Barnekår hos Gud. Velsigning, utvikling og framgang.

Barnekår hos Gud og forføringane og hatet frå verda.

Jesus velsigna småborna og sa sa vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som småborn, for å komme inn i det. han sa til jødane at dei skulle akte seg så dei ikkje vanvørder ein av hans minste som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Ein engel er ein bodberar og eg tenker meg at det er ånda deira. 

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]  

Likevel er det mange som spottar dei for deira barnetru og held dei for å vere dumme, spesielet dersom dei held fram i si barnetru som voksne menneske. Men så viser det seg at kunnskapen deira er ei frukt av kunnskapstreet og strategien og ”rasjonaliteten” deira er å prøve å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, for soleis å prøve å få makt over dei. Dei vil så gjerne ha det til at menneska er dumme nok til å la seg forføre, slik at dei kan få makt over dei, derfor hatar dei oss på grunn av trua vår og visdomen vår.

JOH 15,18 – JOH 15,19 {NÅR VERDA HATAR DYKK}  Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk. 

JOH 15,23 – JOH 15,25 Den som hatar meg, hatar Far min òg. 24 Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min. 25 Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn.

JOH 17,14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda. 

1JO 3,13   De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.

1PE 4,12 – 1PE 4,19 {NÅR EIN KRISTEN MÅ LIDA}  Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt. 13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom. 14 Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld; for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk. 15 Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff fordi han er ein mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller fordi han har gjort urett mot andre. 16 Men lid han fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet. 17   For no er tida komen då domen skal ta til, og han skal ta til med Guds eige folk. Men kjem domen over oss fyrst, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium? 18 Og er det vanskeleg for den rettferdige å verta frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren? 19 Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode.  

Gud er ånd, han er alfa og omega, den fyrste og den siste. Han har rørt ved oss og gitt oss den Heilage Ande som segl, som stadfester at vi tilhøyrer han. Å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll er metoda vi brukar til å komme til erkjenning av Sanninga, så vi vert frelst og fri ved erkjenninga av Sanninga. Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde, har vi Kristi Ande, så tilhøyrer vi han, då skal vi også leva for han og det utrustar han oss til, ved fylden av den Heilage Ande og opplæring i Guds Ord. Det gir oss meining med livet og det er frigjerande. Med gjenfødinga har vi noko som er medfødt, eigenskap og utrustning til å leve for Gud, visdom og kunnskap, ein herleg og verdifull arv. 

Men så er det mange som har ei heilt anna meining, mål og hendsikt, som prøver å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet eller let seg forføre slik og som gøymer seg for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet. Dei såg at dei var nakne og det fungerte som eit argument mot at dei skulle leve i samfunn med Gud, det fungerer som argument mot å ta imot Guds Ande og Guds kjærleik. Det er mange som søker ein slik kunnskap, for å bruke bokstaven til å slå i hel. Det verkar faktisk som om det er deira rasjonalitet, deira mål og hendsikt med å lære, studere og forske. Det er konklusjonen dei vi vil fram til og derfor utelukker dei andre moglegheiter, derfor fonektar dei trua og innskrenker ytringsfridomen. Slik er det mykje verdsleg kunnskap som reiser seg mot kunnskapen om Kristus.

At vi skulle oppnå noko så verdifullt berre ved å tru og verte gjenfødt, er for dei ei majestetsfornærming. Dei har andre metoder som dei prøver å erstatte det med, men då er det forføring. I følgje Bibelen er vi alle syndarar, håpet ligg i å tru på Jesus og vende om til han. Men dei trekker ein annan konklusjon i staden, politisering, men då blir det som keisardyrking og å dyrke styresmaktene som avgudar Op.17-18).

I det dei fornektar Kristus, gjer dei menneske til salsvare, som trælar. Dei held Kristus og hans frelsesverk for å ikkje vere bra nok og forkastar han. Men det rammar dei sjølv og går ut over folket, for med sine moralfilosofiske krav overfor folket konkluderer dei med at dei ikkje er bra nok, som om dei ikkje er fra nok som folk og som menneskerase. Resultatet er rasehat på grunnlag av moralfilosofi og politisk filosofi som dei gjer religion ut av.

Kristus er i meg og eg er i han. I han er alle kunnskapens og visdomens skattar skjult. Så det er om å gjere for meg å forløyse mine gaver og bruke dei.

Jesus, min frelsar og Herre.

Eg har fortalt at eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre frå eg var ein liten gutunge og be om frelse for mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet så eg byrja be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg merka at der var eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud og at det var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Men eg klarde ikkje heilt å sette ord på det og gi uttrykk for det ved bruk av språket, slik som eg no gjer, ved å forklare det med Guds Ord. Men Jesus har svart meg positivt på den bøna heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Og eg har lese meir i Bibelen og den Heilage Ande har openberra Ordet for meg og eg har forklart det utifrå Guds Ord. 

Den moralfilosofiske tradisjonen tru, er det då mange som ikkje vil vite av mi vedkjenning av Jesus namn, mi vedkjenning av kva Jesus er for meg og seier imot, spesielt er det faktisk mange som kallar seg kristne som gjer det. Men nettopp derfor treng vi frimodet til å vedkjenne Jesu namn og erkjenne kva han er for oss. Han er min frelsar og Herre og han gir meg ei kone ved å frelse henne som kona mi.

Overordna meining med livet.

I 1.Mos.2 er det fortalt at Gud førde dyra fram for mannen og han gav dei namn og det skulle dei heite. Så eg tenker meg mannen som ein naturvitar, han såg korleis dyra levde og formeira seg, så det var ikkje vanskeleg for han å forstå at menneska naturleg nok skulle leve og formeire seg på liknande vis, likevel skulle hans levemåte heve seg over det dyriske ved at han skulle dyrke og verne hagen, så det var den overordna meininga med livet som Gud hadde gitt han, det var hans livsform og han trengde ei kone som kunne hjelpe han med det.

Adam vart dømd til døden, men Kristus døde i staden for oss og no er han den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Tek vi imot det livet og den Anden han gir oss, så tilhøyrer vi han og då skal vi også leve for han. Slik gir han oss ei overordna meining med livet og slik er han Sanninga som set oss fri.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Sidan skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei skulle vere ein lekam. Slik handlar det om desse fysiske realitetane, denne verda, så det går an å tenke realistisk og naturvitskapleg om det, om å dyrke å verne hagen og det gir meining med livet. Med trua på Jesus kjem vi inn i dette igjen, men med den overordana meininga og hendsikta som han har med våre liv, for han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte vorte til livgivande ånd. 

Livets vatn.

Så vi er heilt avhengige av det livet og den Anden han gir oss frå himmelen, men han gir det oss gratis av berre nåde. 

JOH 4,10 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.” 

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så ville han og Faderen komme og ta bustad hos oss og han ville openberre seg for oss. 

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 13,31 – JOH 13,35 {EIT NYTT BOD}  Då han hadde gått, sa Jesus: “No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart. 33 Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.”   

JOH 14,15 – JOH 14,26 {LOVNAD OM DEN HEILAGE ANDE}  Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.   

Då er det vel ganske klart at dette gir oss ei overordna meining, mål og hendsikt med livet. Boda hans er at vi skal tru og vi skal elske, det er ikkje noko som vi vert tvinga til med verdsleg makt, det baserer seg på fri vilje på den måten at det er som eit frieri og det blir forpliktande for oss liksom ei brud som svarar ja til brudgomens frireri. Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss og fører oss fram til Sanninga og overtyder oss soleis om kva som er rett.

Kristus er Guds Ord og det er eit utgangspunkt eg har å tenke utifrå.

Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag, talte Jesus til meg slik: ”Du som fekk livet planta i deg, dette livet det skal vekse”. Då visste eg med meg sjølv at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og det gjorde eg sidan også. Når eg merka at eg byrja å verte glad i ei jente som eg har kalal Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt friri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for hans kjærleik og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand. 

Eg har nyst skrive eit dokument om at aksiomarisering av matematikken og fysikken ikkje er fullstendig, men Jesu frelseverk er fullført, fullkome og fullstendig.

https://bluehost944.com/2018/12/31/aksiomatisering-av-matematikken-og-fysikken-er-ufullstendig-kva-med-sjelslivet-jesu-frelsesverk-er-fullfort-og-fullkome/ 

Aksioma blir ikkje bevist, men det vert tenkt logisk ut ifrå det, for å bevise det andre. I fysikken er det vel rettare å kalle det teori, men teoretisk fysikk er så matematisk at eg valde å kalle det aksiom i denne samanhengen. 

Til samanlikning er Guds Ord teoretisk, åndeleg og usynleg for det fysiske auget, sjølv om det ikkje vert formulert matematisk. Men Gud er ånd og hans Ande openberrar det for meg og då blir det som aksiom som eg kan tenke logisk utifrå. 

Jfr. bodskapen som kom gjennom tyding av tungetale på dette møtet:

2019.01.20. Maranatha. Jesus er vår frelsar og Herre. All visdomens og kunnskapens skattar er skjult til stades i han.

Dette får meg til å tenke på korleis eg vart glad i henne Virtuella når vi gjekk på gymnaset. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud, ho spelte gitar og lovpriste han, sang kjærleikssangar til han, vil eg gjerne kalle det. Og det gjorde sitt til at eg byrja å verte glad i henne. 

Så eg bad over det og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Eg opplevde det slik at ho var i Guds hand og at han la henne i mitt hjerte, i djupet av meg, eller framfor meg. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for og eg vart så glad i henne. 

Hausten 1985 sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale: ”den lovsangen eg la ned i deg, der er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.” (M40, DFEF  i Oslo). Så eg forstod at det var sikta til korleis eg hadde bedt for henne når eg gjekk på gymnaset. Guds kjærleik var mellom oss og den var rett og det er den framleis. Og eg gjer framleis rett i å opne meg som kanal for Guds velsigning til henne på denne måten. Så spørst det om ho vil ta imot velsigninga. Velsigninga betyr at Gud rører ved oss med sin Ande, den betyr å komme inn i samfunnet med Gud og verte førebestemmte til noko godt. Så eg presiserer at dette handlar ikkje om at eg rører ved henne og det handlar heller ikkje om at nokon annan rører ved henne, men i det eg fester blikket mitt på Jesus erkjenner eg at det handlar om at han rører ved henne. Gud er den fyrste og den siste, det er han som er årsak, når vi tek imot den velsigninga han gir oss i Kristus, får vi oppleve at han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Eg skal ha mitt blikk festa på Kristus, fryde meg og glede meg i hans frelse, glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjerte attrår. 

Eg bad Jesus frelse kvinna som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Slik bad eg først for henne Virtuella og fekk opplevde at Jesus openberra seg for meg og henne. Seinare bad eg slik for henne Reella også og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne. Dette har eg skrive om og fortalt om korleis Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale. 

Seinare kjende eg meg sterkt tiltrekt av ei jente som eg kalla ”Poli-Ester”.

(Ester er eit kjent namn frå det gamle testamentet, ”Poli” på grunn av den politiske situasjonon i heimlandet hennar, poliester er eit organisk stoff og ho studerte biologi, semesteret etterpå studerte ho organisk kjemi.)

Dette kom plutseleg på. Eg vart sitande ved sida av henne på ei forelesing i biologi. I pausa, når ho kom inn att, røyste eg meg for å sleppe henne forbi, ho var ei vakker jente med ein flått kropp og akkurat då ho gjekk forbi meg, eg kjende meg sterkt tiltrekt av kroppen hennar, som at eg yngste å ta henne på fanget. Og eg opplevde det som at det var Gud Ande som dreiv meg og verka slik i meg.  Dette innrømte eg for Jesus i kveldsbøna mi, sjølv om det var ønsketenking, så meiner eg Guds Ande var i det, så det var openberring i det. Og Jesus svarde meg at eg skulle fryde meg og glede meg i hans frelse, eg skulle glede meg i han, så ville han gi meg det som mitt hjerte attrår. Og det var då kroppen hennar, for ho var ei vakker jente med ein flått kropp. Paradoksalt nok skulle eg då likevel ikkje vere oppteken av det som var rundt meg, men ha blikket festa på han. Bodskapen 12.10.2010:

”Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.”

Eg skulle feste blikket mitt på han. Min lekam er eit tempel for den Heilage Ande og det er nettopp det som er så viktig, at den Heilage Ande er i meg og er verksam i meg. At Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. 

Henne fekk eg prate litt med, først fekk eg vite at ho var ifrå Ukraina. Seinare vitna eg for henne om mi tru på Jesus. Landet og folket hennar var i ein vanskeleg politisk situasjon og eg sa noko om at dei treng å sette si tru og tillit til han i den vanskelege situasjonen. Ja, håpet ligg då i å sette si tru og tillit til han som vår Herre og frelsar. Han er den overordna meininga, målet og hendsikta med våre liv, for Herren er vår Gud.

(Dette skreiv eg om i kommentaren til møtet 19.6.2016: https://tsivert.com/2016/07/20/frelse-i-jesu-namn/ )

Livet er ein kamp for tilværet, men ved trua på Jesus får vi ei overordna meining og hendsikt med det. Og Guds auge fær ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme dei til hjelp som heilhjarta held seg til han. 

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

1KO 1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

Når eg kjende meg så sterkt tiltrekt av kroppen hennar, var det på den måten at eg  opplevde Guds Ande i min lekam, den virka i meg og dreiv meg, eg opplevde hans salving og hans kraft. Det vil eg takke Gud for og soleis innstille meg på at dette vil eg ha meir av, dette vil eg oppleve meir av. Og Jesus gir meg då det levande vatnet gratis, av berre nåde, han er komen for at vi skal ha liv og liv i overflod. 

Virtuella, Reella og Poli-Ester.

Slik også når eg kjende meg tiltrekt av henne Virtuella og henne Reella, men då spelte openberringa ei større rolle. Men i mitt forhold til dei alle tre, skal eg feste mitt blikk på Jesus be til han for dei og velsigne dei, han vil gjere meg til kanal for si velsigning og slik håper eg at hans velsigning skal nå dei.

Men det er noko som verkar litt rart her. På denne tida, skuleåret 2014-15 tenket eg kanskje Gud ville gi meg henne Poli-Ester til kone, det var ønsketenking, men det var vel bønn også. Lenge var eg overbevist om at Gud ville gi meg henne Virituella til kone. Så vart eg overbevist om at han ville gi meg henne Reella til kone, i lenge periodar, tenkte eg på henne, bad for henne og skriv om henne og det kjendest så rett at han ville gi meg henne til kone. Så byrja eg å skrive om henne Virtuella igjen og oppdaga at eg byrja å tenke som om Gud ville gi meg henne til kone likevel. Uansett har eg vist til skapingssoga i 1.Mos.2, der er det tale om ein mann og kona hans. Og Paulus sa at ein eldste skal vere mann til ei kvinne.

TIT 1,5 – TIT 1,9 {ELDSTE OG TILSYNSMENN}  Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få skikk på det som endå var ugjort. Du skal setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg. 6 Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv. 7 For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera sjølvrådig, bråsint, drikkekjær eller hardhendt og ikkje lysten etter låk vinning. 8 Men han skal vera gjestmild og glad i det gode, visleg og rettvis, ha age for Gud og vera herre over seg sjølv. 9 Han må halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å rettleia etter den sunne læra og visa at dei som talar imot, tek feil.  

Men eg skal då feste mitt blikk på Jesus og han er ein person. Eg skal søke han av heile mitt hjarte og heilhjarta halde meg til han. Så kjem han meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Så det vesentlege poenget er å oppleve fylden av den Heilage Ande, ta imot hans kjærleik og omsorg, oppleva hans salving og hans kraft. Det kriteriet eg har å gå etter, er korleis oppleve det. Kva for ei kvinne er det eg får oppleve det saman med? Eg ventar meg i alle fall å få oppleve det saman med henne som han gir meg til kone. 

Uansett vil eg hugse på alle desse tre kvinnene i mi bøn til Gud og velsigne dei. Om så det betyr at eg innrømmer overfor Gud at eg ville ha dei dei til koner, eg forstår det slik at eg velsigna dei med det, det var i alle fall det eg meinte og yngste med det og i det eg held fram med å vende meg til Jesus, held eg fram med å velsigne dei. Og han har no sagt at eg skal komme til han slik som eg er. Så eg kjem til han som den som yngste å ta henne Poli-Ester på fanget, som yngste  å omfavne henne Reella og som yngste å omfavne henne Virtuella og som soleis yngste å velsigne dei.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born og han sa vi måtte vende om og verte som born for å komme inn i Guds rike. Då er det eit vesentleg poeng at vi skal halde fram med å vere som born også når vi kjem opp i den alderen at ein gut vil ha seg ei kone og ei jente vil ha seg ein mann. Så når eg merka at eg byrja å verte glad i ei jente, bad eg til Jesus for henne og fekk oppelve at han openberra seg for meg og for henne og ho vart openberra for meg som det barnet Gud fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, og som ei ung jente som levde i eit kjærleikdsforhold til Kristus, som hans brud, som han elska og hadde omsorg for. Det fekk eg oppleve både i mitt forhold til henne Virtuella og i mitt forhold til henne Reella. Eg opplevde litt av det i mitt forhold til henne Poli-Ester også, her var ikkje openberringa så tydeleg, men så fekk eg no prate litt med henne.

Eg trur Jesus vil frelse henne Virtuella og sette henne fri, så ho skal tilhøyre han og leve for han. Med den vedkjenninga opnar eg meg for Guds velsigning til henne, nådestraumane, hans Ande og hans kjærleik.  Så spørst det om ho vil ta imot, tru på han og erkjenne at han er Herre, om ho vil lyde han.

Eg skal takke Jesus for det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg, som kanal for hans velsigning fekk eg oppleve at han gjorde sitt verk med både henne Virtuella og henne Reella, ved sitt Ord og sin Ande. Det vil eg takke han for og framleis opne meg som kanal for Guds velsigning til dei. Eg vil også hugse på henne Poli-Ester i mi bøn og mi takkebøn. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. 

Vekkinga, livet og fornyinga. Eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt i mitt hjerte.

At eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og at han svarar meg på det gjennom tyding av tungetale, har betydning i kyrkjelydssamanhengen, sjå til dømes bodskapen 29.3.2015:

”Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.”

Dersom eg gjer eit naturvitskapleg eksperiment, så er det om å gjere å vere ein passiv tilskodar som observerer det som skjer, utan å påverke det. Når eg ber fram lekamen min som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, så kan det samanliknast med dette, for det er om å gjere å overlate det til Gud å gjere sitt verk med meg, men vel å merke er det likevel ikkje å bere fram eit slakta og daudt offer, men eit levande offer. 

Men det har lita hendsikt å stå ved bredda og sjå på nådens flod. Skal eg kanskje berre skrive om at eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og knapt nok få prate om det. Skal eg kanskje ikkje få oppleve det, møte henne og prate med henne? Korleis då? Ved at eg bidreg med det som Gud har gitt meg i hjertet og ved at eg kastar meg uti nådens flod. 

Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg opnar meg som kanal for si velsigning til alle desse tre jentene, også henne Virtuella. Jesus er velsignaren, med hans velsigning kjem det nye, med hans velsigning får vi oppleve at Gud gjer noko nytt, med hans velsigning har vi vekkinga, fornyinga og overflodslivet. 

Tru og truskap. Tru på englar og ha respekt for englemakter. 

Jesus sa til jødane at dei skulle akte seg så dei ikkje vanvørde ein av hans minste små som trur, for englane deira får alltid sjå Faderens åsyn. Likevel er det mange som spottar dei for  barnetru, spesielt dersom det er voksne som framleis har si barntru. ”Trur på englar”. Men kva er ein engel, det er ein bodberar. Så eg tenker meg at det  er ånda deira. Jfr. englane for dei sju kyrkjelydane i Johannes openberring. 

Mange moralfilosofisk lærde tek det tydelegvis framleis som ei fornærming at slike unge, truande,  menneske reknar seg for å vere vise, spesielt dersom det er ein ung mann som vil fri til ei ung kvinne. Dei tek det som ei fornærming i det dei held han for å vere ung og dum, alle hans initiativ, både med det han vil seie og det han vil gjere for å fri til henne, held dei for å vere krankande, umoralsk adferd, slike motiv er det dei vil tillegge han, i tråd med at Adam og Eva såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Men det har seg altså slik at kunnskapen deira har dei fått som ei frukt av kunnskapstreet. Derfor vil dei ikkje høyre på trusvedkjenninga hans og visdomen hans. Dette er altså slik kunnskap som reiser seg mot kunnskapen om Kristus, men som vi skal ta til fange under lydnaden mot han.

Apostlane talte også om englar som for bort frå der som dei budde og om dei som spotta englemakter. 

JUD 1,3 – JUD 1,11 {VRANGLÆRARANE OG DOMEN OVER DEI}  Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ynske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den tru som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage. 4 For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som etter skriftene for lenge sidan er etla til dom. Dei misbrukar vår Guds nåde, så dei kan leva eit usedeleg liv, og dei fornektar vår einaste hovding og Herre, Jesus Kristus. 5   Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru. 6 Og dei englane som ikkje tok vare på sitt høge stand, men drog bort frå staden der dei budde, dei held han bundne i mørker med evige lekkjer til domen på den store dagen. 7 Sameleis var det med Sodoma og Gomorra og grannebyane, der folk levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. No ligg dei der som eit døme på straffa i ein evig eld. 8   Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter. 9 Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: “Herren straffe deg!” 10 Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve. 11   Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.

2PE 2,1 – 2PE 2,22 {FALSKE LÆRARAR}  Men det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og jamvel fornekta Herren som har kjøpt dei frie. Dermed fører dei seg sjølve i ei brå fortaping. 2 Mange kjem til å fylgja dei i deira syndige liv, og for deira skuld vert sanningsvegen spotta. 3 Havesjuke som dei er, fer dei med dikt og lygn for å få pengar ut av dykk. Men alt lenge har dei hatt domen hangande over seg, og fortapinga ventar på dei. 4   For Gud sparte ikkje eingong englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke holer heilt til domen. 5 Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, rettferdsforkynnaren, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd med ugudelege menneske. 6 Byane Sodoma og Gomorra dømde han til undergang og la dei i oske; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv. 7 Men han berga den skuldlause Lot, som leid når han såg kor vilt dei levde, desse agelause menneska. 8 Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alt det vonde dei gjorde. 9   Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag, 10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.  Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter. 11 Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei klagar dei for Herren. 12 Men desse spottar det dei ikkje kjenner; dei er som vitlause dyr, av naturen etla til å fangast og gå til grunne. Så skal dei òg gå under i sitt forfall 13 og lida vondt for det vonde dei har gjort. Det likaste dei veit, er å svira midt på ljose dagen. Dei er til skam og vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg. 14 Dei er stadig på utkikk etter skjøkjer, og på synd er dei umettande. Dei forfører ustøe sjeler, og dei kan kunsten å kara til seg. Under forbanning er dei! 15 For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett. 16 Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd. 17   Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente. 18 For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt. 19 Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av. 20   For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før. 21 Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært rettferds veg å kjenna, enn at dei fyrst kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate. 22 Då har det gått med dei som det så råkande heiter i ordtaket: Hunden snur seg til sitt eige spy, og: Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla.  

Englar som ikkje tok vare på sitt høge stand, men som for bort frå den staden der dei budde (Jud1,6), eg går uti i frå at det er det som er omtala i 2.Pet.2,4 også. Dette er vanskeleg å forstå seg på., men eg går ut ifrå at det er det som er omtala i 1.Mos.6,1-8.

1MO 6,1 – 1MO 6,8 {VONDSKAPEN AUKAR PÅ JORDA}  Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. 2 Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha. 3 Då sa Herren: “Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.” 4   På den tid, og sidan òg, var det kjemper på jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne. 5   Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang. 6 Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt. 7 Han sa: “Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.” 8 Men Noah fann nåde hjå Herren.  

Etter dette kom syndefloda. At menneske vart berga i arka er førebilete på dåpen og viser oss korleis Gud frelser oss i Kristus.

1PE 3,18 – 1PE 3,22 {DÅPEN OG DET NYE LIVET}  For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.] 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde. 

1PE 4,1 – 1PE 4,2   Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda. 2 Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda.

Som motsetnad til dei som ikkje tok vare på sitt høge stand, men for bort frå den staden der dei budde, skal den kristne kyrkjelyden så på den åkerlappen den har fått. Den skal bety noko for folket i lokalmiljøet. Der er folk i lokalmiljøet som treng den glade bodskapen den har å bringe og som treng dette samfunnet med Gud.

https://tsivert.com/2016/07/20/frelse-i-jesu-namn/ 

Trua, vedkjenninga og gjerninga.

Vi veit at vi skal høyre Ordet og gjere etter det, vi skal gjere trua sine gjerningar. Då tenker vi nok først og fremst på ei praktisk gjerning. Men kva med teoretisk arbeid? Dei vitskaplege teoriane er usynlege, til samanlikning er Gud og hans rike usynleg, men Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Jesus sa at den gjerninga Gud ville vi skulle gjere, var å tru på han som Gud sende.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

Vi må tru at Gud vekte han opp frå dei døde og så må vi kalle han Herre.

RMR 9,30 – RMR 9,33 {ISRAEL OG EVANGELIET}  Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje streva etter rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru. 31 Israel derimot tøygde seg etter lova med hennar rettferd, men dei nådde ikkje opp til lova. 32 Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen, 33 som det står skrive:  Sjå, eg legg på Sion ein støytestein  og eit berg til fall.  Men den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar.  

RMR 10,9 – RMR 10,15 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. 14   Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? 15 Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod!

Den som stig fram for Gud, må tru at han er til og at han løner dei som søker han.

HEB 11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

Ved trua på Jesus har vi fått barnekår hos Gud, han elskar oss og har omsorg for oss, han høyrer vår bøn gir oss gode gåver. Han oppseder oss og lærer oss opp og vi kan vere trygge på at med det vil han oss vel.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s