About

Guds rike, Israel og heidningane.

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Åndeleg og materiell velsigning. 

Ta imot Guds rike som eit lite barn.

Gud sa til Moses at dei skulle kalle han ”Eg Er”, for han er den han er.

2MO 3,13 – 2MO 3,15 Då sa Moses til Gud: “Men når eg no kjem til israelittane og seier at deira fedrars Gud har sendt meg, og dei spør etter namnet hans, kva skal eg då svara?” 14 Då sa Gud til Moses: “Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. Eg Er har sendt meg til dykk.” [Eg Er: Såleis vert det tolka, det hebr. gudsnamnet Jahve, som er ei avleiing av eit hebr. ord for å vera. Til vanleg vert det omsett med Herren.] 15 Så sa Gud til Moses: “Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.

”Eg er den eg er” er ein tautologi. Det er mange som meiner at slike tautologiar er uinteressante, for dei seier ikkje noko om den fysiske verda og får ikkje konsekvensar for den. Det handlar om teori og tanke, den fysiske verda er laga masse, men Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Han har skapt alle ting ved sitt Ord, vi kan kalle det teori, tanke, lov men Gud står bak sitt Ord og held alt oppe med sitt Ord.

Han sa til jødane at han bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

JES 57,15 – JES 57,16   Så seier han som er høgt opphøgd,  han som tronar evig og heiter Den Heilage:  I det høge og heilage bur eg  og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.  Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde  og hjarta til liv hjå dei knuste. 16   For eg vil ikkje evig føra klagemål  og ikkje alltid vera harm.  Elles kom deira ånd  til å missa si kraft for mitt åsyn,  deira livsande som eg har skapt.

Så sende han Son sin til vår jord og alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born.

JOH 1,1 – JOH 1,18 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6   Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]

MTT 19,13 – MTT 19,15 {JESUS OG BORNA}  Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: “Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.” 15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 14,15 – JOH 14,26 {LOVNAD OM DEN HEILAGE ANDE}  Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

LUK 17,20 – LUK 17,24 {NÅR GUDS RIKE KJEM}  Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. 21 Ingen kan seia: “Sjå her er det,” eller: “Der er det.” For Guds rike er midt imellom dykk.  [Siste delen av verset kan omsetjast: For Guds rike er inne i dykk.] 22   Til læresveinane sa han: Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det. 23 Folk skal seia til dykk: “Sjå der,” eller “Sjå her er han.” Gå ikkje dit og fylg ikkje etter! 24 For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag.

Når vi tek imot Guds rike som som å born, blir vi kompetente til å delta i Jesu kyrkjelyd.

1KO 12,12 – 1KO 12,13   For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka.

Då har vi kvar våre kompetanseområde liksom lemer på ein lekman har ulike oppgåve. Men saman fungerer vi som ein lekam, det er Kristus sjølv som syter for, som hovudet for lekamen og det er om å gjere for kvar einskild av oss å vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Trua på Jesus og freden og kvila han gjev oss overgår vår forstand, vi er trygge i trua på at Jesus elskar si kyrkje som si brud, at Faderen elskar oss i Kristus og har omsorg for oss som sine born.  Då er vi kompetente til å delta i samfunnet elles også.

Vi har teke imot denne glade bodskapen og vi har den med oss når vi går ut i verda og skal dele den med andre, vi har teke imot Guds rike, vi har det med oss og vi kan fortelje andre at dei også får komme inn i det ved den nåden Gud har gjeve oss i Kristus. Både dei og vi får streve for å skape oss materielle verdiar, men vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.

Sanninga set oss fri. Den er ein person som løyser våre problem.

Frå eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og eg har fått oppleve at han har vore med meg, slik som han lova disiplane sine. Dette er ikkje berre eit formular, slik som lova, moralfilosofi, politisk filosofi, politisk program, det er ikkje ei utsegn eller ein teori som liksom skal løyse alle våre problem.  Men det er ein person. Og eg får gå til han med kva som helst slags problem som eg støyter på. Dersom eg berre hadde formular, utsegner og teoriar å halde meg til og rette meg etter, så ville eg vere meir usjølvstendig, det ville ikkje vere godt nok, det ville ikkje halde, for det ville ikkje gje svar på alle dei problema eg støytte på. Men mi tru på Jesus gjer meg meir sjølvstandig og betre i stand til å takle alle problema eg støyter på, for han er ein person som er med meg og eg kan gå til han med alle problem som støyter på meg.

Men eg har nok fått merke at desse såkalla kristne er så ivrige etter å hevde at dei med sine formular løyser alle problem, i staden for å vende seg til Jesus, det er fordi dei har vorte dåra og førførde slik som ved syndefallet, så dei med den kunnskapen dei fekk av kunnskapstreet prøver å forgude seg sjølve. Slik forfølgjer dei meg og gjer problema verre og lagar kunstige problem for meg, som om eg ikkje hadde nok å streve med. Men evangeliet om han er ein frigjerande bodskap og han sende meg med den frigjerande bodskapen. Han kalla meg til å studere realfag og han sa til meg at eg skulle seie til dei at kristendomen ikkje er ein religion som vert lesst på folket som tunge bører. Men det er ein frigjerande bodskap. Den frigjer meg frå dei byrdene religionen, moralfilosfane og dei politiske filosofane vil lesse på meg. eg vert fri til å vere oppteken av noko ann som er meir verdifullt, som til dømes å studere realfag. Det er ved at eg vender meg til Kristus og søker først Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre etterpå.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar eg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

Jesus sa til jødane at dersom dei vert verande i hans ord, så skulle dei få lære å kjenne sanninga og den skulle sette dei fri.

JOH 8,31 – JOH 8,32 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.”

JOH 16,4 – JOH 16,15 Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.   {TALSMANNEN}  Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: “Kvar går du av?” 6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd. 12   Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

HEB 4,14 – HEB 4,16 {PRØVD I ALT}  Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

RMR 8,18 – RMR 8,39 {VONA OM HERLEGDOM}  Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.] 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. 28   Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

EFE 4,1 – EFE 4,16 {EINSKAPEN I KYRKJA}  Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle. 7   Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:  Han steig opp i det høge og førte bort fangar;  han gav menneska gåver. 9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad. 14   Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Som Guds born arvar vi saman med Kristus, slik får vi del i den arven og dei lovnadane som var gitt til jødane.

Vi har vorte som den heimeverande sonen, vi er arvingar, vi skal arve saman med Kristus, så sant vi lid med han. Som arvingar har vi del i lovnadane som vart gjevne til jødane.

RMR 9,1 – RMR 9,5 {GUDS GÅVER TIL ISRAEL}  Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande. 2 Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt. 3 For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn. 4 Dei er då israelittar; dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadene; 5 deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske, han som er Gud over alle ting, høglova i all æve. Amen.

RMR 9,30 – RMR 9,33 {ISRAEL OG EVANGELIET}  Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje streva etter rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru. 31 Israel derimot tøygde seg etter lova med hennar rettferd, men dei nådde ikkje opp til lova. 32 Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen, 33 som det står skrive:  Sjå, eg legg på Sion ein støytestein  og eit berg til fall.  Men den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar.

RMR 10,1   Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste.

RMR 11,15 – RMR 11,36 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva må det ikkje så føra til at dei vert godtekne? Jau, liv av døde! 16 Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. 17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. 18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19 No vil du kanskje seia: “Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.” 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller. 22   Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen. 23 Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att. 24 Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:  Frå Sion skal bergingsmannen koma,  han skal rydja gudløysa bort frå Jakob, 27   og dette er den pakt eg vil gjera med dei  når eg tek bort syndene deira. 28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle. 33   Å, for eit djup av rikdom  og visdom og skjøn hjå Gud!  Kor uransakelege hans domar er,  og kor ufattelege hans vegar! 34   Kven kjende Herrens tankar,  eller kven var rådgjevaren hans? 35   Kven gav han noko fyrst,  så han skulle få vederlag? 36   Av han og ved han og til han er alle ting.  Han skal ha ære i all æve! Amen.

Den sentrale lovnaden er at ved trua på Guds Ord får vi komme inn til Guds kvile, den lovnaden får vi oppfyllt ved tru på Jesus (Heb.3-4). Vårt forhold til Gud vert gjenoppretta ved trua på Jesus, no er han den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Vi får ei tosidig tolking av 1.Mos.2, der er ei åndeleg side av saka og ei fysisk side av saka. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så den åndelege sida av saka kjem fyrst, så skal vi få alt det andre i tillegg til det, slik kjem den fysiske sida av saka etterpå. Vårt hjerte er som jord og Guds Ord er som såkorn som vert sått i jorda. Vi er Guds åkerland, Guds tenarar plantar og vatnar og Gud gjev vekst. Det er den åndelege sida av saka og den har fyrste prioritet. Men der er også ei fysisk side av saka, som kjem som andre prioritet, for gudlegdom skulle føre til at den fysiske jorda vart vatna og dyrka slik at den gav verdifull grøde.

Ei slik dobbel-tolking finn vi igjen i Hoseas.2.

Gud tek Israel til nåde att:

14 Difor vil eg lokka henne, føra henne ut i ørkenen og tala til hjartet hennar. 15 Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.

16 Og den dagen, seier Herren, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal». 17 Eg vil fjerna Baal-namna frå munnen hennar, dei skal ikkje nemnast med namn meir.

18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med villdyra på marka, fuglane under himmelen og krypet på jorda. Boge, sverd og krigsvåpen vil eg bryta sund og utrydda frå landet, og eg vil la dei bu trygt.

19 Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn. 20 Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.

21 Den dagen vil eg svara, seier Herren, eg vil svara himmelen, og han skal svara jorda. 22 Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.

23 Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

Kornet er symbol på Guds Ord og på dei som tek imot det i tru, for ordet skal ved trua smelte saman med oss. Det ser vi også i likninga om såmannen, Matt.13:

Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nede ved sjøen.  2 Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat der, medan alt folket stod på stranda.  3 Så tala han til dei i mange likningar og sa:

«Ein såmann gjekk ut for å så.  4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.  5 Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.  6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.  7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.  8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.  9 Den som har øyre, høyr!»

Kvifor Jesus talar i likningar

10 Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?» 11 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre. 12 For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har. 13 Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje. 14 På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja:

De skal høyra og høyra, men ikkje forstå,

sjå og sjå, men ikkje skilja!

15  For hjartet til dette folket har vorte feitt;

tungt høyrer dei med øyra,

og auga har dei late att,

så dei ikkje kan sjå med auga

eller høyra med øyra

eller skjøna med hjartet

og venda om,

så eg får lækja dei.

16 Men sæle er auga dykkar, for dei ser, og øyra dykkar, for dei høyrer. 17 Sanneleg, eg seier dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.

Jesus forklarar likninga om såmannen

18 Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: 19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen. 20 Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. 21 Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå. 22 Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde. 23 Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»

Vinen er symbol på kjærleiken frå Gud, som skal vere mellom oss (Høgsangen, nattverdsvinen) og oljen er symbol for den Heilage Ande.

Sanning, fridom og rett.

Gud sa til Moses at dei skulle kalle han “Eg er”, fordi han er den han er. Dette er ein tautologi og mange meinar at slike tautologiar er uinteressante, fordi dei ikkje seier noko om den fysiske verda og får ikkje konsekvensar for den. Den fysiske verda er laga av masse, men Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Han sa til jødane at han budde i det høge og heilage og hos den som er bråten og nedbøygd i ånda. Vi må ta imot Guds rike som eit lite barn, Jesus er vegen til Faderen, sanninga som set oss fri, han er livet og gjev oss ånd og liv og vekker oss opp til liv med seg.

Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, så skulle vi lære å kjenne sanninga og sanninga skulle sette oss fri. Det var den glade og frigjerande bodskapen som disiplane hans tok imot og som dei skulle dele med andre.

JOH 8,31 – JOH 8,32 {ABRAHAMS ÆTT} Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.”

Vi får den Heilage Ande av berre nåde og den fører oss fram til heile Sanninga.

JOH 1,17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

JOH 16,13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.

Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss så vi erkjenner at Jesus er Guds Ord, han er Sanninga som set oss fri. Det er eit under som vi får oppleve i våre liv og det er ein læringsprosess. Vi er frelst, så vi tilhøyrer han, då skal vi også leve for han og lyde han. Det kallar vi fridom. Korleis då? Vi skal lyde han ganske enklet ved at vi trur på han og elskar han, slik lærer vi av han å elske kvarandre slik som han elska oss.

Det var denne glade og frigjerande bodskapen disiplane hans tok i mot og som dei skulle gå ut i verda med. Dersom vi då vert stilt overfor ein amerikansk domstol og skal svare for vår tru, kva er den kristendomen du trur på, kva er den for deg? Lov at du seier sanninga og ikkje noko anna enn sanninga. Då må vi seie at det er Kristus, for han stod oppatt frå dei døde, han lever og han er med oss. Så får dei einskilde vitne om korleis den Heilage Ande openberrar Ordet for dei, openberrar Kristus dei.

Dersom vi då vert stilt overfor ein amerikansk domstol og skal svare for vår tru, kva er den kristendomen du trur på, kva er den for deg? Lov at du seier sanninga og ikkje noko anna enn sanninga. Då må vi seie at det er Kristus, for han stod oppatt frå dei døde, han lever og han er med oss. Så får dei einskilde vitne om korleis den Heilage Ande openberrar Ordet for dei, openberrar Kristus dei.

Samfunnet, prestar og politikarar har si lov, sin moral og sin politiske filosofi, men når det kjem til denne saka, viser det seg at visse prestar, predikantar og andre lærde har eit alternativ som dei kallar frigjering på sin måte og det er at utanom denne lov, moral og politiske filosofi, så du er fri til å seie nett kva du vil, dersom du berre ikkje seier sanninga. Du er fri til å leve nett slik som du vil, dersom du berre ikkje lyder sanninga. Dersom dette skal halde for ein domstol, så må den seie det same. Dersom domstolen skal krevje det, så vil det lyde slik:” Lov at du seier kva som helst, berre ikkje sanninga.

https://bluehost944.com/2017/02/18/sataniske-vers/

Men Jesus fekk retten, fordi han gjekk til Faderen, og vi ikkje ser han lenger (Joh.16,10).