Jesus leier oss inn til Guds kvile (1.Mos.2) i dag. Samtidig er det ei vandring som når Moses leia israelsfolket mot det lova landet. Då må vi sjå til at ingen vert liggande etter. Helst ikkje med kronisk utmattelsessyndrom heller.

Jesus er livets brød, vi må ete det, så vi får oppleve at det vert til ånd og liv for oss.

I Heb.3-4 er det sagt at det gjenstår ein kviledag for Guds folk, vi er på veg til den kvila til samanlikning med jødane si vandring til det landet Gud hadde lova dei. Når ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerter, får vi komme inn til hans kvile. Dersom vi høyrer hans røyst i dag, så må vi ikkje forherde våre hjerte. Vi har så lett for å tenke på ein annan dag, då vi har førbudt oss betre med alt det vi har gjort, ting er lagt betre til rette, så det stemmer betre med omgjevnadane. Men Gud er så suveren, at han er ikkje avhengig av det. Jesus har sigra over Djevelen, døden og verda og stått opp att frå dei døde og han er med oss kvar dag. Så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande i dag, så vi treng ikkje vente til ein annan dag for å få oppleve det.

Men vi må sjå til at ingen vert liggande etter. Dette minna Jesus oss om for nokre år sidan, for der er nokre som ligg etter og no har han nyleg minna oss om det igjen, for der er nokre som endåtil har gitt opp.

Lenger tilbake skreiv eg om korleis eg bad for henne Virtuella, når eg gjekk på gymnaset og fekk fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og fekk oppleve at Faderen openberr henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for, det som er født av Anden er ånd.

Og Jesus svarde meg at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjertet. Ja, om ho ikkje ville møte meg igjen eller ha noko med meg å gjere, så hadde eg no likevel fått denne fylden av Anden og kunne vel bidra med den. Men så skal vi også sjå etter at ingen vert liggande etter og då er det no vel ikkje så rart om eg med denne fylden av Anden skulle sjå til at eg og vi fekk henne med oss.

2018.04.29. Maranata. Vert fyllt av den Heilage Ande og la den leie deg.

Eg trur Jesus talte til henne også, gjennom siste bodskapen på Sion Åheim 17.6.2018, at han vil møte henne der han har møtte før, i den kyrkjelyds-samanhengen altså. Og så må ho ete av livets brød, så det vert til ånd og liv for henne, Joh.6, slik det vert symbolisert i nattverden. Vi er rettferdige ved trua på Jesus og den rettferdige, ved trua skal han leve. Vi tok imot han i tru og ved å tru på han må vi halde fram med å ete av livets brød, så vi får oppleve at det vet til ånd og liv for oss. Jesus er komen for å gi oss ånd og liv og liv i overflod (Joh.10).

2018.06.17.SionÅheim. Når Gud talar og vi lyttar.

Ja, slik vil eg be for henne i mi løynkammerbøn, for Jesus har då sagt til meg at han vil gjere meg til kanal for si velsigning, så eg skal sjå på han og velsigne henne. Han er Guds Ord, vi skal ta imot det i tru, så det smeltar saman med oss i våre hjerter, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Kollektivistisk feildiagnose som årsak til kronisk utmattelsessyndrom (ME)?

Torbjørn Sivertstøl

KOLLEKTIVISTISK FEILDIAGNOSE SOM ÅRSAK TIL KRONISK UTMATTELSESSYNDROM!

I denne artikkelen vert det sagt at Descarts skilje mellom kropp og sjel ikkje er særleg brukbart til behandling av folk med kronisk utmattelsessyndrom. Men der er vel eit meir generelt problem med å forstå mennesket som ei levande sjel, de har vanskar for å forstå mennesket som ei levande sjel, den kollektivistiske fiendskapen mot den den norske mann, på grunn av hans interesse for å finne eg ei norsk kone, har seg slik at hans interesser vert erstatta av andre økonomiske interesser og av politiske interesser, mannens interesser som ei levande sjel vert erstatta av noko anna, så sjela sitt liv i samfunn med Gud som er ånd og kjærleik, vert vurdert som eit sjukdomstilfelle, diagnose: levande sjel. Med den diagnosen er det ikkje så rart at det vert vanskeleg å forstå mennesket som ei levande sjel. Men eg hevdar det beror på ei feildiagnose.

Slik har det vorte sett ei feildiagnose og den er skadeleg og er årsak til sjukdom. Det er ofte lettast å påstå det som ein meiner er rett, så vert det klart kva som er feil. Det som vi meiner er rett, er eit utgangspunkt vi har å tenke utifrå. Så eg startar med å vedkjenne mi tru: Gud er ånd og han er fullkomen, Jesus er fullkomen og hans frelsesverk er fullført og fullkome. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, hans ord er ånd og liv, han gir lov til vår sjel og gir oss sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det er slik som med Descarts rasjonalitet, at det er ikkje synleg for våre ytre fysiske sansar, slik er det med den levande sjela også. Vi må vende hugen opp til Jesus og ha hug på det livet og den Anden som han gir oss frå himmelen. Han gir oss visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg, så Anden får openberre kva Gud i sin nåde har gitt oss. Så må vi sjå på han med hjertets opplate auge, ja, eg må feste blikket mitt på han.

Det ytre mennesket er ei anna side av saka, vi sansar det som er rundt oss med våre fysiske sansar. Opphavleg levde Adam og Eva nakne i Edens hage og blygdest ikkje. Det kjønnlege samlivet mellom dei var uproblematisk altså og det skulle det framleis vere. Og det skal det atter vere, ved at vi let Anden råde i vår døyelege lekam. Det er berre å vende hugen opp til Herren og ha hug på det som er der oppe, han vil gi oss ånd og liv og liv i overflod og det er berre for oss å ta imot i tru, av berre nåde.

Evangeliet har no vorte forkynt i vårt land i lang tid og det er ein gledeleg bodskap til den einskilde, så kva er problemet? Når eg var ung vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse mine medmenneske og be for folket og landet. Eg forståd at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg bad han gje meg ei frelst kvinne til kone. Han har svart meg positivt på den bøna heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Han har kalla meg og valt meg ut og sendt meg med hans frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting.

Men så får eg oppleve at alt det som eg seier vert forakta og motsagt og kvifor det? Jau, fordi eg er berre ein fiskar frå Sunnmøre som har prøvt meg på å studere realfag. Kvinnefrigjeringa er altså ein motstandskamp mot at eg skulle få meg ei kone, kvinnekampen er ein klassekamp der kvinna er underklassa og mannen er overklassa. At det går an? Som om mannen har sjel og kvinna har kropp og slik har det vorte eit unaturleg skilje mellom kropp og sjel. Det er tydeleg vis ved at mannen er rasjonalistisk og kvinna er empiristisk, men med sanseleg lyst som opponerer mot Anden og strir mot sjela.

https://bluehost944.com/2018/05/22/opposisjonen-mot-mannens-optimistiske-tru-og-hans-konstruktive-tenking-for-a-fa-seg-eit-meiningsfullt-liv-og-motarbeidinga-av-hans-arbeid-for-a-produsere-noko-verdifullt-viser-seg-no-i-draku/

https://bluehost944.com/2018/05/26/jesus-vert-de-verande-i-mitt-ord-er-de-rette-laeresveinane-mine-da-skal-de-fa-kjenna-sanninga-og-den-skal-sette-dykk-fri-macciavelli-malet-helgar-middelet/

https://bluehost944.com/2018/06/04/liberalisme-eller-populisme-den-frigjorde-kvinna-har-erstatta-den-frie-personlege-samtala-med-goebbels-retorikk/

PSYKOLOGTIDSSKRIFTET.NO

Tidsskrift for Norsk psykologforening – Kan leger og psykologer samarbeide om å forene kropp og sjel?

Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 5, 2008, side 534-535 Relaterte saker Kan leger og psykologer samarbeide om å forene kropp og sjel?Sven ConradiSunnaas sykehus HF Kan leger og psykologer samarbeide om å forene kropp og sjel? Torkil Berge og Bjørnar Olsens inspirerende reisebr…

Torbjørn Sivertstøl Når dei då fornektar Faderen og Sonen, vert det argumentert som om Faderen og Sonen ikkje er god og fullkomen og frelsesverket ikkje er fullført og fullkome, den Anden og det livet han gir oss ikkje er fullkomen. Men det er ei feildiagnose og feilen ligg hos den som stiller den. Så det å ha ånd og liv og vere ei levande sjel, vert diagnostisert som eit sjukdomstilfelle. Ein ung mann vart glad i ei ung kristen kvinne og fekk oppleve at Guds kjærleik var mellom dei, han vedkjende si tru på Kristus for henne og ville snakke med henne med tanke på å fri til henne. Men ho snakka med prestar og andre lærde i staden og vart samde om at han var så ulærd at han ikkje var kompetent til det. For han var berre ein kroppsarbeidar, ein fiskar, ein realfagsstudent. For frå gammalt av har prestane monopol på å tale Guds Ord i kyrkja og soleis utvidar dei «lærde» sitt monopol på å tale. Kjærleiken mellom dei diagnostisert som eit sjukdomstilfelle. Så han vart førehandsdømd utan å få forklare seg eller seie eit einaste kvekk til sitt forsvar. Så når ein ung norsk mann vert interessert i å finne seg ei kone, vert han møtt med den haldninga at det er ei sak soim han ikkje har noko som helst med å gjere. Slik krev dei monopol på erfaring i materielle miljø også. Dei skal liksom vere så lærde og vitskaplege og drive kvinneforsking og kjønnsforsking som samfunnsvitarar. Men rasjonaliteten og metoden i forskinga deira er fiendskap mot mannen og dermed mot den levande sjela, til samanlikning med fiendskapen mot Sokrates, alt det han ville seie i ei personleg samtale med henne vert erstatta av noko anna, ein kollketivistisk propaganda, med baktale, løgn, vondskap og svik, det er standard prosedyre. Er det kanskje ikkje det vi ser både i kvinnerørsla sine demonstrasjonar, metoo-aksonane og i PrideParadene? Då er det ikkje så rart at psykologar får vanskar med å forstå mennesket som ei levande sjel.

Menneska trælka under avgudane sine og prøvde å tilfredsstille dei, men dei var ikkje gudar og vart ikkje tilfredsstilte og menneska si religiøse søking vart ikkje tilfredsstilt. Problemet deira var at synda skilde dei frå den sanne Gud. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Så det var nok til å tilfredsstille den sanne Gud for oss alle. Jesus gir oss ånd og liv, hos han får vi det levande vatnet gratis, med det tilfredsstiller han våre åndelege behov.

Men i vår tid er det mange som har forkasta han og det heng saman med at dei vender seg til politiske og religiøse leiarar i staden, så dei vert falske messiasar og falske gudar for dei, med politiske, moralfilosofiske og religiøse krav om at menneske skal prøve å tilfredsstille dei som gudar, som om dei med sine messiasar skal kunne frelse dei og frelse verda. Det dei sjølve seier og meiner for å ivarta sine eigne interessert, vert ignorert, slik vert dei gjorde til trælar. Men dei er ikkje gudar og kan ikkje tilfredsstille deira åndelege behov. Dette er å ikkje å vere gudlege men ugudlege og dei ugudlege har ingen fred. Dei kjem ikkje inn til Guds kvile på den måten. Det er slik som tidlegare, at avgudsdyrking fører til sjukdom og til avspora seksualitet (Rom.1).

Kommentarar på Facebook-sida til biologi-professor Kristian Gundersen.

Kristian Gundersen

18. juni kl. 12:01 ·

Snur det nå?

Er eksterne styrerepresentanter rektors hoff?

Her var det mange skarpe observasjoner fra Professor Ragnar Audunson som har skiftet standpunkt fra ansatt til valgt ledelse etter at han fikk en ansatt rektor ved Oslomet….

UNIFORUM.UIO.NO

Jeg tok feil. Vi trenger ny debatt om valgt eller ansatt rektor – UniforumDen styrkingen av fagligheten i ledelsen av universitetet vårt som jeg trodde en ansatt rektor ville føre til, har ikke skjedd, skriver professor Ragnar Audunson ved OsloMet.

http://www.uniforum.uio.no/leserbrev/2018/jeg-tok-feil.-vi-trenger-ny-debatt-om-valgt-eller-.html

Arild Pedersen Riktignok: Erdogan synes også det har blitt for mye demokrati. Men det er ganske utrolig at en rektor på et universitet skal komme med et slikt utsagn.

Gunnar Fermann Også ved NTNU måtte det stemmer fra vitenskapelig ansatte for å omstyrte kollegial styringsstruktur og valgt ledelse. Dette kvalifiserte til prorektor for en av dem. Tilsatt sådan.

Administrer

Torbjørn Sivertstøl Eg har følgt med litt overflatisk på tidslinja di, men eg har snakka med han Jesus og gjengen hans og hans hendsikt er å frelse deg. Og eg kjenner meg trygg på at han klarer det. Kristendomen er ikkje ein religion som vert lesst på folket som tunge byrder, men Jesus kalla til seg dei som streva og hadde tungt å bere, for å gi dei kvile (Matt.11,28). Vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga og den set oss fri (Joh.8,31-32). Og eg trur det høver bra for forskarar som søker sanning.

Kristian Gundersen har delt en lenke.

AFTENBLADET.NO

– ME-pasienter fortjener dokumentert behandlingHELSE: En ME-pasient skriver et varmt innlegg for medisinsk behandling av ME, men avviser samtidig den behandlingen som er best dokumentert; kognitiv terapi og gradert trening. Det er problematisk.

https://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/i/8wkEoA/ME-pasienter-fortjener-dokumentert-behandling

Torbjørn Sivertstøl Eit kvart individ må tilpasse seg naturmiljøet for å overleve, spesielt for å føre arten vidare. Det gjeld menneska også, men kor bevisste er vi på det og kor mykje tenker vi på det? Og kva om samfunnet vert organisert slik at du ikkje får tilpasse deg slik, så du passar ikkje inn. Då er det lite det einskilde mennesket kan gjere med det, jfr. Hegels dialektikk. Det kan prøve likevel, men det er slitande og korleis går det då i lengda?

Genetisk er vi ulike og biologisk sett er det viktig med genetisk mangfold i eit folk, det betyr også at vi passar til ulike oppgåver i samfunnet, så ikkje alle har like stor økonomisk suksess heller. Men her er det mykje anna som også spelar inn og kor mykje av dette som er naturleg og realistisk, for ikkje å seie rett og rettferdig, er eit ope spørsmål. Men menneske har vel størst sjanse for å lukkast ved at det får vere den det er. Det er eit spørsmål om tilpssing, i følgje Darwin. Men dersom mennesket ikkje får lov til å vere den det er, så betyr det at det er dårleg tilpassa. Slik verkar kravet om at vi skal vere mest mogleg like, som om det var rettferdig. Resultatet er eit kunstig krav om tilpassing, der nokre lukkast og andre får mindre sjanse til å lukkast.

Spesielet har mannen eit kromosom som kvinna ikkje har, kjønnskromosomet Y, det kodar for primær mannleg kjønnskarakter og ved at det påverkar mange andre gen kodar det indirekte for sekundær mannleg kjønnskarakter. Kravet om likestilling, at mann og kvinne skal vere mest mogleg like, er derfor kunstig og verkar som eit krav om at nokon skal misslukkast både med si naturlege tilpassing og sin integritet i samfunnet.

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Kristus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å frelse oss for æva og gi oss evig liv, så slik er vi i utgangpunktet like mykje verdt, her er det ingen skilnad, Gud gjer ikkje skil på folk. Vi får den Heilage Ande ved trua på Kristus, av berre nåde, utan krav om gjerningar (Gal.3). Då treng vi heller ikkje prøve å gjere oss til noko anna enn det vi er, det er tvert om vesentleg for kvar og ein av oss å vere ærlege og komme til han slik som vi er.

Torbjørn Sivertstøl Det har vorte protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, det er å avvise evangelisk kristendom. Det er motivert av eit sosialistisk likskapsideal som strir mot naturvitskapen også. Eg vil samanlikne det med Antiokus 4. Epifanes sitt krav om at alle i riket hans skulle tilbe Zevs og ingen annan gud. Det kunne ikkje jødane gå med på så det vart eit svare spetakkel, rettare sagt blodig krig.

Keisar Augustus bles liv i den gamle religionen igjen og det vart kravt keisardyrking. Det kunne ikkje dei kristne gå med på, så dei vart forfølgde, pinte og hendretta. Korleis kunne då kristendomen vinne fram og kyrkja vekse utan at dei forsvarde seg med fysisk makt og våpen? Jau, visdomen på den tida var antikk moral- og politisk filosofi, men det var dårskap og der var ikkje hjelp i avgudane deira. Med den visdomen vart folk kraftlause. For å sitere Paulus:

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

Eg har ei god forklaring på kvifor Gud viste seg så svak, det er fordi vi er svake og skrøpelege menneske, men han ville vere miskunnsam og forsiktig med oss, derfor viste han seg så svak. det er ofte slik, både med det som er vakkert og med det som er avansert finteknologi, at du må vere lett på handa og forsiktig.

Torbjørn Sivertstøl Vi som bøyer oss for korsets fot og bøyer oss for den levande og opptsått Kristus og påkalla han som vår frelsar og Herre og ære, vi får oppleve Guds frelseskraft i våre liv må æra Faderen og Sonen for det. Når vi audmjuker oss for Gud slik og søker han i «løynkammerbøna», kan vi nok føle at i oss sjølve er vi like krafteslause som desse ME-pasientane, men hos Jesus får vi drikke av kjelda med det levande vatnet, så den blir i oss ei kjelde som veller fram til evig liv, det gjer skilnaden.

I 1.Mos.2 er det tale om elvesystemet i den gamle elvekulturen i Mesopotamia og det er brukt symbolsk for kjelda med det levande vatnet, så fundamentalt er dette for vårt åndelege liv i samfunnet med Gud.

På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Då må vi vende hugen og blikket opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen. Han gir liv til vår sjel, ånd og kraft til vår kropp, ånd til vår ånd og vekker oss opp til liv i samfunne med seg.

Psykologisk intraspeksjon og erfaringsbasert psykologisk metode har ei anna orientering enn dette. Men livets vatn er like fullt gratis, det er berre å vende om til Kristus og tru på han og ta imot av berre nåde.

Kristian Gundersen Siden jeg ikke tror på Gud blir henvisning til den litt tilfeldig sammenraskede skriftsamling vi kaller Bibelen ikke særlig interessant for meg. Men du mener det sikkert godt.

Turid Helen Felli Lunde Jeg ble målløs, så det var et godt svar.

Torbjørn Sivertstøl For nokre år sidan skreiv biologen og forskaren Bjørn Grinde ei bok som heiter «Gud, ei vitskapleg oppdatering» og heldt foredrag om den på biologibygget i Oslo. Etter foredraget fekk folk i salen komme med kommentar og ei kvinne bar rundt mikrofonen. Så kom ho med sin eigen kommentar, ho trudde ikkje på Gud, men ho trudde på kjærleiken. Ho var blid og verka vennleg, så det var tydeleg at det kom frå hjertet. Så det verka likevel som det høvde bra med den kjærleiken eg sjølv har i hjertet, men eg veit med meg sjølv at den er ifrå Gud. For apostelen Johannes sa at Gud er kjærleik, Paulus lærer oss å tru med hjertet og så sa han at håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Det fekk eg oppleve sterkt når eg bad til Jesus for ei jente som eg vart glad i når eg gjekk på gymnaset og når eg vart glad i ei jente når eg studerte realfag i Oslo. Så Gud har ved sitt Ord og sin Ande openberra si frelse for meg i Kristus og gitt meg det kvinnesynet at ho er ein herleg og vidunderleg skapning, for ved sitt ord og sin Ande vekker han vår sjel opp til liv i samfunn med seg.

Saken er den at eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone, så då gjer han det på den måten. Men det som er så rart, er at om ein ung mann seier noko slikt til ein prest, så risikerer han at presten held han for å vere så ung, dum og inkompetent, samanlikna med seg sjølv, at han held han for å ikkje vere kompetent til å snakke med den unge jenta om det og han og ho vert samde om det. Om den unge mannen prøver å seie noko om at Guds Ande og Guds kjærleik er mellom dei, så stiller han diagnose, for å overlate saka til psykologar og psykiaterar. Presten har allereie byjra med ei sak og dei godtek det slik, for å gå vidare med det. Med intraspeksjon (sjølvransaking/syndserkjenning) gjer dei han usikker og krev at han skal innrømme at hans hendsikter ikkje er så gode likevel. Og med erfaringsbasert psykologi prøver dei å få empirsike grunnlag for å føre klagmål mot han.

Men Gud er god og han har openberra si frelse for oss si Kristus, så når eg løfter hugen og blikket opp til han, så let eg han ransake meg og så seier eg meg samd med han, slik forvissar eg meg sjølv om at mi hendsikt er god, mi tru på han gjer meg sjølvsikker altså og den har med truskap å gjere.

Eg meiner den opplæringa vi frå i den evangeliske forkynninga gjer ein ung mann kompetent til å snakke med ei ung kvinne for å fri til henne. Dersom prestar og predikantar ikkje kan seie seg samde i det, så er det deira eigen opplæring som er mangelfull, men då er det berre å ta med seg det ein får og gå vidare på vegen og få med seg meir som kan vere verdifullt. No har eg fått ein god del realfagleg utdanning også og det er meir enn rart kor mange «lærde», prestar og politikarar, truande og ikkje truande, som hevdar at ein norsk mann ikkje er kompetent til å snakke med ei nork kvinne med tanke på å fri til henne. Du trur ikkje på Gud, men dette handlar om biologi og psykologi også og om menneskets integritet i samfunnet. Og dette er då tydelegvis ei livsfiendtleg, moralfilosfisk haldning som passar dårleg med biologien.

Belle Tully Jeg vet ikke om jeg helt klarer å hefte meg til hva meningsinnholdet og budskapet i postene dine er, Torbjørn?

Torbjørn Sivertstøl Belle Tully Vel, no har eg skrive mykje på tidslinja til KG og det er nesten so eg kan lure på kva som gjekk av meg, men no trur eg det er best eg tek rev i segla. Håper nokon fekk utbytte av det.

Torbjørn Sivertstøl I artikkelen http://www.psykologtidsskriftet.no/?seks_id=44077&a=2 er det tale om sjukdomar som pasienten påstår er kroppsleg, men lækjaren finn inga somatisk diagnose. Og eg siterer: «viser den at vår tradisjonelle separate organisering av somatiske og psykiske helsetjenester ikke tar høyde for pasientenes behov. Det dualistiske skillet mellom kropp og sjel som Descartes teoretiserte for 400 år siden, får sjelden så uheldige konsekvenser som nettopp i møtet med disse pasientene.»

Denne dualismen går tilbake til Platon, han talte om ideverda med dei fullkome ideane, spesielt det godes ide og tenkte seg at ved fødselen stupte sjela ned i materien. Men den platonske søkinga i ideverda kan utarte seg som ei religiøs søking som ikkje fører fram, men forsterkar dei negative verknadane av den analytiske tenkinga, at den skaper skilje mellom kropp og sjel, hovud og hjerne og er årsak til sjukdom.

Men i følgje Bibelen var der opphavleg harmoni mellom kropp, sjel og ånd. Der skjedde eit brot, men Gud er ånd og han hadde som hendsikt å gjenopprette harmonien. Skapingssoga i 1.Mos.2 starta med ei tørr og livlaus jord, for der var ingen mann til å dyrke den. Så braut det fram ei kjelde og vatna den og så skapte Gud mannen av mold frå marka. Det hevdar eg er symbol på kjelda med det levande vatnet. Så bles Gud livsens ande i nasa hans og han vart til ei levande sjel. Så det var ved Guds Ande. Like fundamentalt er det at Jesu ord er ånd og liv for oss. Så der var både ånd og materie når han vart til ei levande sjel. Gud er ånd, men etter syndefallet sa Gud til mannen at han var mold, han var ikkje som Gud likevel altså.

Men Platons tru på at sjela kom frå ideverda og stupte ned i materien, høver med det som er sagt om Kristus.

Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Joh.6,62 Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

Gud er fullkomen, Kristus er fullkomen og det han gir oss frå himmelen er fullkome. Så for meg svarer det til Descarts tru på det fullkomen og slik vert Descarts rasjonalitet likevel viktig for meg.

http://www.psykologtidsskriftet.no/?seks_id=44077&a=2

PSYKOLOGTIDSSKRIFTET.NO

Tidsskrift for Norsk psykologforening – Kan leger og psykologer…

Torbjørn Sivertstøl Retting: Den platonske søkinga i ideverda er …, har eg no rett til” den platonske søkinga i ideverda kan utarte seg som ei religiøs søking som ikkje fører fram….

Kristian Gundersen

Kloke ord. ME aktivister bør besinne seg

– Et brutalt personangrep på høyt anerkjente klinikere og forskereUenighet i sak må ikke bli til angrep på andres personlige integritet Oppdatert: 28.jun.2018 16:36 Publisert: 28.jun.2018 16:34 Ulrik Fredrik Malt Professor emeritus i psykiatri og psykosomatisk medisin, Universitetet i Oslo Uttalt utmattelse og andre psykiske og kroppslige plager etter fysiske og…

https://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/i/kaOXev/Uenighet-i-sak-ma-ikke-bli-til-angrep-pa-andres-personlige-integritet

Helge Lorentzen Angrep på fagpersoner er ALDRI ok. Debatten om hva som skal til for å komme videre MÅ føres uten personangrep! Hvis fagpersoner ikke kan føle seg velkomne i ordskiftet er det i alle fall INGEN som kommer videre!

Torbjørn Sivertstøl Eg er glad for at eg vart venn med deg på facebook, sidan eg er interessert i realfag verdset eg i faglege ekspertise, på FB viser du eit samfunnsengasjement som imponerer. Alle har si avgrensing og sjølvsagt vil du avgrense ved å kreve eit visst fagleg nivå og at det er sakleg, du er samfunnsengasjert med di faglege ekspertise, samtidig som du er politisk engasjert. Og så var det dette med menneskets integritet i samfunnet då.

Eg er no berre ein fiskar frå Sunnmøre som har prøvt meg på å studere realfag og så har eg gått på kristne møter og lese i Bibelen og då kjem eg til at den er mykje meir naturvitskapleg enn teologane har forstått, for dei tolkar den utifrå antikk moralfilosofi, men den har vorte til i ein annan og mykje meir langvarig kultur, så vi må fyrst og fremst la den tolke seg sjølv. Det er ei god historiebok og der er mykje naturfag, sjølv om språket er annleis enn moderne naturfagleg litteratur.

Naturfilosofar har undra seg over kvifor den nye naturvitskapen ikkje vart oppdaga før, der har då vore mange høgtståande sivilisasjonar tidlegare. Kvifor vart den til dømes ikkje utvikla i det gamle Mesopotamia. Kanskje var der kollektivt arbeid med å bygge vatningsanlegg, så der trongst ein sterk leiar. Men den fruktbre jorda var attraktiv, så der vart ofte krig mellom folkeslag som ville legge under seg jorda og ha herredømet over den. Derfor varde ikkje dei høgtståande sivilisasjonane lenge nok til å utvikle avansert vitskap. Liknande problemstilling møter vi igjen seinare i Bibelen, både i profetiar og i historiske beretningar om rike som oppstod og gjekk til grunne.

Eg tenker meg at det er ein slik situasjon som vert omtala i 1.Mos.2-3, men sivilisasjonen vert omtala som ein mann og kona hans, for å forklare det personlege Guds-forholdet og det personlege kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne i samfunnet med Gud som er ånd. Å omtale sin sivilisasjon som ein person, ein mann og ei kvinne i forholdt til Gud, finn vi igjen mange andre plassar i Bibelen, til dømes Israel. Men det beste dømet er Kristus og hans kyrkje, han er brødet som kom med frå himmelen for å gi verda liv, for det ord han har tala til oss er ånd og liv, det er berre å tru og ta imot, slik det er symbolisert i nattverden. Har vi ete av det same brødet, så er vi eitt. Kristus er den siste Adam og hans kyrkje er hans brud, det er Guds verk, han elskar henne med kjærleiken frå Gud og ho svarar på hans kjærleik med kjærleik. Når vi tek imot i tru, kjem dette kjærleiksforholdet inn i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når ein norsk mann som meg, som er kroppsarbeidar, fiskar, som har prøvt seg på å studere realfag, som har gått på kristne møte og lese i Bibelen og soleis søkt lærdom og forståing og er interessert i å få seg ei kone, så han vil snakke med ei ung norsk kvinne med tanke på å fri til henne, så vert han likevel møtt med den haldninga at han er for ung og ulærd, så han er ikkje kompetent til det. For der er andre som er meir lærde og ho snakkar med dei i staden og dei vert samde om at det er ei sak som han ikkje har noko som helst med å gjere. Men det er usakleg og kva er det slags lærdom som er så usakleg? Det strir mot både evangelisk kristendom og naturvitskapen, så eg lurer på kva slags religion det er. Og kva har dette med klassekamp å gjere?

Torbjørn Sivertstøl I følgje liberalismen skulle mennesket verte fritt og sjølvstendig, men korleis kunne det då vere sosialt? Det gir kristendomen eit godt svar på, Kristus er sanninga som set oss fri og frelser oss, han er brødet vi alle et av, så han er i oss og vi er eitt i han. Dersom liberalistane og andre politiske leiarar ikkje får med seg dette, så kan det gå slik at dei søker ein politisk-religiøs leiar med ein moralfilosofi og ein samlande politikk i staden, så det vert til keisardyrking, så fråfallet vert som syndefallet på nytt. Men kvar vert det då av sjelslivet, fridomen og den naturfaglege tenkinga?

Psykologien er læra om sjelslivet. Men utan evangelisk kristendom har prestar, psykologar og psykiaterar vanskeleg for å forstå mennesket som ei levande sjel, har mennesket eigentleg ei sjel, eller er det berre kjøt, ja, er det berre mold, slik som Gud sa til mannen etter syndefallet i fylgje 1.Mos.3? De kan likevel studere biologien, studere genetikken som kodar menneska ulike men med visse likskapstrekk og prøve å forklare det utifrå naturleg tilpassing. Og det har verdi for menneska i dagens samfunn, nettopp ved at vi tenker meir på korleis vi passar til ulike oppgåver i samfunnet.

Eg hevdar altså at den kunnskapen eller kunnskapsforståinga og menneskesynet som menneska fekk av kunnskaptreet ikkje høver verken med evangelisk kristendom eller med naturvitskapen. Og det vise seg tydeleg i dagens samfunn, når dei med sin moralfilosofi strir mot slik tilpassing, den strir då så tydeleg mot naturvitskapen og spesielt mot biologien. For i følgje biologien er livet naturleg nok ein kamp for tilværet og då skulle det vere viktig for ein norsk mann og ei norsk kvinne å forstå at dei har ei felles sak å kjempe for i den naturlege kamen for tilværet. I fylgje Bibelen skapte Gud kvinna, så ho skulle vere ei hjelp for mannen i hans arbeid med å dyrke og verne hagen. Dette har det vorte protestert mot og det utartar seg no som om den norske kvinna sin kamp for tilværet er ein kamp mot den norske mann sitt tilvære. Men då er der ikkje mykje forståing igjen av kva som er hensikta med livet og hendsikta med kampen for tilværet. Og kvar vert det av motivasjonen i Freuds psykoanlyse?

Helge Lorentzen Og ut over dette “mølet” håper jeg du har det bra…

Torbjørn Sivertstøl Eg skrive ein god del på tidslinja di igjen, men no tek eg ei deling og skriv litt meir der. Håper nokon får utbytte av det.

Torbjørn Sivertstøl Helge Lorentzen Eg ser du har vore tilsett i fiskeridepartementet, ei stilling høgt i vårt demokratiske system, då skulle du vel representere heile næringa sine interesser. Korleis kan du då vise slik forakt for det som ein mann seier, fordi han er “berre” ein fiskar?

Helge Lorentzen Torbjørn Sivertstøl Jeg har overhodet ingen “forakt” for de som går ut på havet og tjener “sitt brød” der. Men jeg må vel få lov å være uenig i de synspunktene du kommer med?

Torbjørn Sivertstøl Helge Lorentzen Det får du, dette handler både om tru og vitskap, og subjektiv innstilling for å ivareta mine interesser og såleis ivaretek eg mange andre sine interesser også, utan at eg ser rekkevidda av det, eg får berre håpe noko får utbytte av det. Folk kan vere meir eller mindre samde eller usamde og ha andre interesser. Men dette er å vise forakt for det som eg seier fordi det er eg som seier det.

Helge Lorentzen Torbjørn Sivertstøl Jeg har ingen forakt verken for deg eller de du framfører budskapet for. Men jeg godtar IKKE å bli anklaget for “forakt” når jeg er uenig! Nå er det opp til DEG å bevise HVA denne påståtte “forakten” består i!

Torbjørn Sivertstøl Helge Lorentzen Vel, sidan du er så uenig i alt det eg seier, trekker eg den konklusjonen at du har representert mine interesser i fiskeridepartementet som ein Judas. Då er det på høg tid at fiskarane får vite det.

Helge Lorentzen Torbjørn Sivertstøl Det er omtrent 30 år siden jeg var i Fiskeridepartementet, så hvis du betrakter meg som en “Judas” ut fra DET premisset tar du fullstendig feil. Og det kan du også fortelle fiskerne!

Torbjørn Sivertstøl Eg har ikkje tenkt å legge opp til nokon personforfølging på grunn av den kommentaren, så for den saks skuld kan du berre ta det med ro. Dette handlar om sak og den er personleg, men nettopp ved at den er pesoleg har den betydning for mange andre si sak også, så får vi sjå, eg vonar fornufta vil sigre og eg vil seie med samsvar mellom hjerte og hjerne. Så vil eg ynskje deg lykke til vidare.

Helge Lorentzen Torbjørn Sivertstøl Og jeg vil også ønske deg lykke til i dine bestrebelser.

Torbjørn Sivertstøl Helge Lorentzen Som fiskar har eg mykje nyttige bestrebelser, men med mi tru prøver eg å unngå unødige og unyttige bestrebelser, for det er om å gjere å vere effektiv.

Fortsettinga på mi eiga tidslinje.

Torbjørn Sivertstøl Når eg var ung og høyrde om Freuds påstandar om at mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon, og at religiøsitet er avspora seksualitet, vart eg skeptisk, men det høvde no bra med naturvitskapen og så hadde eg Guds Ande og Guds kjærleik i mitt hjerte og det rekna eg for å vere suverent. Eg byrja å like ei kristen jente og bad til Gud for henne og vedkjende at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, så eg opna meg endå meir for den og opplevde ei ny fylde av den Heilage Ande, eg opplevde det at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne.

Så eg hadde Guds Ande og Guds kjærleik i mitt hjerte og la vinn på å verte motivert av den kjærleiken og verte dreven av den Heilage Ande og det har vore viktig for meg når eg har vore i praktisk arbeid som fiskar. Sidan også når eg har studert realfag. Men det som er så rart, er at då vert eg møtte med den haldninga at eg ikkje er kompetent til å snakke med henne. Meir generelt, når ein ung norsk mann vert glad i ei ung norsk jente og er interessert i å prate med henne, med tanke på å fri til henne, vert han møtt med den haldninga at han ikkje er kompetent til det, så hans interesse for å få seg ei kone er ei sak som han ikkje har noko som helst med å gjere.

Når eg sidan studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg likte og sa til Jesus at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende noko meir til henne. Ein gong eg sat på store lesesalen på Vilhelm Bjerknes hus, merka eg at Anden minna meg om henne og dreiv meg til å gå ned trappene og så passerte ho rett fram for meg, når eg gjekk ned siste trinna til første etasje. Då fekk eg oppleve at den Heilage Ande herleggjord og openberra Kristus for meg og for henne.

Eg såg henne igjen mange gangar utan at eg kom i prat med henne. Men eg opplevde Guds kjærleik til henne i mitt hjerte og Jesus minna meg om å la den brenne, ja, flamme opp. For han var ansinitet mindre viktig, men det verda trengde, var mitt varme hjerte. Eg hadde eit personleg Guds-forhold og mitt forhold til henne var på det personlege plan og det var hjerteleg. Likevel sa han at verda trengde mitt varme hjerte. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, og Jesus har då minna meg om henne igjen mange gangar. Ein gong sa han til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt sinn og min tanke, som går over min forstand. Det var ved at han let den Heilage Ande komme over meg og den minna meg om henne. Så eg forstod det slik at han ville gi meg henne til kone.

Eg har fred med Gud i mitt hjerte og han gir meg fred og kvile i mitt sinn og min tanke. Det er viktig for meg når eg eg skal sove og kvile og det er viktig for meg når eg er i fysisk arbeid, i ein travel og stressande jobbsituasjon, då er det viktig å behalde roen, så ein tenker fornuftig. Det er det også i det langvarige rutine-arbeidet, fabrikkarbeidet. Og sjølvsagt er det viktig når eg studerer realfag.

Torbjørn Sivertstøl Jesus er fullkomen og hans frelsesverk er fullført og fullkome. Men når der er manglar i trua vår, treng vi meir opplæring i Guds Ord. Men dei leitar etter flisa i sin bror auge utan å sjå bjelken i sitt eige auge, finn dei manglar i trua di, så prøver dei å gjere bruk av sin moralfilosofi. Men så viser det seg at i staden for å føre menneska vidare på vegen til Faderen så leier dei menneska til keisardyrking i staden. Så fornektar dei Kristus og sjela sitt liv i samfunn med Gud som er ånd, ja, dei endåtil diagnostiserer det som sjukt. Men det er då livets vatn som gir sjela liv og som soleis gjer oss sunne og friske.

Kva er då att av psykologien? Psyko betyr sjel, så det er læra om sjelslivet. Intraspeksjonen er sjølvransaking ved å sjå inn i seg sjølv for å få få betre sjølvforståing, jfr. psykoanlysen. Men den er feilbarleg. Den fører ofte til mykje unødvendig sjølvbebreiding, nettopp fordi menneska vender blikket bort ifrå Kristus. Erfaringsbasert psykologi vert rekna for å vere betre. Erfaring kan verte brukt til å føre klagemål mot mennesket, men det kan også verte brukt til å stille diagnose for å hjelpe det. Det er psykologiske metoder som vert brukt til sjukdomsbehandling. Men så viser det seg at med desse metodene har psykologar og psykiaterar vanskar med å forstå og erkjenne kva menneskesjela er for noko, har mennesket eigentleg ei sjel eller er det berre kjøt, ja, er det berre mold, slik som Gud sa til mannen etter syndefallet. Korleis kan dei då få menneska opp å gå, som levande sjeler? Ja, skal ein få dei opp å gå som levande sjeler eller meir som programmerte robotar, ja, kvar er meininga med livet, som kan motivere dei? Det sentrale problemet er at menneska har vendt seg bort ifrå Kristus, for det var då hos han vi fekke drikke av det levande vatnet. det dei treng å gjere då, er å vende om til han, så dei får oppleve at han gir dei ånd og liv igjen.

Torbjørn Sivertstøl Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, då får vi oppleve at han oppseder oss og lærer oss opp ved si Ord og sin Ande, ja, han utruster oss med åndelege nådegåver, så vi vert i stand til å tene han på ein ny måte, som vi før ikkje hadde føresetnad for. Så det gjer oss kompetente til å delta, både i kyrkjelyden og i samfunnet elles. Og det er ikkje noko i vegen for at han kan ha omsorg for oss ved opplæring i relfag. Eg hevdar faktisk at han har kalla meg til det, då må eg vite å sjå mi avgrensing, men han har sagt til meg at eg skal la han ta omsorg for sine born og sine henders verk.

https://bluehost944.com/2017/10/31/prest-psykolog-eller-lystlognar/

https://bluehost944.com/2017/11/19/diagnose-sjel-behandling-svik-baktale-lygn-indoktrinering-propaganda-korrupsjon-og-slavehandel/

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s