alle og ein kvar å sette seg realistiske mål og gjere som best ein kan for å få mest mogeleg ut av livet til gagn både for seg sjølv og andre? Vi arbeider for utvikling og framgang på ulike område, men dette kravet dykkar om likestilling virker som eit krav om at det skal stoppe opp på eit bestemt punkt, så det vert stagnasjon.

Trua på Gud og hans Ord er fundamentale og å søke først Guds rike og hans rettferd og å tilbe han er fundamentalistisk. Realfagleg interesse er også interesse for fundamentale idear. Men fornekting av det fullkomne gjev verdsleg makt høve til å erstatte det fullkomne og fundametale med menneskebod for å gjere menneska til trælar og forgude seg sjølve. Og kravet om likestilling verkar nettopp slik. Det er ikkje vanskeleg for ein verdsleg maktperson å finne ei eller anna fillesak å henge seg opp i og formulere kravet om likestilling og bruke den til å forgude seg sjølv. Så det minner om mor Israel som dreiv hor med avgudane.

JER 2,20 – JER 2,28 {DE HAR GJORT OPPRØR MOT MEG}  Frå fyrste stund har du brote åket  og slite sund lekkjene dine.  Du sa: “Eg vil ikkje tena deg lenger.”  På alle høge haugar  og under kvart grønt tre  la du deg ned og dreiv utukt. [dreiv utukt: var med på å dyrka dei kanaaneiske avlings- og livsgudane. Sml. Hos 2, 5 ff.] 21   Eg planta deg som eit edelt vintre,  ei heilt igjennom ekte plante.  Korleis har du då vorte omskapt  til villskot, eit uekte vintre? 22   Om du vaskar deg i lut  og øydslar med såpe,  ser eg likevel di skitne skuld,  lyder ordet frå Herren Gud.  23   Korleis kan du seia: “Eg er ikkje urein,  eg har ikkje sprunge etter Ba’al-gudane”?  Sjå kva du dreiv med nede i dalen,  og skjøn kva du har gjort!  Du liknar ei lettføtt kamelhoppe  som renner hit og dit, [dalen: Hinnom-dalen. Sml. 7, 31. -> 2 Kong 23, 10.] 24   eit villesel, kjent på steppa.  Ho syp etter anden i sin brunst;  kven kan døyva hennar trå?  Dei som leitar etter henne,  treng aldri springa seg trøytte;  i paringstida finn dei henne lett. 25   Lat ikkje foten din verta berr,  og spar strupen din for torste!  Men du svarar:  “Nei, det er nyttelaust,  for eg elskar dei framande, dei vil eg fylgja.” [dei framande: andre folks gudar.]  26   Som ein tjuv må skjemmast når han vert gripen,  såleis skal israelittane skjemmast,  både dei sjølve og kongane deira,  hovdingane, prestane og profetane deira. 27   Dei seier til treet: “Du er far min,”  og til steinen: “Du har født meg.”  Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet;  men når ulukka kjem, seier dei:  “Reis deg og hjelp oss!” 28   Kvar er då gudane som du laga deg?  Lat dei reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem!  For du har like mange gudar  som du har byar, Juda.

JER 3,1 – JER 3,5 {LANDET ER VANHELGA}  Når ein mann sender frå seg kona si,  og ho går bort og gifter seg med ein annan,  kan han då koma til henne att?  Ville ikkje landet reint verta vanhelga?  Og så skulle du  som har drive utukt med mange menn,  koma att til meg! seier Herren. [drive utukt: -> 2, 20.]  2   Lyft augo til dei snaue høgdene og sjå!  Finst det ein stad der du ikkje lét deg ta?  Frammed vegane sat du og venta på elskarar  som ein arabar i øydemarka.  Du vanhelga landet med utukt og vondskap. 3   Difor kom ikkje regnskurene,  og det regnde ikkje om våren.  Du hadde ei mine som ei horkvinne,  du ville ikkje skjemmast. 4   Likevel ropa du nyleg til meg:  “Min far, du er min ungdomsven. 5   Vil han vera evig vreid  og alltid gøyma på harme?”  Såleis tala du, men det du gjorde,  var vondt, og det til gagns.

Jesus er øvsteprest til evig tid etter Melisedeks vis. Prestetenesta i den nye pakta.

Ein gong i året skulle øvstepresten bere fram eit syndeoffer for seg sjølv og så eitt for folket. Dette er førebilete for prestetenesta i den nye pakta, men no skal vi nytte oss av at med eitt offer har Jesus teke bort synda ein gong for alle. Han er øvsteprest til evig tid etter Melkisedeks vis.

SKR 3,1 – SKR 3,10 {ØVSTEPRESTEN JOSVAS SKULD OG FRIKJENNING}  Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: “Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?” 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. [i skitne klede: til teikn på sorg og bot.] 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: “Ta av han dei skitne kleda!” Til Josva sa han: “Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.” 5 Då sa eg: “Set ein rein turban på hovudet hans!” Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. 6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Går du på mine vegar  og rettar deg etter det eg har fastsett,  skal du få styra mitt hus  og vakta mine føregardar,  og eg vil gje deg tilgjenge  saman med dei som gjer teneste her.  8   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.

HEB 7,11 – HEB 7,28 {PRESTEDØMET SOM IKKJE BYGGJER PÅ LOVA}  Lova som folket fekk, kviler på det levittiske prestedømet. Dersom dette prestedømet hadde ført til fullending, kvifor måtte det då koma ein prest av anna slag, ein som vert kalla prest på Melkisedeks vis og ikkje på Arons vis? 12 Men når prestedømet vert endra, vil det seia at lova òg vert endra. 13 For han som det her er tale om, høyrde til ei anna ætt, og ingen frå den ætta har gjort teneste ved altaret. 14 Det er kjent nok at vår Herre er runnen av Juda ætt, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den ætta. 15   Alt dette vert endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek. 16 Han har ikkje vorte prest etter ei lov som krev ei viss nedætting, men på grunn av krafta i eit uforgjengeleg liv. 17 Han får då det vitnemålet:  Du skal vera prest til evig tid  på Melkisedeks vis. 18 Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda av di det var veikt og gagnlaust. 19 For lova førte ikkje noko til fullending. Men no vert ho avløyst av noko betre, ei von som gjer at vi kan nærma oss Gud.  20 {KRISTUS ER PREST TIL EVIG TID}  Dette har ikkje hendt utan eid. Dei andre vart prestar utan eid, 21 men denne vart innsett med eid av Gud som seier:  Herren har svore og angrar det ikkje:  Du skal vera prest til evig tid. 22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for. 23   Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram. 24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei. 26   Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane. 27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, fyrst for sine eigne synder og så for syndene åt folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. 28 Dei som lova set til øvsteprestar, er veike og vesale menneske. Men det ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, set inn Sonen, han som har nått fullending til evig tid.

HEB 9,27 – HEB 9,28 Like visst som det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

HEB 10,8 – HEB 10,18   Fyrst seier han: “Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,” endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: “Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.” Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle. 11   Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder. 12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne. 15   Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren: 16   Såleis er den pakta eg vil gjera med dei i dagar som kjem. Og så seier han:  Eg vil leggja mine bod i hjarto deira  og skriva dei i hugen deira. 17   Og syndene og misgjerningane deira  vil eg aldri meir koma i hug. 18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Jesus bana ein nye og levande veg for oss som går inn i den himmelske heilagdomen, i hans blod har eg frimod til å gå inn og stige fram for nådens trone.

HEB 4,14 – HEB 4,16 {PRØVD I ALT}  Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

HEB 10,19 – HEB 10,23 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN}  Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. 23   Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

One thought on “Kampen for tilværet, med lov og rett? Visdomen, kvar er den? Finst det fullkomne?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s