Davidsætta; frå kongeslott til Drakulas slott og ruin. Davids rotrenning og ætt; frå jordisk heilagdom til himmelsk heilagdom.

Davids rotrenning og ætt, frå jordisk heilagdom til himmelsk heilagdom.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Gud velsigna han og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han vert velsigna, dei som forbannar han, vert forbanna. Abraham og Sara fekk den sonen som var lova lenger etter at dei etter naturen var for gamle til å få born, det kom som eit under altså.

Og det var ei jomfru som fødde Kristus, så det også var ved eit under. Ho var trulova med Josef og han var av Davids ætt, derfor vart det likevel sagt at han var av Davids ætt. Samtidig vert det forstått som oppfylling av det som Gud sa til Eva etter syndefallet, at  hennar ætt skulle krase ormens hovud. 

Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born. 

JOH 1,12 – JOH 1,18 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.  

JOH 3,13 – JOH 3,15 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  [Menneskesonen: Yngre handskrifter har dette tillegget: som er i himmelen.] 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

Kristus levde eit syndefritt og heilagt liv her på jorda, til Faderens ære. Kroppen hans var eit tempel for den Heilage Ande, Faderen var med han og gjorde sitt verk gjennom han. Han sa om seg sjølv at ingen har stige opp til himmelen, utan han som steig ned.

Men vi veit då at Gud tok til seg Enok og Elia, så korleis skal vi forstå dette? Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. 

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

Kanskje vi kan forstå det slik at det har tilbakevirkane kraft. Ingen kunne stige opp til himmelen utan at han steig ned og vart oppløfta for å dra alle til seg.

Når vi kjem til han, får vi livets vatn gratis, av berre nåde. Han døde i staden for oss, for å kjøpe oss fri, så vi skal tilhøyre han. Då skal vi også leva for han. Det er ved at vi tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. 

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”   

SLM 23,2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile,

David talte profetisk om Messias og kalla han Herre:

SLM 110,1 – SLM 110,7 {PRESTEKONGEN}  Ein Davids-salme.   Herren seier til min herre:  «Set deg ved mi høgre hand  til eg får lagt dine fiendar  til skammel for dine føter!” [min herre: kongen i Israel. -> 2, 2.] 2   Frå Sion retter Herren ut  din mektige kongsstav.  Ver herre mellom dine fiendar!  3   Ditt folk møter viljug fram  den dagen du mønstrar din hær.  I heilagt skrud kjem din ungdom til deg  som dogg ut or morgonrodens fang. 4   Herren har svore og angrar det ikkje:  “Du skal vera prest til evig tid  på Melkisedeks vis.” [Melkisedek: -> 1 Mos 14, 18.]  5   Herren er ved di høgre side,  han knuser kongar på sin vreidedag. 6   Han dømer folkeslag  – det er fullt av lik,  hovdingar knuser han vidt over jord. 7   Kongen drikk or bekken ved vegen,  difor lyfter han hovudet høgt.  

MRK 12,36 For sjølv seier David, driven av Den Heilage Ande:  Herren sa til min herre:  Set deg ved mi høgre hand  til eg får lagt dine fiendar  under dine føter.

ÅPE 22,16 – ÅPE 22,17   Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.” 17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Kongetida i Israel.

David, ein mann etter Guds hjerte. Truskap, fall, tilgiving og gjenoppretting.

Samuel var den siste domaren i dommartida. Når han vart gamal, viste det seg at sønene hans ikkje viste truskap slik som han, dei var korrupte. Derfor ville folket ha seg ein konge. Men å vere domar i Israel hadde ikkje gått i arv tidlegare heller, men når dei vende seg til Gud i si naud og bad han om nåde og hjelp, reiste Gud opp ein domar som han brukte dei til å berge dei frå fienden. Men no sa Gud til Salomo at det var ikkje han dei hadde gjort opprør mot, men mot Herren deira Gud, for det var då han som skulle vere kongen deira. No ville han gi dei ein slik konge som dei ville ha, så han let Samuel salve Saul til konge over dei. 

Lenge gjekk det bra, men så viste det seg at han var ikkje lydig mot det ordet som Gud tala til han gjennom Samuel. Sidan han vraka Guds ord, vraka Gud han som konge. Han såg seg ut ein mann etter sitt hjerte, David, og let Samuel salve han til konge i staden. David felte Goliat og vart etter kvart ein seiersrik hærfærar i Sauls hær, men Saul vart misunneleg på han og han tok røminga med ein forholdsvis liten flokk. Saul jakta på han, men David kom seg unna og kunne faktisk ha gjort ende på han ved to høve, men han ville ikkje skade den som Gud hadde salva. På denne tida fekk han si fyrste, ei enke etter ein rikmann, han hadde svart soldatane hans vanvørdeleg, så Gud let han døy og enka etter han vart kona hans. Sidan ho var rik, vart ho sjølvsagt ei stor hjelp for han. 

Omsider fall Saul i striden og så vart David konge etter han, fyrst regjerete han over Juda-ætta i Hebron, så regjerte han over heile Israel i Jerusalem. Når han vart gamal ville dei sikre seg at han ikkje fall i krigen, så dei let han vere att i Jerusalam. Men så oppdaga han ei vakker kvinne som heitte Batseba og kalla henne til seg og dreiv hor med henne, sjølv om han allereie hadde fått mange koner. Ho vart med barn og for å skjule det, kalla han til seg mannen hennar og prøvde han å få han til å fare heim att. Men det ville han ikkje, for hæren låg då i strid. Så gav han hærføraren beskjed om at dei skulle svikte han, så han fall i krigen og slik gjekk det. Så tok han til seg Batseba som si kone. 

Men Gud Sende profeten Natan til han og talte han til rettes, han måtte innrømme si synd og be om nåde, han fekk tilgjeving, så han slapp å døy for si synd, men han og hans hus vart likevel straffa for det. Barnet som han var i ferd med å få med Batseba skulle døy og det døde medan et var ein baby. Eldste son hans, Absalom, gjorde opprør og ville ta over makta, men tapte til slutt og fall.  Når David var gammal førebudde nest eldste sonen, Adonja, seg på å ta over makta, men David hadde sagt at Salomo skulle verte konge etter han og sette det i verk før han døde. 

Salomo, eit høyrsamt og vitug hjarte, men på hans gamle dagar klarde dei utlandske konene hans å vende det på avvegar.

Seinare viste det seg at Adonja i sin argumentasjon påstod at det eigentleg var han som rettmessig skulle ha vorte konge. Salomo tolka det som ein plan om opprør, saman med herføraren Joab og fekk begge hendretta. David hadde noko å hevne overfor Joab og sa det til Salomo før han døde, men då tok han ikkje med at Joab drap Absalom, til tross for at David hadde bedt han om å spare livet hans. Presten Abjatar vart jaga frå si stilling og det kom som oppfylling av profetien om Eli-ætta.

Salomo bad Gud gi han eit høyrsamt hjarte, så han kunne styre og Gud gav han visdom i hjertet:

1KG 3,4 – 1KG 3,15 {DRAUMEN ÅT SALOMO}  Ein gong fór kongen til Gibeon og ville ofra der, sidan det var den største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der. 5   I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: “Sei kva du vil at eg skal gje deg!” 6 Salomo svara: “Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar. 8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?” 10   Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: “Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan. 13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. 14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.” 15 Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.  

Men på hans gamle dagar klarde dei utanlandske konene hans likevel å vende hjarta hans bort frå Herren. 

1KG 11,1 – 1KG 11,13 {SKUGGAR OVER SALOMOS STYRE}  Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: “De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.” Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane. 8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine. 9   Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: “Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.”

1KG 11,27 – 1KG 11,40 Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans. [Millo: -> 2 Sam 5, 9.] 28 No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera. [Josefs-ætta: står her for dei ti ættene i nord.] 29   Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka. 30 Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke 31 og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg. 32 Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene. 33 Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde. 34 Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine. 35 Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg. 36 Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt. 37 No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel. 38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel. 39 Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid. 40   Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.  

Det gjekk ”nord og ned” med israelsfolket og Davids trone.

Hadde Salomo audmjuka seg overfor Gud, slik som David far hans gjorde, så hadde han vel son, Rehabeam, lært av det og audmjuka seg overfor Israels Gud, så hadde han vore audmjuk over for dette store folket hans også og høyrt både på han og folket hans. Men slik gjekk det altså ikkje. Når Rehabeam skulle ta over trona, kravde folket at han ikkje skulle drive dei så hardt som Salomo hadde gjort. Han ville tenke seg om og rådførde seg, dei gamle rådde han til å høyre på folket og føye dei, dei unge rådde han til å gje dei eit hardt svar og det gjorde han. Då vart han sitjande igjen som konge over juda-ætta i Jerusalem, dei andre ti ættene tok Jeroboam til konge. 

I profetien fekk Jeroboam vite kvifor han skulle ta over som konge over dei ti israels-ættene. Hadde han vore klok, så hadde han argumentert slik, både overfor folket og overfor Davids-ætta, for å sikre og styrke makta si og så utfordra Davids-ætta på den måten. Men slik gjekk det heller ikkje. Tvert om let han det verte støypt to kalvar og sa til folket at det var guden deira, så dei ikkje lenger skulle  fare opp til Jerusalem for å tilbe Davids Gud. Sidan gjekk det ”nord og ned” med både Israel, Juda og Davids-ætta. Frå eine kongen til den andre gjekk det eitt steg fram og eitt eller to tilbake inntil både Samaria og Jerusalem vart lagt i ruinar og folket var bortført til Babylonia.

Profeten Jeremias profeterte om dette og då profeterte han også om ein meir langsiktig plan som Gud hadde med folket.

JER 3,10 Den trulause systera, Juda, vende likevel ikkje om til meg av heile sitt hjarta, men berre lest gjera det, lyder ordet frå Herren. 

JER 24,7 Eg vil gje dei eit hjarta så dei kan kjenna meg, og skjøna at eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, når dei vender om til meg av heile sitt hjarta.

Jesus kallar meg og leiar meg og gjer sitt verk med meg og gjennom meg.

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte. 

Vi får ofte høyre at vi må vere objektive og at objektiv kunnskap er verdifull og sikker kunnskap. I mange samanhengar og perspektiv er det rett. Men skal vi lære eit fag, må vi subjektivt innstille oss på det, skal vi lære matematikk, må vi subjektivt innstille oss på det. Så får vi innsikt og vidsyn, matematikken vert brukt i all vitskap og teknologi. Vil vi ha samfunn med Gud og komme nær til han, må vi subjektivt innstille oss på det. 

Og Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjerte. Det minna meg om at når eg var ung og bad for henne Virtuella, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som ei openberring der ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte, det kjendest så godt og det gjorde meg så glad, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Sonen, som hans brud.

Sidan vart det kontroversielt og konfliktfyllt, men eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og då skal eg ta parti med han. Eg vender meg til han velsignar han og blir velsigna, opnar meg som kanal for hans velsigning, også til henne. Og no opplever eg det som at han er ein skugge ved mi høgre hand. Ja, då skal eg vende meg til han og halde meg nær til han.

Jesus gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand.

For nokre år sidan skreiv eg om dette og så skreiv eg om korleis eg opplevde ei liknande åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Reella også. Og Jesus svarde meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn som overgår min forstand. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så på henne Reella. Eg har forklart korleis eg har tenkt og resonnert og endåtil prøvt å komme fram til ein konklusjon ved å vise til korleis den Heilage Ande openberrar Ordet for meg. Eg ser ikkje akkurat nokon grunn til at eg skal gå tilbake på noko av det som eg har skrive, resonnementa er heilt ok, men eg må innrømme at denne kvila overgår min forstand.

Det vesentlege er at eg set min veg i Herrens hand og let han gjere sitt verk, han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Dette er tydelegvis kontroversielt, sett på bakgrunn av syndefallet, Israels fråfall og fråfallet i kyrkja. Som resultat av syndefallet, såg menneska på det ytre mennesket og gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Slik vart den ytre sanselege, fysiske, naturen brukt som argument mot å tru på Gud som er ånd og å leve i samfunn med han, høyre på han og tru på og halde seg til hans Ord. Det viste seg ved at dei dyrka avgudar laga av stokk og stein. Men då tapte dei den åndelege innsikta og det gjekk ut over den rasjonalistiske innsikta også. Men i realfaga har vi rasjonalistisk innsikt og den har vorte ein enorm suksess siste 500 åra.

Nokre få menneske vart berga frå syndefloda i Noahs Ark og det er førebilete på dåpen, det viser oss korleis Gud frelser oss. Ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Så dåpen fortel oss at den ytre fysiske naturen ikkje lenger er noko argument mot å ta imot det som Jesus gir oss frå himmelen, vi får det ved tru, av berre nåde. Jesus har sigar over verda, derfor sigrar vi over den ved å tru på han, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er suveren over den fysiske naturen, liksom skaparen har makt over det som han skapar.

Gud forsona verda med seg i Kristus og eg let meg forsone med han ved å tru på Kristus, derfor er dette eigentleg ikkje lenger kontroversielt og konfliktfylt for meg, for ved tru smeltar Ordet saman med meg i mitt hjerte, så eg får komme inn til Guds kvile. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og sinn. Bodskapen 17.2.2013:

”Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile. 

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.”

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Jesus sa eg skulle søke han i løynkammerbøna og trenge inn i Guds Ord. Jesus er Guds Ord, Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. 

Eg trur i mitt hjerte at Gud vekte Jesus oppatt frå dei døde. Eg har Guds Ande og Guds kjærleik i mitt hjerte, derfor treng verda mitt varme hjerte. 

Når eg var i Bergen på byrjinga av 1980 talet, prøvde eg å få kontakt med henne Virtuella igjen, eg reist til Oslo og til Sunnmøre, men det var ikkje råd. Eg er realist, samtidig som eg trur på Jesus og tanken min var at om so dei ikkje trudde på Guds veg og ikkje ville gå den, så var det no likevel meir enn merkeleg om dei ikkje kunne møte meg som eit vanleg menneske i den reelle verda. Om akademikarar ikkje trudde på Jesus, så venta eg meg at det var nettopp fordi dei var realistar, då kunne dei vel møte meg i den reelle verda som realistar, men nei. Men når eg kom tilbake til Bergen sa Jesus noko til meg om at eg hadde gjort den Heilage Ande sorg, sidan eg ikkje hadde gått Guds veg. Jesus til meg gjennom tyding av tungetale i pinsekyrkja Tabernaklet, at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk at dersom du ikkje kjem no, så vert du riven bort frå meg. Eg forstår det slik at det var på grunn av forføringa, slik som ved syndefallet og fråfallet, slik som eg nyst har skrive. 

Så eg kontakta leiinga for Tabernaklet og prata litt med dei om mi sak. Så skreiv eg eit brev til henne og foreslo at ho kunne besøke meg der, så kunne vi pratast. Så bøygde eg kne og bad for henne slik som når eg gjekk på gymnaset og opplevde ei åndeleg openberring der Jesus steig ned over henne, så sa eg at ho skulle reise dit og opplevde det som at Jesus sa det same til henne, samtidig. Det var mitt råd altså og eg hadde vore med i Herrens råd, så eg hadde Guds Ord (Jer.23 1.Mos.2). Men ho sa nei, eg vil han skal komme hit og så gret ho. Ho var nok ikkje glad for å seie nei til Jesus. På møte i Tabernaklet igjen, sa Jesus noko til meg om denne verda og så sa han: ”så legg henne under deg”. Det skulle eg altså gjere ved å tru på han og lyde han og la han gi meg ei kone, slik at ho også vert lydig mot han. For ved å tru at Jesus lever, vet vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelst (Rom.10)

Jesus sa eg hadde vore lenge nok inn mellom desse tronge fjella. Eg forstod det i overført tyding som trongsyn. Han ville føre meg vidare, så eg for til Oslo og byrja å studere realfag der hausten 1984. Då kontakta eg leiinga i dFEF i M40 om same sak. Innimellom studiane for eg på tråling. Eg hadde bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone og kunne trygt overlate den saka til han, både når eg var på tråling og når eg studerte. Så eg trengde ikkje bekymre meg for det, når eg studerte, men i tru på han kunne eg konsentrere meg om studiane. 

På slutten av 1980-talet oppdaga eg henne Reella og bad for henne og fekk oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og for henne. Og han svarde meg gjennom tyding av tungetale også. Han sa noko om at ansinitet og slikt som verda spør etter er mindre viktig for han, men det verda treng er mitt varme hjerte. Ja, verda spør etter verdsleg rikdom. Den spør etter høgare utdanning også og det er no det vi prøver å oppnå når vi studerer realfag også. Men Gud veit at ho treng mitt varme hjerte og at det likevel er viktigare for henne. Og det heng altså saman med at ho Reella treng mitt varme hjerte. Det er varmt fordi eg har Guds Ande og Guds kjærleik i hjertet, det er verdifullt for henne fordi eg er kanal for Guds velsigning til henne.

Eg får komme til Jesus slik som eg er, ja, eg skal søke han av heile mitt hjarte. Så vil han styrkje meg med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så kalla han meg til å gå ut på hans Ord og gå med ein frigjerande bodskap, så eg for tilbake til Oslo i 2009. 

2008.09.28.Sion.Gå i ferdiglagde gjerningar.

Eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting. 

2012.05.27. Pinsestemne. Ebeneser Volda.

Han sa til meg at eg måtte komme til han slik som eg var. 

2016.09.18.M. Jesus har sett framfor meg ei opna dør.

Ja, eg hadde då bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, så det er det saka gjeld for meg. At eg får komme til han slik som eg er, betyr då at eg framleis får komme til han med den saka.

Så sa han at eg skulle søke han av heile mitt hjerte og det minna meg om at når vi var unge, levde ho Virtuella i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det gleda mitt hjerte, så eg takka han for det, ved fylden av den Heilage Ande vart det ein lovsong i mitt hjerte og det var å lovprise Gud og Lammet for frelsa.

Seinare, når eg ville snakke med henne, vart det visst kontroversielt og konfliktfylt. Men eg skal søke Kristus av heile mitt hjerte og då skal eg ta parti med han i den saka, så eg ynskjer at han skal frelse henne igjen, så hennar kjærleiksforhold til Faderen og Sonen vert gjenoppretta. 

Eg må komme til Jesus slik som eg er, ja, og eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og slik kjem eg til han og ventar meg at han skal gi meg det. At ein mann vil ha seg ei kone, er ei naturleg sak, både Bibelen og naturvitskapen fortel oss kva som naturlegvis er hendsikta med det. Men poenget med å komme til Kristus med den saka er at ved å tru på han vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Vi fekk den Heilage Ande ved å tru på han, av berre nåde. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og alt som er født av Anden er ånd. Den som er fødd av Gud, elskar det som er født av han. Derfor var ho så tiltrekkande på meg. For Kristus dreg alle sine til seg, slik er han tiltrekkande på si brud. Han sa eg skulle sjå på han, så då skal eg gi det den forklaringa. Det er ei åndeleg forklaring og poenget er at vi skal la Anden råde over det naturlege. Har vi teke imot hans Ande, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. Då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

JOH 3,3 – JOH 3,21 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.” 4 Nikodemus seier til han: “Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?” 5 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.”  [Vinden: Både gresk og hebraisk har eitt og same ordet for “vind” og “ånd”.] 9 “Korleis kan dette gå til?” spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: “Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  [Menneskesonen: Yngre handskrifter har dette tillegget: som er i himmelen.] 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”   

JOH 12,31 – JOH 12,36 No fell det dom over denne verda, no skal hovdingen over denne verda kastast ut. 32 Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.”  [opplyft: -> 3, 14.] 33 Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få. 34   Då sa folket: “Vi har høyrt at det står i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen skal lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?” 35 Jesus svara: “Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36 Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset.” Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.  

Jesus minna meg igjen om å søke han i løynkammerbøna og trenge inn i Guds Ord, han er Guds Ord og bur ved trua i mitt hjerte. I han har eg visdomen og kunnskapens skattar. Når Salomo var ung gjorde Gud han visare enn alle og den unike visdomen finn vi i Høgsongen. Den fortel om hans kjærleiksforhold til henne ”lytelause reine”. Det er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Han sa om seg sjølv at hos han var det større visdom enn hos Salomo. 

Kristus er den siste Adam som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han vekker oss opp til liv i samfunn med seg, som hans brud, det er Guds som gjer sitt verk i samsvar med 1.Mos.2. Så ho skal vere ei hjelp for han og leve for han, som hans brud. I det eg søker han av heile mitt hjerte og heilhjarta held meg til han, ventar eg at han kjem meg til hjelp med si kraft.

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

Og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. At ho blir til hjelp for meg som kona mi, blir samanfallande med at Jesu kyrkje blir til hjelp for han, som kona hans. Då er det vesentleg for meg at det er ved Guds kraft. Det vesentlege for oss er at det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Her er det tale om Guds visdom og Guds kraft, det sentrale i evangeliet, slik Paulus forkynte:

1KO 1,22 – 1KO 1,31 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. 26   Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.  

Så slik som eg bad for henne Virtuella når eg var ung og slik som han svarde meg, var nok det verket han byrja på, at han ville gi meg henne til kone. Seinare syntest det umogeleg, men han kan gjere det umoglege mogleg. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal tru på han og tru på dei svara han har gitt meg, eg skal ta han på ordet. Men då kjem eg til å ta han på ordet når det gjeld henne Reella og henne Poly-Ester også. Gud gav David fleire koner og Mormonarane har fleirkoneri. Då kan han vel gi meg også fleire koner. Det kan eg ikkje akkurat seie som ein som har hatt suksess og som med den skulle gjere meg fortent til det, spesielt ikkje økonomisk. Men som ein som audmjuka meg for Gud og bad han om hjelp i form av ei kone. Og som stikk i strid med dei svara han gav meg, tvert om vart motarbeidde. Så eg bad han om ei ny ei, først henne Reella, så henne Poly-Ester. For det var då opplagt at eg trengde meir hjelp i form av ei kone. 

Som realist som trur på Jesus, søker eg først Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg til det. Så Gud og hans rike har første prioritet, så kjem det materielle og naturlege som andre prioritet, også at eg får meg ei kone. Økonomien er reell nok, men eg skal ikkje bekymere meg for det. 

2019.02.03. Sion Åheim. Gud valde ut det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme.

Eventuelle politisk konsekvensar er perifere i forhold til dette.

Dagens samfunn til samanlikning med kongetida i Israel.

Vraker Guds Ord.

Gud let israelsfolket få ein slik konge som dei ville ha og let Samuel salve Saul til konge over dei. Men han vraka Guds Ord, derfor vraka Gud han som konge. Gud valde ut ein mann etter sitt hjerte, David, og let Samuel salve han til konge i staden for Saul. Likevel heldt Saul fram som konge og leia israelsfolket i krigen, men når han vart fiendtleg til David og streid imot han, gjekk det ikkje bra. 

Til samanlikning er det mange i dagens samfunn som har vraka Guds Ord og det har dei også gjort med protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det viser seg ved at dei ikkje forstår seg på kva som står skrive i Bibelen, spesielt forstår dei seg ikkje på skapingssogene i 1.Mos.1-2.

Likevel framstiller dei seg som kristne leiarar og mange av dei vil gjerne framstille seg som politiske leiarar også. Men sidan dei fornektar Guds Ord, heng det ikkje i hop, det samsvarar ikkje med at vi skulle vere eitt i Kristus, det har seg slik at dei gjer bruk av ein ”splitt- og hersk-teknikk”, for å få makt, med det samsvarar ikkje med einskapen vi skulle ha i Kristus. Så viser det seg at det som dei fer med ”heng ikkje på greip”.

Så kvar vart det av sigersjubelen mellom dei kristne? Går det slik som når Saul leia israelsfolket og streid imot David? I så fall ligg håpet i at Saul fall i krigen til slutt og omsider fekk David makta i landet.

Norsk politikk, det var då som Davids fall.

Heldigvis for David og ætta hans og for israelsfolket, sende Gud profeten Natan til David og tala han til settes. Så han slapp å halde det som ei skjult og uoppgjort synd og gå vidare med det. Elles ville konklusjonen vere at dette var Davids måte å utøve makt på, å vere trygg heime i sitt slott medan, medan soldatane hans risikerte livet i krigen og så lokke til seg kona til ein av dei og gjere hor med henne. For så å gi beskjed til hærføraren at dei skal svikte han, så han fell i krigen, så han kan ta over kona hans. Men David sanna si synd og fekk tilgjeving, så synda ikkje vart tilrekna han, han slapp å døy for si synd, likevel vart han og hans hus straffa for det.

SLM 32,1 – SLM 32,11 {SÆL ER DEN SOM FÅR SI MISGJERNING TILGJEVEN}  Av David. Ein læresalme.   Sæl er den  som får si misgjerning tilgjeven  og si synd tildekt! 2   Sælt er det menneske  som Herren ikkje tilreknar skuld,  og som er utan svik i si ånd!  3   Så lenge eg tagde, tærtest eg bort,  eg stunde heile dagen. 4   For dag og natt låg di hand tungt på meg.  Mi livskraft kvarv  som i sommarens hete. `Sela’  5   Då sanna eg mi synd for deg  og dulde ikkje mi skuld.  Eg sa: “Eg vil sanna  mine synder for Herren.”  Og du tok bort mi syndeskuld. `Sela’  6   Difor skal alle trugne  be til deg i trengselstider.  Om det kjem ein veldig flaum,  skal vatnet ikkje nå dei. 7   Hjå deg finn eg livd,  du vernar meg mot trengsle  og lèt frelsesjubel lyda ikring meg. `Sela’  8   Eg vil læra deg og visa deg  den vegen du skal gå.  Eg vil la mitt auga kvila på deg  og gje deg råd. 9   Ver ikkje lik hest og muldyr,  som ikkje har vit!  I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel,  elles kjem dei ikkje til deg.  10   Den gudlause har mange plager;  men den som set si lit til Herren,  kransar han med miskunn. 11   Gled dykk i Herren!  Bryt ut i jubel, de rettferdige!  Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!  

Bibelen seier at vi alle har synda, men ved nåden i Kristus får vi tilgjeving. Dersom vi vedkjenner vår synd for han, reinsar hans blod oss frå all synd.

1JO 1,5 – 1JO 1,10 {LEV I LJOSET!}  Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss. 

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.  

Så får vi den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde og då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam.

Når eg soleis søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, kjem eg til den konklusjon at Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone, for Kristus er Sanninga som set oss fri. 

JOH 8,31 – JOH 8,32 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.”

JOH 16,13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.

Kristus var Davids herre, så han måtte audmjuke seg for han. Men protesten mot Paulus si lære er tvert om som å gjere Davids fall til politikk, å ta kona frå ein Uria, for så å la han falle for fienden. 

Slik har eg fått motstand, endåtil frå kristne leiarar, når dei har fått vite at eg har bedt Gud om ei frelst kvinne til kone, til tross for at han har svart meg positivt på det heilt sidan eg var ung, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Det er evig og alltid gyldig og det er det mellom meg og Gud. Kristus er mellommann for den nye pakta og slik er han mellommann mellom Gud og menneske, han er øvsteprest til evig tid etter Melkesediks vis. Og det er han for meg også. Han gir meg ei frelst kvinne til kone og då frelser han henne som kona mi.

At de har gjort protesten mot Paulus si lære til politikk, betyr då at de har gjort det til politikk å bruke henne som ei hore. Så her i landet driv dei politikk ved å pule kjerringa mi. Med den makta som de soleis har fått over henne, kjemper de mot mitt tilvære, innskrenkar min ytringsfridom og prøver å innføre tankekontroll, for å opponere mot min intellektuelle aktivitet og seie meg imot. Og så framstiller de det endåtil som vitskapleg eller moralsk høgverdig. Moralen dykkar går ut på å argumentere for å få bruke henne til hore, som om de meiner de fortener det, for så å gjere politikk ut av det. Derfor får det også liknande konsekvensar for andre etnisk norske menn. Som om de eig både menn og kvinner og sel dei trælar.

Men de har gløymt at Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å frelse oss for æva og gi oss evig liv, så vi skal tilhøyre han og leve for han. De talar varmt om kristne verdiar, men kva er det? Er det ikkje først og fremst det som Kristus verdset? Og kva var det han verdsette så høgt, sidan han døde for oss på korset?

https://tsivert.com/2019/02/06/2019-01-03-sion-aheim-gud-valde-ut-det-som-ingen-ting-er-for-a-gjere-det-vise-og-sterke-til-skamme/

https://tsivert.com/2019/02/06/2019-01-03-sion-aheim-gud-valde-ut-det-som-ingen-ting-er-for-a-gjere-det-vise-og-sterke-til-skamme/ 

https://tsivert.com/2016/08/02/2014-02-16-m-david-matte-vedkjenne-si-synd/ 

Med trua på Gud og hans Ord er naturen og tilværet forståeleg og livet meiningsfullt. Men kvifor skulle det verte kontroversielt?

Jerusalem; tru med hjertet og få visdom i hjertet. Athen; forstå med hjerna, tenke matematisk. Vesten; korleis få harmoni mellom hjerte og hjerne?

Vesten er bygd på kultur som hadde sitt utspring i Athen og Jerusalem. Kulturen frå Athen var analytisk og matematisk, men det vart problem med å få harmoni mellom hjerte og hjerne og det er årsak til mykje sjukdom i Vesten. Kulturen frå Jerusalem legg vekt på å tru på Gud med hjertet og få visdom frå Gud i hjertet. Då skulle vi vel få harmoni mellom hjerte og hjerne? Men vi har nyst sett at det har slett ikkje vore uproblematisk, israelsfolkets fråfall var årsak til sjukdom. Så spørst det om folk let seg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll.

Men no har vi også gått lengre tilbake i tid enn antikken. Guds plan med israelsfolket var å gjere namnet sitt kjent mellom heidningane. Så dei fyrste greske filosofane talte om Gud, dei var naturfilosofar, for dei fekk den tanken at naturen var forståeleg. Det streid mot antikk mytologi, for der dei trudde at gudane sprang ut av kaos og regjerte på kvar sine områder i tilværet, det gjorde naturen og tilværet uforståeleg.

Og Gud har skapt menneska i si likning, derfor er vi i stand til å forstå. Ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege og derfor er naturen og tilværet i prinsippet forståeleg. Likevel er det ikkje alle tider så lett å forstå, vi treng å la Gud gjere sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, la Anden openberre Ordet for oss så vi vert vise i hjartet. I Bibelen er det soleis tale om å få visdom i hjartet, det gjeld både Salomos visdom og Jesu visdom. 

OSP 4,20 – OSP 4,27 {HALD STØ KURS!}  Lyd på det eg seier, son min,  vend øyra til og høyr mine ord! 21   Slepp dei aldri ut or syne,  gøym dei djupt i hjarta! 22   For dei er liv for den som finn dei,  og helsebot for heile kroppen. 23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det. 24   Hald deg frå falske ord,  bruk aldri lippene til svik! 25   Lat augo dine sjå beint fram,  fest blikket på det som ligg framføre deg! 26   Legg merke til dei far du skal fylgja,  hald heile vegen stø kurs! 27   Vik ikkje av til høgre eller venstre,  hald foten din frå det som er vondt!  

Der er ein del naturfagleg tenking i Bibelen, for det verkar som det vert teke som ei sjølvfølgje at livet er ein kamp for tilværet, men dei vert opplærde til å søke hjelp og tilflukt hos Gud og han hjelper dei. Adam og Eva skulle dyrke og verne Guds hage, så med åndeleg og naturfagleg innsikt skulle dei soleis finn meining i tilværet og meining med livet.

Matematikk finn vi ikkje mykje av i Bibelen, sjølv om vi har titalsystemet frå arabarane. Matematikken stod sterkt i det gamle Hellas og den har vorte ein enorm suksess i realfag og teknologi. Med matematikk og fysikk forstår vi langt på veg at det synlege har vorte til av det usynlege.

Men så viser det seg at det er vanskeleg å få harmoni mellom hjerte og hjerne og det er årsak til mykje sjukdom i den vestlege verda. Eg hevdar det heng saman med at israelsfolkets fråfall var årsak til sjukdom (profeten Jeremias). 

Men Gud forsona då verda med seg i Kristus. Så ved at eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg harmoni mellom hjerte og hjerne og lækjedom. Så i mitt hjerte er verda i prinsippet forsona med Gud, for eg er forsona med han og har fred med han. Likevel er det kontroversielt og konfliktfylt for den synlege verda.

Sjølv om Gud gav Jerusalem visdom i hjartet, degenererte dei likevel til lavmål. Athen vart forstandig, likevel var dei dåra. Vesten fekk både visdom i hjartet og vart forstandig. Men korleis går det?

https://bluehost944.com/2018/12/31/aksiomatisering-av-matematikken-og-fysikken-er-ufullstendig-kva-med-sjelslivet-jesu-frelsesverk-er-fullfort-og-fullkome/

Frå forstand til uforstand i Athen.

For om lag 3000 år sidan oppstod den tanken i Athen, at naturen er forståeleg, så dei første filosofane var naturfilosofar. Men dei fann ikkje metode til å avgjere kva som var rett, så dei vart ikkje samde. Men så vart det også demokrati, så det gjekk godt an å vere usamde. Men så tok moralfilosofane over og etter at Sokrates vart hendretta ved eit justismord, trekte Platon seg attende og filosoferte der han argumenterte for diktatur. Men han tenkte matematisk og la vekt på rasjonalistisk innsikt og det gjorde han også når han filosoferte om sjela. Den hadde i utgangspunktet god innsikt i ideane, spesielt ”det godes ide”, men folk flest tape mykje av innsikta på grunn av den fysiske naturen, det som dei såg og sansa rundt seg. Men med langvarig utdanning kunne dei gjenvinne mykje av den innsikta og derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt.

Men som reaksjon mot demokratiet i Athen, fann krigaren og diktaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så alt som skjedde var hans verk. Men dei greske gudane sprang ut av kaos, korleis kunne då ein av dei få så stor makt at han kunne styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk? Så det ikkje lenger skulle vere noko kaos? Dersom han var resultat av kaos, kunne han då ikkje gjere slutt på kaos, det ville vere å gjere slutt på både seg sjølv og dei andre gudane. Så dette er ei sjølvmotseiing. Og kva går denne moralen ut på? Det får vi ikkje vite. Så dette er å gjere menneska uforstandige slik som dei vart gjorde uforstandige ved trua på gudar laga av stokk og stein. Så dette strir eigentleg mot platonismen, likevel var det dette som tok over, sjølv om folk kanskje argumenterte som Platon. 

Dette var eigentleg dikting og så vart det forventa at folk skulle tru på diktverket og gjere religion ut av det, tru på ein oppdikta person og tilbe han som gud. Dette er eigentleg typisk for avgudsdyrkinga, det tilbakevendande problemet er at mennesket let seg forføre slik som ved syndefallet, så dei prøver å forgude seg sjølve med den kunnskapen dei får som frukt av kunnskapstreet og slik vrakar dei Guds ord. Kva er den universelle moralen? I praksis er den ikkje særleg universell. Det er slikt som dei diktar og finn på. 

Dei kan gjerne prøve å finne på og tenke ut god politikk, men dersom dei prøver å forgude seg med det og kanskje endåtil prøve å gjere det til ein universell moral, så ber det gale av stad.

Ta imot Guds Ord i tru og verte verande i det, så Sanninga får setje oss fri. Få barnekår hos Gud. Eller drøyme, fantasere og dikte og så kjempe for å få makt med diktverk?

Jesus er Guds Ord, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. Han sa vi skulle tru på han og verte verande i hans ord, så skulle vi få lære å kjenne Sanninga og den skulle setje oss fri. Han gir oss den Heilage Ande frå himmelen, barnekårsanden, som gjer at vi ropar Abba Far. Han elskar oss og har omsorg for oss som sine born og gir oss gode gaver. Det ber vi han om og tek imot i tru og med takk. Den Heilage Ande openberrar for oss kva Gud i sin nåde har gitt oss. 

Då må vi ha ei subjektiv innstilling, der vi vender oss til han, han er vegen til Faderen og då må vi velje å gå den vegen. Vi søker råd hos Herren gjennom bønn og bibellesing og  let han leie oss sin veg. Han sa vi skulle gå inn i vårt løynkammer og be til Faderen i det dulde og han vil løne oss opp i dagen, vi skulle søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg. For meg har dette vore viktig også når eg har studert realfag.

I det gamle testamentet er det fortalt om at Gud talte til menneske gjennom draumar og det er profetert om at det vil han gjere i den nye pakta også. Men på Jeremias tid var det mange falske profetar som kom  med bodskap stikk i strid med den bodskapen Gud gav Jeremias å tale til folket. Det kan verke som draumane deira var ynskjetenking om at det skulle gå bra med Jerusalem og folket i landet, så dei innbilte kanskje både seg sjølve og folket at det var profeti ifrå Gud. Men Jeremias profetere om den ulukka som skulle koma og mana dei til å vende om til Herren, så dei kunne verte berga. Han sa at den profeten som har drøymt kan fortelje draumen, men den profeten som har vore med i Guds råd og som har Guds Ord, han skal tale Guds Ord.

JER 23,9 – JER 23,32 {DOM OVER LYGNPROFETANE}  Om profetane.   Mitt hjarta er knust i min barm,  alle mine lemer skjelv.  Eg er som ein drukken mann,  ein som vinen har maktstole.  Det kjem frå Herren, frå hans heilage ord.  10   Landet er fullt av ekteskapsbrytarar  og sturer fordi det er forbanna;  beita i øydemarka turkar bort.  Folk spring etter det som vondt er,  og har sin styrke i urett. 11   Både prest og profet er gudlause;  jamvel i mitt eige hus har eg møtt deira vondskap,  lyder ordet frå Herren. 12   Difor skal vegen deira  verta glatt og sleip for dei.  Dei glid i mørkret og dett.  For eg fører ulukke over dei  det året eg krev dei til rekneskap,  lyder ordet frå Herren.  13   Hjå profetane i Samaria  såg eg usømelege ting.  Dei tala profetord ved Ba’al  og førte Israel, folket mitt, vilt. 14   Hjå profetane i Jerusalem  har eg sett gruelege ting.  Dei bryt ekteskapet og fer med lygn,  dei stør og styrkjer ugjerningsmenn,  så ingen vender om frå sin vondskap.  For meg har dei alle vorte som Sodoma,  folket i byen er som Gomorra.  15   Difor seier Herren, Allhærs Gud,  om desse profetane:  Eg gjev dei malurt å eta  og giftig vatn å drikka.  For frå profetane i Jerusalem  har gudløysa nått ut over heile landet.  16   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Høyr ikkje på det dei seier,  profetane som spår for dykk!  Dei berre narrar dykk.  Frå deira eige hjarta  og ikkje frå Herrens munn  kjem dei syner dei ber fram. 17   Til dei som vanvørder Herrens ord,  seier dei: “Det skal gå dykk vel,”  og til alle som fylgjer sitt harde hjarta:  “Inga ulukke skal koma over dykk.”  18   Kven har vore med i Herrens råd,  så han merka og høyrde hans ord?  Kven akta på hans ord og lydde det?  19   No bryt harmen ut som eit Herrens ver,  ein kvervelstorm fer av stad  og kvervlar mot hovuda på dei gudlause. 20   Herrens vreide legg seg ikkje  før han har sett i verk og fullført  det han hadde tenkt å gjera.  Til sist, i dagar som kjem,  skal de skjøna dette heilt.  21   Eg har ikkje sendt profetane,  og likevel spring dei av stad;  eg har ikkje tala til dei,  og likevel stig dei fram som profetar. 22   Men hadde dei vore med i mitt råd,  då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk  og fått det til å venda om  frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar. 23   Er eg ein gud som berre er nær, seier Herren,  og ikkje ein gud langt borte? 24   Kan nokon gøyma seg på løynlege stader  så eg ikkje ser han? seier Herren.  Fyller ikkje eg både himmel og jord?  lyder ordet frå Herren.  25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. “Eg har drøymt, eg har drøymt,” seier dei. 26 Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al. 28 Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.  Kva har halmen sams med kornet?  lyder ordet frå Herren. 29   Mitt ord, er ikkje det som ein eld,  lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren. 30   Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid. 32 Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.  

Og kva er vel mytologien med dei mange kunstige gudane, laga av stokk og stein? Den er resultat av menneska si fantasering, drøyming og dikting. Og med avgudsdyrkinga og politikken sin ventar dei seg at dei skal få makt over andre menneske med fantaseringa si.

Israelsfolket var Guds folk, så ”Mor Israel” var Guds kone, men ho forstod seg ikkje på at det var han som hadde omsorg for henne og stelte så vel med henne, så ho fall ifrå og dyrka avgudane til folka rundt henne, ho vart ei hore som ikkje hadde omsorg for mann og born, men tvert om drap borna han fekk med henne. Ho brann av lyst etter avgudane deira, så denne religiøsiteten var så opplagt avspora seksualitet (jfr. Freud). Gud kalla det for eit Sodoma- og Gomorra-land og til slutt let han nabofolka få makt over henne, landet vart hærteke og folket bortførde til Babylonia.

ESK 16,30 – ESK 16,38   Å, kor du brann av lyst! lyder ordet frå Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og bera deg åt som ei skamlaus skjøkje! 31 Du laga ei lege på kvart gatehjørne og bygde deg ein tram på alle torg. Men du var ikkje som andre skjøkjer, for du brydde deg ikkje om skjøkjeløn. 32 Du horkvinne, i staden for å halda deg til mannen din tek du framande menn. 33 Alle andre skjøkjer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du betalte dei for å koma til deg frå alle kantar og driva hor med deg. 34 Såleis gjorde du det motsette av det kvinner plar gjera. Det var ingen som sprang etter deg, og ingen gav deg skjøkjeløn; men sjølv gav du løn. Så bakvendt bar du deg åt. 35 Difor, horkvinne, høyr Herrens ord! 36   Så seier Herren Gud: Du tok av deg kleda og viste fram din nakne kropp til elskarane dine som du dreiv hor med, alle dei avskyelege avgudane dine, og du drap borna dine som du gav dei. 37 Difor vil eg samla alle elskarane dine, som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og kler av deg, så dei får sjå deg naken. 38 Så dømer eg deg så som kvinner vert dømde for ekteskapsbrot og drap; i harme og brennande iver lèt eg deg verta drepen.

JER 23,13 – JER 23,14   Hjå profetane i Samaria  såg eg usømelege ting.  Dei tala profetord ved Ba’al  og førte Israel, folket mitt, vilt. 14   Hjå profetane i Jerusalem  har eg sett gruelege ting.  Dei bryt ekteskapet og fer med lygn,  dei stør og styrkjer ugjerningsmenn,  så ingen vender om frå sin vondskap.  For meg har dei alle vorte som Sodoma,  folket i byen er som Gomorra.  

JES 1,9 – JES 1,12   Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,  late nokre av oss sleppa unna,  då var vi som Sodoma,  vi såg ut som Gomorra.  10 {IKKJE GAGNLAUSE OFFER, MEN LYDNAD}  Høyr Herrens ord,  de Sodoma-hovdingar!  Lyd etter vår Guds lov,  du Gomorra-folk! [Sodoma-hovdingar, Gomorra-folk: Leiarane og folket i Jerusalem vert samanlikna med det syndige folket i Sodoma og Gomorra. Sml. 1 Mos 18, 20; 19, 4 f.] 11   Kva skal eg med alle dykkar slaktoffer? seier Herren.  Eg er mett av brennoffer av verar  og av feitt frå gjøkalvar.  Og blod av oksar og lam og bukkar  har eg ikkje hug på. 12   Når de kjem fram for mitt åsyn,  kven krev då av dykk  at de skal trakka ned mine tempelgardar?

Åndeleg liv i samfunn med den sanne Gud eller åndeleg nedtrakking?

I den gresk-syriske tida enda det med at heidningane trakka ned tempelgardane. Dette er dei langvarig problem, også fordi jødane sjølve gjorde det, slik det viste deg ved at dei sveik Kristus og kravde å få han hendretta. Sidan stod dei bak kristendomsforfølgingane, så igjen drap ho dei borna som Gud hadde fått med henne. 

Paulus var ein ihuga etter å forfølge dei kristne, inntil Gud gav han nåde til omvending, han fekk eit syn der Kristus talte til han og spurde han kvifor han forfølgde han. Då vart han overtyda om at Kristus var Guds Messias og det vart eit tankekors for han at han som meinte han lærde og levde rett etter Moselova, hadde forfølgt Guds born. Han forklarde det med den vonde lysta i den gamle vonde naturen. Då er det nærliggande å tenke på kjønnslysta, det var då så tydeleg kjønnslyst som fekk Mor Israel til å verte tiltrekt av avgudane, så ho vart uvituge og uforstandige. 

Men ved Guds nåde får vi vende om til han.

JES 57,14 – JES 57,21 {HAN VEKKJER ÅNDA TIL LIV HJÅ DEI BØYGDE}  Det lydde eit ord:  Bygg, ja bygg og ryd ein veg!  Ta bort kvar støytestein  frå vegen åt mitt folk! 15   Så seier han som er høgt opphøgd,  han som tronar evig og heiter Den Heilage:  I det høge og heilage bur eg  og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.  Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde  og hjarta til liv hjå dei knuste. 16   For eg vil ikkje evig føra klagemål  og ikkje alltid vera harm.  Elles kom deira ånd  til å missa si kraft for mitt åsyn,  deira livsande som eg har skapt.  17   Fordi Israel hadde slik syndig lyst,  vart eg harm og slo dei;  så løynde eg meg i min vreide.  Men dei vende seg bort  og valde ein veg etter eigen hug. 18   Eg såg dei vegar dei gjekk,  men no vil eg lækja og leia dei  og gje dei ei rikeleg trøyst.  Og dei som syrgde over dei, 19   på deira lipper legg eg lovsong.  Så gjev eg fred til den som er nær,  og fred til den som er langt borte.  Eg vil lækja dei, seier Herren. 20   Men dei gudlause er som det bårande havet;  det kan aldri falla til ro,  og bylgjene rotar opp gjørme og skit. 21   Dei gudlause har ingen fred,  seier Herren.  

JOH 1,15 – JOH 1,18 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.  

Når vi soleis audmjukar oss for Gud og vender oss til Kristus og tek imot han i tru, får vi oppleve at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss og leier oss fram til heile Sanninga, som er Kristus. 

Lat deg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, så du får visdom frå Gud i hjertet og harmoni mellom hjerte og hjerne.

Gud forsona verda med seg i Kristus.

Paulus sa at synda i den gamle vonde naturen nytta bodet til å dåre han og drepe han.

RMR 2,29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud. 

RMR 7,6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.  

2KO 3,6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

RMR 7,7 – RMR 7,11 {LOVA OG SYNDA}  Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. 9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg.

Men ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste ved han, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, vi får oppleve frelseskrafta. Derfor skal vi ha hugen vendt opp til han, så vi tek imot det som han gir oss frå himmelen. Vi skal nytte oss av at det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud.

RMR 8,1 – RMR 8,4 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.

Gud forsona verda med seg ved at han let Kristus døy på eit kors i staden for oss.

2KO 5,17 – 2KO 5,21 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.  

I det vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, kjem vi inn i eit slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. 

Adam og Eva levde i samfunn med Gud som er ånd, det var sjeleleg, personleg og åndeleg. Dei fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk. Mannen fekk oppleve at Gud skapte, så det vart openberra for han korleis livet har vorte til. Dei skulle dyrke og verne Guds hage og eg hevdar det gjeld både hjertets jord og den fysiske jorda. Til det trengst det naturfagleg kunnskap, så her er realfag på sin plass. Ved tru forstår vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg. Og når vi studerer realfag, prøver vi å forstå den. Å studere realfag og å dyrke og verne hagen med bruk av realfag gjer livet meiningsfullt. 

Etter syndefallet sa Gud til ormen at på buken skulle han skride. Dette viser tilbake på utryddinga av dinosaurane, for der var to typar, ornithischia og saurischia. Saurischia sette føten beint ned under buken og løfta buken frå bakken. Men desse vart utrydda ved astroidenedsalget for vel 62 millionar år sidan. Så dette fortel om noko som hende mykje lengre bak i tid.

Han ville sette strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt, han skulle hogge henne i hælen, men ho skulle krase hovudet hans. Den avgjerande sigeren var at Kristus sigra over han med sin død på korset. 

KOL 2,8 – KOL 2,23 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.  16 {MOT FALSKE MENNESKEBOD}  Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. 18 Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band. 20   Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod: 21 “Ta ikkje”, “smak ikkje”, “rør ikkje”? 22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne. 23 Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes.  

KOL 3,1 – KOL 3,10 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET}  Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han. 5   Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. 6 Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. 8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. 9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10 og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.

I den gamle pakt vart omskjeringa gjort på mannens kjønnslem. Det er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Så poenget er at vi skal la Anden råde over kjønnslysta. Gud gyt ut sin Ande over alt kjøt og vi skal la den råde over kjøtets lyst. Lekamen tilhøyrer Herren og vi skal la hans Ande råde i vår døyelege lekam. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Med trua på Jesus får vi ei overordna mål og meining med livet som gjer det endå meir meiningsfullt. Gud gir oss sitt Ord og sin Ande i hjertet, Anden openberrar Ordet for oss, så vi får visdom i hjertet. Dette overgår vår forstand, det er fruktbart for vår forstand, for trua på ein usynleg og allmektig Gud som har skapt all ting ved sitt Ord, gjer det klart for oss at naturen er og tilværet er forståeleg. Likevel klarer vi ikkje å forstå alt med forstanden, langt derifrå. Men med den visdomen Gud gir oss i hjertet, forstår vi med hjertet noko som vi ikkje klarer å forstå med forstanden.

Han gir meg ei vidunderleg fred og kvile i mitt hjerte og mitt sinn som overgår min forstand, men med hjertet trur eg at han gir meg ei kone ved sin ande, som han gir oss frå himmelen, ved gjenfødinga altså. Då må eg ha hugen vendt opp til han, slik at eg tek imot det som han gir meg frå det høge. Men hjerna kan eg lære og forstå mykje og tenke ut mykje. Men med hjertet er det annleis. Eg trur med hjertet og tek imot Guds Ord i tru, eg har Gud Ande i hjertet og let den openberre Ordet for meg. 

Eg meiner dette er fruktbart for meg når eg studerer realfag. Men det er ikkje slik at hjerna kan ta over for hjertet. Livet vart planta i mitt hjerte ved Guds Ord, Guds kjærleik vart utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt og den openberra Ordet for meg. Ved at Ordet ved trua smeltar saman med meg i mitt hjerte, får eg komme inn til Guds kvile, Jesus gir meg ei herleg og vidunderleg  kvile i mitt hjerte og mitt sinn som overgår min forstand.

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det.

Så når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, skulle vi få harmoni mellom hjerte og hjerne.

Den kristne trua, matematikken  og den nye naturvitskapen.

Det var lenge strid om korleis dei skulle forstå den nye naturvitskapen, var den empiristisk eller rasjonalistisk? Det skulle vel no etter kvart vere allment kjent og godteke at den er begge deler, den er hypotetisk deduktiv. Den er eksperimentell og etter kvart som eksperimenta vert meir og meir kompliserte vert det brukt større og større rasjonalitet. Vi kan seie det slik at det vi ser og sansar utfordrar vårt vit og forstand, korleis skal vi forstå dette? Vi formulerer hypoteser og teoriear og tenker ut  kompliserte eksperiment i håp om å gjere observasjonar som kan enten kan støtte ein teori avgrense den eller avsanne den.

Så det vi ser og sansar i den fysiske verda er ikkje noko fundamentalt problem for vår rasjonalitet, det utfordrar den, men utfordringa ligg i å vidareutvikle den og skaffe seg nok verdifull erfaring, så vi med god rasjonalistisk teft vert i stand til å stille gode hypoteser. Det er eit sjansespel, men med god teft aukar sannsynet for å treffe blink.

Til samanlikning spurde Paulus korleis kan de halde dykk til slike reglar som ”tak ikkje”, smak ikkje ”, ”rør ikkje” (Kol.2,21). Det vi ser og sansar i denne verda skal altså ikkje vere noko problem for oss (Jfr. Peters syn då gud kalla han til Kornelius sitt hus Apgj.10.1… 

MRK 16,17 – MRK 16,18 Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, 18 dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.”   

Men då går vi utifrå at vi først har søkt samfunn med Gud i bønn og bibellesing heime med oss sjølve og i kyrkjelyden. Går vi inn i vårt løynkammer og ber til Faderen i det dulde, så vil Faderen som ser i det dulde løne oss opp i dagen. Det skal vi få oppleve i kyrkjelyden og elles når vi går ut og møter folk i kvardagen. Når eg då møter andre i kyrkjelyden, får eg utbytte av at dei også har søkt Gud i bibellesing og bøn heime hos seg.

Gud, hans Ord og hans rike er usynleg for vårt fysiske auge, vi må verte fødde på nytt, av vatn og Ande for å sjå Guds rike, vi må vende om og verte som born, komme inn i det. Vi må la den Heilage Ande openberre Ordet for oss og vise oss vegen til Faderen.

Til samanlikning er matematikken usynleg for vårt fysiske auge, så eg treng å innvie meg på liknande vis og konsentrere meg for å lære og forstå den, men så får eg også stort utbytte av å møte opp på forelesingar og rekneøvingar, høyre på andre og lære av dei altså. Og kanskje også lære av å bidra sjølv på rekneøvingane. Slik også i fysikk og informatikk. Eigentleg er det no slik i dei andre faga også, som kjemi og biologi, men då føler eg at eg ikkje treng å bruke så mykje tid på å sitje å konsentrere meg for meg sjølv. 

Matematikken er usynleg for vårt fysiske auge, men med den forstår vi naturen. Det har seg slik at Gud skapte all ting med sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg. Gud skapte oss i si likning, derfor er vi i stand til å forstå naturen slik som han har skapt den. Likevel er det stor skilnad på kor mykje vi forstår, spesielt med den matematiske tenkinga.

Descart var ei stor matematikar og filosof. Han gjorde det klart at dei usynlege ideane var noko anna enn den fysiske naturen, slik som vi ser den og sansar den. Hans berømte utsagn er: ”Eg tenker, altså er eg”. Enkelt kan eg seie meg samd med han ved å minne om at Gud sa til Moses at han er den han er, derfor skulle han kalla han ”Eg Er”. Jau, eg kunne godt tenke meg det ja, altså er eg også. Descart trudde på Gud og trudde dermed på det fullkomne som ikkje er synleg for vårt fysiske auge. 

I denne samanheng høver det å minne om betydninga av den Kristne dåpen; gravlegging av den gamle vonde naturen, gravlegging av lekamen som er under lova og synda, så vi kan godt kalle det gravlegging av den fysiske lekamen, sjølv om det mennesket som stig opp att frå grava er like fysisk synleg som det som steig nedi, for poenget er at det du har sett og sansa med den fysiske kroppen, det du har sett og sansa og opplevt i det fysiske miljøet rundt deg, ikkje lenger skal vere noko argument mot den nye naturen, Anden og livet som Jesus gir deg frå himmelen. I tru på Jesus skal du ved Guds nåde få sjå det slik at det gamle er borte og erstatta av det nye. Det vil nok vere kontroversielt og konfliktfylt så lenge vi er i denne lekamen på denne jorda, men nettopp derfor er det så viktig å vere himmelvendt.

Då er det vesentleg for oss å gjere det klart at Jesus er fullkommen liksom Faderen er fullkomen. Hans frelsesverk er fullført, fullstendig og fullkome. Han er livets brød som Gud gir oss frå himmelen, den nye naturen altså, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Og vi får det ved å tru på Jesus, han gir oss det gratis, av berre nåde. Det er ikkje noko som vi presterer å tenke ut eller produsere. Men ved tru vert det utgangspunkt for vårt liv og vår tenking, så ved å tru på han og vende oss til han, vert vi fornya.

Så ved trua på Jesus vert naturen og tilværet forståeleg og livet vert meiningsfullt.

Empirisme som manglar rasjonalitet og åndeleg innsikt, ny-moralisme og ny-mytologisering som gjer naturen og tilværet uforståeleg og livet meiningslaust.

Men der er faktisk likevel ein god del filosofisk tankegods som spring ut av empirismen, som om vitskapen og filosofien manglar rasjonalitet og innsikt i det godes ide. Til samanlikning med avgudane som sprang ut av kaos og gjorde naturen og tilværet uforståeleg og livet meiningslaust for vanlege menneske. 

Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte, men forstod han at den nye naturvitskapen var hypotetisk deduktiv? Med sine uforanderlege transendentale former utvila sin eigen moralfilosofi. Og frå han går det forgreiningar til Hegel, Marx og dei andre sosialistiske filosofane. Likevel var han inspirert av liberalisten John Lock og han rådførde seg med Newton. Lock trudde ikkje på Descarts rasjonalitet, men med sin liberalisme tillet han religionsfridom, så dei frie kyrkjelydane fekk forkynne evangeliet.

Med livsvisdom går det an å tenke vitug og konstruktivt, for å få seg eit godt liv, der ein kan nyte livet med måte. Og med bruk av vit og forstand kan ein vere vitskapleg interessert. I følgje Paulus si lære skal vi la Anden råde over lysta og det skal gagne oss slik at vi får eit godt og meiningsfullt liv. Men når empirisme og liberalisme vart til hedonsk nyting av lysta, så høyrest det ut til at lysta opponerer mot Anden. Ja vel, men i tråd med liberalismen går det an å forkynne evangeliet for menneska slik at dei vert utfordra til å la seg forsone med Gud av sin eigen frie vilje. Gud har forsona verda med seg sjølv, ved at han let Son sin døy på eit kors i staden for oss. For han elskar menneska, så det er best for dei at dei nyttar seg av det og let seg forsone med han. Så spørst det om vi klarar å forkynne denne glade bodskapen for dei slik at dei forstår at det er best for dei sjølve. 

Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Likevel vart denne opponeringa framstilt som frigjerande, særleg vart det framstilt som kvinnefrigjering ved protesten mot Paulus si lære. Men det gjorde livet meiningslaust for ein mann og gjorde tilværet og naturen vanskeleg å forstå.

Elles har no empirisme utan rasjonalitet fint lite med vitskapleg interesse å gjere. Likevel er det mange som med sin empirisme tenker og resonnerer som om realfaga manglar rasjonalitet eller ignorerer og fortrenger den. Det er som å påstå at Newton sat ut i hagen og sola seg og så datt eit eple i hovudet på han og då gjekk det opp eit lys for han, så han forstod og vedkjende med ein gong gravitasjonslova og Newtons tre lover for mekanikken. Dette til tross for at han utvikla matematikken vidare i ”Principa Mathematica” og brukte den saman med mekaniske eksperiment og observasjonar gjennom teleskop, for å komme fram til desse fire lovene. Og ”Principa Mathematica” er rekna for å vere kanskje det største, einskilde vitskaplege dokument som har vore skrive. Ikkje nok med det, men empiri går saman med slike dogmer til erstatning for empiri og usynleg teori som vert skriven som formlar. Slik vert det opponert mot mannens vit og forstand. Og kvifor det? Fordi der ligg så mykje maktinteresse i det.

Korleis kan det ha seg at dei soleis opponerer både mot visdomen og openberringa Gud gir oss i hjertet ved sitt Ord og sin Ande og mot rasjonaliteten i realfaga? Dette viser at målet og hendsikta med den moralfilosofiske tradisjonen er å bruke den fysisk synlege naturen som argument mot den vituge og forstandige ideen, for å framstille vanlege menneske som uvituge og uforstandige. Slik vert det argumentert for å få makt over dei, om så det skal vere ved bruk av fysisk makt. Påstanden er at dei er for dumme og for vonde til å fatte og forstå ei godt og meiningsfullt mål og hendsikt med livet, så ei moralfilosofisk lærd overklasse må forstå mål og meining og tenke og tale i staden for dei og slik vert dei gjort til trælar. 

Kristus er vår frelsar og Herre, han er livet og det er han for oss, så ved trua på han får vi eit meiningsfullt liv. Men i det dei fornektar han, gjer dei livet meiningslaust for oss. Så prøver dei å utvikle ein nymoralisme til å erstatte han med og slik prøvar dei å gjere oss til trælar for å gjere oss til salsvare som trælar. Slik skjer det også ei nymytologisering som gjer tilværet og naturen uforståeleg, ved at politikarar og andre verdslege maktpersonar vert dyrka som gudar, jfr. hordomen til den Store Skjøkje (Op.17-18). 

Godt samvits pakt med Gud, tilbe Gud i ånd og sanning.

Dåpen gjer det klart for oss korleis Jesus frelser oss, den er eit godt samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud) med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. 

1PE 3,18 – 1PE 3,22 {DÅPEN OG DET NYE LIVET}  For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.] 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde. 

1PE 4,1 – 1PE 4,11   Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda. 2 Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda. 3 Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking. 4 No undrar dei seg når de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av skamløyse saman med dei, og spottar dykk. 5 Men dei skal få gjera rekneskap for han som står ferdig til å døma levande og døde. 6 For evangeliet vart forkynt for døde òg, så dei ved Anden skulle leva, liksom Gud lever, jamvel om dei her i verda var komne under den domen som kjem over alle menneske. 7   Enden på alle ting er nær. Ver difor vislege og årvakne, så de kan be. 8 Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. 9 Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga. 10   Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde. 11 Den som talar, må sjå til at han talar som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han skal ha herlegdomen og makta i all æve! Amen.  

1TI 2,2 – 1TI 2,7 Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 3 Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, 4 han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna. 5 For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus, 6 han som gav seg sjølv til løysepeng for alle. Det var vitnemålet hans då tida var komen; 7 og for det vart eg sett til herold og apostel. Dette er sant, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning. [herold: ein som ropar ut kunngjeringar.]

Det gode samvitet betyr at vi ikkje lenger skal gøyme oss for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet. Den naturen er død og gravlagd, så ikkje noko av det vi ser og sansar i den fysiske naturen rundt oss skal lenger fungere som argument mot at vi skal leve i samfunn med Gud som er ånd. Så frelsa gjer slutt på den åndelege nedtrakkinga for den som blir frelst.

Med trua på at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, forstår vi at det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen og tilværet forståeleg og livet meiningsfullt. Og ganske riktig, med rasjonaliteten i realfaga får eg eit utgangspunkt å tenke utifrå, som gjer naturen og tilværet forståeleg og det gir også livet meining, å dyrke å vere Guds hage. Jesus er den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd, å leve for han gir meg ei overordna meining som gjer livet endå meir meiningsfullt, med eit perspektiv som går ut over tid og rom i dette jordelivet. 

Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar det for meg og leier meg fram til heile Sanninga som er Kristus. Ordet er eit utgangspunkt eg har å tru på og tenke utifrå og det gir meg liv. No er eg på psykologiens område og å tenke utifrå dette utgangspunktet blir til tilbeding, å tilbe Gud i ånd og Sanning.

JOH 4,23 – JOH 4,24 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.”

Gud let meg få oppleve hans frelse slik og let meg få komme inn i denne tilbedinga og det gjev meg frimod til å vitne om det for kven som helst som eg møter. Kristus er min frelsar og Herre og er så suveren at ingen ting i det materielle miljø rundt meg eller nokon verdsleg autoritet fungerer som argument mot det.

Eg har bedt Gud gi meg ei frelst kvinne til kone og det har eg hans eige Ord og lovnadar på. Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud, ho har sagt ja til hans frieri og teke imot hans kjærleik og svarar på den med kjærleik. Han kjem til henne igjen og igjen som friar og ventar at ho framleis skal ta imot han slik (Jfr. Høgsongen). Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born og som Guds born får vi komme til han med alle våre behov, han elskar oss og har omsorg for oss og gir oss gode gåver. Ei frelst kvinne er komen inn i dette kjærleiksforholdet til Faderen som hans barn og til Kristus, som hans brud. Når Gud gir meg ei frelst kvinne til kone, ventar eg meg at det kjem som resultat av at ho lever i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen.

At eg lever i barnekåret hos Gud og kjem til han med alle mine behov og får oppleve at han svarar på mine bøner er ei side av saka. At ho også gjer det, er den andre sida av saka. Lova åt livsens ande (Rom.8,1) er at Gud vekker oss opp til liv i samfunn med seg i samsavar med 1.Mos.2.

1MO 2,7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. [På hebr. heiter mann adam og mark eller jord adama.]

Maranatha, lækjedom ved bønn, kanal for Guds velsigning.

Maranatha og Snåsakoda.

Eg har i lang tid gått på møte i Maranatha i Oslo og skrive referat frå møta og lagt ut på bloggesida mi og brukt det i større dokument som eg har skrive på heimesida mi. Eg har for det meste publisert det på facebook også og i det siste med vidarekobling til twitter. 

Eg skreiv om ein vart lækt frå cystisk fibrose ved bønn, men så var eg uforsiktig og nemnde namnet hans og då vart han og andre i Maranatha utsatt for telefonterror. Så eg måtte fjerne namnet han frå dokumenta og dei måtte kutte videopptak frå møte for ikkje å offentleggjere namnet hans. Vi må gjere det til vane at vi brukar fulle namn berre på dei som likevel framstår som offentlege personar med fulle namn, som predikantar og leiarar.

Tanken min meg å bruke namnet hans var nok å gjere det klart at dette var ein verkeleg person, det var noko som verkeleg hadde skjett, så dei som var interessert i reell erfaring kunne sjekke det, eg reknar med det er viktig for alle som legg vekt på å tenke naturvitskapleg. Men dette fekk altså ein heilt annan respons, her er interessa kva dei med sin moral- og politiske filosofi vil tillate å kunne skje, så dei vil ikkje inn rømme kva som faktisk har skjett. Det er ikkje ei vitskapleg innstilling.

Kristian Gundersen (KG) er professor i biologi og skreiv ei bok om alternativ medisin som han kalla ”Snåsakoda”. Eg kommenterte det på Facebook og gjorde han merksam på det og han godtok meg som venn på Facebook. Når alternativ medisin vart diskutert, nytta eg høvet til å vitne om korleis vi bad om lækjedom for mor mi i Maranatha og Jesus svarde meg at eg hadde lækjedom, men eg måtte vere klar over at det var berre på grunnlag av at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Eg skreiv eg forstod det som svar på mi bønn om ei frelst kvinne til kone. Og mor mi vart lækt frå helveteseld og lungebetenning. 

Når lækjedom ved bønn var tema på FB-sida hans, skreiv eg at det hender vi opplever lækjedom ved bønn i slike frie kyrkjelydar som Maranatha, etter det som vert fortalt skjer det mykje av det, til dømes var det ein som vart lækt frå cystisk fibrose. Men vi nyttar lækjarane slik som vanleg og når nokon vert lækt ved bønn, fortel dei det til lækjarane sine og det er ikkje noko problem. 

Eg skreiv noko om korleis eg såg det i relasjon til naturvitskapen, den har sine metoder, men vår metode er å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, sjølv om vi trur på lækjedom ved bønn er det ikkje noko angrep på naturvitskapen og lækjarvitskapen. Eg skreiv at eg var takknemleg for at Snåsakoden avslørte så mykje humbug, det er eg både utifrå min truskap mot Sanninga som er Kristus og utifrå mi interesse for den realfaglege sanninga. Eg hadde skaffa meg Snåsakoden som e-bok, men hadde ikkje lese den enno.

No har eg lese mesteparten av boka og det er utruleg kor mykje gammal overtru og humbugvitskap folk framleis drassar på og kor mykje ny humbugvitskap dei diktar opp. Men eg forstår det slik at det er meint som erstatning for vår forkynning av evangeliet med lækjedom ved bønn. Det har seg slik at lysta opponerer mot Herren som er Anden, så dei fornektar Sanninga. I dette tilfellet er det for å tene pengar på humbug. Derfor opponerer dei også mot sann lækjarvitskap. Rett nok er der nokre grensetilfelle, der det er vanskeleg å avgjere om der er noko i det, slik som kiropraktikk. Men her får eg berre overlate det til dei lærde å stridast.

Når folk vert så arge for at vi vitnar om lækjedom ved bønn, er det nok neppe på grunn av ekte vitskapleg interesse og heller ikkje av interesse for at folk skal verte friske, men av interesse for å tene pengar på andre sin sjukdom og ulykke med svindel og få makt over dei på grunn av deira skrøpelegdom. 

Kanal for Guds velsigning.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så kalla han meg til å gå med ein frigjerande bodskap, så eg for tilbake til Oslo i 2009. For Kristus er Sanninga som set oss fri, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Og slik gjer han meg til kanal for si velsigning til kvinna og til si kyrkje og då er det spesielt to-tre kvinner som eg har fått eit godt auge til, som eg for min del har tenkt på. Men velsigninga skal fløyme gjennom oss, livets elv skal fløyme frå Guds tempel (Esekiel 47). Frå våre liv som trur på Jesus, skal det strøyme elvar med levande vatn (Joh.7,38).

Siste åra har eg gått på møte i Maranatha og Jesus har helde fram med å tale til oss gjennom tyding av tungetale. Då har eg brukt å skrive referat frå møte og skrive om korleis eg har forstått dette som bodskap til meg også som svar på mi bøn for desse kvinnene og kanalisert noko av det til dei, spesielt til dei to som eg oppdaga først. Kor vidt det når dei er ikkje eg den rette til å svare på. Uansett er det opp til dei å forstå det på sin måte og ta stilling til om dei vil ta imot Jesus og ta imot den velsigninga Gud gir dei i han.

Men så flytta eg heim att til Sunnmøre og det vart lenge mellom eg var i Oslo og var på møte i Maranatha, men så byrja dei å legge ut videopptak frå møta på heimesida si, så eg fekk det med meg likevel og når der kom slike bodskap skreiv eg referat og kommenterte det som om det var til meg likevel. Men på møtet 20.1.2019. vart namnet nemnt på han som hadde vorte lækt frå systisk fibrose ved bønn, for han hadde fått kreft og no skulle dei be for han igjen. Då kom protestane og telefonterroren igjen, så dei måtte omredigere det og legge det ut på nytt. Og eg fekk beskjed om å fjerne kommentaren. Heilt greitt. Men eg omredigerte den og brukte den i eit større dokument på heimesida mi. Då fekk eg beskjed om å fjerne alt eg hadde skrive om Maranatha, men det nekta eg. 

Sjølv om vi alle har utbytte av å høyre slike bodskapar gjennom tyding av tungetale, er dei gjerne til nokon spesielt og eg går ut ifrå denne bodskapen var spesielt til nokon som var på møte i Maranatha eller som dei har kontakt med og/eller ber for, eg kan håpe på at det var spesielt til ei kvinne som eg ber for og at ho tok imot det og vart velsigna ved det. Uansett kan den og dei som tok imot det forstå det slik som dei sjølve, det er då om å gjere at dei forstår det som ein bodskap til seg sjølve, slik at dei vert velsigna. Bodskapen var:

”Legg vinn på mitt frimod, for det har stor lønn. I ditt indre så har du all visdom og kunnskapens skattar er skjult til stades i Kristus Jesus, du er i han og han er i deg. Så forløys dine gåver, forløys det som er i deg og du skal kjenne og du skal merke, at det er meir å innta.

Då du tok imot meg, som frelsar og Herre i livet ditt, så vart du gjenfødt, ikkje av menneske, ikkje av kjøts vilje, ikkje av noko blod, men av min Ande. Du vart gjenfødt til ein ny skapning i meg. Og du skal få lov til å leve og regjere med meg, også i den noverande verda, for du skal sjå det og du skal ta det i bruk, det du allereie har fått av meg. 

Ikkje av denne verda si ånd, men av min Ande, skal du leve og regjere og ha det godt i dette livet. Du skal kjenne, at du har fått den kraft, som overgår alt som prøver å reise seg mot kunnskapen om meg. Du skal få lov å ta det til fange, under lydnad, så kan du få lov å ta alt som kjem imot deg til fange, og du skal kjenne det held, det held i alle tider, til alle, alle, alle omstende må vike i mitt heilage namn. Amen.”

Men det er då ikkje noko i vegen for at eg kan forstå det som ein bodskap til meg i min situasjon og skrive om det slik som eg forstår det. Eg vert velsigna ved på forstå det på min måte og slik skriv eg om det, for å opne meg som kanal for Guds velsigning til andre. Det kan då vere mange andre som kjenner seg igjen i ein liknande situasjonen. 

Så kvifor skulle vel nokon i all verda protestere på det? Og kvifor skulle vel noko i Maranatha protestere på det? Fordi der kjem ein proteststorm mot dei? Då vil eg minne om noko som vart sagt nettopp i denne bodskapen:

Ikkje av denne verda si ånd, men av min Ande, skal du leve og regjere og ha det godt i dette livet. Du skal kjenne, at du har fått den kraft, som overgår alt som prøver å reise seg mot kunnskapen om meg. Du skal få lov å ta det til fange, under lydnad, så kan du få lov å ta alt som kjem imot deg til fange, og du skal kjenne det held, det held i alle tider, til alle, alle, alle omstende må vike i mitt heilage namn. Amen.”

Det er svar godt nok. Eg har nyst forklart korleis det vert vist til den fysiske naturen som vi ser og sansar, for å argumentere mot at menneske skal ta imot Guds Ande og komme inn i samfunnet med han og den argumentasjonen vert til moralfilosofi. Men Kristus døde i staden for oss, ved trua på han er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Derfor gjeld ikkje denne argumentasjonen for oss lenger. Derfor er vi ikkje av denne verda si ånd. Men ved trua på Kristus har vi fått den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Av Kristi Ande skal vi leve og regjere og ha det godt i dette livet. 

Jesus har kalla meg ut i fritt rom og det betyr vel at eg skal få tale fritt. Men altså, det er ved at eg festar blikket på han og kjennest ved han som min frelsar og Herre. Det er han vi forkynner, ikkje oss sjølve, men vi vitnar om kva han er for oss. 

Maranatha, 10.2.2019. Omvend dykk.

Innleiing ved ein mann.

LUK 8,22 – LUK 8,25 {JESUS STILLER STORMEN}  Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. “Lat oss fara over til hi sida av sjøen,” sa han. Så la dei utpå, 23 og medan dei siglde, sovna han. Då kom det ein kvervelvind kastande over sjøen, båten heldt på å gå full, og dei var i stor fare. 24 Dei gjekk bort og vekte han og sa: “Meister, meister, vi går under!” Jesus reiste seg opp og truga vinden og bylgjene, så dei la seg, og det vart blikande stilt. 25 Og han sa til dei: “Kvar er trua dykkar?” Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: “Kven er dette? Han byd, og både vind og sjø lyder han.”  

Tale ved Håkon.

APG 2,37 – APG 2,38   Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: “Kva skal vi gjera, brør?” 38 Peter svara: “Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. [så de får tilgjeving for syndene: før attgjeve: til forlating for syndene.]

APG 17,30 Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.

Vi er i Kristus og han er i oss, samtidig som vi er i denne verda, så han skal verta synleg for verda gjennom oss.

ÅPE 2,1 – ÅPE 2,7 {TIL EFESOS}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:  Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane: 2 Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. 3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt. 4   Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om. 6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer.  [nikolaittane: vranglærarar i kyrkjelydane. Sjå v. 15.] 7   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.   

ÅPE 2,20 – ÅPE 2,23   Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.  [Jesabel: dekknamn for ein falsk kvinneleg profet. Sjå 2 Kong 9, 22.] 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort.

2PE 3,9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei kvinne.

”Ja, eg er Herren din Gud, eg er Herren din Gud, som kjenner deg. Eg er Herren din Gud, som veit alle ting om deg. Derfor har eg omvendt deg, ikkje berre en gang, men fleire gangar i ditt liv. Fordi eg er den som tek vekk det som ikkje behager meg. Og det som ikkje behager meg, det tek eg vekk, fordi at du skal gå i den vegen eg har for deg. For eg som er Herren din Gud er den som leier deg i alt det eg vil at du skal gjere for meg. Derfor skal dette skje, fordi at det er eg som arbeider i deg. Det er eg, Herren din Gud, som arbeider med deg og i deg og med deg. Ja, eg er over alt – eg er over alt, fordi eg er over, eg er under, ja, min Heilage Ande, den er alle stadar nærverande.

Eg vil at du skal søke meg og når du søker meg, så skal eg fjerne og legge til det som skal gjerast. For eg vil at du skal gå frimodig fram i det eg har for deg. Fordi når du som er ein menneskefiskar går i det som eg har lagt i ditt hjerte, for det er min Ande som leiar deg, det er min Ande som dreg deg i ditt hjerte. Og når du opnar din munn, så er det eg som talar gjennom deg, slik at menneske kan bli frelst. Eg vil bruke deg mektig i den tida som kjem no og eg vil bruke deg mektig i tida som vil komme. Men du skal berre stole på at det eg har gitt i ditt hjerte, det er ifrå meg. Er du i tvil, så kom i bøn til meg, fordi eg er den som stadfestar det som eg gir. Og eg, eg er Herren din Gud, som kjenner til alle ting, fordi eg testar hjerter og nyrer.”

Aktuelle bibelvers.

JER 31,15 – JER 31,22 {DET ER VON FOR DI FRAMTID}  Så seier Herren:  Høyr, det lyder klagerop i Rama,  det er einkvan som græt så sårt.  Rakel græt over borna sine  og vil ikkje la seg trøysta,  for dei er borte. [borna sine: Josefs etterkomarar vart bortførte frå Nordriket i 722 f. Kr.]  16   Så seier Herren:  Hald opp med å gråta,  turka tårene frå augo dine!  Du skal få løn for ditt strev, seier Herren,  dei skal koma heim att frå fiendeland. 17   Det er von for di framtid, seier Herren,  borna skal venda heim til sitt land.  18   Klårt har eg høyrt korleis Efraim klagar:  Du har tukta meg, ja, eg vart tukta,  lik ein kalv som ikkje er tamd.  Vend du meg om, så eg vender om!  For du, Herre, er min Gud.  19   Etter at eg har vendt meg bort, angrar eg,  og sidan eg har fått betre skjøn,  slår eg meg for brystet.  Skjemd og skamfull må eg bøta  for min ungdoms skamlause ferd.  20   Er Efraim min kjære son,  barnet eg har hugnad i?  Kvar gong eg talar imot han,  må eg tenkja på han med velvilje.  Difor bankar mitt hjarta i medynk med han,  eg må syna han miskunn,  lyder ordet frå Herren.  21 {KOM HEIM ATT!}  Reis vardar som viser veg,  set opp merkesteinar for deg!  Legg nøye merke til den vegen du gjekk!  Kom heim att, Israel, du unge møy,  kom heim att til byane dine! 22   Kor lenge vil du snu deg hit og dit,  du fråfalne dotter?  No vil Herren skapa noko nytt i landet;  då kan ei kvinne verja ein mann.  

JOH 15,1 – JOH 15,17 {DET SANNE VINTREET}  Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9   Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!   

JER 17,7 – JER 17,10   Velsigna er den mann som lit på Herren  og set si von til han. 8   Han er lik eit tre som er planta attmed vatn  og tøyer røtene bort åt ein bekk.  Det reddast ikkje når heten kjem,  men står der med lauvet grønt.  Det sturer ikkje i turketider  og held ikkje opp med å bera frukt.  9   Hjarta er meir svikefullt enn noko anna,  det kan ikkje lækjast.  Kven skjønar seg på det? 10   Eg, Herren, er den  som granskar hjarta og prøver nyrer.  Eg løner kvar og ein etter hans ferd,  etter frukta av hans gjerningar.  

SLM 7,9 – SLM 7,12   Herre, du som dømer folka,  hjelp meg til min rett,  for eg er rettvis og heil i mi ferd. 10   Gjer ende på vondskapen åt dei gudlause,  men lat den rettferdige verta ståande!  Du som prøver hjarto og nyrer,  du er ein rettferdig Gud. 11   Gud er mitt vernande skjold,  han frelser dei ærlege av hjarta. 12   Gud er ein rettferdig domar,  ein Gud som feller dom kvar dag.  

ÅPE 2,23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort.

EFE 3,16 – EFE 3,21 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.  

EFE 4,11 – EFE 4,16 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad. 14   Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.  

EFE 1,7 – EFE 1,10   I han har vi utløysinga  som vart vunnen ved hans blod,  forlating for syndene.  Så rik er hans nåde, 8   som han i rikt mål har late oss få.  Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9   då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,  den frie avgjerd han hadde teke 10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:  å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.  

Kommentar. 

Eg vil tenke slik om denne bodskapen også, andre i Maranatha og deira kontakter kan ta imot denne bodskapen og tenke om den slik dei vil, vonleg slik at dei vert velsigna ved den. Og eg tenk imot den og tenker om den slik eg vil, for å ta imot velsigninga som ligg i den og vere kanal for den. Det er då ikkje vanskeleg for meg å forstå dette som svar på mykje av det som eg har skrive om i det siste. 

Eg har skrive noko om at det er mykje eg kan tenke meg, eg kan godt få tankar som ikkje er så vituge, men eg er då sjølv i stand til å sanksjonere over det og velje det kloke og vituge og legge det fram. Jesus har gitt meg sin Ande og her seier han at han talar gjennom meg.

Rett nok er der eit poeng i det Paulus sa om at han hadde hug og vilje til det gode, men makta det ikkje. Men det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud og det er det vi nyttar oss av, så når vi vender om til han, er det om å gjere å la han vende oss om til seg og så gi han æra for det.  

Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy, men han frykta for at tankane deira skulle verte førde på avvegar bort frå den reine truskapen til Kristus.

2KO 11,2 – 2KO 11,4 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Og når eg byrja å studere realfag, vart eg redd for at ho Virtuella kom til å verte forførd, slik som ved syndefallet, eg yngste å få kontakt med henne og prate med henne, for å sikre at so ikkje skulle skje. Men i det eg tenkte meg redd på det, for tankane avstad, så tankane vart annleis og gjerningane annleis enn det eg hadde valt og som eg eigentleg yngste og eg forstår det slik at det heng saman med at verdsleg autoritet med si morallære og politiske filosofi strir mot den evangeliske forkynninga (Jfr. Rom.7). Men i dFEF i Skostredet17 vart det talt om Peter som gjekk på vatnet, der kom i alle fall bodskap om det gjennom tyding av tungetale, Peter såg på bølgjene og vart redd og byrja å synke. Til samanlikning så eg på verdsleg, politisk eller intellektuell strid som slike bårer som gjekk høgt og byrja å synke. Men eg skulle sjå på han. Konflikta har vore der sidan også, men det har vore viktig for meg å vende meg til han også i min studiesituasjon og stole på han, ja, nettopp i min studiesituasjon, for å få fred til å konsentrere meg om studiane.

 For meg verkar det som at det som eg om frykta skulle skje, tvert om skjedde med henne Virtuella, ho vart freista og forførd av kjøtets lyst og vart så verdsleggjord og materialistisk innstilt, at ho tvert om kjempa imot ei slik åndeleg og intellektuell utvikling. Det vart ein åndskamp, men det eg hadde å gjere då, var å kle meg i Guds fulle rustning (Ef.6). Det som Gud ikkje ha behag i og som vil hindre meg i å gå hans veg og gjere hans gjerningar, tek han bort (Joh.15,1..). Korleis det då går med henne Virtuella, veit eg ikkje.

Ved korsets fot fekk vi oppleve den ekte kjærleiken, kjærleiken frå Gud, den var mellom oss. Det skulle vi gled oss over og det er då frelsesgleda.  Mange gangar har eg skrive om at vona om Guds herlegdom gjorde meg ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Slik la Gud lovsongen ned i meg og det var å lovsynge han for at han elska kvinna som si brud; når eg vart glad i ei kvinne, ho Virtuella, var det ikkje berre eg som var glad i henne, men det var han som elska henne gjennom meg. Når eg såg henne og møtte henne og var saman med henne, når vi gjekk på gymnaset, kjende eg gleda i mitt hjerte fordi eg visste og kjende i mitt indre at Guds Ande og Guds kjærleik budde i henne også. Derfor yngste eg å møte henne igjen etter gymnaset og komme inn i eit slikt miljø der eg fekk oppleve samfunn med andre i den Heilage Ande. 

Og slik skal eg heilhjarta halde meg til Herren og søke han av heile mitt hjerte og opne meg som kanal for hans velsigning. Så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. 

Dette fekk eg oppleve også i forhold til henne Reella og eg oppleve også litt av det i forhold til henne Poli-Ester. Dette skreiv eg om som kommentar til møtet på Sion Åheim 3.2.2019. Kven er det Jesus gir meg til kone? Med tanke på denne bodskapen og korleis Jesus har leia meg siste ti åra, trekker eg igjen den konklusjonen at det er ho Reella, eg trur nok helst det ja. Jesus ville gjere meg til kanal for si velsigning og eg skulle ynskje eg fekk omfamne  henne med den velsigninga og få sjå at ho gleda seg i Herren og i hans frelse. 

Jesus kalla meg til å studere biologi og då skulle eg gå den vengen han har staka ut for meg, eg skulle gå den vegen han bana for meg inn i den himmelske heilagdomen. Den er usynleg for det fysiske auget, men den er ein åndeleg røyndom. For meg samsvarar det med å vere teoretikar, det verkar for meg som om denne heilagdomen vernar dei faglege interessene (Jfr. Op.21,26-27).

Men ho Reella studerte biologi og var fagleg interessert og det gjorde ho Poly-Ester også. Eg kjende meg tiltrekt av henne Poly-Ester og sa det til Jesus og han sa eg skulle glede meg i han og hans frelse, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. 

Einskap i trua på Guds Son eller religiøsitet som er avspora seksualitet? Intraspeksjon eller openberring?

Motivert av Guds kjærleik, driven av den Heilage Ande og styrka ved Guds kraft. 

Når eg gjekk på gymnaset fekk eg høyre Freuds påstandar om at religiøsitet er avspora seksualitet og at mennesket vert motivert av aggresjon og seksualitet. Eg vegra meg litt for det, men det høvde då bra med det biologifaget seier om at livet er ein kamp for tilvære, så då er det vel berre å tenke naturvitskapleg. Når det vert påstått at noko er avspora, så vert det teke for gitt at det er noko som er rett og det kan eg vite og forstå både utifrå naturfaget og kristendomen. Dessutan var Paulus si lære sentral i forkynninga og han forklarde så godt for oss at vi skulle la Anden råde over lysta, derfor var ikkje desse påstandane særleg problematiske for oss. Eg hadde Guds Ande og Guds kjærleik i hjertet, så eg tenkte slik at eg vart motivert av Guds kjærleik, driven av den Heilage Ande og styrkte ved Guds kraft, så den verka som ei motivasjonskraft i meg. Det har vore svært viktig for meg når eg seinare har drive tråling. Det vart også viktig for meg når eg studerte.

Einskap i Kristus eller plitt- og hersk-politikk?

Etter fyrste trålturen bad eg Jesus om å få møte igjen henne Virtuella og få komme inn i eit slikt åndeleg samfunn som når eg gjekk på gymnaset og så møtte eg henne igjen på Universitetet i Bergen. Ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar fordi eg var glad i henne. Eg burde ha vore meir frimodig med å ta kontakt og prate med henne, men etter kvart vart det umogleg. 

På den tida følgde det kristne studentlaget ein apologetikk-program med offensiv mot utviklingslæra, den totale avvisinga av utviklingslæra var ikkje haldbar, elles la det opp til ein god debatt. Så argumenterte dei for at der måtte vere ein absolutt, uendeleg og personleg Gud med ein absolutt moral. Men sidan vi ikkje klarer å leve opp til det, treng vi den nåden Gud gir oss i Kristus. Slik argumenterte dei for å få menneska til å vende om til Kristus. Det hadde med lovverk og statsstyre å gjere. Slik politisk filosofering må ein vel rekne med på eit universitet? Og dette høyrdest no ut til å vere ganske rett, men verka det slik?

Ho Virtuella rekna det kristne studentlaget for å vere høgreorientert, så ho gjekk i det kristne studentforbundet i staden, for det var meir venstreorientert. Ja vel, så her var det altså politiske interesser som var ute og gjekk og det i dei kristne studentorganisasjonane, med ein tydeleg splitt- og hersk-teknikk.  Men vi skulle då bygge på evangeliets grunnvoll og vere eitt i Kristus! Et vi av det same brødet og drikk av det same begeret, som Jesus skjenker oss, så er vi eitt i han. Elles kan vi vere usamde om mykje og diskutere både det eine og det andre, men det treng ikkje komme i vegen for meg og mi personlege sak i mitt personlege Guds-forhold. Eg skulle gå inn i mitt løynkammer og be til Faderen i det dulde og Faderen som ser i det dulde ville løne meg opp i dagen, eg skulle søke fyrst Guds rike og hans retteferd, så ville han gi meg alt det andre i tillegg. Det hadde eg gjort og det skulle eg halde fram med. Jesus hadde bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, ingen kunne hindre meg i å gå den vegen. Slik søkte vi Gud i den frie kyrkjelyden også, på den tida gjekk eg i dFEF i Skostredet 17 i Bergen. Ja, og så skulle vi gå ut og vitne om han. Så kvifor skulle eg då ikkje få møte henne igjen og snakke med henne?

Og eg opplevde åndeleg openberring, der ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, han gav oss ånd og liv og vekte oss opp til liv i samfunn med seg og eg forstod det slik at han gjorde sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. Då betydde det no at han gav meg henne til kone. Likevel var eg litt usikker, det var som ei hypotese om at eg kunne tolke skapingssoga i 1.Mos.2 slik. Derfor vart det dess viktigare for meg å få møte henne igjen og snakke med henne om det. No var det vel på tide å fri til henne på ein skikkeleg måte. Kva så med vår frie vilje? I Skostredet 17 vart det forkynt at Gud verkar i oss både å ville og virke etter hans velbehag. Og 1.Mos.2 handlar då både om fysisk og åndeleg røyndom, men den fysiske røyndomen er overstyrd av Gud som er ånd og som skaper den. Så då skulle ho komme til meg fysisk. Så kvifor skulle eg ikkje få møte henne igjen og snakke med henne og kjennast ved Jesus for henne? Vi skulle gå ut i heile verda med evangeliet, då måtte vi vere førebudde på å få motstand frå den verdslege autoriteten. Men no får vi motstand i kyrkja, spesielt når det saka gjeld er at ein mann vil finne seg ei kone. Det tyder på at den verdslege autoriteten er komen inn i kyrkja og står hans sak imot og står Kristi sak imot.

Paulus sa at dersom Jesus ikkje har stått opp, så er vi skrøpelegare enn alle menneske. Men no er han stått opp, så det gjer skilnaden. For ved at vi trur på at han har stått opp og erkjenner at han er Herre, får vi oppleve frelseskrafta, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Ja, det som var umogleg for lova og for menneske, det gjorde Gud og det er det vi må nytte oss av. 

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

Jesus sa til jødane at dei skulle akte seg så dei ikkje vanvørde ein av hans små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Ånda deira ser Faderen altså (Matt.18,10). Og Paulus sa at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging (1.Te.4,4).

Så kvifor skulle eg ikkje få møte henne  igjen og snakke med henne? Fordi dei ikkje ville tillate meg å vinne meg mi eiga kone i helging, eg skulle ikkje få nytte meg av at det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud? Det vart ikkje godteke at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skulle ha noko med Gud å gjere og kvifor det? Fordi det er resultatet av syndefallet. Så strategien er å dåre og forføre kvinna for så å bruke henne til å lokke mannen med, slik som ved syndefallet. Eller så  må han sjølv lukkast med å ”forføre” henne så ordet ”kvinneforførar” vert brukt om menn som kvinner vert tiltrekt av. Poenget er vel at det er på denne måten den verdslege autoriteten er komen inn i kyrkja og viser seg fiendtleg innstilt  til mannen når han vil prøve å vinne seg ei kone i helging. 

Intraspeksjon eller openberring? Halde seg heilhjarta til Herren og verte styrka av hans kraft.

Psykologiens metode var lenge intraspeksjon, men sida erfaring i det materielle miljø vart så viktig i den nye naturvitskapen, fekk psykologien problem med å forsvare sin posisjon som vitskap. Og intraspeksjonen var då så opplagt feilbarleg, det finst der visst mange triste døme på, folk vert lurte opp i stry. Så det har vorte utvikla empiriske metode og at dei brukar slike metoder vert gjerne presisert ved å kalle det erfaringsbasert psykologi. Eg veit fint lite om kva det går ut på, men ”psykologi” kjem av ”psyke” som betyr sjel og det vil då vere usakleg å krevje at den skal vere fysisk synleg for at vi skal godta at mennesket har sjel. Men det eg talar om, er at Gud er ånd og ved sitt Ord og sin Ande gir han liv til vår sjel og vekker oss opp til liv med seg i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Freuds psykoanalyse er nok ein form for intraspeksjon, men med utsagnet om at religiøsitet er avspora seksualitet, tek han det for gitt at der er noko som ikkje er avspora og som dermed er rett. Og utsagnet om at mennesket vert motivert av aggresjon og seksualitet kan forståast utifrå biologien. I følgje Bibelen resulterer avgudsdyrking i avspora seksualiet, så vi kan referere det både til Bibelen og naturvitskapen. Og som eg har forklart, er det så viktig for oss å tru at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, tru på han og kjennast ved han som vår frelsar og Herre. Då må vil løfte blikket og hugen opp til han. Dersom intraspeksjonen går ut på at vi skal sjå i oss sjølve i staden og soleis drive sjølvransaking, så kan det fort bere gale avstad. Det kan fort virke slik at både du sjølv og andre innbiller deg at du har problem som du eigentleg ikkje har, men sidan du innbiller deg det, blir det eit problem for deg, så innbillinga får makt over deg. Men det er då nettopp slik avgudsdyrkinga verkar. Og det som var poenget, var at ein eller annan verdsleg autoritet ville prøve å få makta over deg på den måten. Det kunne endåtil vere nok at du frykta for det, så vart det slik. 

Men det er då nettopp derfor det er så viktig for oss å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde og kalle han Herre. I tru på han skal vi løfte hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, verte fylte med den Heilage Ande, så vi med hjertets opplate auge ser på han og ser kva Gud i sin nåde har gitt oss.  Så kan vi seie som David, ransak meg Gud og kjenn mitt hjerte du og så etter at eg er på rett veg. 

SLM 139,1 – SLM 139,24 {KVAR SKAL EG FARA FRÅ DIN ANDE?}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.   Herre, du ransakar meg og kjenner meg. 2   Anten eg sit eller står, så veit du det,  langt bortanfrå merkar du mine tankar. 3   Anten eg går eller ligg, så ser du det,  du kjenner alle mine vegar. 4   Ja, før eg har eit ord på tunga,  veit du det, Herre, fullt og heilt. 5   Du kringset meg på alle sider,  du har lagt di hand på meg. 6   Det er for underfullt til å skjøna,  det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.  7   Kvar skal eg fara frå din Ande,  kvar skal eg røma frå ditt åsyn? 8   Fer eg opp til himmelen, så er du der,  og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg. 9   Tek eg morgonrodens venger på  og slår meg ned der havet endar, [morgonroden: i aust.] [der havet endar: i vest.] 10   så fører du meg jamvel der,  di høgre hand, ho held meg fast. 11   Og seier eg: “Lat mørkret løyna meg  og ljoset ikring meg verta natt”, 12   så er ikkje mørkret for mørkt for deg,  og natta er ljos som dagen,  ja, mørkret er som ljoset.  13   For du har skapt mitt indre,  du har vove meg i mors liv. [vove meg: Sml. Job 10, 11.] 14   Eg takkar deg fordi eg er skapt  på skræmeleg underfull vis.  Underfulle er dine verk,  det veit eg så vel. 15   Mine bein var ikkje dulde for deg  då eg vart skapt i løyndom  og forma djupt i jorda. [djupt i jorda: her bilete på morslivet.] 16   Du såg meg då eg var eit foster,  i di bok vart alt skrive opp;  mine dagar fekk si form  før ein einaste av dei var komen. 17   Kor høge dine tankar er, Gud,  kor veldig summen av dei! 18   Vil eg telja dei, er dei tallause som sand;  kjem eg til endes med det, er eg enno hjå deg.  19   Gjev du ville drepa den vonde, Gud,  og la drapsmennene vika frå meg, 20   dei som talar svikefullt om deg  og reiser seg mot deg i vondskap. 21   Eg hatar dine fiendar, Herre,  har uvilje mot dei som står deg imot. 22   Eg hatar dei med eit grenselaust hat  og held dei for mine fiendar. 23   Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta,  prøv meg og kjenn mine tankar! 24   Sjå om eg er på den vonde vegen,  og lei meg på ævevegen!  

Slik skal vi vere himmelvende her i dette livet på denne jorda, så det vert fruktbar i våre liv her og no. Men poenget med å kutte ut forkynninga av Guds frelseskraft og openberringa ved den Heilage Ande, og erstatte det med morallære er å gjere folk makteslause, så verdslege autoritetar kan få makt over dei med si morallære i staden (jfr. Rom7). Men Paulus lærer oss å legge dette bak oss nettopp ved å vere himmelvende, så vi vert fylte av den Heilage Ande og styrka ved Guds kraft. Vi har fri vilje så vi kan velje det gode og vi har ytringsfridom, så vi kan velje å seie det, eie det vi ærleg meinar. Men der er eit poeng med at vi kan ha hug til det gode utan å makte å det, slik som Paulus snakka om i Rom.7. Men no ser vi også at det heng saman med at der er ei verdslag makt som står imot og som ikkje vil tillate det gode og den er faktisk komen inn i kyrkja (Matt.24,15 & 2.Tess.2). Men når vi vender oss til Kristus og tek imot han, får vi nytte oss av at det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud og vi er også heilt avhengige av å nytte oss av det. Det er ikkje berre som ei luksusvare vi kan ta oss råd til ved høgtider, det er noko som vi treng heile tida og det er om å gjere å vere frimodige til å gjere bruk av det i vårt daglege liv.

Eg skal heilhjarta halde meg til han og søke han av heile mitt hjerte, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Min lekam er eit tempel for den Heilage Ande og det som er så viktig for meg, er å få oppleve hans kraft i min kropp og eg meiner det har å gjere med at eg har vore kroppsarbeidar som fiskar. Og eg treng det når eg studerer realfag også. Eg må kle meg i Guds fulle rustning, til mitt eige forsvar og for å vere vitne om han.

Så Guds Ord som såkorn. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi  komme inn til Guds kvile.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så kalla han meg til å gå ut på hans ord og lovnadar, gå med ein frigjerande bodskap, så eg for tilbake til Oslo i 2009. Ja, for Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud, slik er han Sanninga som set oss fri. Eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vår forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile og slik skal vi innta det lova landet (1.Mos.2 Heb.3-4). Det er dette eg meiner med å gå tilbake til utgangspunktet. 

Han sa eg skulle søke han i løynkammerbøna, kle meg i Guds fulle rustning (Ef.6) og gå ut og vitne om han. Om så det var berre ei lita helsing frå han, så ville det vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det som eg sa. Det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det (Joh.16,7-11). 

Jesus kalla meg ut i fritt rom, så eg skulle vere frimodig og frittalande og det er då nettopp ved at eg vender meg til han, ser på han og er oppteken av han, så eg opplever hans frelseskraft i mitt liv. Gud frelser meg, skaper meg og elskar meg i Kristus Jesus og eg får oppleve at det er sanning i mitt hjerte, eg får oppleve frelseskrafta, hans skaparkraft og hans kjærleik, derfor får eg frimod til å fortelje det til kven som helst som eg møter. Sjølv om eg opplever at han møter meg og velsignar meg i den frie kyrkjelyden eg går i og eg gjer bruk av det, er det ikkje for noko kyrkjesamfunn eg gjer det, men for å gjere hans heilage namn kjent og så Guds Ord. Dette såkornet er spiredyktig. Guds Ord vender ikkje tomt tilbake, men utretter det som han sender det til. Så vi får oppleve at Gud skaper noko nytt ved sitt Ord og gjer noko nytt ved sin Ande.

Bodskapen som kom i Maranatha 18.9.2016:

”For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullbrakte verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under  for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.

For åpne din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ærens kar, for mitt namns skuld. Ikkje for nokon bevegelsar, ikkje for noko kyrkjesamfunn, for det er eg som i alle ting skal vere den fremste, det er eg, Herren, det er eg som har talt. Derfor kom til meg, du som strevar og har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile.

Fryd deg og gled deg i meg. For gleda i meg, det skal vere din styrke. Derfor, meg skal du (opent bekjenne?), for eg er Herren, som har kalla deg, det er eg Herren, som har bestemt, for at mitt liv skal verte openberra i deg og gjennom deg. Derfor, frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, som har gjort det, alle ting, og det er eg Herren, som all ære skal ha. Derfor, pris meg og lov meg og opphøy mitt namn, så skal eg Herren, dra menneske til meg. Halleluja. I Jesu namn.”

——

”For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.”

Vere fritt-talande og bere frukt som varer.

Vi har sett korleis vi må unngå å bruke namn når vi snakkar om andre menneske. Ja, vi forkynner då ikkje oss sjølve, men vi forkynner Kristus. Han sa vi skulle ikkje forbanne, men velsigne, då må vi først og fremst vende oss til han og velsigne han, slik at vi vert velsigna og vert til velsigning. Vi skal ikkje fare med lygn og baktale, derfor må vi vere forsiktige med kva vi seier. Det kan vere lett å seie noko som vi trur og meiner, men som vi ikkje har dekning for og som kan vise seg å vere feil. Men i eit samfunn av menneske er vi nøydde til å snakke om andre menneske og det er ikkje til å komme forbi at det vert sagt mykje som det ikkje er dekning for. Korleis skal vi då forstå det? Vel, sidan vi er velsigna, så er vi til velsigning og velsignar menneska både fordi vi er velsigna og fordi vi trur Gud skapte menneska i si likning, derfor vel vi å tale vel om dei.  Om nokon i staden forbannar Kristus og dermed blir forbanna, så blir det deira eige ansvar. Det er viktig for oss å ha det klart for oss at det er noko vi vel, det er ei subjektiv innstilling og i lydnad mot Kristus må vi halde fram med å velje han, vende oss til han og innvie oss for han. Det er vi glade for og det vil vi anbefale for andre også. Peter talte om noko som vi skal legge av, for vi skal velje noko anna i staden:

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.  

Og så får vi oppleve det som sanning i våre liv, at det avgjerande likevel ikkje er at vi har val han, men at han har valt oss. 

JOH 15,7 – JOH 15,17 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9   Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!   

Ytringsfridom, akademisk fridom og lydnaden mot sanninga, eit samlande utgangspunkt. Eller Drakulas slott?

Ja, når vi forkynner kristendomen må vi bruke den metoda som Jesus og apostlane hans har sagt og så forkynne det som står skrive i Bibelen. Kristendomen gjeld heile vårt liv og heile tilværet. Andre fag har sine metoder og perspektiv, akademikarar er fri til å fortelje om sine fag, men det må vere fagleg rett. Vi alle har ytringsfridom, men det betyr ikkje at nokon av oss har rett til å lyge og bedra.

Det eg meiner med å gå tilbake til utgangspunktet er altså å tru på Jesus og ta imot det som Gud gir oss i han, så får vi komme inn til Guds kvile, komme inn i det lova landet. Det høyrdest ut til at det var det dei ville framtil med denne apologetikken også, så korleis går det, er det dette de tek sikte på eller er det noko anna i staden? Vedrørande skapingssoga, Moselova og omvendinga til Kristus, må det vel vere viktig å lese i det Gamle Testamentet, frå skapingssoga, Moselova og profetane, dei forkynte då omvending og profeterte om det nye som skulle komme ved Kristus, endåtil Moses profeterte om det, han sa det skulle komme ein mellommann mellom Gud og menneske som han sjølv og det er Kristus. Og eg har no nettopp brukt det gamle testamentet på denne måten.

Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, skulle vi få lære å kjenne sanninga, så den skulle sette oss fri. Ja, vi får oppleve at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, så vi erkjenner Sanninga som er Kristus. Vi får oppleve at Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, han gjer sit verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2. Eg må ha den innstillinga at eg søker han også når eg studerer realfag, så det er sameinleg med å søke den realfaglege sanninga, for Gud forsona verda med seg i Kristus og slik er eg forsona med han. Og slik er dette den glade og frigjerande bodskapen til dei andre på universitetet også, studentar, amanuensisar, forskarar og professorar.

Det var vel noko slikt som var mål og meining med denne apologetikken dykkar også? Så kva blir det til? Dagens samfunn tyder på at det er ei alternativ vekking som har slått an i staden, den som Paulus talte om i Rom.7, at synda nytta bodet til å vekkja alle slags lyster:

RMR 7,7 – RMR 7,14 {LOVA OG SYNDA}  Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. 9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. 12 Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. 13 Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig. 14   Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda.

Paulus sa han var seld til synda og då kan det vere på sin plass å minne om at den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlararane. Men den Gode Hyrdingen sette livet til for sauene, han er komen for at vi skal ha liv og liv i overflod (Joh.10).

Mykje tyder på at det var den alternative vekkinga som slo an i staden, at synda nytta bodet til å vekkja alle slags lyster, eg tenker på den såkalla kvinnefrigjeringa, spesielt ved protesten mot Paulus si lære, pride-paradene, #metoo-aksjonane, kvinneforsking og kjønnsforsking på samfunnsfag, ei politisering som kan karakteriserast som Drakulas mønstringskampanjer. Vidare ved kvasivitskapleg alternativ medisin og avkoloniserings-aktiviteten som tydelegvis tek sikte på å fornye gammal religiøs overtru og avgudsdyrking.

Prestane har lenge hatt monopol på å forkynne i kyrkja, men så vart den evangeliske forkynninga fortrengd, prestane talte ut i veret og folk flest forsto ikkje ein gong kva dei sa. Etter reformasjonen vart det forkynt rettferd ved tru igjen, på folkets språk. Jesus velsigna småborna og sa vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som små born, for å komme inn i det. Så sa han at vi må vakte oss så vi ikkje vanvørder ein einaste av hans små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Dette også vart forkynt. Og så vart det klart at heilaggjeringa ved forkynninga av Guds Ord, reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, skulle resultere i at den Heilage Ande herleggjorde og openberra Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. 

Men så viser det seg at når ein ung mann vedkjenner si tru på Jesus for ei ung kristen jente og vert glada i henne og vil fri til henne, så får han ikkje møte henne igjen og snakke  noko meir med henne. Og kvifor det? Jau, fordi dei med sin lærdom held det for å vere moralsk forkasteleg at ein så ung og ulærd mann skal kunne komme og fortelje sanninga til dei, henne eller andre. Men det er lysta som vert vekt av lovens bokstav, så den opponerer mot Anden, det resulterer i feiltrinn, men i staden for å vende om til han, fornektar dei han. Og den haldninga vert det gjort religion og politikk ut av, slik avviser dei den evangeliske forkynninga og forkastar Kristus. Så viser det seg at dei også avviser den realfaglege sanninga, så det vart plagsamt og distraherande for meg, når eg skulle prøve å studere realfag. 

På facebook (FB) er eg venn med to akademikarar i realfag og på FB-sidene deira har der vore debattar der det så heilt tydeleg vert opponert mot den realfaglege sanninga og det er særleg biologien det går ut over. Realistar viser stort tolmod med å forklare dei realfag og det er utruleg at folk skal vere så tungneme. For dei har fått nokre forskrudde idear. Kva er dette for noko? Det er fantasifoster og diktverk som dei har byrja å tru på, så det vert til avgudar for dei. For dei elskar lystene sine meir enn Gud, så dei fantaserer av hjartans lyst i staden for å tru på Gud og hans Ord. I staden for å elske sanninga så dei kan verte frelst, elskar dei uretten, så dei trur lygna. Og i det gamle testamentet er avguden, laga av stokk og stein, kall Lygna. 

2TE 2,10 – 2TE 2,12 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.   

Sidan dei ikkje har trutt og godteke at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, har dei framleis ei mytologisk tru på at den fysiske naturen er vond, så når ein mann vil gjere eit praktisk og fysisk arbeid, enten det er jordbruk, fiske eller industriarbeid, hel dei det for å vere den vonde naturen som omformar den vonde naturen. Men då blir også dialektikken deira slik, så der blir ein lygnindustri som forgiftar og øydelegg arbeidsmiljøet.  Og diktinga deira vert til ein lygnindustri  som erstattar den matnyttige industrien.

Det er skummelt når politiske aktivistar og endåtil professorar på samfunnsfag og humaniora byrjar å få ei religiøs tru på slike diktverk, så dei endåtil trur dei har fått den endelege openberringa og derfor vil innføre diktatur.

Derfor går dei til åtak på ytringsfridomen, til dømes nettstaden Resett. Resett viste til ein artikkel der dei vart kalla ein rennestein, som om dei som ytra seg der låg i rennesteinen i forhold til  moralfilosofien altså. Då skreiv eg som kommentar:

“Solsche sweine! Kein spreschen! Arbeit macht frei!” De som viser slik forakt for vanlege folk som skriv på Resett, har de ein langtidsplan med avtale om å sende dei til Auschwitch for å gasse dei eller har de ein meir snedig måte å gjere det på?

Resett viste til ein artikkel der som påpeikte at tidlegare var det om å gjere for venstresida å verne nasjonen, men etter 1994 må du fortelje at du ikkje er nazist om du vil seie noko slikt. Då skreiv eg som kommentar:

Sidan dei ikkje trur at Jesus lever, prøver dei å bortforklare det med å mane fram daudningar som Hitler, Gestpo, Stasi, Stalin. Det er i så det er så mange Zombiar i norsk politikk.

Vil du seie noko til vern for nasjonalstaten, så vert du fort kalla nazist. Men det bryt med tankefridomen og ytringsfridomen ved at det blir påstått at du tenker og seier noko anna enn det du tenkte og du sa. Slik er det eit forsøk på å drive tankekontroll og sensur.

Etter dobbelt-drapet i Trondheim uttalte sosialantropolog og psykolog Øyvind Eikrem seg på nettstaden Resett. Det kom innvendingar mot det og det vart mykje debatt i det akademiske miljøet, men det han sa var no fagleg sett heilt rett og  lett å forstå, så det var no eigentleg rart at det i det heile tatt skulle verte ein debatt ut av det. 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s