JESUS SIGRA OVER DJEVELEN MED SIN DØD PÅ KORSET. PÅSKEMORGEN SLUKKER SORGEN TIL EVIG TID. DEN HAR GITT OSS LYSET OG LIVET……. 1.

Kristendomen er populistisk.

 https://resett.no/…/et-kulturelt-og-religiost-ikon-star-i…/…

Kristendomen er populistisk. Jesus og disiplane hans forkynte evangeliet for kven som helst, men prioriterte å gå til dei som trengde det mest, den fattige og ulærde underklassa. Mottiltaket frå den tradisjonelt lærde overklassa var planlagt svik. Men då døde Jesus i staden for oss, synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Gud vekte han oppatt frå dei døde og ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss, får vi sjå at han er med oss.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla løgna. Som motsetnad til dett er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga, så den set oss fri. Når vi bøyer oss for korsets fot og vedkjenner vår synd for Jesus, så reinsar hans blod oss frå all synd. Så vert vi fylte av den Heilage Ande og den openberrar Ordet for oss. Det gjer at vi byrjar å tenke annleis, tenke nytt. Gud skaper oss i Kristus Jesus, då skaper han oss i si likning.

EFE 2,6 – EFE 2,10 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. 

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande. 

Evangeliet skal forkynnast for kven som helst og til alle folkeslaga og evangeliet er den grunnvollen vi har å bygge på. Slik er evangeliet populistisk. Alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born. Då får vi også lov til å be til han som eit barn ber til sin far, komme til han med alle våre behov.

HSE 2,14 – HSE 2,23 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT} Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. 21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el. [Jisre’el: -> 1, 4.] 23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over `Utan miskunn’. Til `Ikkje mitt folk’ vil eg seia: “Du er mitt folk.” Og han skal svara: “Min Gud!” 

Guds Ord er såkornet, når det ved trua smeltar saman med dei som høyrer det, vert dei til såkorn som Gud sår ut i landet. Her er Jisre’el førebiltet på Jesus. Så det er om å gjere for oss å be i Jesu namn.

Jesus sa at vi skal tru på han, elske han og elske kvarandre, så vil han openberre seg for oss, han og Faderen vil komme og ta bustad hos oss. Dette må no vere spesielt viktig for ein mann, når han vil prøve å vinne seg ei kone, for i følgje Paulus skal han vite å vinne seg si eiga kone i helging. Når han så frir til henne, ynskjer han sjølvsagt å få vere saman med henne og få oppleve noko saman med henne, men med det frimodet vi har i Kristus, skal det heile tida vere på den måten at Kristus vert helga som frelsar og Herre i våre hjarte. Vi skal då få sjå at han er med oss alle dagar, også slike dagar. Slik skal det også vere når han seinare får henne til kone og lever saman med henne også i det kjønnlege samlivet. Sjølvsagt vil eg ha eit kjønnleg samliv med henne, men den Anden Jesus gav oss skal råde i vår døyelege lekam då også, eg kan no likevel vere himmelvendt og sjå fram til at Jesus vil vere med oss då også, Jesus gir oss ånd og liv og eg ser fram til å leve saman med henne som ei levande sjel og eit Guds barn då også.

Men kvar einskild av oss må komme til Jesus slik som vi er. Det betyr vel å vere realistisk samtidig som Gud er ånd og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.

Ordet om korset og den vestelge sivilisasjonen.

https://resett.no/2019/04/16/ordet-om-korset-under-angrep/?fbclid=IwAR1FZRqUiU4XmLCDMe5c1VDkA-DLblEvlZmdpJ8k1YPdUGhAHAy4p0DdFOQ 

Vesten er bygd både på kulturen frå Jerusalem (Bibelen) og den analytiske tenkinga frå Aten og begge deler har vore ein enorm suksess. Men det mest fundamentale er at Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss.

Livet er naturleg nok ein kamp for tilværet, det ser vi i det gamle testamentet også, det var slik dei tenkte, både den einskilde og herskarane. Folka søkte hjelp frå avgudane sine, men det var ikkje hjelp i dei. Eine riket oppstod etter det andre og gjekk til grunne med gudane sine. Og så vert det påstått at det var Israels Gud som gjorde det heile. Han let rike oppstå med sine herskarar, men sidan dei briska seg og gjorde seg sjølve til gudar, straffa han dei. Esekiel.28,9 Vil du då seia at du er ein gud,

andlet til andlet med dine drapsmenn?

Du er ingen gud, men berre eit menneske

i hendene på dine banemenn.

Når israelsfolket vende seg bort frå sin Gud, til avgudane, straffa han dei, 

Jesaja.10 5 Ve Assur, mitt vreideris!

Min harme er staven i hans hand.

6 Eg sende han mot eit gudlaust folk,

baud han fara mot det folk eg var harm på,

så han kan røva og rana og plyndra

og trakka det ned som avfall i gata.

7 Men han har ikkje meint det så

og gjer seg ikkje slike tankar.

Nei, til å øyda står hans hug

og til å rydja ut mange folk.

Men Israels Gud sa om han: 

Jesaja.10,15 Briskar vel øksa seg mot den som høgg,

set saga seg over den som sagar?

Som om staven skulle svinga han som lyfter han,

og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

Og når israelsfolket vende om til han og bad han om nåde, så hjelpte han dei.

For vel 10 år sidan sende Jesus meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. så sa han at eg skulle søke han i løynkammerbøna, kle meg i Guds fulle rustning (Ef.6) og gå ut og vitne om han. Nokre få ord, ei lita helsing frå han kunne vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han hadde sendt den til verda for at den skulle gjere det.

Joh.16,8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

Og dersom du er politisk engasjert, så er det viktig for deg å lære å dømme rett.

Gud rører ved oss ved sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og talar sitt Ord til oss. Så fru Svimesen, når skal du våkne?

For 10 år sidan sende Jesus meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette er livgivande ord, Jesus er Guds Ord, han er sanninga som set oss fri. 

Seinare sa han at eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting. For Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er ånd og Gud er kjærleik og vi frå oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. 

Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. 

Jorda var tørr og der vaks ikkje noko. Så let Gud ei kjelde velle opp og vatne den. Det tek eg som symbol på det levande vatnet. Så skapte Gud mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel (1.Mos.2). Til samanlikning med ein nyfødd unge som byrjar å puste sjølv, så hjerna får nok oksygen til at ungen vert bevisst. Slik vart mannen bevisst på at han levde i samfunn med Gud som er ånd. Så det er dette Paulus kallar lova å livets ande:

Rom.8. Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.

Då har han ei hendsikt med det, mannen skulle dyrke og verne hagen og det var det kona hans skulle hjelpe han med. der er ei praktisk side av saka og ei åndeleg og intelektuell side av saka. Eg har fått åndeleg innsikt ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre, openberrar Ordet for oss, så eg kjenner meg trygg når eg kjennest ved han for menneska. Det har noko med at eg vert gjort i stand til å tenke sjølvstendig. Men då viser det seg faktisk at det er mange kristne med sine leiarar som ikkje vil vite av mi vedkjenning av mi tru på Jesus. Og kvifor det? Tydelegvis fordi opplæringa deira meir eller mindre er inndoktrinering. Det blir noko å sortere i, men då trengst det sjølvstendig tenking med kritisk sans.

Paulus sa han framstillte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy, men han frykta at liksom ormen forførde Eva, skulle deira tankar verte førde på avvegar, bort frå den enkle truskapen mot Kristus. 

Så eg er forundra over at mange, endåtil kristne, tenker som so at all vår kunnskap er som frukta av kunnskapstreet, men denne frukta gav vit på godt og vondt. Så når ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein mann, tek dei det for gitt at dei vert forførde slik som ved syndefallet. Derfor taper dei den åndelege og rasjonalistisk innsikta. Så derfor kan desse «lærde» satse på opplæring ved indoktrinering i staden.

Men kva var det han kalla lova åt synda og døden? Han talte om Moselova og lova i lemene:

Rom.7,Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.  5 Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.  6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.

 

7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.  8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død.  9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg.

Dei syndige lystene vart vekt til live av lova og synda nytta bodet til å vekkja alle slags lyster. I vår tid ser det ut til at slik «vekking» har vorte eit alternativ til den kristne vekkinga, fordi kvinnerørsla og mange med den at protestert mot Paulus si lære, det er fråfallet som utartar seg som syndefallet, ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Det var altså ein moralfilosofisk kunnskap som dei prøvde å forgude seg sjølve med. Slik er det med politiseringa av kvinna og kyrkja. Kvinnerørsla talte så svært om bevisstgjering av kvinna, men eigentleg var der ei vekking og bevisstgjering som det vart slutt på. Som når dei høyrde at Gud gjekk i hagen og dei gøymde seg med dårleg samvit, fordi dei såg at dei var nakne. Dei såg på den ytre fysiske naturen altså. Så dei vart trongsynte ved at dei prøvde å forklare kjærleiksoforholdet seg imellom utifrå den ytre sanselege lysta, kjønnslysta. Og det vi ser i vår tid, er at den ytre fysiske naturen soleis vert brukt til å bortforklare Gud som er ånd og hans kjærleik mellom oss.

Så, fru Svimesen, når skal du våkne opp? Skal du nokon gong våkne opp? Kva var det som vekte deg og kva ventar du skal vekke deg? Var det den som vekte deg, er det den du ventar skal vekke deg? Eller var det Gud som er ånd som rørte ved det og vekte deg og talte sitt Ord til deg?

Eg trur og «veit» at Gud er ånd og at han rørte ved oss med sin Ande og vekkte oss og talte sitt Ord til oss, han gjorde sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Evne til refleksjon og kritisk tenking.

Solkongen

«Solkongen», Ludvig 14. sa: «Staten, det er eg». Kva meinte han med det? Betydde det: «lova, det er eg»? Sette han seg sjølv og er lova. Han reduserte makta til adelen, det kan samanliknast med Julius Cæsar. Han lausreiv kyrkja frå pavekyrkja, det kan kallast nasjonal frigjering. Han hadde ei religiøs tru på eineveldet og forfølgde protestantane, så det kan samanliknast med politikken til keisar Augustus. Så ein kan seia at han var litt Cæsar og litt Augustus, men politikken var nasjonal frigjering. Her var mykje økonomiske interesser i dette og den økonomiske politikken var merkantilisme. Men at han jaga protestantane frå landet, var dårleg sosialøkonomi og juridisk uhaldbart. 

Så eg spør om der er nokon som set seg over lova i vår tid. Det kan ha å gjere med kva slags lover som vert innført. Er lovene forstandig formulerte slik at vi alle kan forstå dei likt? Men i følgje postmodernismen finnst ikkje ein slik forstandig referanse. Samfunnet består berre av subjektive menneske som ytrar seg subjektivt. Blir då ei gruppe menneske samde om å innføre postmoderne lover, så tek dei det for gitt at dei skal tolkast og forståast og brukast slik som dei tenkte. Det viser seg først i politikken, så kan det vise seg i lover som vert innførde. Så kjem andre og kleiar seg i hovudet og spør, korleis skal dette forståast? «Forsvinner vår evne til refleksjon og kritisk tenking»?

Slik er det med klimapolitikken, det vert vist til fakta og argumentert som om klimapolitikken er «fakta» som om det er einaste løysinga på problema, så den har vorte ei religiøs dogme som vert heva over vår forstand. 

Hatytringslova, kven skal tolke den, kva som er hatytring og kva som ikkje er det, blir ei svært så subjektiv vurdering.

Likestillingspolitikken, kven skal definere kva likestilling er?

Antirasismen, kven skal definere kva som er rasisme.

Med si subjektive innstilling hever dei seg over realfag og dei definisjonane som realfag gir oss, for dei sjølve ha definisjonsmakta.

Men vår evne til refleksjon og kritisk tenking forsvinn ikkje, det er berre å passe på at den ikkje vert fortrengd, bruk den og sjå etter høve til tale sakleg inn i ei sak.

Lycenko-fadesa.

I følgje lamarchismen vert genande i eit individ som belønning ved at det prøver å tilpasse seg miljøet, til dømes får giraffen lengre hals medan han lever, fordi han prøver å strekke seg til tretoppene og eigenskapen vert arva til nest generasjon. Biologen Lycenko valde denne teorien og Stalin gav han rett, så lycekoismen vart inført som ein anti-mendelianisme i Sovjetunionen og resulterte i ein feilslått jorbrukspolitikk, så millionar av menneske svalt i hel. Det same skjedde i dei andre kommunist-statane, i Kina vart katastrofa endå verre.

https://en.wikipedia.org/wiki/Trofim_Lysenko

Men det hadde seg slik at denne teorien passa betre med dialektikken i marxismen. Dei heldt den for å vere vitskapleg, men når dei soleis prøvde å bruke den på biologien, viste det seg at den var feil. 

Men dialektikken er eigentleg ei moral- og politisk-filosofisk metode som vert brukt på menneske for å opplære. Oppsede og omforme dei til å verte «betre», både som herskarar og undersåttar, men i eit diktatur betyr det då at undersåttane må tilpasse seg herskarane, i eit eit einevelde må dei tilpasse seg herskaren. Ved revolusjonen ville dei innføre proletariatets diktatur, men kvar vart det då eigentleg av den moderate klassekampen, som resulterte i demokratiske rettar for folket, så deira interesser vart ivaretekne?

Så «kvinnerevolusjonen» braut med evangeliske kristendom, men då braut den også med den naturfaglege tenkinga og den braut med den moderate klassekampen som gav oss demokratiske rettar, så mannens interesser ikkje lenger vart ivareteken. Sli ville dei altså innføre proletariatets diktatur, men det vart dess tydlegare at det vart diktaturet over proletarane og dialektikken vart meir hegeliansk, over hovudet på den vanlege mann. «Likestillingspolitikken» vert eigetnleg eit krav om at menn skal tilpasse seg herskaren. Men det strir mot naturvitskapen på same måten som lamarkismen streid mot Mendels genetikk. Og det er det som viser seg i den såkalla «antirasismen».

Velsigning eller forbanning? Sjølv ein ateist kan kjenne ærefrykt på langfredag.

https://resett.no/2019/04/19/selv-en-ateist-kan-fole-aerefrykt-pa-langfredag/?fbclid=IwAR3zmEWCZ_6irPuxDZ7nDmpZzn7JzzeYWe7-CVd7jFZfNwSM37a74abC3oY

Gud såg at det han hadde skapt var godt og velsigna menneska, det betyr å leve i samfunn med han og verte førebestemmt til noko godt (1.Mos.1-2). Men sidan dei braut med han, vart dei utestengde frå hagen, jorda skulle vere forbanna, torn og tistel skulle ho bere. 

Men Gud lova Abraham at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Dei som verlsignar han vert velsigna og vert til velsigning, men dei som forbannar han vert forbanna og vert til forbanning. Det spørst altså kva du sjølv vel.

«Forkynnaren» (kong Salomo) er prega av vemod, ei tid til å bygge opp, ei til å rive ned, ei til å plante, ei til å rykke opp, alt er fåfengt. Men Gud gjorde alt fagert i si tid, sjølv æva la han ned i menneskehjarta, Gud gjer eit verk som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå (Fork.3). 

Men Paulus sa om kyrkjelyden at den er Guds åkerland, Guds bygnad. Han planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. Han la grunnvoll som ein vis byggmeister, men det var same grunnvollen som var lagt, Kristi forsoningsverk. Ein annan bygger oppå, med gull, sølv edle steinar, tre høy strå, men må sjå til korleis han gjere det, for det skal prøvast i elden. Det er om å gjere å bygge med noko som er varig, bygge som Guds medarbeidar, for han kan skape noko som står til evig tid (1.Kor.3,6-9).

Gud sa til Moses at dei skulle kalle han «Abraham, Isak og Jakobs Gud» og kalle han «Eg er» (Jahve), for han er den han er. Så dei skulle ikkje missbruke namnet hans og seia at han er ein annan enn den han er. «Eg er» er ei ufullstendig setning, med fullstendige setningar fortel han litt meir om seg sjølv, han er ånd, han er kjærleik …. Men setninga «eg er den eg er» er ein tautologi og mange meiner slike setningar ikkje har særleg betydning for den fysiske realiteten. Dei er ikkje negerbare og kan ikkje prøvast med eksperiment. Men Gud er ikkje berre teori, han er ånd og han makt over den fysiske røyndomen han har skapt.

I matematikk brukar vi av og til bevis ved kontraposisjon, om vi bevise ein påstand a, startar vi då med negasjonen «ikkje a». Så viser vi at det resulterer i noko som er feil. Altså er a rett. Men dersom nokon brukar ei liknande metode på trua på Gud, blir det som å forbanne og resulterer i at dei vert forbanna og vert til forbanning, rive ned og avvise det som er verdifullt for seg sjølve og for samfunnet. 

Men det går an å lære av historia, når menneska velsigna han og vart velsigna, så dei vart til velsigning, så fekk dei noko verdifullt. Men det mest verdifulle er det som står til evig tid.

Så vi må tenke annleis med hjertet enn med hjerna, med hjertet trur vi til rettferd, den rettferdige ved tru skal han leve, leve av livets brød, slik det er symbolisert i nattverden, Jesu ord er ånd og liv (Joh.6).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s