Gud har skapt oss i Kristus og han reiser opp si kyrkje, for å bruke oss i denne siste tida.

Bilete: Jesus, den gode hyrdingen, Joh.10.

Innleiing.

I Hellas for omlag 3000 år sidan oppstod den tanken at naturen er forståeleg og slik byrja naturfilosofien, dette som motsetnad til trua på gudane som regjerte i kvar sine område i tilværet. Men dette høvde betre med trua på Israels Gud som har skapt alle ting ved sitt Ord.

Heb.11. Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.  2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål.  I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Naturfilosofane vart ikkje samde og så tok moralfilosofane over. Men i den nye naturvitskapen vart empiriske metoder utvikla til å avgjere kva som var rett, matematikken var i bruk heile tida og vidareutvikla. Og i følgje fysikken og astronomien med “Big-Bang-teorien” har det synlege vorte til av det usynlege, slik sett har utviklinga av den nye naturvitskapen gjort det lettare å tru at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord.

Men Bibelen seier også at Gud gjer under og det har det til gjengjeld vorte vanskelegare å tru. Kvifor skulle han gjere under? For å straffe menneske som avviser Kristus eller for å lønne dei som tek imot han. Dei som tek imot han kjem inn i eit personleg forhold til han der dei får oppleve hans kjærleik og omsorg og slik får dei oppleve at han gjer under i deira liv.

Kristus sa at dersom vi vert verande i hans ord, skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Den sanninga er rasjonaliteten i Guds Ord og den er rasjonaliteten til Jesu kyrkje. Likevel er det tydelegvis mange som opponerer mot den sanninga og vil frigjere seg frå den. Så vil dei opponere mot rasjonaliteten i realfaga også. Men då viser det seg at dei får problem med empirien også, det dei ser, høyrer og sansar. Spesielt når dei møter andre menneske. Og kvifor det? Fordi dei har problem med seg sjølve, sin eigen sjølvforståing, korleis vere menneske?

Men når vi audmjukar oss for Gud og tek imot den nåden han gir oss i Kristus, bøyer oss for korsets fot og vedkjenner vår synd for han, så tilgjev han oss syndene og Jesu blod reinsar oss frå all synd. Ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde. Vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande, så vår sjel er i Anden, vi er i Kristus og då er vi nye skapningar. Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige for oss, så vi skal vandre i dei. Så det er nok til at vi skal kunne påstå at Gud har skapt oss, det var dette som skulle til. For Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og han gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og det er samanfallande med at han gir oss den rette åndelege og rasjonalistiske innsikta. Rasjonalitet er forstand, men dette overgår vår forstand. Jesus lever, han gir oss ånd og liv frå himmelen og er trua sin opphavmann og fullendar, Anden openberrar Ordet for oss og leier oss fram til heile Sanninga, som er Kristus. Dette overgår vår forstand, men det er fruktbart for vår forstand.

Då er det viktig for meg og for oss å vende hugen opp til han og sjå på han og ære og takke han for frelsa. Både for vår eigen del, å ha den rette sjølvforståinga, og for å dele dette med andre. Han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, då må eg feste blikket mitt på han, for det er då han velsigninga kjem ifrå.

Han har skapt meg, for å bruke meg i denne siste tida. Og eg er naturvitar og realist som trur på han. Og han vil reise opp si kyrkje i denne siste tida. Frå våre liv skal det som skrifta seier strøyme elvar av levande vatn.

Andre dokument om same tema:

https://bluehost944.com/2016/07/30/korleis-vere-liberal-og-sosial/

https://bluehost944.com/2017/10/31/prest-psykolog-eller-lystlognar/

https://bluehost944.com/2017/11/19/diagnose-sjel-behandling-svik-baktale-lygn-indoktrinering-propaganda-korrupsjon-og-slavehandel/

Her er eit dokument som viser kor viktig dette er i denne verda i denne tida, og viktig blir det i den tida vi har fram føre oss. Dette er stordomstida til Jesu kyrkje:

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-06-13-m-no-er-stordomstida-til-jesu-kyrkje/

Gjenføding og vekking.

Fødd av Guds Ande.

I Salme.45 er det tale om ei ung jente som er med i ein høgtideleg fest i kongsgarden. Dersom ho vil gløyme sitt folk og sin fars ætt, så vil kongen glede seg over hennar venleik. Her er det let tå tenke seg at det gjeld Israels konge og at ho er heidning. Rett nok kjem her heidningar også, men det er profeti om kong Jesus som har sett seg på Guds kongsstol.

SLM 45,1 – SLM 45,18 Til korleiaren. Etter “Liljene”. Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik. 2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord, eg vil kveda min song for kongen. Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel. 3 Du er den fagraste av menneske, milde ord har du på lippa. Difor har Gud velsigna deg for alltid. 4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe, i di høgd og din herlegdom! 5 Ha lukka med deg! Dra ut til strid for sanning, mildskap og rett! Di høgre hand skal visa deg skræmande storverk. 6 Dine piler er kvasse – folk stuper for deg; dei råkar kongens fiendar i hjarta. 7 Din kongsstol, Gud, står til evig tid, rettferds stav er din kongsstav. 8 Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine frendar. 9 Av myrra, aloë og kassia angar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespel frå elfenbeinsprydde haller. 10 Mellom dine edle damer er det kongsdøtrer, og ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull. 11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til! Gløym ditt folk og di farsætt, 12 så vil kongen gleda seg over din venleik! For han er din herre, han skal du hylla. 13 Frå Tyrus kjem dei med gåver, dei rike i folket søkjer din velvilje. 14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn, hennar kjole er gjennomvoven med gull. 15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen. Etter henne fylgjer unge jenter, hennar veninner, som vert førte fram for deg. 16 Medan folket ropar av fryd og glede, går dei inn i kongens slott. 17 Dine søner skal koma i staden for fedrane; set dei til hovdingar kringom i landet! 18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn; difor skal folka lova deg evig og alltid.

Dette er ein profeti om gjenfødinga.

JOH 1,12 – JOH 1,14 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

JOH 3,5 – JOH 3,8 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.”

Paulus lærer oss at ved trua på Kristus vert vi hjerteomskorne i den Heilage Ande, slik legg vi av den gamle vonde naturen og får ein ny natur. For ved trua får vi Kristi Ande, er den i oss og vi i den, så er vi ikkje lengre i den gamle vonde naturen men i den nye. Gud skaper oss i Kristus, i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

RMR 2,28 – RMR 2,29 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Der er ingen merkbar skilnad på kroppen, i det ytre, men endringa er i det indre mennesket, for kroppen har vorte eit tempel for den Heilag Ande. Eg tenkjer meg at no er sjela i Anden og Anden er i kroppen.

Lev i tru, få openberring.

Vi lever ikkje i syn, men i tru.

2KO 4,16 – 2KO 4,18 Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag. 17 Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større. 18 Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.

2KO 5,1 – 2KO 5,10 For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. 2 Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen. 3 For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne. 4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet. 5 Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. 6 Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren. 7 For vi ferdast i tru, ikkje i syn. 8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren. 9 Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad. 10 For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.

Men då skal vi også få openberring ved Guds Ande og det har å gjere med at Gud skaper oss i si likning. Det er noko som vi subjektivt innstiller oss på, men det er ikkje det same som å drøyme og fantasere, for vi klarer ikkje å tenke oss til det sjølve, vi er avhengig av at Gud kjem oss i møte og gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.

MTT 11,25 – MTT 11,30 På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

JOH 14,9 – JOH 14,31 Jesus svarar: “No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det. 15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara: “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk. 27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg. 29 No har eg sagt dykk det før det hender, så de skal tru når det hender. 30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg; 31 men verda skal skjøna at eg elskar Faderen, og at eg gjer som han har sagt meg. Reis dykk, og lat oss gå herifrå!

Lev i fridomens fullkomne lov. Sion Åheim 5.11.2017.

Tyding av tungetale ved Arnstein.

Du har kjent fordømminga i ditt liv og følt at du ikkje greier dei krava som du meiner skal vere å vere ein kristen. Men du skal vite det at dei krav, som var til deg, det er oppgjort, det er betalt, det er ferdig. Du skal vite at du kan ikkje legge noko til, for det er fullt oppgjort for deg. Og du kan få glede og fryde deg i mitt Ord, glede og fryde deg i frelsa, glede og fryde deg i fridomen i mitt namn. Så gå inn i Ordet mitt og sjå der er inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. For livets ånds lov har i Kristus Jesus frigjort deg ifrå synda og dødens lov. Derfor er du fri i kraft av Golgata kors. Les det, ta imot det, tru det. Du skal få kjenne fridomen i meg, seier Herren. (Fatt)? nytt (i)? håp.

Mitt Ord, det er lys og det er lykt for foten. Og du trenge mitt Ord for å kunne gå på vegen og oppleve glede i meg, seier Herren. Derfor må du innta Ordet, du må ikkje la boka bli liggande lukka, men må innta Ordet. Opne boka, opne Bibelen din og lese Ordet og la Ordet få lov til å virke i ditt liv. Då skal du få kjenne og oppleve at Ordet gjer deg fri, du skal få kjenne at skriftene vert opna for deg, seier Herren. Så lever du i fridomens fullkomne lov. Og du kjenner det at det er ikkje du som ber Kristus, men Kristus som ber deg. Og kjenne at du har glede og fred i den Heilage Ande. Så ver frimodig, mitt barn, du er elska av Gud. Og du skal få kjenne og oppleve det at eg skal gå med deg. Eg er med deg alle dagar, når du lever i min nærleik, lever i Ordet. Amen.

Aktuelle bibelvers.

RMR 8,1 – RMR 8,2 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.

JAK 1,25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

JAK 2,12 – JAK 2,13 De skal dømast etter fridoms lov, og i samsvar med det må de leva, i ord og i gjerning. 13 For domen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn rosar seg mot domen.

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

1KO 13,9 – 1KO 13,13 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

FIL 3,1 – FIL 3,16 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. 4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. 5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, 6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. 7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde. 12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Som eg har skrive om tidlegare, svarar dette fullkomne til Descarts rasjonalitet.

Kommentar.

Den Duglause Hyrdingen.

Det er litt forunderleg, at Gud sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, men så minna han meg mange gangar om at han set meg fri og det gjer han no igjen. Det viser at responsen på det har vore å prøve å gjere meg også til træl, å prøve å fange meg inn under trældomen åk. Forklaringa er at den Duglause Hyrdingen gjæter slaktesauene for sauehandlarane og sel dei tilbake til trældomen og døden. Og det er religionen til den Store Skjøkje.

Eg har bedt for både henne Virtuella og henne Reella og Gud har svart meg og det har først og fremst å gjere med at han frelser dei, eg kan vere viss på at det vil han. Samtidig handlar dette om at eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone, men det har det enno ikkje vorte noko av. Den saka har fått motstand ved at ho Virtuella og kvinnerørsla har protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Ho let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Det er det tydelegvis denne såkalla likestillingspolitikken går ut på. Slik gjer ho og dei krav på mannen også, som motsetnad til frelsa i Kristus.

Men ho kunne ikkje gjere krav på meg slik sett og ho valde då ein annan og har vore gift i mange år. Så det verkar no temmeleg rart om ho framleis skulle prøve å gjere krav på meg på den måten. Det verkar då eigentleg som eit forbod mot at eg skulle få meg ei anna kvinne til kone i staden. Så slik har det i praksis verka som eit forbod mot at ein kristen mann skal få seg ei kone, eit krav om at dersom han vil ha seg ei kone, må han be til ein annan gud.

Guds Ord er ei lykte for min fort og eit lys på min sti.

At eg skulle få kona til ein annan mann til kone, stemmer heller ikkje med Guds Ord. Hans Ord er lykte for min fot og lys på min sti, så då vil han vel leie meg slik at eg finn meg ei anna. Men så sa han også til oss at han er komen nær, derfor treng vi ikkje flyge ikring. Ja, når eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone og han svarar meg, så har han ein plan og ein vilje med det og kyrkjelydsoppbygging er vesentleg og sentralt i den planen.

Hans Ord er lykte for min fot og lys for min stig, han vil gå med meg. Så eg har tenkt meg tilbake til Blindern og studere meir biologi og då har eg tenkt å vitne om den åndelege openberringa, der Jesus openberra seg for meg og henne Reell. Han har ein plan med det, i salle fall hennar frelse og det vil eg framleis glede meg over. Ja, då vil eg med glede vitne om det. Det har å gjere med at Jesus går føre meg og banar vegen for meg. Ho studerte biologi og sannsynleg vis er ho gift for lenge sidan. Men eg ventar meg at Jesus uansett vil gi meg ei biologidame til kone.

For Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Derfor er naturen forståeleg. Dersom vi let oss forsone på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve hans makt over naturen, vi får det til å stemme, for han har skapt naturen med sitt Ord, så det stemmer overeins med naturfaga, også biologien.

Kanal for Guds velsigning, lova åt livsens Ande.

Men Gud ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og det har han gjort noko meir med no når eg har vore i Oslo. Som Guds medarbeidar har eg kanalisert velsigninga også til henne, men det vesentlege er at Gud har gjort sitt verk med meg og med oss og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg trur han har kalla på henne, men ho har ikkje vore lydig mot kallet. Då får ikkje han gjort noko meir i hennar liv. Og ingen er større enn Herren sin, får ikkje han gjort noko meir, så får i alle fall ikkje eg gjort noko meir. Så kva skjer og kva måte skjer det på? Guds Ord gir oss ei heilskapleg beskriving av røyndomen når Paulus forklarar for oss motsetnaden mellom kjøtets lyst og Anden. Sidan ho ikkje har lydt han og teke imot kallet og følgt det, så er det fordi kjøtets lyst opponerer mot Anden og hennar interesse for meg er at det skal eg vere med på. Det vil eg ikkje vere med på, korleis kan eg unngå å vere med på det? Det rette svaret for meg då, er å vere krossfesta med Kristus. Det har vorte prøvt på å gjere meg til træl, men når Jesus døde for meg på korset, kjøpte han meg fri frå trældomen. Han sigar over Djevelen og då sigra han for meg.

Men eg må sjå på Jesus, feste blikket mitt på han, han er velsignaren, han er den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd.

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

2KO 11,2 – 2KO 11,6 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. 5 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse overapostlane. 6 Om eg er ulærd i talekunst, er eg det ikkje i kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.

Han gir liv til vår sjel og ånd i vår lekam. Og dette har noko å gjere med fridomens fullkomne lov. Det er noko som vi ikkje sansar med vårt ytre menneske, men vi opplever det i vårt indre menneske.

Gud elskar oss i Kristus og det er som eit frieri. Det gjeld henne også. Så spørst det om ho vil seie ja til hans frieri, bodskapen 10.9.2017:

Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. 

Eg har teke bustad i ditt hjerte og eg snur meg aldri ifrå deg. Det er du som må ta det val om du vil bli hos meg. For eg blir hos deg til evig tid, men det er du som må velje om du vil fortsette å leve med meg. For eg som er Herren din Gud, er med deg alle dagar. For om du vel å ta meg bort ifrå ditt liv, så er det ditt eige ansvar, fordi eg kan ikkje gjere noko før du har sagt: Her er eg Herre, kom og ta meg igjen, for eg, eg vil ta bustad i ditt hjerte, men eg kan ikkje gjere det, før du gjer det mogleg sjølv”.

Frelste frå vreiden.

Dersom ho avviser han og seier nei til hans frieri, kva vert ho då ansvarleg for? Vel, han har kalla henne til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, som hans brud. Og det er som å vende heim ifrå Babylonia.

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/

Og det samsvarar med profetien i

ÅPE 18,4 – ÅPE 18,5 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.

Vi vert frelste ved Jesu liv, så ved å ta imot den Anden og det livet han gir oss, har vi eit godt håp om å verte frelste frå vreiden.

RMR 5,6 – RMR 5,11 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

HEB 9,28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Skaping og vekking.

Ny skapning.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Så eg tenker meg at lova åt livsens ande var den lova dei skulle leve etter i Edens hage. Men går det an å formulere den? Eg tenker meg at det er å tru på Kristus, vende seg til han og ta imot det livet og den Anden han gir oss og la det livet leve i oss og la den Anden verke i oss og drive oss. Sjå på han og ære og takke han for det, ære og takke han som vår frelsar og Herre.

Då får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han skaper oss i Kristus.

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

GLT 6,15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Bodskapen 17.9.2017:

Du skal ikkje undre deg når du ser deg omkring, om alt det som skjer i denne verda, for her er det eg, Herren, som har talt at det må skje. Men midt opp i denne tid, så vil eg reise opp mi kyrkje, som står på mitt Ord, søker meg gjennom mitt Ord. Ja, eg ynskjer du (inntil?) skal få sjå meir av min herlegdom, så skal du oppleve beskjed ifrå meg, Herren, og eg skal seie her tett ved meg, på klippen, her er ein stad, still deg der, stå der. Så vil eg, Herren, eg vil velsigne deg, og du skal få kjenne, at eg Herren som har skapt deg, eg er Herren som har forma deg, for at eg skal bruke deg no, i denne avslutningstid. 

 For eg kallar deg ved namn og de er mine. Du skal ikkje lenger sjå deg engsteleg om, for det er eg, Herren, som har teke hand om deg. Og inntil i dag, så har eg bevara deg  med mi allmakts hand. Og du skal stole på og vite, at eg, Herren, slepp deg ikkje, eg forlet deg ikkje, ja, eg søv ikkje, eg slumrar ikkje, eg har mine auge festa på deg. Så høgt elska eg deg, at eg var villig til å lide døden, korsets død for deg. Og eg har heller ikkje etterlete deg åleine, men eg har sendt min Ande, for han skal verke i deg og gjennom deg, det eg byrja, det eg byrja, det eg byrja å lære mine disiplar og apostlar, slik er eg også i dag, eg er den som skal fullføre dette verket. For eg er alfa og omega og eg er Herren og eg er den som kjem ganske snart.

Vekkinga. Meining med livet.

Mange har bedt lenge om ei åndeleg vekking og eigentleg hav vi den her, men innser vi det og forstår vi oss på det. Ja, vi må vende oss til Kristus og sjå på han. Og vekkinga er at gud gjer sit verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2 og hendsikta er at vi skal tene han og dyrke og verne hagen hans.

I det siste har eg likevel ikkje sett mykje hendsikt med noko eg driv med. Eg har funne meining i skriveriet mitt, men eg til tider har det stoppa opp.  Eg har hatt vanskeleg for å bestemme meg både når det gjeld det og eventuelt praktisk arbeid eg kunne ha gjort, eg kunne ha gjort ein del praktisk arbeid, med båten, huset og hagen. Ofte legg eg meg på køya for å fintenke, men klarer ikkje å bestemme meg og så vert eg berre liggande. Og så kjem eg meg ikkje opp om morgonen heller. Men eg treng då ikkje nødvendigvis noko bestemt å gjere for å finne meining, for å tru på Jesus er også ei gjerning, han er livet og han er meininga med det. Derfor er det så viktig å vende seg til han, tru på han og sjå på han. Å leve i fridomens fullkomne lov handlar ikkje om å ha noko bestemt å gjere. Han gir liv til vår sjel, så då er det den som skal leve i oss, i den Anden han gir oss. Så vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande. Han utruster oss ved sin Ande, vi skal bruke den utrustinga og han gjer oss til sine reiskap. Slik vil han bruke oss til å vekke andre menneske opp til liv i samfunn med seg.

Men så ventar eg meg også at han vil gi meg ei kone ved at han vekker henne også opp til liv i samfunn med seg, si samsvar med 1.Mos.2. Då må eg altså vere klar over at det er så fundamentalt at det handlar om at han frelser, det er han som gjer sitt verk og eg kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Eg kan berre ta imot i tru, av berre nåde. Han har sagt at han vil gå med meg. Ja, så vil eg halde meg nær til han og så ventar eg meg at han vil gjere sitt verk.

Vere eitt i Kristus.

Jesus sa at han er det sanne vintreet, vi er greinene (Joh.15). Vi skal vere i han som greiner i vintreet, så vi syg sevje frå same rota, det er berre på den måten vi kan leve og bere frukt. Og slik skal vi vere eitt i han.

JOH 15,1 – JOH 15,17 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9 Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

JOH 17,11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt liksom vi er eitt.

JOH 17,21 – JOH 17,22 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt.

Splitt og hersk med lovens bokstav. Lysta som fører krig i lemene og gjer opprør mot Anden.

Romarriket førde ein splitt og hersk politikk ved at dei favoriserte venlegsinna delstatar. Men når dei byrja med keisardyrking, byrja dei også med ein splitt og herskpolitikk  i folka, motivert av religionen med sin moral.

Paulus talte om at forkynnarar var motiverte av pengehug og det gjekk ut over han, det gjorde børa hans tyngre, likevel gledde hans eg over at evangeliet vart forkynt også ved slike menneske, men så profeterte om at der ville komme folk som var som grådige ulvar.

APG 20,17 – APG 20,35 Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. 18 Og då dei kom, tala han til dei: De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. 19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. 24 Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje. 28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få.

Og Jakob spurde kvar den indre striden i kyrkjelyden kom ifrå, var det ikkje lystene som førde strid i lemene?

JAK 3,1 – JAK 3,18 Mine brør! Ikkje mange av dykk bør verta lærarar; for de veit at vi skal få dess strengare dom. 2 Alle misfer vi oss ofte. Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen. 3 Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten. 4 Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil. 5 Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann! 6 Men tunga er òg ein eld. Som ei verd av vondskap har ho sin plass blant lemene våre. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i brann, men vert sjølv sett i brann av helvete. 7 Mennesket er slik skapt at det kan temja alle andre skapningar, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar. 8 Men tunga kan ikkje noko menneske temja, ustyrleg og vond som ho er, full av drepande gift. 9 Med henne lovprisar vi Herren og Faderen, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete. 10 Or same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Såleis må det ikkje vera, mine brør! 11 Kan det vel strøyma både friskt og beiskt vatn or same kjelda? 12 Mine brør, kan eit fikentre bera oliven, eller eit vintre bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn. 13 Er nokon av dykk vis og vitug, må han syna det i gjerning, i eit rett liv merkt av den tolsemd som visdomen gjev. 14 Men ber de på bitter misunning og sjølvhevding i hjarta, då har de ikkje noko å rosa dykk av. Lyg ikkje mot sanninga! 15 Ein slik visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk, reint menneskeleg, ja djevelsk. 16 For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er. 17 Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg. 18 Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred.

JAK 4,1 – JAK 4,17 Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar? 2 De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed. 3 Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting. 4 De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. 5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss. 6 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. 8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! 9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk. 11 Tal ikkje vondt om kvarandre, brør! Den som talar vondt om ein bror eller dømer ein bror, han talar vondt om lova og dømer lova. Men dersom du dømer lova, då gjer du ikkje det ho seier, men set deg til doms over henne. 12 Det er berre éin lovgjevar og domar, han som har makt både til å frelsa og tyna. Men kven er du som dømer nesten din? 13 Og no, de som seier: “I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar” – 14 og så kjenner de ikkje morgondagen og det som ventar dykk då! For de er berre ein røyk som er synleg ei lita stund og så vert borte. 15 De skulle heller seia: “Om Herren vil, får vi leva og kan gjera dette eller hitt.” 16 Men no rosar de dykk sjølve og brukar store ord. All slik ros er av det vonde. 17 Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han syndar.

JAK 5,1 – JAK 5,11 Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk! 2 Rikdomen dykkar rotnar, og kleda vert mòletne; 3 gullet og sølvet rustar bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta dykkar kjøt som eld. De har nytta endetida til å samla rikdom. 4 Men høyr: Den løna de heldt att for dei som skar åkrane dykkar, ropar høgt, og klageropet frå onnefolket har nått fram til Herren Sebaot. 5 I vellivnad og overflod har de levt på jorda og gjort hjarto dykkar feite til slaktedagen. 6 Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk. 7 Ver då tolmodige, brør, til dess Herren kjem! Ein bonde må venta med tolmod på den dyre grøda som jorda gjev, til både haustregnet og vårregnet har falle. 8 Så må de òg vera tolmodige og ved godt mot, for Herren kjem snart. 9 Hald opp med å klaga på kvarandre, brør, elles vert de dømde. Domaren står alt for døra. 10 Brør, ta profetane til føredøme, dei som tala i Herrens namn; dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt. 11 Og sæle prisar vi alle som held ut. De har høyrt korleis Job heldt ut og har sett korleis Herren lét det gå han til sist. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.

Prestane har kravt monopol på å tale Guds Ord, men det er i seg sjølv i strid med Guds ord, med det resultat at ikkje heile Guds råd til frelse vert forkynt. Kvinnerørsla har protestert mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Slik vert det ført ein splitt- og herskpolitikk i kyrkja og kristen organisasjonar. Og det er i følgje Jakob lysta som fører strid i lemene. Så det er lysta som opponerer mot Anden.

Leve i ”barnetrua”, i barnekåret, eller verte forførde? 

Ta imot Guds rike som små born, leve i det og ta imot kvarandre som små born.

Jesus sa at vi må ta imot Guds rike som små born, for å komme inn i det. Det er om å gjere å gjere seg sjølv liten som eit barn og ta imot andre som små born.

MRK 10,14 – MRK 10,15 Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: “Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til. 15 Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.”

MTT 18,1 – MTT 18,11 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

2KO 3,16 – 2KO 3,18 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

At ”englane deira” ser Faderens åsyn, trur eg har å gjere med den Anden som Gud har gitt oss, ved den Anden ser vi Herrens herlegdom som i ein spegel.

Når borna vert opplærde i den kristne trua, vert dei opplærde i barnekåret hos Gud og det skulle då sjølvsagt vere om å gjere at dei skal verte verande i det når dei vert vaksne. Vi må likevel rekne med at verda vil prøve å trekke dei bort ifrå det, ja vel, så får vi prøve å lære dei å vende tilbake til det, vende om og ta imot Guds rike som småborn.

Kristus og naturvitskapen.

Og med den åndelege innsikta er eg i stand til å studere realfag. Rasjonaliteten i Guds Ord er saman med matematikken den rasjonaliteten eg treng når eg studerer naturvitskap. Då har eg ikkje så store eller fundamentale problem med det  eg ser og sansar. Det avsannar ikkje rasjonaliteten, men eg er klar over at den åndelege openberringa kjem i tillegg til det eg sansar i det materielle miljø.

JOH 1,1 – JOH 1,18 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Jesus er Guds Ord, alt vart til ved han. Det vart tydeleg når Ordet vart kjøt. Så Johannes talte om det som noko dei såg og tok på. Slik var det jordisk og fysisk realitet. Det er vesentleg for at vi skal forstå at det også handlar om våre liv her på denne jorda, for ved trua smeltar Ordet saman med oss i våre hjarto.

1JO 1,1 – 1JO 1,4 Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

Når Jesus stod opp att frå dei døde, sende han disiplane sine ut i verda med evangeliet og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Men først måtte dei vente på at den Heilage Ande kom over dei. Og den herleggjer og openberrar Kristus for oss, han er Guds Ord og slik openberrar den Ordet for oss. Slik får vi sjå at Jesus er med oss. Då har vi den åndelege innsikta samtidig som vi ser og sansar kva som skjer i denne verda og med den åndelege innsikta er vi i stand til å dømme om kva som er rett og sant. Ja, Jesus er no sanninga og han har fått retten.

JOH 16,7 – JOH 16,16 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd. 12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 16 Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg.

Antikrist og Anti-naturvitskap.

Naturfilosofar har undra seg over kvifor naturvitskapen ikkje vart oppdaga før, i tidlegare høgt utvikla kulturar, som i dei gamle elvekulturane. Dei gamle greske naturfilosofane kom eit stykke på veg, men så tok moralfilosofien over religiøse og moralfilosofiske aktivistar gjorde slutt på demokratiet. I middelalderen fortrengde slike maktinteresser evangelisk kristendom og i vår tid ser vi korleis dei prøver på det igjen, med press mot naturvitskap, ytringsfridom og demokrati.

Det utartar seg som kjøtets lyst som opponerer mot Anden, mot Descarts rasjonalitet, mot rasjonaliteten i Bibelen, kyrkja sin rasjonalitet og endåtil mot matematikken. Slik strir det mot sjela og det vert det endåtil gjort klassekamp ut av, som om menneskets eigen kropp skal stride mot menneskets eiga sjel. Då forstår ikkje menneska lenger sitt eige beste, dei vert lurte og vert taparar. Underklassa, arbeidarklassa let nåden gå seg forbi og vart taparar, så dei vart trælar under proletariatets diktatur. Det vart ikkje deira røyst lenger høyrd, det var diktaturet over proletariatet. Det ser vi tydeleg i vår tid, i vårt land. Med moralfilosofien vert mannens behov for å få seg ei kone kriminalisert, det har kvinna lete seg dåre og forføre til å gå med på, men då vert også hennar behov for ein ektemann kriminalisert. Og det går ut over resten av menneskets naturlege, sjelelege og åndelege behov.

Så når menn og kvinner møtest, får dei problem med det som dei ser, høyrer og rører ved, det som dei sansar. I massemedia får vi stadig høyre at menn vert skulda for seksuell trakkasering. Og kvifor det? Naturleg vis vil han prøve å finne seg ei kvinne ved å fri til henne. Men så spørst det kva måte han kan gjere det på. Bibelen lærer oss sat ein mann skal vite å finne seg og vinne seg si eiga kone i helging. Då må ikkje andre kristne lure han.

1TE 4,3 – 1TE 4,9 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. 9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.

Når vi gjer vitskaplege målingar, vurderer vi feilkjelder, der kan vere tilfeldige feil og systematiske feil. Systematiske feil går igjen i måling etter måling, på same måten. Dersom vi ikkje er klar over det og korrigerer for det, blir konklusjonen feil. Så vi tek feil av det fenomenet vi studerte. Vi gir Gud makt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande og slik skal ein mann vite å vinne seg si eiga kone i helging. Men då viser det seg at prestens med si makt i kyrkja blir ein konkurrent til både han og Kristus og slik blir han ei systematisk feilkjelde, med sitt kristenplatonske klasseskilje.

Det blir no tydeleg allereie når ein gut er tenåring. Dersom han audmjukar seg for Gud, bøyer seg for korset og ber om nåde for både seg sjølv og henne og soleis gir Kristus makt i sitt liv, så krev dei å få den maktposisjonen i staden. For med sin platonisme held dei han for å vere så ung og dum og vond at han ikkje er kompetent til å snakke med henne. Så presten skal snakke med henne i staden. Og denne motsetnaden er så fundamentalistisk, at han kan endåtil finne på å stille diagnose på både han og henne og anbefale og endåtil krevje at psykiatrien tek over. Men det er i prinsippet lygnarisk og det viser korleis hans maktposisjon er årsak til dei systematiske feila, meir generelt er det avgudane, laga av stokk og stein som er årsak til det og verdslege styresmakter som vert dyrka som gudar, jfr. den Store Skjøkje.

Men når de fornektar han som helgar oss, fornektar Kristus og avviser hans Ande, då avviser de nettopp dette. De som vil ha makta i kyrkje, kristne organisasjonar og elles i samfunnet, de forbyr nettopp dette. Då fungerer de slik som Antiokus 4.Epifanes sine vaktpostar i Jerusalem. For med dykkar kristen-platonisme vil de ha eit klasseskilje, så de ikkje vil tillate dette for ein kroppsarbeidar, fiskar og realist som meg. Og den såkalla klassekampen her i landet er så svikarisk at den tek sikte på eit diktatur over proletarane der dei kjem endå dårlegare ut. Menneska vert gjort til salsvare.

JOE 3,6 – JOE 3,8 For sjå, i dei dagar og på den tid, når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7 då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel, mitt folk og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt 8 og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin – og drakk.

Den nye naturvitskapen har både rasjonalitet og empiri, den er hypotetisk deduktiv. Men her ser vi at først vert rasjonaliteten sett ut av spel, så vert det tulla med empirien.

1JO 2,18 – 1JO 2,25 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

1JO 3,18 – 1JO 3,24 Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning! 19 På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn. 20 For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. 24 Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

1JO 4,1 – 1JO 4,10 De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda. 7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.

Liberalismen har empiri og ved at den er tolerant har den moglegheit for rasjonalitet. John Lock såg på menneskets bevisstheit som ei rein tavle frå fødeselen av, og det vert skrive på den kun ved erfaring, altså i det materielle miljø. Kant vart inspirert av han og frå han går der ei linje til Hegel, Marx, Lenin, Stalin og vi veit korleis propagandaen vart brukt i dei sosialistiske landa. Frå Hegel går der også ei linje til Hitler og Goebbels sa at dersom du gjentek ei løgn mange nok gongar, vert den til slutt til ei sanning.

Vi har i lang tid merka at der ligg ei sterk interesse av indoktrinering og propaganda som blandar seg inn i heilt vanlege medmenneskelege forhold og spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Og no har det byrja å gå opp for oss at der også har vore ei einsretting i massemedia som allereie har fått stor politisk konsekvens, som krig.

Ein frigjerande bodskap som folk ikkje bryr seg om? 

Jesus sa til meg at eg skulle ikkje undre meg når eg ser det som skjer i denne verda, for han har talt at det må skje. Men midt i denne tida vil han reise opp si kyrkje, som står på Ordet og søker han gjennom hans Ord (bodskapen 17.9.2017). Det er mykje merkeleg som skjer, som får oss til å undre oss, men når vi innser at det har si årsak i religionen til den Store Skjøkje, treng vi ikkje undre oss.

ÅPE 17,5 – ÅPE 17,6 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: “Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.” 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne. Eg vart full av undring då eg såg henne.

Ho har ikkje Kristus som sin ektemann og Herre, ho elskar og lyder han ikkje, ho elskar ikkje sanninga, for ho elskar den materielle rikdomen og lever etter lystene sine.

ÅPE 18,14 Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir.

Så når Jesus sende meg til Oslo med evangeliet og Jesus har svart meg og oss gjennom tyding av tungetale og kalla på menneska, har det fått minimal respons. Så kva har oppteke dei i staden? Religionen til den Store Skjøkje? Ho har sikkert mange trælar.

Sjå på Jesus, han gir meg kvile.

Men vi må ha klart for oss er at Jesus frelsesverk er fullført og fullkome, han er fullkomen, det livet og den Anden han gir oss frå himmelen er fullkome. Det inkluderer ei frelst kvinne til kone og det inkluderer alt det andre ein mann treng, når vi søker først Guds rike og hans rettferd. Jesus har sagt han vil gi meg det til arv.

Bodskapen 17.2.2013:

Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile. 

Bodskapen 17.2.2013:

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”

Eg hadde skrive om at vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrend i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt og slik vart ho Virtuella openberra for meg som det vidunderlege barnet Gud fødde henne til. Så eg tok denne bodskapen som svar på dette, men no opplevde eg det som om den Anden Gud gav meg frå himmelen minna meg om henne Reella. Eg opplevde det som at den gav meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt sinn og min tanke, det gjekk over min forstand, det hadde inga anna forklaring. Då er det vel om å gjere for meg å få det ned i hjertet også, så det gir kvile i hjertet, tru det med hjerte og stille hjertet i ro med det.

1JO 3,18 – 1JO 3,24 Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning! 19 På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn. 20 For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. 24 Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

HEB 3,19 Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.

HEB 4,1 – HEB 4,10 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa: Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar.