Miljøpolitiske dommedags-profetar. Forbanninga og avlatshandelen.  Velsigninga og miljøet.

Miljøpolitiske dommedags-profetar konkluderer med ei fornying av avlatshandelen, men det er ikkje vitskap.

I massemendia kjem der av og til artikklar der det høyrest ut som miljøpolitkarar og klima-aktivistar er i ferd med å verte rebelske, dei argumenterer som om dei er vår tids dommedagsprofetar. Jau, der er nok ein samanheng og det må vere om å gjere å sei kva som er rett både når det gjeld profetiane og natur-miljøet.

Profetiane.

Opphavleg levde menneska i samfunn med Gud, i Edens hage. Og oppgåva deira var å dyrke og verne hagen. Men etter syndefallet dømde Gud både menneska og ormen, det er og blir dommen. Menneska vart dei utestengde frå hagen og Gud sa til mannen at jorda skulle vere forbanna for hans skuld, torn og tistel skulle ho bere. Mold var han og til molda skulle han attende. Men Kristus døde i staden for oss, redninga er å tru på han, vende om til han og ta imot han.

I Bibelen er det profetert om ”dommedag”, men på folkemunne er dette ordet brukt meir enn i Bibelen, opphavleg slik som dommedagsprofetane brukte det, så med den bruk av ordet kan eg seie at ”dommedag” kjem og er allereie i gang som krig, for Jesus profeterte om at rike skulle reise seg mot rike og folk mot fok, før enden kjem (Matt.24). Det er også tale om hungersnaud og jordskjelv. Men så skal Jesus dømme folkeslaga (Matt.25).

Sol og måne skal mørkna og stjernene skal falle ned frå himmelen. 

 

MTT 24,29   Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.

JOE 3,3 – JOE 3,4   Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:  blod og eld og røyksøyler. [teikn: varsel før Herrens dag kjem.] 4   Sola vert omskapt, ho svartnar,  og månen vert som blod,  før Herrens dag kjem, den store og skræmande.

Vi kan tenke oss det vert profetert om at sol og måne vert formørka av røyken frå fabrikkpiper, kolkraftverk, trafikk etc.  Og i tilknyting til den industrielle revolusjon har det vorte utvikla mykje politisk filosofi, både liberalistisk og sosialistisk og det har det vorte kriga om.

Men sol, måne og stjerne er også brukt symbolsk i Bibelen.

SLM 84,12   For Herren vår Gud er sol og skjold,  Herren gjev nåde og ære.  Den som er ærleg i si ferd,  nektar han ikkje noko godt.

ÅPE 1,20   Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.   

ÅPE 12,1 – ÅPE 12,5 {KVINNA OG DRAKEN}  Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. [ei kvinne: Kvinna er eit bilete på Guds folk, som Kristus er komen frå. Sjå Jes 66, 7; Mi 4, 10.] 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 3   På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.

4MO 24,17   Eg ser han, men ikkje no,  eg skodar han, men ikkje nær.  Ei stjerne stig opp or Jakob,  ein kongsstav lyfter seg frå Israel.  Han skal knusa Moabs tinningar  og skallen på alle Sets søner. 

MTT 2,2 og spurde: “Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.” [stjerna hans: Det var ikkje uvanleg at stjernetydarar sette ei stjerne i samband med vona om ein komande frelsarkonge. Serleg feste dei seg ved ei stjerne som gjekk opp over synsranda nett før solrenning og ikkje langt frå sola.] 

ÅPE 8,10   Den tredje engelen bles i basun. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel; og ho fall på tredjeparten av elvane og på vasskjeldene. 

ÅPE 9,1 {DEN FEMTE BASUNEN}  Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen.

Men i Matt.24,29 er det tydelegvis noko astronomisk. Menneska har vel sett kometar før og opplevt at dei brenn og eksploderer i atmosfæra. Forskarane reknar med at diosaurane vart utrydda av eit astoidenedslag. Sannsynligvis skjer det igjen, det er meir eit spørsmål om når det skjer enn om det skjer. 

Men desse profetiane kjem til å gå i oppfylling uansett. Langt på veg kan ein forklare det med naturvitskapen, astronomien, geologien, biologien med utviklingslæra, det er slikt som skjer. Artar døyr ut både i langdryge prosessar og med uventa, store katastrofer. Men det er ikkje heile forklaringa, men Gud har full kontroll. Han viser sin arm først og fremst ved at han frelser.

Så kjem domen for den store kvite trone:

ÅPE 20,11 – ÅPE 20,15 {DOMEN}  Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir. 12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. 13 Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. 15 Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.  

ÅPE 22,16 – ÅPE 22,21   Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.” 17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje. 18   Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka; 19 og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka. 20   Han som vitnar dette, seier: “Ja, eg kjem snart.” Amen. Kom, Herre Jesus! 21   Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med alle!

Klimapolitikk.

For 40 år sidan var det gjerne tale om ressurspolitikk og miljøpolitikk i same slengen. Seinare vart det tale om miljøpolitikk utan å sjå det i samanheng med ressurspolitikk, men det gir ikkje ei heilskapleg forståing av politikken. Sidan vart det redusert til klimapolitikk. 

Dyrelivet forbrenn organisk materiale og slepp CO2 ut i atmosfæra. Plantelivet absorberer det og lagar organisk materiale av det ved fotosyntesen. Men når både vi og omnane og farkostane våre forbrenn organisk materiale, ja, fossilt, organisk materiale, så slepp vi meir CO2 ut i atmosfæra. Då må det vel vere om å gjere å auke planteveksten, som til dømes ved å dyrke opp øydemark og ørkenområde. 

Ja, det skulle følgje som konsekvens av at evangeliet vert forkynnt for alle folkeslag. Men vi får motstand til samanlikning med han som ville rydje seg ein gard. Fakta vert brukt som argument mot ei slik utvikling og framgang, som argument mot det nye. 

Dei konklusjonane som klimaforskarane kjem fram til, vert kalla fakta og brukt i argumentasjon for CO2-avgift, som om denne politiske ”løysinga” og konklusjonen også er fakta, som om der ikkje er anna  løysing på problema. Det til tross for at betydninga av forskarane sine resultat ikkje er så opplagt. Dei konkluderer med at politikarane må innføre CO2-avgift for å løyse ”problema” og i argumentasjonen vert det også inkludert i det som dei kalla fakta og vitskap, som om dei skal redde verda på denne måten. Men vitskap er det ikkje og det løyser ikkje noko av dei problema det var tale om!

Men kretsløpet til CO2 mellom plantelivetdyrelivet og atmosfæra er kjent og forskarane finn ut av dei kjemiske eigenskapane til stoff som vert produsert kunstig, så dei finn ut av konsekvensane av at dei slepp ut i naturen, i havet og atmosfæra.

Men det blir meir og meir tydeleg og opplagt at poenget med denne forskinga og CO2-avgiftene er å drive ein ny form for avlatshandel og det poenget ligg nok i mykje anna slags avgifter også, så poenget er at nokon tener pengar på ein ny form for avlatshandel. 

I praksis betyr det at fleire skal brøfø seg frå den same garden, så det vert endå større press på naturressursane. Den må utvidast ved å hogg ned skog, så det vert endå meir press på miljøet. Dei ser ikkje miljøpolitikken i samanheng med ressurspolitikken, så den resulterer i nedhogging av urskog som igjen er ei katastrofe for miljøet.

Slavehandelen og avlatshandelen.

Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt, så han førde dei til det landet han hadde lova dei, ”landet som flaut med melk og honning”, og let dei innta det. Der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. 

Men dei fall ifrå han og vart bortførde til Babylonia. Etter 70 år vende han lagnaden for dei og let dei komme heim att til sitt eige land og slik vende han lagnaden for dei andre folka også. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus. 

Når dei kom tilbake til landet sitt talte Gud til dei gjennom profetane Haggai og Sakarja om at det var viktig for dei å bygge oppatt tempelet, frå den dag dei byrja å bygge, ville han velsigne, så dei fekk meir igjen for sitt daglege strev. Så tempelet var den sentrale, sosiale samlingsplassen for dei, der skulle dei ha samfunn med Gud og slik skulle dei ha samfunn med kvarandre og slik skulle dei verte velsigna. Åndeleg velsigning førde til materiell velsigning og det var tydelegvis eit under og eit mysterium.

Likevel var det då klart at dei skulle halde fram med å arbeide, bygge seg hus, dyrke jorda, grave seg brønnar, så korn, plante frukthagar og vingardar. Og så skulle dei få nyte frukta sjølve, for dei skulle ikkje vere trælar for andre. Og Sakarja profeterte om Kristus:

SKR 3,6 – SKR 3,10 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Går du på mine vegar  og rettar deg etter det eg har fastsett,  skal du få styra mitt hus  og vakta mine føregardar,  og eg vil gje deg tilgjenge  saman med dei som gjer teneste her.  8   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.  

Likevel profeterte Sakarja om ”den Duglause Hyrdingen” som skulle gjæte dei som slaktesauer for sauehandlarane:

SKR 11,4 – SKR 11,17 {DEN GODE OG DEN DUGLAUSE HYRDINGEN}  Så har Herren min Gud sagt: “Gjæt sauene som skal slaktast!” 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: “Lova vere Herren, eg vart rik!” Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. [Dei som kjøper dei: dei låke styrarane.] 6 “For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,” lyder ordet frå Herren. “Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.” 7   Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. – [Godvilje og Samband: Dei to gjætarstavane er symbol på ei tid med fred og samhald mellom Israel og Juda.] 8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.  Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: “Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.” 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga. 11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord. 12   Eg sa til dei: “Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!” Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: “Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.” Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. 14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel. 15   Herren sa til meg: “Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som  ikkje ser etter dei som går seg bort,  ikkje leitar etter dei som går seg vilt,  ikkje lækjer dei som er skadde,  ikkje syter for mat til dei friske,  men et kjøtet av dei feite dyra  og riv klauvene av dei.”  17   Ve den duglause hyrdingen min,  som går bort frå sauene!  Sverd mot armen og høgre auga hans!  Armen hans skal visna bort,  og det høgre auga sløkkjast ut.  

Dette spenner over lang tid. Gud hadde sett dei fri frå trældomen under avgudane. Men sidan dei vende seg bort frå han, ville han ikkje vise dei miskunn og let dei verte selde som trælar og slaktesauer. Kristus vart sel for 30 sølvpengar, han døde i staden for oss, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Likevel vart oppgåva til ”den Duglause Hyrdingen” fornya. Det viste seg i avlatshandelen og kva meir?

Det også er det tale om i Joel.3.

JOE 3,1 – JOE 3,8 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 3   Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:  blod og eld og røyksøyler. [teikn: varsel før Herrens dag kjem.] 4   Sola vert omskapt, ho svartnar,  og månen vert som blod,  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 5   Men kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.  For på Sion-fjellet og i Jerusalem  skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,  så som Herren har sagt.  Og mellom dei som har berga seg,  er dei som Herren kallar.  6 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

Barnevelsigning, barnedåp og Bileams villfaring.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som born, elles kjem vi ikkje inn i Guds rike. Han til jødane at dei måtte vakte seg så dei ikkje vanvørder ein av hans minste små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Ein engel er ein bodberar og eg tenker meg at det er ånda deira.

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]  

Prestane i kyrkja talar varmt om barnevelsigning, spesielt i tilknytning til barnedåp. Og etter reformasjonen forplikta dei seg til å gi opplæring i Guds Ord også, forkynne evangeliet om Kristus. Eg er sjølv oppvoksen i kyrkja og eg er viss på at vi vart velsigna også, for den som velsignar Kristus blir velsigna. Eg vart med i kyrkja og på bedehuset og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og be for folket og landet.  Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus om å gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har svart meg positivt på det sidan eg var ung, det er inkludert i det fullkome frelsesverket. Eg har studert realfag og eg hevedar at med den Anden Jesus har gitt meg har eg åndeleg openberring og åndeleg innsikt som støttar opp om den rasjonalistisk innsikta eg treng når eg studerer realfag.

Gud er ånd, han er den fyrste og den siste, han har rørt ved oss ved sin Ande, ved trua på Jesus har vi fått hans Ande som eit segl som stadfester at vi tilhøyrer han. Då skal vi også leve for han. Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og slik utruster han oss til å leve for han.

Den moralfilosfiske tradisjonen tru, ville ikkje prestane tillate vanlege folk å forkynne Guds Ord og det har kvinnerørsla forsterka ved protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Eg ser dette på grunnlag av empirismen som motsetnad til rasjonalismen. Rasjonalitet betyr forstand og det treng vi i realfaga. Vi alle treng å gjere bruk av vit og forstand, men i den moral- og politsik-filosofiske historia, og religionshistoria ligg der ein tradisjon med å dåre og forføre menneska og framtille dei som dumme, for å få makt over dei.

Paulus sa at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, ved å helge Kristus som Herre i sitt hjerte altså. Og då må ikkje brørne lure han.

1TE 4,3 – 1TE 4,8 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Men det er nettopp det dei gjer på denne måten. Vi vert helga ved Guds Ord og den Heilage Ande, men dei vil ikkje tillate han å forkynne Guds Ord og kjennast ved Jesus for henne, som sin frelsar og Herre og fri til henne på den måten. Så dersom ein mann vil ha seg ei kone, må han prøve å forføre henne. 

Dette er ikkje å velsigne, men å forbanne. Kva betydning har då barnedåpen? Gud er ånd, han er den første og den siste, han rørte ved oss og gjorde sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Og no skal det ikkje ha noko betydning lenger? Det vert sett ut av spel? Det som har betydning i staden, er kva du ser og sansar i det materielle miljø, den kroppslege berøringa. Men når det kjem til erstatning for Gud og hans Ord, blir det til avgudsdyrking og keisardyrking.

Apostlane åtvara mot Bileams villfaring.

JUD 1,11   Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.

Han var ein profet som kong Balak ville lønne for å forbanne israelsfolket når dei var på vandring mot det lova landet. Men Gud sa til han at han måtte ikkje seie noko anna enn det som han sa til han og det vart velsigning i staden for forbanning (4.Mos.22).  Som Guds profet kunne han ikkje vere korrupt altså og seie noko anna enn det som Gud gav han å seie. Seinare vart Bileam likevel med i krigen mot israelsfolket og då fall han. Men dersom han hadde lært, så hadde han gjort rett i å ta parti med israelsfolket.

Gud lova Abraham at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle velsignast, men dei som forbanna han skulle forbannast. Denne lovnaden får vi oppfyllt ved trua på Kristus. Vi velsignar han og blir velsigna. Då må vi ta parti med han.

Empirismen og tilsniking av makt.

I følgje empirismen får vi all vår kunnskap ved erfaring av det som er rundt oss, men det er i seg sjølv ein rasjonalistisk påstand. I realfaga har vi både empiri og rasjonalitet, metoden i naturvitskapleg forsking er hypotetisk deduktiv. Rasjonalitet betyr forstand, ved trua på Gud forstår vi og ved bruk av vit og forstand frå vi eit meiningfyllt liv. Dersom nokon då vil fornekte vår rasjonalitet, kan det ha seg slik at dei ikkje vil unne oss eit meiningsfyllt liv, kva vi sjølve seier og meiner betyr ikkje noko, det er berre kva andre seier og meiner som betyr noko og slik prøver dei å gjere oss til slavar.

Dette blir tydeleg når ein ung mann vert glad i ei ung kristen kvinne, så han vedkjenner si tru på Kristus til henne og vil snakke med henne for å fri til henne, spesielt dersom han er ein kroppsarbeider og er interessert i realfag. Då held dei han for å vere for dum og ulærd til å få snakke med henne eller i det heile teke få ha noko med henne å gjere. Men ho er kanskje ikkje klar over at det er ho sjølv som også vert halden for å vere for dum og ulærd til det. Dei begge vert gjort til salsvare. Sidan dei soleis fornektar Kristus, blir alternativet å prøve å freiste og forføre menneska, for å prøve å få makt over dei på den måten.

Etter protesten mot Paulus si lære, har dei visst drive med ei kjønnsforsking på samfunnsfag, lausrive frå biologien, så dei har ikkje rasjonaliteten i realfaga heller. Då er ikkje dette ekte vitskap, men det er eit forsøk på å tilsnike seg makt over andre menneske, det er kunstig, til samanlikning med dei kunstige avgudane.

Paulus fekk merke at der var dei som forkynnte evangeliet for å tene pengar på det og han profeterte om at dette kom det vil å verte meir av, det kom til å verte verre, så behovet for pengar og makt kom til å ta over og fortrenge den evangeliske forkynninga.

APG 20,17 – APG 20,38   Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. 18 Og då dei kom, tala han til dei:  De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. 19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. 24 Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje. 28   Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! [med sitt eige blod: kan òg omsetjast: med sin eigen Sons blod; sml. Ef 5, 25; 1 Pet 1, 18 f.] 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få. 36   Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 37 Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han. 38 Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet.  

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.  

Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, ta tankar til fange under lydnad mot Kristus.

Paulus forfølgde Jesu kyrkje, men ved Guds nåde fekk han eit syn som fekk han til å vende om til Kristus. Då fekk han noko å tenke på, korleis kunne han som meinte han hadde vore så rettlærande ha teke så feil? Dette skreiv han mykje om i Romarbrevet, han forklarde det med at han var seld som træl. Men Jesu kjøpte han fri med sitt eige blod, av berre nåde fekk han Kristi Ande, han vart fødd av Anden og fekk barnekår hos Gud.

Omskjeringa i den gamle pakt vart gjort på mannens kjønnslem. Den er førebilete på hjerteomskjeringa i Anden, i den nye pakt. Poenget er at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, den skal råde over kjøtets lyst og då spesielt over kjønnslysta. 

Israles Gud er alt kjøts Gud, for han skal alt kjøt vere stille. Det  er tale om menneskets kjøtlege natur altså. Han har gitt Kristus makt over alt som kjøt heiter, han vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han til å vere vår frelseskonge og vår øvsteprest. Salvinga er symbol på den Heilage Ande. Så sende Kristus den Heilage Ande til disiplane sine og utrusta dei til tenesta, til å gå ut i heile verda med den galde bodskapen. Og slik har Gud utgytt sin Ande over alt kjøt. Det er ei glede og det er gratis, det er berre å ta imot i tru. Ved trua på Kristus har vi fått håp om Guds herlegdom og håpet gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt.

RMR 5,1 – RMR 5,11 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.  

Vi er forsona med Gud og er komne inn i eit slikt forhold til han som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivand ånd. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss slik som i 1.Mos.2, for han er den same no. Dette er den glade bodskapen både for mann og for kvinne.

Vi må rekne med at det er kontroversielt og konfliktfyllt for verda, for menneske vil av sin kjøtlege natur opponere mot Anden og det motsetnadsforholdet vil vi også komme til å merke i vår kropp. Det vi må gjere då, er å vende oss til Kristus og søke nærare inn til han, påkalle han og lovprise han som vår frelsar og Herre. Lese i Bibelen, høyre forkynninga av Ord, ta imot det i tru og takke for det.

Sidan den kjøtlege menneskenaturen opponerer mot Anden, vil tankebygningar verte reiste mot kunnskapen om Gud, men med den utrustninga Gud gir oss med sin Ande og si kraft, skal vi rive dei ned og ta kvar  tanke til fange i lydnad mot Kristus.

2KO 10,3 – 2KO 10,5 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.

Ein mann vil sjå dette frå sin synsstad og ei kvinne vil sjå det frå sin synsstad, men ved trua på Kristus har vi fått same Ande, barnekårsanden. I denne Anden har vi fridom. For han som er i oss er større enn han som er i verda.

RMR 8,14 – RMR 8,17 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.  

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.  

1JO 4,4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.

Trua, entropilova og utviklingslæra.

Få eit meiningsfullt liv ved trua på Jesus. Til dømes når ein ung mann vil rydje seg ein gard? Overleving for den mest veltilpassa?

Utviklingslæra talar om ”overleving for den mest veltilpassa”, for det er om å gjere å tilpasse seg naturmiljøet for å overleve. Og kravet om å tilpasse seg dei verdslege herskarane verkar ofte kunsig i forhold til dette, det viser seg spesielt ved dei kunstige avgudane deira. 

Den seier også at livet er ein kamp for tilværet, men med fysikken kan forståast på ein annan litt annan måte, det treng ikkje nødvendigvis vere i kamp eller konkurranse med andre. For i følgje entropilova vil den totale entropien auke i ein kvar energiprosess, så det vert meir uorden. Likevel kan det verte meir orden lokalt, så når vi arbeider for å skape oss materiell verdiar, blir det opparbeidd ein orden lokalt som er verdifull for oss. Så oppbyggande arbeid konkurrerer med  nedbrytande krefter.

Med trua på Jesus får vi ei overordna meining med livet og det også betyr orden, Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, så vi får oppleve at Gud skaper orden. Dette kjem altså i tillegg til den orden som naturleg kan oppstå lokalt og skal overstyre den danningsprosessen. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han.

For å tale om kva som gir ein mann meining med livet og som han vurderer som verdifullt for seg, kan vi til dømes tenke oss at han tek over ein gammal gard, kjøper den eller arvar den. Den er nedegrodd og husa er falleferdige eller kanskje er det berre ei øydemark, med myrar, kratt og skog som han vil dyrke opp til ein gard. Han tek landbruksskule og går i ein kyrkjelyd og ber til Gud over det og ber han spesielt om ei kone, for ho vil i seg sjølv gi han meining med det heile og vere til hjelp for han. Slik startar det med ein orden i hans tankeliv, i hans hjerte og hans hjerne. Så går han til verket for å prøve å gjennomføre mest mogleg. Men i tru på Gud må han overlate det til han å gjere sin del av oppgåva, la han gjere sitt verk.

Slik arbeider mannen for å opparbeide seg ein ordne som er verdifull for han og som Guds medarbeidar ventar han seg at han skal gjere sin del av oppgåva. Men så kan det hende der er dei som meinar seg å vere så vise og lærde, at dei held han for å vere vere dum, sidan han er berre ein kroppsarbeidar som endåtil trur på Gud. Dei veit korleis dette jordstykket såg ut, det har dei empirisk erfaring av, det er ”fakta”, så det kaller dei vitskap, for med vitskapleg tyngde å argumentere mot at der i det heile teke skulle skje noko endring. Men dette er ikkje vitskap, sjølv om det aldri så mykje var fakta. Til tross for at dei prøvde å bruke vitskapen som argument mot trua, viser det seg at eigentleg argumenterer dei mot naturvitskapen. For det manglar rasjonalitet Og slik er det med det empiriske vitskapssynet, slik kan det gjere bruk av fakta for å stoppe utvikling og framgang, når ein kvan synest det passar dei. Men dette er å bannlyse han og jordstykket hans og interessa som ligg bak er sannsynlegvis pengar og makt. Dessutan høver det med den tradisjonelle moralfilosofisk oppfatninga av at den fysiske naturen er vond..

Men dersom du forstår deg på naturen, så forstår du kva som skal til for å få ut utvikling og framgang, du forstår korleis du skal få det til og så prøver du å gjennomføre det. Har han vokse opp med jordbruk, er det klart at den erfaringa er verdifull. Og med trua på Gud forstår du endå meir, så du endåtil får be han om hjelp til å gjennomføre det. 

Slik kan vi forstå forteljinga om Edens Hage, det starta med ei tørr og livlaus jord, den vart til ein hage med liv og røre, men menneska vert utestengde frå den og enda opp med ei jord som bar torn og tistel. Og slik kan vi forstå forteljinga om israelsfolket som fekk lovnad om eit land som flaut med melk og honning. Men det vart herja, dei vart bortførde og det vart til ei øydemark. Men lovnaden om at vi ved trua på Guds Ord skal få komme inn til Guds kvile, står ved lag.

”Eg tenker, altså er eg”, sa Descart. Det kunne han vere heilt sikker på. Og så tenkte han seg at der er ein Gud som ikkje er materiell, men som er ånd. Og Guds born er fødde av Anden og lever i samfunn med Gud som er ånd. Dei talar med han og hans svarar dei. Så dei kan tenke slik som Descart. Men så er der dei som fornektar trua på Faderen og Sonen. Og så viser det seg at dei har problem med å erkjenne dette som vi skulle kunne vere mest sikre på, at vi eksisterer, at ”eg tenker, altså er eg”. Men det er då verkeleg ikkje vitskapleg å nekte for at vi eksisterer!

Vi har bedt til Gud og fått oppleve at han lækjer sjukdom. Dersom dei vil halde seg til fakta, så må dei innrømme det. Dei som dei vil bruke empiri som ein del av si vitskaplege metode, så må dei vere konsekvente, dei kan ikkje nekte for det som faktisk har skjett. 

Nåden, sanninga og naturvitskapen.

Naturvitarar har undra seg over kvifor den nye naturvitskapen ikkje vart oppdaga før, der har då vore mange høgtståande sivilisasjonar før oss. Dei gamle greske naturvitarane klarde ikkje vere samde, så tok moralfilosofien over og demokratiet vart erstatta av diktatur. Den gamle ”lærde”  overklassa hadde makta, med klagemål mot vanlege menneske om at dei av naturen var for dumme til å lære og forstå. Ei lærd elite skulle styre med diktatorisk makt.

Lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Kristus. Han velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som små born, for å komme inn i det. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. Ved at han døde i staden for oss, sikra han oss den retten. Han sende oss den Heilage Ande frå himmelen og den openberrar Ordet for oss. Sanningsanden lærer oss alt. Den openberrar for oss det som Gud i sin nåde gir oss og fridomen i barnekåret betyr fridom til å velje det som Gud gir oss, velje å tru og erkjenne det som Anden overtyder oss om.

Slik også når det vert stilt hypoteser og sett fram teoriar, vi er fri til å stille hypoteser og velje det som synest vere best og mest haldbart som teori. Eg forstår det utifrå det som Jesus sa om at vi skulle gå ut og bere frukt, frukt som varer. Så evangeliet dannar eit godt grunnlag for å tenke naturvitskapleg.

Men så viser det deg at det er mange som spottar oss på grunn av vår barnetru og held oss for å vere dumme, særleg dersom vi vert verande i vår barnetru som voksne. Naturvitskapen vert brukt som argument mot trua, men så viser det seg at moralfilosofien tek over, til samanlikning med utvikling ai det gamle Hellas, og resultatet strir både mot kristendomen og naturvitskapen.

Metoden er å underkjenne deg denne fridomen i barnekåret og nekte deg den, fridomen til å velje det gode som Gud vil gi deg, velje det vituge som Anden overtyder deg om. For dei påstår at du er for dum og for vondt til det og det krev dei å få rett i. Og kvifor det? Jau, for slik argumenterer dei for at ei lærd elite skal styre med diktatorisk makt og det endåtil i eit demokrati. Men det er dette som øydelegg demokratiet og samfunnet innanfrå. 

Men på evangeliets grunnvoll har eg frimod til å stige fram for nådens trone. Det har Jesus kalla meg til, han talar til meg frå himmelen og har kalla meg til å snakke med han. Då er eg fri til å seie det som ligg meg på hjertet, seie det som Anden overbeviser meg om. Ingen kan hindre meg.

Livet er ein kamp for tilværet, det viser historieforteljingane i Bibelen også. 

Uttrykket ”kampen for tilværet” er henta frå biologien, det vert brukt om rovdyra si jakt på byttedyra og byttedyra sin kamp for å berge seg frå rovdyra. Og om konkurransen innad i ein art, spesielt handyra sin konkurranse om hodyra. Det vert brukt om menneska også, sjølv om vi reknar oss for å vere meir høgtståande og etter kvart meir siviliserte enn å leve i ein primitiv, dyrisk kamp for tilværet. Men vår historie langt bak i tid viser då at folka har kriga mot kvarandre og søkt hjelp frå sine gudar, med sine gudar og sin moral prøvde dei å heve seg over andre, men dei var då ikkje gudar og krigane var brutale. Trua på gudane var bortforklaringar, i realiteten var det kampen for tilværet liksom hos andre dyr. 

Likevel blir det påstått i Bibleen at det var Gud som gjorde det, så det var han som skapte gjennom utvikling. Assyrarkongen gav seg sjølv æra for å ha ytrydda gudane til andre folk, likevel dyrka han sin eigen avgud. Men Israels Gud sa at det var han som gjorde det og han ville ikkje tillate assyrarkongen å utrydde andre folk, slik som han hadde tenkt.

JES 10,5 – JES 10,19 {DOMEN OVER ASSURS HOVMOD}  Ve Assur, mitt vreideris!  Min harme er staven i hans hand. 6   Eg sende han mot eit gudlaust folk,  baud han fara mot det folk eg var harm på,  så han kan røva og rana og plyndra  og trakka det ned som avfall i gata. [eit gudlaust folk: Israel, som har falle frå Herren.] 7   Men han har ikkje meint det så  og gjer seg ikkje slike tankar.  Nei, til å øyda står hans hug  og til å rydja ut mange folk.  8   Han seier: “Er ikkje mine stormenn  kongar alle saman? 9   Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?  Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,  og Samaria som Damaskus? [Kalno (= Kalne, Am 6, 2), Hamat og Arpad: arameiske bystatar som vart hærtekne av assyrarane.] [Karkemisj: viktig by ved øvre Eufrat. Sml. Jer 46, 2.] 10   Når mi hand har nått til dei rika  der dei dyrka andre gudar,  og der det var fleire gudebilete  enn i Jerusalem og Samaria, 11   skulle eg ikkje då kunna gjera det same  med Jerusalem og gudebileta der  som eg gjorde med Samaria og gudane der?”  12   Men når Herren har fullført alt sitt verk  på Sion-fjellet og i Jerusalem,  då krev eg Assur-kongen til rekneskap  for fylgjene av hans hovmodige ferd  og for trassen i hans stolte augo. 13   For han har sagt:  “Dette har eg gjort med mi sterke hand,  og i min visdom, for eg er klok.  Eg sletta ut grenser mellom folkeslag  og plyndra skattane deira.  I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona. 14   Mi hand greip etter rikdomen åt folka  som ein grip etter eit fuglereir.  Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,  har eg samla alle land på jorda.  Det fanst ingen som rørte ein veng  eller opna nebben og peip.”  15   Briskar vel øksa seg mot den som høgg,  set saga seg over den som sagar?  Som om staven skulle svinga han som lyfter han,  og stokken lyfta han som ikkje er av tre!  16   Difor skal Herren, Allhærs Gud,  senda tærande sjukdom  mellom assyrarkongens sterke menn.  Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,  og som eit bål skal han loga. 17   Israels ljos skal verta ein eld,  Israels Heilage ein loge  som brenn i landet hans  og øyder både torn og tistel  på ein einaste dag. 18   Han skal gjera ende på rubb og stubb  i dei herlege skogane og hagane hans.  Det skal gå som når ein sjuk tærest bort. 19   Dei tre som vert att i skogen,  skal vera lette å telja;  ein smågut kan skriva dei opp.  

JES 37,15 – JES 37,38 Hiskia bad til Herren og sa: 16 “Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda. 17 Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr alle dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud! 18 Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt alle land og folkeslag. 19 Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei. 20 Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.” 21   Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria. 22 Og dette er det ordet Herren talar mot han:   Ho hånar deg og spottar deg,  Sions dotter, den unge møy;  ho rister på hovudet etter deg,  Jerusalem, den unge jenta. 23   Kven er det du krenkjer og vanærar?  Kven tek du til ords imot?  Høgt lyfter du augo dine  mot Israels Heilage.  24   Du lét dine tenarar spotta Herren  og sa: “Med mine mange vogner  fór eg opp til dei høge fjell,  langt inn på Libanon.  Der felte eg høgvaksne sedrar  og dei finaste sypressar.  Eg nådde til den høgaste topp,  der skogen står som ein hage. 25   Eg har grave etter vatn  og drukke or framande kjelder.  Med mine fotsolar turka eg ut  alle elvane i Egypt.”  26   Har du ikkje høyrt om dette?  Eg planla det for lenge sidan;  eg laga det så i eldgamal tid,  og no har eg sett det i verk.  Så kunne du øyda festningsbyar  og gjera dei til ruinhaugar. 27   Dei som budde der,  stod med kraftlause hender,  fylte av redsle og skam.  Dei likna vokstrane på marka,  den grøne groen og graset på tak,  som svid av før det veks til. 28   Om du sit eller står,  om du kjem eller går,  så kjenner eg til det.  Når du rasar mot meg, veit eg om det. 29   Men fordi du rasar mot meg,  og eg har høyrt kor sorglaus du er,  set eg ring i nasen din  og legg beisel i munnen din.  Så fører eg deg attende  den vegen du er komen.  30   Dette skal du ha til teikn:  I år må de eta det som gror av spillkorn,  og til års korn som har sått seg sjølv.  Men tredje året skal de så og hausta,  planta vingardar og eta frukta. 31   Den resten av Juda som vert berga,  skal atter skyta djupe røter,  og greinene skal bera frukt. 32   For frå Jerusalem kjem det ein rest,  frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.  Dette skal Herren, Allhærs Gud,  gjera i sin brennhug.  33   Ja, så seier Herren om assyrarkongen:  Han skal ikkje koma inn i denne byen  og ikkje skyta ei pil dit inn.  Han skal ikkje gå imot han med skjold,  og ikkje kasta opp ein voll imot han. 34   Den vegen han kom, skal han fara attende;  i denne byen skal han ikkje koma inn,  lyder ordet frå Herren. 35   Eg vil verna byen og berga han  for mi eiga og for min tenar Davids skuld.  36   Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185.000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. 37 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive. 38 Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.  

Trua på skapingssoga høver med entropilova og med ein logikk som ikkje er sirkeltenking.

Eg meiner altså at både utviklingslæra og skapingssoga er rett og eg har skrive om det til diverse frie kyrkjelydar og skrive om det på heimesida mi. Utviklingslæra er vitskap og kan ikkje opphøyast til ei religiøs tru, så kravet om at du skal tru på den skulle kunne brukast til å avgrense din ytringsfridom, din akademiske fridom og dine moglegheiter til å få undervisningsjobb. Ein slik situasjon kan oppstå når det er relevant og det er mest aktuelet for realistar, men dei vil forholde seg til den på lik linje med anna naturvitskap. Dei gjer ikkje vitskapen til religiøse dogme.

Vi kjem ikkje bort ifrå at utviklingslæra får politiske og filosofiske konsekvensar. Når vi les i Bibelen om alle krigane, der folka søkte hjelp hos avgudane sine, så vil vel realistar flest kalle religionen deira for irrellevant og forklare det som ein naturleg kamp for tilværet. Slik kan det smanliknast med det som er sagt om assyrarkongen ovenfor. Han meinte det var han som hadde gjort sitt verk, men eigentleg hadde han også sin avgud som han dyrka. Men Israels Gud sa at det var han som gjorde sitt verk og så audmjuka han assyrarkongen også.

I følgje antikk mytologi sparang gudane ut av ein kaoskamp og fekk herredøme på kvar sine område i tilværet. Men naturen vart ikkje forståeleg med det og som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann krigaren og diktaren Aiskhylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så alt om skjedde var hans verk. Så det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. 

Vi møter her ei problemstilling som gjentek seg. Det er ei sjølvmotseiing. For det som spran ut av kaos er kaos og kan ikkje styre som om det ikkje skal vere kaos lengre. Det bryt med entropilova. Der finst ikkje nokon perpetum mobile. Det er ikkje noko som skapar seg sjølv. Vi kan ikkje bytt om årsak og verknad eller bytte om premiss og konklusjon når vi ikkje har biimplikasjon i eit logisk resonnement, då blir ikkje sirkeltenkinga logisk. 

Dei tek utgangspunkt i naturvitskapen og brukar den som argument mot skapingssoga, men endar opp med noko som ikkje er naturvitskapleg. Det viser at resonnmentet deira ikkje er logisk, det er ei sjølvmotseiing.

Vi får alle merke og oppleve at livet er ein kamp for tilværet, frå vi er born, opp gjennom oppveksten og i voksen alder, det er realiteten, men vi må vite å sjå vår avgrensing og vere realistiske slik også. Så gjer vi også klokt i å hugse på Jesus ord om å vende om og verte som barn, for å komme inn i Guds rike. Vi må lære oss å stole på han og ha tillit til han som ein far som elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Då viser det seg at dei som fornketar Faderen og Sonen også nektar for at Gud gjer sitt verk med oss og svarar på vår bøn og har omsorg for oss som sine born og så krev dei og forventar at vi skal gjere Guds verk i staden. Ideologien er altså at mennesket skal gjere seg sjølv liksom Gud, liksom ved syndefallet. Det kan forståast som overmennesket og verte kalla rasisme. Men det kjem altså som resultat av deira eigen Guds-fornekting og det vi har å gjere er å halde fram med å tru på Faderen og Sonen og leve i fridomen i barnekåret.

Utviklingslæra er ein naturvitskapleg teori. Men med avgrensing av ytringsfridomen og politisering, ser vi konturane av noko som liknar totalitære regimer i nær historie.

Sjølv om vi opplever at livet er ein kamp for tilværet og tenker slik også, kan vi vel vite vår avgrensing både med å vere realistiske og ved å tru på Gud. Slik kan vi i tråd med liberalismen vere realistiske, tenke vitskapleg og halde oss til evangelisk kristendom.

Som naturvitskapleg teori er utviklingslæa så pass solid at den kan brukast i alle samanhengar, om kven som helst, same enten dei forstår det og tenker slik eller ikkje. Men sett no at einskildmenneske og vanlege folk forstår det, tenker slik og erkjenner det og det viser seg i vanleg samtale. Då viser det seg at mange av desse som liksom rekna seg for å vere så vise og vitskaplege, at dei brukte vitskapen som argument mot trua på Gud, protesterer med å kalle det rasisme. Det er spesielt folk med tilknytning til venstresida i politikken. Dermed avgrensar dei den naturlege kampen for tilvære som om den er rett berre for deira kollektiviske, politiske kamp, fordi den har eit visst preg av sosialt samhald og derfor har eit visst preg av sosialisme. Men då er det ikkje naturvitskap lenger.

Det viser seg altså ein filosofi og ein politikk som gjer utviklingslæra til ein kollektivisme som motsetnad til det individuelle, så det byrjar å minne om nazismen i Tyskland og sosialismen i Sovjet under andre verdskrig. Men det er uvitskapleg liksom trua på det germanske overmennesket og lyscenkofadesa. Protesten mot at kvinna skal vere kone til ein mann strir både mot evangelisk kristendom og naturvitskapen og kjønnsforskinga på samfunnsfag strir mot både vitskapen og demokratiske rettar både med metode og resultat. 

Med naturvitskaplege metode er det vist at det er genetiske skilnadar mellom ulike folkeslag og det kan forklarast med behovet for å tilpasse seg naturmiljøet. Dette blir det protester mot på grunnlag av påstand om at den kvite rase vil bruke slikt til å heve seg over andre. Men då utlukker dei den interessa som ligg i det naturlege samhaldet i eit folk. Og kvifor det? Jau, for det har kvinnerørsla øydelagt med sin protest mot Paulus si lære, ved å forkaste evangelisk kristendom altså.

Klassekampen var ei indre drivkraft ved framveksten av Romarriket, samtidig gjorde dei bruk av ein splitt- og hersk-taktikk mellom dei ulike delstatane. Men ved keisar Augustus byrja keisardyrkinga og dei som levde umoralsk vart jaga frå Italia, men det var med den gamle religionen  med keisardyrkinga sin definisjon på kva som er umoralsk og så viste det seg at det førde til kristendomeforfølging. 

Fråfallet i vår tid er motivert av ei liknande politisering, så det resulterer i ein splitt- og hersk-politikk eitt og same folk, ein og same delstat. Og den går så djupt at det med rasisme-/antirasisme motsetnaden deler eitt og same folk som om dei er to ulike menneskeraser, som om der er ein slik samfunnsvitskapleg definisjon av menneskeraser som skal ta over for den naturvitskaplege definisjonen. Men dette er ikkje vitskap.

Barnekår hos Gud og meininga med livet. Motivet med å arbeide, studere og å forske. Er det i dine eigne interesser, er det for å søke sanning eller er det motivert av moralfilosofi? 

Vi får komme til Jesus slik som vi er og seie det som ligg oss på hjertet, det vi har  å be om og det vi ærleg meinar. Ved trua på han har vi fått barnekår hos Gud, han elskar oss og har omsorg for oss som sine barn, vi ber til han og han høyrer oss og gir oss gode gåver. Han har omsorg for oss og oppseder oss og lærer oss opp. Vi har fått Guds Ande og Guds kjærleik i hjertet og vert motiverte av Guds kjærleik og drivne av Anden. Kristus er sanninga, vi tilhøyrer han og lever for han, når vi søker han, så søker vi sanninga. 

Slik også når vi studerer. Det vi ynskjer, ber Gud om, det vi seier og meiner er å forså som forslag til samanlikning med hypoteser, det er også forslag. Mykje anna kan også verte foreslått av andre. Då er det viktig for oss å ha det klart for oss at vi er sjølve fri til å velje dei forlaga som vi sjølve synest er gode, for får eigen del. Vi er fri til å ta imot dei svara som Gud gir oss og så har vi kriterier til å avgjere kva som er gode hypoteser som fortener å verte kalla teori. Naturleg nok har vi mål og meining med livet slik som andre menneske, men ved trua på Jesus har vi eit overordna mål og meining med livet og det er frigjerande.

Det mest fundamentale er at Jesus har kjøpt oss fri med sitt eige blod, derfor er vi fri. Han er sanninga som set oss fri, har vi fått hans Ande, så tilhøyrer vi han og då skal vi leve for han. Halleluja.

Men så kan det hende at der er verdslege autoritetar som med sin moralfilosofi og politiske filosofi ventar seg at vi skal leve for dei i staden. Det er tydelegvis poenget med den såkalla kvinnefrigjeringa, det vart då tydeleg med deira protest mot Paulus si lære.  Ved å fornkete Faderen og Sonen gjer dei krav på menneska som om dei skal eige dei i staden og gjer dei til salsvare, som trælar. Deira moralfilosofi verkar som krav om at dei skal prøve å tilfredsstille avgudane. Men det er då eigentleg meiningslaust, for dei eksisterer ikkje.

Tilværet er forståeleg, så spørst det om vi er forstandige nok til å forstå.

Trua og vitskapen.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, derfor er naturen forståeleg. For omlag 3000 år sidan oppstod den tanken i Hellas, at naturen er forståeleg, slik byrja den antikke naturfilosofien og den stod i motsetnad til antikk mytologi. Men dei hadde ikkje eksperimentelle metoder til å avgjere kva som var rett og vart ikkje samde, så tok moralfilosofien over. Ved renessansen vart naturfilosofien gjenoppdaga og utvikla vidare med nye eksperimentelle metoder.

I tru skjønar vi at naturen er skapt ved Guds Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Så vi kan bruke usynlege teoriar til å prøve å forstå naturen og tilværet. 

HEB 11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Vi trur med hjertet og med den trua forstår vi, så spørst det kor stor trua vår er. Vi prøver å forstå med forstanden, men vi må innrømme at det er begrensa kor mykje vi klarer å forstå. Gud skapte menneska i si likning, så då skulle vi ha føresetnad for å forstå ein god del. Men det viser seg at det er stor skilnad på kor mykje vi klarer å forstå. Skilnaden er spesielt stor i evna til å forstå matematikk og i dei meir matematiske faga.

Newton utvikla matematikk som han så brukte til å utvikle fysikken. Mykje matematikk vart utvikla på 1800-talet som så vart brukt til å utvikle fysikk etter 1900, relativitetsteorien og kvantefysikken. Teoretisk fysikk vart utvikla før det vart gjort observasjonar som støtta det, eg tenker spesielt på relativitetsteorien og på hypotesa om Higgs-partikkelen. Begge teoriane har vorte understøtta av eksperimet sidan. 

Eg forklarar altså dette med at Gud skapte menneska i si likning. Dette til tross for at Higgs kalla seg ateist, fordi han ikkje trudde at Gud skapte alle ting på sju dagar. Men desse dagane er då ikkje jord-dagar, men lange epoker. Vidare vil eg tilføye at forsking ber likevel preg av gambling. Så eg ser det på grunnlag av at Gud har gitt oss barnekår hos seg. Barnet leikar og lærer av å leike, så vi kan kalle det å eksperimentere. Slik også når det byrjar å tale, det lærer å tale ved å prøve. Om barnet seier noko gale vil ikkje foreldra straffe det for det, men vere glade for å få høyre at det byrjar å prøve og så tale med det, for å lære det opp. Slik også når vi stiller hypoteser for å prøve å finne ut kva som er rett og få meir innsikt og kunnskap med innsikt.

Klassisk fysikk med bølgelære og kvantefysikken er to modellar og forklaringsmåtar som begge synest vere rette, men som ikkje er sameinlege, som om dei begge er avgrensa, men overlappar kvarandre. Så spørst det om dei klarer å sameine dei i ein heilskapleg teori.

Til samanlikning er er utviklingslæra og skapingssoga to teoriar som er ulike og motstridande, men begge kan vere rette. Utviklingslæra handlar om livets utvikling på jorda og er avgrensa i forhold til fysikken, astronomien og geologien. Og den er også avgrensa i forhold til trua på at Gud har skapt det. Det er dei andre naturvitskapane også.

Trua og moralen. Gud ville gi folket sitt eit kjøthjerte i staden for eit steinhjerte.

Opphavleg levde menneska i samfunn med Gud slik det er fortalt i 1.Mos.2. Gud er ånd og Gud er kjærleik og han er personleg og når dei levde i samfunn med han var det hjerteleg og det var personleg. Då forstod dei med hjertet, fordi dei opplevde hans nærver og då forstod dei med hjerna også. 

Men kvinna let seg dåre og forføre og ho fekk med seg mannen sin også. Då vart dei uforstandige og utstøytte og jorda vart forbanna. Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han vart velsigna og i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast.

Men når Moses skulle leie folket inn i det lova landet, viste det seg at dei ikkje trudde, til tross for alle dei undergjerningane Gud hadde gjort for dei. Derfor fekk dei likevel ikkje komme inn til Guds kvile. Dei fekk Moselova, men vandra i øydemarka til der kom ein ny generasjon. 

Når dei sidan var komne inn i det lova landet, viste det seg at dei ikkje heldt seg til Moselova likevel, men fall ifrå han og dyrka andre gudar i staden. Det mest fundamentale problemet var at dei ikkje trudde, derfor kom dei ikkje til kvile og ro likevel. Lova var skriven på steintavler, til samanlikning var hjarta deira som av stein. Dei æra Gud med munnen, men hjarta deira var langt borte frå han. Men Gud ville ta ut steinhjarta deira og gi dei eit kjøthjarte i staden.

JES 29,13 – JES 29,16 {MENNESKEBOD OG HERRENS VISDOM}  Herren sa: Fordi dette folket  held seg nær til meg med munnen  og ærar meg med lippene,  medan hjarta er langt borte frå meg,  og fordi deira age for meg  er menneskebod som dei har lært seg, 14   difor vil eg framleis fara underleg fram,  underleg og underfullt mot dette folket.  Då skal visdomen åt deira vismenn forgå  og klokskapen åt dei kloke kverva.  15 {KRUSMAKAREN OG LEIRA}  Ve dei som nede i det djupe  løyner for Herren det dei har føre!  Dei gjer sine gjerningar i mørkret  og seier: “Kven ser oss, kven veit om oss?” 16   Kor bakvendt de tenkjer!  Skal ikkje krusmakaren  aktast høgare enn leira?  Kan verket seia om handverkaren:  “Han har ikkje laga meg,”  og kjeraldet om krusmakaren:  “Han skjønar seg ikkje på slikt?”  

ESK 11,19 Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden. [eit nytt hjarta: Sml. 36, 26; Jer 31, 31 ff.]

JER 24,7 Eg vil gje dei eit hjarta så dei kan kjenna meg, og skjøna at eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, når dei vender om til meg av heile sitt hjarta. 

JER 31,34   Då skal ingen lenger  læra sin neste og sin bror  og seia: “Kjenn Herren!”  For dei skal alle kjenna meg,  både små og store, seier Herren.  For eg vil tilgje deira misgjerning  og aldri meir koma deira synd i hug.  

JOH 1,12 – JOH 1,18 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.  

JOH 17,1 – JOH 17,3 {JESUS BED FOR ALLE SINE}  Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:  Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.

Skaparverket er fullført og Jesu frelseverk er fullkome. På det grunnlaget får vi kvile. Men det er ved at vi tek imot Guds Ord og trur det.

Gud fullførde sitt skaparverk og Jesu frelseverk er fullført og fullkome. På det grunnlaget får vi kvile, men det er ved at vi tek imot Guds Ord og trur det.

JOH 5,17 Men han sa til dei: “Far min arbeider til denne dag, og eg arbeider òg.”

HEB 4,3 – HEB 4,4 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:  Så svor eg i min vreide:  Dei skal aldri koma inn til mi kvile!  Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk.

ÅPE 4,8 – ÅPE 4,11 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:  Heilag, heilag, heilag  er Herren Gud, Den Allmektige,  han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11   Verdig er du, vår Herre og Gud,  til å få all pris og ære og makt.  For du har skapt alle ting;  du ville det, og dei vart til, skapte av deg.  

ÅPE 5,7 – ÅPE 5,14   Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:  Verdig er du til å ta imot boka  og bryta segla på henne.  For du vart slakta  og har med ditt blod frikjøpt for Gud  menneske av alle ætter og tungemål,  av alle folk og folkeslag. 10   Du har gjort dei til eit kongerike,  til prestar for vår Gud,  og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:  Verdig er Lammet som vart slakta,  verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,  ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:  Han som sit på kongsstolen,  han og Lammet skal ha all takk og ære,  pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.  

”Sions dotter” er både jødar og heidningar som Jesus frelser og set fri.

Liksom israelsfolket var Guds kone er dei kristne Jesu brud.

Liksom israelsfolket var Guds kone, er dei kristne Jesu brud. Israelsfolket fall ifrå han og dyrka andre gudar og han straffa dei med å la dei verte bortførde til Babylonia. Til samanlikning er det profetert om fråfallet i kyrkja (2.Tess.2). Men Gud vende lagnaden til folket sitt og let dei få komme heim att til landet sitt, slik vende han lagnaden for dei andre folka også. Dette er førebilete på den glade bodskapen som skulle fokynnast for alle folkeslag, evangeliet om Guds Son, Jesus Kristus.

Gud frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og førde dei til det landet han hadde lova dei, der skulle han vere deira gud og dei skulle vere hans folk. Til samanlikning har Jesus betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda avgudane og synda, så vi skal tilhøyre Kristus og leve for han.

Ein brudgom som elskar si brud og ein ektemann som elskar si kone vil naturleg nok prøve å tilfredsstille hannar behov og så vente seg at ho vil svare på hans kjærleik med kjærleik. Og ho vil prøve å tilfredsstille hans behov og så vente seg at han vil svare på hennar kjærleik med kjærleik.

Jesus har kalla Sions dotter til å frigjere seg.

Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og sa til henne at ho trengde ikkje lenger tenke på at ho var langt borte.

Ein av bodskapane 12.2.2011:

”Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren. 

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.”

Bodskapen 18.12.2011:

”Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og  oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde  og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.”

10.9.2017. vart det talt om brudgomen i Høgsangen som kalla si brud ut i det fri. Så kom denne bodskapen:

”Eg er kongane sin konge, eg er herrane sin Herre. Ja, det er eg som frelser, det er eg som løyser ut av lenkjer og bande. Det er eg som set fangane fri. Det er eg, eg som har teke bustad i ditt hjerte. Du skal ikkje tvile. Du skal ikkje syrgje. Du skal berre glede deg i meg. For eg, eg er Herren din Gud, som veit om alle ting. Eg er også den som veit alt i alle. Ingen ting kan skjulast for meg. For eg som er Herren din Gud er den som skal gjere det, alle ting i stand. Når du søker meg av heile ditt hjerte, så skal du få sjå og erfare, at eg er kongane sin konge, herrane sin Herre, eg er også lækjarane sin lækjar. For eg er den som kan gjere alt som er umogeleg for menneske, det er mogleg for meg.

B. Eg har teke bustad i ditt hjerte og eg snur meg aldri ifrå deg. Det er du som må ta det val om du vil bli hos meg. For eg blir hos deg til evig tid, men det er du som må velje om du vil fortsette å leve med meg. For eg som er Herren din Gud, er med deg alle dagar. For om du vel å ta meg bort ifrå ditt liv, så er det ditt eige ansvar, fordi eg kan ikkje gjere noko før du har sagt: Her er eg Herre, kom og ta meg igjen, for eg, eg vil ta bustad i ditt hjerte, men eg kan ikkje gjere det, før du gjer det mogleg sjølv.”

Så dersom ho ikkje tek imot den glade bodskapen i tru, trur på Kristus og tek imot han, så vert det hennar eige ansvar. 

Fråfallet i kyrkja, til samanlikning med Israels fråfall.

Ein brudgom som elskar si brud og ein ektemann som elskar si kone vil naturleg nok prøve å tilfredsstille hannar behov og så vente seg at ho vil svare på hans kjærleik med kjærleik. Og ho vil prøve å tilfredsstille hans behov og så vente seg at han vil svare på hennar kjærleik med kjærleik.

”Mor Israel” var Guds kone, han elska henne og hadde omsorg for henne og gav henne gode gåver. Men ho forstod seg ikkje på det, men byrja å trua at det var avgudane til folka rundt henne som gjorde det, så ho byrja å elske dei i staden og vart ei hore.

Slik var Israels fråfall og fråfallet i kyrkja er sameleis, ved at dei dyrkar styresmaktene som gudar. Israelsfolket heldt Gud for å ikkje vere bra nok for dei, til samanlikning held dei Kristus og hans frelsesverk for å ikkje vere bra nok. Då er dei altså så kravstore at ikkje noko bra nok for dei, for hans frelsesverk er fullført og fullkome og han er fullkomen. Då er dei tydelegvis ikkje klar over at det er dei sjølve som vert kravde til rekneskap og dei vert ikkje i stand til å gjere opp for seg.

Den som gjer synd er træl åt synda. Lova dømde dei som lovbrytarar og med sitt dårlege samvit vart dei trælar under synda. Dei fall ifrå og dyrka avgudane og vart trælar under dei. Hemnen høyrer Gud til, han ville straffe synda og uretten. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Det offer han bar fram var nok til å tilfredsstille Gud. Ved at vi tek imot den nåden og tilgjevinga Gud gir oss på evangeliets grunn voll, vert vi løyste frå trældomen under synda og avgudane. 

Dersom dei ikkje tek imot den nåden og tilgjevinga som Gud gir oss i Kristus, som om han frelseverk ikkje var fullført og fullkome, så tenker dei gjerne som om dei med sin moral skal prøve å tilfredsstille Gud, men er det eigentleg den sanne Gud? Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Har dei valt å gå ein annan veg, så fører den ikkje til den sanne Gud. Med si moralisering prøver dei i staden å tilfredsstille avgudane. Korleis då, dei er då avlegs for lenge sidan? Ved at dei dyrkar styresmaktene og herrane på jorda som gudar. (Op.17-18).

JER 2,5   Så seier Herren:  Kva gale fann fedrane dykkar hjå meg,  sidan dei gjekk bort frå meg  og heldt seg til gudar som ikkje duger,  så dei vart duglause sjølve?

HSE 2,2 – HSE 2,23 {ISRAELS UTRUSKAP}  Før klagemål mot mor dykkar,  før klagemål mot henne!  For ho er ikkje kona mi,  og eg er ikkje mannen hennar.  Lat henne få horemina bort frå andletet  og horemerket frå barmen! [Før klagemål: Kvar einskild israelitt vert oppmoda til å døma synda åt folket.] 3   Elles skal eg kle henne naken  og stella henne fram som ho var  den dagen ho vart fødd.  Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,  og la henne døy av torste. 4   Borna hennar vil eg ikkje miskunna,  for dei er horeborn. 5   For mor deira var utru,  ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.  Ho sa: “Eg vil fara etter mine elskarar,  som gjev meg brød og vatn,  ull og lin, olje og vin.” [mine elskarar: avlings- og livsgudar, som Israel dyrka når dei fall frå Herren. Sml. v. 8 og 13.]  6   Sjå, difor vil eg stengja  vegen for henne med klunger.  Eg reiser ein mur framføre henne,  så ho ikkje finn sine stigar. 7   Når ho renner etter sine elskarar,  skal ho ikkje nå dei att;  når ho leitar etter dei,  skal ho ikkje finna dei.  Då skal ho seia: “Eg vil attende  til min fyrste mann,  for eg hadde det betre då enn no.” 8   Ho skjøna ikkje at det var eg  som gav henne kornet, vinen og oljen,  som gav henne sølv og gull i mengd,  som dei bruka når dei dyrka Ba’al.  9   Difor vil eg ta att kornet mitt, når den tid kjem,  og vinen min, når tida er komen.  Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,  som skulle løyna hennar nakne kropp. 10   No vil eg kle henne naken  beint for augo på hennar elskarar,  og ingen skal fria henne ut or mi hand. 11   Eg gjer ende på all hennar glede,  hennar festar, nymånedagar og sabbatsdagar,  alle hennar høgtider. 12   Eg øydelegg hennar vintre og fikentre.  Om dei har ho sagt: “Dei er mi løn,  som mine elskarar gav meg.”  Eg gjer dei til villskog,  og dyra på marka skal eta dei. 13   Eg krev henne til rekneskap for dei dagar  då ho brende offer for Ba’al-gudane,  pynta seg med ringar og kjeder  og gjekk etter sine elskarar,  men gløymde meg,  lyder ordet frå Herren.  14 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT}  Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16   Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18   Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. 21   Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el. [Jisre’el: -> 1, 4.] 23   Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over `Utan miskunn’. Til `Ikkje mitt folk’ vil eg seia: “Du er mitt folk.” Og han skal svara: “Min Gud!”  

ESK 16,1 – ESK 16,63 {JERUSALEMS TRULØYSE OG STRAFF}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal til Jerusalem om alt det stygge byen har gjort, 3 og sei: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du har ditt opphav og di ætt frå Kanaanearlandet. Far din var ein amoritt og mor di ei hetittkvinne. [ditt opphav: Nokre av dei folka som budde i landet før, hadde gått opp i Israel, og med dei fylgde heidensk tru og skikk.] 4 Då du kom til verda, gjekk det så til: Den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen; dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt og la deg ikkje i reivar. 5 Ingen hadde medynk med deg, så dei gjorde noko slikt med deg, fordi dei tykte synd i deg. Nei, dei kasta deg ut på marka, fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd. 6 Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: “Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva 7 og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.” Og du voks og vart stor, ja, du vart ei fager kvinne. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr. 8   Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida var komen for deg, tida til å elska. Då breidde eg snippen av kappa mi over deg og løynde din nakne kropp. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, lyder ordet frå Herren Gud. [du vart mi: Pakta mellom Herren og Israel vert i biletspråket åt profeten ofte skildra som eit ekteskap. Sjå Jes 54, 5 f; Hos 2, 14-20.] 9 Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje. 10 Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av delfinskinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke. 11 Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på hendene og kjede om halsen. 12 Eg gav deg ring i nasen, øyreringar i øyro og ei fager krone på hovudet. 13 Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart strålande fager og skikka til å vera dronning. 14 Mellom folka gjekk det ord om din venleik; for han var fullkomen av di eg hadde pynta deg så fint, lyder ordet frå Herren Gud. 15   Men du kjende deg trygg på din venleik og dreiv hor, fordi du hadde slikt ry. Som horkvinne baud du deg fram til kvar og ein som gjekk framom, og han fekk deg. [dreiv hor: Hor står ofte som bilete på avgudsdyrking og utruskap mot Herren. Sml. Hos 2, 2 ff.] 16 Du tok nokre av kleda dine og la dei på haugane som fargerike teppe. Og der dreiv du hor, som det aldri har hendt og aldri vil henda. 17 Du tok smykka dine av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannfolkbilete, som du dreiv hor med. 18 Du tok dine fargerike klede og hadde på dei, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei. 19 Brødet som eg hadde gjeve deg, kveitemjølet, honningen og oljen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til godange, lyder ordet frå Herren Gud. 20   Sønene og døtrene dine, som du hadde født meg, tok du og ofra til mat åt dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor, 21 sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg, når du lét dei gå gjennom elden for bileta dine? 22 Og med all din styggedom og all di utukt kom du ikkje i hug di ungdomstid, då du var naken og berr og låg og sprala i ditt blod. 23   Så hende det etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud – 24 at du laga deg ei lege eller ein tram på alle torg. 25 På kvart gatehjørne bygde du ein tram. Der gjorde du din venleik til styggedom, når du opna fanget for kvar mann som gjekk framom; og støtt dreiv du hor. 26 Du låg med egyptarane, dine kraftige grannar, og med all di utukt harma du meg. 27   Då rette eg ut handa mot deg og tok att det du skulle ha. Dine fiendar, filistardøtrene, som blygdest av di skjemdarferd, lét eg gjera med deg som dei ville. 28 Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde endå ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok. 29 Og du heldt fram med di utukt, heilt til kræmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok. 30   Å, kor du brann av lyst! lyder ordet frå Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og bera deg åt som ei skamlaus skjøkje! 31 Du laga ei lege på kvart gatehjørne og bygde deg ein tram på alle torg. Men du var ikkje som andre skjøkjer, for du brydde deg ikkje om skjøkjeløn. 32 Du horkvinne, i staden for å halda deg til mannen din tek du framande menn. 33 Alle andre skjøkjer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du betalte dei for å koma til deg frå alle kantar og driva hor med deg. 34 Såleis gjorde du det motsette av det kvinner plar gjera. Det var ingen som sprang etter deg, og ingen gav deg skjøkjeløn; men sjølv gav du løn. Så bakvendt bar du deg åt. 35 Difor, horkvinne, høyr Herrens ord! 36   Så seier Herren Gud: Du tok av deg kleda og viste fram din nakne kropp til elskarane dine som du dreiv hor med, alle dei avskyelege avgudane dine, og du drap borna dine som du gav dei. 37 Difor vil eg samla alle elskarane dine, som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og kler av deg, så dei får sjå deg naken. 38 Så dømer eg deg så som kvinner vert dømde for ekteskapsbrot og drap; i harme og brennande iver lèt eg deg verta drepen. 39 Eg gjev deg over til elskarane dine, og dei skal bryta ned lega di og øydeleggja tramane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr. 40 Så samlar dei ei folkemengd mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd. 41 Dei brenner husa dine og held dom over deg, medan mange kvinner står og ser på.  Såleis gjer eg ende på di utukt, så du ikkje meir kan gje horeløn. 42 Eg stiller min harme på deg. Så vik min brennande iver frå deg; eg held meg i ro og er ikkje lenger harm. 43 Fordi du gløymde di ungdomstid og gjorde meg harm med alt dette, vil eg òg la deg få att for di åtferd, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting attåt all din styggedom? 44   Sjå, alle som brukar ordtak, skal ha dette ordtaket om deg: “Som mora, så dottera.” [Som mora, så dottera: Folket i Juda fylgjer skikkane hjå dei heidningfolka som budde der før: hetittar, amorittar osb. -> v. 3.] 45 Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var ei hetittkvinne og far dykkar ein amoritt. 46 Den store syster di er Samaria, som bur med døtrene sine nord for deg. Og den vesle syster di er Sodoma, som bur med døtrene sine sør for deg. 47 Du bar deg ikkje åt berre som dei og fór med den same styggedomen, men etter ei kort tid bar du deg verre åt enn dei i alt du tok deg føre. 48 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde ikkje slikt som du og døtrene dine har gjort. 49 Sjå, hovmod er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i. Ho og døtrene hennar hadde rikeleg med brød og levde i fred og ro. Men ho sytte ikkje for dei ulukkelege og fattige. 50 Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort. 51   Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har gjort styggare ting enn systrene dine, og med all din styggedom har du vist at dei er rettferdigare enn du. 52 Så må du òg ta vanæra på deg, du som med di eiga synd har gått god for systrene dine. Fordi du har gjort verre ting enn dei, er dei rettferdigare enn du. Så må du skjemmast og bera di vanære, sidan du har vist at systrene dine er rettferdigare. 53   Men eg vil venda lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vil eg venda lagnaden for deg. 54 Så skal du bera di vanære og skjemmast av alt du har gjort, og såleis vera til trøyst for dei. 55   Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal koma i same stilling som før, like eins Samaria og døtrene hennar; og med deg og døtrene dine skal det òg verta som før. 56 Tala du ikkje mykje om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig? 57 Det var før vondskapen din vart synleg. Men no har du vorte til spott og spe for Edoms døtrer og alle der ikring og for filistardøtrene, som hånar deg på alle kantar. 58 Di vanære og all din styggedom må du bera sjølv, lyder ordet frå Herren. 59   Ja, så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde eiden og braut pakta. 60 Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil skipa ei evig pakt med deg. 61 Du skal minnast di åtferd og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er større enn du, og dei som er mindre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg. 62 Når eg gjer mi pakt med deg, då skal du sanna at eg er Herren. 63 Så skal du minnast di åtferd og blygjast og aldri meir opna din munn for skam, når eg tilgjev deg alt du har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.  

Med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

Menneska vart utestengde frå det nære samfunnet med Gud, på grunn av syndefallet og jorda vart forbanna. Så laga dei seg avgudar av stokk og stein og ofra til dei for å blidgjere dei, for å få hjelp frå gudane. I nokre religionar ofra dei menneske. 

Men Abraham trudde Gud og det var rekna han til rettferd, Gud velsigna han og sa at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han vert velsigna, men dei som forbannar han vert forbanna. Denne lovnaden får vi oppfyllt i Kristus.

Seinare fekk jødane Moselova, i den er det fortalt om lovbrot som fortener dødsstraff, synda si løn er døden. Hamnen høyrer Gud til, han skal gje attergjeld. Og øvstepresten bar fram syndeoffer både for seg sjølv og folket. Eit lam vart slakta og ofra som syndeoffer. Det var vel meir sivilisert enn å ofre menneske. Likevel skilde synda dei frå Gud, det viste seg ved at dei drap Jesus i eit justismord. Men då let han seg frivillig hendrette, i lydnad mot Faderen. Man var det Guds lam som bar verda si synd, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle. Gud vekte han oppatt frå dei døde og viste dermed at han av herlegdoms Ande er Guds veldige Son. Han sette han ved si høgre handi himmelen og salva han til å vere vår frelsarkonge og øvsteprest til evig tid. Slik viser han at det offeret er godt nok, evig og alltid. Hemnen høyrer Gud til, han skal gje attergjeld, men med dette offeret er han tilfredsstilt, det er nok. Så er det berre for oss å innrømme og godta at det var for oss, det var for vår skuld og så ta imot den nåden Gud gir oss i han. Erkjenne at det er godt nok for oss også. 

I vår tid er det dessverre mange som forkastar han, som om hans offer ikkje er nok til å ta bort synda, som om hans frelsesverk ikkje er fullført og fullkome, som om han ikkje er fullkomen, som om han ikkje er fra nok. Men då viser dei seg som urettferdige ved at dei vil dømme den rettferdige som i eit justismord dei har fått dømmekrafta øydelagd så dei er med på justismord.

I det gamle testamentet er det fortalt om heilage kvinner som sette si ære i å vere gode koner og mødre, dei sett si ære i å få born og vie omsorg for både dei og mannen sin. Det høver bra med den naturvitskaplege tenkinga og. ”Mor Israel” var Guds kone, men når ho fall ifrå Herren og dyrka avgudane, vart ho ei hore som ikkje lenger viste omsorg for mannen sin og borna ho fekk med han, ho let borna gå gjennom elden for Molok og drap dei. Så ho prøvde å tilfredsstille avgudane ved å drive hor med dei og slik prøvde ho å tilfresstille seg sjølv også. Ho vart neppe tilfreds, for dei var då ikkje gudar. Ho prøvde endåtil å tilfredsstille dei med menneskeofring. Så fødde ho horeungar i staden for å føde Guds born. Men til slutt gjekk det gale med henne sjølv.

Det er nok mange kvinner i vår tid som tenker på liknande vis når dei vil ta abort. Det kan vere fordi ho held det for å vere ein horunge, dårleg økonomi, ho set si ære i å utdanne seg, få karriære, ansinitet og god økonomi, framfor å føde og fostre born. Det kan vere frodi der er noko som ikkje fungerer heilt bra mellom henne og mannen, kvar er kjærleiken og truskapen, kvar er Gud som er kjærleik? Kvar er trua på Kristus? Kvar er den evangeliske forkynninga. Skal ho ta abort for å prøve å tilfredsstille gudane slik som når ”Mor Israel” let borna sine gå gjennom elden for Molok og drap dei?

De forkastar Kristus og hans frelsesverk, som om hans offer ikkje var nok, for å komme med moralfilosofiske krav som er som offer til gudane. Og når folk ikkje vil tru på gudane dykkar, held de dei for å vere for dumme og for vonde og konkluderer med at dei ikkje er bra nok. Slik argumenterer de for rasehat mot det norske folk. Men dette er ikkje akkurat naturvitskapleg metode og naturvitskapleg tenking.

Det er meir som diktekunst og så ventar de at folk skal tru på diktinga og vil setje makt bak, til samanlikning med korleis Aiskylos dikta om Zevs.

 

One thought on “Miljøpolitiske dommedags-profetar. Forbanninga og avlatshandelen.  Velsigninga og miljøet.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s