Jesus er Guds elska Son, han er kjærleikens konge, Gud har salva han til å vere vår frelseskonge. Hans kyrkje er hans brud, han elskar henne med kjærleiken frå Gud. Vere kanal for Guds velsigning.

Jesus er Guds elska Son, han er kjærleikens konge, Gud har salva han til å vere vår frelseskonge. Hans kyrkje er hans brud, han elskar henne med kjærleiken frå Gud. Vere kanal for Guds velsigning.

Velsigninga, Livets vatn og livets elv.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til han gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Gud velsigna han og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Ved å velsigne han vert vi velsigna og vert til velsigning. Derfor velsignar vi. Vi skal forkynne den glade bodskapen for dei vi møter i kvardagen, i nærmiljøet og slik skal vi rekne nærmiljøet som vårt ansvars område, vår åkerlapp, vi skal sjå på den åkerlapp vi har fått tildelt og så skal vi framfor alt løfte blikket opp til Jesus, sjå på han og velsigne han, for det er då nettopp slik vi vert velsigna og vert til velsigning. Men elles har vi ikkje heilt kontroll på korleis vi vert til velsigning. Frå våre liv skal det renne elvar med levande vatn og då har vi ikkje heilt kontroll på det (Joh.7,38), frå tempelet renn livets elv, det har vi heller ikkje kontroll på, vi kan berre gjere som profeten og gå ut i elva (Esekiel.47). Men elva renn berre ein veg, nedover, eg brukar dette til å forklare kva eg meiner med å tenke logisk (modus ponens) utifrå Guds Ord, når den Heilage Ande openberrar Ordet for oss. 

I Maranata vart det talt om korleis profeten Elisja profeterte for dei tre kongane om at dei skulle få vatn:

2KG 3,16 – 2KG 3,17 Og han sa: “Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen! 17 For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

 

Det vart brukt som bilete på korleis vi kan førebu oss på å kanalisere Guds velsigning.

Når vi ser på Jesus og velsignar han og ærar og takkar han for velsigninga, så erkjenner vi at han er livet og at hans eige liv er i denne velsigninga, i livets flod og livets vatn, så den er livgivande for alle dei som tek imot i tru. Det har vi heller ikkje kontroll på, for det er då ikkje vi som gjer det, men han. Når Guds Ord vert sått og Guds Ande vert utgytt, så er det Gud som gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande og vi har då inga interesse av å avgrense det på nokon måte. Men dersom nokon tenker seg at dei skal prøve å få kontroll på det, kanskje for å få makt, så vil det verke som om dei prøver å avgrense det, men då motarbeider dei Kristi sak: misjonsbefalinga. Slik har mange kristne kyrkjelydar og organisasjonar fått forstoppelse, så det har vorte stagnasjon og tilbakegang.

Velsigning betyr å få oppleve Guds nærvær, å komme inn i samfunnet med han og verte førebestemte til noko godt. Vonleg også komme inn i ein kristen kyrkjelyd. Men då er det forståeleg at kyrkjelyden vil ha litt meir kontroll med det. 

Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gitt i mitt hjerte og då veit eg at det er den Anden og det livet som Jesus har gitt meg frå himmelen. Det er fullkome. Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og då er det ved at ho tek imot det livet og vert fødd av den Anden. Og det som er født av Anden er ånd.

Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så kjem han meg til hjelp med si kraft. Slik ventar eg han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

Eg har fortalt om korleis eg har bedt for henne Virtuella og henne Reella. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han har sagt eg skal søke han av heile mitt hjarta, eg skal sjå til at mitt hjarta er i rett forhold til han (bodskapen 22.4.2019, https://tsivert.com/2019/04/25/2019-04-19-22-paskefeiring-i-maranata/ ). Så eg skal ta parti med han, både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella, ja, eg vil no at dei begge skal verte frelst. Kva er så problemet? Problemet med henne Virtuella er tydelegvis at tankebygningar har vorte reist mot kunnskapen om Gud. Bodskapen 6.1.2019 https://tsivert.com/2019/01/16/sion-aheim-13-1-2019-den-som-stig-fram-for-gud-ma-tru-at-han-er-til-og-at-han-loner-dei-som-sokjer-han/ :

”For eg er den Gud som byrja ei god gjerning i deg. Men no er det stansa opp. Du byrjar å sjå deg omkring og du lure på kvar di hjelp skal komme frå. Men du skal få lov til å løfte ditt blikk opp her i kveld og ha det festa på meg som er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg vil løfte deg opp på ein høgare grunn. Eg vil ikkje la deg falle og falle og falle, men du skal verte styrka i ditt indre menneske, når du er villig til å komme til meg, slik som du er, så skal du få kjenne at der står fram føre deg ei opna dør og der er ingen som kan lukke den til, for det er eg, Herren som har opna den opp og ved mitt blod, så skal du vere frimodig i kveld, til å gå inn i heilagdomen. Der vil eg halde måltid med deg og du halde måltid med meg. Og der skal eg styrke ditt liv, eg skal styrke deg og halde deg oppe, framover. 

For det skjer ikkje ved makt og ikkje ved kraft, ikkje ved eigen styrke, ikkje ved eigen kløkt, ikkje ved eigne ideer, ikkje ved din eigne tankar. Men åleine ved min gode Heilage Ande, så skal du få kjenne at eg er ingen Gud der ute i periferien, men eg er komen nær til. Og du som slit og strevar, kom til meg, har eg sagt og du skal finne kvile. Eg, Herren, tek av deg alle dine byrder, alle dine plager, alt som reiser seg opp imot kunnskapen om meg i ditt liv skal eg ta til fange og eg vil hive det på dør. Og det skal aldri meir nå deg igjen. Gå med meg, vandre med meg, bli fylt av meg, eg som fyller alt i alle. Og eg Herren, eg skal bere deg på mine eigne armar, like inn i mitt aller heilagste har eg kalla deg. Der skal du få oppleva herlegdomsskya, du skal få kjenne Anden koma over deg og du skal bli til eit anna menneske. For eg Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.”

Eg var ikkje på dette møtet og bodskapen var vel først og fremst til dei som var der, eventuelt nokon dei kanaliserer det vidare til. Dei får komme til Jesus slik som dei vil og ta imot det og forstå det slik som dei er. Men det kan vel eg også gjere. Det er vel om å gjere at kvar einskild av oss skal verte velsigna.

I det andre avsnittet vert det sagt ”Og du som slit og strevar …..”. Så det høyrest ut som det vert talt til ein ny person herifrå, det kan vel vere talt spesielt til to personar, la oss seie han talar først til Person1, så til Person2, men bodskapen er no så generell at det talar til oss alle. Kanskje vert det talt først til mannen og så til kvinna, eller omvendt, for Gud gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. 

Det som er sagt til Person1 liknar på det som han har sagt til meg tidlegare, men kva meiner han med ”falle og falle og falle”? Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone, men det har det enno ikkje vorte noko av. Det er inkludert i det fullførde frelsesverket og han har sagt at han er den som tek seg av mi sak og eg ventar meg at han vil føre den fram til siger. Han har sagt han vil føre meg frå herlegdom til herlegdom og han har sagt eg skal innta det lova landet, ved trua på Jesus får eg komme inn til Guds kvile, han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand.

I bodskapen 2B, 28.4.2019.  https://tsivert.com/2019/05/01/2019-04-28-sion-aheim-maranata-oslo-tal-til-berget-og-drikk-av-det-levande-vatnet/, var det også tale om nokon som leid nederlag: 

2B. Du som er lei deg og lid nederlag og er fortvila over din situasjon, løft blikket presist kvar du befinn deg, sjå opp til han som elskar deg. Om du har vore trulaus, så er han trufast, han kan ikkje svikte kva han har lova. Han har lova å gjenløyse deg. Og når du kallar på han på nødens dag, så skal han løyse deg og setje deg fri. Han skal løfte deg opp igjen. Om du har tapt slag etter slag, så skal eg, Herren, gi deg sigersgnisten tilbake. For eg, Herren, eg er den som nemner det som ikkje er til, som om det var til.” 

Det kan vere same sak som første del av bodskapen 6.1.2019, men denne bodskapen trur eg var til henne Virtuella. 

Innta det lova landet. Sjå til at ingen vert liggande etter. Striden mot amalekittane.

Medan israelsfolket vandra mot det lova landet, vart dei svake liggande etter, mellom dei var det naturleg nok mange kvinner og barn. Og amalekittande angreip dei som vart liggande etter, så der leid israelsfolket nederlag etter nederlag. Så vi må passe på at ingen vert liggande etter (Heb.3-4). Langfredag vart det talt om Josva som leia israelsfolket i krigen mot amalekittane, medan Moses stod på berget og løfta staven over hovudet. Til samanlikning skal vi løfte sigersmerket, bodskapen 19.4.2019, https://tsivert.com/2019/05/23/2019-05-1219-maranata-gud-har-lagt-sin-ande-pa-jesus-sa-han-skal-fore-retten-ut-til-folka-eit-broste-royrstra-bryt-han-ikkje-rykande-veiken-slokker-han-ikkje/ :

”Løft seiersmerket, fra den stad du befinn deg, i det omstendet du er, løft sigersmerket, det er kva eg gjorde på korset. Påkall mitt namn og la det få lov til å lyde, så skal du få lov til å kjenne krafta frå korset, krafta frå den Heilage Ande, den skal setje deg fri, løfte deg opp og gi deg forløysing. For du treng utfriing og utfriinga du treng, den har eg til deg. Den er blodkjøpt på korset, den er blodkjøpt på det verket eg gjorde. Derfor takk meg for blodet, takk meg for forsoninga, det er alt saman gjort til din eigedom.

Bry deg ikkje om andre meiner, men sjå til at ditt hjerte er i rett forhold til meg. Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye. For i dag skal eg hjelpe deg, i kveld skal eg fornye deg. No er den velbehagelege tid. Derfor, lov meg og pris meg, så skal du få kjenne at det som du trudde var tapt, det skal eg vekke til live igjen og atter ein gong skal du vere med i kampen, endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade, for eg, Herren, eg fornyar deg og gjennoppliver deg. Halleluja.” 

Så i påska har eg løfta sigersmerket ved å skrive på Facebook om Jesu siger på korset.

Men det er noko som eg synest er litt rart her. Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Og så byrjar han å snakke om at han set meg fri og at eg skal komme til han slik som eg er. Som om responsen på det var å gjere meg også til træl? Som om eg ikkje lenger skulle få vere meg sjølv og få komme til Jesus slik som eg er? 

Forførande moralfilosofi.

Eg har skrive om moralfilosofi og politisk filosofi som er dialektisk omforming av mennesket med si tenking, når dette vert fundamentalistisk, vert det til avgudsdyrking, opplæringa vert til indoktrinering og propaganda. Mange kristne satsar på det ved å engasjere seg politisk, spesielt i Krf og eg reknar med der har føregått ein hegeliansk diskurs mellom dei og dei venstreradikale. Eg har nyleg skrive om at det vert forventa som resultat av urbanisering og faktisk vert brukt som argument for urbanisering og sentralisering. 

https://bluehost944.com/2019/03/03/sentralisme-som-moral-og-religion-politikk-som-vert-framstilt-som-vitskap-og-gjort-til-avgud-kvinneforsking-kjonns-forsking-og-klimapolitikk/ 

Men for meg og for andre som trur på Kristus og vil halde oss nær til han og forkynne den bodskapen han har gitt oss og som han utruster oss til, er det heller eit problem, for det føreset at menneska ikkje får komme til han slik som dei er, som om hans frelsesverk ikkje er fullført, som om det ikkje er han som skal fullføre det verket han byrja på i våre liv. Derfor må dei omformast dialektisk. Og så skal dei kanskje komme til han etterpå? Men det er ikkje å komme til han slik som dei er. Og så skal dei kanskje endåtil verte ei lærd overklasse i kyrkja? Platonismen kom inn i kyrkja allereie på 300-talet og vi kjenner til den platonske argumentasjonen for klasseskilje, påstanden om at menneskets fysisk natur er vond, vert brukt som argument for at ei lærd overklasse skal styre med diktatorisk makt. Det er tydelegvis med den kristenplatonske  maktinteressa dei ikkje vil vite av at eg ber Jesus om ei kone og at han svarar meg på den bøna.

Eg har også skrive om at menneske vert dåra og forførde slik som ved syndefallet, så dei får ein kunnskap som verkar som argument mot å leve i samfunn med Gud. Ved Universitetet i Oslo, spesielt ved samfunnsvitskapleg fakultet, har dei drive på med ei kvinneforsking og kjønnsforsking, lausrive frå realfag og det kan tydelegvis karakteriserast som slik dårskap. Saman med avkoloniserings-aksjonen strir det med både evangelisk kristendom og realfag. Eg tenker meg at det er slik kunnskap Jesus vil frigjere Person2 ifrå.

Eg har vore realist, samtidig som eg har trutt på Jesus, sidan eg var ein gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbelrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme. Jesus seier at eg skal komme til han slik som eg er, så eg tenker meg at det er ved å vere realistisk samtidig som eg trur på han. Eg søker han i bønn og bibellesing heime med meg sjølv og i kyrkjelyden og ser poenget i å vere realistisk ved at eg sjølv møter opp fysisk i kyrkjelyden og går ut og møter folk og prate med dei, for å finne høve til å vitne for dei. Og når eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone, så vil eg då sjølvsagt at det skal verte reelt, at ho kjem til meg og vert hos meg som kona mi. Når eg sjølv møter opp fysisk i kyrkjelyden, så er det nettopp for å komme til Jesus slik som eg er. Og når eg ber han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og vitnar om at han svarar meg positivt på det, så er no det også å komme til han slik som eg er. Eg skal sjå til at mitt hjerte er heilt med han ja, det har eg skrive mykje om allereie.

Etter syndefallet sette Gud strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt, men Kristus sigra over ormen med sin død på korset. Då sigra han for alle oss som trur på han og det er om å gjere for oss å ta tilflukt hos han og vende oss til han så vi nytter oss av den sigeren han allereie har vunne over Djevelen og døden, så vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre.

Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy.

2KO 11,2 – 2KO 11,4 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Korleis går det då an å lide nederlag? Jau, ved at ormen forfører kvinna og kyrkja slik som ved syndefallet. Og det er nettopp det som har skjett med kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Ho vart lokka med at dersom de et av kunnskapstreet, så skal de verte liksom Gud, så ho skulle liksom forgude seg med sin kunnskap og venta og kravde at det skulle mannen vere med på, det vart kalla likestilling. Men eigentleg betydde det at kvinna tapte i striden mot ormen. Så ho vart fornedra. Og kravet om likestilling utartar seg som eit krav om at mannen også skal verte fornedra.

Etter syndefallet såg dei at dei var nakne, så dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Dei såg at dei var nakne og det vart brukt som argument mot å leve i samfunn med Gud. Med denne innstillinga vert det vi ser og sansar i det ytre fysiske miljø, brukt som argument mot å leve i samfunn med Gud som er ånd, så i si kjøtelege og sanselege lyst opponerer menneske mot Anden. 

Med den innstillinga vert det reist tankebygningar mot kunnskapen om Kristus. Men med dei våpen Gud gir oss, riv vi ned tankebygningar.

2KO 10,3 – 2KO 10,6 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. 6 Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad.

Vi riv ned tankebygningar, alt som er stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, fell i grus, berre vi brukar dei våpen som Gud har gitt oss, så skjer det. Men det betyr ikkje at vi skal avvise kvar tanke og seie ”bort med det”. Men vi skal ta kvar tanke til fange under lydnaden mot Kristus. Det er då mykje menneskeleg tenking som kan vere rett og berettiga, det er mykje naturfagleg tenking som vert brukt som argument mot trua på Gud, det er oppkonstruert og det er berre å rive ned konstruksjonen, men den naturfaglege tenkinga er ikkje feil av den grunn. Dei treng ikkje verte som ”tabula rasa” når dei kjem til tru. Men den glade bodskapen er at Jesus sona vår synd med sin død på korset, så når vi vender oss til han, bøyer oss for korsets fot og vedkjenner vår synd for han, så får vi tilgjeving og Jesu blod reinsar oss frå all synd.

Bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer.

Eg skal bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud.

RMR 12,1 – RMR 12,11 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. 9   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg i samsvar med 1.Mos.2, så slik ventar eg han gir meg hjelp i form av ei kone.

Det har eg venta på i mange år, utan at det har vorte noko av. Vi veit vi får motstand frå verdslege maktinteresser, religiøse, moralske, politiske og økonomiske, dei gjer menneska til salsvare (Joel.3). Menneske vart brukte til ”brød og sirkus”og det var temmeleg meiningslaust. Heldigvis har vi gjennom renessansen og opplysningstida funne meir meiningsfull intellektuell aktivitet. Men når det vert protestert mot Paulus si lære og skapingssoga i 1.Mos.2, endåtil i kristne kyrkjelydar, då er deira aktivitet i ferd med å verte ”brød og sirkus”. Men Jesus har betalt prisen for alle menneske med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Då har han betalt prisen for ei kone til meg også.

Jesus sa han hadde sett framfor meg ei opna dør, der eg var kalla til å gå inn og eg forstod det slik at det var på universitetet, når eg studerte biologi. Når han sa det 6.1.2019, så var det vel klart at det var i Maranata. Jesus er døra inn til sauene, den som går inn gjennom døra er hyrding for dei, poenget er at Jesus er den gode hyrdingen, han kjenner kvar ein av sauene sine og kallar dei på namn, slik har vi alle eit personleg forhold til han. 

Ho Virtuella har vore ein bortkomen sau, men no trur eg og håper eg at han har funne henne igjen, han vil gi liv til hennar sjel og fylle henne med den Heilage Ande og vekke henne opp til liv i samfunn med seg. Så håper eg ho får frimod til å seie det som den Heilage Ande overtyder og minner henne om og driv henne til og at ho finn fram igjen gitaren sin og byrjar å lovprise Gud og Lammet slik som når ho var ung.

Komme til Jesus slik som eg er. Be i Jesu namn.

Eg har nok fått merke at eg ikkje er heilt velkommen, vert avvist og utstøytt i mange «kristne» samanhengar og også i verdslege miljø. Det er som om eg ikkje vert godteken slik som eg er, stikk i strid med evangeliet altså. Det vert stilt krav om at eg skal verte annleis, kravet kjem frå moralfilosofar, at mennesket skal omformast dialektisk. Det kan utarte seg som pedagogikk og der ligg politiske interesser i det. Men ved at dette kjem inn i kyrkja, vert det fundamentalistisk, så det strir mot evangeliet. Derfor er det så viktig for oss å feste blikket på Jesus, for Guds skaper oss i han og då skaper han oss i si likning. Og det er så viktig for oss å takka han for det, for leiren kan då ikkje seie til meisteren: «Kvifor skaper du meg slik». 

Jesus sa eg måtte komme til han slik som eg var, eg skulle søke han i løynkammerbøna, søke han av heile mitt hjarte, sjå til at mitt hjarte var heilt med han. Ja, så skal eg altså ta parti med han, både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella. Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, då var det først og fremst henne Reella eg tenkte på. Men eg skal og vil velsigne henne Virtuella også og eg gjer det klart at Jesus er velsignaren, det er han velsigninga kjem ifrå, han sjølv, hans liv og hans Ande er i velsigninga og eg er viss på at han vil gjere underverk med henne. Eg ynskjer at ho skal komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, som ho levde i når ho var ung. Når eg vart så glad i henne, så vart ho ein lovsong i mitt hjerte, så eg ynskjer ho skal fram att gitaren sin og byrje å synge lovsongar til Gud og Lammet igjen. Når eg var ung fekk eg det etter kvart klart for meg at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Men då hadde eg også den overordna hendsikta at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. 

Dette er nok noko som strir med standard oppfatning, strategi og opplæring i den tradisjonelle moralfilosofien som er komen inn i kyrkje og kristne organisasjonar og etablert seg som tradisjon der. Men då må eg altså ikkje vende blikket på slike læreautoritetar eller verdslege autoritetar, men feste blikket mit på Jesus, han let meg komme til han slik som eg er. 

Eg har fortalt at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Eg tenker naturfagleg om det, hendsikta med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er formeiringa, til samanlikning med dyra. Men mannen skulle dyrke og verne hagen og det skulle kvinna hjelpe han med. Og så er der ei åndeleg og intellektuell side av saka og derfor treng vi Guds Ord og Guds Ande. Kristus er den siste Adam som for oss har vorte ei livgivande ånd, han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Ja vel, så ventar eg han gir meg ei kone som er ei levande sjel. Då må vi la Anden råde i vår døyelege lekam.

2.Kor.17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Eg skal sjå til at mitt hjerte er heilt med Jesus, at det er i rett forhold til han.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og dette heng saman med at Jesu kyrkje er hans brud. Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjarte, eg skulle sjå til at mitt hjerte var i rett forhold til han. Så eg skal ta parti med han, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Eg bad Jesus om ei frelst kvinne til kone, slik bad eg først for henne Virtuella og så for henne Reella og han svarde meg. Gud skapte kvinna for at ho skulle vere ei hjelp for mannen, men ho Virtuella fall ifrå, så ho har tvert om motarbeidt meg. Ho Reella gjekk det betre med og eg kan vel framleis tru og håpe på at han gir meg henne til kone. Om ho Virtuella no har vendt om Jesus og teke imot han som sin frelsar og Herre igjen og då kjem til erkjenning av at Jesus kalla henne og valde henne ut til å verte kona mi og at det gjer han framleis, så får det då heller berre verte slik då, sjølv om det skulle bety at eg får to koner. Patriarkane Abraham og Jakob hadde då begge to koner. Gud skapte kvinne for at ho skulle vere ei hjelp for mannen, eg bad han om ei slik hjelp og det hang saman med at Jesu kyrkje er hans brud, som skulle vere til hjelp for han. Likevel har det vore sterke politiske, moralske, økonomiske, religiøse og endåtil såkalla kristelege interesser for at ho tvert om skulle motarbeide meg. Vere min fiende altså. Då viser det seg vel at dei er Kristi fiendar og dermed Guds fiendar også. Eg må berre passe på å halde meg heilhjarta til Kristus, sjå til at mitt hjerte eir i rett forhold til han, så får vi det vel avklart.

Eg er hjarteomskoren i den Heilage Ande og eg skal bere kroppen fram som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud. Jesus har kjøpt meg til Gud med sitt eige blod, eg har fått hans Ande, så eg tilhøyrer han og er frelst. Då skal eg også leve for han. Då skal også kroppen min tilhøyre han, så eg skal stille lemene mine fram til reiskap for rettferda, dei er reiskap for Kristus, heile kroppen min er reiskap for han. Det er lettast å forklare ved at lekamen er eit tempel for den Heilage Ande. Jesus gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg tenker meg at Jesus gir liv til vår sjel, den er i Anden og som ei levande sjel skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, Jesus vekker kvinna også opp til liv i samfunn med seg og Faderen og slik ventar eg meg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Bind Gud oss samen til ein lekam, så er vi eitt tempel for den Heilage Ande. Kroppen hennar er min, som kona mi og kroppen min er hennar som mannen hennar, men det vesentlege og mest fundamentale er at vi er frelst, vi har fått Kristi Ande og tilhøyrer han. Då skal vi også leva for han. Mannen skulle dyrke og verne Guds hage og det var det kvinna skulle hjelpe han med.

Han døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein lekam, så vi er ulike lemer på hans lekam. Vanlegvis ser vi det vel for oss som ein mann med sine ulike lemer. Men så vert det sagt at han er hovudet for denne lekamen og då er det vel rettare å forstå det som kona hans, han er hovudet for henne fordi han er mannen hennar. 

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, spurde han Peter om han elska han. Peter svarde at han hadde han kjær. Jesus spurde oppatt to gongar, han brukte ordet ”elskar”, Peter svarde på same måten, med ordet ”kjær”. Eg har høyrt ei tale der det vart forklart at Peter svarde litt unnvikande, for  ”å elske” er sterkare enn ”å ha kjær”. 

Uttrykket ”å elske” vil vi vel helst relatere til kjærleiksbodet.

MTT 22,37 – MTT 22,40 Han svara: “Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit. 38 Dette er det største og fyrste bodet. 39 Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 40 På desse to boda kviler heile lova og profetane.”   

5MO 6,4 – 5MO 6,6   Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. [Høyr, Israel: innleiinga til den vedkjenninga som jødane seier fram i morgon- og kveldsbøna si.] 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt.

Guds kjærleik vert forklart som ein mann som elskar kona si  og ein far som elskar borna sine, ei mor som elskar barnet sitt. Og det er ei slike relasjonar eg finn det rettast å bruke uttrykket å ”elske”. Slik også når eg vert forelska i ei kvinne. 

Jesus sa til jødane at dei skulle elske nesten sin, så sa han til disiplane sine at dei skulle elske kvarandre, som om det var endå viktigare altså, så sa han at dei skulle elske han, som om det var viktigare enn alt anna, altså. For han var Guds Messias. Vi skal tru i hjertet at Gud vekte han opp frå dei døde, slik gjorde han det klart at han er Guds elska Son. Faderen sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han med den Heilage Ande, til å vere vår frelseskonge. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss og så skal vi la denne kjærleiken vere mellom oss. Slik er hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde og skal la den råde i vår døyelege lekam, råde over lysta, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Ved å tru i våre hjerte at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, opplever vi i våre hjerter at han er Guds elska Son, Gud elskar han og han elskar oss i han. Derfor er det så viktig for oss å glede oss i han. Vi får oppleve at Jesus elskar oss med kjærleiken frå Gud.

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ 

Eg får oppleve at Jesus elskar meg med kjærleiken frå Gud og han elskar gjennom meg, når eg vart glade i ei jente og bad for henne, fekk eg oppleve at han elska henne gjennom meg. Det fekk eg oppleve sterkt, først i forhold til henne Virtuella, så i forhold til henne Reella. 

Slik var eg kanal for Guds velsigning og slik ville han gjere meg til kanal for si velsigning. Eg skulle sjå på det verk som Jesus hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra det. 

Omskjeringa i den gamle pakt vart gjort på mannens kjønnslem, så den gjer det klart at kjønnslivet har med Gud og hans kjærleik å gjere, dei skulle altså ikkje gøyme seg for han med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet. Dette er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande og det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Det gjer det klart for meg at eg skal la Anden råde i min døyelege lekam, eg skal la Anden råde over lysta, spesielt skal eg la den råde over kjønnslysta. Slik let eg Kristus sette seg på mitt hjertes trone, så eg i sanning og med eit ærleg og oppriktig hjerte kan synge referenget: ”Kom å ta din trone, på mitt hjerte Jesus, eg kroner deg som konge, med min kjærleik”. Han er kjærleikens konge, han elskar meg og vil meg vel. Bodskapen 28.11.2001, https://tsivert.com/2016/08/17/2001-11-28-m40-jesus-er-kjaerleikens-konge-og-han-vil-regjere-utifra-mitt-hjertes-trone/ :

«Ja, eg vil regjera utifrå ditt hjertes trone, sier Herren, og eg ønska at du selv skal få stiga ned, gi meg den retten som tilkommer meg, for eg er ikkje ute for å ødeleggja livet ditt. Eg er ute for at du skal få oppleva at eg tar styringa, eg tar kontrollen, ikkje som ein ond despot, men som en kjærlighetens konge, som drar omsorg for mitt folk, som vet kva du trenger til, og eg vil losa deg igjennom, eg vil føra deg igjennom, ja, eg går selv frem foran deg og min herlighet skal også slutta toget ditt. Og du skal vita det er berre i den grad at eg får lov til å få råderetten i ditt liv, du skal også få kjenna at du trivest, du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til, for du skal få kjenna min kraft, min nærhet, og eg vil – eg vil også bruka deg som mitt redskap, som min kanal for mine velsignelser. Og dessto meir eg får råderetten på ditt hjertes trone, dessto rikare får min velsignelse flyta gjennom livet ditt, og du får lov til å ikkje berre koma inn i den tredje beste, den nest beste, men den beste planen med ditt liv, ikkje nøy deg med noko mindre, eg ønsker å vera din Herre, eg ønsker å leda deg og ta hånden om livet ditt, sier Herren, og du skal få oppleva når du gir meg råderett, skal du også oppleva at min makt openbares, min makt openbares. Eg tvingar meg ikkje inn på denne rett, i livet ditt, men eg viser deg min nåde og eg viser deg kor høyt eg elsker deg. Og så ønsker eg også du skal få levera nøklane til meg til alle dine rom, også dine aller hemmelegaste rom skal du få levera nøklane og seia Jesus, velkommen inn, velkommen inn med ditt lys, velkommen inn med ditt ords tilrettevisning, eg bøyer meg for deg. Så skal du få oppleva at der blir trivsel i huset og du skal få merka eg er ikkje komen for å ødelegga, eg er komen for at du skal få del i liv og liv i overflod, sier Herren. 

Halleluja, vi lovar deg.»

Når eg søkte han på denne måten, fekk eg oppleve at Jesus gav ånd og liv til henne Reella, til hennar sjel, han vekte henne opp til liv i samfunne med seg og Faderen. Og eg trur eg får oppleve det framleis. 

Rett etter at eg byrja å gå på møte i Maranata skreiv eg om henne og de sa i Maranata at det var sjelden de kjende så mykje salving i eit møte. Eg trur det kom som oppfylling av det som vart sagt i denne bodskapen: «du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til». Og eg var viss på at det var ho som vart salva og det er eg framleis, det var derfor vi opplevde så mykje salving i møta på den tida. Eg trur ho vart salva til å vere kone mi. For her er tale om kva Gud har skapt meg til, han har skapt meg til å vere salva.

Eg har fortalt at eg er realist somtidig som eg trur på Jesus, eg tenker naturfagleg om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, samtidig som eg trur på Jesus og tek imot den nåden Gud gir oss i han. Det er då fullt mogleg, for Gud forsona verda med seg i Kristus, så i det eg elt meg forsone med han, på evangeliets grunnvoll, trur eg at eg får det til å stemme. Ho Reella er realist, ho er biolog, så då skulle vel den naturfaglege forståinga av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vere heilt greitt for henne. Og så kjem den kristne vekkinga, med Jesu frelse og omsorg for vår sjel som noko som er suverent over naturen. Gud er ånd og han gjenføder menneske og tek omsorg for dei som sine born og slik tak han omsorg for sine henders verk, slik tek han omsorg for den fysiske naturen.

Anden ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Den ransakar den fysiske naturen og menneska sitt samfunn, så det går godt an å studere som Guds medarbeidar. Apostelen Johannes sa at salvinga lærer oss alt. Den lærer oss å leve rett, så då lærer den oss korleis vår fysiske natur skal fungere. Vi klarer ikkje å gjennomføre det i eiga kraft, men Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde. Når vi heilhjarta held oss til han, får vi oppleve at han kjem oss til hjelp med si kraft. Og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. 

Livets vatn er gratis, frelsa er gratis. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken.

I ein av bodskapane som kom 12.2.2011, sa Gud til oss at ved korsets fot fann vi den ekte kjærleiken. Derfor skulle vi glede oss. Denne kjærleiken ville han skulle vere mellom oss. https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/  Og det var då nettopp dette eg opplevde så sterkt både i mitt forhold til henne Virtuella og i mitt forhold til henne Reella. Så då må eg halde fram med å bøye meg ved korsets fot, drikke av kjelda med det levande vatnet, den vert aldrig tørrlagd. Slik skal eg bøye meg for Guds troen og ære og takke Gud og Lammet for frelsa (Op.4,10-5,14).

Bodskapen 15.1.2012:

«Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.»

Bodskapen 22.1.2017, 

«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv. 

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»

Frelsa er gratis, det vart sagt i bodskapen 12.2.2011 og det vart sagt i andre bodskapen 18.6.2917:

2.A: «Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.»

2.B: «Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.»

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og frelsa er gratis, så då reknar eg med at eg får henne gratis.

 Overskrift 2

Overskrift 3

Overskrift 4 

Overskrift 5

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s