Hurra for konstitusjonen! Postmoderne juss bruker Montanus-logikk som resulterer i justismord og verkar øydeleggande på nasjonalstaten.

Du skal kalle Israels Gud «Jahve» («Eg Er»), for han er den han er. Så du skal ikkje missbruke namnet hans og seie at han er ein annan enn den han er.

https://resett.no/2019/04/18/svs-og-byrad-torkildsens-forstaelse-av-sprak-og-vold/?fbclid=IwAR2kwhQmWMPlti0mHfm-rcNvkjQqigXn2cEUp3St-51FyMArC-KMJYamUbI 

Synda skilde menneska frå Gud, derfor byrja dei å dikte og fantasere og skape seg gudar som likna menneske og dyr, i staden for å tru på han og halde seg til hans Ord. Og i vår tid er det mange som held fram i same stilen. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta. Den levade og sanne Gud gjorde Jesus levade att og vekte han opp frå dei døde. Han viste seg for disiplane sine og gav dei misjonsbefalinga. Men dei skulle halde seg i ro til han sende dei den Heilage Ande frå himmelen. 

Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, så vi fekk oppleve at Gud gjorde sitt vek i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Slik vart den kristne kyrkja til. Har vi byrja i nåden og Anden, må vi fullføra i nåden og Anden. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Vi skal forkynne den glade bodskapen til kven som helst som vi møter og det inneber å verte frelst ifrå domen. Så er det opp til dei om dei vil ta imot. Vidare skal vi overlate det til den Heilage Ande å overtyde verda om synd, dom og rettferd.

Joh.16,8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

Og dommedagen kjem, er allereie på gang. Så spørst det om diverse meir eller mindre viktige personar har lært å dømme rett.

Gud sa til Moses at dei skulle kalle han «Abraham, Isak og Jakobs Gud» og kalle han «Eg er» (Jahve), for han er den han er. Så dei skulle ikkje missbruke namnet hans og seia at han er ein annan enn den han er. «Eg er» er ei ufullstendig setning, med fullstendige setningar fortel han litt meir om seg sjølv, han er ånd, han er kjærleik …. Men setninga «eg er den eg er» er ein tautologi og mange meiner slike setningar ikkje har særleg betydning for den fysiske realiteten. Dei er ikkje negerbare og kan ikkje prøvast med eksperiment. Men Gud er ikkje berre teori, han er ånd og han makt over den fysiske røyndomen han har skapt.

Men så byrja dei å dyrke avgudane, Ba’al-gudane, så dei kalla han for Ba’al. Men når Gud omsider tok israelsfolket til nåde igjen, skulle ho få kalla han sin mann:

Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

Hoseas.2,16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

Når Jesus gjekk her på jorda, gjorde Faderen sine gjerningar gjennom han og ved han. Men då kalla farisearane og dei skriftlærde han for Beelzebul, Djevelen. Men han sa at Djevelen var deira gud, det var denne verda sin gud og det var Zevs.

Det har skjett i kyrkja si historie også, det vart no tydeleg inkvisisjonen, motstanden mot reformasjonen og ved hekseprosessane. Og i vår tid er det som om den skandinaviske mann er djevelen i hekseprosessane, jfr. hekseprosessane i Sverige på 1600-talet. Protestantane protesterer mot protestantismen, kvinnerørsla, kyrkje og kristne organisasjonar protesterer mot Paulus si lære, Gamle Venstre har vorte til anti-Ventre. Korleis går det med den norske folkesjela, får den komme til orde?

Dersom du seier noko som viser at du er ei oppvakt, levande sjel, risikerer du at prest og psykolog mm. vil kneble deg. Den sunne og levande sjela vert diagnostisert som eit sjukdomstilfelle. Snakk om sjølvdestruksjon. Er det kanskje ikkje Antikrist som er på ferde?

Postmoderne juss.

Arnt Folgerø hadde ein svært interessant artikkel om postmoderne språk og juss, som SV er preg av, https://resett.no/…/svs-og-byrad-torkildsens…/… Eg siterer: «Men det var nok først Hegel som viste hvordan språket og tingene gjensidig konstituerer den menneskelige forståelsen, altså hvordan denne gjensidige konstitueringen danner en spesifikk menneskelig forståelse, dvs. hvordan og hvorfor vi begriper virkeligheten gjennom språket.»

I følgje Hegel skjer der ei dialektisk omforming mellom herre og knekt, men Gud og den einskilde har lite og inga betydning for dette, det er den intersubjektive Tidsånda som driv historia framover. Hegel var prest og var interessert i tysk samling, så det kan nok ha prega filosofien hans. Bismarck samla dei tyske statane med våpenmakt og vart ein nasjonal helt. Men sidan har dialektikken fungert som einsretting og propaganda, både i nazi-Tyskland, facist-statane og kommunistregiama. 

I vår nære historie har der tydelegvis føregått ein hegeliansk diskurs over hovudet på oss og dei går så langt at dei prøver å erstatte evangeliet med noko anna. Som resultat av den konstitueringa kjem dei med påstandar om nokon kvar og kven som helst av oss, teke ut av lause lufta, når dei synest det passar seg slik. Og så krev dei attpåtil at vi berre skal halde kjeft og godta det?!

I psykologi og i moderne pedagogikk er det viktig at folk får svare for seg sjølve, det er også eit viktig rettsprinsipp. Dersom dei ikkje det får, kva er då alternativet?

Samfunnsvitarar samanliknar menneske og menneskegrupper, men postmodernistane gjer bruk av ein Montanus-logikk: «Ein stein kan ikkje flyge, mor Nille kan ikkje flyge, altså er mor Nille ein stein». Det er ikkje vanskleg å innsjå at logikken ikkje er haldbar. Men så tek dei ikkje med det falske logiske resonnementet og då vert det til Goebbels-retorikk: dersom ei løgn vert gjenteken mange nok nongar, så vert den til slutt til ei «sanning».

Hurra for konstitusjonen.

Men når Noreg kjempa for sitt eige sjølvstende og det vart slått ned på demonstrasjonar, samla dei seg og ropte hurra for konstitusjonen, for det var namnet på ein båt, men eigentleg tenkte dei på grunnlova https://no.wikipedia.org/wiki/Torgslaget. Så vanlege menneske ytra seg og kjempa for å få den konstitusjonen.

Bibelens Gud har også hatt eit Ord med i laget, men han er så suveren at han berre fortel oss kva pakt han gjer med oss og dersom vi ikkje går med på det, kan det fort verte verst for oss sjølve. Han gjorde pakt med Adam, Noa, Abraham, israelsfolket med det levittiske prestedømmet, ved Moses og så gjorde han pakt med alle folkeslag ved at Kristus døde i staden for oss, slik forsona han verda med seg før nokon av oss visste ord av det. Og så skulle den glade bodskapen om det forkynnast for alle folkeslag og kvar einskild og slik er kristendomen populistisk. Jesus er den siste Adam, som er i frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, det er berre å ta imot i tru av berre nåde, slik det vert symbolisert i dåpen og nattverden. Det gjer oss bevisst om korleis konstitueringa er.

Klagemålet om rasisme strir mot både evangelisk kristendom og naturvitskapen.

https://resett.no/2019/04/19/karin-andersen-sv-truer-resett-annonsorer-med-boikott-nekter-a-handle-med-de-som-stotter-rasister/?fbclid=IwAR2SW_U6ykMakVauR0GaDCnfac9Mb8GwAlSRuiOZIUP_pPyWAu39vEuhSvA

I følgje platonismen er den fysiske naturen vond, derfor har menneska lite innsikt i ideverda (rasjonalitet) og det godes ide (moralfilosofi). Men med opplæringa får dei meir innsikt. Derfor skal ei lærd overklasse styre med diktatorisk makt. 

I middelalderen kom platonismen inn i kyrkja, så prestane fekk monopol på å tale og sidan finn vi den igjen i totalitære politiske ideologiar over heile linja. 

Det Paulus sa om den gamle vonde naturen liknar på platonismen, men konklusjonen er at opplæringa heller har verka mot si si hendsikt, det innsåg han etter at Gud openberra si frelse for han i Kristus (Rom.6-7). Det burde i grunnen jødane vite på grunnlag av si nære historie også.

Og i Bibelen vert det vondes problem forklart på ein litt annan måte og løysinga på problemet er betre. Menneska vart dåra og forførde ved syndefallet, derfor vart dei utestengde frå Edens hage. Synda skilde dei frå Gud. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt forhold til han som menneska var i før syndefallet. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for Gud er den same. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så Paulus grunngav dett både utifrå evangeliet og utifrå skapingssoga og dermed utifrå kva som er naturleg. 

Så no talar han om naturen på ein annan måte, som det som er rett, for Gud skapte det alt saman og såg at det var godt og velsigna det (1.Mos.1). Men det var altså ikkje fordi mennesket i seg sjølv er godt, men fordi mennesket levde i samfunn med Gud som skapte det og som er god (1.Mos.2-3). Det har vorte endå klarare for oss no etter at vi er forsona med han ved at Jesus døde i staden for oss.

Då har vi ikkje noko fundamentalt problem som hindrar oss i å granske den fysiske naturen, oppdraget er framleis å dyrke og verne Guds hage, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Men dersom menneska avviser dette, fordi dei har ei så fundamental og dogmatisk tru på at den fysiske naturen er vond, kva er då alternativet? Dei granskar naturen med vitskaplege metode og finn ut korleis den er, men med sin moralfilosofi konkluderer dei likevel med at den er vond og derfor er den feil. Men det er då stikk i strid med naturvitskaplege metode, den hypotetiske deduktive metode. Dei krev at den fysiske naturen skal endre seg, så den tilpassar seg deira moralfilosofi. Men det kan den ikkje, det kan ikkje menneska heller, så med det kravet gjer dei menneska til trælar, dei vert gjort til salsvare som trælar.

Det er eigentleg nokså vanleg naturvitskapleg og biologisk tenking som vert påstått å vere feil og som vert kriminalisert ved den såkalla kvinnefrigjeringa og likestillinga og ved påstand om rasisme.

Ytringsfridom.

https://resett.no/2019/04/23/karstein-lovaas-resett-distribuerer-grums/?fbclid=IwAR34vA_XSrPFmCvROqqb-mPnPiCOGwogGJPHYWsYRXmnGdhR7GF2dmmIXEM

Når ungar kranglar og slest, så blir det ofte påstand mot påstand og så kjem kalleorda og sjellsorda. Men det er då han sjølv som har lagt opp til det og det er ikkje ein voksen mann verdig.

Dei har desverre ikkje lært seg å høyre etter kva voksne, vituge og forstandige mannfolk prøver å seie til dei, derfor lirer dei ut or seg slikt dumt og usakleg dritgprat og pisspart og det er i grunnen ein skam for manneætta.

Tenke sjølvstendig som ei levande sjel med åndeleg og rasjonalistisk innsikt.

https://resett.no/2019/04/17/psykolog-kjorer-kampanje-mot-resett-annonsorer-pa-twitter/?fbclid=IwAR2c3HAyRyDLvX2GqVTzdkFokJx5R3tkm8rpV_2MYG1XC1WoFw6KPxRYUVI 

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Slik løyste han menneska sine mest fundamentale problem, han frigjer oss frå trældomen under synda og avgudane. Vi skal ganske enkelt tru på han og elske han og elske kvarandre, så vil han openberre seg for oss (Joh.14). Han er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar han for oss som Guds svar på våre problem og våre bøner. Vel er det slik at Faderen er vår formyndar, men med den opplæringa han gir oss med sitt Ord og sin Ande, lærer han oss å tenke sjølvstendig i forhold til verda. Ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile (Matt.11,28-30 Heb.3-4 1.Mos.2).

Då skal vi ikkje undre oss over at verda hatar oss, for ho har hata han først (Joh.17). Dei svarar på kjærleiken med hat og det er i grunnen rart. Men det er nok ved å forføre kvinna slik som ved syndefallet. Dei vil gjere menneska til trælar og halde dei i trældom, indoktrinere dei og programmere dei og gjere dei til sine reiskap. 

Vi kjennest ved Jesus som Guds Messias og som løysinga på våre personlege problem og på samfunnsproblem. Då viser det seg at dei avviser den vedkjenninga, for så å stride imot oss i staden, ved å gjere problemet større og verre for oss.

Eg er oppvoksen i den norske kyrkje og vart tidleg med både i kyrkje og på bedehus. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi og det var å påkalle Kristus om vår frelsar og Herre, be om frelse for våre næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kone. Eg kunne kjenne meg litt brydd, fordi kjærleiken til Jesus kunne verke så feminint, men eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så eg erkjente at for meg gjaldet det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Sidan oppdaga eg at det stemte godt med Paulus si lære. Når eg gjekk på gymnaset, kom eg inn i frie evangeliske forsamlingar og fekk oppleve at Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Slik har han svart meg jevne og trutt sidan eg var ung, men det har enno ikkje vorte noko av.

Same kva slags problem som møte oss, så kunne vi gå til Jesus med det. Eg trudde i mitt hjerte og visste at då var det viktig å vedkjenne mi tru på Jesus for andre menneske, det syntest eg var vanskeleg, spesielt med tanke på kva forventningar mange kristne leiarar set til det, at unge menneske soleis skal utmerke seg som noko betre enn andre. Det passa meg ikkje, då kom menneskefrykta. Men også dette sa eg til Jesus i mi bøn og ba han sette meg fri ifrå det. For meg betydde dette å verte opplærde i ei metode til problemløysing og det høver i grunnen bra med misjonsbefalinga om at vi skal gå ut i all verda … og få sjå at Jesus er med oss alle dagar. Det er vel ganske klart at dersom du vert opplærte i ferdige problemsløysingar, så er du ikkje så tilpasningsdyktig som når dei vert opplært til problemløysing. Det høver med utfordringa av å sjå praktiske løysingar når ein er i praktisk arbeide, men dette går då meir på medmenneskelege forhold. Og det høver med med den innsikta som trengst når ein studerer realfag, her også vert ein utfordra til problemsløysing. Etter at eg hadde studert realfag eit halvt år, talte Jesus til meg slik: du som fekk livet planta i deg, dette livet det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge, ved forkynninga av Guds Ord.

Eg tok forberedane for realistar, det var logikk, psykologi og filosofi. Det var naturfilosofi, moral- og politisk filosofi, begge deler relatert til matematikken og det var vesentleg å forså at den nye naturvitskapen hadde både empiri (erfaring) og rasjonalitet (forstandig innsikt, matematikk), metoden var hypotetisk deduktiv, på grunnlag av empiri vart det stilt hypoteser som det vart resonnert og rekna utifrå og resultata vart prøvde mot ny empiri. Ved å forså metodene vart vi opplærde til å kunne prøve påstandar, med rasjonaliteten vart vi opplærde deil å gjennomskode gehalten i det som vert påstått og opplærde til problemløysing.

Men Jesu Ord er ånd og liv, han gir liv til vår sjel og ånd til vår ånd og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, Gud skaper oss i Kristus og då gjer hand et i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Då er det skilnad på mann og kvinne, mannen må komme til Kristus slik som han er og kvinna må komme til han slik som ho er, kvar og ein må komme til han slik som han eller ho er. Kristus skal vere alt i alle og slik sett er det ingen skilnad. Dette er ein frigjerande bodskap. Vel er det slik at Faderen er vår formyndar. Men i det vi veks opp til han som er hovudet (Jesu) for «lekamen» (Jesu kyrkje), lærer vi å tenke sjølvstendig og kritisk i forhold til verdsleg makt og kunnskap. For meg var det viktig når eg tok ex.phil. og når eg studerte realfag.

Ordet psykologi kjem av «psyke»: sjel. Og når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll er det som å gå inn i Guds dimensjonar som kjem i tillegg til dimensjonane i fysikken. For Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, han rører ved oss med sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunne med seg, han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Antikrist.

https://resett.no/2019/04/17/per-willy-amundsen-om-rotevatns-oppfordring-til-annonseboikott-av-resett-venstre-har-lenge-vist-sin-intoleranse-og-dobbeltmoral/?fbclid=IwAR0ywGYi5Qe1l1pfvm37RoOnnRnTnI5kY9kpwPN20oG6ZxyN4DHPWVvC2eQ 

Venstre har vorte til anti-GamleVenstre. Politikken deira er som keiserens nye klede.

Protestantane protesterer mot protestantismen, kvinnerørsla, kyrkje og kristne organisasjonar protesterer mot Paulus si lære, Gamle Venstre har vorte til anti-Ventre. Dersom du seier noko som viser at du er ei oppvakt, levande sjel, risikerer du at prest og psykolog mm. vil kneble deg. Den sunne og levande sjela vert diagnostisert som eit sjukdomstilfelle. Snakk om sjølvdestruksjon. Er det kanskje ikkje Antikrist som er på ferde?

Liberalisme og nasjonal frigjering.

https://resett.no/2019/04/11/hoyre-liberalistene-allierer-seg-med-den-radikale-venstresiden-mot-innvandringskritikerne/?fbclid=IwAR2MbhzKRGtVVNxAdv8toy24KYMdPwPcmzd_fFu0yzZnUiMU4-_m2Vp7bk8 

I AKP-ml-tida, på 70-80-talet, kritiserte dei venstreradikale misjonen for at den vert pionerar for kapitalistar og imperialistar, som gjorde folket til trælar og utpinte landet deira og tente seg rike på det. Dei kom trippande etter, hakk i hæl. 

I Joel.3 er det profetert om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt og dette verset var sentralt i den karismatiske rørsla. Men seinare i kapittelet er det sagt at Gud vil gå i rette med folkeslaga fordi dei gjorde folket hans til salsvare.

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

Så kva er alternativet? Ein nasjonalisme der dei sikrar seg rettane til naturressursane og ei utdanninga som gjer dei i stand til utvikle landet sitt politisk og økonomisk, ved å gjere avtaler med slike utlendingar, kapitalistar og teknokratar. Ta vårt eige land som døme, vi sikra oss ressursane på kontinentalsokkelen og ved 200-milssona. Gjorde avtaler med utanlandske selskap om oljeutvinning og fekk vere med i ei økonomisk og teknologisk  utvikling.

Men det er noko rart som har skjett med dei venstreradikale, for no argumenterer dei mot slik nasjonalisering og argumenterer for å gjere menneska til salsvare, som om hendsikta med krigane var imperialisme som vart misslukka, og flyktningstraumen fungerer som slavehandel. Problemet er at det har vorte kreista så lenge med motstand frå totalitære politiske ideologiar og religiøse dogmer, at vi ikkje har fått den utviklinga som vi aller helst skulle ha, med opplæring og økonomisk framgang. Men Libya og Syria var dei arabiske landa som var komne lengst, folket hadde høg levestandard.

Gud sette mannen til å dyrke og verne hagen og det var det kvinna skulle hjelpe han med. Eller skal ho i staden vere gudinne som skal styre klimaet?!

https://resett.no/2019/04/14/er-greta-thunberg-en-ny-mozart/?fbclid=IwAR2zEvYsnTR-VlQ_vuTi6ALiWGzUtLRbR67td3HERDMSdcQoXHa2qvpRJsw 

Eg er oppvoksen i den norske kyrkje og vart tidleg med både i kyrkje og på bedehus. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi og det var å påkalle Kristus om vår frelsar og Herre, be om frelse for våre næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kone. Eg kunne kjenne meg litt brydd, fordi kjærleiken til Jesus kunne verke så feminint, men eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så eg erkjente at for meg gjaldet det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Sidan oppdaga eg at det stemte godt med Paulus si lære. Når eg gjekk på gymnaset, kom eg inn i frie evangeliske forsamlingar og fekk oppleve at Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Slik har han svart meg jevne og trutt sidan eg var ung, men det har enno ikkje vorte noko av.

Same kva slags problem som møte oss, så kunne vi gå til Jesus med det. Eg trudde i mitt hjerte og visste at då var det viktig å vedkjenne mi tru på Jesus for andre menneske, det syntest eg var vanskeleg, spesielt med tanke på kva forventningar mange kristne leiarar set til det, at unge menneske soleis skal utmerke seg som noko betre enn andre. Det passa meg ikkje, då kom menneskefrykta. Men også dette sa eg til Jesus i mi bøn og ba han sette meg fri ifrå det. For meg betydde dette å verte opplærde i ei metode til problemløysing og det høver i grunnen bra med misjonsbefalinga om at vi skal gå ut i all verda … og få sjå at Jesus er med oss alle dagar. Det er vel ganske klart at dersom du vert opplærte i ferdige problemsløysingar, så er du ikkje så tilpasningsdyktig som når dei vert opplært til problemløysing. Det høver med utfordringa av å sjå praktiske løysingar når ein er i praktisk arbeide, men dette går då meir på medmenneskelege forhold. Og det høver med med den innsikta som trengst når ein studerer realfag, her også vert ein utfordra til problemsløysing. Etter at eg hadde studert realfag eit halvt år, talte Jesus til meg slik: du som fekk livet planta i deg, dette livet det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge, ved forkynninga av Guds Ord.

Eg tok forberedane for realistar, det var logikk, psykologi og filosofi. Det var naturfilosofi, moral- og politisk filosofi, begge deler relatert til matematikken og det var vesentleg å forså at den nye naturvitskapen hadde både empiri (erfaring) og rasjonalitet (forstandig innsikt, matematikk), metoden var hypotetisk deduktiv, på grunnlag av empiri vart det stilt hypoteser som det vart resonnert og rekna utifrå og resultata vart prøvde mot ny empiri. Ved å forså metodene vart vi opplærde til å kunne prøve påstandar, med rasjonaliteten vart vi opplærde deil å gjennomskode gehalten i det som vert påstått og opplærde til problemløysing.

Men Jesu Ord er ånd og liv, han gir liv til vår sjel og ånd til vår ånd og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, Gud skaper oss i Kristus og då gjer hand et i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Då er det skilnad på mann og kvinne, mannen må komme til Kristus slik som han er og kvinna må komme til han slik som ho er, kvar og ein må komme til han slik som han eller ho er. Kristus skal vere alt i alle og slik sett er det ingen skilnad. Dette er ein frigjerande bodskap. Vel er det slik at Faderen er vår formyndar. Men i det vi veks opp til han som er hovudet (Jesu) for «lekamen» (Jesu kyrkje), lærer vi å tenke sjølvstendig og kritisk i forhold til verdsleg makt og kunnskap. For meg var det viktig når eg tok ex.phil. og når eg studerte realfag.

Ordet psykologi kjem av «psyke»: sjel. Og når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll er det som å gå inn i Guds dimensjonar som kjem i tillegg til dimensjonane i fysikken. For Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, han rører ved oss med sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunne med seg, han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Einstein gjekk på ein jesuitt-skule, men han var ikkje jesuitt, han var jøde og kalla seg agnositkar, han trudde ikkje på ein personleg Gud, ei slik tru heldt han for å vere resultat av indoktrinering i barndomen. Sitat ifrå artikkelen https://no.wikipedia.org/wiki/Albert_Einstein 

«I do not believe in a personal God and I have never denied this but have expressed it clearly. If something is in me which can be called religious then it is the unbounded admiration for the structure of the world so far as our science can reveal it.» ….. «I have repeatedly said that in my opinion the idea of a personal God is a childlike one. You may call me an agnostic, but I do not share the crusading spirit of the professional atheist whose fervor is mostly due to a painful act of liberation from religious indoctrination received in youth.»

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som småborn for å komme inn i det. Vi må vakte oss, så vi ikkej vanvørder ein einaste av hans minst små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Likevel er det mange som vanvørder oss for for det, spesielt dersom vi beheld vår barnetru som voksne: «trur på englar». Men kva er ein engel? Det er ein bodberar, så eg tenker meg at det er ånda deira. Den gir åndeleg innsikt som vel kan samanliknast med den rasjonalistiske innsikta vi treng og brukar i realfag, begge delar er usynleg, men det er ein åndeleg røyndom som gir oss den åndelege innsikta. Og i Johannes Openberring er det tale om englane for dei sju kyrkjelydane. Men no har Jesu sendt oss den Heilage Ande frå himmelen og vi får oppleve at han talar til oss frå himmelen.

https://resett.no/2019/04/12/aktivister-er-ikke-bestandig-helt-etterrettelige/?fbclid=IwAR1hgkvHER4cnQV42Scd2ouVAV9y2LAhZEX_hb_WdB7HQDDjXo4VN2Tw4NU 

Profetane i det gamle testamentet skildra israelsfolket som ei kvinne som var Guds kone, vi kan kalle henne ”Mor Israel”. Men ho forstod ikkje at det var han som hadde omsorg for henne og stelte så vel med henne, ho innbilte seg at det var gudane til nabofolka, så ho vende seg til dei i staden og byrja å dyrke dei i staden, så ho vart ei hore, det vert skildra som ei kvinne som byrja å elske andre menn, så ho vart ei hore. Freud var jøde og vi kan bruke hans psykoanalyse på det, han er kjend for påstandane om at menneske vert motiverte av seksualitet (livsdrifta) og aggresjon (dødsdrifta) og at religiøsitet er avspora seksualitet. Men då går han også ut ifrå at der er noko som er rett, som han brukar som referanse, for påstandane stemmer då bra med biologien med utviklingslæra og den tradisjonelle seksualundervisinga i skulen. 

Men ved trua på Kristus har vi fått hans Ande og skal leve for han, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, vi skal la den råde over kjønnslysta. Så vi vert drivne av den heilage Ande, motiverte av Guds kjærleik og styrkte ved Guds kraft. Så vi innser at motsetnaden mellom ”dødsdrifta” og ”livsdrifta” er motsetnaden mellom dødens lov og lova åt livsens ande. 

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN} Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

Men der er ein motsetnad mellom lysta og Anden, spesielt mellom kjønnslysta og Anden, at kjønnslysta opponerer mot Anden kan resultere i avspora seksualitet som kan verte til religion og religion kan resultere i avspora seksualitet. Opponering mot Anden kan verte til seksuelle fantasiar som vert til avgudar og avgudar vekker seksuelle fantasiar. Slik er religionen avspora seksualitet. Kvinnerørsla har protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vert redusert til erotiske og seksuelle fantasiar. Dikting og fantasering kjem i staden for tru og openberring og slik vert kyrkja og kristne organisasjonar politiserte. Så politikk har vorte religiøsitet som er avspora seksualitet. Den eigentlege og naturlege interessa som ligg bak dei politiske sakene er kvinna si interesse av å få seg ein mann. Og prestar, kristne leiarar og politiske leiarar fungerer som hallikar. Samfunnet er gjennomsyra av falskhet, hyklarskap, baktale, løgn og svik. Det er no utruleg kor mange prest- og politikar-gudar som spring ut av kaos. Dei ropar på styresmaktene som om dei skulle vere gudar og det er poenget. Og det er utruleg kor mange som går rundt og trur dei har fått den endelege openberringa.

I realfag vert mennesket forstått som ein fysisk realitet og hensikta med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vert forklart utifrå biologien. Slik også i kristendomen. Men der er også ei åndeleg og intellektuell side av saka, kristendomen og kyrkjelydslivet tek seg av det sjelelege og åndelege og realfaga tek seg av det intellektuelle. 

Men postmodernistane manglar den kristne trua og rasjonaliteten i Guds Ord og i realfaga. Så dei gjer menneska til salsvare. Og det vert eit spørsmål om den sterkaste sin rett. Klimasaka er eitt av argumenta som vert brukt til å rope på den sterke politikaren, diktaturet, korleis det no skal utarte seg, det er nok nettopp derfor saka vert heva over det meste.

Men dei burde heller gå heim att til seg sjølve, opne Bibelen og byrje å lese i den og så påkalle Kristus som sin frelsar og Herre i sitt stille sinn. For han er Guds Messias.
 Denne verda går sin undergang i møte, men Gud har openberra si frelse i han.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s