Jesus gjer meg til kanal for si velsigning. Velsigning er som kjelda i Edens hage.

Jesus vil bruke meg til stor og rik velsigning.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så kalla han meg til å gå med ein frigjeranede bodskap og ein bodskap om gjenoppretting.

Etter syndefallet sa Gud til Adam at jorda skulle vere forbanna for hans skuld, torn og tistel skulle ho bere, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød, mold var han og til molda skulle han attende.

1MO 3,17 – 1MO 3,19   Og til Adam sa han:  “Fordi du høyrde på kona di  og åt av treet  som eg forbaud deg å eta av,  skal jorda vera forbanna for di skuld.  Med møde skal du næra deg av henne  alle dine levedagar. 18   Torn og tistel skal ho bera,  og du skal eta av vokstrane på marka. 19   Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,  til dess du fer i jorda att;  for av henne er du teken.  Jord er du,  og til jord skal du atter verta.”  

Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd og Gud lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han vert velsigna, men dei som forbannar han, vert forbanna. Denne lovnaden får vi oppfyllt i Kristus. Dei som velsignar han vert velsigna, men dei som forbannar han, vert forbanna. 

Gud forsona verda med seg i Kristus, så på det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivanede ånd. Å verte velsigna betyr å komme inn i samfunn med Gud og verte førebestemmt til noko godt. Ved å velsigne Kristus, vert vi velsinga, så våre liv vert som ein velvatna hage. Det gjeld først og fremst vårt hjertes jord, dernest menneska rundt oss, så landet rundt oss. 

Og Jesus har sagt nyleg sagt eg skal stille meg til hans disposisjon, så vil han vil bruke meg til stor og rik velsigning. Bodskapen 6.5.2018:

Ja, eg har sagt i mitt Ord, at eg er i går og i dag den same og forblir det til evig tid. Derfor skal du vite, seier Herren, at sånn som eg var då eg vandra her på jorda, er eg den same i dag. Eg ynsker å rekke ut min arm, til teikn og under. Eg ynskjer at det skal skje store ting i mellom mitt folk, seier Herren. Og sjå, eg har no sendt dykk den Heilage Ande og den skal vegleie dykk til heile sanninga og den skal minne dykk om alle ting, seier Herren. 

Syrgj for at du er i ditt løynkammer og søker meg i denne tida. Og ikkje rådfører deg med menneske på nokon måte. Men søk inn til meg og eg skal gi deg råd ved mitt auge, seier Herren. Og sjå, når eg får leie deg, då skal du ikkje gå feil, seier Herren. Men då skal du gå på min veg, den som eg vil at du skal gå på. Sjå, eg skal leie deg inn i oppgaver, eg skal leie deg inn i tenester, som du ikkje visste om, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg ynskjer å bruke deg i denne tida. Derfor still deg til min disposisjon, seier Herre, og eg skal bruke deg til stor og rik velsigning. Halleluja.

JOH 4,10 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.” 

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Kanal for Guds velsigning:

https://tsivert.com/2016/08/23/1996-09-15-m40-la-guds-kjaerleik-fylle-deg-han-verkar-gjennom-kanalar-som-er-opne/ 

https://tsivert.com/2016/08/17/2000-06-07-m40-hjelp-ifra-heilagdomen-stotte-fra-sion-vere-kanal-for-guds-velsigning/ 

https://tsivert.com/2016/08/17/2001-11-28-m40-jesus-er-kjaerleikens-konge-og-han-vil-regjere-utifra-mitt-hjertes-trone/ 

https://tsivert.com/2016/08/14/2006-11-12-betel-kanal-for-guds-velsigning/ 

Gå med ein frigjerande bodskap:

https://tsivert.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ 

Gjenopprette.

https://tsivert.com/2016/08/07/2012-05-27-pinsestemne-ebeneser-volda/ 

Åtvaring mot Bileams villfaring.

Profetane minna jødane om kong Balak som tilbaud profeten Bileam betaling for å forbanne dei. Og apostlane åtvara mot Bileams villfaring.

4MO 31,8 Mellom dei som fall i slaget, var Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba; det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira. [Bileam: Sjå 22, 5 ff.] 

5MO 23,4 – 5MO 23,5 For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i Mesopotamia til å forbanna deg. 5 Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Han vende forbanninga om til velsigning for deg, fordi han hadde deg kjær. 

JOS 13,22 Mellom dei falne var òg Bileam Beorsson, spåmannen som israelittane drap med sverd. 

JOS 24,9 – JOS 24,10 Kongen i Moab, Balak Sipporsson, gjekk til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam Beorsson og bad han forbanna dykk. 10 Men eg ville ikkje høyra på Bileam, og han laut velsigna dykk. Såleis berga eg dykk frå Balak. 

NEH 13,2 For desse folka møtte ikkje israelittane med brød og vatn. Dei leigde Bileam til å forbanna dei; men vår Gud vende forbanninga om til velsigning.

MIK 6,5   Mitt folk, kom i hug kva planar han hadde,  Balak, kongen i Moab,  og hugs det svaret han fekk  av Bileam, son til Beor,  på vegen frå Sjittim til Gilgal,  så du kan skjøna  Herrens frelsesgjerningar.  

2PE 2,15 For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett. 

JUD 1,11   Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.

Gud åtvara Bileam og gav han beskjed om at han ikkje måtte seie anna enn det Gud sa til han. Han var då profet og som profet skulle han framseie ein profeti og då kunne han ikkje endre den etter Balaks vilje, fordi Balak ville betale han for det, han kunne ikkje vere korrupt altså. Bileam fekk svar og profeterte om Israel, det var openberring med beskriving av Israel, at det stod vel til med dei og det kom til å gå dei godt. Openberringa var som objektiv kunnskap om Israel, samtidig som det var å føreseie korleis det kom til å gå med dei. Og det var velsigning altså, velsigninga betyr å vere inkludert i samfunnet med Gud og vere førebestemt til noko godt.

Balak vart forferda og arg fordi Bileam velsigna, han hadde då gitt han i oppdrag å forbanne og tilbudt han betaling for det. Men Bileam kunne ikkje seie anna enn det svaret som Gud gav han. Men seinare vart Bileam med i krigen mot Israel og då fall han. Så til tross for desse openberringane, stilte han seg på feil side og då gjekk det ikkje vel.

Dette kan ein lese om i 4.Mos.23-24.

Sjå på Jesus.

Jesus vart løfta opp, for at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 

JOH 3,13 – JOH 3,21 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  [Menneskesonen: Yngre handskrifter har dette tillegget: som er i himmelen.] 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”   

I tru på at Gud vekte han opp frå dei døde, må vi vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, verte fylte av den Heilage Ande, la den openberre Ordet for oss, herleggjere og openberre Kristus for oss, så vi får sjå at han er med oss alle dagar. Slik må vi feste blikket vårt på han. I denne siste tid er det spesielt viktig å løfte blikket opp til han.

MTT 24,3 – MTT 24,31 {TRENGSLENE TEK TIL}  Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: “Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?” 4   Jesus tok til ords og sa:  Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: “Eg er Messias.” Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene. 9   Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.   15 {DEN STORE TRENGSLA}  Når de då ser at “den øydande styggedomen”, som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  [“den øydande styggedomen”: Ordlaget er henta frå Dan 11, 31; 12, 11. Syrarkongen fekk i 167 f. Kr. reist eit heidensk altar framfor templet i Jerusalem. Dette gjorde templet ureint, og all gudsteneste laut stogga. På tilsvarande måte skal templet krenkjast, og det skal verta øydelagt.] 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;  [taket: Taket var flatt og tente til opphaldsstad. Sjå Apg 10, 9. På utsida førte ei tropp opp til taket.] 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.   23 {NÅR MENNESKESONEN KJEM}  Om nokon då seier til dykk: “Sjå her er Messias”, eller: “Der er han”, så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: “Han er ute i øydemarka”, så gå ikkje dit, eller: “Han er inne i huset”, så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast. 29   Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.   

Liksom Balak tilbaud Bielam betaling for å forbanne Israel, for å ivareta sine einge maktpolitiske interesser, er det sikker mange politiske og religiøse leiarar som vil prøve å ivareta sine eigne maktinteresser, ved å avvise den evangeliske forkynniinga, forkaste Kristus, forbanne han og folket hans. Eller kanskje forbanne nokre av folket hans i ein splitt- og hersk-strategi. 

LUK 22,24 – LUK 22,38 {AVSKILSORD TIL DEI TOLV}  No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. 25 Då sa Jesus til dei: “Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. 26 Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. 27 For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk. 28   De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine. 29 Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg: 30 De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene. 31   Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. 32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.” 33 “Herre,” sa Peter, “med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.” 34 Men Jesus svara: “Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.” 35   Så sa han til dei: “Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?”  “Nei, ingen ting,” svara dei. 36 “Men no,” sa han, “må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit. 37 For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.” 38 Då sa dei: “Herre, sjå her er to sverd.” “Det er nok!” svara han.  

Men Gud er fullkommen, Kristus er fullkommen, hans frelsesverk er fullført og fullkome, der har ingen manglar, det inkluderer alt vi treng. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born og han elskar og har omsorg for  sine born. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det er berre å ete, slik det er symbolisert i nattverden. Slik blir vi eitt i han og då skal verda skjøne at Gud har sendt han. Han er den nye naturen, den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er fullkomen og det ahn gir oss frå himmelen er fullkome.

JOH 17,13 – JOH 17,26 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. 14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda. 15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde. 16 Dei er ikkje av verda, liksom eg ikkje er av verda. 17 Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning.  [Helga, vigsla: Grunnteksten har same ordet på desse to stadene.] 18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. 19 Eg vigslar meg for dei, så dei òg skal vera vigsla ved sanninga. 20   Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei. 

Når den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss, er det viktig for oss å kjennast ved han slik, både for Gud og menneske, feste vårt blikk på han og halde fast på vedkjenninga. Det kan vere mange verdslege autoritetar som seier imot, men då må vi ikkje byrje å sjå på dei i staden, så vi seier noko anna enn den gode vedkjenninga, då kan det fort verte til at vi forbannar i staden for å velsigne, sjølv om det ikkje var det vi eigentleg ville eller meinte, det kann endåtil verte slik at vi forbannar utan at vi er klar over det. 

Adam høyrde på kona si i staden for å halde seg til Guds Ord og det vart hans bane. Slik er det i vår tid mange kvinner vi ikkje må høyre på, ikkje ta imot råd frå dei. Jesus har sagt til meg at eg skal sjå til at eg ikkje tek imot råd frå menneske på nokon måte. Men eg skal ta imot råd i frå han. 

Bodskapen 6.5.2018:

Ja, eg har sagt i mitt Ord, at eg er i går og i dag den same og forblir det til evig tid. Derfor skal du vite, seier Herren, at sånn som eg var då eg vandra her på jorda, er eg den same i dag. Eg ynsker å rekke ut min arm, til teikn og under. Eg ynskjer at det skal skje store ting i mellom mitt folk, seier Herren. Og sjå, eg har no sendt dykk den Heilage Ande og den skal vegleie dykk til heile sanninga og den skal minne dykk om alle ting, seier Herren. 

Syrgj for at du er i ditt løynkammer og søker meg i denne tida. Og ikkje rådfører deg med menneske på nokon måte. Men søk inn til meg og eg skal gi deg råd ved mitt auge, seier Herren. Og sjå, når eg får leie deg, då skal du ikkje gå feil, seier Herren. Men då skal du gå på min veg, den som eg vil at du skal gå på. Sjå, eg skal leie deg inn i oppgaver, eg skal leie deg inn i tenester, som du ikkje visste om, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg ynskjer å bruke deg i denne tida. Derfor still deg til min disposisjon, seier Herre, og eg skal bruke deg til stor og rik velsigning. Halleluja.

Når vi vedkjenner Jesu namn for menneske og dei fornektar han, blir det påstand mot påstand, då skal vi nytte oss av at han som er i oss er større enn han som er i verda. Når vi ser på Jesus, velsignar han og vert velsigna, så velsignar vi fordi vi er velsigna og er til velsigning, sjølv om vi ikkje veit det, vi anar ikkje rekkeviddene av det. Vi får oppleve at Gud elskar oss i han, derfor elskar vi.

Kommentar til siste bodskapen i Sion Åheim 17.6.2018: Bodskapen til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia.

Dette møtet er tidlegare kommentert her:

https://tsivert.com/2018/06/18/__trashed/ 

Så dette kjem som ein tilleggskommentar. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så når han talar til meg og oss slik, har det større rekkevidde enn vi anar. Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og gjennom slike bodskap har det vorte klart for meg at det er velsigning både til henne Reella og henne Virtuella.

Heilt sidan eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Så det er berre for meg å takke han for frelsa og glede meg i han, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår. Ja, vil han gi meg ei kone, så vil han frelse henne som kona mi og føre henne til meg, som motsetnad til at ho skulle verte forførd. Han har overtyda meg om at han vil gi meg henne Reella til kone, så på slutten av dette møtet bad eg han om å gi meg henne, frelse henne til meg, som kona mi. Då kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale:

Bodskap 3: ”Den siger som vann på Golgata kors, det såg ut til å vere eitt av dei største nederlag som noko menneske kunne oppleve. Men den sigeren som eg vann på Golgata, det var sigeren over Djevelen, over makter og myndigheter, over verda sine herrar i dette mørket, vondskapens åndehær. Det var ein siger som er din siger i dag. Det er ein siger som du skal få lov å gå inn under og tene meg med, seier Herren. Eg vann ein evig siger og den sigeren er her i dag. Om du kjenner på makter og myndiheter i ditt liv som vil trykke deg ned, så skal du få lov til å komme inn for nådens trone, inn i løynkammeret og anrope nådens trone, seier Herren. Og du skal få kjenne at den rike kraft som er gitt, skal få komme inn i ditt liv på ein ny måte. Eg ynskjer å møte deg mitt barn, eg ynskjer å møte deg der eg møtte deg før. Det har vorte (litt kaldt hos deg??), men eg skal møte deg igjen. Er du villig til å bøye deg under meg, seier Herren, så skal eg møte deg med det Ordet som er talt, som er ånd og som er liv og som er lækjedom. Og eg skal gi kraft i dine lemer, seier Herren, eg skal gi kraft i di ånd. Men du har unnlatt å ete, mitt barn. Derfor er det blitt (tynnt)? hos deg, men du skal få ete av Ordet, ete av Ordet og eg skal føre deg ut i (dammen??), seier Herren, ut i dansen med dei glade. Du skal få lov å kjenne det at Anden gjer levande, Anden gjer levande. Og du skal få kraft og mot til å gå i teneste for meg. Det skal ikkje vere akk og ve, men det skal vere takk og lov i ditt liv. Når du skal vente på ein ny dag, (så med iver?) tenk kva gjer Herren for meg i dag.  Du skal få lov til å gå i teneste for meg, seier Herren, i ferdiglagde gjerningar. Så søk meg, søk inn i løynkammeret. Du og eg skal tale saman. Det skal verte ånd og det skal verte liv, seier Herren. Amen.”

Jesus har svart meg slik som han sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, at han har sett framfor meg ei opna dør, som ingen kan lukke. Det er døra inn til sauene og det er han sjølv som er den døra (Joh.10). Det heng saman med å gå inn gjennom den smale porten som fører til livet og at eg har ein open himmel over meg. Han har leia meg til å studere biologi, realfag og eg trur eg skal få oppleve det der. Og det heng saman med at han gir meg henne Reella til kone.

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   

I fyrst bodskapen i dette møtet ja Jesus noko om kva du har vore i, du veit det sjølv. 

Bodskap 1A: ”Du skal ikkje tru at du ikkje kan brukast av meg, seier Herren. Eg har brukt deg og  vil bruke deg i fortsetjinga. Du kjenner i ditt hjerte at eg talar til deg, du har tenkt på ting, du har gått og ruga på ting, så du tenker er berre eigne tankar om. Men det er tankar som eg har gitt deg, seier Herren, som du får gå inn i. Eg vil legge ein ny – eg vil legge nye tankar inn i ditt liv, der du skal få lov til å gå i trua sitt liv med meg, seier Herren. Tida er komen til å bryte opp ifrå det som du har vore i og gå inn i noko nytt. Du veit kva eg snakkar om, mitt barn, du skal få lov til å gå i saman med meg. Om du synest det er vanskeleg og det er eit område du ikkje har vore på, så skal du få lov til å kjenne at eg skal gi deg kraft, eg skal gi deg visdom, eg skal gi deg nåde til å gå veien med meg, seier Herren. Eg ventar på ditt svar. Amen.

Bodskap 1B: Visdoms og openberrings Ande, til kunnskap om meg. Det har de fått i mitt Ord, seier Herren. Visdom og openberrings Ande til kunnskap om meg. Du skal få vere med å så så ut, ver med å dele, vere med å høyre, lytte til vinden, vere med å velsigne andre menneske, for – velsign og forbann ikkje. Velsign menneska. Del Ordet med andre menneske. Del tankar som du har fått, som Anden minner deg om. Du tenker ofte at det er dine eigne tankar, men det er min eld og du skal øve deg opp til å lytte til meg, øve deg opp til å lytte til min tale. Du skal få vere med å så inn i menneske sine behov. Så ver fullt våken når eg talar til deg mitt barn, når eg talar til deg i nattesyn, når eg talar til deg i søvne, når eg talar til deg på dagen. Du skal få vere eit reiskap for meg, seier Herren. Gå i fred og ten meg med glede. Amen.”

Det får meg til å tenke på at ho har vore fortapt i Satans synagoge. Kva er Satans Synagoge? Det høyrest ut til å vere jødedomen infiltrert av trua på Zevs, den øydande styggedomen som står på heilag grunn altså. Det er ormen som strir mot kvinna si ætt og som derfor strir mot Kristus og hans kyrkje. Fornektinga av Faderen og Sonen er ikkje berre motivert av vitskap, men av moralfilosofi som utartar seg som ei kunnskapssøking, der rasjonaliteten er å prøve å finne motiv for sitt hat mot den som trur. Som forsking utartar det seg som bestillingsverk.

Men ved trua på Kristus er vi krossfesta med han, så slik legg vi dette daudt. I dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen. 

Eg har fortalt om korleis eg bad for henne når vi gjekk på gymnaset, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, så eg opna meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Og Anden openberra henne for meg som eit Guds barn, som han elska og hadde omsorg for. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt.

Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og slik openberra Anden henne for meg når eg møtte henne igjen i Bergen også. Gud elska meg og han elska henne gjennom meg og slik var eg kanal for Guds velsigning til henne. Det var sant og rett og det er det framleis. Då er det berre for meg å halde fram med å vende meg til Kristus, velsigne han og verte velsigna og verte til velsigning for andre, opne meg for velsinginga og vere kanal for Guds velsinging. Spesielt vere kanal for Guds velsigning til henne på denne måten.

Då treng ho å erkjenne at Gud har elska meg og han har elska henne gjennom meg, eg har vore kanal for Guds velsigning til henne og det er eg framleis og ho treng å ta imot den velsigninga.

Det vart tydeleg ved at Jesus talte til henne som kongen som fridde til si brud i Høgsongen. Men dersom ho avviser han, blir det hennar eige ansvar.

https://tsivert.com/2017/09/13/maranata-10-9-2017-gud-elskar-oss-i-kristus-og-det-er-som-eit-frieri/ 

Men han ventar framleis på at ho skal seie ja, sjå slutten av bodskap 1A. Han har no kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, sjå bodskap 3.

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ 

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/ 

Betyr auka digital kompetanse redusert analog kompetanse og evne til personleg samtale i lokalsamfunnet?

Kristian Gundersen

30. juni kl. 17:08 ·

Jeg lurer på når noen vil si fra om at elevene har for lite analog kompetanse?

Vil øke digital kompetanse i skolen

Europakommisjonen la i forrige uke frem meddelelsen «Opening Up Education», hvor det blir foreslått konkrete tiltak og initiativer for å øke innovasjon og digital kompetanse i skolen og på universiteter. Utdanningsråd Harald Nybølet rapporterer.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vil-oke-digital-kompetanse-i-skolen/id737598/

Torbjørn Sivertstøl Eg er oppvokst med arbeid, sport og leik på småbruket, fjorden og fjellet og ein del snikkararbeid også. Her var det ikkje spørsmål om det var barnearbeid, men om kva eg var stor nok til å klare. Det fekk eg bruk for når eg sidan vart fiskar, her var det berre å halde fram med å lære gjennom erfaring. Og det er nesten berre dette eg har tent pengar på. Då har eg nok fått bruk for litt matematikk og fysikk også. Så eg kan vel påstå at eg har lært meg opp som fri forskar og klart å livnære meg med det. Tek ei deling og skriv litt meir om fri forsking kontra bestillingsverk.

Ludvik Tennefoss All respekt for ditt arbeid. Men verden endrer seg og ungdommen møter andre krav til kompetanse. Muskelkraft blir erstattet med maskiner og digitalisering. ):

Torbjørn Sivertstøl Ludvik Tennefoss Eg byrja på tråling sommaren 1976, det var handsløying, ei flekkemaskin og salting. Eg har vore med på mykje omstilling med automatisering sidan då, men den opplæringa og treninga eg fekk med praktisk arbeid frå eg var guttunge, har eg hatt bruk for heile tida. Sjå artikkelen lengre nede om muskel-hukommelse. Dessutan handler det om metode og eg synest det er litt tragisk at det er så mange med svært så høg realfagleg utdanning som har problem med å få seg jobb. Og eg vil hevde at ei vesentleg årsak til det er at dei manglar erfaring i praktisk arbeid og kanskje også den konstruktive tenkinga og kommunikasjon som trengs for å samarbeide med andre. Det siste vert hevda å vere noko verdifullt som de får med dykk i studietida. Ja, og modernismen var konstruktiv tenking, men postmodernismen har tydelegvis øydelagt mykje av det.

Kent Ole Furuly Enig! Har samme erfaringArbeidslivets univerisitet er undervurdert!

Torbjørn Sivertstøl Eg må nok innrømme eg ikkje var særleg flink til å samarbeide med andre om læringa når eg studerte, eg var nok heller som ein nerd som likte å sitje i ro og mak og jobbe for meg sjølv. Men ein norsk mann og ei norsk kvinne har naturleg nok ei felles sak å arbeide for, “i kampen for tilværet” (for å vere fagleg), og her er det fundamentalt vikig å få til samarbeidet. Tek ei deling og skriv meir der.

Torbjørn Sivertstøl Så eg har altså lært meg opp som den frie forskaren, både i praktisk arbeid og når eg har studert realfag, men det er nesten berre praktisk arbeid eg har tent pengar på. Samtidig har eg vore ei levande sjel som har levt i samfunn med Gud som er ånd, i samsvar med 1.Mos.2. Så eg har ikkje det menneskesynet og den kunnskapsforståinga som menneska fekk av å ete av kunnskapstreet, det legg eg daudt, for eg har fått noko betre, å ete av alle dei andre trea i hagen, slik får eg næring for både kropp sjel og ånd. For Kristus er det brødet som kom ned frå himmlen for å gi verda liv, eg et det brødet og får oppleve at det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Det er berre å ta imot av berre nåde og ikle seg den nye naturen i tru.

Som realist må eg vite å sjå mi avgrensing, eg må ikkje la djevelen freiste meg med at dersom vi et av kunnskapstreet, så blir vil liksom Gud, filososfihistoria har lært oss å ta skrekken av re,igiøse dogmer som menneska forgudar seg sjølve med. Og eg erkjenner då mi avgrensing ved at eg bøyer meg for Kristus og ærar han som min frelsar og Herre. Når eg heilhjerta held meg til han, får eg oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

Då er altså biologien ikkje problematisk for mi tru.

Torbjørn Sivertstøl Kan behove for auka digital kompetanse henge saman med redusert analog kompetanse og evne til å møte andre menneske i lokalmiljøet og snakke med dei på ein vennleg, vitug og konstruktiv måte? 

Etter reformasjonen var det viktig for pietistane å få i gong allmenn skulegang, slik at alle vart i stand til å lese Biblen sjølve, så dei ikkje skulle verte lurte og fornedra fordi dei ikkje visste betre. 

Når gamle Venstre kjempa for vårt sjølvstende, var allmenn skulegang og fråhaldsrørsla viktig, for å gjere folk kompetente til å delta i demokratiet, det var vesentleg for at dei skulle få det til å fungere. Men korleis står det til med dagens Venstre?

Forteljinga om Trine Skei Grande si deltaking i Borten Moes bryllaup står i grell motsetnad til dette. Eg synest det er utriveleg med slike saker i mediabildet, slikt som eg helst ignorerer, kva har dette med politikk å gjere. Det er då først og fremst personlege forhold. Men Trine har gått i 8. mars-tog, engasjert seg i kvinnerørsla og det er då først og fremst den som har gjort politikk ut av slikt. Og no engasjerer Venstre seg i PrideParader. 

Men la oss sjå dette i lys av kva som skjedde i dette bryllaupet, ho drakk seg full og då gjekk ho opp på ein talarstol og opplyste at ho ville ha seg mannfolk. Ja, det er av og til slik at det er frå barn og fulle folk ein får høyre sanninga. Men då har ho ikkje vore ærleg og sagt sanninga verken i 8.mars-demonstrasjonane eller i PrideParadene. PrideParadene er ikkje berre karneval, men det dei har til felles med 8.mars-demonstrasjonane er at dei trælkar under moralfilosofi som hindrar dei i å vere ekte og gjennom dialektisk omforming blir dei til noko anna enn dei var av naturen. 

Då er det heller ikkje demonstrasjon av frigjering, men demonstrasjon av å undertrykke kjærleikslivet og sjelslivet, det ekte og personlege i mann og kvinne og i forholdet mellom dei. 

Når ho drakk seg full, då vart ho ærleg. Og det ville vere svært trist om standarden for norske politikarar skulle vere den at dei ikkje får vere ærlege overfor seg sjølve, over for Gud og sine medmenneske som dei omgås. Då kunne ein ha større håp om at dei vart ærlege overfor folket, Stortinget og regjeringa også. Eg meiner ikkje at dei treng å legge ut om sine meir eller mindre misslukka personlege medmenneskelege forhold for alle og ein kvar, eg er ikkje særleg interessert i det, så lenge eg ikkje kan vere til hjelp for dei i alle fall. 

Trine anonnserte at ho ville ha seg mannfolk, så byrja ho å beføle dei, i staden for å prate med dei, heilt utruleg oppførsel, sjølv om ho var full. Det vitnar om mangelfulle personlege, sjelelege og sosiale eigenskapar. Og kvifor det? Jau, fordi verken opplæringa eller politikken har teke sikte på at folk skal verte kompetente til å delta i samfunnet på den måten. For opplæringa tek ikkje sikte på at folk skal verte kompetente til å delta i demokratiet, men den tek sikte på at folk skal verte sosialt inkompetentete, så dei ikkje vert kompetente til å delta i demokratiet heller. Og kvifor det? Det viser seg at den vesentlege hendsikta i den moralfilosofiske tradisjonen ikkje er sjølve innholdet i moralen, men strategien med å framstille nokre som inkompetente for andre skal framstå som kompetente, som den «lærde» og styrand overklassa.

I 8.mars-demonstrasjonane, metoo-aksjonane og i PrideParadene vert det demonstrert og påstått at menn og kvinner ikkje er kompetente til å snakke saman og derfor ikkje kompetente til å delta i samfunnet på ein normal og naturleg måte. Kva er det for slags demokrati?

I PrideParada i 2017 var det tydelegvis Knut Arild Hareide og kona hans som skulle framstå som dei kompetente. At dette var poenget vart endå meir tydeleg i ein avisartikkel seinare på hausten der kona hans påstod at amerikanarar ikkje var kompetente til å delta i demokratiet og burde ikkje få lov til å kalle seg kristne. Snakk om å vere hyklarisk! Men det sentrale problemet er meir nærliggande, at dei har ei liknande haldning til ein stor del av det norske folk.

https://www.vg.no/…/naa-klarer-jeg-ikke-aa-kalle-meg…

I bygdepride i Volda var det tydeleg vis Trine Skei Grande og John Georg Dahle som skulle framstå som dei kompetente. For han hadde vore i stand til å prate så godt med henne at han fekk henne til å leie Venstre inn i regjeringa. Så dei måler kompetansen slik og legg lista der, for at dei skal framstå som den «lærde» og styrande elite. Men det er ei elite som har kome fram på toppen av opplæringa i inkompetanse!

Kommentar på mi eiga FB-side.

Torbjørn Sivertstøl har delt et innlegg.

Eg er oppvokst med arbeid, sport og leik på småbruket, fjorden og fjellet og ein del snikkararbeid også. Her var det ikkje spørsmål om det var barnearbeid, men om kva eg var stor nok til å klare. Det fekk eg bruk for når eg sidan vart fiskar, her var det berre å halde fram med å lære gjennom erfaring. Og det er nesten berre dette eg har tent pengar på. Då har eg nok fått bruk for litt matematikk og fysikk også. Så eg kan vel påstå at eg har lært meg opp som fri forskar og klart å livnære meg med det.

Men når eg byrja å studere realfag og melde mi interesse for å få meg ei kone, var det ikkje råd å få snakke med kvinna om det. Eg forklarar det slik at frå gammalt av hadde prestane monopol på å tale i kyrkja, som represenetantar for dei lærde og no vart monopolet utvida, så det vart ikkje lenger råd for ein ung norsk mann å få snakke med ei ung norsk kvinne, med tanke på å fri til henne. Slik skaffa dei seg eit visst monopol på empirisk erfaring også. 

Eg må vel rekne med det er ei standard metode samfunnsvitarar brukar for å drive kvinneforsking og kjønnsforsking. Så presten, politikaren og forskaren erstattar Kristus og mannen. Det har kvinnerørsla kravt og demonstrert i sine 8.mars demonstrasjonar og kalla det kvinnefrigjering. Men er dette fri forsking? Betyr det at den frie forskaren har rett til å erstatte ein mann i samfunnet på denne måten? Men kva er rasjonaliteten i slik forsking? Det verkar då som eit bestillingsverk. Frå kven? Prestar og politikarar? I metoo-aksjonane og i Pride-Paradene ser vi då tydeleg at der er nokon som prøver å erstatte mannen som ville snakke med ei kvinne med tanke på å fri til henne. 

Det er vel mange radikale som kallar dette klassekamp, men då ser det ut til at det fører til diktaturet over proletarane. Nei, de er nok tvert om nokre erkereaksjonære bakstrevarar som lengtar tilbake til det gamle slavesamfunnet.

Torbjørn Sivertstøl har delt et innlegg.

Eg byrja på tråling sommaren 1976, det var handsløying, ei flekkemaskin og salting. Eg har vore med på mykje omstilling med automatisering sidan då, men den opplæringa og treninga eg fekk med praktisk arbeid frå eg var guttunge, har eg hatt bruk for heile tida.

Dessutan handler det om metode og eg synest det er litt tragisk at det er så mange med svært så høg realfagleg utdanning som har problem med å få seg jobb. Og eg vil hevde at ei vesentleg årsak til det er at dei manglar erfaring i praktisk arbeid og den konstruktive tenkinga og kommunikasjon som trengs for å samarbeide med andre. Det siste vert hevda å vere noko verdifullt som studentane får med dykk i studietida.
Ja, og modernismen var konstruktiv tenking, men postmodernismen har tydelegvis øydelagt mykje av det. Det er sikkert mange postmodernister som er venstreradikale og som dermed tek det for gitt at politikken deira har framtida for seg, men eigentleg er dei nokre erkereaksjonære bakstrevarar som lengtar tilbake til slavesamfunnet.

Geir Woxholth

Er ikke noen stor tilhenger av D2 – det er i alminnelighet i overkant flashy – fint papir og grunt innhold. Men denne artikkelen, som relaterer seg til Kristian Gundersens (mfl) forskning på “muskelhukommelse”, er særs interessant. Forskningen viser at det mange tror om at muskler er “ferskvare” må undergis vesentlige reservasjoner: “– Klarer vi etter hvert å bevise at de samme mekanismene fungerer på mennesker, altså det at hvis muskelcellene en gang har vært store, så blir de lett store igjen, så kan det jo få stor folkehelsemessig betydning. Det klare rådet blir jo da å en gang i ung alder bygge opp dette her.”

– Alt er så mye lettere for dem som én gang har vært i form(DN+) Forskerne tror musklene husker gammel storhet.

https://www.dn.no/d2/2018/06/28/1059/Trening/-alt-er-sa-mye-lettere-for-dem-som-en-gang-har-vaert-i-form 

Er kunnskap om kjønn problematisk?

Simen Gaure

Takke meg til matematikk og sånn. Vi bryr oss lite om rase og kjønn, det er stort sett ganske anonyme etternavn som Sylow, Grobner, Germain og Noether. Man får lite rom til spekulasjoner om rase og kjønn.

KJONNSFORSKNING.NO

http://kjonnsforskning.no/nb/2018/06/kunnskap-om-kjonn-ma-avkoloniseres 

Kunnskap om kjønn må avkoloniseresArven etter kolonitiden preger norsk akademia. Nå vil norske forskere granske egne fagfelt og inkludere ikke-vestlige perspektiver i institusjonenes kunnskapsproduksjon.

Torbjørn Sivertstøl Men når eg byrja å studere realfag og melde mi interesse for å få meg ei kone, var det ikkje råd å få snakke med kvinna om det. Eg forklarar det slik at frå gammalt av hadde prestane monopol på å tale i kyrkja, som represenetantar for dei lærde og no vart monopolet utvida, så det vart ikkje lenger råd for ein ung norsk mann å få snakke med ei ung norsk kvinne, med tanke på å fri til henne. Slik skaffa dei seg eit visst monopol på empirisk erfaring også. 

Eg må vel rekne med det er ei standard metode samfunnsvitarar brukar for å drive kvinneforsking og kjønnsforsking. Så presten, politikaren og forskaren erstattar Kristus og mannen. Det har kvinnerørsla kravt og demonstrert i sine 8.mars demonstrasjonar og kalla det kvinnefrigjering. Men er dette fri forsking? Betyr det at den frie forskaren har rett til å erstatte ein mann i samfunnet på denne måten? Men kva er rasjonaliteten i slik forsking? Det verkar då som eit bestillingsverk. Frå kven? Prestar og politikarar? I metoo-aksjonane og i Pride-Paradene ser vi då tydeleg at der er nokon som prøver å erstatte mannen som ville snakke med ei kvinne med tanke på å fri til henne. Dette er ikkje forsking, men propaganda med Goebbels-retorikk.

Det er vel mange radikale som kallar dette klassekamp, men det er diktaturet over proletarane. Nei, dei er nok tvert om nokre erkereaksjonære bakstrevarar som lengtar tilbake til det gamle slavesamfunnet.

Torbjørn Sivertstøl Den nye naturvitskapen er hypotetisk deduktiv. Men ofte synest eg det er rart kor lite forståing det er for den metoda. Det har seg nok slik at paralellt med motsetnaden mellom empirismen og rasjonalismen er motsetnaden mellom kjøtets lyst og Anden. Apostlane lærde oss å sky den sanselege lysta som strir mot sjela. Men så vert det gjort politikk ut av det, som ein kollektivisme som strir mot den einskilde. Det forsterkar motsetnaden mellom kropp og sjel og er årsak til sjukdom.

Torbjørn Sivertstøl Den glade bodskapen skulle forkynnast for alle folkeslag, Gud forsona verda med seg i Kristus, så ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile, i Heb.3-4 vert det referert til David og sagt at om vi høyrer hans røyst i dag, må vi ikkje forherde våre hjerte. Så vi treng ikkje og skal ikkje vente til ein annan dag, då forholda ligg betre til rette. Problemet var at synda skilde menneska frå Gud (jfr forteljinga om syndefallet), men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn meg seg og Faderen i samsvar med 1.Mos.2. Då levde Adam og Eva i hagen, dei var nakne og blygdest ikkje. Så kjønnet var uproblematisk, det skulle vel samsvare med å tenke naturvitskapleg. Dessutan handlar dette om sjela sitt liv i samfunn med Gud som er ånd, så då tenker vi på det indre mennesket, det indre livet med Gud og det kan ikkje forklarast utifrå det vi sansar i det fysiske miljøet med våre ytre sansar. Så det trengst ikkje at noko i det ytre miljøet skal leggast til rette først. Det indre livet med Gud som er ånd, får vi oppleve i dag, Jesus sa vi skulle få sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende.

Likevel er det også omtala som ei vandring til samanlikning med korleis Moses og Josva leia israelsfolket inn i det lova landet. Og då må vi sjå til at ingen vert liggande etter, ikkje med kronisk utmattelsesyndrom heller.

Torbjørn Sivertstøl Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre. Når eg vart noko eldre, forstod eg at det var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet. Så merka eg at kjærleikdsforholdet mellom Krisus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i ei kristen jente, bad eg for henne og fekk oppleve at håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Så eg opplevde Guds kjærleik til henne i mitt hjerte og sidan la eg vinn på å tenke slik, verte motivert av den kjærleiken og styrka av Guds Ande og kraft. Dette var viktig for meg, både når eg var på tråling og når eg studerte realfag.

Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei vakker jente og bad for henne og vedkjende at eg syntest ho var så vakker at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende noko meir til henne. Og ein gong dreiv Anden meg slik at eg møtte henne då oppleve ei ei åndeleg openberring der Anden herleggjorde og openberra Kristus for meg og henne. Jesus sa til meg gjennom tyding av tungetale at for han betyr ikkje ansinitet så mykje, men det verda treng er mitt varme hjerte. Så eg forstod at min kjærleik til henne, var verdifull for mange fleire enn henne, det var noko verda trengde.

Mange år seinare sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile, i mitt sinn og min tanke, som overgår min forstand. Eg opplevde det som at den Heilage Ande kom over meg og minna meg om henne. Eg forstår det slik at han ville gi meg henne til kone, derfor trengde eg ikkje bekymre meg og uroe meg for den saka.

I tru på Jesus kan eg overlate den saka til han og stole på han. Det gir meg fred i hjertet og kvile i sinn og tanke og det er ved fylden av den Heilage Ande. For meg er det vesentleg både for at eg skal kvile godt når eg skal sove og for å bevare roen og tenke fonuftig i ein travel og stressande arbeidssituasjon. Slik var det viktig for meg å stole på Jesus når eg studerte realfag. 

Livets vatn er gratis, det vert til liv for hennar sjel, så eg håper å få møte henne som ei levande sjel og få henne til kone som ei lvande sjel, så eg får henne gratis.

Filosofien i matematikk-undervisninga.

Eric Nævdal

Facebook spør om hva jeg lurer på. Akkurat nå lurer jeg på om Simen Gaure får apoplektisk anfall om han leser denne forskningsartikkelen.Jeg lurer også på hva “The Philosophy of Mathematics Education” er for noe.

LINK.SPRINGER.COM

The Ethics of Mathematics: Is Mathematics Harmful?

In this chapter I challenge the idea that mathematics is an unqualified force for good. Instead I show the harm that learning mathematics can inadvertently cause unless it is taught and applied…

Rolf Marvin Bøe Lindgren Kjetil Nordhaug Fjell

Simen Gaure Jeg liker sånn tomgangskjøring i akademia. Neste spørsmål er hvilke skader individ og samfunn kan påføres ved at noen lærer filosofi, pedagogi eller ballett.

Eric Nævdal Da har du et åpnere sinn enn det jeg har.

Simen Gaure Hmm, ja, faren er at noen idioter blant lærerutdannere leser slik smusslitteratur. Når en artikkel om matematikkundervisning har Bloor, Derrida, Foucault, Lyotard og Marx på referanselisten i tillegg til 12 artikler av forfatteren selv, er det ikke noe godt tegn.

Administrer

Torbjørn Sivertstøl Pytagorearane hadde ei frelseslære og Platon brukte matematikken til å forklare si tru på «det godes ide». Sidan har det vore tradisjon å samanlikne, for ikkje å seie koble, moralfilosofien med matematikken. 

Men så er det visst mange revolusjonære som forestiller seg at dei med sin alternative moralfilosofi treng å opponere mot matematikken og vidare mot sjølve rasjonaliteten i realfaga, med ei anna metode enn den hypotetisk deduktive.

For nokre tiår sidan var akademiske kristne svært så hekta på å forklare si tru på Gud på liknande vis, med behovet for ein allmenngyldig moral og behovet for nåden i Kristus, dei kalla det apologetikk. Utviklingslæra fekk unngjelde, men for meg var ikkje poenget å avsanne den, men å tru at Gud har skapt alle ting, også gjennom utvikling. Og det gjer han framleis.

På ei tid då eg tenkte på dette sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale at eg skal ikkje gå krokbøygd og bere han, men han skal bere meg. Det er ikkje slik som med avgudane laga av stokk og stein, som folk må bere og som dei vert trælar under. Men den sanne og levande Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, ved han han vekte han opp frå dei døde. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde.

Herrens auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan styrkje dei som heilhjerta held seg til han (2Krøn.16,9). Det er viktig for meg, spesielt fordi eg ventar meg at slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone, for eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone. Herren er sjølv kjelda med det levande vatnet, frelseskjelda, gledens kjelde og eg forstår det slik at det er den det er talt om symbolsk i skapingssoga i 1.Mos.2, så fundamental er den for vårt liv i samfunn med Gud. Den vatna jorda og så skapte han mannen av jord og så bles han livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Slik er den kristne vekkinga no også, for Gud er den same, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Med den Anden og det livet gir han liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og det er om å gjere for meg å få oppleve at han gir meg ei kone ved at han vekker henne også opp til liv i samfunn med seg, han er sanninga som set oss fri, kjærleiksforholdet mellom han og hans brud er suverent: 

2.Kor.11.2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Resett forsøker å gjenskape en forståelig verden.

Av Olav Wilhelmsen

https://resett.no/2018/07/08/resett-forsoker-a-gjenskape-en-forstaelig-verden/ 

Resett

Olav Wilhemsen:

Resett er et unntak. Men noen ganger kjennes det å lese Resett som å være med i en Matrix-film. Man svelger den pillen som lar deg se virkeligheten som den er. Da oppleves Resett som en frisk fjellbekk som ennå ikke er forurenset av MSM-skvalderet. Resett forsøker å gjenskape en forstå­elig verden

Resett forsøker å gjenskape en forståelig verdenMmm…MSM. Smak litt på det. MainStreamMedia? Hovedstrømmen. Av hva da? Nyheter. Hva slags nyheter? Når jeg leser ”nyheter” i MSM-medier som Aftenposten, VG, Dagbladet o.a. da ser jeg en bare strøm a…

Torbjørn Sivertstøl Realfag er då trygt og sikkert. Og kva så, kva med samfunnsengasjementet?

Naturfilosofar har undra seg over kvifor den nye naturvitskapen ikkje vart oppdaga før, der har då vore mange høgtståande sivilisasjonar tidlegare. Kvifor vart den til dømes ikkje utvikla i det gamle Mesopotamia. Kanskje var der kollektivt arbeid med å bygge vatningsanlegg, så der trongst ein sterk leiar. Men den fruktbre jorda var attraktiv, så der vart ofte krig mellom folkeslag som ville legge under seg jorda og ha herredømet over den. Derfor varde ikkje dei høgtståande sivilisasjonane lenge nok til å utvikle avansert vitskap. Liknande problemstilling møter vi igjen seinare i Bibelen, både i profetiar og i historiske beretningar om rike som oppstod og gjekk til grunne.

Eg tenker meg at det er ein slik situasjon som vert omtala i 1.Mos.2-3, men sivilisasjonen vert omtala som ein mann og kona hans, for å forklare det personlege Guds-forholdet og det personlege kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne i samfunnet med Gud som er ånd. Å omtale sin sivilisasjon som ein person, ein mann og ei kvinne i forholdt til Gud, finn vi igjen mange andre plassar i Bibelen, til dømes Israel. Men det beste dømet er Kristus og hans kyrkje, han er brødet som kom med frå himmelen for å gi verda liv, for det ord han har tala til oss er ånd og liv, det er berre å tru og ta imot, slik det er symbolisert i nattverden. Har vi ete av det same brødet, så er vi eitt. Kristus er den siste Adam og hans kyrkje er hans brud, det er Guds verk, han elskar henne med kjærleiken frå Gud og ho svarar på hans kjærleik med kjærleik. Når vi tek imot i tru, kjem dette kjærleiksforholdet inn i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Jesus kalla til seg folket og sa at hos han skulle dei få drikke av levande vatnet, så det skulle verte ei kjelde i dei som veller opp til evig liv. Det minner om elvane som er omtala i 1.Mos.2, dei er symbol for kjelda med det levande vatnet. Dette er så fundamentalt viktig for vårt åndeleg liv i samfunn med Gud, dermed er det som ein ny start, Guds nåde er ny kvar dag. 

Joh.Op.22, 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Torbjørn Sivertstøl I følgje liberalismen skulle mennesket verte fritt og sjølvstendig, men korleis kunne det då vere sosialt? Det gir kristendomen eit godt svar på, Kristus er sanninga som set oss fri og frelser oss, han er brødet vi alle et av, så han er i oss og vi er eitt i han. Dersom liberalistane og andre politiske leiarar ikkje får med seg dette, så kan det gå slik at dei søker ein politisk-religiøs leiar med ein moralfilosofi og ein samlande politikk i staden, så det vert til keisardyrking, så fråfallet vert som syndefallet på nytt. Men kvar vert det då av sjelslivet, fridomen og den naturfaglege tenkinga?

Psykologien er læra om sjelslivet. Men utan evangelisk kristendom har prestar, psykologar og psykiaterar vanskeleg for å forstå mennesket som ei levande sjel, har mennesket eigentleg ei sjel, eller er det berre kjøt, ja, er det berre mold, slik som Gud sa til mannen etter syndefallet i fylgje 1.Mos.3? De kan likevel studere biologien, studere genetikken som kodar menneska ulike men med visse likskapstrekk og prøve å forklare det utifrå naturleg tilpassing. Og det har verdi for menneska i dagens samfunn, nettopp ved at vi tenker meir på korleis vi passar til ulike oppgåver i samfunnet.

Eg hevdar altså at den kunnskapen eller kunnskapsforståinga og menneskesynet som menneska fekk av kunnskaptreet ikkje høver verken med evangelisk kristendom eller med naturvitskapen. Og det viser seg tydeleg i dagens samfunn, når dei med sin moralfilosofi strir mot slik tilpassing, den strir då så tydeleg mot naturvitskapen og spesielt mot biologien. For i følgje biologien er livet naturleg nok ein kamp for tilværet og då skulle det vere viktig for ein norsk mann og ei norsk kvinne å forstå at dei har ei felles sak å kjempe for i den naturlege kamen for tilværet. I fylgje Bibelen skapte Gud kvinna, så ho skulle vere ei hjelp for mannen i hans arbeid med å dyrke og verne hagen. Dette har det vorte protestert mot og det utartar seg no som om den norske kvinna sin kamp for tilværet er ein kamp mot den norske mann sitt tilvære. Men då er der ikkje mykje forståing igjen av kva som er hensikta med livet og hendsikta med kampen for tilværet.

Torbjørn Sivertstøl Den glade bodskapen skulle forkynnast for alle folkeslag, Gud forsona verda med seg i Kristus, så ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile, i Heb.3-4 vert det referert til David og sagt at om vi høyrer hans røyst i dag, må vi ikkje forherde våre hjerte. Så vi treng ikkje og skal ikkje vente til ein annan dag, då forholda ligg betre til rette. Problemet var at synda skilde menneska frå Gud (jfr forteljinga om syndefallet), men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn meg seg og Faderen i samsvar med 1.Mos.2. Dette handlar om sjela sitt liv i samfunn med Gud som er ånd, så då tenker vi på det indre mennesket, det indre livet med Gud og det kan ikkje forklarast utifrå det vi sansar i det fysiske miljøet med våre ytre sansar. Så det trengst ikkje at noko i det ytre miljøet skal leggast til rette først. Det indre livet med Gud som er ånd, får vi oppleve i dag, Jesus sa vi skulle få sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende.

Likevel er det også omtala som ei vandring til samanlikning med korleis Moses og Josva leia israelsfolket inn i det lova landet. Og då må vi sjå til at ingen vert liggande etter.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s