Postmodernisme: Den sterkaste sin rett og den øydande styggedomen. Men ved trua på Jesus får vi oppleve at den levande Gud er den sterkaste og hans frelse er frigjerande og populistisk og fører til folkeopplysning.

Bildet: Pergamon-alteret i Pergamon-museet, eit altar for Zevs. Det er tydelegvis det som er omtala som Satans trone i Johannes Openberring 2,13.

https://no.wikipedia.org/wiki/Pergamonalteret

Innleiing.

Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. 

No er det tydelegvis mange lærde som protesterer mot dette. Men eg er realist, samtidig som eg trur på Jesus, eg har studert realfag og det er då ikkje vanskeleg å innsjå at læra deira ikkje stemmer med realfag og dermed strir den mot ekte vitskap. I følgje moralfilosofien deira er den fysiske naturen vond, så det er noko som feilar den altså, og påstanden er så dogmatisk og fundamental at dei ikkje tek imot den glade og frigjerande bodskapen i evangeliet. Men då kan læra deira aldri stemme med realfag og ekte vitskap. Og konklusjonen dei kjem fram til er at all fysisk natur er salsvare, også menneskekroppen. Deira interesse er økonomisk gevingst og politisk makt, ved trua på marknadskreftene både i liberalismen og i marxismen. Men det som er så rart, er at moralfilosofane (filosofien til Hegel, Marx, …) underkjenner vanlege folk sine sosiale og økonomiske interesser og behov for å ytre seg. Med sin dialektikk krev dei og ventar dei seg at menneska skal verte omforma. Når dei kjem inn på heilag grunn med dette, vert det fundamentalistisk og då er det ein øydande styggedom.

Men vi må komme til Jesus slik som vi er.

Kristendomen har sitt mål og si metode, vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Ved å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Realfaga og teknologi har sine mål og metode. Og dette fungerer god i hop. Det er som om Gud dimensjon kjem i tillegg til dimensjonane i fysikken.

Men postmodernistane kritiserer den sanninga vi søker og som vi meiner vi finn og så fundamentalt at der er som om dei underkjenner metodene. Men kva så med dei sjølv, kva med deira mål og metode? I det dei ikkje godtek rettferda ved tru, blir det som den Lovlause som set seg inn i Guds hus og gjer seg sjølv til gud. Det blir å hevde den sterkaste sin rett. Så kven er då ”den sterkaste”, som vil hevde sin rett?

Vi hevdar at den levande Gud er den sterkaste, han har skapt alle ting ved sitt Ord og held alle ting oppe ved sitt Ord. Så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er universet forståeleg, derfor kan vi studere det med vitskaplege moter og soleis lære å forstå oss på det. Men som menneske er vi avgrensa og det er avgrensa kor mykje vi forstår.

Men når vi vert fødde på nytt, av vatn og Ande, så vert vi nye skapningar, det som er født av Anden er ånd og vi får oppleve at Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande i våre liv. Gud står bak sitt Ord med si kraft og vi får oppleve at hans Ord har den eigenskapen at det skaper det som det nemner. Gud er den sterkaste og det han seier er rett fordi det er han som seier det.

Vulgær platonisme.

Argumentasjon for diktatur.

I antikkens Aten var det lenge demokrati, sofistane var dei lærde, dei var advokatar, journalistar, pratmakarar og lurendreiarar. Men dei vart meir og meir korrupte. Og hendrettinga av Sokrates var eit justismord. Sidan folket let seg oppvigle mot han, konkluderte Platon med at menneska er vonde og dumme og derfor skal ei lære elite styre med diktatorisk makt.  

I middelalderen kom antikk filosofi inn i kyrkja og den vart fort prega av platonismen. Men islam er vel endå meir prega av den. Platonisme finn vi igjen i totalitære politiske ideologiar i heile det politiske spekteret.

Det er klart at eit slikt utdanningssystem konserverer det beståande, hendsikta med utdanninga er vel uansett utvikling og framgang, men verkar det slik? Den lærde elita kan ha behov for å framstille undersåttane som dumme og vonde, for å behalde si makt og føre vidare sin tradisjon. Så det ofte kan det tvert om virke slik at det strir mot utvikling og framgang. Slik kan vi få ein vulgær platonismen. 

Som reaksjon mot demokratiet i Athen, fann krigaren og diktaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjer var hans verk. Men korleis kunne ein av dei gudane som sprang ut av kaos få så stor makt at han kunne styre alt som skjer, som om det ikkje er kaos lenger? Det er å bytte om på årsak og verknad og det strir mot entropilova. 

Antiokus 4. Epifanes. Den øydande styggedomen.

I Daniels bok er det profetert om Aleksander den Store og Antiokus 4. Epifanes. I følgje historiebøkene var Aleksander forholdsvis tolerant og tillet eit lokalt demokrati i Aten. Men i det gresk-syriske riket, noko seinare, kravde Antiokus 4. Epifanes at alle skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Metodene hans var korrupsjon og svik. Han rydda vekk den jødiske øvstepresten og sette inn sin eigen øvsteprest, som altså dyrka Zevs. Sette opp sit eige alter nær alteret i jødedommen og ofra der ein gris. Stikk i strid med Moselova, jødane hadde ikkje ein gong lov til å ete svinekjøt. Daniel profeterte om dette som den øydande styggedomen som står på heilag grunn.

Dette kan vi lese om i 1.Maccabearbok. Jødar som heldt fram med å dyrke Israels Gud vart drepne. Men så gjorde dei opprør og kjempa med livet som innsats inntil dei klarde få frigjere seg. Ein av fridomsheltane vart både konge og øvsteprest og det embetet skulle følgje ætta hans inntil der stod fram ein profet. Men når Jesus kom, sveik dei han. Det viser at religionen deira likevel hadde vorte infiltrert av metodene til Antiokus og trua på Zevs. Og Jesus profeterte om den øydande styggedomen som står på heilag grunn, som Daniel profeterte om, altså som ei historie som gjentek seg eller vert vidareført. Det ser vi i Sakarja.11 også, der det er tale om den Duglause Hyrdingen, Jesus vert  seld for 30 sølvpengar, så vert det sagt: ”Bu deg atter som ein duglaus hyrding…”. Og det er nok dette Paulus profeterte om i 2.Tess.2 også.

2TE 2,7 – 2TE 2,12 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.  

Og Jesus sa at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Og metodene til Antiokus 4. Epifanes var nettopp korrupsjon og svik. Som å hendsikta med å love noko, var å kjøpe dei eller svike dei, for å få makt. 

Kan ikkje stole på menneske, men kan stole på Guds lovnadar og Guds kraft.

At denne maktinteressa er komen inn i Guds hus, ser vi ved at dei vik av frå den evangeliske forkynninga. I følgje Guds eige Ord har han lova oss noko verdifullt ved tru på Kristus og dette har vorte forkynt i kyrkje og kristne organisasjonar. Men når vanlege folk tek imot og trur på Jesus og kjennest ved han, så dei vedkjenner at dei oppnår noko og får noko verdifullt ved å tru på han, så vik av frå Guds veg og vil ikkje innrømme kva som var lova, kva var då hendsikta deira med å forkynne den? Var det berre for å få makt og tene pengar? Det verkar då ofte slik, for når det kjem til stykket, viser det seg at dei ikkje er interessert i at folk skal oppnå det som var lova. Som om lovnaden vart gitt berre for at dei skulle ha noko å lokke med, for å få makt og tene pengar på det. Elles er det berre å bryte den og så kan dei kanskje prøve seg på det ein gong til.

Men det var då Gud sjølv som gav oss lovnaden i sitt eige Ord og han kan ikkje lyge. Jesus gav livet sitt for oss, for at vi skulle få det som var lova. Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han til å vere vår frelseskonge. Han har sagt til meg at eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Guds kraft. For Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

Fridomen i Kristus kontra opprør.

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og førde dei til det lova landet, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Seinare profeterte Joel om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. No veit vi at det har seg slik at Jesus kjøpte oss til Gud med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Jesus Sanninga, vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga, så den set oss fri. Har vi teke imot han, så vi har Kristi Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leve for han. Korleis då? Vi har fått Anden ved trua på han, gratis, utan krav om lovgjerningar og då skal vi halde fram i nåden og Anden. 

I Joel.3 er det vidare sagt at Gud vil gå til rette med folkeslaga, fordi dei gjorde folket hans til salsvare:

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

For nokre tiår sidan, i AKP-ml-tida, kritiserte dei venstreradikale det kristne studentlaget fordi dei konkurrerte om å få med seg folket. Dei meinte folk vart narra til å tru på eit betre tilvære etter døden og derfor gjekk dei med på å lide urett, så dei vart fattige her i dette livet, medan andre tente seg rike på det. Folk burde heller verte med dei og belage seg på å verte med i ein væpna revolusjon.

Men det kan no fort utarte seg slik at mange vert lokka i døden, medan dei som sit bak og organiserer går fri og vinn makt og rikdom på det. Mykje vert presentert som frigjering som alternativ og/eller oppfølging av fridomen i evangeliet, så det kan vel vere ein grunn til at kristne i diktatur vert forfølgde, til tross for at dette strir mot evangeliet. 

Men materielt sett har folk det så godt her i landet, at det er ikkje lett å motivere folk til å risikere livet i ein væpna kamp for å få det bere. Nei, det er nok ikkje alt som stemmer så bra med marxismen og leninismen. Men i islam vert menneske lova eit betre tilvære etter døden om dei ofrar seg som martyrar. Og der er andre som vinn pengar og makt på det. Er det so å forstå at dei venstreradikale også skal satse på dette no?

Min gjenløysar lever, som den siste skal han stå fram på støvet.

Job var ein rettferdig og gudleg mann som var rik og hadde det godt. Men så vart han ramma av fleire ulykker og nokre vennar kom til han og snakka med han. Etter moralfilosofien deira skulle det gå bra med ein rettferdig mann, var han då så rettferdig som han hadde gitt inntrykk av? Men det er eit spørsmål om kva som er sannsynleg, det usannsynlege kan skje. Dessutan gjaldt dette i deira siviliserte samfunn. Men når ein kjem ut i den frie og ville naturen er det andre reglar som gjeld, i jungelen gjeld jungelens lov.

Job håpa på at Gud ville straffe Leviatan og såg fram til å få møte han som sin

 gjenløysar.

JBS 3,8   Lat dei lysa forbanning over henne,  dei som manar fram ulukkedagar,  og som kan eggja opp Leviatan. 

JBS 26,13   Når han lèt det blåsa, klårnar himmelen.  Med si hand har han gjennombora  ormen som rømer så raskt. [ormen som rømer så raskt: Leviatan.] 

SLM 74,14   Du slo sund hovuda åt Leviatan  og gav dei til føde for dyra i øydemarka. 

SLM 104,26   Der går skipa, der er Leviatan,  som du har skapt til å leika seg i havet.  

JES 27,1   Den dagen skal Herren med sitt sverd,  det harde og store og sterke,  straffa Leviatan, ormen som rømer så raskt,  Leviatan, ormen som buktar seg fram.  Han skal drepa draken som er i havet.  

AMO 9,3   Om dei gøymer seg på Karmels topp,  skal eg leita dei opp og henta dei ned,  og løyner dei seg for meg på havsens botn,  skal eg by ormen bita dei. [ormen: Leviatan.] 

JBS 19,25 – JBS 19,27   Men eg veit at min utløysar lever,  og som den siste skal han stå fram på molda. [utløysar: eig. løysingsmann.] 26   Når det ikkje er noko att av mi hud  og mitt kjøt er borttært,  då skal eg skoda Gud. 27   Med eigne augo skal eg sjå han,  eg sjølv og ikkje ein framand.  Å, eg tærest bort av lengsle!  

Leviatan er tydelegvis ormen i Edens hage, dinosaurane som vart utrydda, krokodillen, men vet brukt symbolsk om menneske som lever usivilisert, som lovlause, langt borte frå bylivet, røvarbander og kriminelle. Men når Gud kjem og møter Job, talar han til forsvar for det ville dyrelivet der ute og vi forstå at det framleis vert brukt symbols om menneske. Der ute lever dyra fritt, men det blir eit spørsmål om den sterkaste sin rett. Job var plaga av ein hudsjukdom, til samanlikning har krokodilla har ei mykje tjukkare hud, kven kan få hol på hennar doble panser? Job fekk trøyst og lækjedom til slutt og Gud gjorde han rik igjen.

Men så vert det profetert om at Guds likevel skal straffe Leviatan og i ettertid veit at han ”Leviatan” infiltrerte det siviliserte samfunnet, endåtil jødedommen og kristendomen, som ”den Duglause Hyrdingen” og ”den Lovlause”, som sette seg inn i Guds hus. Det er Antikrist.

Den Lovlause vil setje seg inn i Guds hus og gjere seg sjølv til gud. Det minner om dåringa ved syndefallet, ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Derfor vart dei dømde til døden og utestengde frå hagen, så dei ikkje skulle få ete av livets tre. Gud var ånd, men mannen var mold og til molda skulle han attende. 

I det gamle testamentet er det fortalt at jødane audmjuka seg for Gud og bad han om å komme i hug at dei er støv. Og han svarde dei at i det høge og heilage bur han og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. 

SLM 90,3   Du lèt mennesket verta til støv att  og seier: “Vend tilbake, de menneskeborn!” 

SLM 103,14   For han veit korleis vi er skapte,  han kjem i hug at vi er støv.  

JES 57,15   Så seier han som er høgt opphøgd,  han som tronar evig og heiter Den Heilage:  I det høge og heilage bur eg  og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.  Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde  og hjarta til liv hjå dei knuste.

Synda skilde menneska frå Gud, så dei vart utestengde frå Edens hage og det nære samfunnet med han. Og så let han Son sin døy i staden for oss, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle, så vi skulle få komme tilbake til han.

SLM 22,15 – SLM 22,32   Mi kraft er uttømd liksom vatn,  alle mine bein har losna.  Mitt hjarta er som voks,  det har smelta i mitt bryst. 16   Min strupe er turr som eit krusbrot,  og tunga klistrar seg til ganen.  Du legg meg i dødens støv.  17   Ja, hundar samlar seg om meg,  ein flokk av valdsmenn kringset meg;  dei gjennomborar mine hender og føter. 18   Kvart bein i min kropp kan eg telja,  folk stirer på meg med skadefryd. 19   Dei skifter kleda mine mellom seg  og kastar lodd om kappa mi.  20   Men, Herre, ver ikkje langt ifrå meg,  skunda deg og hjelp meg, du min styrke! 21   Berga mitt liv frå sverdet,  det beste eg har, frå hundevald! 22   Frels meg frå løvegap  og frå villoksehorn!  Du bønhøyrer meg.  23   Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,  midt i lyden vil eg lova deg. 24   “Pris Herren, de som har age for han,  gjev han ære, all Jakobs ætt!  Ja, skjelv for han, all Israels ætt!  25   For han har ikkje vanvørdt ein stakkar  eller vendt seg frå han når han var i naud.  Han løynde ikkje sitt åsyn for han,  men høyrde han då han ropa.”  26   Frå deg kjem min lovsong  i den store lyden.  Eg vil halda mine lovnader  mellom dei som har age for deg. 27   Dei hjelpelause skal eta seg mette,  dei som søkjer Herren, skal prisa han.  Gjev hjarta deira alltid må leva!  28   I alle land skal dei minnast dette  og venda om til Herren;  ja, alle folk og ætter  skal bøya seg og tilbe han. 29   For kongeveldet høyrer Herren til,  han rår over folkeslaga.  30   Ja, alle dei mektige på jord  skal bøya seg og tilbe han;  alle som steig ned i molda,  skal bøya kne for han.   Eg vil leva for Herren, 31   og mi ætt skal tena han  og vitna om han for ætter som kjem. 32   Til nye ættleder skal dei fortelja  at han greip inn til frelse.  

Så ved trua på Jesus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, til å ferdast i ein ny natur, den naturen vi fekk ved gjenfødinga, den lever ved trua på Jesus, den lever av brødet frå himmelen, dei orda Jesus har tala til oss er ånd og liv. Då skal vi ha hugen vendt opp til han, så vi tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, så vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Det er tale om ”vatn og Ande” og ”ånd og liv”, det må vere livets vatn det er tale om.

JER 2,13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.  

JER 17,13   Herre, du Israels von,  alle som går bort frå deg, skal verta til skammar;  dei som vik frå deg i landet,  skal skrivast opp.  For dei har gått bort frå Herren,  kjelda med levande vatn.  

SKR 14,8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter. 

JOH 4,10 – JOH 4,11 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 

JOH 7,38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.”

I 1.Mos.2 er det fortalt at jorda var tørr og livlaus, men så let Gud det velle fram ei kjelde som vatna marka. Eg tenker meg at det er symbol for kjelda med det levande vatnet. Så skapte Gud mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande og livets vatn er også den Heilage Ande. Eg tenker meg altså at fylden av den Heilage Ande skal vere så gjennomtrengande og nå til alle dei minste roma i vår lekam, som vatnet som vætte jorda som kroppen vart skapt av. Vi kan tenke på eit nyfødt barn, når det får luft og byrjar å puste, så får det nok oksygen til hjerna til at det vert bevisst. Så Gud vekker oss opp ved at han bles livets Ande i oss.

MR 8,1 – RMR 8,4 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 

Tru på Faderen og Sonen eller fantasering og avgudsdyrking?

Visdom frå Gud.

Kong Salomo var ung når han tok over kongedømmet og bad Gud om visdom til å styre og Gud gjorde han visare enn alle. Han tok vare på dei gamle sin visdom, men Gud gav han ein visdom som dei ikkje hadde og eg forstår det slik at det er den visdomen vi får fortalt i Høgsongen. I kjærleikens vingard vert det hausta vindruer som det vert laga vin av, det er symbol på kjærleiken, jfr. nattverdsvinen. Vinden som bles gjennom hagen er symbol på Anden.

HSA 4,8 – HSA 4,16 {MI SYSTER, MI BRUR}  Kom med meg frå Libanon, mi brur,  kom med meg frå Libanon!  Stig ned frå Amanas tind,  frå toppen av Senir og Hermon,  frå løveheimar, frå panterfjell. [Amanas tind: fjelltopp i Antilibanon, nord for Hermon.]  9   Du har fanga min hug, mi syster, mi brur.  Du har fanga min hug med eit einaste augnekast,  med ei av lekkjene om din hals. 10   Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur!  Din kjærleik er betre enn vin,  og angen av dine salvar  meir ljuvleg enn balsam.  11   Av honning dryp dine lipper, mi brur.  Honning og mjølk er under di tunge.  Angen av kleda dine  er som angen på Libanon. 12   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.  13   Dine lemer er som ein lund av granataplar  med den gildaste frukt,  av hennabuskar og nardusplanter, 14   nardus, krokus, kalmus og kanel  og angande tre av alle slag,  myrra, aloë og alle slag balsam. 15   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]  

HSA 5,1   “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,  og plukkar min myrra og balsam.  Eg et min honning og mi honningkake  og drikk min vin og mi mjølk.”   Ja, et og drikk, mine vener,  og lat kjærleiken riva dykk med!  

JOH 3,3 – JOH 3,8 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.” 4 Nikodemus seier til han: “Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?” 5 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.”  [Vinden: Både gresk og hebraisk har eitt og same ordet for “vind” og “ånd”.]

2KO 2,14 – 2KO 2,17 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. [sigersferd, ange: Etter ein siger kunne ein romersk hærførar dra inn i Roma i eit storslege triumftog, med krigsfangar som ofte bar røykjelseskar, så angen av røykjelse spreidde seg rundt dei som drog inn.] 15 For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt; 16 for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv.  Kven er vel dugande til dette? 17 Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som forfalskar Guds ord og driv handel med det. Men med rein hug, sende av Gud og for Guds åsyn talar vi i Kristus.  

Brudgommen som frir til si brud er førebilete på Kristus og kyrkja som er hans brud.

JOH 3,29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.

1KO 1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

Og det er vel dette som er poenget med barnevelsigninga også, livet og Anden som Jesus gir oss er like fundamentalt som kjelda som vatna jorda i Edens hagen og lufta som vi pustar inn, Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og slik får vi visdom frå Gud.

Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud vert født i oss ved den Heilage Ande, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, erkjenner vi at for oss gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne (Heb,3-4 & Matt.11,25-30). Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville ta bustad hos oss (Joh.6,29 & Joh.13,34 14,21.23).

Dikting, fantasering, politisering og avgudsdyrking.

Kong Salomo fekk seg mange koner etter kvart også utanlandske koner, endåtil frå dei folka som Gud hadde forbode dei å blande seg med, for at dei ikkje skulle verte forførde til avgudsdyrking. Men sidan Salomo elska desse kvinnene, vart hjarta hans førd på avvegar, bort frå Herren. 

Han skreiv tydelegvis ”Forkynnaren” på sine eldre dagar og der er mykje visdom i den, den er prega av vemod, ei tid til å bygge, ei til å rive ned, eit til å plante, ei til å rykke opp. Likevel har Gud lagt æve ned i menneskehjarta, han skaper noko evig, menneske kan ikkje med alt sitt strev legge til noko eller ta noko ifrå. Elles er livet er jag etter vind, temmeleg meiningslaust altså. Men i Høgsangen gleda dei seg over at vinden bles i hagen, så angen kunne kjennast langan lei. 

Seinare skildra profetane israelsfolket som ei kvinne som var Guds kone, vi kan kalle henne ”Mor Israel”. Men ho forstod ikkje at det var han som hadde omsorg for henne og stelte så vel med henne, ho innbilte seg at det var gudane til nabofolka, så ho vende seg til dei i staden og byrja å dyrke dei i staden, så ho vart ei hore, det vert skildra som ei kvinne som byrja å elske andre menn, så ho vart ei hore.

Freud var jøde og vi kan bruke hans psykoanalyse på det, hen er kjend for påstandane om at menneske vert motiverte av seksualitet (livsdrifta) og aggresjon (dødsdrifta) og at religiøsitet er avspora seksualitet. Men då går han også ut ifrå at der er noko som er rett, som han brukar som referanse, for påstandane stemmer då bra med biologien med utviklingslæra og den tradisjonelle seksualundervisinga i skulen. 

Men ved trua på Kristus har vi fått hans Ande og skal leve for han, så vi skal la anden råde i vår døyelege lekam, vi skal la den råde over kjønnslysta. Så vi vert drivne av den heilage Ande, motiverte av Guds kjærleik og styrkte ved Guds kraft.  Så vi innser at motsetnaden mellom ”dødsdrifta” og ”livsdrifta” er motsetnaden mellom dødens lov og lova å livsens ande. 

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

Men der er ein motsetnad mellom lysta og Anden, spesielt mellom kjønnslysta og Anden, at kjønnslysta opponerer mot Anden kan resultere i avspora seksualitet som kan verte til religion og religion kan resultere i avspora seksualitet. Opponering mot Anden kan verte til seksuelle fantasiar som vert til avgudar og avgudar vekker seksuelle fantasiar. Slik er religionen avspora seksualitet. Kvinnerørsla har protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vert redusert til erotiske og seksuelle fantasiar. Dikting og fantasering kjem i staden for tru og openberring og slik vert kyrkja og kristne organisasjonar politiserte. Så politikk har vorte religiøsitet som er avspora seksualitet. Den eigentlege og naturlege interessa som ligg bak dei politiske sakene er kvinna si interesse av å få seg ein mann. Og prestar, kristne leiarar og politiske leiarar fungerer som hallikar. Samfunnet er gjennomsyra av falskhet, hyklarskap, baktale, løgn og svik. Det er no utruleg kor mange prest- og politikar-gudar som spring ut av kaos.

I realfag vert mennesket forstått som ein fysisk realitet og hensikta med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vert forklart utifrå biologien. Slik også i kristendomen. Men der er også ei åndeleg og intellektuell side av saka, kristendomen og kyrkjelydslivet tek seg av det sjelelege og åndelege og realfaga tek seg av det intellektuelle. 

Men postmodernistane manglar den kristne trua og rasjonaliteten i Guds Ord og i realfaga. Så dei gjer menneska til salsvare. Og det vert eit spørsmål om den sterkaste sin rett.

Elden frå himmelen og den milde susen.

Elia var ein profet som fekk eld til å falle ned frå himmelen, først som eit teikn som fekk jødane til å erkjenne at Herren er Gud (1.Kong.18,17…), så til sitt eige forsvar mot kongens menn (2.Kong.1). I mellomtida var han på Horeb og der fekk han ei openberring.

1KG 19,1 – 1KG 19,18 {ELIA PÅ HOREB}  Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. 2 Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: “Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.” 3 Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att, 4 og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. “No er det nok,” sa han, “ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.” [gyvelbusk: busk som veks i øydemarka, og gjev ring skugge av di han er bladlaus. Beduinane lagar kol av han (Sal 120, 4) og et røtene (Job 30, 4).] 5   Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: “Stå opp og et!” 6 Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. 7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: “Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.” 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. 9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.  Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: “Kva vil du her, Elia?” 10 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 11 Då sa Herren: “Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!” Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.  Då bar det imot han ei røyst som sa: “Kva vil du her, Elia?” 14 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 15 Då sa Herren til han: “Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. [Abel-Mehola: -> Dom 7, 22.] 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.”  

Her er det spørsmål om å vere profet for Herren eller profet for Ba’al. Sidan Jesabel ville drepe han, korleis gjekk det då med dei andre av Herrens profetar? Elia kjende seg nokså einsam, som den einaste som var att av Herrens profetar. Men Gud hadde spart 7000 som enno ikkje hadde bøygt kne for Ba’al. Men kva med alt folket som hadde vorte overbevist av underet på Karmel? Det er rart om ikkje slikt skulle vere nok til å overtyde, men for Jesabel var vel interessa for makt sterkare enn interessa for kva som var rett og sant. 

Gud kalla Elia ut av berghola, for å stå på berget for Herrens åsyn, så ville han gå forbi. Føre han kom det ein sterk storm og det var då ikkje måte på til storm, som kløyvde fjell og knuste knausar, det er då helst jordskjelv som gjer slikt, men det kom altså etterpå. Så kom der ein eld. Men Herren var ikkje i noko av dette. Så kom der ein linn sus, då gjekk Elia ut or hola og stod for Guds åsyn. 

Så Herren var i den linne susen, vi kjenner til beretninga om dei fire vindane (Esekiel.37), vinden som bles i vingaren (Høgs.4,8-5,1), det som er fødd av Anden er ånd, det er slik som med vinden (Joh.3,3-8). Så det vitnar om Faderens kjærleik til sine born og Jesu kjærleik til si brud. 

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”   

Jesus var komen for å kaste eld utover jorda, døype menneske med den Heilage Ande og eld.

MTT 3,11 – MTT 3,12 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 12 Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.” [kasteskufla: ein tregaffel med breie tenner og langt skaft. Med denne reiskapen kasta bonden det treskte kornet opp i vinden; agnene bles bort, medan kornet fall ned av di det var tyngre. -> 1 Kor 9, 9.]  

LUK 12,49 – LUK 12,50 {IKKJE FRED, MEN STRID}  Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført! 

APG 2,3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei.

Kjærleikens flamme er som altarelden som skal brenne på vårt hjertes alter. Vi skal bere fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, så Guds Ande og Guds eld fell på offeret. Det er ikkje eit daudt offer, men eit levande offer og det vert ikkje skadt av elden, det vert tvert om endå meir levande.

RMR 12,1 – RMR 12,11 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. 9   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

Dyret som fekk eld til å falle ned frå himmelen.

Jesus og disiplane hans kom ein gong til ein landsby der dei vart avviste og nokre disiplar foreslo at dei skulle byde eld frå himmelen å øyde dei, men då tala Jesus dei strengt til rettes.

LUK 9,51 – LUK 9,56 {JESUS OG SAMARITANANE}  Då det leid mot den tida at Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; dit ville han fara. 52 Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby og ville tinga hus til han. 53 Men der ville dei ikkje ta imot han, fordi han var på veg til Jerusalem. [ville ikkje ta imot han: Samaritanane (sjå Tillegg) som stod i eit fiendsleg tilhøve til jødane, hadde serleg imot dei som reiste gjennom landet deira på valfart til Jerusalem.] 54 Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: “Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei, såleis som Elia gjorde?” [såleis som Elia gjorde?: finst berre i yngre handskrifter.] 55 Men han snudde seg og tala strengt til dei. “De veit ikkje kva ånd de er av,” sa han. “Menneskesonen er ikkje komen for å øyda menneskeliv, men for å frelsa.”  [“De veit ikkje …  å frelsa”: finst berre i yngre handskrifter. Sjå 19, 10; Joh 3, 17.] 56 Så gjekk dei til ein annan landsby.  

Men i Op.13. er det fortalt om eit Dyr som får eld til å falle ned frå himmelen rett framfor augo på folk.

ÅPE 13,11 – ÅPE 13,15   Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret.

Det ser ut som dette dyret er den falske profet.

ÅPE 16,13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 

ÅPE 19,20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.

Her er det ikkje sagt noko om kva elden fell på, det er ikkje fortalt om noko offer som vert frambore for at elden skal falle på det, ikkje noko menneske som elden fell på verken for å skade dei eller for å gjere dei godt. Poenget er å gjere under og teikn for å få folk til å tilbe Dyret og biletet av det.

Samanlikning med vår tid; No er stordomstida til Jesu kyrkje. Møte i Maranata 2.pinsedag, måndag 13.6.11.

Jesus brukte brukte forteljinga om Elia i berghola til å tale til meg i min situasjon.

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

Del1:

Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 7000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar  på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du på få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.

Del2:

Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, bli oppmuntra, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.

Tore Kristiansen talte. 

Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi kyrkje som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg. 

Kommentar.

Men vi merkar den Lovlause allereie no. For det står då skrive at fråfallet, då den Lovlause set seg i Guds tempel, må komme før Jesu gjenkomme. (Op.13). Denne bodskapen stadfester at Jesu kyrkje har helde igjen, den har bremsa og det vil merkast når den vert teken bort. (Op.14).  Då skal verda gå gjennom den eine trengselen etter den andre. (Op.15-19).

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

B.Del1:

Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri.  Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.

B.Del 2:

Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?).  … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til.  Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.

Profetisk bodskap ved ei kvinne:

…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte.  … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.

Forkynninga av evangeliet og å bygge på evangeliets grunnvoll er populisme.

Jesus og disiplane hans forkynte evangeliet for kven som helst, men prioriterte å gå til dei som trengde det mest, den fattige og ulærde underklassa. Så vi kan karakterisere det som populisme. Mottiltaket frå den tradisjonelt lærde overklassa var planlagt svik. Men då døde Jesus i staden for oss, synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Gud vekte han oppatt frå dei døde og ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss, får vi sjå at han er med oss.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla løgna. Som  motsetnad til dett er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga, så den set oss fri. Når vi bøyer oss for korsets fot og vedkjenner vår synd for Jesus, så reinsar hans blod oss frå all synd. Så vert vi fylte av den Heilage Ande og den openberrar Ordet for oss. Det gjer at vi byrjar å tenke annleis, tenke nytt. Gud skaper oss i Kristus Jesus, då skaper han oss i si likning.

EFE 2,6 – EFE 2,10 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.  

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.  

Evangeliet skal forkynnast for kven som helst og til alle folkeslaga og evangeliet er den grunnvollen vi har å bygge på. Slik er evangeliet populistisk. Alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born. Då får vi også lov til å be til han som eit barn ber til sin far, komme til han med alle våre behov.

HSE 2,14 – HSE 2,23 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT}  Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16   Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18   Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. 21   Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el. [Jisre’el: -> 1, 4.] 23   Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over `Utan miskunn’. Til `Ikkje mitt folk’ vil eg seia: “Du er mitt folk.” Og han skal svara: “Min Gud!”  

Guds Ord er såkornet, når det ved trua smeltar saman med dei som høyrer det, vert dei til såkorn som Gud sår ut i landet. Her er Jisre’el førebiltet på Jesus. Så det er om å gjere for oss å be i Jesu namn.

Jesus sa at vi skal tru på han, elske han og elske kvarandre, så vil han openberre seg for oss, han og Faderen vil komme og ta bustad hos oss. Dette må no vere spesielt viktig for ein mann, når han vil prøve å vinne seg ei kone, for i følgje Paulus skal han vite å vinne seg si eiga kone i helging. Når han så frir til henne, ynskjer han sjølvsagt å få vere saman med henne og få oppleve noko saman med henne, men med det frimodet vi har i Kristus, skal det heile tida vere på den måten at Kristus vert helga som frelsar og Herre i våre hjarte. Vi skal då få sjå at han er med oss alle dagar, også slike dagar. Slik skal det også vere når han seinare får henne til kone og lever saman med henne også i det kjønnlege samlivet. Sjølvsagt vil eg ha eit kjønnleg samliv med henne, men den Anden Jesus gav oss skal råde i vår døyelege lekam då også, eg kan no likevel vere himmelvendt og sjå fram til at Jesus vil vere med oss då også, Jesus gir oss ånd og liv og eg ser fram til å leve saman med henne som ei levande sjel og eit Guds barn då også.

Men kvar einskild av oss må komme til Jesus slik som vi er.

Dette har eg skrive meir om her:

https://tsivert.com/2019/04/04/31-3-3-4-2019-tore-i-maranata-rory-messiansk-jode-i-sion-aheim-sjomannsmisjonen-pa-hakkalestranda-bedehus/ 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s